Lilje Gunda og andre forteljingar

av Oskar Braaten

Lirekunstnarar


I

59Han Kristian Fredrik Pettersen var kje av dei som skvatt i vere for ingenting; men jamenn fòr det ei heit straale gjenom kroppen hans, der han sat no. Men han var kje av dei som gav seg for den fyrste støyten. Han hivde hovude braatt i vere, slik som han hadde for vane, og saag paa den mannen som sat der framfor han.

– Aa mener du med det, Coppeletta? Er du rivande gælen naa?

Coppeletta svara ikkje paa det. Han turka dei vaate, sur-raude augo med trøye-erma og saag ulukkeleg ut. Daarlige tider, mulla han. Daarlige tider og lite penger. Adjo, Kristian. Imorra trenger du inte komma.

Han humpa burt til kommoden og skrangla med noko der. So la han sju kroner paa borde og nikka til han Kristian Fredrik. Der, sa han. Sju dager, sju kroner, det er det du skal ha.

Han Kristian Fredrik stakk pengane til 60seg. Og han heldt næsten paa aa gi seg med dette, men so kom han til aa kaste augo burt i roa ved omnen, der det sat ei gjente med beina paa omnsplata. Og det hovde seg slik at augo hans møtte tvo andre augo, og desse augo brann imot han og blinka imot han, og dei gav han visst mod, for han Kristian Fredrik gjekk to steg mot gamlingen: Kan vi ikke prøve ei veke til? sa han. Vi har tjent mange penger denne veka.

Men gamlingen riste berre paa hovude: Inte mange penger, sa han. Lite penger, lite penger –.

Kristian Fredrik drakk i seg meir mod fraa augo i omnsroa og han blei fast i maale: Naa juger du Coppeletta Fortinata! sa han. Det er andre ting i veien. Det er ikke penger du mankerer. – Du er rædd for datter di, far min!

Coppeletta reiste seg. Gaa naa! sa han. Adjo Kristian!

Jeg gaar naar jeg er ferdig, sa Kristian Fredrik. Men du er dum, far, du steller dig reint bort i natta, Fortinata! La mig faa datter di, saa skal du sleppe sveive mer paa lira, gamlen! Du kunde ligge og dra dig hele dagen far, mens jeg og Esmeralda var ute og tjente penger til dig.

Det loga braatt upp i dei myrke italienaraugo. Og det gjekk eit stygt grin over det 61svartskjegga, gule andlite. Du inte kan tene penger, sa han. Du inte kan spelle paa lire –.

Det siste skulde han no ikkje ha sagt. Han Kristian Fredrik kvitna av sinne og slo i borde: Hvem er det som ikke kan spelle paa lire? sa han. Hvem var det som sveiva for dig den gangen du hadde gikt i armen, far min? Var det ‘ke mig? Og greidde jeg det ikke fint, du? Huser du aassen pengetullene deisa ned til oss fra alle vindua, gamlen? Det var andre greier en naar du sveiva det, tenker jeg. Gjentene dansa paa kjøkkengolve, far! Jeg stod sjøl og saa paa det.

Men aassen speller du, trur du? Somme tider staar du reint og sover ved lira; men naar du da vaakner, kjører du paa slik at en skulde tru det var ei kaffikvern du sveiva paa, og at det gjaldt aa skynte sig, fordi kaffikjelen holdt paa aa koke over.

Han Kristian Fredrik kom ikkje lenger. Han saag noko som hoppa i vere og kjende ein som greip han i bryste. Og han høyrde ein flaum av sterke, heite ord, men dei beit ikkje større paa han, for han kunde ikkje italiensk. Han blei staaande klumsen og tenkte ikkje paa aa ta att; han undra seg berre over at det var raad aa bruke tunga so fort i slikt eit vrient maal.

Men alt har ein ende. Og det hadde 62orda hans Coppeletta òg. Han fræste nokre gonger naar det leid paa slutten. Til slutt sputta han, og daa forstod Kristian Fredrik at han var ferdig.

Gaa sta og sett dig, sa han. Saa prater vi mer om datter di!

Men Coppeletta svara ikkje. Han kasta seg overende i feltsenga burtved veggen og snudde seg fraa han. Og Kristian Fredrik fekk høve til aa stela seg ein kyss fraa ein varm munn burt i omnsroa. Men han stana ikkje lenge. Ei mjuk røyst kviskra han inn i øyre og bad han gaa. Og ho kviskra meir til han, som vi ikkje treng bry oss med, det kan greide seg naar vi faar vita at han Kristian Fredrik lyste upp og sette hovude høgt, daa han gjekk ut døra.


II.

Men dagen etter var det smaatt med Coppeletta. Han tok lira paa ryggen og stinta gjenom gatune med Esmeralda. Og dei spela i dei gardane dei var vane med aa faa litt, men det ikkje rart. Coppeletta sveiva so fint han kunde, og den gamle haase lirekassa brukte det maale ho hadde, og ho Esmeralda slo tamburringen slik som ho altid gjorde, men det blei smaatt stell likevel. Og ryggen verkte. 63Han hadde havt det for godt no, den tida han Kristian Fredrik var med og bar. Hadde stivna til og kome or vanen.

Dei hadde vore ute i to timar, daa han laut gi seg. Og dei drog seg tagalle heim, han og Esmeralda.

Men det var merkelegt med det, at di meir han Coppeletta surna, di blidare blei Esmeraida. Og di meir ho Esmeralda blidna, di surare blei Coppeletta. Dei hadde det sværande koselegt. –

Det gjekk nokre dagar, men det gjekk skeis. Ryggen blei verre og verre, og det verste var at høgre armen stivna til att av gikta. Ikkje for det: Han kunde no sveive med vinstre, men det var so rart med det. Han fekk ikkje slik sveis i tonane med den som med høgre. –

Og ein kveld er Coppeletta so modfallen og lei seg at han legg seg utan aa eta. Og han svarar ikkje naar Esmeralda talar til han. Han breider fillune over seg og vil ingenting høyre. Og Esmeralda set seg burt i omnsroa og drøymer. –

– Men Kristian Fredrik hadde eit par glade dagar. Han fann att gamle vener, og dei tok vel imot han. Sju kroner er ikkje aa putte i nasa. Og varune er billege paa dei kantar, so pengane varde utruleg lenge. Men ein morgon vakna han med ei underleg kjensle: 64Han syntest verda var graa og kald. Han kunde kje faa dette inn i hovude sitt. I gaar kveld var all tingen so lett og morosamt. Det fanst ikkje vanskar til! – Nei dette var ei gaate utan løysing – utan meining. Kunde kje løne seg aa grunde paa ho.

– Og Kristian Fredrik stakk hendene i lumma og gav seg til aa leite etter eitkvart – og gaata blei kje so verst vrang aa løyse likevel. –

Den kvelden gjekk han og glante upp mot eit vindauga i ein svart gard i ei bakgate. Han hutra og fraus, men kom seg ikkje vekk. Han grov hendene ned i lumma og gav seg til aa blistre. Og det blei liksom ei meining i det han blistra. Det blei liksom til eit signal. –

Ein halv time seinare stod han og heldt kring eit kvinnfolk. Ho hadde ein fløytekopp i handa, men tenkte ikkje paa den. Det var større ting i hausen hennar. Ho let gjerne denne unge guten klemme og kysse – ho var av varmt blod og lika slikt. Men ho miste ikkje sans og samling likevel, ho tenkte under famntaka. –

Daa ho syntest dei kunne unne seg litt kvil, vreid ho seg laus og blei aalvorleg:

Aa har du tenkt naa, Kristian? spurde ho.

Han Kristian Fredrik hadde tenkt mykje rart og lagt mange planar, men han fann ingenting att no.

65Tenkt, sa han. Jeg vilde høre aa du mente jeg, Esmeralda.

Esmeralda saag paa han: Aa mange penger har du igjen? spurde ho.

Han Kristian Fredrik hadde altid halde ho Esmeralda for aa vera ei klok gjente, men det var kje fritt for at han tok til aa tvile litt no. Penger? sa han. Aa skulde jeg faa dom fra, Esmeralda? Jeg eier ikke to øre, jeg. Ellers hadde jeg nok ikke kommi ennaa – tenkte han – men han hadde daa so pass vit at han ikkje sa det.

Esmeralda saag i fløytekoppen: Ja, da veit jeg inga raad, sa ho. Hadde du havt penger, skulde jeg altid finni paa en utvei. Kristian Fredrik blei fornærma: Er det for pengene du elsker mig, Esmeralda? spurde han. Ligner du ogsaa alle dom andre kvinnfolka? – Esmeralda vilde svara, men Kristian Fredrik var for snar:

Jeg trudde du som er italiener og kunstner ikke brydde dig om aa tenke bare paa pengene jeg, Esmeralda. Hadde jeg det trudd, var jeg ikke kommen naa i kveld. –

Han sa ikkje meir med same. Gjekk nokre steg burtetter gata, men snudde straks, daa ingen kom etter. Og daa det var svært stilt burti porten der, laut han gaa dit burt att. Det var kje verdt ho flaug upp heller. –

66Og ho hadde kje gaatt. Ho stod der innmed veggen. Ho graat ikkje eingong, og Kristian Fredrik forstod at han kunde seia nokre faa ord til:

Forresten er du ingen rekti italiener, sa han. Mor di var norsk, og du er født i Drammen. Jeg har hørt det av folk som veit det. Saa i grunnen er det dumt av mig aa bry mig med dig. – No høyrde han det snufsa, og derfor gav han seg. Der ser du, sa han. Du skulde ‘ke ærte mig. –

Han hjelpte henne med aa turke taarune, og det var han svært flink til. Og dei fekk ei sæl lita stund der dei stod og svor kvarandre truskap i liv og død. –

Daa Kristian Fredrik rusla heimetter den kvelden, gjekk han og flirte. Ein gong stana han midt i gata og slo seg paa laare, og han lo godt!

Den Esmeralda, den Esmeralda! Ho kunde finne paa! Ja, gav ikkje gamlen seg no, gav han seg aldri! He, he! Aa jau! Han maatte nok til pers!

– Og so – ja so var Esmeralda hans og pengane til gamlen attpaa, naar den tida kom. Men det tenkte han ikkje paa. Slettes ikkje. –

67

III.

Coppeletta Fortinata hadde sine faste turar. Um maandagen gjekk han i dei gatune – um tysdagen i dei. Det var best slik. Folk venta han daa og la gjerne nokre øre til sides aat han.

Elles var det meir en skralt med pengane no. Og ikkje var det vel anna aa vente heller. Fortinata var ein konservativ mann som heldt paa det gamle. Brukte dei same tonane paa lira aar etter aar. Skifte ikkje paa dei nye som var i velten. Og lirekassa hadde mist mange tonar, det var haase sukkar for kvar femte eller sjette tone, men Coppeletta høyrde kje paa det. Det var daa mange tonar som var heile. –

– Ein fredags formiddag stod han og sleit seg gjenom programme sitt. Esmeralda stod ved sida og slo tamburringen. Det var snøslaps og søyle, daarleg laat i lira og ingen aa sjaa i vindaugo. Dei hadde berre det siste nummere att, fyrr dei var ferdige der i garden, og Coppeletta flutte paa knappen og tok til aa sveive. Og lira ho læt:

Jeg er en fattig gut fra puh – puh
og puh min han er tf – tf mand
og ingen tftata kan bli rik a’
de puh – tf – tf han fortjene puh huh futita
puh – puh, tf –

68Esmeralda drog litt paa smilen. Men Coppeletta var høgtidsam som elles. Han tok vers etter vers. Ingen skulde faa sagt at han lurde seg fraa arbeide.

Men daa den siste tonen var sløkt, og han stod og skulde slenge reima over den saare aksla, var det kje fritt for at han saag vonlaus og uppgit ut. Og han sukka tungt.

– No hende det noko. Fortinata rette ryggen. Og Esmeralda fekk heit farge i kinnene. Og dei stod og lydde baae: Fraa garden ved sida fløymde det ut eit hav av mjuke, friske tonar. Det var ei ung lirekasse som song ut si glede over live. Det vanta ingen tonar der – reine og sterke og daarande kom dei og trilla kaate og galne ut i den graa lufta.

Coppeletta stod og vera mot tonane. Han saug i seg denne laata. Det fylgde minne med ho. Minne um den tida daa han og lira hans var unge. Han strauk seg over panna og saag hjelpelaust paa dotter si. Esmeralda! sa han. Esmeralda! – So beit han tennene saman og hivde lira paa ryggen.

Han skunda seg vekk fraa den daarande laata. Gjekk fort, som um noko vondt var etter han. Og han gjekk framum mange gardar fyrr han vaaga seg inn. Men det var ein gard han ikkje kunde gaa framum – garden der den snilde frua budde i andre tasjen. Han hadde kje raad til aa misse den krona ho altid 69kasta ned til han. Han stelte seg under vindaugo hennar. Og han pinte dei haase, falske tonane ut av spele sitt. Men det gjekk traa’are og traa’are med sveivinga. Det var mest likt til at hans skjemdest over si eiga gamle lirekasse. Ein kunde mest tru han var rædd for at folk skulde høyre desse fatige tonane for vel. –

– Han kjem seg igjenom det fyrste nummere og skal til aa byne paa nummer to. Daa skvett han til. Og han blir skjelven paa handa, og han gløymer aa sveive. Og det kan han gjerne, for det er ingen som høyrer lira hans likevel, no. Det er for sterkt maal i den som læt fraa garden ved sida. –

Ein halv time seinare har han og Esmeraida gøymt seg burt i aller inste roa paa ein kafé. Coppeletta slurpar fort i seg ein kopp kaffi. So set han seg til med hovude i handa. Lira staar paa golve. Coppeletta har augo feste paa ho, men han ser ikkje med slik vyrdnad og kjærleik paa ho no, som fyrr. Han liknar ein mann som braatt har uppdaga at kjerringa hans har vorti gamal. –

Han stikk handa i bukselumma og lyfter ein neve med skitne koparslantar upp. Det er kje mange. Snaudt ei halv krone i alt. – Han rister paa hovude og legg dei ned att. –

Daa gaar det i gatedøra, og Coppeletta 70skvett til. Han stirer med store augo paa han som kjem inn. Han ser ikkje anna en denne trygge pluggen som slengjer av seg ei stor, fin lirekasse so lett som var det ei lita skreppe han bar paa ryggen. Nei, Coppeletta ser ikkje anna, han har ikkje auga for dotter si, som sit sprutraud og rister slik paa hendene at ho slaar kaffi i fange sitt.

Men han derburte merkar ingenting. Han faar seg kaffi og drikk velnøgd. Og naar han er ferdig med det, kveikjer han pipa. So stikk han hendene i lumma og dreg upp ein haug med papirtullar. Og han riv papira av og let blanke sylvpengar koma fram i dagen. Naar han er ferdig med ei lumme, byner han paa ei onnor, og sylvhaugen veks.

Coppeletta sit og reknar etter – han verdset dette til minst fire-fem kroner. Det var lenge sidan han hadde tat inn so mykje paa ein dag. –

Mannen der burte er ferdig. Han gir seg til aa blistre og hiver lira paa ryggen. Og Coppeletta ser etter han daa han gaar.

Men han faar kje sitja lenge roleg. Den andre liremannen har svinga inn porten og tar no til med laatinga si rett utfor vindauga der Coppeletta sit. Og han faar det annvint, bannar til dottera som ikkje er ferdig, og skundar seg ut.

Den kvelden var ho Esmeralda lenge ute 71etter fløyte. Men daa ho endeleg kom, var ho blid og straalande. Ho hadde visst faatt godt maal. – Ho gjorde seg fælt fyre med far sin, kokte kaffien sterk og smurde tjukt paa brøde. Og etterpaa gav ho seg til aa pusse og stelle med lirekassa. Han lika so godt det, gamlingen. – Men det skulde nok meir til i kveld. Det saag ikkje ut til at han blidna. Augo hans stod store mot lampa, og han leda paa lippune. Mange penger, mulla han. Mange, mange søllpenger!

Esmeralda forstod ikkje. Aa mener du, far? spurde ho.

Coppeletta saag tungsamt paa henne: Kristian Fredrik! sa han. Kristian Fredrik mange penger, mange krefter, nytt spel!

Han sat og svelgde og tenkte. Blei so sliten og trøytt i kroppen. Kjende seg so gamal. –

– Dagen etter gjekk det like eins. Han Coppeletta prøvde seg i ein gard. Straks etter laat det fraa garden ved sida. Det hende uppatt og uppatt, og Coppeletta forstod til slutt at han kunde kje røme undan. Han var seld. Han Kristian Fredrik hadde greide paa ruta, han visste dagane og gatune, han var ung og full av vondt, han var ven og sterk, og han hadde ny lire.

Coppeletta skyna at han var komen inn 72i ein krig, og han tenkte etter um han hadde vaapen. Men han fann at han var verjelaus. –

Men modløysa gjekk litt etter litt over til sinne. Og han hadde berre dottera aa la sinne gaa ut over, og ho fekk kjenne det.

Det var hennar skuld. Ho kunde vore blid og koseleg med guten, so hadde han ikkje slutta. Det var for hennar skuld han gjekk. Esmeralda prøvde orsaka seg: Du veit jeg vil bare ha en italiener, gjølte ho. Han Kristian Fredrik er ikke av vaare. –

Coppeletta trampa i golve: Ti stille gjente! sa han. Du skal lyde far din! Gutten er god nok til dig!

Esmeralda gøymde andlite: Men han kan ikke spelle paa lire, sa ho.

Det var klokt sagt. Coppeletta blidna: Nei, han kan inte spelle paa lire, sa han. Men han kan lære det, Esmeralda! Jeg kan lære han det. –

Han gjekk ikkje ut dagen etter, Coppeletta. Han var sjuk. Laag og bar seg og brukte munn. Var galen for at han skulde ha slik ei lang dotter aa fø paa, han som kunde ha nok med seg sjølv. Esmeralda tok tamburringen og baud seg til aa gaa ut og tene penger med den aaleine, men daa blei han reint styren, og tunga hans flaug lypsk paa italiensk. –

– –

73

IV.

Ut paa kvelden har Coppeletta snudd seg mot veggen. Han er trøytt og vil dorme litt, vil drøyme um Italia.

Daa hoppar han med eit byks or senga, han gløymer at han er sjuk, spring burt mot vindauga og støyter det upp. Og lokkande liretoner stig upp fraa garden. Coppeletta har kje tid til aa staa lenge, han riv upp døra og flyg ned trappene. Bryr seg ikkje um at han er i hoselesten.

Og Esmeralda lyder. Ho høyrer lirekassa stanar, og ho høyrer to menn som pratar høgt. Og ho høyrer steg i trappene. – Coppeletta opnar døra paa vid vegg og vinkar og fiktar.

Komma her, seier han, komma her, Kristian Fredrik!

Og Kristian Fredrik kjem. Blyg og roleg kjem han med augo i golve. Ser ikkje til den sida der ho Esmeralda er.

Coppeletta svinsar. Faar faffikjelen paa, er sint paa Esmeralda for di ho er so sein til aa finne brød og smør. Pratar i eininga, litt paa norsk og litt paa italiensk, reint i ørska.

Men dei to seier ingenting – berre kvar gong Coppeletta snur seg, flirer dei til kvarandre.

74– Dei er ferdige med kaffien. Kristian Fredrik tar so smaatt til aa lette paa seg. Det er best aa rusle, seier han.

Coppeletta vrir seg, han har so vondt for at faa fram det han vil. Men det er inga raad med det. Det lyt ut: Kan du inte komma og bæra for mig i morra igjen? spør han. Kristian Fredrik smiler: Jeg orker ikke mei en ei lirekasse, svarar han. Coppeletta leikar med klokkekjede: Trenger vi mer en ei? spør han.

Kristian Fredrik ser paa han: Vi? Aa mener du med det, Coppeletta? Coppeletta peikar paa dotter si: Naar Esmeralda slaar tamburring, og Coppeletta speller, og Kristian Fredrik bærer, saa har vi nok alle, seier han. Kristian Fredrik reiser seg: Jeg bærer og speller og slaar paa tamburring sjøl, om det trengs, seier han.

Men du kan inte spelle, trassar Coppeletta. Kristian Fredrik dinglar med dei pengane han har i lumma: Hør her? smiler han tergande.

Og Coppeletta høyrer. Men han gir seg ikkje: Du har inte tamburring, seier han.

Kristian Fredrik flirer: I morra har jeg tamburring, Coppeletta. Og, ei vakker gjente har jeg til aa slaa’n. Datter hans Jocanella blir med. Og hu er hel italiener. Hu er ikke født i Drammen. –

75Det brest for Coppeletta. Han og Jocanella har altid trætta um gatune og dei beste gardane. – Og no skulde dotter hans vera med og hauste fruktene av det Coppeletta har arbeidt upp i alle aara! Det er for mykje for han. Det er som ein svart vegg skyt upp framfor augo hans og stengjer for alt.

Der staar den unge guten og smiler med den nye lira paa ryggen. Ja, han kan smile no. Han har magt til det. –

Coppeletta leitar etter noko som kan frelse. Prøver det eine etter det andre, men ingenting duger. Han har kje vaapen til aa slaa seg gjenom den svarte veggen. Lyt finne seg i aa snu. –

– Men Kristian Fredrik staar og skranglar med sylvpengar.

Og denne musikken glir inn i hausen hans Coppeletta og hjelper han til slutt til aa augne hol i veggen. Han har nok helst hug til aa sleppe krype gjenom det hole, men annan veg finst ikkje.

Og Coppeletta dreg fram ein rusten nykkel og triv lampa paa borde. Ta den! seier han til Esmeralda. Og han legg seg paa kne og halar ei tung kasse fram fraa senga. Den opnar han.

Kom! seier han. Kom, Kristian Fredrik! Og Kristian Fredrik bøygjer seg over kassa. Han ser ei skaal full med pengar, minst 40-50 76kroner. Men han lest kje bry seg. Aa er det? spør han.

Coppeletta ser paa han: Ser du inte mange penger, Kristian Fredrik? Mine penger!

Kristian Fredrik bles: Jocanella har fler, seier han.

Men Coppeletta smiler. Vente! seier han. Vente, Kristian Fredrik!

Og han lyfter skaala og grip under. So held han ei klype pengesetlar i vere. Kristian Fredrik ser at det er mange, mange pengar, kan hende eit par hundre kroner, og han tar til aa skjelve nedetter ryggen. Men han held seg stiv: Jeg saa mange fler hos Focanella, seier han berre.

Daa kjem det ein hissig blink i augo hans Coppeletta. Han set skaala fraa seg paa golve og rotar i kassa til han naar botnen. So finn han fram ei gamal skinnbok og dreg ein stor setel ut av henne. Og han lyfter setelen i vere og held han framfor augo hans Kristian Fredrik.

– Det er stilt i rome. Esmeralda held lampa, men ho skjelv paa handa so glase klirrar. Kristian Fredrik gløymer aa skrangle med sylvpengar. Han stirer med store augo. Og Coppeletta staar berre og viftar smaatt med pengesetelen. Han seier ingenting, høgg berre fort med dei raudkanta augneloka, med’ han ser paa Kristian Fredrik.

77– Kristian Fredrik hadde venta seg mykje. Han visste det laag pengar i denne kista. Han og Esmeralda hadde ofte gissa paa kor mykje denne gamle fillekista gøymde. Han hadde gissa paa hundre kroner, ho hadde lova paa det var minst to. Og so var det so mykje. Femti-seksti kroner i sylv, to hundre kroner i setlar, og her vifta ein uhørveleg stor penge setel framfor nasa hans. Ein setel som det stod 500 kroner paa med store tal.

Kristian Fredrik maatte setja seg. Han løyste reimane fraa akslene – dei klemde slik for bringa. Og han sette lira tungt fraa seg.

Coppeletta forstod at sigeren var nær. Det galdt aa ikkje sleppe take. Han gjekk burt til Esmeralda og tok ho i handa og drog ho med seg. Og han stelte seg framfor Kristian Fredrik og synte fram rikdomen sin. Og det var kje smaating han hadde. Esmeralda var daarande vén der ho stod no. Og setelen var stor.

Men det var visst ikkje nok likevel. Kristian Fredrik spratt ikkje upp og sa ja takk, han tenkte ei stund fyrr han svara. Og daa svare endeleg kom, var det kje stort aa bli klok av: –

Jeg skal tenke paa det til i morra, sa han. Jeg maa snakke med han Jocanella først.

Kristian Fredrik reiste seg og slengde paa seg lira. Og han var kje til aa overtala. Han gjekk.

78Men Coppeletta stod fatig attende. Han slepte handa hennar Esmeralda, og la setelen paa borde. Og han fall i tankar. – Men so tok han seg saman, han fann sjale hennar Esmeralda og skauv ho mot døra: Skynte dig! sa han, springe fort etter, vera snild med han, faa han hit! – – –

– Det gjekk to burtetter gata. Fin gut med ei lire paa ryggen og ei gjente med sjal. Det var kald kveld, men gjenta fraus ikkje. Sjale hang laust nedover akslene hennar, og ho saag heit ut i kinnene. Dei toka seg godt inn til kvarandre. Fniste og kviskra. Hadde det fælande morosamt.

– Burti ei onnor gate stana dei. Og guten fekk lira av ryggen: Der! sa han. Bli naa ikke lenge! –

Og gjenta tok den tunge lira og drog inn ein port. Og ho gjekk upp ei trapp og banka paa i andre tasjen. Og ho smilte til den gamle italienaren som opna. Skulde hilse fra far og si tusen takk for laane, sa ho.

Gamlingen saag paa ho. Dette var litt for tidlegt. Esmeralda hadde bede um aa faa laane den nye lira hans ei fjortan dagars tid, medan far hennar hadde si burte og fekk stelt ho i stand. – Og no kom ho alt og sa takk for laane! Han saag grundande paa henne. Men Esmeralda stirde han roleg i augo: Det 79tok mindre tid en han far trudde, sa ho. Han fik si igjen i efta. –

Kristian Fredrik venta til ho kom att. Han var kipen og glad og vilde ta ho um live. Men Esmeralda blei aalvorleg: Naa resten! sa ho. Og ho rette ut handa. Kristian Fredrik forstod ikkje: Resten? sa han.

Esmeralda hadde kje tid til tøys. Ho greip i lumma hans og drog nokre papirtullar upp. Kom med alle! sa ho. Det er mange fler! Kristian Fredrik heldt paa aa bli sint: Skal du ha alle? sa han. Jeg har naa tjent noen sjøl, og! – Men Esmeralda høyrde ikkje paa det. Ho reiv papirtullane upp og talde pengane. Og ho la dei i si eiga lumme.

Saa! sa ho. Resten kan du ha, men dissa skal ned i skuffen hans far igjen. Vi skal ikke snyte han, heller.

Kristian Fredrik svara ikkje. Det gjekk mange tankar gjenom hausen hans. Tankar um kor smaatenkt ei kvinne kunde vera. Han var nære paa aa snu seg.

Daa saag Esmeralda inn i augo hans. Er du sint naa? spurde ho. Ikkje svar. Daa greip ho i lumma si og rette sylvpengane mot han. Der! sa ho.

Ta pengene og gaa med dig!

Kristian Fredrik heldt paa aa ta i mot. Men han greip ikkje til med same, for skam skuld.

80Og det var klokt av han.

Esmeralda la pengane ned att og tok han i armen: Naa var du snild, Kristian! For hadde du tat dissa pengene naa, saa hadde du aldri set hverken mig eller kista hans far mer, sa ho.

Og Kristian Fredrik blei glad. Gudskjelov for at han var god til aa halde seg det sekunde!

Han saag paa gjenta si: Du kan da veta jeg bare spøkte, sa han. Jeg vil da ikke snyte far din, Esmeralda!

Og han klemde henne hardt um live. Det fanst ikkje tanke paa pengar i hausen hans. –

Men Coppeletta gjekk og verkte. Daa Esmeralda kom heim seint paa kvelden, saag han paa henne i spaning:

Aassen gik det? spurde han.

Esmeralda hengde av seg sjale: Det gik bra, svara ho.

Coppeletta lest vera roleg: Kommer han i morra? spurde han. Esmeralda tok til aa klæ av seg. Ja, jeg trur det, svara ho. Jeg trur næsten han kommer i morra. –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Lilje Gunda og andre forteljingar

Samlingen Lilje Gunda og andre forteljingar kom ut i 1913 og inneholder fire noveller. Novellene er skrevet på landsmål, men med mange dialektinnslag fra Oslo. Som i mange av Braatens øvrige verker er det Oslos arbeidermiljø som skildres, og i novellen «Lilje Gunda» spiller Hønse-Lovisa i «Hønsereiret» fra romanen Ungen (1911) en viktig rolle.

I 1935 ga Braaten ut reviderte versjoner av novellene «Heimreisa» (med ny tittel «Hjemreisa») og «Lilje Gunda» (med tittel «Gunerius og Lilje-Gunda») i samlingen Oslo-fortellinger.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1913.

Les mer..

Om Oskar Braaten

De fleste av Oskar Braatens drøyt 30 verker skildrer fattigfolks liv på Oslos østkant. Han skriver om hverdagsliv og arbeidsfolk, om fabrikkene og leiegårdene, om det å vokse opp i fattige kår og om sosial opp- og neddrift.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.