Løglege skruvar og anna folk

av Olav Duun

Hjaa bror sin

71Storbæklia heitte garden. Difor heitte plassen Storbæklihagen. Naar det skulde skrivast ja; elles kalla dei han berre Hagan. Derifraa og ned til garden var det ikkje lang stubben, ein liten halvtime nedyver – og ikkje fullt det heller; uppyver var det alltid lite drygare. So var det bakkarne nedetter daa, ned til Eggangrenda, ein skikkeleg time eller kanskje væl so det, og so hadde du breide flate køyrevegen ned til storbygda. So han laag ikkje avsides, plassen hans Jørn. Men sjaa, det trudde dei no, dei som budde ein times veg lenger ned.

Ifraa denne plassen var det han var, han Krestaffer Petter, klokkaren nedi storbygda, so rart det kunde høyrast. Bror min … sa han Jørn og spila augo upp i stor undring. Det trudde dei vel ikkje, nei? Men so var det. Slik kann folk koma seg fram, naar det er hovud paa deim, sa han. Ja ….

Naar han Jørn raaka nokon, og det hende det og, for han var treskomakar, so kom han støtt inn paa denne praten. Han rette seg upp 72og saag stivt yver nasetippen burtpaa deim han tala med. Alle vart forundra yver, kor lang han var i ryggen, naar han vilde; men sjølv vart han alltid forundra yver, kor folk kann koma seg fram naar det er hovud paa deim. Slik som no han Krestaffer Petter. – Og so høvde det slik, oftast, at han laut fortelja um den gongen han var hjaa bror sin i jolevitjing. Andlitet la seg i ymse foldar, etter som han fortalde, og augo kneip han att eller opna dei paa vid vegg.

– Ja, den gongen ja, san! Det var no vel elles ikkje so rart, at han baud meg heim? For – som sagt er – me er no brør. Det kann ein godt sjaa og, naar ein veit litegrand um det. Det er berre det, at bror min er so mykje mindre, han, i kroppen, og so langt annarleis i andlitet. – For han er ikkje noko aa sjaa til. Han sjølv er for liten, og nasen er for stor. Det er leidt nok med baade dei tingarne. Aa vera for liten er leidt, for daa er det ingen som ser paa ein. Aa ha for stor nase er leidt, for daa ser alle paa ein.

«Ja!» sa han og saag stort paa den han tala med.

Men det er hovudet som har hjelpt han fram. For slug som ein likningsmann har han vore all sin dag, han Krestaffer Petter, og ein aal til aa tala for seg; og so slik kunnskap um all ting, – du kann ikkje tru det!

Det er ikkje det slag rart at han baud meg til seg. Men, men, san, det er no so rart med 73det lell. Det er so rart med det, naar ein har kome seg slik fram som han.

Eg maa segja som sant er: eg hadde ikkje ro paa meg, den dagen eg skulde avstad.

«Sjer dokk: de’ e’ so rart me’ di!» sa han og spila augo upp.

Eg fann fram vakker-klædi mine i god tid. Eg visste nok det var ikkje fint aa koma for tidleg; men det var ikkje godt med det; eg var ikkje istand til aa drygja heller. Eg stod just med broka i handa. Ja, tek du no den der! sa ho Daaret, kjerringa. – I det-her vêret, sa ho. Ho meinte ho var god-nok, kvardags-graabroka eg hadde paa. So gav eg meg paa det; ja, for ho Daaret, ho gjev seg aldri, ho. Men kyrkjeskorne maatte eg ha. – Ja, tek du no dei der! sa ho. – I det-her føret, sa ho. Nei, eg fekk vel ganga i treskorne. Naar eg flidde væl av deim, so, og hadde litegrand halm i deim. Men, men, san … Ja, so gjekk eg. Men eg kom so reint fortidleg! Eg kjende det paa meg, straks eg var utanfor døra deira. «Kom fer ti’li, kom fer ti’li!» sa det i meg.

Naar han fortalde det, sette han upp eit aalvorlegt, raadlaust andlit.

Eg stod lenge og kosta av meg snøen ute, og pusla med ymse smaatt: ikkje eit einaste andlit i glaset! Det hjelpte ikkje, kva eg fann paa. Det var fortidleg. Eg har vore ute ein verdag fyrr. Eg har sett bjønn; eg har gaatt meg ned i isen. 74Du saag meg aldri rædd. Men denne gongen – Eg skal segja deg ein ting:

«De’ e’ so rart med di, naar ‘n ska’ in aat storfolk!»

Treskorne smette eg av meg uti gangan; eg kjende det paa meg, at dei høvde ikkje der. Opna so døra og var halvvegjes inn – daa med det same hugsa eg, at ein skal pikka paa fyrst, naar det skal vera fint. Ja! – Eg ut att, og pikka paa; fyrst med naglarne, det gaadde dei ikkje, so med knokarne – aa nei. Dæken ruske, so tok eg knytneven! Det gjorde mun ja. Kom in! sa det. Ja, eg – kjem! sa eg, og so stod eg der. Og der stod han Krestaffer Petter livs livande framfor meg. Ja!

Go’dag; bror min! sa eg.

Nei go’dag, go’dag! sa han. – Og takk for at du kom! sa han.

Akkurat slik sa han. Og so kom han med handa! So kom han med handa …. Ja!

Det stod eit trollstort kvinnfolk burtmed eit skaap og stelte med nokon ting. Ho var høg, stygghøg, og væl det – og før attaat. Ho snudde paa seg og saag paa meg, og eg var eldande snar til aa krøkja ryggen og helsa. Og væl var det, san. For han bror min sa det var kona si. – Du er ikkje kjerringlaus, naar du har ho der attmed deg, sa eg. Det skulde eg visst ikkje ha sagt. Ho saag so kvast paa meg med det same, – du kann aldri tru det, kar –, eg svelgde ned 75tobakk-skraaa mi, beint fram. Ja, det forstaar seg. Og so snudde ho seg aat skaapet att.

«Sjer dokk: de’ e’ so rart me’ di, sjer dokk!»

Dette er min broder etter kjødet, sa han Krestaffer Petter.

Men det svara ho ikkje paa, ho stod berre og snudde bakenden til. So synte han fram borni sine. Det var no fyrst og fremst han Petter Johan, som var eldst, og so var det ho Petra, som var i midten, og som var forlova; og so var det endelig han PetterJørgen, – han var toskutt, han, og sat alltid burtmed omnen. Eg skal segja dykk ein ting, eg: det var huskrossen deira, det. Ja! Det vart daa noko til fint ver! sa eg Ja, rigtig fint, sa bror min. Aparte, sa han. Bo – bo bonaparte! sa han Petter Jørgen, han som sat burtmed omnen og var toskutt. Han er gal, han, sa han Krestaffer Petter. Er han gal? maatte eg spyrja. Splittergal, sa han. Kronisk gal. Po – po – portu– gal! sa han sjølv Ho Petrina, kona, gav paa med sitt: ho snudde tverenden til.

Han fann paa noko anna aa tala um – han staar ikkje fast, den karen. Han byrja aa tala um gamlepresten, han som hadde konfirmera oss brørne. So slapp han daa leggja seg frami, han burtmed omnen, skulde ein tru.

Han bror min kom inn paa det, at no var gamle-presten daud. Han er ein meister til aa 76tala um slikt, maa du tru. Kom saa til aa nemna det og, at ettermannen hans var daud.

Ja so? sa eg. Er han og daud.

«St – steindaud!» sa han Petter Jørgen.

Me læst ikkje som me gaadde det.

Og enkja hadde gifta seg att, sa han Krestaffer Petter.

Hadde ho verkelig gifta seg att … sa eg.

Fer –fergifta seg! kom det fraa omskraaa. Slik var det stødt. Same kva ein sa; same kva ein sa. Eg skal segja dykk ein ting, eg: «Dæm hi sainneli’ sett aa trækkast me’, dæm som hi komme seig fram aa …»

Ja! Det var no slett ikkje berre det der. Det maa ingen tru. Enn kona – kva synest de um ho? Trur de, det er sukkerbrød aa ha ei slik ei, he –e? Ho Daaret er som ho er, ho og daa; men ho er no eit gullbarn imot den tytta han bror min maa trekkjast med. Han gjekk burtaat ho, han Krestaffer Petter, og spurde so vakkert han var god for, um ho vilde setja fram litegrand mat aat framandkaren. Daa snudde ho seg, kann det henda.

Slik ein – ein – ein – fark! sa ho. Petrina! sa han. Dette er min broder! sa han. Men ho bad han berre brodera seg baade her og der. Ho spurde beint fram, um han hadde fleire slike brør. Daa tok han til aa leggja ut. Det skulde de ha høyrt. Det var so ein kunde graata. Han for baade bibelen og testamentet. 77Og so enda han med det, at denne gong var det kjød af hans kjød og ben ai hans ben, og difor skulde ho ikkje sjaa ned paa han. – Skulde ho ikkje sjaa ned paa han? spurde ho. Ho meinte mest ho var nøydd til det. Og det hadde ho rett i. So mykje høgare som ho var, halve hovudet mest, so maatte ho det; det var greidt nok. Daa spurde han bror min, um ho ikkje visste han var herre i sitt hus. Men daa ja! Du store Nebukadnezar, kor ho saag paa han! Han gjekk baki endes unna. Ja!

Han Jørn spila augo upp og heldt stilt ei stund.

Han gjekk baklendes unna; det var som han hadde sett bjørnen. Det var tydeleg aa sjaa, kor han vart mindre og mindre; det var berre nasen som vart større. Det var verkeleg vondt.

Sa du herre? spurde ho. – Vil du eg skal smetta deg under stakken, kanskje?

Han Krestaffer Petter er ikkje den mannen som tek munnen for full; han er ikkje det. Men denne gongen vart det for drygt, han laut ut med det. Han tok bladet fraa munnen og sputta ut det han tykte, og daa sa han beintfram som det var til. – Det er noko til greida og! sa han. Daa var han ikkje blid.

Ho snudde berre bakenden til, og lyfte paa stakken bak ….

Denne gongen var du for heftig, far! sa ho Petra, ho som var forlova.

78So reint for heftig! sa han Petter Johan, han som var eldst.

Ve – ve–-veder – heftig! sa han Petter Jørgen, han som var toskutt.

Eg nytta høvet til aa halda kjeften min. So gjekk eg til døra og sa farvæl og takk for meg – som brukelegt er; og so vilde eg ganga baklendes utgjenom døra, – det er no det som er fint daa. Men det er leidt og, det. Det fekk eg røyna.

Eg vart liggjande yver dørstokken.

Der – der – datt ‘n! sette tullingen i, – han hadde no ikkje meir vit.

So fann eg treskorne mine og for heim.

Kva skal ein segja – hee? Det er sant som eg segjer: dei har noko aa dragast med, dei som har kome seg fram i verda og. Det har dei ja. Men at han Krestaffer Petter, ein slik ein mann, at han finn seg i det? Eg skal segja dykk ein ting, eg:

«De’ e’ so rart me’ di, sjer dokk!»

– – Han sat i mange aar uppi Storbæklihagen, han Jørn, og grov tresko og undra seg yver alt det rare i verda. Som no det der med han Krestaffer Petter. Folk sa han Jørn var ein heimføding. Sjølv fann han ut, at det var so rart med det.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Løglege skruvar og anna folk

Samlingen Løglege skruvar og anna folk kom ut i 1907 og var Duuns debutverk. Samlingen inneholder 12 fortellinger. Mange av historiene handler om mennesker som strever med å få innpass i et bygdemiljø. I tillegg inneholder samlingen noen morsomme småfortellinger med alvorlige undertoner, som peker fram mot Duuns senere verker.

Se faksimiler av 1. utgave fra 1907.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.