Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

Handskrifter av landslova på norrønt





Ms.4° 1


Ms.4° 1, 2r

Ms.4° 1, 2r


Beskriving

Ms.4° 1 er eit handskrift som inneheld Gulatings-redaksjonen av landslova, biskop Arnes kristenrett for Island, ei rad rettarbøter og nokre få kortare tekstar. Det opphavlege handskriftet, skrive på pergament, inneheldt dei 86 fyrste blada. På 1300-talet har det fått eit tillegg, blad 87–98, som også er skrive på pergament. På 1500-talet har det fått to tillegg. Det eine, blad 99–125, er skrive på papir. På fyrste bladet står Universitetsbiblioteket sitt stempel. Det andre, blad 126–130, er skrive på pergament. På fyrste bladet står Universitetsbiblioteket sitt stempel, og dessutan årstalet 1562. Lengst framme og bak er det lagt inn eit blad frå 1300-talet med latinsk tekst, som har sett spegelvendt avtrykk på innsida av treplatene i bindet. Teksten er frå eit latinsk legendarium, og inneheld m.a. forteljinga om Sankt Georg. Permane er truleg frå 1500-talet.

Biskop Ole Irgens (1724–1803) i Bergen har ått handskriftet, og namnet hans står i margen to stader (blad 86v og blad 130v). I 1812 gav sonen handskriftet til Antikvitetskommisjonen under Det kgl. Selskap for Norges Vel. Som del av Antikvitetskommisjonens samling blei det formelt overdrege til universitetet i 1818, men heile samlinga blei ståande på loftet på Oslo Katedralskole i alle fall til 1823. Det kom til Universitetsbiblioteket ein gong før 1831. (Jfr. Witting 2020.) Det er uidentifiserte eigarmerke i handskriftet: «I P 62″, I P 1562» og eit bumerke (sjå NgL 4:727).

To nyare hender har sett nummer med arabartal på blada i handskriftet. Frå 1 til 86 er dei skrivne med blekk, etter Storm (1885:724) på 1500-talet. Frå 87 til 130 er dei skrivne med blyant, truleg gjort i biblioteket. Blad 3, 16 og 65 er skorne bort etter at det er skrive tal på blada, nummereringa hoppar frå 2 til 4, frå 15 til 17 og frå 64 til 66. Det er også borte eit blad mellom 20 og 21, og dette må vere skore bort før blada blei nummererte. Etter blad 86 er eitt blad skore bort, det var det siste bladet i det opphavlege handskriftet.


Ms.4° 1, 89r

Ms.4° 1, 89r

Det manglar eitt blad mellom 88 og 89, slik at byrjinga på biskop Arnes kristenrett er borte. Vidare manglar eitt blad mellom 94 og 95, 3 blad mellom 97 og 98 og 2 blad etter 98, neste blad i noverande innbinding er 99.

I papirdelen er det teke bort eitt blad mellom 111 og 112, utan at nokon tekst manglar, eitt blad mellom 114 og 115 og eitt blad mellom 116 og 117. Dei tre siste blada, etter 125, er borte, og det er usikkert om det har vore tekst der.

I den siste pergamentdelen er det borte eitt blad mellom 127 og 128, truleg utan tekst.

På blad 1, 2 og 4 er øvre høgre hjørne bortskore, og bladnummeret er sett til etterpå. Hjørnet er skore bort på blad 98, etter at bladnummeret er sett på. Nokre gonger er blada beskorne slik at litt av marginalmerknadene er borte. I dei seinare delane kan nedre del av eit blad vere klipt bort.

På blad 72v er det i margen ei teikning av eit dyr, truleg løve, med menneskeandlet. På hovudet er det ei bispelue eller ein kardinalhatt. Ei nyare hand har skrive hefir klæd dyrít, som kan tyde «har kledd dyret» eller «har skjult dyret».

På blad 22r er det teikna eit andlet inne i initialen Ð.

Handskriftet er etter Gustav Storm (1885:724) skrive av fem skrivarar, kalla hand a–e. Dateringane nedanfor er Storms.

Hand a er frå fyrste delen av1300-talet, og har skrive landslova på blad 1–86.

Hand b er frå ca. 1400, og har skrive blad 87 og mesteparten av blad 88, denne delen inneheld Håkon 5 Magnussons store rettarbot frå 1313.

Hand c, frå ca. 1560, har skrive siste delen av blad 88. Det inneheld ei rettarbot frå Håkon 5 Magnusson frå 1306 eller 1307 om friskyss for lagmannen. Hand c har også skrive blad 99 og mesteparten av blad 100. Denne delen inneheld rettarbøter frå kongane Kristian 1 og Håkon 6 Magnusson. Handa har også skrive frå slutten av blad 103 og til og med blad 130, dvs. slutten av handskriftet. Denne delen inneheld ei rad rettarbøter og nokre andre korte tekstar. Skrifta på dei fem siste blada i handskriftet, blad 126–130, har eit litt anna preg enn blada framanfor. Det er likevel vanskeleg å påvise noko skrivarskifte.

Hand d er frå ca. 1400, og har skrive biskop Arnes kristenrett på blad 89–98.

Hand e, frå 1400-talet, har skrive frå slutten av blad 100 inntil slutten av blad 103. Denne delen inneheld rettarbøter frå kongane Håkon 5 Magnusson, Magnus Eriksson og Håkon 6 Magnusson.


Innhald

Landslova

Som i andre handskrifter er landslova i Ms.4° 1 delt inn i bolkar, og bolkane er delte inn i kapittel.

Dei fleste bolkane har raude overskrifter. Men odelsløysingsbolken og landsleigebolken manglar overskrifter. Bolkane til og med arvebolken har raude kapitteloverskrifter. Frå og med odelsløysingsbolken manglar det kapitteloverskrifter, med unntak av kap. 5, 6, 7 og 52 i landsleigebolken og kap. 2 i tjuvebolken.

Bolkane og kapitla startar med utsmykka store bokstavar, kalla initialar. Dei er fargelagde, oftast i raudt eller grønt, men blått finst også. Bolkinitialane er alltid litt større enn kapittelinitialane, og har ei høgd som svarar til fire eller fem linjer. Kapittelinitialane har ei høgd som svarar til to eller tre linjer. Frå og med kapittel 7 i tjuvebolken er det ingen kapittelinitialar, men det er sett av plass til dei. Dette viser at initialane er laga etter at teksten er skriven, kanskje av ein eigen kunstnar. Vi ser også fleire stader at det er sett ein liten bokstav i venstre marg utanfor initialen, som viser kva for ein initial som skal setjast inn, sjå f.eks. kap. 10 i tingfarebolken og kap. 12 i kristendomsbolken.

Gustav Storm (1885:724) meiner at bolkinitialane «have islandsk Karakter». Men ein av dei har den norske Ð (sjå nedanfor), Ðat 18r20. Som kapittelinitial finn vi både Ð, f. eks. Ðessar 22r1, og Þ, f.eks. Þat 22v20. I desse tilfella kan vi ikkje sjå nokon liten rettleiingsbokstav. Dette tyder på at det er ein nordmann som har laga intialane. Elles har diskusjonen om norsk eller islandsk kunstnar i Codex Hardenbergianus vist oss kor vanskeleg det er å avgjere slike spørsmål (jfr. Liepe 2009:141–142).

Det er nokre lakunar i handskriftet: 1. Kap. 2–4 i tingfarebolken. 2. Kap. 11–13 i landevernsbolken. 3. Kap. 8–10 i mannhelgebolken. 4. Kap. 52–54 i landsleigebolken. I det følgjande omtaler eg innhaldet i landslova utan å ta omsyn til desse lakunane.

Landslova begynner med ein prolog, som er formulert som eit brev frå kong Magnus Håkonsson til alt folket i Gulating. I andre handskrifter kan det stå Frostating, Borgarting eller Eidsivating, og helsinga kan også gå til erkebiskopen og biskopar. Kongen seier at han etter oppmoding reviderer lova etter råd frå dei beste menn. Han gjer også greie for dei ulike bolkane i lova.

Fyrst kjem tingfarebolken, som omfattar reglar for sendemenn til tinget og sjølve tingordninga, herunder opplesing av lovboka.

Så kjem kristendomsbolken, som ikkje inneheld nokon kristenrett, for det hadde erkebiskop Jon Raude forhindra. Det einaste som står att, er truvedkjenninga. Deretter kjem eit viktig kapittel om maktfordelinga mellom konge og biskop. Så følgjer tronfølgjelova frå 1273 og formular for ymse typar eid.

Deretter kjem landevernsbolken, som gjev reglar for korleis landet skal forsvarast.

Mannhelgebolken handlar om den personlege rettstryggleiken.

Så kjem arvebolken, som startar med ein sekvens om bortgifting av kvinner, som er ein eigen bolk i den eldre Gulatingslova og i nokre handskrifter av landslova. I prologen seier kongen at arvebolken begynner med kvinners giftarmål, for det er svært viktig for dei som reiser arvekrav, at dei er avla i eit lovleg ekteskap.

Deretter kjem odelsløysingsbolken, som handlar om odelsretten.

Den største bolken i landslova er landsleigebolken. Som kongen seier, kan den leige bort jorda si, som har fått den på lovleg vis. Dette er ein omfattande bolk, som gjev reglar for alt som er knytt til leige av jord.

Så kjem den såkalla kjøpebolken, gammalnorsk Kaupabolkr. Kaup kunne tyde både kjøp og avtale meir generelt.

Deretter følgjer tjuvebolken, som handlar om steling og straffa for det.

Siste bolken er rettarbøter, frå kongane Håkon Håkonsson og Magnus Håkonsson.

Deretter kjem epilogen, som seier litt om kong Magnus sitt lovarbeid, og når landslova blei vedteken.

Etter avslutninga av lova har same handa skrive Dextera scriptoris benedicta sit omnibus horis, «Måtte skrivaren si høgre hand vere velsigna til alle tider».

Fleire stader har ei anna hand i margen skrive tillegg til lovteksten, sjå f. eks. blad 28v.


Ms.4° 1, 28v

Ms.4° 1, 28v


Biskop Arnes kristenrett

Biskop Arnes kristenrett er ein kristenrett for Island, utarbeidd av Arne Torlaksson, fødd 1237, biskop i Skálholt på Island 1269–1298. Vi veit mykje om Arnes liv og gjerning, for det er overlevert ei eiga soge om han. Ho fortel om hendingar på Island, men også om politiske forhold på Island og i Noreg, om striden mellom den verdslege og kyrkjelege makta, og om korleis lovbøkene Járnsíða og Jónsbók blei mottekne på Island. Sidan soga om Magnus Lagabøte for det meste er tapt, er soga om biskop Arne ei viktig kjelde til kunnskapen om denne perioden. Biskop Arne hadde eit godt forhold til Magnus Lagabøte, men formyndarstyret etter 1280 var kyrkjefiendtleg, og soga fortel om striden mellom erkebiskopen, Jon Raude, og formyndarstyret.

Biskop Arnes kristenrett frå 1275 er overlevert i mange handskrifter, og er trykt i Norges gamle Love indtil 1387, band 5, side 16–56. Teksten er ikkje omsett til moderne norsk. I eit par handskrifter er dei fyrste sju kapitla henta frå kristendomsbolken i den verdslege lova for Island, kalla Járnsíða. Kapittelnummera i utgåva følgjer denne versjonen, slik at dei handskriftene som manglar desse sju kapitla, begynner med det som er kapittel åtte. Men utgjevarane markerer denne andre kapittelordninga i parentes. Slik står det 1 i parentes etter 8, osb. Teksten i Ms.4° 1 har ein lakune i starten, og begynner i det som er kapittel 8 (1). Lakunen er på berre eitt blad, så handskriftet kan ikkje ha innehalde dei fyrste sju kapitla. Og ei seinare hand har skrive arabartalet 2, ikkje 9, ved neste kapittel. I det følgjande viser eg til dei kapittelnummera handskriftet har.

Teksten har tre lakunar til. Den eine er frå slutten av kapittel 15 til slutten av kapittel 16. Den andre går frå slutten av kapittel 24 til midten av kapittel 30. Den tredje er frå slutten av kapittel 32 til slutten av denne kristenretten.

På grunn av lakunen i starten manglar denne versjonen av kristenretten opplysningar om barneutbering.

Det var erkebiskop Jon som hadde gjeve biskop Arne i oppdrag å utarbeide ein ny kristenrett for Island, truleg då Arne var i Noreg 1272–1273. I arbeidet bygde han på eldre kristenrettar, både islandske og norske. Han har truleg særleg bygt på kong Magnus sin nye kristenrett, vedteken på Gulatinget 1267. Men han har også nytta erkebiskop Jons kristenrett frå 1273. Det var viktig for biskop Arne å styrkje kravet om geistleg sølibat og kyrkjas eigedomsrett til alle kyrkjer.

Biskop Arnes kristenrett blei vedteken på Alltinget 1275, men han skulle berre gjelde for Skálholt, ikkje for Hólar. Nokre kapittel blei utsette, i påvente av semje mellom konge og erkebiskop. Men det blei ikkje noka avklaring før kong Magnus døydde 1280. På 1300-talet blei biskop Arnes kristenrett brukt i Skálholt, og frå 1354 også i Hólar. (Robberstad 1976:207.)

Den følgjer i hovudsak Jons kristenrett i reglane for konfirmasjon, bygging og vedlikehald av kyrkjer, innsetjing av prestar, testamente, gravlegging på kyrkjegard.

I kapittel 9 om testamente har denne kristenretten eit tillegg som gjeld for Island. Der er det sagt at det i 1253 blei bestemt at i dei tilfella det var usemje mellom Guds lov og landets lov, skulle ein følgje Guds lov.

Tienda blir fordelt på same måten som i dei norske kristenrettane, men Arnes kristenrett har eit meir omfattande regelverk enn dei norske.

Arnes kristenrett har eit kapittel om sølibat som elles berre finst i dei nyare norske kristenrettane. Munkar, prestar, diakonar eller underdiakonar kan ikkje gifte seg. Forbodet mot å gifte seg gjeld også sinnsforvirra og kastrerte menn. Heidenske menn kan ikkje få seg kristne kvinner.

Det er fyldige avsnitt om å inngå ekteskap. Det er forbod mot å liggje med, eller gifte seg med, kvinner i nærmaste familie. Det er ulovleg å liggje med nokon som ein er i religiøs slektskap med gjennom dåpsritualet.

Det er eit fyldig kapittel om kva dyr ein kan ete kjøt frå. Det er ulovleg å ete kjøt av hest, hund, katt, kvitrev og dyr med klør, bortsett frå bjørn.


Rettarbøter

Dette handskriftet har 31 rettarbøter. Alle står etter landslova i den innbindinga handskriftet har no, og tilhøyrer dei delane som er bundne saman seinare. I tid spenner dei frå kong Håkon Håkonsson (1217–1263) til kong Fredrik 2 (1559–1588), den eldste er frå 1224, den yngste frå 1562. Ingen av dei er skrivne av same skrivaren som står bak landslova. Den fyrste av rettarbøtene er skriven av hand b frå ca. 1400. Hand e, frå 1400-talet, har skrive tre rettarbøter på blad 100v–103v. Alle dei andre er skrivne av hand c frå ca. 1560, som har gjeve att den norrøne språkforma i dei eldste rettarbøtene. I dette arbeidet vil eg kommentere innhaldet berre i dei viktigaste rettarbøtene, alle eldre enn 1400. I handskriftet er dei ikkje ordna kronologisk.

Dei to rettarbøtene som står mellom landslova og biskop Arnes kristenrett, er begge frå Håkon 5 Magnusson, konge 1299–1319. Den eldste, som står sist av dei to (blad 88v) og er skriven av hand c, er utferda i Tønsberg i det åttande regjeringsåret hans, dvs. mellom 10. august 1306 og 9. august 1307, trykt i NgL 3 nr. 24. Ho har den same innleiinga som er vanleg i brev frå mellomalderen. Den som står bak brevet, «sender Guds og si helsing til alle dei som ser eller høyrer dette brevet». Her blir det fastsett at lagmannen til skyss skal ha fire hestar til lands og fire skysskarar til sjøs når han reiser rundt i offisielt ærend. Denne rettarbota er ikkje overlevert i andre handskrifter enn Ms.4° 1.

Den yngste av dei to, som står fyrst (blad 87–88v), er skriven av hand b, er utferda i Nidaros 2. mai 1313, og er overlevert i 24 handskrifter, mellom dei Ms.4° 317, trykt i NgL 3 nr. 36a. Dette er ei av dei store, allmenne rettarbøtene som kjem som tillegg til landslova, og som gjeld heile landet. Denne rettarbota blei vedteken på tingmøte i kongsgarden i Nidaros, og er forma som eit brev frå kongen til folket i riket. Landslova har ei liknande innleiing, og vi finn henne att i dei store, allmenne rettarbøtene. Rettarbota er i nokre handskrifter stila generelt til alle leke og lærde menn i Noreg, i andre til folket i Bergen, Nidaros, Oslo, Gulatingslag, Eidsivatingslag, Skien lagsokn, Elvarsysle eller Ranrike. I Ms.4° 1 og tre andre handskrifter er rettarbota stila til erkebiskop Eiliv i Nidaros og folket i Frostatingslag. Her finn vi 10 reglar som utfyller eller endrar reglane i landslova. Rettarbota påbyd sysselmennene og lagmennene å setje desse nye reglane inn i lovboka, dvs. i landslova. Somme handskrifter opplyser at Bjarne Audunsson i nærvære av kongen sette segl ved brevet. Bjarne var ein av stormennene i Noreg, han var kongen sin fehirde (skattmeister), og tok vare på kongen sitt segl 1311–1314. Han var geistleg utdanna, og hadde truleg studert rettsvitskap ved universitetet i Bologna i 1292. Ms.4° 1 seier ikkje noko om kven som innsegla brevet. I gammalnorske brev er det normalt ikkje opplyst om kven som skreiv brevet. Det einaste unntaket er brev frå kongen, der skrivaren vanlegvis blir namngjeven. Fleire handskrifter av denne rettarbota opplyser om kven som skreiv, men namnet skifter i handskriftene. Dei som er nemnde, er Tord klerk, Håkon notar, Torgeir Tovesson notar og Trond klerk. Ms.4° 1 er det einaste handskriftet som seier at skrivaren var Trond klerk. Kjeldene gjev ikkje fleire opplysningar om denne mannen.

Etter biskop Arnes kristenrett kjem ei rad rettarbøter. Tre av dei er skrivne av hand e, andre er skrivne av hand c, begge hendene er frå ca. 1560. Dei gjev att den gammalnorske språkforma i dei eldste rettarbøtene. I det følgjande blir dei viktigaste rettarbøtene omtalte, i kronologisk rekkjefølgje. Dei er alle eldre enn 1400.

I 1224 vedtok Borgartinget, etter råd frå kong Håkon Håkonsson og biskop Nikolas Arnesson av Oslo, ein skipan om testamentrett. Opphavleg var denne skipanen gjord av kardinal Nicolas Brekespear i 1152/1153, saman med biskopane og dei tolv klokaste menn i kvart bispedøme. Skipanen står på blad 109v–110r, og er trykt i NgL 1:447.

Då Håkon Håkonsson blei krona i Bergen i 1247, blei det halde eit kyrkjemøte, der pavens utsending kardinal Vilhelm av Sabina deltok. Den 17. august utferda han ei rettarbot om unntak frå forbodet mot å arbeide på helgedagar. På grunn av dei vanskelege klimatiske forholda i Noreg skal folk ha lov til å fiske sild på helgedagar. Dersom det er naudsynt, skal dei også kunne berge høy, korn og grønnsaker. Denne rettarbota var naturleg nok forfatta på latin, men det finst ei omsetjing til norrønt i 12 handskrifter, mellom dei Ms.4° 1. Men NgL nemner ikkje Ms.4° 1 mellom handskriftene med norrøn omsetjing. Den norrøne versjonen av rettarbota står på blad 109r–v, er trykt i NgL 1:454–456 og omsett til moderne norsk i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 21.

Kong Eirik Magnusson (1280–1299) utferda ei stor, allmenn rettarbot ca. 1280, trykt i NgL 3 nr. 1, trykt og omsett i utdrag i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 32. Rettarbota står på blad 104r–106v. Etter RN 2 nr. 246 er ho laga i Bergen kort tid etter 2. juli 1280. Ho er overlevert i 23 handskrifter, 21 av dei frå mellomalderen, mellom dei Ms.4° 317. I 20 av dei finst òg landslova, slik også i Ms.4° 1. Innleiinga i denne rettarbota minner om den vi finn i landslova, og ho har eit landsgyldig verdsleg preg som ville forsvare ein plass der. Også rettarbota er fastsett etter råd frå dei beste menn. RN II nr. 246 meiner at ho blei kunngjord for dei ulike lagtinga, slik som landslova blei det. Ho er i handskriftene stila til alle menn i Noregs kongerike, eller alle menn i eit av dei fire sentrale lagtinga. Men i Ms.4° 1 er ho stila til alle menn i Steigartingslag på Hålogaland. Dette er ei omfattande rettarbot, med 32 artiklar frå ulike rettsområde. Ho tek som utgangspunkt at den lova som Magnus Lagabøte laga, ikkje alle stader gav så klar orskurd som folk treng. Og rettarbota held fram med «oc en finnazt fleiri greinir malanna en uon se at sua litil bok megi or skyra», «Det fins også flere omstendigheter i sakene enn det kan være von at en så liten bok kan gi opplysning om» (Bagge, Smedsdal og Helle 1973:160). Det er verdt å merke seg at landslova her blir kalla ei lita bok.

Før han blei konge over Noreg, var Håkon Magnusson hertug over Austlandet (1273–1299). I 1297 utferdar han ei rettarbot, Oslo 10. april og 22. juli, trykt i NgL 3 nr. 7, trykt og omsett i utdrag i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 43. Rettarbota står på blad 112v–114v, avslutninga manglar. Her viser kongen til dei brotsverka og den ulydnaden som folket på Ringerike og på Hadeland hadde gjort seg skuldig i overfor hertugen. For dette fortente dei å misse liv og gods. Men sidan dei bed om tilgjeving og lovar å betale bøter, gjev hertugen tilgjeving til alle, bortsett frå leiarane og opphavsmennene til ulydnaden. Dei får òg nokre lovforbetringar, sjølv om dei ikkje er så verdige til det som folket på Romerike, som alltid har synt hertugen lydnad og godvilje. Rettarbota er overlevert i tre avskrifter, og to parafrasar eller omsetjingar, alle frå 1500-talet. To av dei gjeld Hadeland, og tre gjeld Ringerike. Det er Ms.4° 1 som har den fyldigaste innleiinga, der det er vist til at sira Nikolas, prest på Norderhov på Ringerike, og to bønder hadde vore hos hertugen og bede om tilgjeving. Her er rettarbota stila til folket i Vika. Dette må vere ein avskrivarfeil, for Ringerike har aldri tilhøyrt Vika.

Kong Håkon 5 Magnusson (1299–1319) utferda 16. oktober 1299 ei rettarbot om sal av varer, trykt i NgL 3 nr. 12, trykt og omsett i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 45. Rettarbota står på blad 103v–104r. Ho er overlevert i seks handskrifter, tre av dei heimfester henne til Oslo, dei andre, inkludert Ms.4° 1, seier ho er laga i Trondheim (som her truleg er Nidaros). Rettarbota er i fire handskrifter stila til alle menn i Bergen, to handskrifter, mellom dei Ms.4° 1, har ei generell formulering. Ho forbyd folk å reise rundt i bygdene med kramhandel, og halde torg for kvar manns dør. Bøndene kan handle seg imellom, men kjøpmennene skal selje varene sine i kjøpstaden. Kanslaren Åke sette segl ved brevet, og Jon notar skreiv det. Åke hadde studert i utlandet, og var truleg prost ved Mariakyrkja i Oslo fram til 1312–1314. Han var kongen sin kanslar, og kombinasjonen med stillinga som prost ved Mariakyrkja blei etterpå fastsett ved kongen i 1314. Frå det året kan ein rekne Oslo som Noregs fyrste hovudstad, dvs. det faste setet for kongen sitt regjeringskontor.

Håkon 5 Magnusson utferda i Tønsberg 29. mai 1303 ei rettarbot, trykt i NgL 3 nr. 16, trykt og omsett i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 48. Rettarbota står på blad 116v, der slutten manglar. NgL reknar opp fem handskrifter, men nemner ikkje Ms.4° 1 mellom desse. Her blir det sagt at kongen har fått vite at handgjengne menn og biskopsmenn ikkje vil svare leidang, og at sysselmenn, riddarar og andre handgjengne menn ikkje vil møte når dei blir stemnde til lagmannen eller lagtinget av menn av lågare stand. Kongen set forbod mot og straff for dette. På blad 100v står det eit stykke som inneheld slutten av denne rettarbota (utan avslutningsformularen), med overskrifta Wm iij aars leidangrs fall.

I 1303 utferda Håkon 5 Magnusson også ei rettarbot om truslar mot kongens ombodsmenn, trykt i NgL 3 nr. 18. Ho er truleg utferda i to omgangar, i Tønsberg 29. mai og i Bergen 6. oktober. Rettarbota står på blad 106v–107v. NgL reknar opp 19 handskrifter, mellom dei Ms.4° 317. Ms.4° 1, som har Tønsberg, er ikkje mellom desse. Rettarbota er stila til alle menn i tolv handskrifter, mellom dei Ms.4° 1. Sju har Bergen og/eller Gulatingslag, eitt har Borgartingslag. Det blir vist til klager over at slektningar av forbrytarar kjem med truslar mot dei ombodsmennene som har straffa dei. Kongen fastset straff for dette, og for dei som kjem med truslar mot dei som fører sak mot dei. Alle handgjengne menn får påbod om å hjelpe sysselmennene med dette. Kanslaren Åke sette segl ved brevet. I handskriftene er det nemnt fleire skrivarar, etter Ms.4° 1 er skrivaren Audun Pålsson.

Håkon 5 Magnusson utferda i Bergen 11. oktober 1303 ei rettarbot som gjeld handgjengne menn, trykt i NgL 3, nr. 19b. Rettarbota står på blad 111r–v. NgL reknar opp 15 handskrifter, og rettarbota er i dei stila til alle menn i Bergen og Gulatingslag. Ms.4° 1 er ikkje nemnt i NgL, og der er rettarbota stila til alle menn i Steigartingslag på Hålogaland. Det er kome klager på at nokre handgjengne menn nektar å betale gjelda si, eller bøte for lovbrot. Dei har også late vere å møte for lagmannen og avleggje eid, fordi dei har svore til kongen og ikkje vil sverje oftare. Kongen set som straff for dette at dei må forlate hirda og ta sete saman med allmugen.

Håkon 5 Magnusson utferda i perioden 10. august 1299 – 9. august 1306 ei rettarbot om felag (felleseige) mellom ektefolk, trykt i NgL 3 nr. 57. Rettarbota står på blad 107v. Mange har bede om at reglane om dette i landslova blir forklarte og forbetra. Desse reglane finst i kapittel 3 i arvebolken i landslova. Kongen har med dei beste menns råd gjeve fire nye reglar, og har late dei føre inn i lovboka, dvs. landslova. NgL reknar opp 26 handskrifter, mellom dei Ms.4° 317, men nemner ikkje Ms.4° 1 mellom desse. I Ms.4° 1 er rettarbota stila til folket i Steigartingslag på Hålogaland. I dei andre handskriftene er det nemnt ting berre ein gong, og det er Borgarting.

Håkon 5 Magnusson utferda i Tønsberg 26. desember 1309 ei rettarbot som set forbod mot det vi dag ville kalle korrupsjon, trykt i NgL 3 nr. 27. Rettarbota står på blad 107v–108v. Mange har klaga over at dei ikkje får retten sin hos sysselmennene eller lensmennene deira i samsvar med orskurd eller dom frå lagmannen utan at det blir gjeve gåver til dei. Kongen forbyd sysselmennene å føre søksmål før dei har gjeve klagarane rett. NgL reknar opp 17 handskrifter, mellom dei Ms.4° 317, men nemner ikkje Ms.4° 1 mellom desse. Kanslaren Åke sette segl ved brevet, og Torgeir Tovesson klerk skreiv det.

Håkon 5 Magnusson utferda ei rettarbot i Bergen 23. juni 1310, trykt i NgL 3 nr. 28. Rettarbota står på blad 129v. NgL reknar opp 9 handskrifter av denne rettarbota. I desse handskrifter er ho oftast stila til alle menn i Gulatingslag, men eitt handskrift har Frostatingslag. NgL har ikkje med Ms.4° 1, som stilar rettarbota til alle menn i Steigartingslag på Hålogaland. Kongen påbyd bøter og straff dersom sysselmenn og lensmennene deira, biskopane sine ombodsmenn, og nemndemenn til lagtinget, ikkje kjem til tinget. Han forbyd også handgjengne menn som har prosteombod, å stemne undersåttane til biskopen om verdslege pengebøter. Det same forbodet gjeld for allmugesmenn og geistlege med prosteombod. Torgeir Tovesson klerk skreiv brevet.

Håkon 5 Magnusson utferda ei rettarbot på Avaldsnes 10. juni 1313, trykt i NgL 3 nr. 37. Rettarbota står på blad 129v. NgL reknar opp 7 handskrifter av denne rettarbota, og i to handskrifter er ho stila til sysselmenn, lensmenn og biskopsmenn, eit handskrift legg til «i lagdøma i Noreg». NgL har ikkje med Ms.4° 1, som stilar rettarbota til alle sysselmenn, lensmenn og biskopsmenn i Steigartingslag på Hålogaland. Kongen innskjerpar plikta til å søkje lagtinget kvart år, og den straffa lova set for å forsøme dette. Bjarne Audunsson sette segl ved brevet, og Tord klerk skreiv det, eit anna handskrift seier Torgeir Tovesson klerk.

Håkon 5 Magnusson utferda 12. august 1313 ei rettarbot stila til alle menn på Hålogaland, trykt i NgL 3 nr. 38. Rettarbota står på blad 100v–102r. Ho finst i fire handskrifter. Her kjem kongen med desse påboda: 1. Ingen saker skal søkjast under skreifisket om våren, frå kyndelsmesse til marimessa i fasta, dvs. frå 2. februar til 25. mars. 2. Prestar som har hemmeleg skriftemål, skal ikkje ha prostedøme. 3. Tiend skal betalast etter gammal sedvane, og inga ny skal påleggjast. 4. På grunn av fattigdomen sin skal samane (i teksten står det finnar) betale berre ein tredjedel av dei fastsette bøtene til konge og erkebiskop dei fyrste 20 åra etter at dei er blitt kristne. 5. Når han saksøkjer etter kristenretten, skal kongens og erkebiskopens årmann ikkje føre falske søksmål mot samane (i teksten står det finnar) eller presse avgifter av dei. Bjarne Audunsson sette segl ved brevet, og Torgeir Tovesson skreiv det.

Håkon 5 Magnusson utferda ei rettarbot i Bergen 25. november 1315 om brot på føresegner i brev eller rettarbot frå kongen, trykt i NgL 3 nr. 44 og i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 61, som også har omsetjing. Rettarbota står på blad 110r–v. NgL reknar opp 11 handskrifter av denne rettarbota, mellom dei Ms.4° 317. I dei fleste tilfella er ho stila til lagmannen, i eitt tilfelle til alle menn i Bergen. NgL har ikkje med Ms.4° 1, som stilar rettarbota til alle menn i Steigartingslag på Hålogaland. Kanslaren Ivar Olavsson sette segl ved brevet, og Torgeir Tovesson skreiv det.

Håkon 5 Magnusson utferda i Tønsberg 28. mars 1318 ei rettarbot, trykt i NgL 3 nr. 50 og i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 64, som også har omsetjing. Rettarbota står på blad 110v–111r. Ho gjeld ættleiing eller adopsjon, det å ta ein uekte son opp i ætta si. Lagmennene har vore i tvil om korleis dei skulle tolke kapittel 5 i arvebolken i landslova, som gjeld ættleiing. Med råd frå dei visaste menn og ut frå den forståinga kong Magnus hadde då han utforma dette kapitlet, fastset kongen at ein ættleidd son skal ta same arven som ektefødd son. NgL reknar opp 21 handskrifter som inneheld denne rettarbota, mellom dei Ms.4° 317, men nemner ikkje Ms.4° 1.

Magnus Eriksson (1319–1374) utferda ei rettarbot i Oslo 18. februar 1348, trykt i NgL 3 nr. 85. Rettarbota står på blad 129r. NgL opplyser at seks handskrifter inneheld denne rettarbota, men nemner ikkje Ms.4° 1. Snikmordarar og dei som sver falskt, er ubotamenn, dvs. at dei ikkje kan sone brotsverket med bøter, og dei skal brennemerkjast. Knivstikking blir strengt straffa.

Magnus Eriksson utferda ei rettarbot i Tønsberg 1. mai 1373, trykt i NgL 3 nr. 104 og i NgL 4:725, note 1. Rettarbota står på blad 103v. NgL opplyser at to handskrifter inneheld denne rettarbota, men nemner ikkje Ms.4° 1. Rettarbota gjeld alle menn i Bergen, både innanlandske og utanlandske. Kongen forbyd dei å kjøpe skrei eller fersk fisk før han eller ombodsmennene hans har kjøpt inn det dei treng.

Magnus Eriksson og Håkon 6 Magnusson (1355–1380) utferda ei rettarbot i Bergen 10. mars 1374 (etter RN, NgL seier 8. mars 1364), trykt i NgL 3 nr. 95. Rettarbota står på blad 102v–103r. NgL reknar opp fire handskrifter som inneheld denne rettarbota, men nemner ikkje Ms.4° 1. Rettarbota er stila til alle menn i Bergen, og viser til at det er kome klager på at landet blir lagt øyde fordi bøndene ikkje kan skaffe tenestefolk til å dyrke jorda. Grunnen til det er at alle unge menn vil slå seg på handel. Kongane forbyd difor nokon å bli kjøpmann utan at han har ei viss mengd handelsvarer, som skal vere skaffa med eigenkapital, og ikkje med lån. Det blir også forbode å drive handel i fjordar, vær eller på andre stader enn der det frå gammalt av har vore kjøpstemne eller takmark (einemerke).

Håkon 6 Magnusson utferda ei rettarbot 10. juni 1375 på Nedenes. Ho er ikkje trykt i NgL, men m.a. i DN XXI nr. 152. Rettarbota står på blad 100r–v. RN VII nr. 485 reknar opp fem handskrifter som inneheld denne rettarbota, men nemner ikkje Ms.4° 1. Ho er stila til begge lagmennene og allmugen på Island, og gjeld dom i ei arvesak på Island. Denne rettsavgjerda skal førast inn i lovboka, dvs. i Jónsbók, og skal i ettertida gjelde som lov i tilsvarande saker.

Det er påfallande kor lite rettarbøtene i Ms.4° 1 er brukte av utgjevarane av NgL. Av dei 22 rettarbøtene eldre enn 1400 som er omtalte framanfor, manglar NgL (eller RN) i 16 tilfelle opplysning om at rettarbota finst også i Ms.4° 1.

Det ser ut til at Ms.4° 1 er det einaste handskriftet som stilar desse rettarbøtene til Steigartingslag på Hålogaland, i alt seks gonger. Fem av desse tilfella står i rettarbøter der NgL ikkje bruker Ms.4° 1. Det sjette tilfellet er den store allmenne rettarbota frå Eirik Magnusson av 1280. Dei fem andre er alle frå Håkon 5 Magnussons regjeringstid, 1299–1319. Etter Knut Helle (1995:186) er tinget på Steig eitt av dei fem nye regionale lagtinga i Håkon 5 Magnussons tid. Men tinget er nemnt allereie i rettarbota frå 1280. Det er likevel usikkert kva som har stått i dei opphavlege formuleringane, for alle seks rettarbøtene i Ms.4° 1 er skrivne med ei hand frå ca. 1560.


Andre tekstar

Etter landslova har ei yngre hand nedst på blad 86v skrive ein liten notis som ser ut til å vere ei kvittering for mottekne varer.

Etter Håkon 5 Magnussons rettarbot frå 1303 står det eit lite stykke på blad 111v–112r med overskrifta wm ffælagh, dvs. «om felag (felleseige)». Dette er eit stykke som svarar til kapittel 53 i den eldre Gulatingslova. Tilsvarande stykke, i fyldigare form, er trykt i NgL 4:15–16.

Etter hertug Håkon Magnussons rettarbot frå 1297 kjem Truid Ulfstand og Claus Bille sin resess, Bergen 1539, på blad 115r–116r. Den fyrste delen er borte.

Deretter følgjer eit lite stykke på blad 116r med overskrifta Vm Gridsettningh, trykt i NgL 4:726, note 1. Dette er ein formular for garanti av personleg tryggleik (grid).

Innimellom rettarbøtene på slutten av handskriftet står det på blad 129r–v eit stykke med overskrifta «Om folks selvær», som gjeld forbod mot å fare til andres selvær i ein viss periode. Stykket er skrive på 1500-talet. I hovudsak inneheld dette stykket det same som kap. 11 i bolk XIV i den eldre Frostatingslova og i kap. 146 (kap. 140 i Hagland og Sandnes 1997) i Bjarkøyretten. Den norrøne teksten er utgjeven i NgL 1:252 og 330, omsetjing finst i Hagland og Sandnes 1994:207–208 og i Hagland og Sandnes 1997:92–93. I Frostatingslova og i Bjarkøyretten er den «heilage» perioden for selværa tre veker før jonsok og seks veker før jul. I Ms.4° 1 er den fyrste perioden den same, men den andre er frå mikjelsmesse (29. september) til jul. Hagland og Sandnes (1994:226) seier dette om dei to periodane: «Kastingstida for fjordselen var på forsommaren, for haverkna på seinhausten, og nett i desse periodane ser vi at selværa er «heilage», dvs. fredlyste for andre enn eigarane.» Teksten i Ms.4° 1 inneheld eit tillegg om korleis ein kan fri seg for skulding om brot på denne rettsregelen. Liknande stykke om selvær er skrive med yngre hender etter siste kapitlet i landsleigebolken, som gjeld jakt på sel, i tre handskrifter av Gulatings-redaksjonen av landslova. Dei har same avvika som Ms.4° 1 i forhold til Frostatingslova og Bjarkøyretten. Eit liknande stykke finn vi også mellom rettarbøtene i GKS 1154 fol., som også inneheld Gulatings-redaksjonen av landslova (NgL 4:392, note 1). Dette stykket, som er skrive på 1500-talet, følgjer Frostatingslova og Bjarkøyretten når det gjeld perioden, men har også eit tillegg om korleis ein kan fri seg frå skuldinga. Liknande rettsregel finst ikkje i den eldre Gulatingslova eller i landslova (unnateke tilskriftene med yngre hender).

Før avslutninga om kval og sel finn vi på blad 130r artiklar frå ein herredag i Oslo 1548, og eit lite stykke om markelag (verdien av ei mark), kyrlag (verdien av ei ku) o.a.


Ms.4° 1, 130v

Ms.4° 1, 130v

Heilt på slutten i handskriftet står det på blad 130v eit lite avsnitt, på ca. ½ side, som reknar opp dei ulike slaga av kval og sel i Grønlandshavet. På slutten står det Ex speculo regali, dvs. frå Kongsspegelen. Og dette verket har ei fyldig omtale av ulike kvalarter, men der er det snakk om Islandshava, sjå Holm-Olsen 1983:15–17 for norrøn tekst, og Hellevik 1965:42–46 for omsetjing. Om selane seier Kongsspegelen at dei lever i Grønlandshavet, sjå Holm-Olsen 1983:28–29 for norrøn tekst, og Hellevik 1965:65–67 for omsetjing. Kongsspegelen fortel om 21 arter av kval, kor lange dei er, om dei kan etast, og om dei er farlege for folk i båt. Ms.4° 1 reknar opp 16 arter, og alle finst i Kongsspegelen, men beskriv dei ikkje, bortsett frå lengda på dei fleste, og den svarar til den vi finn i Kongsspegelen. Kongsspegelen reknar opp sju arter sel, gjev lengda på dei og fortel litt om dei. Ms.4° 1 reknar opp dei same sju artene, fortel ingenting om dei, og gjev lengda berre på rostungen, dvs. kvalrossen, som kan bli 14–15 alner. Forfattaren av Kongsspegelen seier at grønlendingane reknar rostungen saman med kvalane, men han sjølv meiner at han må reknast mellom selane.

Nedst på blad 88v står det følgjande notis på latin: Dic homo mente pia mihi quinquies ave maria Vt succurrerís per me quando maneris. Den fyrste perioden lyder slik i omsetjing: «Sei, menneske, med fromt sinn fem Ave Maria for meg.» Meininga med den andre perioden er uklar.Lesen og tolka av Espen Karlsen.


Datering og heimfesting av hand a, landslova

Hovudhanda, hand a, har skrive landslova, og ikkje noko meir. Gustav Storm (1885:724) seier følgjande om henne: «en smuk Frakturhaand fra Begyndelsen af 14de Aarhundrede. Haandskriften ligner islandske fra c. 1300, men Ortografien er væsentlig norsk, altsaa er Bogen aabenbart skrevet af en Islænding i Norge eller efter en Nordmands diktat.»

Jónas Kristjánson (1967:53) seier det slik: Íslenzk hönd, en stafsetning að mestu leyti norsk, dvs. «islandsk hand, men ortografien for det meste norsk».

Didrik Arup Seip (1955:23) reknar Ms.4° 1 som ei islandsk avskrift av ei norsk lov.

Etter mi vurdering er språket i Ms.4° 1 norsk, og det er dette som vil bli drøfta i det følgjande.

Som kjent var det ikkje store skilnader mellom språket på Island og språket i Noreg på 1200- og 1300-talet. Og i sitt store verk Vestnorske maalføre fyre 1350 (1906–1942) tek Marius Hægstad med også islandsk. Seinare har det vore fleire diskusjonar om norsk eller islandsk i norrøne handskrifter (sjå Rindal 1997:113–114).

Det har vore den allmenne oppfatninga at det var norsk påverknad på islandsk språk, men ikkje den andre vegen. Og det er dette som pregar Stefán Karlssons syn i artikkelen «Om norvagismer i islandske håndskrifter», trykt i tidsskriftet Maal og Minne i 1978.

Handskriftene er normalt ikkje daterte eller heimfeste, og gjev såleis eit usikkert grunnlag for studiet av regional språkleg variasjon. Men vi har eit stort materiale av både norske og islandske diplom, som normalt er daterte og heimfeste. Vi har fleire norskspråklege diplom skrivne på Island (sjå Rindal 1997:116). Og islendingar skreiv diplom i Noreg. Mest kjend er Hauk Erlendsson (ca. 1265–1334). Han var fødd og oppvaksen på Island, og var lagmann der 1294–1299. Seinare kom han til Noreg, og var lagmann i Oslo 1302 og lagmann i Bergen 1303–1322. Vi har nokre originaldiplom der han er eineutferdar eller den fyrste av fleire utferdarar. Ingen av desse diploma har islandske særtrekk i språket.

I somme andre norske diplom kan vi finne islandske trekk, som hl og hn, æ for eldre /ø:/, ie for eldre /e:/, ø for eldre /a/ framfor ståande /u/ (sjå Rindal 1997:116).

Vi veit at det var mange nordmenn som oppheldt seg på Island i mellomalderen, og at det var mange islandske skrivarar i Noreg. Det var ein stor islandsk bokproduksjon for den norske marknaden (sjå Karlsson 1979), som førte med seg at nordmenn var fortrulege med islandsk språk. Vi kan difor ikkje sjå bort frå ein generell islandsk påverknad på norsk skriveskikk.

I si doktoravhandling seier Jan Ragnar Hagland (1986:224) at produksjonen av lovbøker i Noreg alt frå den eldste tida i «ganske stor grad» har vore utført av islendingar. Opponenten Kjell Venås (1986:13) meinte på si side at islandismar i norske handskrifter kan vere «allmenne innslag frå islandsk skriftspråksbruk opptekne av nordmenn, eller eventuelt overførte av folk som òg skreiv av etter islandske førelegg av andre tekstar.»

Etter Rindal og Spørck (2018:50) har berre 1 av 39 mellomalderhandskrifter av landslova islandsk språkform, og det er GKS 3260 4°, hand a, frå ca. 1350, som inneheld Gulatings-redaksjonen. Det er då ikkje teke stilling til om sjølve skrifta er norsk eller islandsk, eller om skrivaren er nordmann eller islending.

Eit studium av ortografien og fonologien i Ms.4° 1 gjev desse resultata:

Vi finn aldri h framfor n eller r, f. eks. i nodet 15v18, neckir 70v4, reinsanar 7r16, ræzlo 7v2. Av dei svært mange moglege eksempla finn vi h framfor l berre to gonger, hlutanvm 2v19 og hl[uti] (uti er skore bort) 4r3, og begge eksempla er i byrjinga av handskriftet. Bortfall av h framfor l finn vi f.eks. i lyðni 10r16, luta 22v3, loss 49r21.

Vi finn aldri ie for eldre /e:/, jfr. rettlega 7v18, ser 37r11, fe 71v20.

Der er ingen eksempel på samanfall av /æ:/ og /ø:/, jfr. ætlar 17r4, søke 17r8, bøta 55r17, hætte 55v3.

For diftongen /øy/ er det oftast skrive øy, og ikkje ey, som er den islandske forma, jfr. gløyma 13v3, løypr 73v4, mot geyma 24v10.

For eldre /a/ framfor ståande /u/ er det normalt skrive o, f. eks. ollum 25r9, snoru 676v22, ein hende gong finn vi a eller au, som i aðrum 72r9 og fauður 86r3, men vi finn aldri ø, slik som islandsk kan ha. I gammalnorsk skriftspråk er o den vanlege skrivemåten, vi finn a særleg i trøndsk, nordaustlandsk og bergensk.

Det privative prefikset er /o:/ eller /u:/, med ei viss overvekt på /o:/ f. eks. o maga 19r10, ulokna 48v9, obota 83v10. I gammalnorsk skriftspråk blir det privative prefikset oftast skrive u, trøndsk har o, og nordvestlandsk ei blanding av u og o.

Vokalharmonien er temmeleg godt gjennomført. Det er ein prosess der hovudregelen er at det er brukt trykklett i og u etter høge trykksterke vokalar, og trykklett e og o etter mellomhøge og låge trykksterke vokalar. Islandske handskrifter har ikkje vokalharmoni.

Det finst altså berre to enkelteksempel på særislandske former i Ms.4° 1, det er dei to formene med hl. Som vi har nemnt, kan også norske tekstar ha eksempel på hl. Språkforma i handskriftet må difor karakteriserast som norsk, truleg nordvestlandsk. Det kan ha blitt til i Bergen, som var skriftsenteret for Nordvestlandet.

Men sjølve skriftbiletet i Ms.4° 1 har nokre få trekk som er meir vanlege i islandsk enn i norsk.

Islandske handskrifter markerer ofte lang konsonant med overskriven prikk eller med såkalla kapitél (liten bokstav med stor bokstavs form). I Ms.4° 1 er det fleire tilfelle med slik markering, stundom også med prikk over kapitél. Men også norske handskrifter har eksempel på overskriven prikk eller kapitél for å markere lang konsonant (Seip 1954:80, 82, 125).

Ligaturen e er brukt nokre gonger i handskriftet, f. eks. hette 1r17, eða 12v4, eiði 83v10. Denne ligaturen er vanleg i islandsk skrift og heller uvanleg i norsk skrift, men finst sporadisk (Seip 1954:77–78, 122).

Eldre islandsk skrift bruker þ i staden for ð i innlyd og utlyd, men i løpet av 1200-talet trengjer ð inn i desse posisjonane (Seip 1954:44, 92). I norsk skrift finst þ i innlyd og utlyd berre sjeldan i dei eldste tekstane (Seip 1954:10). I Ms.4° 1 finn vi sporadiske eksempel på dette fenomenet, særlig i byrjinga, aþr 1r13, iarþir 1v19, utlægþar 71v21.

Dei trekka i skriftbiletet som er nemnde ovanfor, er vanlege i islandske tekstar, men meir sjeldsynte i norske. Islandske trekk kan kome inn i norske tekstar gjennom førelegget eller ved ein generell innverknad på norsk skrift. I Ms.4° 1 er dei islandske trekka i skriftbiletet få, og dei er også kjende frå andre norske tekstar. Dersom dei skulle kome frå førelegget, ville vi ha venta fleire islandismar i språkforma, men der finn vi berre to hl. Min konklusjon blir difor at skrivaren er norsk. Den blir støtta av at vi åtte gonger finn Ð i framlyd i staden for Þ, f. eks. Ðess 10v7, Ðat 78v3. Islandske handskrifter bruker ikkje Ð som stor forbokstav (Seip 1954:79).

Ruth J. Stokkedal Bokn skreiv i 1987 ei hovudfagsoppgåve om språket i Ms.4° 1, basert på dei elleve fyrste blada. Hennar konklusjon er at skrivaren er nordvestlandsk, og at dei islandske målmerka er påverknad frå førelegget (Bokn 1987:112–115).

Språkform og skriftbilete i Ms.4° 1 er elles slik som vi ventar i norske handskrifter frå byrjinga av 1300-talet.

For a er såkalla toetasjes a vanlegast, men såkalla halslaus a, som dominerer på 1200-talet, finst også (Seip 1954:70, 116).

Såkalla rund r er berre brukt etter bokstavar med rund form, etter 1300 blir bruken utvida til andre bokstavar (Seip 1953:73, 119).

Såkalla insulær v finst ikkje i handskriftet, og den er uvanleg i norsk skrift etter 1300 (Seip 1954:75, 120).

Lang vokal blir ikkje dobbelskriven i Ms.4° 1. Slik dobbelskriving blei vanleg på 1300-talet (Seip 1954:122).

For frikativ /g/ blir det skrive g, ikkje gh. Før ca. 1300 var det berre søraustlandsk som markerte frikativ /g/ med gh, etter ca. 1300 blir denne skrivemåten vanleg i skrifter frå alle delar av landet (Rindal 1987:26, med litteraturtilvisingar). Mangel på gh peikar tilbake i tid.

I Ms.4° 1 er det ingen eksempel på reduksjon av vokalen /a/ i trykklett stilling. Også dette er eit trekk som peikar bakover i tid (jfr. Rindal 1987:43, med litteraturtilvisingar).

Handskriftet har ingen eksempel på såkalla svarabhaktivokal, noko som vitnar om høg alder (jfr. Rindal 1987:44, med litteraturtilvisingar).

Refleksivendinga i Ms.4° 1 er oftast zt, men det finst sporadiske eksempel på z og st, som hittaz 18r1, berst 47v12. Ending på sk/zk eller sc/zc finst ikkje. Dette peikar mot 1300-talet (jfr. Rindal 1987:134, med litteraturtilvisingar).

Etter ein gjennomgang av språk og skrift i hand a i Ms.4° 1 er konklusjonen at denne delen av handskriftet er frå ca. 1300 eller tidleg på 1300-talet. Den ser ut til å ha nordvestlandsk språkform, og er truleg skriven i Bergen.

I handskriftet er det kapitteloverskrifter i raudt. I hovudsak sluttar dei etter arvebolken på 40v. Men det finst også overskrifter til kap. 5, 6, 7 og 52 i landsleigebolken (blad 47v, 48r og 64v), til fyrste kapitlet i kjøpebolken (blad 71v) og til dei to fyrste kapitla i tjuvebolken (blad 80v og 81r).

Overskriftene går stundom ut i margen, og er truleg sette til etter at hovudteksten er skriven. Det er sett av plass til dei anten etter føregåande kapittel eller før det nye kapitlet. Skrifta er svært lik den vi finn i hovudteksten, den viktigaste ulikskapen finn vi i utforminga av bokstaven g. Ut frå skrifta er det vanskeleg å avgjere om det er ei eller to hender.

Språkforma i kapitteloverskriftene vik litt av frå den vi finn i hovudteksten. Av ord med hl/l, hn/n, hr/r finst det berre eitt eksempel, og det har den «norske» forma lut 2r14. For det privative prefikset finn vi både /o:/ og /u:/, f. eks. obota 19v11, vsenu 12r2. For eldre /a/ framfor ståande /u/ blir det to gonger skrive ø, løgliga 5v21, løgvm 30v3, noko som blir rekna som eit islandsk trekk. For eldre /ø:/ er det sju gonger skrive æ, aldri ø, f. eks. bætr 22r1, færa 38v22. Dette er eit avgjerande islandsk trekk. Det er difor grunn til å tru at det er ein islending som har skrive overskriftene.

Nedst på 38v er ei kapitteloverskrift skriven om att, med ei anna hand. Der finn vi den norske forma føra, mot den islandske forma færa i overskrifta over kapitlet. Liknande veksling finn vi på 80v, med den norske forma øyris i nedre marg, mot eyris i sjølve teksten.

Nokre stader har hender frå 1300-talet sett til notisar i margen. Dei har norsk språkform, jfr. f. eks. bøti 27r, rettyndum 28v, hafum 28v, øyris 80v.


Språkforma i biskop Arnes kristenrett, hand d

Biskop Arnes kristenrett er skriven av hand d på blad 89–98, og denne handa har ikkje skrive noko meir i dette handskriftet. Gustav Storm (1885:724) reknar denne handa for islandsk, og daterer henne til ca. 1400. Også Jónas Kristjánsson (1967:54) reknar hand d for islandsk, og daterer henne til 1400-talet.

Ei gransking av språket på desse blada syner desse islandske særmerka: 1. Bevart h framfor l og r, f. eks. hlutr 90rb20, hreinsan 89vb5. 2. Samanfall av eldre /æ:/ og /ø:/, f. eks. lærdra 91rb6, bæti 89va13. 3. Avrunding av diftongen /øy/ i reikelsi 95vb25.

Av norske trekk finn vi sju gonger v for det privative prefikset, f. eks. vbota 91ra7. Men vi finn aldri bortfall av h framfor l, n eller r, eller ø for eldre /ø:/.

Konklusjonen er at hand d er islandsk. Ei datering til ca. 1400 synest rimeleg.


Språkforma i rettarbøtene, hand b, c og e

Håkon 5 Magnussons store rettarbot frå 1313 er skriven av hand b på blad 87 og mesteparten av blad 88. Frå 88r til 88v skiftar skrifta så mykje preg at ein normalt ville ha sagt at det er to ulike skrivarar. Men overgangen skjer inne i eit ord, så det er all grunn til å tru at det er same skrivaren på dei to sidene. Etter Storm (1885:724) går skrivaren over frå fraktur til kursiv.

Hand b er norsk. Vi finn bortfall av h framfor l to ganger, luti 87r9 og luta 87v22. Det er alltid skrive ø for eldre /ø:/, f. eks. bøta 87r9. Diftongen /øy/ blir skriven øy, f. eks. høyra 87r5.

Språket er tradisjonelt gammalnorsk, utan dialektale særdrag. Ei datering til ca. 1400 synest rimeleg, primært bygt på skriftbiletet.

Hand c og hand e har, med unntaket nemnt ovanfor, skrive alle rettarbøtene, og nokre få andre tekstar. Dei skriv kvar sin halvpart av blad 100v og 103v. Med eitt unntak står alle desse rettarbøtene etter biskop Arnes kristenrett. Begge hendene blir av Storm (1885:724) daterte til ca. 1560. Sidan dei vekslar om å skrive blad 100v og 103v, er det grunn til å tru at dei er samtidige. Og hand c kan sikkert daterast til etter 1562, som er årstalet for den yngste rettarbota som denne handa skriv. Den yngste rettarbota som hand e skriv, er frå 1374. Språket i dei gamle rettarbøtene er gammalnorsk, elles er språkforma dansk.




Ms.4° 317


Ms.4° 317, 118r

Ms.4° 317, 118r


Beskriving

Ms.4° 317 er eit handskrift som inneheld Eidsivatings-redaksjonen av landslova, Eisivatings eldre kristenrett, erkebiskop Jons kristenrett, ei rad rettarbøter, ein kalender, med helgedagar og festdagar, slutten av den norske kongerekkja, to latinske notisar med sjukdomsråd og fire linjer verditaksering.

Handskriftet har tidlegare vore bunde saman med to andre lovhandskrifter frå mellomalderen, som inneheld dei svenske lovene Upplandslagen og Magnus Erikssons landslag. Handskriftet med desse tre delane tilhøyrde tidleg på 1800-talet Karl Schildener (1777–1843), frå 1810 professor i jurisprudens ved Universitetet i Greifswald, som den gongen tilhøyrde det svenske riket. Ca. 1835 blei dette handskriftet kjøpt av den svenske kammerherren Bernhard Emanuel Rosenblad (1796–1855). Han delte opp handskriftet, og den norske delen kom til Christiania Universitetsbibliothek i 1844. Sidan den norske delen var bunden inn som den andre delen, begynner pagineringa med blad 89, og sluttar med 173. Etter Storm (1885:734) var handskriftet bunde inn i eit gult, moderne papirbind. Noverande innbinding er brun.

Etter eit notat av Oddvar Vasstveit 12.05.76, som ligg i handskriftet, står nokre av blada 103–127 no i feil rekkjefølgje. Dette er ikkje nemnt i Storm 1885, og har truleg skjedd ved siste innbindinga, på 1940- eller 1950-talet. Eg viser til Vasstveits notat for den rette rekkjefølgja.

Handskriftet begynner midt inne i Håkon 5 Magnussons rettarbot frå 1318 (sjå seinare), byrjinga har stått på eit blad som manglar i dag Dei tre fyrste noverande blada har kanskje tilhøyrt eit anna handskrift. Blad 92–99 er innhefta framfor den eigentlege kodeks. Mellom blad 94 og 95 er to eller fleire blad borte. Etter blad 98 er to blad borte, slik at den siste delen av Eidsivatings eldre kristenrett manglar. Blad 99 var det opphavleg ikkje skrive noko på. Så følgjer den eigentlege kodeks, med landslova på blad 100–167, med 5 legg med 6 blad kvart og 5 legg med 8 blad kvart. Mellom blad 148 og 149 manglar no 2 blad. Frå slutten av blad 167v står det rettarbøter.

Handskriftet er skrive av åtte skrivarar, i Storm 1885:731 kalla a–h. Dateringane nedanfor er Storms.

Hand a frå siste halvdelen av 1300-talet har skrive blad 89. Innhaldet er Håkon 5 Magnussons rettarbot frå 1318, sjå seinare.

Hand b frå ca. 1400 har skrive blad 90r. Innhaldet er latinske reseptar mot ymse sjukdomar. Det står også ein kort notis frå Oslo 1587 med verditaksering.

Hand c frå 1400-talet har skrive blad 90v, som inneheld Håkon 5 Magnussons rettarbot frå 1303, sjå seinare.

Hand d frå ca. 1400 har skrive blad 91r, som inneheld latinske råd om årelating o.a. På blad 91v er det ei teikning av Jesus på korset. Øvst til venstre er står det Anno 1682.

Hand e frå 1300–1350 har skrive blad 92r–98v og blad 100r–167r, handa sluttar i andre spalte i 167r. Innhaldet er dette: Innhaldsregister til Eidsivatings eldre kristenrett; ein latinsk kalender for månadene januar–oktober, med festdagane (ei anna hand har ført inn helgedagane); ein del av den norske kongerekkja, frå Harald Hardråde til Magnus Lagabøte; Eidsivatings eldre kristenrett, der slutten manglar; erkebiskop Jons kristenrett, med eit kapittel om bøter o. l. som kongen og biskopen eig saman; landslova. I kalenderen har hand e ved 2. mai ført inn at Torstein biskop døydde. Han var biskop i Hamar frå 1288 til 1304.

Blad 99 har vore blankt. Ei hand frå slutten av 1500-talet har skrive notisar om mannebøter, markebol og liknande.

Hand f frå ca. 1350 har skrive frå slutten av blad 167r til og med blad 171v, med rettarbøter frå Eirik Magnusson og Håkon 5 Magnusson, den siste held fram på blad 172.


Ms.4° 317, 167r

Ms.4° 317, 167r

Hand g frå ca.1350 har skrive mesteparten av blad 172, med to rettarbøter frå Håkon 5 Magnusson, den fyrste held fram frå blad 171. Sidan overgangen frå hand f til hand g skjer inne i ei rettarbot, må dei to skrivarane ha arbeidd samtidig.

Hand h frå ca. 1350 har skrive slutten av blad 172v og blad 173, med ei rettarbot frå Håkon Håkonsson og ei frå Magnus Lagabøte. Slutten manglar i den siste.

I kalenderen, blad 92v–94v, er det ført inn nokre opplysningar med yngre hender. Hand g har ved 1. juni ført inn opplysning om at sira Andres på Stange døydde i 1347. Andres Bjørnsson var prest på Stange, omtalt i diplom siste gongen i 1346. Ved 7. januar har hand h skrive inn at biskop Guttorm (av Stavanger) døydde i 1350. Han er nemnd som kannik i Hamar i 1324. Ei hand frå 1500-talet har skrive tre notisar: Ved 20. mai om at slottet blei bygt på Flekkerøy i 1556, og at det blei brote ned i 1561. Det er her tale om Flekkerhus festning på Flekkerøy på Agder, som den gongen var ei svært viktig hamn. Ved 22. mai om at i 1535 stod slaget ved Assens på Fyn, også kalla slaget ved Øksnebjerg. Ved 22. september om at det er rett tid for lagtinget på Nedenes.

Ms.4° 317 inneheld Eidsivatings-redaksjonen av landslova, Eidsivatings eldre kristenrett, den nyare kristenretten frå erkebiskop Jon og fleire rettarbøter som gjeld Eidsivating. Truleg var handskriftet laga for bruk i Eidsivating. Dette blir støtta av dei yngre tilføyingane i handskriftet, som tyder på at det var på Nordaustlandet, truleg Hamar, på 1300-talet.


Innhald

Landslova

Ms.4° 317, blad 117v–167r, inneheld Eidsivatings-redaksjonen av landslova. Handskriftet har ein lakune, kap. 10–16 i landsleigebolken. Det manglar også dei avsluttande rettarbøtene frå Håkon Håkonsson.

Dette handskriftet har ei anna redigering av kapitteloverskriftene enn dei andre handskriftene av landslova. Overskriftene står ikkje over det enkelte kapittel, men er samla framfor den aktuelle bolken. Der står både kapitteloverskriftene og dei fyrste orda i kapitlet. Seinare i teksten står det ikkje overskrifter over kapitla, berre romartal. Dei fyrste orda i kapitla kan vike av frå dei som står framfor bolken. Overskriftene på bolkane og kapitla er i raudt, bortsett frå dei overskriftene som står aller fremst i lova.

Både bolk- og kapittelinitialane vekslar mellom raudt og grønt. Dei kan vere raude eller grøne, eller ha ein kombinasjon av raudt og grønt.


Eidsivatings eldre kristenrett, lengre versjon

Den lengre versjonen av Eidsivatings eldre kristenrett er overlevert i Ms.4° 317, blad 95r–98v, og AM 68 4°, og er utgjeven i NgL 1:376–393 og i Halvorsen og Rindal 2008:2–79. I den sistnemnde utgåva er teksten i AM 68 4° omsett, men ikkje teksten i Ms.4° 317. Men det er så liten skilnad på dei to tekstane at ein får eit godt inntrykk av innhaldet også i 317.

Fyrst i kristenretten er det reglar for døyping av barn, og for nauddåp. Der er det også sagt kva ei kvinne skal gjere om ho føder eit daudt barn. Denne delen inneheld også avsnitta om kva ein skal gjere med vanskapte barn. Dersom det barnet som blir fødd, er eit misfoster, utan menneskehovud eller menneskestemme, kan ein ta det med til kyrkja dersom ein vil, og la presten døype det dersom han vil. Så skal ein grave ei grav på kyrkjegarden og leggje barnet der. Over grava skal ein leggje ei helle, slik at hundar eller ramnar ikkje kan få tak i barnet. Ein skal la det leve så lenge det kan, og ikkje la jord falle over det før det er daudt.

Deretter er det ein bolk om helgedagar og søndag, med reglar for kva folk kan gjere av arbeid og anna desse dagane. Bolken inneheld også forbod mot samleie i visse periodar før helgedagar.

Det var eit generelt forbod mot skilsmisse, men dersom ektefolk likevel skil seg, kan dei ikkje gifte seg att så lenge den andre lever.

Det er denne kristenretten som har mest omtale av førkristen tru, og nemner forbod mot å ha stav eller alter eller blot som høyrer til heidensk sed.

Lova inneheld omfattande reglar for faste og kva folk har lov til å ete. Som hovudregel kan ein ete alt som er daudt på grunn av menneskeverk. Det ser ut til å vere forbod mot å ete kjøt av hest eller hund, for det er sagt at ein kan ete slikt kjøt dersom ein har gått seg vill i skogen i sju dagar og sju netter.

Det var strenge reglar for kor nær slektskap det kunne vere mellom ektefolk. Det var ulovleg å gifte seg med nokon som var i nærmare slekt enn åttemenningar.

Den skal vere biskop som kongen vil, og som er rett vald. Og det er biskopen som innset prestar.

Tienda skal delast i fire like store delar. Biskopen skal få ein del, kyrkja den andre, presten den tredje og fattige folk den fjerde. Den siste delen skal bøndene sjølve styre med. I kapitlet om tiend er det ei setning om at biskopen skal konfirmere barna ved det årlege besøket i hovudkyrkja.

Her sluttar Ms.4° 317, men denne kristenretten finst også i Ms.fol. 87a og Ms.4° 695.

Dersom kyrkja forfell eller brenn opp, har bøndene ansvaret for å skaffe tømmer og byggje henne opp att. Men i fyrste instans har den ansvaret for gjenoppbygging som hadde ansvaret for elden. Bøndene har også ansvaret for gjerdet rundt kyrkja. Folk har liknande ansvar for privatkyrkjene.

Det er kongen som innset biskopar, og biskopen som innset prestar.

Dersom nokon blir saksøkt, kan han/ho velje mellom menns dom eller Guds dom. Ved Guds dom skal mannen bere glødande jarn, og kvinna skal ta noko opp frå ein kokande kjele.

Ingen skal tru på finnar (samar), eller trollkvinner, eller trolldomsmiddel som har med heidensk sed å gjere.

Lendmenn og konene og barna deira skal gravleggjast nærmast kyrkja, dernest frie bønder og konene og barna deira, så skal frigjevne trælar og barna deira gravleggjast. Nærmast gjerdet rundt kyrkja skal ein gravleggje trælar og trælkvinner. Mennene skal liggje sønnafor kyrkja, og kvinnene nordafor. Dette er den einaste kristenretten som har ei fordeling av gravene basert på kjønn. Lova reknar også opp kva brotsverk som fører med seg at den døde ikkje skal gravleggjast på kyrkjegarden, men i flomålet. Mellom desse er sjølvmord og å drive med åger.

Det er forbod mot å liggje med, eller gifte seg med, kvinner i nærmaste familie. I alt er det rekna opp 17 kvinner som ein blir ubotemann av å liggje med. Ein ubotemann er ein mann som har gjort eit brotsverk som ikkje kan sonast med bøter. Det er ulovleg å liggje med nokon som ein er i religiøs slektskap med gjennom dåp.


Erkebiskop Jons kristenrett

Erkebiskop Jons kristenrett er overlevert i fleire handskrifter, mellom dei Ms.4° 317, blad 100r–117v. Denne kristenretten seier at barn som har menneskehovud, skal døypast og fostrast opp, endå om det har store lekamsskadar eller er vanskapt. Den seier ikkje noko om kva som skjer med barn utan menneskehovud. Det er forbod mot å bere ut barn.

Den har eit heilt kapittel om konfirmasjon, som er uløyseleg knytt til dåp.

Når det gjeld bygging og vedlikehald av kyrkjer og gjerdet rundt, er ansvaret fordelt om lag som i Eidsivatings eldre kristenrett.

Det er biskopen som innset prestar. Denne kristenretten seier ikkje noko om kven som innset eller vel biskop.

Det er eit eige kapittel om testamente. I nokre handskrifter er det rekna opp kven som ikkje kan setje opp testamente for seg fordi dei ikkje rår over seg sjølve. Det gjeld trælar, sinnsforvirra, stumme, døve, umyndige, søner som ikkje har forlate farshuset, og klosterfolk.

Reglane for kven som ikkje kan gravleggjast på kyrkjegarden, er om lag dei same som i Eidsivatings eldre kristenrett. Men det er ikkje sagt noko om kvar dei skal gravleggjast, som ikkje får plass på kyrkjegarden. Det er ikkje sagt noko om sosial eller kjønnsdelt inndeling av kyrkjegarden. Lova understrekar kor viktig det er at det blir gjeve gåve eller offer for den avdøde. Og biskopen kan bruke sterke overtalingar.

Tienda blir fordelt på same måten som i Eidsivatings eldre kristenrett.

Lova har avsnitt om søn- og helgedagar, og kva arbeid folk har lov å gjere desse dagane. Det er reglar for faste og kva folk har lov til å ete. Det er mindre strenge reglar enn i Eidsivatings eldre kristenrett for kva ein har lov til å ete, og det er ikkje sagt noko om kjøt av hest, hund eller katt.

Det er fyldige avsnitt om å inngå ekteskap. Det er forbod mot å liggje med, eller gifte seg med, kvinner i nærmaste familie. I alt er det rekna opp 11 kvinner som ein blir fredlaus av å liggje med. Det er ulovleg å liggje med nokon som ein er i religiøs slektskap med gjennom dåp. Sjå meir om religiøs slektskap under slutten av rettarbøtene i Ms.4° 317.

Denne kristenretten har eit lengre kapittel om åger. Dei som driv med dette, kan ikkje gravleggjast på kyrkjegarden.

Dersom folk blotar til dei heidenske gudane, eller driv med spådom eller trolldom, blir dei fredlause.

Dersom nokon har kjønnsleg omgang med bufe, er straffa utlegd. Dette er eit fenomen som også er omtalt i dei eldre lovene for Gulating og Frostating, men ikkje i Eidsivatings eldre kristenrett.

Denne kristenretten inneheld også to rettarbøter. Den fyrste er frå pave Alexander 3 (1159–1181), og gjeld løyve til å fiske sild på helgedagar, bortsett frå dei aller heilagaste. Den andre er frå erkebiskop Jon sjølv, og gjeld løyve til å skjere korn på alle helgedagar bortsett frå tre.


Rettarbøter og andre tekstar

Dette handskriftet har ei rad rettarbøter, i alt 13. Den eldste er frå Håkon Håkonsson i 1263, den yngste frå Håkon 5 Magnusson i 1318. To står framfor kristenrettane og landslova, dei andre står etterpå. Ingen av dei er skrivne av same skrivaren som står bak landslova og dei to kristenrettane. Dei fleste av rettarbøtene er skrivne av hender frå 1300-talet, ei er skriven av ei hand frå 1400-talet. I handskriftet er dei ikkje ordna kronologisk.

Dei to rettarbøtene som står framfor landslova, er begge frå Håkon 5 Magnusson (1299–1319). Den som står fyrst, er frå Agder (etter RN 3 nr. 1084) 13. desember 1318 (etter RN 3 nr. 1084), trykt i NgL 3 nr. 19a (der datert 1303), trykt og omsett i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 66. NgL reknar opp 11 norske handskrifter, RN 3 nr. 1084 legg til ei rad islandske. Byrjinga vantar. Det blir gjeve fullmakt til merkesmannen, herr N., til å drive alle saker som høyrer kongen til. Han skal òg sjå til at lensmennene fører sakene sine på rett vis. Det blir fastsett straff for dei som ikkje møter når dei er stemnde til kongen. Merkesmannen skal ta opp prov og straffe i saker om utlegd etter lovboka, dvs. landslova. Alle menn, og særleg handgjengne menn, skal hjelpe merkesmannen i ombodet hans. Handgjengne menn som ikkje vil betale gjelda si og ikkje bøte for brotsverka sine, skal stengjast ute frå hirda, i samsvar med hirdskråa.

Den neste er frå Oslo 30. mars 1307, trykt i NgL 3 nr. 22. Ho er overlevert i 10 handskrifter, og er i 9 av handskriftene stila til alle menn i Borgartingslag. I Ms.4° 317 er ho stila til alle menn i Eidsivatingslag, som er nemnt ein gong til. Det er kome klager på at leiglendingane i Vika ikkje vil betale landskyld til den tida som har vore gammal sedvane og som den gamle lovboka for Vika bestemmer. Med dei beste menns råd har kongen fastsett at landskyld i Borgartingslag skal betalast julaftan. Arne Gjavaldsson skreiv brevet.

Mellom desse to rettarbøtene står det nokre latinske reseptar. Deretter kjem det ein liten notis datert Oslo rådstove 1587.

Mellom den andre rettarbota og Eidsivatings eldre kristenrett kjem det fleire småstykke. Fyrst står det latinske forskrifter om årelating m.m. På neste side er det ei teikning av Kristus på korset, og der er det skrive «Anno 1682». Deretter kjem ei side med innhaldsregister for Eidsivatings eldre kristenrett, som skal starta med ei opprekning av dei norske kongane. Her er berre Halvdan Svarte og Harald Hårfagre nemnde. Så kjem ein latinsk kalender for månadene januar – oktober, med festdagar og helgedagar. Slutten på kalenderen har stått på nokre blad som no er borte. På desse blada har også den fyrste delen av den norske kongerekkja stått. No står berre slutten, trykt i NgL 1:393, i fyrste spalten av den sida der Eidsivatings eldre kristenrett begynner. Kongerekkja sluttar med Magnus, son til Håkon Håkonsson.

Etter landslova kjem ei rad rettarbøter. Dei blir her omtalte i den rekkjefølgja som handskriftet har, som ikkje er kronologisk.

Kong Eirik Magnusson (1280–1299) utferda ei stor, allmenn rettarbot ca. 1280, trykt i NgL 3 nr. 1, trykt og omsett i utdrag i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 32. RN 2 nr. 246 meiner at ho er laga i Bergen kort tid etter 2. juli 1280. Ho er overlevert i 23 handskrifter, 21 av dei frå mellomalderen, mellom dei Ms.4° 1. I 20 av dei finst òg landslova, slik også i Ms.4° 317. Innleiinga i denne rettarbota minner om den vi finn i landslova, og ho har eit landsgyldig verdsleg preg som ville forsvare ein plass der. Også rettarbota er fastsett etter råd frå dei beste menn. RN 2 nr. 246 meiner at ho blei kunngjord for dei ulike lagtinga, slik som landslova blei det. Ho er i handskriftene stila til alle menn i Noregs kongerike, eller alle menn i eit av dei fire sentrale lagtinga. I Ms.4° 317 er ho stila til alle menn i Eidsivating. Dette er ei omfattande rettarbot, med 32 artiklar frå ulike rettsområde. Ho tek som utgangspunkt at den lova som Magnus Lagabøte laga, ikkje alle stader gav så klar orskurd som folk treng. Og rettarbota held fram med «oc en finnazt fleiri greinir malanna en uon se at sua litil bok megi or skyra», «Det fins også flere omstendigheter i sakene enn det kan være von at en så liten bok kan gi opplysning om» (Bagge, Smedsdal og Helle 1973:160). Det er verdt å merke seg at landslova her blir kalla ei lita bok.

Eirik Magnusson og hertug Håkon Magnusson (1273–1299) utferda ei rettarbot i Bergen 14. eller 28. mai 1290, trykt i NgL 3 nr. 3 og i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 38, som også har omsetjing. Ho er overlevert i sju handskrifter. I to av dei er ho stila til alle som les og høyrer brevet. I fem handskrifter, mellom dei Ms.4° 317, er ho stila til lendmenn, sysselmenn, lagmenn og alle andre i Eidsivatingslag. RN 2 nr. 577 og Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 38 nemner berre «alle menn». Allmugen har klaga over at prostar og andre lærde menn har kome med nye tyngjande tiendkrav og andre nye lovbod. Kongen har difor gjort avtale med erkebiskopen og dei andre biskopane at den gamle kristenretten skal gjelde med omsyn til alt dei geistlege har rett på frå lekfolket. Det blir då slik som det var vanleg før sættargjerda i Tønsberg i 1277 mellom Magnus Lagabøte og erkebiskop Jon.

Kong Håkon 5 Magnusson (1299–1319) utferda ei rettarbot i Nidaros 2. mai 1313. Ho er overlevert i 24 handskrifter, mellom dei Ms.4° 1, trykt i NgL 3 nr. 36a. Dette er ei av dei store, allmenne rettarbøtene som kjem som tillegg til landslova, og som gjeld heile landet. Denne rettarbota blei vedteken på tingmøte i kongsgarden i Nidaros, og er forma som eit brev frå kongen til folket i riket. Landslova har ei liknande innleiing, og vi finn henne att i dei store, allmenne rettarbøtene. Rettarbota er i nokre handskrifter stila generelt til alle leke og lærde menn i Noreg, i andre til folket i Bergen, Nidaros, Oslo, Gulatingslag, Eidsivatingslag, Skien lagsokn, Elvarsysle eller Ranrike. I Ms.4° 317 er rettarbota stila til folket i Eidsivatingslag. Her finn vi 10 reglar som utfyller eller endrar reglane i landslova. Rettarbota påbyd sysselmennene og lagmennene å setje desse nye reglane inn i lovboka, dvs. i landslova. Somme handskrifter opplyser at Bjarne Audunsson i nærvære av kongen sette segl ved brevet. Bjarne var ein av stormennene i Noreg, han var kongen sin fehirde (skattmeister), og tok vare på kongen sitt segl 1311–1314. Han var geistleg utdanna, og hadde truleg studert rettsvitskap ved universitetet i Bologna i 1292. Ms.4° 317 seier ikkje noko om kven som innsegla brevet. I gammalnorske brev er det normalt ikkje opplyst om kven som skreiv brevet. Det einaste unntaket er brev frå kongen, der skrivaren vanlegvis blir namngjeven. Fleire handskrifter av denne rettarbota opplyser om kven som skreiv, men namnet skifter i handskriftene. Dei som er nemnde, er Tord klerk, Håkon notar, Torgeir Tovesson notar og Trond klerk. I Ms.4° 317 er det ikkje sagt noko om kven som skreiv brevet.

Håkon 5 Magnusson utferda ei rettarbot i Bergen 5. mars 1304. Ho er overlevert i seks handskrifter, trykt i NgL 3 nr. 20. I fem av handskriftene, inkludert Ms.4° 317, er ho stila til folket i Bergen, i eitt til folket i Trondheim. Rettarbota innskjerpar forbod for dei fleste mot å bere våpen i byane. Rett til å bere våpen har sysselmannen og gjaldkeren og sveinane deira, dei som held vakt i byen, handgjengne menn, menn i kongens følgje og menn som er utsette for hemn. Byrjinga og slutten manglar i Ms.4° 317, som då ikkje har opplysning om konge, heimfesting eller datering.

I 1303 utferda Håkon 5 Magnusson ei rettarbot om truslar mot kongens ombodsmenn, trykt i NgL 3 nr. 18. Ho er truleg utferda i to omgangar, i Tønsberg 29. mai og i Bergen 6. oktober. NgL reknar opp 19 handskrifter, i tillegg kjem Ms.4° 1. Ms.4° 317 opplyser ikkje om utferdarstad, men dateringa høver med Tønsberg. Rettarbota er stila til alle menn i tolv handskrifter, mellom dei Ms.4° 317. Sju har Bergen og/eller Gulatingslag, eitt har Borgartingslag. Det blir vist til klager over at slektningar av forbrytarar kjem med truslar mot dei ombodsmennene som har straffa dei. Kongen fastset straff for dette, og for dei som kjem med truslar mot dei som fører sak mot dei. Alle handgjengne menn får påbod om å hjelpe sysselmennene med dette. Ms.4° 317 opplyser ikkje om kven som innsegla eller skreiv brevet.

Håkon 5 Magnusson utferda i perioden 10. august 1299 – 9. august 1306 ei rettarbot om felag (felleseige) mellom ektefolk, trykt i NgL 3 nr. 57. Mange har bede om at reglane om dette i landslova blir forklarte og forbetra. Desse reglane finst i kapittel 3 i arvebolken i landslova. Kongen har med dei beste menns råd gjeve fire nye reglar, og har late dei føre inn i lovboka, dvs. landslova. Rettarbota er overlevert i 27 handskrifter, mellom dei Ms.4° 1. I dei fleste handskriftene er ho stila til alle menn, i eitt til folket i Borgartingslag.

Håkon 5 Magnusson utferda 25. november 1315 ei rettarbot om brot på føresegner i brev eller rettarbot frå kongen, trykt i NgL 3 nr. 44, trykt og omsett Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 61. Kongen viser til klage over at folk bryt det som er påbode i kongens brev, og han fastset straff for dette. Rettarbota er overlevert i elleve handskrifter, mellom dei Ms.4° 1. Ho er stila til N. lagmann i ni handskrifter, til alle menn i Bergen i eitt og til Tore lagmann på Opplanda i Ms.4° 317.

Håkon 5 Magnusson utferda i Tønsberg 26. desember 1309 ei rettarbot som set forbod mot det vi dag ville kalle korrupsjon, trykt i NgL 3 nr. 27. Mange har klaga over at dei ikkje får retten sin hos sysselmennene eller lensmennene deira i samsvar med orskurd eller dom frå lagmannen utan at det blir gjeve gåver til dei. Kongen forbyd sysselmennene å føre søksmål før dei har gjeve klagarane rett. Rettarbota er overlevert i 18 handskrifter, mellom dei Ms.4° 1. I avslutninga opplyser Ms.4° 317 ikkje om heimstad, eller kven som innsigla eller skreiv brevet.

Håkon 5 Magnusson utferda i Tønsberg 28. mars 1318 ei rettarbot, trykt i NgL 3 nr. 50 og i Bagge, Smedsdal og Helle 1973 nr. 64, som også har omsetjing. Rettarbota gjeld ættleiing eller adopsjon, det å ta ein uekte son opp i ætta si. Lagmennene har vore i tvil om korleis dei skulle tolke kapittel 5 i arvebolken i landslova, som gjeld ættleiing. Med råd frå dei visaste menn og ut frå den forståinga kong Magnus hadde då han utforma dette kapitlet, fastset kongen at ein ættleidd son skal ta same arven som ektefødd son. Rettarbota er overlevert i 22 handskrifter, mellom dei Ms.4° 1. Ms.4° 317 er åleine om å ha ei avslutning om at merkesmannen Pål Eiriksson og Pål Styrkårsson notar vitnar at brevet er ordrett slik kongen formulerte det.

Så kjem ei rettarbot frå Håkon Håkonsson, Bergen 6. juni 1263, trykt i NgL 1:462–463. Denne rettarbota gjeld tiend og kyrkja sine rettar i Hamar bispedøme, og er stila til alle i dette bispedømet. Ho er overlevert berre i Ms.4° 317, som Erik Gunnes kallar «Hamar bispestols lovbok» (RN 1 nr. 1009), og er skriven av to ulike hender.

Den siste rettarbota er frå Magnus Lagabøte (1263–1280), som ein gong i perioden 1267–1280 (sjå RN 2 nr. 240) utferda ei rettarbot om tiend og kyrkja sine rettar i Hamar bispedøme, trykt i NgL 2:486. Ho er stila til alt folket i Hamar bispedøme, og overlevert berre i Ms.4° 317. Slutten er borte, og med han datering og heimfesting. Kongen viser til lova og til tidlegare brev frå han sjølv og far hans, jfr. Håkon Håkonssons rettarbot ovanfor. Han påbyd sysselmennene å gripe inn her, slik at kyrkja og kongedømet får sin lovlege rett.

Mellom dei to siste rettarbøtene står det på blad 173r–v eit stykke om religiøs slektskap som oppstår ved dåpshandlinga, trykt i NgL 4:733–734, note 1. Ved slik religiøs slektskap kan to personar ikkje få kvarandre. Innhaldet er det same som eit tillegg i to av handskriftene av erkebiskop Jons kristenrett, det eine av desse to er Ms.4° 317, sjå NgL 2:376, note 21. Det er ein annan skrivar (frå 1300-talet) i stykket mellom rettarbøtene enn den som har skrive det kapitlet som er integrert i kristenretten. I Ms.4° 317 står stykket som siste delen av kap. 52 i erkebiskop Jons kristenrett, som svarar til kap. 50 i NgL 2. Også den fyrste delen gjeld religiøs slektskap gjennom dåp, men innhaldet er litt annleis. Den fyrste delen er omsett i Spørck 2009:136. Siste delen av kap. 52 i erkebiskop Jons kristenrett lyder slik i mi omsetjing:

«Ved dåpen blir desse menneska i religiøs slektskap med kvarandre: For det fyrste mellom presten som døyper, og det barnet som blir døypt. For det andre mellom presten og faren til det barnet som blir døypt. For det tredje mellom den som døyper, og mora til barnet. For det fjerde mellom det barnet som blir døypt av presten, og barna til presten. Difor er prestar i religiøs slektskap med alle dei barna dei døyper, og foreldra deira. Og barnet til presten må ikkje ha lekamleg omgang med nokon som presten har døypt. For det femte er det religiøs slektskap mellom det barnet som blir døypt, og den som held det til dåpen. For det sjette mellom den som blir døypt, og den kvinna som held det til dåpen. For det sjuande mellom den som døyper, og barna til den som held det til dåpen. For det åttande mellom den som held barnet til dåpen, og faren til den som blir døypt. For det niande mellom presten som døyper, og mora til den som held barnet til dåpen.»

Stykket mellom rettarbøtene har same formuleringane, bortsett frå det niande eksemplet, som lyder slik: «For det niande mellom den som held barnet til dåpen, og mor til den som blir døypt.»

Religiøs slektskap gjennom dåp er omtalt i alle kristenrettane. Oftast er et tale om tre måtar slik religiøs slektskap kan oppstå, sjå f.eks. erkebiskop Jons kristenrett. Formuleringane i Ms.4° 317 går litt vidare. Her er det mest slektskap med dei kristenrettane som NgL 2 kallar Borgartings og Gulatings nyare kristenrettar.


Språkforma i landslova og kristenrettane, hand e

Om hand e seier Storm (1885:731): «Retskrivningen er ganske omhyggelig og konsekvent, men har Egenheder». Som «Egenheder” nemner han m.a. hyppig bruk av æ for a, som i sinæ og auræ, og ikkje sjeldan –ar for –r, som i kømar og prestar. På Storms tid meinte ein enno at det gammalnorske språket var utan dialektar, og former som dei ovanfor blei rekna som eksempel på inkonsekvent og slurvete språk. I dag veit vi at det var dialektar også i gammalnorsken, og vi finn restar av variasjonen att i dagens norsk. Dei to fenomena Storm nemner, er i dag kjende som vokalreduksjon og svarabhaktivokal.

Ljubiša Rajic skreiv i 1975 ei hovudfagsoppgåve om språket i hand e: Om språket i OUB Ms 4° 317. Noen teoretiske og metodologiske spørsmål i språkhistorisk forskning og deres relevans for analysen av språket i hånd e. Hans konklusjon er at språket er austlandsk, sannsynlegvis søraustlandsk (Rajic 1975:158). På paleografisk grunnlag daterer han denne delen av handskriftet til slutten av 1200-talet eller byrjinga av 1300-talet (Rajic 1975:130).

I ein artikkel frå 1989 har Eyvind Fjeld Halvorsen studert endingsvokalismen i Eidsivatings eldre kristenrett, skriven av hand e. Han tenkjer seg at handskriftet er skrive ved bispesetet på Hamar, men han legg til at det ikkje treng seie at skrivarane er opplendingar (Halvorsen 1989:103).

I det følgjande skal vi sjå på nokre paleografiske og ortografiske trekk som kan vere med på å tidfeste og heimfeste språket i landslova i Ms.4° 317, som er skriven av hand e.

Lang konsonant blir aldri markert med liten kapitél eller overskriven prikk. Slike markeringar er vanlegast i islandsk.

Ligaturen e blir ikkje brukt. Denne ligaturen er vanlegast i islandsk.

Vi finn ikkje eksempel på þ i staden for ð i innlyd og utlyd. Slik bruk av þ er vanlegast i islandsk.

For a kan vi stundom finne såkalla toetasjes a. Slik a finst sporadisk i norsk frå midten av 1200-talet, og blir vanleg etter 1300 (Seip 1954:70, 116).

Såkalla rund r er brukt etter bokstavar med rund form, men også etter a og y. Opphavleg blei rund r brukt berre etter runde bokstavar, men etter 1300 blir bruken utvida til andre bokstavar, f. eks. a og y (Seip 1953:119).

Såkalla insulær v finst ikkje i handskriftet. Den er vanleg i norsk skrift før ca. 1300, og er uvanleg etter 1300 (Seip 1954:75, 120).

Lang /a/ blir nokre gonger dobbelskriven. Slik dobbelskriving blei vanleg på 1300-talet (Seip 1954:122).

For frikativ /g/ blir det stundom skrive gh. Før ca. 1300 var det berre søraustlandsk som markerte frikativ /g/ med gh, etter ca. 1300 blir denne skrivemåten vanleg i skrifter frå alle delar av landet (Rindal 1987:26, med litteraturtilvisingar).

For eldre ð er det brukt både ð og d, f.eks. iærðar 107va13, modor 114ra1, iærdar 108va2, bioðæ 152ra20. Dette er eit yngre trekk, utover på 1300-talet begynner ð å bli erstatta av d i norske tekstar (Rindal 1981:44, Seip 1954:71).

Refleksivendinga er oftast –st (jfr. Rindal 1987:134, med litteraturtilvisingar). Også dette peikar mot 1300-talet.

Alt i alt peikar paleografiske og ortografiske trekk på ei datering til etter 1300.

For eldre /a/ framfor ståande /u/ (det som tradisjonelt blir kalla yngre uomlyd) er det oftast skrive a, f.eks. hærsagu 130ra6, fadur 136ra17–18, margum 151rb2. Men vi finn også skrivemåtane o og au, f.eks. ollum 153va18, faudur 114ra2. Den dominerande skrivemåten med a er typisk for trøndsk, nordaustlandsk og bergensk (Rindal 1987:30, med litteraturtilvisingar).

Det finst nokon eksempel på overgangen /ja/ > /jæ/ (kalla progressiv j-omlyd): iærdar 108va2, iæmfnan 118vb16. Denne overgangen finst særleg i trøndske og austlandske skrifter (Rindal 1987:32, med litteraturtilvisingar).

Hand e har tolleg godt gjennomført vokalharmoni.

Hos hand e er det fleire eksempel på vokalreduksjon, dvs. overgangen /a/ > /æ/ etter lang staving, dette gjeld særleg på slutten. Følgjene av denne endringa ser vi i dag i det som blir kalla kløyvd infinitiv. Eksempel på uredusert og redusert /a/ er falla 140ra15, løysa 143vb17, bioðæ 152ra20, bøtæ 165vb10. Slik vokalreduksjon finst etter 1300 helst i austlandske skrifter (Rindal 1987:43, med litteraturtilvisingar).

Vi finn fleire eksempel på svarabhaktivokal, dvs. ein vokal som kjem inn mellom ein konsonant og endinga –r. Den vanlegaste svarabhaktivokalen hos hand e er a, f.eks. einløypar 104ra3, kømar 132ra23. Men vi kan også finne æ, f.eks. rænnær 155rb9. Svarabhaktivokalen a er er typisk for søraustlandske skrifter (Rindal 1987:44, med litteraturtilvisingar).

Framfor /i/ i neste staving blir det nokre gonger skrive æi. f.eks. hæingia 154vb4, kuæidia 160vb26–27. Denne skrivemåten er særleg frekvent i austlandsk (Rindal 1987:17, med litteraturtilvisingar).

Det privative prefikset er /u:/ eller /o:/, f. eks. vsekkiu 109va10, osanne 143ra32. Denne vekslinga finst helst i nordvestlandske og austlandske skrifter (Rindal 1987:37, med litteraturtilvisingar).

Den korte gjennomgangen ovanfor stør ei datering til fyrste halvdelen av 1300-talet. Dei omtalte trekka peikar mot austlandsk, helst søraustlandsk.


Språkforma i rettarbøtene, hand a, c, f, g og h

Hand a frå siste halvdelen av 1300-talet har skrive blad 89, som inneheld Håkon 5 Magnussons rettarbot frå 1318 (dateringa er etter RN II nr. 184) om handgjengne menn. Byrjinga vantar.

Ei undersøking av språket i hand a tyder på at det er austlandsk, kanskje nordaustlandsk.

Vi finn både a og o for eldre /a/ framfor ståande /u/, f.eks. allom 89rb23, ollum 89va4.

Det er mange eksempel på reduksjon av /a/ etter lang staving, f.eks. hugsæ 89ra3, bøtæ 89va27. Men om lag like ofte finn vi uredusert vokal, f.eks. handa 89ra9, halda 89va22

Vi finn eitt eksempel på svarabhaktivokal, adhær 89rb3.

Det privative prefikset er /u:/ eller /o:/, f. eks. vbota 89rb24, ologligha 89rb20.

Hand c frå 1400-talet har skrive blad 90v, som inneheld Håkon 5 Magnussons rettarbot frå 1303 om landskyld i Vika.

Ei undersøking av språket i hand c tyder på at det er austlandsk, kanskje nordaustlandsk.

Vi finn ein gong progressiv jomlyd: jærder 90v4.

Vi finn både a og o for eldre /a/ framfor ståande /u/, f.eks. hafwom 90v7, ollum 90v2.

Det er konsekvent gjennomført reduksjon av /a/ etter lang staving, f.eks. sinæ 90v3, hinnæ 90v8.

Det er eitt eksempel på det privative prefikset: vblidu 90v17.

Hand f frå ca. 1350 har skrive frå slutten av blad 167r til og med blad 171v, med rettarbøter frå Eirik Magnusson og Håkon 5 Magnusson. Handa sluttar midt inne i ei rettarbot, som hand g fullfører. Dei må difor ha arbeidd på same tid.

Ei undersøking av språket i hand f tyder på at det er austlandsk, kanskje nordaustlandsk.

Vi finn fleire gonger progressiv j-omlyd, f.eks. giæfuer 168ra, jærdar 171va17.

Det blir skrive a for eldre /a/ framfor ståande /u/, f.eks. allum 167rb27, markum 171vb7.

Det er nesten konsekvent gjennomført reduksjon av /a/ etter lang staving, f.eks. sinæ 167rb27, standæ 171va2. Nokre få gonger er vokalen ikkje redusert, f. eks. bøta 167ra7–8. Også etter kort staving er det fleire gonger reduksjon, f. eks. takæ 167vb30, hafuæ 169ra2.

Det er nokre få eksempel på det privative prefikset, som vmaghæ 169ra5.

Det er nokre få eksempel på svarabhaktivokal, som tækær 168vb2.

Framfor /i/ i neste staving blir det nokre gonger skrive æi, f.eks. sæigir 168ra30.

Hand g frå ca. 1350 har skrive blad 172r og mesteparten av blad 172v, med rettarbøter frå Håkon 5 Magnusson. Handa fullfører ei rettarbot som hand f har begynt på. Dei må difor ha arbeidd på same tid.

Ei undersøking av språket i hand g tyder på at det er austlandsk, kanskje nordaustlandsk.

Med få unntak blir det skrive a for eldre /a/ framfor ståande /u/. Eksempel med a er hafum 172ra8 og fadur 172rb29, men vi finn også eksempel som logum 172rb24, oskaudu 172vb14.

Det er vanlegvis reduksjon av /a/ etter lang staving, f.eks. þæírræ 172ra3, græinæ 172va10. Nokre gonger er vokalen ikkje redusert, f. eks. høyra 172rb4. Også etter kort staving er det nokre gonger reduksjon, f. eks. bídíæ 172ra4, ædæ 172ra29.

Det er eitt eksempel på det privative prefikset, oskaudu 172vb14.

Det er eitt eksempel på svarabhaktivokal, hændær 172ra14.

Hand h frå ca.1350 har skrive slutten av blad 172v og blad 173, med ei rettarbot frå Håkon Håkonsson og ei frå Magnus Lagabøte. Slutten manglar i den siste. Mellom dei to rettarbøtene står det eit stykke om religiøs slektskap.

Ei undersøking av språket i hand h tyder på at det er austlandsk, kanskje nordaustlandsk.

Det blir vanlegvis skrive a for eldre /a/ framfor ståande /u/, f.eks. allum 172vb22, annur 173ra15. Vi finn o i ansuorum 173ra18–19.

Etter lang staving finn vi både a og æ, f.eks. høyra 172vb23, lata 173vb1, gangæ 173ra22, halldæ 173va10. Også etter kort staving er det stundom reduksjon av /a/, f. eks. fræmíæ 172vb27. Nokre gonger kan æ stå for eldre trykklett /i/, f.eks. hæímsæns 173ra4.

Det er eitt eksempel på det privative prefikset, olyðni 173va22.

Framfor /i/ i neste staving blir det ein gong skrive æi, f.eks. sæigia 173vb8.

I flítíæ 172vb27 kan vi ha delabialisering av /y/, også kalla itakisme, noko som er eit austlandsk fenomen (jfr. Rindal 1987:35).




Fragment av landslova i Ms.8° 2037


Ms.8° 2037, 1

Ms.8° 2037, 1

Ms.8° 2037 er sju uinnbundne blad som inneheld Magnus Lagabøtes landslov. Språket ser ut til å vere norsk frå rundt 1500. Teksten representerer såleis den norrøne versjonen av landslova, og ikkje noka omsetjing til dansk.

Dei to fyrste blada inneheld starten på mannhelgebolken, frå kap. 1 og til slutten av kap. 4. Dei fem neste inneheld delar av arvebolken og odelsløysingsbolken. Dei begynner i fyrste arven i kap. 7 i arvebolken. Etter trettande arven sluttar arvebolken, og teksten går rett over i kap. 1 i odelsløysingsbolken, og sluttar med kap. 11. Handskriftet manglar kap. 3, 5, 6, 8, 9 og 10 av odelsløysingsbolken.

Biblioteket fekk handskriftet frå Carl Richard Unger i 1887.

Ms.8° 2037 er naturleg nok ikkje nemnt i Storm 1885.Det er Mette Witting som har gjort meg merksam på dette fragmentet.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.