Medmenneske

av Olav Duun

VII.

199Det hadde vorte vêrbytte utan dei ansa det i ståke sitt. Snøen var kram og heldt på og fór sin veg, der fanns snart ikkje føre på vegen. I kveldinga kom der ein hagl-eling, og somme meinte dei hadde set blinke av eit lyn. Sia såg alle det, og no hørte dei tora slo. Haglvêre kom tak for tak, og striare for kvar gongen, og tora braka over huse så hjarte sokk i dem. Slikt var ikkje noko nytt på førejulsvinteren; det kunde vera over like brått som det kom. Dei vona alt det var over.

Da kom vestavinden settande inn. Han auka til storm, og sia vart han enda sterkare. Vestavinden var ikkje halden for skadevêr på Stavsund, han pla vera tålig jamn. Ingen mintes han reiv tak der, enda uthusa var spontekte.

I kveld var han alt anna enn jamn. Han gjekk i elingar. Lange stunder hørte dei berre han mól oppi fjelle og utpå fjorden. Så hørte dei han kom. Og så kom han. Husa stod. Enno stod dei, og vart han ikkje verre næste gong så kanskje dei stod da òg. Han vart verre næste gong; han vart stadig verre. Ein kunde høre kor stua knaka og seig i hop att for kvar løya. – Ho er audmjuk no, som ein syndar i klemma, sa Tale.

200Så vart han ikkje verre eit tak, og folk tok seg mot for og gjekk og la seg. – Lat oss legge oss og sova, let Tale; han vekker oss vel er det noko han vil oss. Slik snakka ho den tida ho var forfæld, kom dei i hug, den tida ho ottast for kva Didrik fann på. Ragnhild vart ikkje med henne til sengs i kveld. Tale misstydde henne og let henne ha fred.

Håkon var rundt uthusa ein gong til og såg etter at alt var stengt og i stand. Stod så eit tak og såg vestover, i åsyna på uvêrshimmelen, han tykte han las dommen sin der. Gjekk så inn og vilde legge seg. For han kunde ikkje stormen vera anna enn eit varsku: Du har ein mordar i huse ditt, kva gjer du ved det? Han vart harm, for han vilde ikkje bli tukta til nokon ting, og der til visste han, om han så var åleine om å vita det, at slike varsku får ein ikkje, dei kjem ikkje utanfrå, det er umannslingen i ein som hører slikt og har bruk for det.

Ragnhild sat i benken da han kom inn. Han stana framfor auga hennes, han måtte det.

– Enno har du ikkje tenkt deg om, sa ho.

– Har eg ikkje tenkt, murra han.

– Du har ikkje tenkt deg om nei; eg ser det. Ikkje kan du det heller, er eg redd. Og da –

– Ja kva da?

– Da blir det eg som må tenke meg om.

– Gud gi du gjorde det, sukka han.

– Men ikkje slik du trur. Inga makt i verda, utan du, kunde få meg den vegen. Men: eg skal gå han. Visst du vil det, seier eg. Kva?

201Han sette seg, ho syntes han seig i hop. Han stirde overgitt på henne.

Stormen hadde komme att. Han rasa.

– Du hører stormen du, sa ho. Han har ikkje eg noko med. Kva seier han deg?

Heile tida sat ho og bad at einkvart måtte skje; ho visste det kunde gå for seg: ein liten ting greip inn og der med var live omskapt for dem. Ho vart opp i under sjøl over at ho sat slik.

Og stormen han gav på. Rettno hivde han hus. Kunde ikkje han hjelpe?

Da hører dei ein smell ute, og enda ein, og så eit vålig brak. Dei ser på einannan, og så ber det i veg ut. Ragnhild snur på kjøkengolve og finn fram løkta, som ho tender og tek med seg. – Kva er det som har hendt? frestar ho å tenke, men tenke kunde ho ikkje, for her hadde det verkelig hendt noko, dei hadde hørt bønna hennes og hadde svara. – Hm! seier ho, – dei trong vel ikkje rive hus for mi skyld.

Det var ikkje så mørkt ute som dei hadde venta, der var store rift i skya, og frå dem lyste det ned, eit slag uvêrslys eller kva det var.

Dei ser det er eit flak av låvetake som har fare, taksponen flyg som fugl oppi vêre, og bord og lektar ligg langt bortpå vollen. Eit nytt stormkast tek nokre til og hiver etter. I næste augeblinken fer heile take, dei står og bit i hop tennene og ventar det. Nei, det fór ikkje, stormen har løya litt no og biar på næste elingen; 202men dei ser han løftar nedrekanten av take breiddmed hole.

Håkon har set det einaste som er å gjera: der må spikrast eit bord på take langsmed raftstokken. Ragnhild skjønnar han må ha stegan, og spring, ho får han ned av nabbane og kjem med han. Håkon har vore etter øksa og spikarkassa.

I ein to tre var stegan oppe, og Håkon rente opp med ein bordstubb og slo fast. Ragnhild heldt stegan, for bles gjorde det så det var livs vågna det dei heldt på med. Dei flytta stegan og fekk festa ein bordstubb att, det var som eit loddkast om dei skulde få fast siste borde til elingen var over dem. Dei rakk det, så vidt. Da han kom var dei innpå låven. Ragnhild lyste, og Håkon kleiv opp og slo inn alle 4 tømmerhakane sine oppi take der dei mest monna.

Ragnhild såg på andlete hans. Så hardt og kvast kunde det bli når det røynte på, han vægde ikkje for vondt, han var mann for å bli mykje til mann. Det var det ho måtte få syne han, korles det så gjekk eller ikkje.

Lyse frå løkta fall på ein utrivelig skapning. Det var likborde, det stod der enno, midt på golve i treskeromme. Det var som ein såg like, visst det ikkje var verre. Ragnhild retta seg opp. Det fór som storm-elingen gjenom henne det ho hadde kjent for nokre dagar sia, den gongen det rettelig gjekk opp for henne kva ho hadde gjort: Ho hadde gjort det som einast ugjerningsmannen kunde gjera, 203og enda var ho glad for det og meir enn glad, for så mykje var Håkon verd. Enno ønska ho det ikkje ugjort!

Da vart ho vâr at Håkon stod og såg same vegen. Og øksa den stod han med i handa; – no kom han i hug den òg! Han var ikkje ein gong i stand til å kaste henne frå seg. Alt slokna for Ragnhild da ho møtte auga hans. Dei kom seg ikkje laus frå henne, redd henne var dei, ho var verre enn dauen for dem. Det var dem ho hadde teke live av. Ho snudde seg frå dem, så dei slapp fri.

– Vi kan ikkje gjera meir, sa Håkon.

– Du har rett i det, svara ho. Ho gjekk føre han ut av låven.

Det hadde brygga lenge på den nye elingen, men no kom han, og han kom svartare enn nokon av dem som føre fór. Fjorden synte seg, nordpå, han gjekk og lyste med kvite brott; så tok mørkre han att.

Dei sprang inn. Dei stod ved kjøkenvindauge og såg ut med dei venta på støyten. Det var nivst at han aldri nådde fram, kva vondskap var det han emna på?

Midt i det merka Ragnhild at enno venta ho her skulde einkvart skje, at her kom einkvart som der var berging i.

Elingen nådde fram. Han var ikkje så trollsterk som dei hadde venta.

– Det er meir væte enn vondt i han, mumla Håkon. – Han har sprengt seg no; det er regne han pines med.

204Ragnhild såg fort på han da han sa det. Dei hørte regne risa veggene, og bakom den duren hørte dei tora. Atterskine av eit lyn flara opp utanfor svarte glase. – Slik flirer develen til deg no, sa det i Ragnhild, er du svart forherda? Håkon snudde seg, mest som han vakna og vart redd. Han gjekk åt stua, og da ho kom dit gjekk han åt kammerse utan å sjå på henne eller seie eit ord.

Ragnhild låg i benken. Ho hadde gitt seg over til mørkre og stormnatta. Ho hadde gitt seg heilt over. For henne var mørkre ikkje mørkt lenger, og stormen hadde ikkje levande lyd som før. Andlete til Håkon synte seg om att og om att. Han var ikkje skapt til det nei, å leva i lag med eit menneske som har teke manna-liv. Det var det Vårherre vilde syne henne da han kalla henne ut i sta: Når slikt har hendt deg, da har det hendt deg. Da lyt du gi opp vona di og søke deg ei ny von.

Ho såg ei ny von for Håkon. Alt anna sa ho farvel til. Samstundes hørte ho eller såg ho seg sjøl frå nokre dagar sia. Den Ragnhild måtte smile til henne som låg her: – Det er da grovelig så høgtidssamt du tek det. Ho fresta å smile att-ende liksom ho låg død og hørte dei snakka og lo til henne, – ein ligg der og trur dei må sjå det.


Dagen etter hadde vinden gått til nords, men han var spak. Himmelen var blank. – Han er både blåse og vaska rein, sa Tale. Det er fred på jorda no.

205Den dagen skulde drengen komma. Men det drog ut, og Håkon skikka Arn til Fagernese med bud om at Morten måtte komma og hjelpe han på take. I dag hadde elles kvar nok med seg borti garane, vinden hadde vore uvøren, ein staden hadde han teke heile låvetake, ein annan-stad låg stabbure over ende, dei var velnøgde dei som hadde sloppe billigare.

Morten kom. Han hadde elles tenkt seg hit sjølmint, fortalde han, kvifor, det sa han ikkje for det første. Men da dei sat på take kom han med det. – – Han hadde hørt nytt om denne frammandfarken dei tok. Han meinte enda han visste litt meir om han enn dei andre gjorde, men det var no det san. Lensmannen spurte karen om han kjente Didrik Dale. Da vart han rar å sjå til; han stirde reint stygt på lensmannen. Da lensmannen fortalde at no var Didrik død, da sette han i og blåsvor. – Slapp han unda meg lei den develen! ropa han. Straks etter flirte han, og så sa han: – Og eg som hadde han så visst no. Eg skræmte han så smått, så smått. Å, gut, han kjente på seg at eg var i vente! Men, sa han, og da var han reint sorgfull, han Didrik lura meg den der gongen òg. Og så sa han eit ord som var sant.

Håkon spurte kva det var for eit ord. Morten togg lenge og tagde; spytta ut skråa og tok til å arbeide att. Men hammaren til Håkon kom seg ikkje i gang. Morten retta på seg og såg Håkon i auga.

206– Du har spurt meg, sa han, kva eg veit om ‘n far din.

– Har eg spurt deg nokon gong?

– Eg tykte ikkje du trong å vita det. Du treng ikkje å vita det no heller.

– Nei nei, let Håkon. Her etter kan det bli slikt slag ja. For meg.

Dei arbeidde og tagde. Håkon var enda ned på Myra og lånte seg ein bundt takspon. Da dei var godtsom ferdige på take, sa Morten:

– Eg har visst det og tagd med det. Men ein gong måtte eg vel seie det, ikkje sant? Og så ripa eg det inn oppunder kistelokke til han. Så han har litt å lesa i. Det vart berre eitt ord; eg sa ikkje meir.

Håkon lest som han ikkje hørte etter. – Kva skil dette meg? tenkte han. Ho var beste menneske av alle. Når ho kunde finne på slikt, kva kan ho ikkje da ha gjort? Men eg veit ho er skyldlaus i alt anna.

– Berre eitt ord ja, tok Morten opp att.

– He? Kva er det du forteler no?

– Same orde som han der vettlausingen kom med. På ein prikk same orde.

– Men mordar er ho, tenkte Håkon, han fekk ikkje tanken utor den ringen. Mordar – han visste ikkje han sa det høgt.

– Mordar ja, sa Morten, det var just orde det.

– Var det det orde du – –

– Eg ripa det berre inn i veden med ein spikar. Du treng ikkje minnast det du.

207– Ikkje du heller. For du veit ingen ting om det. Håkon hørtes reint fiendsk.

Morten arbeidde og gjorde seg ferdig. Så, det der var siste hammardasken, meinte han.

Men Håkon ansa ikkje dei skulde ned. – Kven var det han drap? spurte han endelig.

– Berre ein finn, og langt nord i ville Finnmarka, utanfor kristendommen og alt. Men for Vårherre, og for loven, blir ein da mordar av slikt òg, veit du.

Og så fortalde han korles det hang i hop. Didrik var skylda for noko stygt, for valdsferd mot ei halvvaksi gjente, men han var uskyldig. Der var berre eitt vitne som hadde set Didrik på den kanten om kvelden, ein finnkall, men ein slik skapning kan sverje på svarte løgna, han er ikkje døypt ein gong. Gjenta hadde ikkje fått sjå valdsmannen. Så fann dei kallen dau nedi fjæra ein morgonen, han hadde fått ein kakk i hovude av noko hardt.

Morten såg på Håkon og blunka kringt. Han undrast om han trong seie meir.

– Eg visste ‘n Didrik var ute i otta den morgonen, og eg såg det på han og sa det til han: Du har slege i hel dette finnvitne, sa eg. Da såg han slik på meg, at eg skyndte meg og lova at eg skulde tie med det, – til du er i kista sjøl, sa eg. Og der er han no.

– Ja ha, sa Håkon.

– Ja det er merkelig. Ser ut for meg som han har fått att same dasken. Jagu gjer det så ja, for 208meg. Morten samla i hop sitt og vilde ned av take. – Vi er vel ferdige no da? trudde han.

– Men han der tullingen som for her og lova ilt? spurte Håkon.

– Han er nordanfrå, eg er stø på det. Eg veit om han, som sagt. Dei hadde set ein kar fór og rak frammed stranda denne mord-morgonen, og han vart teken og dømt, der stod mykje å lesa om det i blada. Men han påstod han hadde set Didrik Dale nedmed sjøen den morgonen, og han las opp ei styg lekse om at mordaren skulde han nå ein gong: Ingen trudde orde av det han sa, for han var ikkje som anna folk. Kven veit om ikkje han var valdtektsmannen? For her er da rettferd over oss. – Gud styrer, sa Didrik da han las at karen var dømt. Ja. Jaja, no veit du det. Og: ‘n Didrik har betalt for seg. Ein merkelig ting, du, mumla Morten og stirde på Håkon att, – Håkon tykte at så dum må ein vismann sjå ut. – Ein merkelig ting du, å ta liv. Ansles enn alt anna vi veit om. Men korles det var eller ikkje, så er det utsona no. Utsona ja.

– Du vasar og lyg. Eg trur deg ikkje, hører du!

– Nei. Nei det bør du ikkje heller, du.

Morten gjekk ned, og Håkon kom etter. Han hadde nok med saga og spikarkassa når han skulde ned stegan, øksa laut han hive ned. Han såg litt på henne før han sendte henne i veg. Da dei hadde hengt opp stegan og sett andre ting til rettes, vart Morten ståande og sjå fram for seg liksom han enno ein gong vilde inn på dette om å ta liv. Han snur seg 209til Håkon, og auga klipper og blunkar i tjukkaste truskylda:

– Kan du fortele meg kor han Paul har gjort av kroppen sin? Enno er han søkk borte, dei har ikkje set far etter han på fleire døgn. Han har fare til Amerika!

Håkon kjenner kor andlete hans dreg seg opp til ein smil utan han sjøl vil det, det må vera ugodslig å sjå til. Så seier han:

– Du skal sjå det er han som har forgripe seg på ‘n far.

Morten togg like sæl ei stund. Spytta så og såg ut over fjorden, der lyse fall på strendene og synte kor nakne dei var. – Det kan da vera sant for det om ikkje eg trur det, let han.

– Ein kan no i alle fall frikjenne han, sa Håkon. For noko gale har han ikkje gjort med det – ja det skjønnar ikkje du, for du er ein fåne, veit du.

Da Morten var gått, undrast Håkon om han hadde betalt han for arbeide. Straks etter hadde han glømt det att. Der hadde komme nye tankar og kringsett han. – Er det mord å gjera ende på ein mordar? – Kva skal ein kalle sonen til ein mordar? – Kvifor er det verre å ta live av eit menneske enn å gjera ei anna synd? For Vårherre er da alle synder like og alle syndarar jamnsvarte. – Tålte ho ikkje tenke på at Paul var misstenkt? – Har han ofra seg for henne – til fånyttes?

Han spurte etter Ragnhild. Tale såg på han ei stund før ho svara. Han merka ikkje noko til 210angsten som skymte over auga hennes. Ho fortalde at Ragnhild var vest i grenda eit ærend, med einkvart ho hadde lånt til gjestbode. Ho såg på han heile tida med han var inne, mest som det var lagnaen sin ho vilde lesa i auga hans. Han såg det og hadde vondt av henne, men han glømte det straks att.


Ragnhild kom heim ikkje lenge etter. Håkon skulde til å sette kvenna i gang, for der hadde komme ein mann med eit kornlass som skulde malast. Da såg han ho kom. Det undra han litt at ho ikkje kom snarvegen opp bakkane som vise hennes var, men der var ho da i alle fall, og han måtte snakke med henne. Mølnaen hadde ikkje vondt av å vente, og ikkje mølnaren heller.

Han lest som han skulde til stabbure, og møtte henne med det same ho kom svingen om hagen. Der var dei ute or folkauga. Ho undrast visst på kva han vilde.

– Du har vore ute og gått? sa han, men det var ikkje det han tenkte på.

Ho tagde og venta.

– Ja no, sa han, no veit eg noko eg. Ein ting som gjer all ting ansles for oss. Han far var ein mordar.

Ho stod litt og såg på han først. Så spurte ho: – Kven har fortalt deg det?

– Han Morten. Eg har skjønna det all min dag, at han visste einkvart. Trur mest eg visste det sjøl 211òg. Det har pint meg meir enn eg kan fortele om. Men eg visste det ikkje like vel. Da ho ikkje svara noko, la han til:– Det var ikkje for tidlig eg fekk vita det no.

– Tids nok, trur eg.

– Eg trur ikkje du har hørt kva eg fortalde?

– Jau da. Eg trur enda eg har hørt det før.

– Du?

– Einkvan må ha nemnt det. Og så har eg glømt det. Men at du skulde få vita det no!

– Det var no eg skulde få vita det. Eg ser som ei meining i det. Men sei meg ein ting. Kom du i hug det, da du – –?

– Nei. Da såg eg berre han måtte av vegen.

– Han måtte det ja, sa han og såg ned. – Han måtte det ja, sa han ein gong til, og no såg han på henne. Eg sa det visst sjøl, både ein og to gonger. Eg hadde komme til å gjera det sjøl, hører du det? Men det var det eg vilde seie, at når eg er sonen til ein mordar, da tåler eg resten òg. He? Du skjønner kva eg meiner?

– Ja kva er det du meiner da?

– At her har ikkje noko gale skjedd. Du skal tie; det har du både rett og plikt til.

– Eg trur ikkje dette om ‘n far din. Det er noko han Morten har sagt, ein gong han var full og sinna. Sia har han trudd det, du veit korles han er. Fiendar var dei òg.

– Trur du det ikkje? Du trur det da vel?

Ho rista på hovude og såg han varmt i auga. 212– Ingen kan få meg til å tru det nei. Trur du det? Svara meg på det.

Han stirde tomt og rådlaust på henne.

– Og no har eg vore hoss lensmannen, sa ho.

Da vart han bleik. – No? fekk han endelig fram.

– No er det gjort ja. Men han kjem ikkje før i morgo. Da går båten innover til byen, han har teke ny rute, veit du.

– Eg trudde, mumla han, – eg trudde du var så viss på – –.

Måle vart grovt for han, det var ikkje til å snakke med. Endelig fekk han bukt med det.

– Eg trudde du var så viss på du hadde gjort rett?

– No har eg gjort rett, det er eg viss på.

– Du trur ikkje dette om ‘n far da?

– Nei, hører du.

Ho vart raud, merka ho. Ho hadde vore nøydd til ei lita løgn einkvan gongen før, og da brann det òg slik i andlete. Men ho såg han fritt i auga.

– Du skal ikkje snakke meir med ‘n Morten om dette.

– Nei nei. – – Men kjem lensmannen i morgo da?

– Ja ha. I morgo kjem han. Og da, om ikkje før, ser du at eg har gjort rett i dag.

– Ja kanskje, sukka han. Litt etter sa han, det var meir til seg sjøl enn til henne: – Men korles skal det bli her i garen da?

213– Å, du skal sjå. Du skal sjå det går.

Ho tok til å gå inn. Ho snudde seg og smilte til han. Ho snudde seg ein gong til, og såg han gjekk, åt kvennhuse. Ein staden laut han vel gjera av seg, tenkte ho.

I kveldinga kom drengen dei venta. Det var ein lettna eller som ei hjelp at han var der. Dei åt kveldsverden den kvelden som ein annan kveld. Best dei sat vart der så stilt at Tale såg ein gong på kvar av ungfolke. Ho vart så ille ved, ho torde ikkje tie. – Det går da å eta graut òg, sa ho til drengen. I alle fall går da den stunda ein driv på med det. – Drengen lo litt brydd.

Da Ragnhild og Håkon vart to-eina, fortalde ho at ho hadde tinga kvinnfolkhjelp til huse; til han fekk områ seg, la ho til. Det var Ellida Vikan.

Ellida var jamnaldring med Ragnhild, og dei hadde tent i lag eit par år. Ho hadde komme i skade for å få ein gutunge, men ein utleita vakker ein var det, han var 4 år no.

– Nokon likare enn henne visste eg ikkje av sa ho. Eg vilde du skulde ha henne, så lenge du får ha henne. Ho veit ikkje anna enn at eg skal på sjukehuse; men når ho får vita korles det er, så reiser ho ikkje ifrå deg.

Kvifor ho hadde så mykje til overs for Ellida kunde ho ikkje seie for visst. Det var ei snild gjente og ei tålig vakker gjente. Ho såg for seg at Ellida vart der på garen, Håkon kunde ikkje undvera henne og skulde ha henne, det var ein gave til han, 214eit offer eller kva dei vilde kalle det. – Eg visste ikkje bedre å gjera det, sa ho ein gong til.

Håkon svara ikkje noko til det, men han såg da på henne og hørte det ho sa.

Ho gjekk åt kammerse og såg på vesleguten. Ho stod lenge og såg på han; det var siste gongen ho såg han sov. Sia såg ho rundt i kammerse; det var siste gongen ho gjorde det òg. Så dyrverdige kan ikkje ting bli minders ein skal miste dem, undrast ho. Midt i dette kom ho i hug: Ein mannsalder att-i tida vart slike som eg enten hengt eller halshogd. Korles hadde Håkon teke det? Ho såg på guten ein gong til.

Håkon reiste seg da ho kom inn i stua att. Han stod og såg ein gong på henne og ein gong i veggen; – gjekk så til kammersdøra, men der stana han og såg på henne igjen. Rettno spurte han om ho ikkje vilde ligge i kammerse siste natta. Var det derfor, tru, at han ikkje mól i natt, for no hadde han da både vatn og mølna?

God natt da! sa ho, og ho smilte, så han kunde sjå ho hadde forstått han og at ho takka han.


Ho tok avskil med stua da han hadde gått. At ho hadde vore meir glad i sitt enn folk pla vera, det visste ho før, men ho visste ikkje ho hadde bore det så djupt i hjarte. Var det ei synd, så vart ho straffa no. For no måtte det ut der ifrå, kvar tingen og alt i hop, heile stua, – det fekk sjå på henne så forundra det berre vilde. – Ja 215vel, ja vel, mumla ho. Så stort er live i ein heim. Det er hellig. Men det visste eg.

Ho gjekk åt kårstua. Tale sat oppe, ho måtte ha venta henne; ho måtte ha ottast at det verste var hendt. Like vel stivna ho i andlete da Ragnhild kom inn, for da såg ho der var ikkje noko å vone lenger. Det var så vidt ho ikkje seig i hop. Ragnhild fortalde dette var siste natta hennes under take på Stavsund. Ho vilde ligge i kårkammerse. Arn låg på lofte i lag med drengen.

– Ja men – –? sa Tale.

Ragnhild skjønna henne og rista på hovude: – Umulig. Nei han er ikkje så redd meg som han har vore. Det er umulig like vel. Det er slut millom oss.

– Det må det ikkje vera! Tale jamra seg, og ho tagg med auga. Da Ragnhild ikkje svara, gav ho seg over. Du måtte til lensmannen da? spurte ho ei stund etter.

– Ja. Det var ‘n Håkon eg skulde berge; og no først har eg gjort det. No skal det bli.

Tale sat lenge og ikkje sa noko. – Dette er det verste! klaga ho seg og snudde seg vekk. – Ein kan bli så forvilla, ein veit ikkje om ein lever – – eg kunde gi meg gudsfrykta i vald! Korles blir her å leva når du fer ifrå oss! Men Vårherre kan da ikkje gå med på dette? – ho snudde seg til Ragnhild att.

Ragnhild sat liksom ho ikkje ansa Tale, men ho svara like vel. – Kven Vårherre er, og kva 216han vil, det er no den ting. Kva eit menneske er, det får De heller ikkje spøre meg om. Eg veit einast det, at alt skal berast som ein får på seg lagt. Var det ikkje stygt å seie det, så sa eg det: at fanns det eit rettelig menneske, da vart det dømt til å bera mykje. Gud sjøl veit kva for ein gjerning det fekk å gjera for han. Men så tålte det vel meir òg, enn andre.

Dei sat og tagde ei lang stund og såg fram for seg.

Best det var sa Ragnhild:– Eg kunde le. Først trudde eg Håkon måtte bli glad når far hans var borte. Så trudde eg han måtte bli glad når eg fortalde han at det var eg, – at eg hadde gjort det for hans skyld. I dag vona eg det same, da eg fortalde eg hadde gitt meg opp for øvrigheita. Eg har vona mangt! Og det verste er at enda slepper eg ikkje trua. Eg er ikkje slik skapt. Eg burde ha vore glad, for no er han berga, kor som er.

– No kjem han ikkje i skade for far sin nei, sa Tale.

– No når han blir åleine, da kjem han til å sjå, heldt Ragnhild fram. Og De skal vente, så kjem De til å sjå, De òg. De kjem enda til å sjå nybruke nedpå Stranda. Det blir De som får sjå kven Håkon er.

Ho vart vâr at Tale sat og gret. Folk som gret visste ho inga råd med. Ho venta til det var over. Samstundes hørte ho ein stubb musikk ho hadde hørt i byen ein gong, der stod ein utlending i gata og bles på einkvart slag instrument. Det var vondare 217å høre på enn ord kan seie. Tonen mekra og lo, til lått for alle, høgt oppi pina, oppi meiningslause lidinga. Det var menneske som klaga seg.

Tale kom seg snart att. Ho var ikkje den at ho let nokon sitte og vente på seg med ho gret.

– Kva sa lensmannen? vilde ho vita.

– Han vart ikkje lystig, just. Men han måtte tru meg. Eg fortalde han alt samen; eg fortalde han enda til at det var for Håkon si skyld eg kom der og gav meg sjøl opp. Barne vårt skal ikkje ein gong vita det har ei mor, sa eg. Han var ikkje i stand til å seie noko. Ikkje før med det same eg skulde gå. Da sa han at han reiste til byen i morgo, med dampbåten. Han visste at da kom eg og reiste i lag med han. Det var vondt å gjera ein slik mann sorg.

Enno snakka dei om eitt og anna. Det er mangt å sjå etter for ei husmor, og få ting ho kan fara hovudstups ifrå. Tale såg råd for alt, når ho først hadde komme seg så ho såg vegen sin. Ho las kveldbønna si, og før dei vardest var ho langt inn i sømnen.

Ragnhild låg slik at ho såg ei stjerne uti natta. Ho følgde ferda hennar over det himmelstykke vindaugsruta rådde med. Da visste ho at slik har dei ligge og set stjerna, armingane, ho såg dem så tydelig: åleine på den harde benken, og døra stengt med sju lås. Det var så ymse med dem da. Den eine vart rik den stunda stjerna synte seg, den andre snudde seg vekk i armoda si.

218Da stjerna hadde gått sin veg, sa Ragnhild:

– Herre min Gud, sei meg at det var så åleine eg skulde vera!

Ho venta ikkje noko svar, og fekk det heller ikkje. Ho måtte svara seg sjøl:

– Eg vonar eg får vita meir ein gong. Eg finn meg vel ein stad eit himmerik. Nei, det gjer eg ikkje; det var berre ein song i lufta det, frå blåfjella og der bortanfor. Men einkvart finn eg vel.

Slik kunde ho ha ligge der og snakka med seg sjøl eller kven det no var med, – så gjekk da den tida, som Tale sa. I staden let ho stilla og pina ta seg. Den vegen måtte ho, kor som var. Om ho ikkje hadde makta til å tenke seg igjenom det, så fekk ho ta til å kjenne seg igjenom det. Morgondagen fekk komma som han kunde.


Morgondagen kom. Han var så lik ein annan dag som han vera kunde. Gong og annan susa nordvesten i stuenova, ein liten tone som ikkje var tenkt for nokon. Eller kanskje vinden var der ikkje, det var berre stua som stod og sakna han. Stund og anna vart det lysare kringom ein, inni stua eller utom veggen ellet kor ein var; det kunde komma for ein at lyse gjekk i andre tankar. Slik hadde verda vore alt frå den dagen ho slo auga opp. Slik vilde ho vera her etter.

Tale hadde krøtera. Det var grei grein: dei venta seg føda av henne i dag òg, og den fekk dei få. Dei fekk dugelig. Sia hadde ho folke å syte for, 219dei venta seg føda dei med. Frukosten hadde Ragnhild stelt til, og det var siste matmåle ho sette fram for dem, for no trong ho tida, skulde ho bli ferdig til dampbåten kom. Så fekk Tale middagsmaten å tenke på.

Ragnhild hadde snart pakka i den vesle kista det ho vilde ha med seg. Den skulde ho få etter seg sendt når tida kom. Resten gav ho over til Tale. – De får ha det, eller gi det bort så godt De kan, sa ho. Arn var i nærheita med henne mest same kor ho gjekk, men stadig eit stykke unda. Ho ansa på han som snarast, og undrast kva han tenkte; så var han glømt med det same att.

Ellida såg dit, ho som skulde stå for huse etter henne. Ho kunde ikkje komma flyttande før om eit par tre dagar. Ragnhild sette henne inn i eitt og anna, helst slikt som gjaldt vesle Hallvard. – Det kjem elles til å gå av seg sjøl, sa ho. Ho sa det fleire gonger. Ho bad ikkje ein gong Ellida vera snild med vesleguten.

Håkon heldt til i kvennhuse. Han vilde lære drengen å passe kvenna, for dei laut til å mala for ålvor no og trong å skiftast om det. – Det her trur eg aldri eg lærer, sa drengen, for kvenna var lagvand og vilde helst arbeide etter sitt eige hovud. Ei god stund etter sa Håkon og såg stivt på han: – Når du berre ikkje blir ståande og stirre på henne til det går rundt for deg. Da er du ferdig! – han lo litt og gjekk ifrå han. – Sjøl veit kva han har stirra på, mumla drengen.

220Håkon kom inn liksom det var noko særlig han skulde ha sagt. Mor si lest han ikkje sjå. Men ho kom midt i vegen for han med ei gryte, så han måtte stane, og ho stana og såg han i andlete.

– Jaså! sa ho berre; ein kunde tru ho var på låtten no òg.

Han møtte auga hennes og venta på kva ho vilde seie.

– Jaså, Håkon, du dømte a Ragnhild til tukthuse du.

– Du kan kalle det for det ja.

– Ja ja. – – Eg har aldri skjønna stort av deg. No skjønnar eg ingenting.

– Endelig ein gong tok eg eit tak ja, sa han. Det hørtes som det var seg sjøl han sa det til. – Eg gjorde det eg burde gjera. Ein får gjera det rettaste somtid; eg vil halde meg til det her etter.

Meir kunde han ikkje seie, ikkje til henne og ikkje til nokon annan heller. Men i dag hadde han mote til å seie seg sjøl det, det som seiast skulde. – Eg har set det all tida, at gjer ein rett åt ein kant, så gjer ein gale åt ein annan. Det lærte eg av ‘n far; han som aldri såg åt meir enn ein kant, – han visste ikkje der fanns meir enn ein, han! Der stod eg. Der har eg stått til no. Stått og tviglåmt bort i hjulverke. Det var hardt. Men hardare blir det her etter. No når eg skal til å gå beint fram. Ein kunde gå bibelen i vald, som ho mor seier. Det er synd ikkje ho gjer det; eg vil tru ho gjer det når 221tida kjem. – – Ragnhild er det ikkje farlig for, ho har eit lykkelig syn på live. Det bergar ho med seg om så ulykka et henne levande opp.

Han bles i mot einkvan som snakka vakkert til han: – Har eg ikkje bedt? Eg har bedt, og det så heitt som eg kunde og vel så det. Men, enten var ikkje eg til for Vårherre, eller så var ikkje han til for meg. Der låg eg. Eg kjenner det enno.

– Tok eg eit tak, seier eg? Han tok seg for panna. Pina gjekk som ein smil over andlete. – Å nei san, du tok ikkje noko tak. Du vart for veik, vart du. Og gjorde du det ja, det rette. Det er helsesamt å vita slikt.

Da han møtte Ragnhild stana han, men han sa ikkje noko. Barnegjenta gjekk ut, ho skulde visst ikkje stå her no. Håkon såg på klokka.

– Ja ha, sa Ragnhild. Rettno så fer eg.

Enda sa han ikkje noko.

– Eg burde vel seie farvel med deg? meinte ho. Da vil eg gjera det her.

– Eg skulde ha vore med deg til byen. Eg veit det. Men så bars det meg for at det – – at det kunde like snart vera ugjort.

– Ja, kjære, anna har eg da ikkje tenkt. Ho visste med det same at ho hadde tenkt det, og vart litt raudlett. – Eg må reise åleine, sa ho.

– Ja, eg veit ikkje eg. Du vart vel like åleine om så eg var med.

– Eg må reise åleine, mumla ho.

222Ho stod og såg på han. Ho vart heilt bleik etter kvart, og der slokna noko i auga på henne. Da smilte ho. Det hørtes som ho lo til seg sjøl:

– No veit eg det i alle fall. Og da, da skulde eg mest vera faraferdig. Trur eg, sa gjenta.

Ho gjekk fram og retta han handa.

– Far vel da, Håkon. Ja nei, du får ta meg i handa, du slepp ikkje billigare.

Han gjorde det. Men han såg på henne, slik at ho skjønna her stod ein som bad for seg. Så var det overstått, og han hadde komme seg ut.

Det vart ikkje lenge å vente, så kom lensmannsskyssen. Han fór ålmannvegen, som gjekk nedanfor hagen på Stavsund og ned til sjøen. Gubben sat i storfrakken sin, han såg ikkje ein gong opp og til gars.

Ragnhild var ferdig. Ho gjekk åt kårstua, ho visste Tale hadde gått dit og sett seg. Der sat ho og venta henne. Ragnhild gjekk fort fram til henne.

– No ber det i veg, sa ho. – Og no er eg faraferdig, la ho til.

Alt anna hadde dei snakka frå seg før.

– Jaså ja, du tykkjer du er ferdig her ifrå no? Tale såg henne i andlete og var djupt forfæld. – Eg ser det, eg ser det, mumla ho.

– Eg er ferdig med mangt no, men det har eg ikkje tid til å fortele om, for no ventar snart både båten og øvrigheita på meg, heile rettferda og kristenheita. Far vel da, værmor, og takk for samvære.

223– Om eg berre kunde ha sagt Gud velsigne deg! kviskra Tale.

– Han lyt gjera som han sjøl synes med den ting. Som med alt anna. Hels ‘n Even frå meg. Hels han med at han tør eg ikkje sjå. Han sa det ein gong, at det er mannen som skal styre øksa, og ikkje øksa mannen, eg har aldri glømt dei orda. Ein uvettig ein kunde ha spurt kven det er som skal styre mannen. Far vel!

Ho var innom stua og såg til Hallvard enno ein gong. Han hadde eit eige lag med å blunke, og noko i auga når han lo, det måtte ho ha med seg, ho tok det om ho så ikkje hadde nokon rett til det, for det var usynlig for dei andre. Å nei, tenkte ho da ho gjekk ifrå han og ut, eg legg det att her. Eit menneske som eg er no, det er ikkje til lenger, – no vart ho nøydd til å springe skulde ho bli med båten!

Ho såg Håkon i kvennhusdøra da ho var nedpå sjøvegen, han stod der og skola seg og såg nedover. For han vart ho verande eit kirkegars-skrømt all hans dag. Men det verste, det måtte no vel tida og glømsla hjelpe han med? Nå ja, det òg fekk ho slå ifrå seg. Det var ho og ikkje han som skulde på byferd no. Ho mintes med ho fór noko ho hadde hørt om ei gjente som skulde på tukthuse, og sette seg til å skure blank kjelen sin, – det stundar til ei stor helg og ei lang høgtid, sa ho; såltinge hadde ikkje meir att av vette sitt.

Dei såg røyken av dampbåten nordpå da ho 224kom ned til brygga. Lensmannen sat alt i ekspedisjonsbåten, dei andre stod på brygga og bia til dampen bles, for da først var det tida til å ro ut. Ragnhild ansa der kom ein færing kilande over sunde frå Fagernese. Det var Lea som kom, og ho hadde visst pynta seg i ein fart. Ho kjem opp baksida av brygga, der det inga tropp var; ho kliv som ein unge, og snakkar med seg sjøl: – Hadde eg så sant fått med meg beinrangle mitt opp – helvetes skjørta ein skal dra på! God dag, Ragnhild, men er det sant du er sjuk?

Ragnhild rista på hovude: – Finns ikkje sant i det. Ho ser inn i andlete til Lea, det er henne så nært i denne stunda at det gjer vondt å sjå det. Ingen har trudd så godt om henne som denne usælingen. Da seier ho, så lågt og tett borttil henne som ho kan:

– Det var eg som drap ‘n far din. Og no skal eg i veg, – du ser lensmannen der.

Lea vart eit barn som vilde be for seg, men ho fekk ikkje opp måle. Ragnhild måtte ut med det ho hadde gjømt djupast hoss seg sjøl.

– Eg har gjort den synda ja, her ser du meg. Ei synd som ikkje Gud ein gong kan tilgi. Og enda takkar eg han for at han sette meg til å gjera det. Han såg ingen annan utveg han heller; eg er nøydd til å tru det slik. Så får tukthuse lære meg resten.

Lea vart enda meir barn å sjå til, eit armodsting som dei har fare stygt med. Ho blåheldt Ragnhild i armen, ho visste knapt kor ho stod.

225– Det har i alle fall skjedd, sa Ragnhild.

Karl Albert hadde hørt Lea nemnte at Ragnhild skulde vera sjuk. Han kom bort og spurte om det var så. Ragnhild svara ho skulde fortele han det når ho kom att. Det tok henne all igjenom at han òg var så nær henne. Det var rådlaust å verje seg i mot han: auga hans tala med henne, dei tok radt inn i hjarte på henne, han vart same menneske som henne, og slik stod dei fram for henne alle som tanken fall på. Ho og alle andre var same menneske. Det hadde ho visst før, men ho hadde ikkje set det, og da veit ein det ikkje like vel. Ein lever og lever, og så ser ein ikkje! Men no tuta dampbåten, gudskjelov.

I det same kom Tull-Beret taslande. Ho stana og såg på Ragnhild, men denne gongen sa ho ikkje noko.

Så vidt Ragnhild kunde sjå, stod der ikkje nokon i kvennhusdøra da båten la i veg austover fjorden.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Medmenneske

Romanen Medmenneske fra 1929 regnes av mange som høydepunktet i Duuns forfatterskap.

Familiekonflikten som driver handlingen framover er en konflikt mellom det gode og det onde, personifisert ved den unge gårdskona Ragnhild og hennes svigerfar, Didrik Dale. Midt i konflikten står Ragnhilds mann, Håkon. Ragnhild, som i utgangspunktet bare ønsker forsoning og gode ting, blir drevet til en fryktelig handling. Romanen handler også om hvordan hun må stå til ansvar for sine handlinger.

Romanens spenningsoppbygging er dramatisk og romanen ble senere også dramatisert (av Duun selv i samarbeid med Knut Hergel) og spilt på Det Norske Teatret med suksess.

Se faksimiler av 1. utgave, 1929 (nb.no)

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.