Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

R. Keyser og P. A. Munch sine avskrifter av lovhandskrifter




Innleiing

I band 1 av Norges gamle Love (1846) gjev innleiinga ein historikk for verket. I 1830 løyvde Stortinget ein sum for dei tre skatteåra 1830–1833 til arbeidet med å gje ut dei gamle norske lovene. Den departementsoppnemnde komitéen såg straks at denne summen ikkje ville strekke til. Dei tok kontakt med Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, som gav tilsegn om ein årleg sum i fem år. Men Regjeringa meinte at den økonomiske ramma likevel var for trong for å kunne realisere komitéen sin plan, og arbeidet måtte vente. I 1833 vedtok Stortinget å be Regjeringa setje i gang arbeidet med dei summane som var stilte til disposisjon.

Ved kongeleg resolusjon 27. august 1834 blei det bestemt at lektor Rudolf Keyser og cand. jur. Peter Andreas Munch skulle dra til Danmark og Sverige, der dei gamle lovhandskriftene låg. I mai 1835 begynte dei arbeidet i København, ved Det Kongelige Bibliotek, Den arnamagnæanske samling og Gehejmearkivet. I april 1837 drog dei til Sverige, til Kungliga biblioteket i Stockholm og universitetsbiblioteka i Uppsala og i Lund. Kort tid etter at dei kom til Sverige, blei Munch utnemnd til lektor i historie ved universitetet i Christiania, og reiste dit i løpet av sommaren. Keyser fullførte arbeidet åleine, og kom tilbake til Christiania desember 1837. I 1839 kollasjonerte P. A. Munch Gunnerus, XA HA, Qv. 1 i Trondheim (Indrebø og Kolsrud 1924:26). Seinare kollasjonerte dei Ms.4° 1 og Deichman 11 8°.

Det arbeidet Keyser og Munch gjorde, var avskriving og kollasjonering av handskriftene. Dei valde ut gode handskrifter som grunnlag, og skreiv variantar frå dei andre handskriftene som inneheldt same lovteksten. I avskrivinga gjengav dei bokstaveringa i handskriftet, og dei markerer oppløyste forkortingar med kursiv. Dessverre har dei trykte utgåvene ikkje behalde kursiv for oppløyste forkortingar.

Keyser og Munch sine kollasjoneringar er oppbevarte ved Nasjonalbiblioteket (sjå nedanfor). Men kollasjoneringa av Deichman 11 8° finst ikkje der, og av Ms.4° 1 er berre fyrste delen kollasjonert.




Landskapslover og eldre kristenrettar


Ms.4° 681

Ms.4° 681 inneheld Rudolf Keysers avskrifter av handskrifter som inneheld den eldre Gulatingslova. Det einaste komplette handskriftet, frå ca. 1250, ligg ved Det Kongelige Bibliotek i København og har signaturen E donatione variorum 137 4°. Det blir også kalla Codex Rantzovianus, etter grev Otto Rantzau (1632–1719).

Ms.4° 681 inneheld også avskrift av fire fragment av lova, samla i AM 315 fol. e og AM 315 fol. f. Dei er restar av to handskrifter, begge frå fyrste halvdelen av 1200-talet. Der er òg avskrift av kristenretten i den eldre Gulatingslova, etter AM 309 fol., med ei hand frå ca. 1325.

Ms.4° 681 inneheld også ei avskrift av NKS 1633 4°, som er ei avskrift frå 1700-talet av ein del av AM 315 fol. f. Denne avskrifta fyller ut somme lakunar i AM 315 fol. f. Denne avskrifta er ikkje nemnd i Storm 1885:743.

I tillegg til avskriftene har Keyser laga beskrivingar av Codex Rantzovianus og dei aktuelle delane av AM 309 fol. og AM 315 fol. Han beskriv også handskriftene AM 306 fol., AM 308 fol. (utegløymt i Storm 1885:743), AM 66 4° og Thott 2083 4°, som alle er avskrifter frå rundt 1700 av Codex Rantzovianus.

Ms.4° 681 inneheld eigenleg tre handskrifter, med eigne pagineringar. Det fyrste er avskrifta av Codex Rantzovianus, det andre er avskrifter av dei andre tekstane, det tredje inneheld beskrivingar av handskriftene.

Ms.4° 681 ligg til grunn for den trykte utgåva av den eldre Gulatingslova i NgL 1:3–118. Beskrivinga av Codex Rantzovianus er trykt i Storm 1885:641–644.

Etter Gustav Storm (1885:743) er Ms.4° 681 skrive av Keyser i 1835. Det inneheld berre avskrifter av handskrifter i København. Der var Keyser frå mai 1835 til april 1837. Noka nærmare datering kan ikkje gjevast.

På innsida av av frampermen står datoen 24.11.82. Truleg er dette skrive i samband med at biblioteket har bunde inn handskriftet, som då har skjedd i 1882.


Ms.4° 682

Ms.4° 682 inneheld eigenleg seks handskrifter, med eigne pagineringar, med avskrifter av handskrifter av den eldre Frostatingslova, Járnsíða og Bjarkøyretten: 1. AM 312 fol., som er Árni Magnússons avskrift av Codex Resenianus, med variantar frå andre avskrifter av Codex Resenianus. 2. Frostatings kristenrett i AM 322 fol., med variantar frå AM 60 4°, AM 315 fol. g, AM 315 fol. k og Holm perg 35 4°. 3. Hákonarbók eller Járnsíða etter AM 334 fol. 4. Bjarkøyretten etter Árni Magnússons avskrift i AM 123 a 4°. 5. Bjarkøyretten etter Árni Magnússons avskrift i AM 123 d 4°, som er avskrift av AM 123 c 4° frå ca. 1600, her er det variantar frå AM 123 b 4° og AM 123 c 4°. 6. Bjarkøyretten etter fragmentet AM 315 fol. g frå 1200-talet, dessutan Árni Magnússons merknader om AM 123 a–d 4° og beskriving av AM 315 g fol.

Gustav Storm (1885:744) opplyser feilaktig at Ms.4° 682 også inneheld avskrift av GKS 1155 a fol., som har ei avskrift frå ca. 1700 av Codex Resenianus. GKS 1155 a fol. er brukt som varianthandskrift i Ms.4° 682, endå om oversynet over innhaldet tyder på noko anna.

Den eldre Frostatingslova er utgjeven i NgL 1:121–258. Der er kristenretten utgjeven etter AM 60 4°, endå om Ms.4° 682 bruker AM 322 fol. som grunnlag. Denne utgåva byggjer på avskrifta av AM 60 4° med kollasjoneringar i Ms.4° 683. Hákonarbók eller Járnsíða er utgjeven som tillegg til Frostatingslova i NgL 1:259–300, der kalla Hákonarbók. Bjarkøyretten er utgjeven i NgL 1:303–336.

Etter Gustav Storm (1885:744) er Ms.4° 682 skrive av Munch (nr. 1 og 2) og Keyser (nr. 3–6) i åra 1835–1836. Det inneheld avskrifter av handskrifter i København, men også av eitt handskrift i Stockholm. Det er difor grunn til å tru at arbeidet blei avslutta fyrst i 1837.


Ms.4° 683

Ms.4° 683 inneheld eigenleg ni handskrifter, med eigne pagineringar, alle med avskrifter av handskrifter av eldre kristenrettar: 1. Frostatings etter AM 60 4°, med variantar. 2. Borgartings (kalla Vikens i Ms.4° 683) etter AM 78 4°, med variantar frå NKS 1642 4° (Codex Tunsbergensis) og eitt blad i AM 68 4°. 3. Borgartings etter NKS 1642 4° (Codex Tunsbergensis). 4. Borgartings etter AM 31 8°. 5. Borgartings etter bladet i AM 68 4°. 6. Borgartings etter Holm perg 28 4°. 7. Eidsivatings etter AM 68 4°, med variantar frå Ms.4° 317. 8. Eidsivatings etter AM 58 4°, med variantar frå AM 77 c 4°. 9. Den såkalla kong Sverres kristenrett etter AM 78 4°.

Borgartings eldre kristenrett er utgjeven i NgL 1:339–372. Eidsivatings eldre kristenrett er utgjeven i NgL 1:375–406. Kong Sverres kristenrett er utgjeven i NgL 1:409–434.

Bakarst i Ms.4° 683 er det limt inn eit ark med avskrift av Árni Magnússons beskriving av AM 77 c 4°, som er trykt i Storm 1885:567–568.

Etter Gustav Storm (1885:744) er Ms.4° 683 skrive av Keyser i 1835, med variantar til nr. 1 og 2 av Munch. Med to unntak inneheld det avskrifter av handskrifter i København. Men der er også avskrift av eit handskrift i Stockholm, og av Ms.4° 317, som inntil 1844 tilhøyrde kammerherre Bernhard Rosenblad i Stockholm. Det er difor grunn til å tru at arbeidet blei avslutta fyrst i 1837.




Landslova


Ms.4° 684

Ms.4° 684, 18-19

Ms.4° 684, 18-19

Dette handskriftet inneheld avskrift av AM 60 4°, med variantar frå AM 322 fol. og AM 304 fol. Alle tre handskriftene er skrivne av same skrivaren ca. 1320, og inneheld Gulatings-redaksjonen av landslova. Avskrifta med variantar er utført av Keyser. Under teksten har Munch ført inn variantar frå Ms.4° 685–688, til og med fyrste tredjedelen av kap. 8 i landsleigebolken. Dette er eit fullstendig variantapparat bygt på det som då var kjende handskrifter. Men i den trykte utgåva er berre dei viktigaste variantane tekne med, slik at meir enn halvparten av Munchs variantar er utelatne. Dette er markert med overstreking av notenummeret. Frå kap. 8 i landsleigebolken er det sett inn notenummer til ord i teksten, men den aktuelle varianten måtte hentast frå Ms.4° 685–688. Dette er eit så krevjande arbeid at det må ha vore nokon med fagkompetanse som har utført det. Men vi veit ikkje kven det er. I margane er det sett inn tal som svarar til sidetala i den trykte utgåva. I margen står også, delvis med raudt, dei opplysningane som står i den trykte utgåva mellom hovudteksten og variantane. Det synest opplagt at Ms.4° 684 har stått sentralt ved trykkinga av landslova.

Truleg er Ms.4° 684 det fyrste Keyser og Munch tok fatt på, og alle tre handskriftene ligg i København. Arbeidet med desse blei så fall utført i 1835, Storm (1885:744) seier 1835–1836.

Munchs innføring av variantar frå Ms.4° 685–688 begynte truleg i 1839. I eit brev av 15. juni 1839 til kommisjonen for NgL skriv han at han om våren begynte på dette arbeidet, «som i Virkeligheden er langt møisommeligere, end jeg havde forestillet mig det» (Indrebø og Kolsrud 1924:26–27). Han skriv vidare at han med 6–8 timars dagleg arbeid ikkje greidde meir enn eit par sider i Thorkelins utgåve (dvs. den arnamagnæanske utgåva frå 1817). Han var då komen eit stykke ut i kristendomsbolken. I brev av 15. september 1839 (Indrebø og Kolsrud 1924:30) er han komen til dei fire fyrste kapitla i mannhelgebolken. I brev av 17. mars 1840 (Indrebø og Kolsrud 1924:37) er han ferdig med mannhelgebolken. Vi veit ikkje når han førte inn variantar frå arvebolken til kap. 8 i landsleigebolken.

Landslova er utgjeven i NgL 2:7–178.


Ms.4° 685

Dette handskriftet inneheld avskrift av GKS 1154 fol., med variantar frå 14 andre handskrifter og eitt fragmentert handskrift, som alle inneheld Gulatings-redaksjonen av landslova. Fyrst i variantrekkjefølgja kjem handskrifter frå Danmark, så kjem handskrifter frå Sverige og til slutt Ms.4° 1, som blir kalla T. Vi veit ikkje når variantane frå T blei førte inn, og det ser ut til at dei sluttar i kap. 3 i mannhelgebolken, med eit par tillegg i kap. 4. Men i Ms.4° 684 er det variantar frå T i heile den delen av landslova som har eit fullstendig variantapparat, dvs. til og med fyrste tredjedelen av kap. 8 i landsleigebolken.

Etter Gustav Storm (1885:744) er Ms.4° 685 skrive av Keyser i 1836. Der er avskrifter av fleire handskrifter i svenske samlingar, så det er rimeleg å tru at arbeidet blei avslutta i 1837.


Ms.4° 686

Dette handskriftet inneheld avskrift av NKS 1642 4° (Codex Tunsbergensis), med variantar frå ti andre handskrifter og eitt fragmentert handskrift, som alle inneheld Borgartings-redaksjonen av landslova. Fyrst i variantrekkjefølgja kjem handskrifter frå Danmark, så kjem handskrifter frå Sverige.

Etter Gustav Storm (1885:745) er Ms.4° 686 skrive av Keyser i 1836. Der er avskrifter av fleire handskrifter i svenske samlingar, så det er rimeleg å tru at arbeidet blei avslutta i 1837.


Ms.4° 687

Dette handskriftet inneheld avskrift av AM 309 fol., med variantar frå fem andre handskrifter, som alle inneheld Eidsivatings-redaksjonen av landslova. Fyrst i variantrekkjefølgja kjem handskrifter frå Danmark, så kjem handskrifter frå Sverige, og til slutt kjem eit handskrift i Trondheim (Gunnerus, XA HA, Qv. 1). Eitt av handskriftene i Sverige tilhøyrde då kammerherre Bernhard Rosenblad i Stockholm. Det blei kjøpt av det norske universitetsbiblioteket i 1844, og fekk signaturen Ms.4° 317.

Etter Gustav Storm (1885:745) er Ms.4° 687 skrive av Munch i 1846. Der er avskrifter av fleire handskrifter i svenske samlingar, så det er rimeleg å tru at arbeidet med handskrifter i utanlandske samlingar blei avslutta i 1837. Truleg er 1846 trykkfeil for 1836. Gunnerus, XA HA, Qv. 1 i Trondheim blei kollasjonert av Munch i 1839 (Indrebø og Kolsrud 1924:26).


Ms.4° 688

Dette handskriftet inneheld avskrift av AM 69 4°, med variantar frå fem andre handskrifter, som alle inneheld Frostatings-redaksjonen av landslova. Fyrst i variantrekkjefølgja kjem handskrifter frå Danmark, så kjem handskrifter frå Sverige.

Etter Gustav Storm (1885:745) er Ms.4° 688 skrive av Munch i 1836. Der er avskrifter av fleire handskrifter i svenske samlingar, så det er rimeleg å tru at arbeidet blei avslutta før Munch drog heim til Noreg sommaren 1837.




Bylova


Ms.4° 689

Dette handskriftet inneheld eigenleg sju handskrifter, med eigne pagineringar, alle med avskrifter av handskrifter av bylova. 1. Bergens bylov etter AM 323 fol., med variantar frå 18 andre handskrifter. 2. Bergens bylov etter AM 60 4°, med med variantar frå AM 322 fol. og AM 304 fol., skrivne av same skrivaren. 3. Farmannslova etter AM 322 fol., med variantar frå AM 60 4° og AM 304 fol., skrivne av same skrivaren. 4. Oslos bylov etter AM 309 fol., med variantar frå eitt anna handskrift. 5. Tønsbergs bylov etter NKS 1642 4° (Codex Tunsbergensis), med variantar frå eitt anna handskrift. 6. Nidaros bylov etter GKS 3262 4°, med variantar frå eitt anna handskrift. 7. Ei generell bylov etter AM 31 8°.

Etter Gustav Storm (1885:745) er Ms.4° 689 skrive av Keyser (nr. 1, 2 og 4–7) og Munch (nr. 3) i 1834–1836. Der er avskrifter av fleire handskrifter frå Sverige, så arbeidet blei vel utført i perioden 1835–1837.

Bylova er trykt i NgL 2:185–288.




Nyare kristenrettar


Ms.4° 690

Dette handskriftet inneheld eigenleg 13 handskrifter, med eigne pagineringar, alle med avskrifter av handskrifter av nyare kristenrettar: 1. Borgartings etter GKS 3261 4°, med variantar frå Gunnerus, XA HA, Qv. 1 (Keyser 1885:745 nemner ikkje variantane). 2. Norsk kristenrett (Gulatings) etter Holm perg 29 4°, med variantar frå sju (Keyser 1885:745 seier seks) handskrifter. 3. Referansar til stykke a og b i NgL 2:336–337, dessutan avskrift av to stykke frå Holm perg 29 4° og Holm perg 34 4°, trykte i NgL 2:338 (punkt 3 er ikkje nemnt i Storm 1885:745). 4. Kong Magnus sin kristenrett etter AM 62 4°, med variantar frå seks handskrifter og eitt fragment. 5. Kong Magnus sin kristenrett etter AM 60 4°, med variantar frå Codex Tunsbergensis og AM 62 4°. 6. Tillegg til kong Magnus sin kristenrett etter Codex Tunsbergensis, med variantar frå fire handskrifter. 7. Tillegg til kristenretten etter GKS 3260 4°, med variantar frå tre handskrifter. 8. Tillegg til kristenretten etter Codex Tunsbergensis, med variantar frå to handskrifter. 9. Erkebiskop Jons kristenrett etter AM 65 4°, med variantar frå fem handskrifter. 10. Norsk kristenrett etter AM 77 b 4°. 11. Kristenretten etter AM 313 fol. 12. Innhaldsregisteret i Holm perg 35 4° (kalla utdrag i Storm 1885:745). 13. Erkebiskop Jons kristenrett etter Gunnerus, XA HA, Qv. 1.

Vi ser her at Keyser i dei fleste tilfella ikkje tek stilling til kva lagdøme kristenretten var laga for. Og i ein parentes til overskrifta på nr. 2 ser det ut til at han skil mellom Gulatings nyare kristenrett og kong Magnus sin kristenrett.

Etter Gustav Storm (1885:745) er Ms.4° 690 skrive av Keyser (nr. 1–10 og 12) og Munch (nr. 11 og 13) i 1835–1836. Der er avskrifter av fleire handskrifter frå Sverige, så hovudarbeidet blei vel utført i perioden 1835–1837. Avskrifta i nr. 13 er gjord i 1839 (Indrebø og Kolsrud 1924:26).

Dei nyare kristenrettane er utgjevne i NgL 2:293–386 og NgL 4:160–182.




Ei forsvunnen avskrift

Etter Storm (1885:746) skal fyrste delen av Ms.4° 691 A innehalde Keyser og Munch sine avskrifter av tre handskrifter av hirdskråa, og andre delen avskrifter av rettarbøter. I Nasjonalbiblioteket sin katalog er berre rettarbøtene nemnde. No viser det seg at dette handskriftet er forsvunne, dvs i.p.p. (ikkje på plass). I biblioteket si liste over materiale som er i.p.p. står det «1946 iflg. eldre lakune-liste».Opplyst av Mette Witting.

Men det må ha funnest andre avskrifter av hirdskråa enn dei som er nemnde av Storm her, i alt tre, for i utgåva i NgL 2:389–450 er det vist til i alt 16 handskrifter og fragment.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Handskrifter av norske mellomalderlover ved Nasjonalbiblioteket

I 2024 er det 750 år sidan Magnus Lagabøtes landslov kom. Lova er overlevert i 39 handskrifter frå mellomalderen, og nokre få yngre.

Eit hovudmål for denne boka er å kaste lys over dei handskriftene av norske mellomalderlover som ligg ved Nasjonalbiblioteket. Ms.4° 1 og Ms.4° 317, som begge inneheld landslova, blir grundig beskrivne, også med omsyn til innhald og språk.

Boka omfattar også dei 25 handskriftene av omsetjing av landslova til dansk, og andre handskrifter av norske lover. Innleiingsvis er det gjeve eit samla oversyn over dei norske lovene frå mellomalderen, som alle finst i avskrifter ved Nasjonalbiblioteket.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.