Menneske og maktene

av Olav Duun

DA GUD RØMTE LANDE

247I.

Sjøtrolle sa det samme med seg sjøl den kvelden han stod på haugen i lag med dei andre, den kvelden, så å seie. Han la seg ikkje borti det. Lat berre sjøen vekse. Han gjekk heim og stelte kveldsmat for Inger og seg. Det var fort laga og fort ete, det var kaldgraut med litt sirup på. Inger åt det han sette fram, når ho berre fekk bruke sitt eige verkty.

I kveld hadde ho ete meir hadde der meir vore. Etterpå gjekk ho og togg i seg ei tørrfiskflis. Ho var eit grann meir livlig enn elles. Det var vel fordi det lyste i bedehuse.

Dei let lampene brenne der, til eit minne om at det gjekk skit med møte deres, trudde han. Han såg denne Roald frå Langholmen her enda. Gjekk der og venta, stod der og lurte, — kva fór han og smeit etter? Ludvik såg denne ulykka dei kalla Enka (liksom ho var Enke!). Ho såg etter denne gutfånen, ho var sjuk i auga som ei katte. Ja da, jøss da, nå smilte ho, for Roald helsa på henne. 248Han var ein gjentefiskar, så dum han såg ut i andlete. Sjøtrolle lo litt og såg heller på sjøen. Gud gi at han voks!

Inger såg helst på desse enkeungane ho. Han vilde ikkje nekte henne det. Ho burde ha spytta på dem, for dei drog seg unda henne. Storkjeften sin brukte dei ikkje på henne lel. Ho var dem for uskyldig til det.

Nå snudde ho seg mot faren og snakka. Det gjorde ho sjelden, og lite skjønte han gjerne av det ho sa. Men nå pekte ho vest på Nakken og sa vonoms friskare: — Der er ein mann oppå himmelfjelle vårt. Han ser Amerika han nå. Han må sitte, gut, det er for lågt under himmelen der oppå.

Ein såg det rørte seg der oppe ja, ein svart ting mot berr himmel. Sia hørte dei det var Kristian, han som losjerte i Iverstua, han rømte dit med kona og ungen for dei var redd storsjøen. Sjøen kom ikkje med nåde nei. Men vêre stod kur stilt; det blikka sørpå sjøen når månelyse fall på han.

Sjøtrolle slo fast at Roald gjekk frå Enka og vestover, ho stod att som ho var spytta på. Det var denne førkjeungen vestpå han var ute etter nå. Tjyven ta han! Han hadde elles varskudd slarken om at han skjønte han. Inger, stakar, ho såg etter gutslauren ho òg, i kveld. Mest som ho fresta å komma i hug nokon ting frå før i tida. Så song ho litt. Ho hadde ein fin tone i seg når ho berre fann han fram.

249Roald hadde hatt vonde dagar i det siste. Gjermund Vikland svara på eit brev. Han fortalde nokre få kvardagslige ting, men tankane sine hadde han visst annanstads. Så nemnte han at mora var nedfor, for det hendte så mykje vondt i verda, — og dei som var skyld i det dei sa han farvel til og takk for lage. Og så kalde namne under, med helsing føre, rett nok, men det var meir som eit trugsmål enn noko anna. — Nedst på papire stod det rabla ned at han kunde helse frå lensmannsfullmekten, han var snart på veg vestover.

Det var som han fekk eit vått segl slått i kring nakne kroppen. For det var avgjort da at dei kom her og henta han, og det tålte han ikkje tenke på, han fekk reise lensmannen i møte. Det var vel breve sitt han skulde svara for. Dei fekk i guds namn ta han. Så var han da ferdig mann. Slik vart det. Ja. Men han hadde far og mor, her var dei, det var halvveges som han opendaga dem nå først. Dei gjekk her og trudde på han, trudde reint lysblindt på han. Kva var dei utan den trua. Korles vart andleta deres når dei fekk høre om ulykka?

Vebjørg fekk han ikkje tenke på. Men to gonger i det siste hadde ho gitt han blikke sitt!

I dag flaug der ei glede i han. Der kom ein frammandkar med skyss austafrå, og det var ikkje lensmannsskyssen! — Symaskin-agenten, hørte han mor sa, herre gud, kjem han nå og tar att maskina som Vebjørg kjøpte i fjor? Her i vår 250pinte dei til nokre kroner da han kom, men nå da, når faren er på sjukehuse, der finns ikkje skilling heime. Han burde vore nekta landgang her ute i fattigdommen!

Mor hadde ingen baktanke med det ho sa. Roald var innom etter lommeboka og kilte over sunde, fór snarvegen frammed stranda og vilde nå karen oppved stua der vest. Det tulla og lo i han, at bedehuskvinner, — ja pengar er ikkje til for dem, men ei elska symaskin? Der blir nok det verdslige dem for sterkt. Han ønska uvêre over denne pengesugaren, men han var storlig glad for han kom. Han kom i hug lensmannen i det samme og bad inderlig at båten hans gjekk under, ja han ønska i samme renne at heile være måtte gå under visst lensmannen kom!

Han nådde att karen ved stuenåva der vestpå. Roald fortalde lågmælt korles det stod til der i huse, og spurde om agenten vilde ta mot førti kroner og snu heim, og så tie om det? Og det vilde agenten, han kvitterte som seg bør og rusla ned til båten og fór.

Roald vart ståande. Ikkje ei sjel synte seg ute. Vebjørg og yngstebroren hennes var tosammen heime. Dei måtte da ha set maskinkremmaren? Kva tenkte dei når han aldri kom inn? Dei burde ingen ting få veta om dette. Berre ørande lite, som skymten av ein tanke om det, ei aldri så lita tru.

Han kjente kor god tørvrøyken deres var, så 251heimefattig og truverdig. Ja ja, fred med huse deres!

Han rodde heim. Sunde var som eit islagt vatn, så blankt var det. Han kom i hug lensmannen att, han kjente fullmekten frå eit par kortspelkveldar på Vikland; dette var siste åre dei to herreda hadde lensmann i lag. I kveld kom han her ikkje, gudskjelov.

Han var inne og åt nónsmaten, gjekk så ut att, for det var da litt meir ro der. Og vêre var uvanlig vakkert nå mot avdaginga, det løfta rart i ein fredlaus ein.

Han hørte motorkakkinga før han fekk set seg i kring. Ja vel, det klang ein massinglyd frå den motoren, det stemte fint det. Lensmannsbåten hadde han hørt før. Nå slo det våte segle i kring ein att.

— Bera meg nå bort på ei stikke! sa han, men det var eit ord dei sa når einkvan småtingen gjekk dem i mot. Han tørka seg over andlete, men det nytta ikkje å løyne kaldsveitten nå. Alt han såg på sa farvel til han. Han hørte mor skramla i kjøkkene.

Båten la til på nordsida, meir kjent var dei ikkje her ute. Der var da som ei hjelp i det, for så kunde han ro over og møte dem der. I småguttida kraup han under ein storstein ein gong, det bles så for gale, og straks etter hivde stormen nausttake dit han stod nyst før. Så var live berga den gongen.

Fullmekten helsa, det vanta ikkje det, men han 252vilde visst nødig sjå syndaren i auga. Som ventande var.

— Jaså, De kjem nå, sa Roald. Ja her kjem eg òg. Eg nektar ikkje noko av det.

Den andre vilde til å seie einkvart] Den andre skulde til å seie noko TmDen andre vilde til å seie einkvart, men så hørte han det Roald sa, og såg på han. Som ein fiende, tenkte Roald, og det retta han opp. — Eg er utlagt både til barnfar og barnmordar nå da? spurde han hardt, han var tørr i munnen som han skulde vera svidd.

— De? Fullmekten klipte kringt med augelokka. Andlete hans var ope og fritt, men nå fresta han å smile devel. — De? sa han enda ein gong. Jaså? Jaså. Nei skryt nå med måte. De vart ikkje nemnt i den saka; ho var da forlova gjente. Jaså! smålo han med seg sjøl.

Lande låg mest kolmørkt på båe sider av sunde, men sunde sjøl det lyste, låg der med ein liten dag mellom dei svarte strendene. Skyene stod med lys i seg dei òg, i så mild ei ro. Litt frammandt var det eine som det andre. Men fullmekten her var det mest utrulige, ei svart gåte, — rettnå lyste visst han òg.

Ein kom da til seg att. Fullmekten spurde etter ein som ga seg ut for symaskin-agent. Roald fortalde at han alt hadde fare sin veg, og spurde litt langkjaka om han ikkje var agent, han fór da med ei slik kasse? Fullmekten banna einkvart med seg sjøl og sa han hadde heftas lenge nok, kjeltringen fór og krevde opp 253pengar for eiga rekning, men nå skulde han snart til hest!

Da dei var i båten kom læraren med veska si og bad om å få bli med austover, dit eller dit, eit nausynt erend! Det fekk han.

Skremt av sjøen her, dømte Roald. Lykksam reis! Det samme tenkte han om dei førti kronene. Maskina var berga. Han stod litt og vilde tenke, gjekk og glåmte i lufta eit tak, sluntra så i veg opp på haugen, det stod nokre der før. Han måtte fortele om agenten og lensmannskyssen, men han var så ihoprista han iddes ikkje seie stort.

Mildrid var noko underlig og langt unda. Ho var som kveldsrødnaen uti nordvesten, kom det for han, slikt eit vedkjømelig farvel. Ei stjerne stod òg der uti og brann, ho glødde seg gjennom skya tak for tak. Det var mest så ho svidde inni samvette på ein. Men han tenkte på Vebjørg, og ønska heitt at storsjøen måtte vera miskunnsam mot Øyvære denne gongen òg; — som så ofte før! minte han Vårherre om. For hennes skyld, vilde han òg ha sagt.


Ein liten gut i være heitte Herlaug. Han var dotterdottersonen til gammalfolke, dei som låg til sengs, og han var nykommar her. Derfor hørtes han så mykje dummare enn han var, i sær når han sa noko om sjøbruk og båtar.

Han hadde gjerne romme sitt ved husnåva. Der stod han nå òg. Han såg just på fartye hans Erik 254Bergan, for det hadde komme seg laust nå, og på storbåten som stod der på vatne og var så gammal. Han snakka halvhøgt om det han såg.

— Der sett fartye opp segle sitt. Der smell-smell det i det. Der tok det ungen sin og gjekk sin veg. Det banka og fór, det vilde ikkje vera her lenger. Det blir svart i sunde nå. Gammalbåten han blir åleine i natt. Han blir mørkredd da.

Herlaug gret aldri så lite. Det var slik, ei stund om kvelden. Han kom i hug mor; ho var død ho, kom aldri att meir. Ikkje var Eli her heller. Ho var borte hoss folk, for ho var så stor. Bort til folk skulde han òg, når han vart så stor. Men moster her ho var snild. Berre ho ikkje vilde vera mor hans, men det vilde ho det. Og mormor og morfar var snilde, men dei måtte visst døy snart.

Nå banka det ingen båt her meir. Og så vart det så mørkt. Han hadde seg inn litt fort.

Han pla fortele at han var oppkalla etter ein konge. Men det var ein raring til konge, måtte dei tru, for han grov seg sjøl ned i jorda] I Sagaen om Harald Hårfagre i Snorre Sturlasons Heimskringla fortelles det at det nord i Namdalen var to brødre, kongene Herlaug og Rollaug. De hadde brukt tre somre på å grave en haug av stein og kalk og kledd den innvendig med tømmerstokker. Da haugen var ferdig, fikk brødrene vite at kong Harald var på vei mot dem med en hær. Kong Herlaug lot da kjøre mye mat og drikke inn i haugen. Deretter gikk han inn i haugen sammen med elleve menn, og lot den siden kastes igjen (Snorre 1911, 45).han grov seg sjøl ned i jorda. Ungane her dei lo når han fortalde om det. Dei trudde visst det var berre berge alle stader, liksom her. Men dei var bra snilde. Dei flaug aldri på han.

Morfar låg og såg ut mot vindauge. Han brukte det. Men han såg ikkje noko større, han var for gammal til det. Han såg ikkje når det blinka i sjøen, såg ingen ting av det som er rart å sjå. Han såg visst berre det som er bortafor alle holmane, 255bortafor skya og uti der månen fer. Der vi er når vi søv.

Herlaug mota seg opp og fortalde at sjøen nådde langt inn på lande. Morfar svara at han hørte det. Han hørte mykje han, men mormor hørte ikkje noko. — Fartye gjekk bort i kveld, sa han. Ja. Morfar visste det òg. Men Jesus var her, sa han. Om Jesus snakka han kvar kveld, og da vart ein så trøytt. Moster var visst nedi bedehuse. Ho kom vel snart, og da fekk han mat. Men fartye det vilde ikkje vera her lenger.

Torger sa til Borghild da dei var nede av haugen att, han stod og såg kor breit sunde vart: — Hadde eg skjøyta heime nå, da trur eg vi fór vår veg] fór var veg Tmfór vår veg vi òg. — Du seier ikkje det? Det hørtes som ho klaga seg. — Nei, ikkje for alvor. Øyvære har da stått prøva si det, veit du. Men for deg som er uvant med sjøen? For han er ein grål] (m.), en grådig persongrål, han vilde helst ta frå oss alt i hop. — Ho svara at her var andre som kunde bli meir redd enn ho. — Enka, tenkte han. Blir vi aldri kvitt henne tru?

Dei møtte henne straks etter, og det vart så dei stana. Dei såg lampene brann nedi bedehuse. Gong og annan såg dei skuggar av folk der inne; det var Iver-folka, ventelig, for dei hørte til der, litt meir enn andre. Enka fortalde om Kristian som rømte til Nakken, han og kona hadde blitt så livskremt her i før-natt. — Enda dei hadde bedehuse å vera i, sa Egil, gutnabben til Enka. 256Det får da ikkje sjøen lov å ta lel? — Å men enkemor! sa søstra, i natt treng vi vel ikkje å legge oss? Egil og eg skal sette eit merke når sjøen er på det høgste, til eit minnesmerke for ettertida. Dei andre less som dei ikkje hørte slikt snakk i kveld. Det høvde ikkje i denne kveldstilla.

Torger heldt eit lite auge med dei to kvinnene. Dei ser skyldlaust på einannan, dregs mot einannan, det går visst for seg i eit hat som dei ikkje veit noko om. Sjølvpinsla var ein uvakker flekk på folk.

Borghild friska seg opp og sa, det var så si sak å vera overgitt til have slik. Enda så vakkert det kunde syne seg mang ein gong. Enka lya eller såg etter einkvart, så sa ho ha eller ja. Ennå hadde ho vålig blanke auga. Dei var glør gode nok for både mann og kvinne, visst ein ga seg til å sjå dem.

Ei lita kjøle av austavind kom andande da og da, ei venlig lita helsing frå andre stader i verda, der dei hadde det ansles enn her. Eller ein kjente det som ei hjelpande hand: utpå natta har vi kanskje austavinds-rokke her. Det tergar opp dønningen kan hende, men det skulde da sette storsjøen på plass, det har det ofte gjort.

— Der kjem ‘n far sjøl, sa eit av barna da Helmer kom småsyngande ned frå haugen. Han syng voggevisa si nå. — Stjernemikkelen] (m.), nedsettende om personer; navn på revenStjernemikkelen vår, sa den andre gapungen, for Helmer såg på stjernene 257òg, såg på mange ting han, men det var berre kjærlig sagt av ungen. — Og der smatt ‘n Roald inn i bedehus-svala, sa dei. Det var ein Mikkel det, vart dei einige om. Mora tok borti gutungen, og da tagde dei. Dei kunde vel tie ja.

Det hadde mørkna fort med dei stod der. Sunde vilde ikkje syne seg stort lenger nå. Der vart ikkje meir trivelig for det. Einkvan gjekk med ei løkt frammed stranda litt lenger vest. Ho skjein på sjøen og synte kor blank han var, og kor høgt han nådde; han sleikte oppi nauste hans Iver, men det låg heller ikkje høgare enn bedehuse. Lysflekkene fór att og fram over sunde, skjena som smågrisene om sommaren. Men, det var ikkje sommaren nå, tvert om, det var seinhausten, det var i kveld dette her.

Være låg mo åleine uti have, det hadde aldri liggi så attglømt før i si levetid. Månen gløtta ned mellom skyene, men det var ikkje Øyvære han såg etter.

Dei sa godnatt, som vanlig. Ungane skulde inn og ha kveldsmat. Dei småkvinka, men da Helmer lo til dem ga dei seg straks. — Vi får da ta straffa vår, sukka Egil. — Blir det aldri straff nok? suttra Solveig. Mora gjekk med dem. Helmer småhumra til Torger og Borghild: — Vart det sjøgang nå, da vilde ikkje eg vera her. Da vilde bonden på land.

Torger såg austover. Der kuva haugen seg i vêre, vonoms høgare, bort i mot ei hushøgd over 258haugen her ved husa. Det var ikkje lenge sia Borghild og han var der. Han ruvde blekksvart mot skyhimmelen. Sjøtrolle, kom ein av dem til å tenke. Svarte einsemda, tykte ein annan. Eller ei fattigmannstrøst.

259II.

Folk drog opp båtane sine gong på gong. Litt var det, så kom sjøen flyttande etter med dem. Han skapte om på lande frå stund til stund, laga til viker og sund innover berge, så ein fekk snart ro over lone i staden for å gå. Nå gjekk han over grensa der han stana i gårnatt, han gjekk som klokka, som tida. Månen lyste på sunde blenk og annan, der såg dei det slikt det var; eit frammandt hav der sjøhusa speila seg i blanke vatne.

Somme gonger vart skya kvit kring månen, kvitaste lammeulla å sjå til, ein annan gong synte der seg ei stjerne sør i himlane, evig langt unda, ho låg i kursen sin der ute og helsa ikkje hit. For det meste var det sløkt og mørkt over Øyvære. Fred på jorda så å seie.

Den eine eller den andre såg austover. Nå nei, tenkte dei, dampbåten kom ikkje. Det gjorde han ikkje i kveld nei. Ja og om han kom? Skulde dei ha rømt da? Dei vilde ikkje tenke på det. Rømme 260frå heimen sin — ein kunde da bli kaldsveitt om ein ikkje pinte seg med slike spørsmål.

Helmer gjekk seg på Iver, der han stod og såg på nauste sitt. Helmer spurde om han skulde hjelpe han å berge ut einkvart. Iver rista på hovude, var visst nær på å smile: der var ikkje noko att i nausta hoss folk nå for tida. Nå ja, meinte Helmer, nauste rømte vel ikkje til havs.

Iver snudde seg og såg på han. — Gud rår, sa han. Andlete hans var breit og truverdig. Det hadde stuttklipt skjegg mest heilt oppunder auga. Auga stod alltid beint på den han snakka med, truverdige dei òg, men tenksame, og stundom kunde ein sjå at eigarmannen sette alt i Guds hand.

— Men nå skulde ikkje folk vera i bedehuse lenger, sa Helmer. Det flyt snart. Vi burde tatt ein taug-kale og tjora det fast i einkvart.

Iver såg på han att. Han var kald i blikke, religiøs. — «Herrens hus skal stå] Jf. 2. Sam. 7. 25Herrens hus skal stå,» heiter det.

Nå-å, sa Helmer, det heiter vel at Herrens ord skal stå? Kor som er så blir eg visst nøydd til] blir eg visst nødd til Tmblir eg visst nøydd til å vera varg i veum] fredløs person, eg. norrønt uttrykk for «ulv i helligdommen», dvs. en som er dømt fredløs for å ha krenket et hellig stedvarg i veum i kveld, visst ikkje du sjøl jagar dem ut snart. Ser du sjøen, mann? He?

Han møtte eit blikk i tru og vanakt. Trua i det var fast som grunnfjelle: Herrens hus skulde stå.

Sjøtrolle kom tett framom dem, men det var Inger han gjekk og såg etter. Ho var så vidfarug i kveld. Det var likt til ho hadde ein liten fest 261for seg sjøl. Kanskje ho var i bedehuse, såltinge. Han hørte dem lang veg kor dei salma og song, kor dei strengeleika seg. Det var musikk for henne det.

Roald hørte òg songen, og han hørte ei mannsrøst i lage. Det var morbror Fridtjof, trefotingen, han hadde gått over til religionen han òg i det siste. Han hadde fått for seg at verda stod ikkje stort lenger nå, Roald hadde spurt han om det var trefoten som varsla han om det. Og når morbror var her, da var mor åleine på Langholmen, så han burde ha rodd over straks. Det var det òg, at på Langholmen var ein livtrygg om sjøen vart aldri så morsk.

Men han kunde ikkje fara heim i kveld. For det som hendte han da lensmannsbåten var her, — ja han kunde ikkje tru det var i verda han heldt til, det trudde han knapt ennå. Heile fortida hans hadde dei flytta bort, heile skammelige elende. Han kjente berre det svei litt etter denne smikken i andlete, fortelinga om Mildrid som frelste han. Nei men det låg over han som ein lovna, her må hende meir, det må det i kveld ja, det store utenkte må skje. For kva var det andre, alle framtidsdraumane hans, mot henne, mot Vebjørg?

Han hørte røsta hennes mellom dei andre, hørte visst gitarren hennes òg, ja han syntes høre klangen av sølvdropar mot ei tonande skål, langt bortanfor denne umilde harpinga på stålstrengene, Gud var sannelig på denne staden. Ho åtte ikkje tanke 262på han som stod her. Det var derfor han måtte ha henne.

Han gjekk inn att. Han måtte kunne mane] måtte da kunne mane Tmmåtte kunne mane henne ut med blikke sitt. Han som ikkje hadde lov til å tenke på ei kvinne, han hadde visst den lykka, eller ulykka, med seg?

Morbror Fridtjof sat der] rettet etter Tm. 1938: Morbror Fridthjof sat derMorbror Fridtjof sat der og song seg lykkelig. Slik var det nå. Før var han den einaste syndaren deres i være. Han var den einaste som drakk seg full, og da gapsnakka han fælt, men der til så spela han danseslåttar så dei hørte det inn i sjølvaste bedehuse. Og dei bad for han. Ein musikalsk og ulykkelig mann, dei bad heitt for denne motstandaren sin. Mor hans bleiv da han var ung, og det tok han seg så umåtes nær av. — Alt som skjer det skjer for kvinna si skyld, pla han seie når han var skjenkt. Det får nok du merke, spådde han Roald ein gong.

Første gongen dampbåten kom hit i fast rute, da drakk morbror seg så full at han braut av lårbeine, båe ting til ære for stunda, påstod han. Den dagen var eg patriot, eg ofra både beine og live, fortalde han, men live fekk eg att! Han halta i kring og var like ugudelig. — Korles går det med deg? spurde dei da han kom heim med trefot. — Litt opp og ned, svara han og hinka av stad.

Men ein verdslig snild og hjelpsam mann var han, det skulde vera sagt. Det han åtte hadde han gitt frå seg til søstra og søstermannen, og nå åt han gavebrød bortpå Langholmen hoss dem.

263Nå endelig hadde Herren tatt han. Da visste dei han tok dei andre òg snart, læraren hadde sagt det. Morbror song. Han var så frimodig glad i røsta, så sæl i blikke og alt andlete, kvinnene trudde for visst at han såg himmelen open nå. Bønnene deres hadde gjort det.

Roald hadde aldri tenkt på morbror anna enn som ein spelemanns-bytting, ein lykkelaus ein, av dem som er gitt undergangen i vald. Ja han tenkte ikkje større på han nå heller, det vermte berre gjennom han at verda var full av undergjerningar og slikt, og der sat Vebjørg. Det slo ikkje til med ord eller tanke når han såg henne, ho var evig frammand og tapt for han.

Og enda visste han fullt vel at heile undere var det gamle, ein gut vilde ha ei gjente som han ikkje kunde få. Slikt kan ein veta ja, men kva hjelpte det? Når ho song den tonen ho song nå, da sette auga hennes seg fast langt ute, i ei av dei bortlengste stjernene som himmelen eig. Og røsta fekk ein skjelv i seg av den samme sæla, frå den iskalde himmelske venleiken der ute. Gud hjelpe den som liten er da, som lyt vone!

Da kom Helmer inn. Han kom berre spakt, men like sjølsagt] rettet etter Tm. 1938: kom berre spakt. men like sjølsagtkom berre spakt, men like sjølsagt som vanlig, såg dem alle sammen og kvar for seg, og kremta. Der følgde ingen kulde med han, kremtinga hans var varm og vennesæl, men gitarrane var åt og vilde dåne lel. Berre morbror song han i møte med full røst.

264Helmer hadde stått ute eit tak att. Han lya ut i den store lydløysa kring være. Sjøduren gjorde han dum mange gonger, ein kunde mest ikkje høre seg sjøl tenke. Men han var glad i skjærlyden om kveldane, godvêrs-søyen av skjæra og holmane, tonen av lande i sjøen. I kveld var alt slikt borte, og han sakna det. Han vart uroa av stilla.

Han kom i hug kveldar han hadde hørt storkobben, ertna, nord i skjærgaren her, det let uventa og nifst, vilde ha ein til å grøsse; småkarane torde ikkje høre det meir enn første gongen. — Ho har eit uvakkert organ å synge med, spøkte han og likte seg. Ho hørtes ikkje i kveld ho heller.

Songen frå bedehuse møtte havnatta her ute. Helmer kom til å tenke på martyrsong, ein engleprotest mot naturen i oss og ikring oss. Ei mengd med armodslig vellyd sendt til himmels, men dei hadde han ikkje ansles, Gud hørte nok meininga, og ho var god: han måtte berge sine, berge alle om det var mulig. Naturen var dem ein mørk fiende.

Da hørte han bårelyden utafrå yttaste skjæra. Det var ein totre sukkar berre, så hørte han samme lyden nærmare hitover grunnane. Han venta til han hørte det i sunde òg, der gjekk ei einslig kviskring fram-med strendene, og så skvala det innover berge tett ved han. Han hørte nye lyd-drag vestafrå i det samme han vilde snu seg og gå inn i bedehuse.

Sjøtrolle og Inger var like ved han. Han visste 265ikkje av før han hadde sagt: — Kan ikkje du Inger hjelpe meg å få dem ut? Før sjøen kjem.

Ho ser på han, stort forundra. Lyse syner andlete hennes, kor levande det blir. Ho står mo still. Og det rare var at det murra ikkje eingong i Sjøtrolle. Meir tenkte ikkje Helmer på det, han gjekk inn midt i songen deres, med den nye havlyden i øra.

Der sat dei i ein halvkrins og ga seg over i song og spel. Han kjente att seg i det så han smått fraus, i søskenkjærleiken og trua deres, i himmel-lengten så hjartelig han var, så jordisk han var. Bakom dem låg Iver på kne ved katetere, med andlete i hendene, han hadde mista hel-ringen under eine sjøstøvlen sin, men det var hærverk å anse det nå, ein mann i bønn er ein ting for seg det.

Fridtjof sat i midten og hadde lampelyse beint på det vakre hovude sitt, spelemanns-andlete hans var forandra alt med seg av den nye lykka. Slik sat einkvan før ein gong. «Min sjel, min sjel, lov Herren!» svara det i Helmer, med den gamle tonen som hørte han til, akk herre gud ja, det gjorde det!

Der sitt kona til Iver, og dei to halvvaksne døtterne deres og ein liten gut, der sitt Anna, dotterdottra åt gammalfolke, og Olina frå Torgerstua og så Vebjørg den vemodige gjenteskapningen frå Vestpå. Roald står ved døra; han er litt bleik. Det er dei ikkje fri dei andre heller, om det skin av andleta deres. Ja ja.

266Helmer kremta høgt. Songen la seg. Andletsdraga svana ned, folk såg meir og meir vanlig på han, og Iver slutta bønna si, reiste seg og såg på Helmer han med, utan undring for resten.

— Venner, venner! tok Helmer til ords. Det er vakkert dette her, og Gud signe dykk han! Men sjøen er her, oppunder huse her, nå får de komma ut da. Han stig fort vekk. Venner, venner! kalla han på dem.

Roald såg dem i andleta. Iver synte ikkje noko, ikkje meir enn han gjorde når brottsjøen fyllte båten. Dei andre vart skremt og fattige, såg hit eller dit, og Vebjørg ho såg på han. Ho tok til seg auga straks att, slik ho vilde ha samla kjolen kring seg] samla klea kring seg Tmsamla kjolen kring seg om vinden fór usømmelig fram mot henne, herre gud kor ho vilde ha samla han kring seg] samla dem kring seg Tmsamla han kring seg! Men blikke hennes hadde slått mot hans, så det song i dem båe to, syntes han.

— Sjøen sluttar å stige nå, sa Iver. Det er avgjort det, la han til. Men der fanns ei lita darring i mæle hans.

— Nei, sa Roald, han veks, sjå her! Han synte dem væta som kom innover golve.

— Han fell nå, svara Iver. Gud har gitt ordre om det.

Helmer smilte, men det var slett ikkje i noko slag velmakt. — Sjøborden er i vage, kunngjorde han, eg hørte han vestpå grunnane, vi veit ikkje av før han slår til. Da fer huse. Kjenn! ropte han.

267Dei skvett opp. Iver ser på dem, han er barnemild i blikke, ser så på Helmer. Han forteler han at han har eit ord å seie han, har hatt det lenge, — men eg vilde læraren eller ‘n Eivind skulde sagt det, seier han og ser ned. For dei er eldstemenner her, og dei har bedt mest for Dykk.

— Har de eldstemenner her òg, sukkar Helmer. Så rettar han seg opp og seier høgare: — Kom med det, men fort, kom ut og gi meg det!

Iver stod like rolig. Han sveik ikkje trua si nei. Dei andre hadde reist seg. Det var liksom slutt med songen her for i kveld, enda dei skulde synge her heile natta. Fridtjof halta til dørs, vilde vel ut og sjå. Dei andre såg på Iver. Best det var sette Helmer i att:

— Men kjenn, godt folk, kjenn!

Og det kjente dei ja: huse rugga på seg, golve løfta seg med dem og seig ned att; tilvære svikta under dem. Dei hørte sjøen skvala kring veggene. Dei fór ut. Iver og Helmer gjekk etter.

Sjøen vaska fram-med dei nye strendene han hadde skapt, dragsua var i fullt arbeid, så dei måtte springe skulde dei komma tørrskodd frå huse.

Helmer sa lågt til Iver: — Plag ikkje dei andre i alle fall. Lat dem gå. Vi to kan talas ved i morgo.

Iver tagde. Han såg ut som han tenkte på morgodagen. Dei går i breidd frammed vassmåle. Sjøen sukkar. Helmer syntes: som rakkaren] (m.), (om eldre forhold) en mann som utførte renovasjonsarbeide, begravde åtsler, slaktet hester og ofte også var bøddelens medhjelper; her i bet. bøddelens medhjelperrakkaren når han smurte reipe omframt for ein venn. Dønningen sukkar tungt vestover, Flesinn og Langfalle 268tar til mæle, Nødsfalle som Helmer hadde døypt det, andre grunnar vaknar og tar i med. Månen syner bårerygger i sunde, dei kjem runde og blanke så fredsviljen skin av dem, men fan skulde tru dem, ein bonde gjer det ikkje.

Han stig ja, seier Helmer. — Ja vel, svarar Iver. Og eg skal ikkje protestere, legg han til, for han er ein verdig tapar, har ventelig tapt i bønna ein gong før, det hører til] tapt i bønna ein gong før Tmtapt i bønna ein gong før, det hører til.

Dei såg folk oppå haugen, ein to tre småflokkar. Det var ikkje langt dit opp nå, haugen var blitt til ein låg rygg. Derifrå såg dei kvitranda om oddane. Med kvart kvitte det på brott lenger vest. Stundom viste have seg i månelyse] viste have seg i månelys Tmviste have seg i månelyse for dem, det gjekk med blanksvarte dønningar i nattstilla, som eit barn leiker seg i einsemda. Så var det gjømt att.

Bedehusfolka stod for seg sjøl. Dei snakka om å gå att-ende til bedehuse, for det var der det var trygt å vera. Dei nynna på åndelige tonar nå òg, dei var hjartefyllt av høgtid. Helmer elska dem for det.


Roald stod utafor bedehuse att. For dit måtte ho komma, kven elles skulde sløkke lampene der inne? Og med ho var der så fór huse, slik skulde det ventelig gå.

Da ho kom trudde han ikkje det var sant. Ho kom gåande i sømnen visst, kom beint mot han, saktna litt på ganga da ho vart vâr han, vilde til å gå utomkring han. Ingen ting var trulig i kveld, 269ingen ting var utrulig heller, han retta fram armane mot henne, og ho kom inn i famnen hans.

Hellige stund! tenkte han. «I denne natt,» syntes han det sa. Stort meir visste han ikkje for det første. Han heldt i henne så varhendt han kunde, kjente henne så vidt innåt seg. Og nå vakna ho vel og fór sin veg med eit lite rop, han mintes liksom det skulde vera slik.

I staden fresta ho å sjå andlete hans. Han såg hennes òg, etter kvart. Han syntes sjå ho var rødlett, og at auga var smale og ulik seg. Han sa Vebjørg eit par gonger.

Da kom båra plaskande innover berge. Ho varsla at denne natta var ikkje til endes ennå, tvert i mot! Vebjørg gjømte andlete innved bringa hans, men berre som snarast, så vilde ho få sleppe laus, ho måtte inn i bedehuse; — eg vil det! sa ho og sleit handa si utor neven hans. Vi skal dit alle igjen, fortalde ho, — tør ikkje du bli med?

— Du blir her! sa han og heldt henne på nytt.

Men ho bad så lågt og så nær han; ho hadde eit hjelpelaust mål å be med. Han heldt hardt i kring den vesle kroppen hennes, — det hellige legeme hennes, fór det han i tankane, men da hørte han dei andre kom syngande, og i det samme kom nokon ut frå huse.

Det var Inger det, og ho song, høgt og lykkelig, og lo til, lo mot månen som skimta fram. — Det er gjort, det er gjort! kvad ho. Men sjå denne gullflyndra kor skjeivkjefta ho er! Sia snudde ho 270seg mot bedehuse og klukklo med seg sjøl. Ho var ikkje mindre tullet enn dei hadde trudd nei, stakar.

Sjøen hadde ikkje stige meir, vart dei vâr som kom ned frå haugen. Pris skje Herren ja, nå gjekk undere for seg her! Roald fekk ein klump i halsen han òg, han vart til ein ørliten glad ein som fekk live til givings attåt alt det meir, attåt himmerike. Han tykte andleta deres var det vakraste han hadde set, omframt henne da, dei var så rørande glade og menneskelige midt i sigeren sin. Dei glømte reint å gå inn.

Helmer kom nedover att. Kari var med han. Han mulla og song han òg, berre lågt, men det let varmt og trygt i mørkre. Samstundes kom Iver frå sin kant. Dei stod litt og venta liksom at nå tok krigen til. Helmer lurte seg ned til gamle fartyankere, som han hadde flytta unda sjøen før, og bar det lenger opp.

Dei stod der og venta da han kom att. Han kremta og tok til ords. Han skjønte dem så godt, sa han. I natt trong dei einkvart å tru på, å ja ja san. Noko som var meir handgripelig enn Gud er] handgripelig enn Gud òg Tmhandgripelig enn Gud er, om det så berre var eit hus, men det måtte vera eit hus som stod. — Vi er slik, sa han og smålo, vi er slik, gu bere.

Dei svara han i kor at sjøen hadde gitt seg nå, på Guds bud, såg han ikkje det? Han rista på hovude og sa at han berre ønska det] han berre ønska Tmhan berre ønska det. Dei skulde heller lye vestover, bad han. — Vestover? Dei hørte 271sjøbord-duren ja, som tusen kveldar før, men han som stogga sjøen her, han som stilna stormen med sitt allmaktsbud, trudde ikkje Helmer det slag på den mannen?

Han hørte angsten i den ovmodige tonen deres, og han kjente seg ikkje sprekare i vona han heller. — Eg trur ikkje huse her står over midnatt, svara han. Første tungalda som kjem, ho tar det. Berre ho gjorde det snart! sa han, det var som han mana og bad. Om ei stund spurde han Iver korles det gjekk med nauste hans.

— Nauste, sa Iver, og dermed gjekk han rolig gjennom båreskvale og opna svaldøra til bedehuse. Dei andre stod ferdige til å springe etter. Da lo Inger borti mørkre så dei kvakk. Iver vart ståande i døra, stod der som ein vantru ein. Litt om senn merka dei det òg: gråe parafinrøyken kom vålande ut frå huse, ja og rutene var blinda av røyk, det måtte vera brann der inne!

Torger kom til i det samme. Han og dei andre karane storma inn, men dei vart vist ut att, røyken vart dem litt for drepande.

— Det er gjort, det er gjort! song Inger med tullmenneske-måle sitt; somme snudde seg mot henne og hysjta. Låtten hennes fór gjennom mergen på dem, gjorde dem rare nokon kvar. Låte slik i kveld!

Torger kom att frå nauste sitt med ein diger presenning, bløytte han i sjøen som just kom frøsande og dreiv kvinnfolka att-ende, Roald hogg 272i med, og så fór dei inn med han, dei andre karane etter. Der småbrann det og rauk heile golve bortover, det var skvetta med parafin, og lampene var oppskruvde så dei osa skjære forgifta. Det var så vidt live hang i karane til dei fekk ut nokre ruter og hadde breidd presenningen utover golve, alt med huse skaka seg og sjøen kom veltande inn] skaka seg og duva som eit anna farty Tmskaka seg og sjøen kom veltande inn. Varmen fekk dei drepi, men dei lukta verre enn gris da dei kom ut, — så måtte dei inn att. Roald lo til Vebjørg, at nå torde han gå inn, men ho hørte det ikkje, ho var berre forfæld.

Borghild stod og småtrødde da Torger sprang inn på nytt. Kari stod der som enke og såg på. Ho la merke til at Roald snakka åt Vebjørg. Ho smilte til det, og slik på lag smilte eit flak av sjøen som månen lyste på. Nå hørte dei Helmer jaga ut dei som var inne, det var likt til han kom lempande med Fridtjof. Fridtjof såg ut som han vilde kjenne litt nærmare på Helmer, men han kom i hug han var omvendt mann. Roald kom ut med gitarrane, og i det samme kom bedehuse flyttande innover berge.

Kvinnfolka let over seg og sprang unda. Have yvde seg ut, måtte ha meir rom, og det la eit drygt stykke land under seg. Så seig det att-ende med ein lang gjeisp, just som Iver hoppa ut av svala og stod i vatn til langt opp på lår. Han såg etter huse da han var innpå tørt land. Mange torde ikkje det. Huse vart ståande på hall ut mot sunde, men det stod da, Gud heldt det der!

273Inger ga ein hikst frå seg, klaga seg i eit lite dyrelæte og tok i kring far sin. — Og så blir det vår tur? spurde ho. Han murra i skjegge, visste vel ikkje anna til svar. Eit kvinnemenneske, Olina var det visst, ropte så det svara kvelt i berge på Langholmen: — Lat oss falle på kne og be!

Dei bad stilt der dei stod, men litt var det så fór både bedehuse deres og nauste hans Iver. Der låg dei og flaut, var løfta og dratt ned att. Dei vart meir og meir vrak. Det var nifst å sjå. Båre etter båre kom sendande inn sunde, svart bakom svart, og kvitfossa frammed lande og innover det.

Helmer sa: — Nå får vi rømme vi som er redde. Vi har haugen austpå. Eller veit du ei anna råd? spurde han Torger.

Torger såg på sunde, på husa og det som var att av øya deres.

— Nei, sa Helmer, haugen austpå er ein skarvnakke å bu på, men like vel, i natt —

— Ennå er det ikkje verre enn somme gonger før, sa Torger til Borghild. Han tok borti handa hennes, og ho tok over neven hans. Handa hennes var støtt uventa kald å ta på, men straks vermte ho] straks etter vermte ho Tmstraks vermte ho oppgjennom armen og i all kroppen på han.

Kari gjekk frå dem, ho skulde sjå til barna sine. Det var utrulig som ho hadde levna til i det siste.

Der kom ei alde] (f.), stor havbølge, dønningalde som bad dem vike enda nokre føtt. — Naturen er ein blinning, sa Helmer. — Naturen utan Gud ja, svara Fridtjof. — Jau jau. 274Helmer bengla] (v., pret. av bengla), kranglet, trettetbengla ikkje på det, men han sa einkvart om at han likte ‘n ikkje nett nå; — han ser meg bra gudlaus ut, let han. Vi får berge oss best vi kan.

— Der kjem det ein kvitsjø til, varskudde småguten hans Iver, og dei drog seg unda. Det var ein vålig ein som kom, han gjekk ovom naustveggene og spytta skum og rask etter folk. — Tvi vøre deg! var det nokon som sa, og det måtte dei mest le til.

Have dundra vestpå og frammed nordsida av øya. Skyene heldt på og gjekk dei òg, vide svarte flak kom utor natta der vest, gjømte månen og drog inn i natta der aust.

Berre ein flokk menneske stod her og såg dem, det var useielig lite det, — små menneske til med, men det kom på eitt ut nå, dei hadde dette live dei ikkje kunde undvera. Her kunde ikkje nokon annan heller ha stått fram og trua sjøen.

Best det var sa kona hans Iver, ho song det ut som ein god budskap: — Det er ikkje berre være som går under i natt, det er heile verda! Dødsredsla hørtes som ein jubel i røsta hennes, og dei andre kvinnene vart fengde av det og klaga seg i kor: — Herren er snart i skya, han kjem og hentar oss!

Iver tagde. Han var lite glad.

Torger seier høgt, ein stor mann der han står: — Nei være det går ikkje under. Det vil ikkje Gud veta av, det er vantrua som regjerer dykk nå. 275Snakk til dem du Iver som har andsvare, du har da set ei natt i Øyvære før?

Iver såg fortenkt på han. Eit verdslig menneske er eit menneske det òg, og i båten må ein lyde den som skal lydas, — og Torger hadde rett, på sitt vis, men kva visste han om Herrens makt og Herrens vilje? Iver sukka og gjekk etter dei andre, som tok vegen vestover og heim.

Helmer, Torger og Borghild kom eit stykke baketter. Før dei var over Lone kom sjøen spylande frå nordsida, så dei måtte springe siste stykke. Han lauga øya, som det heitte. Det var ikkje første gongen, det.

276III.

Kari hadde kledd på barna da Helmer kom inn. Ho kledde dem som dei skulde på ei sjøferd. Dei ropte hei til morfar, dette her var noko dei tykte om. Kari smilte ho òg, han skulde sjå at ho skjønte tilstande i være, ho var ikkje så bortsomla som han hadde trudd.

— Ungane synes det tegnar til ei livall natt, sa ho.

Helmer smilte gudfaderlig ned over dem. Så bytta han på seg tørre strømpar, for sjøen hadde spytta i skone hans, skjemta han. — Det er ikkje noko lågsko-føre i natt nei, sa Egil. — Du som er så stutt i sula, sa Solveig, du får bukselommene fulle av sjø. Han smilte med tirande vondskapen i auga, så ho skjønte han bad henne passe sine eigne bukselommer. Båe to visste at dei var fæle gapungar, men pytt, dei skulde bli folk sia, ein veks da av seg unotane?

Kari ønska dem ikkje ansles. Dei var så ulik far sin som dei kunde bli, det var det finaste ved 277dem, resten fekk vera utenkt. Men ho tok oppatt det som hadde vore tankefeste hennes i det siste, at om han kom til henne nå, ho vilde ha vist han frå seg med sopelimen. Barna hennes skulde ikkje sjå han, det var dei for gode til, dei var hennes barn.

Ho tenkte det like vel, i kveld gjorde ho det ja: Det var rart at just ho skulde vera fødd tapar. Ho hadde pintes godt under det i fleire år, breiddmed det at ho var fordømt til å elske berre ein einaste mann. Berre ein einaste ein ja. Det var urettvist. Alt slikt var ein skyld i sjøl, det var taparen støtt, men kva var det som gjorde det? Ein gong fekk ho vel veta det, når det var for seint.

I kveld synte Roald at henne såg ikkje han heller. Han såg snildt og hjartegodt på henne, ja fy fanken, men ikkje slik, der var ei anna lita gås som var live for han. Nei da, ho lasta han ikkje for det, så dum kunde ho ikkje få seg til å bli, forbarka ei] få seg til å bli, forbanna ei Tmfå seg til å bli, forbarka ei, men ho kunde ikkje ha vunne han, ikkje han heller nei, om det var aldri så mykje om å gjera! Enda han var ein tapar han som ho, — det var vel derfor andlete hans sette seg så fast i ein?

Det var skremmelig kor dette tok makta frå henne. Det var som heile mannfolk-verda snudde henne ryggen, ja og som om det skilde henne noko større.

Ja visst kunde ho seie det var sjølgjort. Ho såg litt for djupt i dem, kunde ikkje la vera det, dei 278kjente på seg at ho smilte over dem. Da gjekk dei heller ein annan veg. Tok andlete sitt og gjekk til ei anna ei.

Denne stua her, eller bua rettare sagt, den òg vilde ta makta frå henne. Ho såg på henne att, som ho stod på flyttfot. Der var dei fire veggene, så tydelig og avgjort det kunde bli, ho hadde gjømt dem med illustrerte blad og annan pryd, men da først synte dei seg til gagns. Ja ja, ho hadde ikkje hatt anna å hjelpe seg med. Omnen var ein gammal rustut kokeomn for fiskarane, han var rusta til tennene, påstod ungane; den hadde ho fått blank, men det tok seg urimelig ut, og så hadde ho kalka take nyst, snøkvitt, slik at det la seg nedpå hovude åt ein. Reine tape alt sammen, men lat gå med det, for så skulde ein ha litt bedring i vente.

Til våren rømte ho her ifrå, trass i heile skamma. Morfar skulde ikkje døy fiskardauen her, det var han litt for god til, og barna skulde ikkje vekse opp her. Berre ho ikkje var så trøytt. Det ga seg når ho kom her ifrå, men denne vinteren gruva ho seg rett hjartelig for.

Ho lengta etter Målfrid. Men der stod skamma midt i vegen for henne. Målfrid den truskyldige gjenta ho gjekk seg beint inn i lykka. Kari, som var den kloke søstra hennes, ho hadde vasa seg hit. Nord og ned.

Sjøen hadde ho ikkje vett til å vera redd, trudde ho. Han var ein trulaus ein, men han var dum.

279Ho kom i hug kona hans Torger. Så einfeld var ho, gudsengelen, ho frykta for at ein vilde ta frå henne mannen hennes. Det som er gull for ein sjøl det skal vera gull for andre òg. Torger var god nok han, på lag slik ein mann skal vera, men berre for den som var kona hans. Andre kvinner såg ikkje han. Borghild var eit trivelig menneske ho òg, men ein kunde vel ikkje for at ein gjerne vilde skremme henne aldri så lite? Ho gjorde da elles ære på ei enke, ho var redd henne og avundte henne barna hennes.

Nei ein vart idiot av denne einsemda, små ting saug seg fast på ein som skjela på berge, som ruren på fjæresteinen. Det var utrulig at folk her ute var så mykje til menneske som dei var.

Så hadde ho kledd på seg sjøl. Helmer hadde kledd seg bra han òg. Ho stod i døra, med ein unge i kvar handa, ei varm lita hand i kvar av sine, dei vermte som bønner og tru må gjera det, som to sugande munnar, syntes ho òg.

Skyene låg i fredelig síg over være, men der var ei vålig tyngd i dem. Sjøen braka, han ofsa seg opp og kom dundrande verre og verre, der var eit manndrepar-mot i han i natt, og Gud sjøl hadde berga seg tørskodd her ifrå, var utanfor heile spele han. Her var dei, om bord i dette øyvære, det vesle som var att av det, dei hadde kvitglisen av sjøane å live seg opp med. Og ho hadde desse to farlausingane å berge. Morfar 280tenkte elles for dem nå. Ingen kunde bli redd for barna sine når han var her.

Herre gud rett, var det ho som sørgde nyst over at ein unggut ikkje beit seg fast i henne. Ein forunderlig lokkande tust av ein gut for resten. Der var draum i blikke hans, og mot, han var så dumklok og god at du vilde ligge med han, beint ut tala. Skrót i heile gutlarven!

Helmer smått song og smått murra der han stod og tok takst på omverda. Snudde seg så, med ei stor avgjerd i seg, ein kunde sjå det på ålbogane hans at nå fekk det bli.

— Vi får komma oss austpå haugen, sa han. Her blir det for utrygt, for oss da.

Dei gjorde seg i stand fortast dei kunde. Dei bunta i hop sengkleane sine, raska med litt mat til ungane og termosflaska med varm kaffe, den glømte ikkje Helmer nei, det var livsgifta hans, pla han seie. Egil tulla han inn i ein klepank. — Slik gjer dei med lika til sjøss! suttra gutungen, men søstra trøsta han med at dei skulde ikkje kaste han i sjøen denne gongen.

Kari var uti skjåen] (m.), skur, liten bygning med tynne plankeveggerskjåen etter eit gammalt sjal. Ho såg at Roald stod ikkje langt unda, han heldt på og tørka sotrøyk av andlete med lommeduken. Ho gjekk borttil han, lo litt og sa at andlete hans vart nok reinvaska før morgonen. — Men nå flyttar vi unda, sa ho, for her blir det ikkje verande.

Han smilte han òg.

281— Kom og bli med austover! bad ho. De vil da ikkje sette live til her?

— Live? sa han, han såg litt tankespreidd på henne.

— De får ikkje lov til å bli att her — — hjelp oss å bera! tagg ho. Ho sprang inn, for nå hasta det visst.

Ja ha, så var dei faraferdige da, Helmer slengte børa med gutungen på ryggen, Kari tok gjentungen i handa, og så ga dei seg i veg.

Roald var ikkje å sjå meir. Nei visst.


Ved Austlone dei kalla nådde dei innpå Sjøtrolle og Inger, som stod der og tenkte seg over; han hadde eit brød under armen. Austlone er ikkje breit, men det er lågare enn det andre. Sjøen brukte seg stygt der i natt. Over måtte dei, men det var så som så med vegen, ein fekk springe kvikt skulde ein greie det mellom to sjøar, og glatt ein på den sleipe grunnen, da kom sjøen og tok ein. Han velta opp frå sunde, og han kom skomfossande frå nordsida.

— Det er ikkje så farlig som det er stygt, sa Helmer, for han trong å styrke seg nå.

Sjøtrolle kaldflirte, og mumla at det skulde åkertramparen austafrå veta bra mykje om. Han vart enda meir arg, sette auga i syndaren og spurde høgt: — Du er da ikkje redd dauen du som er fritenkar lel?

Nå-å, svara Helmer, det var som det var med 282det. Han kom visst til å grøsse når det bar i herdinga. — Men nå lyt vi over enten vi pistar eller gjel, sa han. Kom nå!

Han sprang, med gut-panken på ryggen og gjenta i hand. Kari sprang breiddmed, og Inger ropte hei etter dem. Dei nådde over og opp, just som ein frøsar nordafrå var i helane på dem. Kari og Solveig hadde skone fulle av vatn og måtte bytte strømpar. Helmer sa straks at han måtte heim ein vending, her trongs meir klea enn dei hadde tenkt på. Han venta til Sjøtrolle og Inger var der. Dei kom bra fotvåte dei òg, for Ludvik var stølføtt av seg. Inger hadde dratt som ein helt i han.

Helmer hørte ikkje på Kari, han la i veg. Ungane såg på sprange hans og lo, han var fin i sirkus, påstod dei. Inger følgde han med auga ho òg, månen lyste opp så det var halv dag der han fór. Sjøtrolle snudde seg ein annan veg.

Kari og barna leita seg rom lenger aust og opp, der det var bra å sitte. Ennå fraus dei ikkje. Barna prata tull og less ikkje skjønne noko av tilstande. Dei gledde henne det dei kunde. Dess tyngre la det seg over henne, at denne natta vilde syne om der var von for dem. Ein fekk sjå.

Inger kom og sette seg breiddmed dem. Ho såg på barna, litt ansles enn ho gjorde det før, fresta jamvel å leike med dem. Og dei fann seg i det, som dei var vaksne og ho eit barn. Dei kasta moseflak på kvarandre. — Det var eg som frelste 283dem frå bedehuse, fortalde ho. Eg gjorde røyk åt dem! Men det var ‘n Helmer som bad meg om det. Av og til lya ho vestover og var urolig.

Kari spurde om ho var redd, men da snudde ho seg unda, torde visst ikkje komma folk så nær. Litt etter gjekk ho til far sin, gjekk så lenger vest, som ho venta på nokon.

Før pla ho gjerne sjå frå barna til Kari og småflire og riste på hovude] riste på hovudet Tmriste på hovude, — ho visste noko om dette med mor og barn!

Berre morfar kom att snart. Barnsungane vart som to ulykker når ikkje han var der, og Kari sjøl den tredje. Nå skulde han da snart vera her?

Da hørte dei Sjøtrolle, han snakka med seg sjøl, men kanskje andre òg skulde høre det. — Enn denne gutsvimlingen frå Langholmen da, som let mor si sitte åleine heime i natt. Går og bed til ei bedehusgjente, — ho veit ikkje eingong at ho er kvinnfolk —, du snakkar om idiot! Kva slag sengvarme kunde der vera i ei slik bleiknebbe? Dei kjem for resten ikkje i seng, lo han. Her blir vaska bort mykje skrap] blir vaska bort mykje skrót Tmblir vaska bort mykje skrap i natt.

Ho tok ein unge i kvar arm og heldt dem innåt seg. Det måtte bli rart å sjå dem store.

Helmer var inne og stuva fullt eit skrin med viktige ting, fortøyde færingen sin ved husveggen, i det gamle skipsankere, tok med seg færingssegle og gjekk. — Far vel du bekksleiva mi, sa han til båten. Vi rodde ikkje kleint i lag vi! Ein sjø 284fekk han til å kvikke seg, han flødde rundt om stuå] flødde rundt om stua Tmflødde rundt om stuå og fyllte båten. Helmer tenkte seg opp til gammalfolke og høre om dei ikkje vilde bli flytta, men han møtte Torger som fortalde at han just kom der ifrå, gamlingane vilde ikkje høre snakk om flytting, dei låg trygt der dei var, — og det har dei rett i, sa Torger. Helmer sette frå seg sakene] sette frå seg skrine Tmsette frå seg sakene ved Austlone, han måtte vestover og snakke alvor med Iver-folka og dei andre, for dei sette live på spel der vest.

Men han kom ikkje lenger enn til Skare, vesle bergskåra som går tvert over øya straks austfor Iverstua. Båra hadde sopt vekk] Båra hadde sopa vekk TmBåra hadde sopt vekk dei to plankane som låg der til bru, og sjøen gjekk som elva både frå sør og nord, det var ikkje hans sak lenger å hoppe over der. Han stod tankefattig og såg over til stua, hørte songen og spele deres, — «hjemlandstoner fra lovsangsdalen» mumla han. Det let så armt, så menneskelig, det drog i heile hjartelage hans. Men over fekk det han ikkje. Nei, godt folk! sukka han. Han vart harm på vettløysa deres og ropte det kraftigaste han kunde, men dei hørte han ikkje. Dei vilde ikkje høre han heller. Dess utan var det for seint nå, «ingen kan komma over frå oss til dykk, eller frå dykk til oss». Sjøen lauga rundt Iverstua og den vestpå, lauga snart heile den parten av Heimvær-øya.

Men Iverstua hadde vel stått einkvan rykken før òg? Å ja da. nytt avsnitt. Det var ikkje lenge sia] Å ja da. hoppet over en linje. Det var ikkje lenge sia TmÅ ja da.

285Det var ikkje lenge sia han skildes med dem. Dei såg ut som dømt folk, tykte han nå.

Han sa dem farvel og fór austetter, han vart så gudnådslig pint av songen deres. Havdønne kring han vart som ein himmelsong det òg, gud hjelpe oss kor det dura! Han mumla og las der han fór: — «I natt kjem eg og krev sjela di,» men han syntes det var sjøen som las det over han og dei andre her, ville havskremsla braka det ned over han. Sunde vart til ein brølande kjeft rett som det var.

Båra sleikte etter segle hans da han kom dit. Skrine var borte. Som ventande kunde vera, han Helmer var nå ein gong fødd slik, idiot dei kallar, men at han bar seg åt slik i natt? — Venner! sukka det i han, her står eg med hjartelage mitt (dette lage med hjarte ja, kaldsusa det gjennom han), og der står det ei stjerne i skykanten og skal trøste tomsingen, ho er død som eit gris-auge.

Nei det var måle til Inger, den andre tomsingen, som kom og trøsta han. Det kom så menneskelig og godt] Det kom så jordisk og godt TmDet kom så menneskelig og godt det kunde bli: — Skrine ditt er her det, Helmer. Det var eg som gjorde det! — Hurra Inger! ropte han, tok segle på nakken og sprang, — nå smurte eg fothyre mitt og fór! lo han til seg sjøl, Herren vera signa frå nå og til —

Han hadde alt berga seg over, syntes han, men da vart han løfta i vêre før han fekk tatt seg på tak, og dermed glatt han jagu og heldt på og fór. Kor i sytten ber dette av? undra han seg, eg må 286nå vel få neglefeste lel? He! Han sparkar i og søm med føtene, og karar i berge med venstre handa. Da tar nokon i seglråa og dreg, og litt etter triv dei han i kragen og lingsar han på land.

— Så, bonde, her er fedrelande! seier Sjøtrolle ned over han med denne banningsrøsta si, ho murra jordvarmt og livtrygt tett ved han.

Helmer drog seg lenger opp da Inger tok frå han segle. Han takka dem båe to, såg dem i auga og lo og rista på hovude: ein skulde ikkje set slik ein snåvar som han var! Inger lo med og dansa litt: — Du vart berga, Helmer, du vart berga! Men nå er du våt som eit utpissa vêrelam! Det var ‘n far som berga deg. — Nå-å, sa far hennes] Nå-a, sa far hennes TmNå-å, sa far hennes, eg held han nå for samme slarken for det] samme slarken for det der Tmsamme slarken for det.

Men han lo som ein gammal slåss-kammerat da Helmer ranga av seg ytterkleane og vrei dem opp; — det var rett! sa han. Berre du ikkje frys i hel. Enka såg ikkje denne vesle havsnøda di, la han til. Og det var så, Kari og barna var eit godt stykke unda.

Torger og Borghild kom. Dei hadde nok å bera, men dei sprang som hjorten og kom tørrskodd over. — Ho Borghild er uvant med storsjøen, undskyldte Torger seg for det dei òg rømte.


Nå var dei da så mange her, åtte krek i alt. Dei samla seg i ura austunder bratthaugen, rydda seg sitteplassar og sat trygt. Dess verre, dei hadde ikkje ved, elles vilde dei gjort bål, for det kortar 287tida og er så vennlig om natta. Dei fekk korte tida lel.

Helmer var bortom nåva på haugen og bytta på seg tørre underklea. Og det naturstridige gjekk for seg, at han fekk Sjøtrolle til å bytte på seg eit par av hans strømpar. — Du får gjera meg den gleda òg, bad han, når du nå har berga live mitt. — Hø, live? bles den andre. Men, han kunde da alltid gjera einkvan ei glede, jøss da!

Ja. Men korles går det dei andre, dei som ikkje er her? Nokon kvar tenker det og tier med det, let have ta det, for det tar visst alle i hop i natt. For Helmer var det utrulig at han sat her når der låg tre hjelpelause menneske i grannestua. Han reiste seg både ein og to gonger, var på sprange, han fekk i guds namn ta dem med makt alle tre, ein om senn.

Han såg opp, av gammal vane, men der oppe var det ikkje anna enn skyhimmelen å sjå, og han er alltid like rådvill som du sjøl er. Nei men eg gjer det ikkje, sa han med seg sjøl. Han gjekk ved at det var grovt tenkt, men live i han var slik, det sa nei, live spør ikkje Vårherre ein gong, det er berre slik; — nei eg har tre andre å svara for! slo han fast.

Han sette seg, men enda var han på sprange, det vart visst så han la i veg — — det skulde da gå bra det lel? — Eg kjem i hug gamlingane og gutungen, seier han.

Torger og Borghild ser på einannan. — Dei ligg 288trygt nok der dei er, svarar han. Nei men eg må visst ta meg enda ein liten springmarsj eg, seier han og reiser seg; det var noko eg kom til å tenke på.

Borghild såg på han heile tida. Der etter ser ho på Helmer, legg liksom andsvare på han.

— Eg blir med, sa Helmer.

Sjøen braka i ein einaste over-vettes dur. Alle holmane og øyane dei såg var ikkje anna enn kvite undergangen.

— Går du, da går eg med, sa Borghild til Torger.

Helmer kremta og sukka høgt. Kari snakka med barna. Da gjekk Torger og Borghild. Helmer sukka på nytt. Sjøtrolle trøsta han, for han var all tida snild mot barn og slikt: — Vi er ikkje rare springarane nå lenger vi. Var det før der i mot —

Ved Austlone sa Torger til Borghild: — Blir du att her, da skal eg ta hit ‘n Herlaug åt deg. Ho måtte ha tenkt mykje på gutungen, for der gjekk noko useielig over andlete hennes i det samme.

Vel, så skulde han i veg. Sjøen var visst ikkje verre nå eit tak. Torger venta, og fór. Men han skjønte straks at dette var enten for tidlig eller for seint sprunge, han saktna farten, og i samme augeblinken kjem ein velt med sjø nordafrå. Torger bråsnudde og hadde så snær komme seg unda] så nær komme seg unda Tmså snær komme seg unda, men der Helmer glei der glatt fotfeste for han òg, sjøen fór med han.

Borghild hoppar ned av bergtrappen, får tak i neven hans på einkvart vise og finn seg klotak i berge med den andre, og held. Ho maktar det ikkje 289nei, men ho held like forpligga, sjøen isar henne oppunder armane og vil ta henne. Ho har visst det all sin dag at Torger skulde ho miste.

Men korles det gjekk eller ikkje så hadde Torger òg tak i berge, og litt etter har det hendt, dei ligg sjøfritt oppi bergtrappen. Det blir til at dei ler, som dummaste ungane, — så gret dei da ikkje den stunda, og straks etter må dei ha seg unda for ein sjø som er verre enn dei andre. Over Austlone kjem ingen levande lenger i natt. Ein fekk vera glad ein var på denne sida. Og så laut dei skifte klea.

290IV.

Gammalfolke sov. Det hørtes slik; og da vart ein bra åleine. Herlaug skulde til å sova han òg, mange gonger, men for kvar gong] for kvar gongen Tmfor kvar gong hørte han tydelig moster kom, og da fekk han vel ein matbeta, men så var det berre sjøen som heldt på med einkvart ute i mørkre. Ein gong vakna han for det at nokon var på vindauga og vilde inn, men det var berre sjøen igjen, han klaska heile vassbøtta mot glase.

Da gjømte Herlaug seg under dyna. Men da var morfar vaken og sa einkvart. Han sa det ein gong til: — Nei sjøen er ikkje farlig. Han vil ikkje inn her. Visst du har lese kveldbønna di. Herlaug hadde da det, visst, men i kveld kunde han godt ta henne enda ein gong. Men han skjønte ikkje kor det vart av moster. Og korles skulde ho komma seg tørrskodd inn når sjøen stod straks utafor døra? Sia kom han inn òg, enda døra var att, han sukla på golve. Så var han på rutene igjen.

291— Han spyler vindauge nå, fresta morfar å fortele mormor.

— Nei eg har ikkje sovna enda, svara ho. Berre ho Anna såg etter varmen før ho la seg.

Morfar trøsta henne med at det gjorde ho ja. «Den Gud vil bevare er utan all fare,» sa han og gjeispa.

Der med sov dei att, og Herlaug var overhendig åleine. Sjøen braka så stygt at. Og moster kom ikkje. Og mor ho var død.

Moster Anna tenkte på han gong og annan.

Ho og Olina frå Torgerstua vilde seie godnatt til lage sitt da dei kom til Skare. Dei andre, og særlig Fridtjof, bad dem bli med åt Iverstua. Dei to gjentene stod rådville. Dei tykte dei måtte sjå heim. Dei var slett ikkje huga på å gå over Skare nå så seint. — Lat oss ikkje skille lag i kveld, sa Fridtjof. Vi skal be sammen; vi skal synge og prise Gud så han hører oss. Kom nå, Olina, kom Anna! lokka han for dem.

— Det ligg høgare lande her hoss oss, sa endelig Olina, og det sanna den andre med henne i.

Fridtjof rista tunglyndt på hovude: var det verkelig det dei tenkte på? Trudde dei ikkje Gud berga dem kor dei så var? Han snakka lågmælt for dem, gjennomglødd av den nye søskenkjærleiken. — Vi skal vera eitt liv og ein lagna, ikkje sant? Slit ikkje av søskenkjeda!

Dei kunde ikkje anna da, dei kom og vart med. Dei såg seg att-ende. Sjøen vaska plan292kane dei gjekk over på, men dei var bolta fast i berge.

Roald gjekk ikkje over. Vebjørg stana breiddmed han, som snarast slik. — Blir du ikkje med? spurde ho og såg ned. — Gå ikkje du heller, sa han. Gå ikkje frå meg i natt! bad han litt etter. Ho står der og ser på han, uendes tung i blikke. — Ja, seier han, eg er berre eit verdslig menneske.

Det var det ho hadde tenkt på ja, såg han. — Det er fryktelig synd på deg det, sa ho om ei stund. Men kanskje denne natta er sendt oss for at du skal bli frelst?

Han åtte ikkje mot til å svara på det. Og nå gjekk ho visst frå han. Han bad henne enda ein gong at ho måtte ikkje gå. — Ja men her kunde dei ikkje bli? — Dei kunde gå opp i Torgerstua, sa han, der var dei trygge for sjøen. Ho såg på sjøane, dei kom sendande i lange drag og susa inn over berge. Med kvart såg ho mot Iverstua der dei andre hadde gått inn.

— Nei, sa ho om sider. Eg må vera der dei andre av oss er. Kom og bli med! bad ho. I lag med oss. Når eg bed deg om det? la ho til, og da var det som ho steig ned til han og var menneske] og vart menneske Tmog var menneske, andlete hennes vart meir levande enn noko anna andlet han såg, og enda var ho Vebjørg. Vebjørg med ein kvinnesmil.

I ein augeblink, den største han har hatt, ser han andlete hennes, han opplever det. Han ser det, livsalig og forferdelig, at dette er kjærleiken, 293elskhugen, religionen, så himmelsk og jordisk er han, ein går på båle for eit andlets skyld og lovsyng Gud, ein kunde gjera tyngre ting — og kvifor det? Ein svart ein kviskrar at det er fordi du ikkje kjenner henne, du er ein stakar i live, du kan aldri leva for det som er. Men du ser på han i iskald vanakt og spør: — Kunde du ofre live ditt for nokon ting?

Herre vår gud kor truhjarta ho såg på han nå. Han kasta frå seg live og alt og gjekk med henne over Skare. Sjøen frøste over plankane og gjorde henne våt på føtene. Det var verdslig å sjå slikt nå, men det var da uverdslig nok òg, ho steig som ein ånd over plankane!

Sjøen vaska syllmuren under Iverstua, men dei song der inne og brydde seg ikkje om han, kven er han at han vil krenke Guds eigne barn? Det makta han ikkje nei. Gitarrane jubla i ein dødsens valsetakt, og Roald rista på hovude og sa han kunde ikkje bli med inn. — Eg kvamnar i all denne kristensongen, sa han. Det var hardt sagt, men det var så alt for sant. Han visste ikkje av før ein sjø hadde skilt dem åt, den eine sprang att-å-bak, den andre til sides og opp trammen. Ho vinka til han, stod litt enda, og gjekk inn.


Han drog båten sin bedre opp, gjekk og sveiv åleine eit tak, snakka nokre ord med Enka] snakka nokre med Enka Tmsnakka nokre ord med Enka. Ho fortalde at dei skulde rømme austover. Da vart han redd for live han òg. Heim kunde han ikkje komma 294nå lenger. Det bar vestover med han på nytt. Det bar inn i Iverstua med han òg. Andlete til Vebjørg lyste opp, det var som ho hadde han i gudsrike med seg. Etter ei uendes liding var han ute att, og Vebjørg kom med han. Ho var visst dødbleik.

Dei kom seg over plankane att, i skom til knes, og straks etter reiv sjøen med seg ein planke. Dei sveiv hus-imellom, og vart sittande bakom Gammalstua. Dei sa mest ingen ting. Dei såg Torger og kona gjekk austover med kvar-sitt kle-knytte. Om ei stund gjekk dei samme vegen.

Månen gliste mellom skyene. Sjøane gjekk med faks på ryggen midt i djupaste sunde.

— Vi må over vi òg, sa han ved Austlone. Han sa det eit par gonger til. Ho møtte blikke hans, men tagde. — Dødsnatta er over oss, sa han om ei tid.

Men ho stod still. Han vart harm, vart både redd og rasande, tok henne i armane og sprang med henne, i rette augeblinken. Ho var som ingen ting å bera, men best det var vreid ho seg om i armane hans og gjorde motstand. — Vera still eller så dett eg! bad han og måtte sette henne ned. Det var med nød dei kom seg att-ende.

Dei stod andslopne båe to] Dei stod der andslopne båe to TmDei stod andslopne båe to. Dei hørte folk snakka der aust, det var ikkje lenger unda.

— Vilde du så endelig vore i lag med dem? spurde ho. — Eg tenkte å berge live ditt eg. — Men er vi ikkje trygge her da? — Jau, du veit, 295trøsta han. Ho såg på han, kvitbleik: — Er det for seint å komma over nå?

Dei såg på sjøane som vaska over Austlone. Dei såg det båe to, at nå eit tak var sjøen for grov. Dei venta, men det vart verre og verre. Så vilde dei gå vestover att, og opp til Torgerstua. Der kunde dei sitte trygt, og huse stod tomt i natt. Dei såg på einannan, dei vart så rare all igjennom ved den tanken. Roald visste ikkje av før han tok og kyste henne.

Det gjorde han ja, ufattelig syndig som det var, og ho svara han, med heile seg. Og så ser ho halvt lystig på han: — Vi er visst galne vi. Eg trudde aldri — —

Ingen av dem hadde trudd det. Live fór liksom så fort i veg denne natta.

Om sider opendaga dei at det var ei øy dei stod på, heile Heimvære var rettnå berre øyar. Dei venta og venta, men sjøen veik ikkje, tvert i mot. Dei kom ikkje inn i Torgerstua i natt!

Nei. Vegen til det paradise var stengt for dem. Dei fekk vera glad dei hadde berg å stå på. — Nå ja, sa Roald, sjøen tar snart siste sprengtake nå. — Eg er ikkje redd, sa ho og tok omkring han att. Ikkje er det synd heller at vi er i lag her.

Lange stunder stod dei kyss mot kyss. Dess meir dei åtte einannan, dess villare sakna dei einannan, saknaen vart til ein drepande vellyst. Sjøen gjekk i skom kring føtene deres, sjøduren 296låg som svarte lydløysa over dem, dei ansa det berre som at døden stod og venta på dem.

Da vakna Roald og var isande redd, for der kom nokon og tok i han og famla seg oppetter bukselåre hans, i det samme såg han ned i eit andlet, det var som vette brast i han, og han sette i ei høgmælt banning mot devlar og draug og kva det så var: — Dra til helvetes, for elles

Det var katten frå Gammalstua som hang på han, han var hivd hit av sjøen, og slik såg han ut. Han skvatt unda for sparke, og han hadde så nær berga skinne sitt i land, men dragsua kom og fór med han.

Vi drep da ikkje kattungen fordi han har klør, sa Helmer ein gong. Men nå var Helmer der aust han, ein gammal mann mot ein sjøl, men ein livets mann, han berga seg og sine.

Vebjørg gjømte seg hoss han att.

Midt i lykka og reddhugen hadde han små syner, men særlig eitt: Det var hit han skulde. Det var hit, til denne stunda, han hadde strevd all sin dag. Alle dei lyse draumane hans, stortankane hans og heile dumheita, det og det — — her stod han og heldt livsdraumen sin i famn. Stort eller lite, det kunde ikkje han veta nå, men her heldt han henne.

Ho klengde seg inn til han, skamlaust, kunde han ha tykt, men herre gud, ho hadde aldri levd før, hadde ikkje noka von om at det kunde bli heller. Dei stod i vatn til knes alt i eitt nå. Rettnå heldt dei ikkje varmen] Rettna heldt dei ikkje varmen TmRettnå 297heldt dei ikkje varmen stort lenger. Men skulde dei sette live til her da?

Nå burde ho bedt til Gud at han brukte allmakta si. Kanskje ho gjorde det òg. Ho gret stilt og godt somme stundene. Eit par gonger spurde ho som i villska: — Er det du dette her?

Gong for gong såg han, når sjøen drog unda, at åleine kunde han ha sprunge over og til tørt land. Men det fell meg ikkje inn, svara han. Du såg for resten korles det gjekk med kattstakaren.

— Er det du dette? spurde ho stilt.

Det var han ja. Vidunderbarne. Han stod og heldt i ei kvinne. Men var det så at sjøen heldt på og ga seg?

298V.

Helmer hadde glømt kveldsmaten før dei fór. Slik var han all tida, tilstod han, glad i mat men glømte å eta han, stundom da. Nå var han innhol, og dei fekk årsake at han stappa i verste tomromme. Mat var godt det, han kunde ha sunge over brødskiva si. Vesle Egil ser på han, trøytt og sur som han er, og forteler: — Han morfar let att auga når han sveljer. Solveig mumlar i halvsømnen: — Når han berre ser seg for før han bit så. Mora strauk dem over hovude og smått lo. Det undra dei seg over, det høvde liksom ikkje henne å vera slik, som ei anna kjerring.

Sjøtrolle tok brøde sitt han òg, pussa av det på trøye-erma enda ein gong, pussa av tollekniven på bukselåra og skar seg ei snei. Helmer lo og sa: — Jamenn er det solid brød du har der, Ludvik, det hørtes som du skar sole-ler. — Mh-hm! tilstod Sjøtrolle. — Og smør på slikt omframt-brød liker ikkje du nei, sukka Helmer. Nei. Men du, Inger, du er da ikkje så prinsessefin lel? Han skar ei 299skive av sitt brød, smurte på bra med smør og retta henne, — for det du berga skrine med smørre i, sa han.

Jamenn tok ho i mot det òg, men ho snudde andlete bort. Ho snudde ryggen til dem med ho åt. Ho let seg lokke til enda ei brødskive, og faren fann seg i å ta smør på sine. — Ein uvane! let han, men i det samme kom ein sjø og trua dem, dei fekk gi rom.

Dei måtte heilt oppunder øvste kanten av haugen. Der var det snaut og bratt, Borghild kom i hug da Torger og ho kleiv opp her ikkje så lenge sia. Karane slepa opp stein for stein og bygde sitteplassar. — Det burde heite Skarvnakken her, påstod Helmer. — I morgo seier vi han var bra å ha, tok Borghild frami. Sjøtrolle murra: — De har nå upraktiske fjell innpå lande òg, vi har set dem. Men du sitt som ein legdslem, Helmer, her er sess for deg!

Han reiv det av seg i sinne, men dei hørte at dette var ein ny tone i den munnen. Og sia, da Helmer slo frampå om at dei skulde bygge på sessane med tid var til, da slo Sjøtrolle fast: han Helmer har rett. Inger var med og langa opp stein frå ura, det stod heitt om at ikkje brottsjøen tok henne. Helmer sa ho var ein hedersmann, og ho vart lykkelig enda så våt ho var. Borghild plaga henne til å ta i mot og bytte på seg noko tørt. Det hender alt i eventyre, tenkte dei.

Så sat dei på nytt, og sjøen kom veltande meir 300nærsøken etter kvart. Nedi sunde grunnbraut han rett som det var, fossen gjekk med dødsbrak landimellom, dermed drog han ut så sunde vart nækt til løyndaste steinen, ein tykte mest ein var vitne til noko rått usømmelig. Og når sjøen frå andre kanten kom og stod like opp til føtene deres, det var trugsmål nok det, men når han så drog ut, da opna avgrunnen seg for dem så dei svimra mest, dei vilde snu seg frå det, men djupe saug blikke med seg.

Dei såg kor brott for brott tok lyngtorva på Langholmen og bretta i vêre, rulla henne oppetter så kvite berge synte seg, nakne hjelpeløysa. Der borte sat kona åleine i natt, men ho sat livberga, for øvste holmryggen var høgare enn haugen her. Da spurdes det meir om korles det gjekk sonen hennes, han Roald. Helmer sa det, og Kari såg opp utor tankesømnen sin.

Inger kleiv opp så ho såg resten av Heimvær-øya. Torger var der oppe før, men han sa ikkje noko. Inger sa heller ikkje noko dei skjønte] sa ikkje noko dei skjønte ho heller Tmsa heller ikkje noko dei skjønte. Ho ga frå seg ein og annan klagelyden; så ho var vel like tullet igjen som før. — Jaså! raspa far hennes og sa, han skjønte visst kvar ei ulykke ho varsla. Jaså? Tenkte det mest ja.

— Og der er dei to! sa ho om ei stund. Nå ser eg dem tydelig, dei står i måneskin og sjø til knes, til langt oppå lår. Hitafor Torgerstua. Dei held i kring einannan — hå!

Kari less ikkje høre det. Henne skilde det lite. 301Ho tok barna inn til seg, dei sov alt. Ho sov snart sjøl òg, av kulde, det var havkaldt som vanlig her. Færings-segle var for vått, Torger hadde breidd det ut så væta skulde sige utor det, det var det han stelte med der oppe. Og morfar sa med høg røst, ho drømte mest at han var på krossen:

— Ja, venner, nå går ulykkesnatta over være vårt.

— Det har du rett i, svara Sjøtrolle som eit uhuglig dvergmål] (n.), gjenlyd, ekkodvergmål.

— Tullprat, sa Torger, han kom just klivande ned.

Eit flak av månelys glei over dem, kva det nå kunde vera godt for, det gjekk austover og drog mørkre etter seg. Eit nytt flak kom, men i det samme kom dommedagen brakande, eit isberg til sjø, han gjekk somme av dem til knes og vel så det. Der kom eit par til, dei lyste sjøl og varskudde, og rømlingane drog føtene til seg hardaste dei kunde; dei saug visst magen inn til seg òg. Berge ovafor dem var for bratt, dei måtte vente her og sjå, han tok dem da vel ikkje?

For dette var toppen av sjøen i natt, ein gong må det vera høgda. Men langt ifrå, det vil ikkje bli som ein ventar det, slik var det ikkje i natt nei. Sjøane kamma seg og kom like tråsøkne; slik måtte lagnaen sjå ut] slik såg blinde lagnaen ut Tmslik måtte lagnaen sjå ut, nå såg dei da den.

Berre han ikkje tok liv nå der vest.

302Inger hang og klønte] (v., pret. av kløna), gjorde noe på en klosset måteklønte der oppe enda og såg vestover. — Hå, hå! ropte ho og sa. Å nei lel! Dei hørte ikkje større på henne, ikkje før ho klaga seg med seg sjøl, det var meir som ho song:

Henne vilde han ha! Og meg vilde aldri nokon ha!

Ho hadde det godt ho som var tullet, tykte somme. Andre fór der som ein tanke igjennom, og faren reiste seg, vart ståande og stirre opp til henne, han kremta og var rar alt med seg. — Jaså! sa han endelig. Skal eg tru det er sant? Jaså, jaså, Inger! Sia mumla han mange ting, kva det nå var. Helmer bad han sette seg, og det gjorde han. Helmer og Torger var oppe og såg.

Torgerstua stod, og Gammalstua stod på hall. Meir kunde dei ikkje sjå, for månen hadde gjømt seg. Dei kraup ned att og tagde.

Og sjøen braka, over vett og von. Stundom hørte dei det, noko forferdelig som skjedde og som kom; lange stunder hørte dei det ikkje, det var over dem som ein vond sømn. Etter kvart vart skomspruten for nærgåande att. Torger snakka om å flytte på seg, litt lenger sør og opp, for der tok han ikkje så hardt. Der var det mindre om sitteplass, men det var alltid einkvart å huke seg fast i. — Hadde eg berre, sa han, komme meg etter den tauglina eg tenkte på, men sjå det gjorde eg ikkje. Vi må flytte. — Ja, sa Helmer, men han vasa litt i det: — det var eit forsøk som var eit forsøk verdt.

303Dermed vakna han til og snakka rolig over dem med dei flytta seg bort til den nye bustaden sin, røsta hans vart stor og varm, og vermte dem tvert igjennom: dei hadde eitt å ta seg til nå, å vera glade for at dei var her. Karane langa kvinnfolk og ungar seg imellom, — som det var famnved, sa Helmer. Arbeide var elles farlig nok, men det gjekk. Og så sat dei på nytt, noko vondare enn før, men bedre òg, litt meir tørt.

— Var det ingen monn i bygginga dykkes da? suttra Egil. Morfar tok han på fange og lo over han: — Vi var da ikkje sure den stunda det stod på. Solveig steinsov. Mora var så vidt trøytt, ho var glad Borghild tok gjentungen på fange sitt, dei sat i breidd og hadde sitterom på eit vis. Inger fann seg rom sjøl, og faren krøkte seg ned attmed henne. — Jaså, Inger, det var slik? bromma han og sa. Ingen vilde ha deg!] Jaså, Inger, det var slik? bromma han og sa TmJaså, Inger, det var slik? bromma han og sa. Ingen vilde ha deg!

Midt i månemørkre som la seg over dem lyste det opp med eit lyn vestfrå have. Der kom fleir slike vêrblink. Dei var stygt bleike, øyane og sjøen dei synte fram vart eit ugodslig syn. Sjøtrolle let att auga og smått anka seg for kvart eit. — Vårherre gliser åt oss i natt, sa han. — Visst det ikkje er vi som gliser åt oss sjøl, sa Helmer. Atterskin av uvêre vesti hav, la han til og sette gutungen bedre til rettes i armløkka si. Det fell ikkje inn i natt, vera uredd for det. — Det har ‘n Helmer rett i, sa Sjøtrolle til Inger. Berre ein fjert i horisonten. Og det samme er vi, sukka han. Han var l304ykkelig i natt, det var han utan tvil det, men ein blir mest livredd av å vera det?

Dei fraus ille enten dei var våte eller ei. Dei hadde vondt for å halde seg fast. Ei stund hakka den tenner, og ei stund den, og med kvart gjorde dei det alle. Andleta var det ikkje verdt å sjå på, ingen av dem likna eigarmannen sin noko større, berre attergangaren hans.

Helmer såg på Kari. Auga hennes kom for han dobbelt djupe nå da ho let dem att. Dei hadde set nok for det første. I denne stunda glømte ho visst at ho var mor. Det er mange ting slik som er godt for menneske. Døden er knapt så farlig som han er stygg til. Det er denne ventetida. For somme er ho visst over evne dei kallar. Det var trulig at Kari vart sjuk etter denne natta. Etterpå snudde det seg vel for henne òg.

Kari drømte tak og anna at ho berga folk, to menneske som heldt i kring einannan, dei skulde få leva, men for kvar gongen vakna ho og såg kor ho var. Ho såg på Borghild og smilte til at ho hadde duppa. Borghild sat slik at ho stødde henne med eine knee sitt. Det var bra hjelp i det.

Borghild såg at Kari unte henne Torger, av alt sitt hjarte. Ja ho syntes mest ho hadde fått denne gjentungen òg i gave. Ho undra seg og vilde gråte: Var ho fattigaste sjela i være ho da? Ja ja, det skulde einkvan vera det òg. Ho vildra litt i tankane: To fiendar er da visst òg glad i einannan? To kvinner som er fattige på kvar sitt vis —

305Torger syntes sjå kor vakkert ho drømte nå. Han fresta å tenke ut noko fint for henne, men det vilde ikkje bli anna enn tull, — kva triv ein til når sjøen gjer seg til idiot? Sjøen som ein har levd i lag med all sin dag? Det er da den ein har levd av? Nå vil han tyne heile være for oss, han flår det så det er ei skam å sjå, kva skal slikt vera godt for? Overmakta var noko ufyselig!

Sjøtrolle stod og tagde og argfraus. Han svor på at han let seg ikkje fryse i hel. Og Inger, såg han, ho hang fast i berge som ei ørn, gut, og var vettugare enn alle dei andre. Henne hadde dei vraka, dei let henne gå urørt. Det vart henne litt for tungt ja, armods ungen hans. Slik ei vanheder var verre enn valdtekt. Og der sat Helmer, som han berga her i kveld, dei måtte ikkje tru han var nokon dumming han. Det var mykje til kar, ein kunde ha slått han på aksla og sagt at i morgo er det over, Helmer!

Men der karar Inger seg bort til han, der han sitt og blåheld på gutungen, ho hukar seg ned framfor han og gjer små vakre fakter, klappar seg på fange og rettar fram armane. Ho er gudelig vakker i andlete sitt. Og Helmer han smiler og let henne få ungekroppen, ja det gjer han det! Ho sett seg og tar han på fange, og da kjem tungetippen hennes fram, og auga dei blir stive, lykkelig er ho. Folk er jagu noko for seg det!

Som nå det at dei ikkje sovna og slepte take når sjøen løfta i dem, men nei gut! Det måtte vera 306Gud sjøl som var så mektig. Helmer bad nok til den mannen nå. — Det er det som hjelper oss, mumla han.

Sjøen var ein rakkar, ein skal aldri tru han oftare. Han gjorde alt det vonde han berre kunde finne på. Denne enkestakaren var det visst dugelig synd i. Kva slag fingrar hadde ho å halde seg fast med! Å, dei var livredde alle sammen nå. Og høgare opp kom dei ikkje. Ikkje hjelpte det heller.

Helmer retta seg opp og såg på dei andre han òg. Han tok tungt etter vêre. Så snakka han med dem, sa venner til dem og bad dem halde seg fast. — Om dei tar bort jorda under oss, og himmelen over oss, sa han, vi er da menneske lel. Vi frys oss igjennom det. Vi veit ikkje sjøl kor mykje vi tåler. Til slutt sa han at ei lidingsnatt skulde menneske ha, det hadde aldri vore ansles det.

Dei trong orda hans. Det var inga sak når dei hørte måle hans. Berre Torger sat like sæl. Han tenkte på Øyvære. Stod ikkje huse hans over denne natta, da visste han ikkje noko meir. Helmer vart varm når han såg andlete hans, han tenkte med fryd at der er den mannen, han som druknar vel til freds berre han veit at lande hans held seg oppe!

Og så var stunda der da Helmer tok fram termosflaska, — den her tåta mi, som han sa. Han hadde ein kaffekopp i trøyelomma, der fanns mest ikkje sjø i han, og den skjenkte han i åt dem, her går! ja der gjekk sukker òg, om det nå ikkje var berre 307søtt. — Det vermer i’n Helmer! rima han da det var hans tur til koppen. Det vermte dem alle. Dei hadde ei god stund. Og barna sov. Det varar med det varar, tenkte dei, og så kom sjøen verste gongen.

Dei sat i vatn og skom til oppunder armane første og andre gongen, tredje gongen visste dei ikkje for vel korles det var. Dei ansa berre og undra seg at dei var der ennå.

— Be meir til Vårherre, Helmer! ropte Sjøtrolle.

Vårherre? fresta Helmer å tenke. Og da ansa han at Kari var borte.

Dei ansa det ein om senn, og tagde. Egil hadde visst set det i sømnen, han klaga seg og mumla noko om mor, men Inger heldt han slik at han ingen ting såg.

Dei venta eit nytt laug, og da var det gjort. Det fekk komma. Oppå øvste bergnakken var det ikkje tryggare enn her, for han var glatt og skrådde mot nord. Kom sjøen verre nå, da snøydde] (v., pret. av snøyda), snauet, blottet, gjorde bar; tok bort alt som fantessnøydde han der som her. Så dei fekk vera her. Karane bala med segle. Vått var det, men slett ikkje verst, det både vermte og stødde. Inger fann seg feste litt høgare opp, fekk Borghild opp breiddmed seg og snara segle kring henne og guten på ein lur måte. Men ho rista på hovude åt Helmer: Kari var borte ho!

— Inger, Inger, mumla han. For henne hadde han visst om all sin dag, den som lagnaen sløkker lyse for; ein slik ein lyser da snart litt meir enn vi gjer.

308Han ranga av seg stortrøya, vrei henne opp og snara henne kring Inger, men ho tok henne over Egil. Sjøtrolle og Torger nappas om å få tulle inn den andre ungen i si trøye. Torger vann, for Borghild tok råda frå dem og ordna det. Båe barna vart lagt i segle, og alle sette seg og stødde bunten. Sjøtrolle murra veldig, så hadde dei ikkje hørt hav-ertena før da hørte dei henne nå. Han breidde trøya si bakom ryggen på Borghild; — ikkje noko kvinnfolk-nykkar der eg herskar, let han henne veta; han sat der i busserullen han som dei to andre karane] som dei to andre Tmsom dei to andre karane.

Helmer hadde skrine å akte på. Han visste alt var vått der. Men, der vart alltid ein matbete å finne når det lei på. Om her var nokon att da. Ingen av dem hadde vel stor vona om det.

Sjøtrolle kremta lenge og djupt; så seier han det: — Du ber det, Helmer. Kjenner eg deg rett så ber du det ja. Kom i hug, dei beste av oss lyt døy først! Med så sagt tørka han sveitten av panna og tagde. Alle tykte dei at for Helmer var det inga sak. Han hadde handfeste i sjølve evigheita han.

Sjøl spurde han seg om han var Helmer ennå. For han hang her og trudde ingen verdsens ting. Ja han trudde da at han skulde berge småkarane over verste elende når dei vakna opp til det, men han leit mest like mykje på at dei slapp å vakne. Kom sjøen att aldri så lite verre, så.

Torger måtte seie noko til Borghild, men der var ikkje noko å seie, det vart berre til at nå måtte 309ho halde seg fast da! Etterpå kjente han seg ubergelig dum, for dette måtte ho misstyde, — var det rart at han var heldig med torskefiske, han] var heldig med torskefiske han Tmvar heldig med torskefiske, han? Men Borghild var klokare. Nei ho smilte ikkje, munnen var knapt til det i natt, men han såg ho vart glad, og når ikkje han var redd da var ikkje ho det.

310VI.

Sjøane kom verre enn før ja. Dei reiste seg allmektig der nede, bratte som rettferda, fór det i ein, der kjem døden, fór det i ein annan, dei krøkte seg mot ein, kvitna og gjekk til falls, det hørtes som all himmelen revna, men nei, dei nådde ikkje fram, anna enn med skomfrøsen. Men berre vent!

Ludvik snudde seg mot Helmer. — Berre eg var litt meir glad i Jesus! klaga han seg.

Sjøen og døden, døden eller live, ingen kom stort lenger med tankane sine nett nå. Men der var mangt ein vilde ha levd for, ei ørjemengd med dyrverdige småting, herre gud at ein ikkje ansa dem før? Eller om ein hadde vore der eller der —

Torger skulde døy på sjøen, det var avgjort og i orden det, men ikkje ennå lel, og ikkje her? Det skulde ikkje Borghild heller, det kunde ikkje vera slik meint. Det var dumt han ikkje var tobakk-etar, for da kunde han tatt seg ei skrå nå.

Borghild var like trygg som han var. For det meste fraus ho så ho ikkje visste til seg, ho 311ønska ho var litt meir inne i denne frysekonsten deres her vest. Men var ho verdig til å halde liv i denne vesle skapningen som ho fresta verme ved bringa si? Det var det her spurdes om.

Nei have kom ikkje og tok dem. Det var overstått det. Fotfeste for båra veik unda: sjøen fall. Og det stemte med tida, tykte karane, om ingen av dem var mann for å sjå på klokka nå. Men det merka dei òg, at det var tida som var fienden. Ho vart evig for dem. Natta stod over dem, og ho rikka seg ikkje. Himmelen synte seg, med stjerner og stell. Han var drepande kald i åsyna. Små skydottar hadde stana der oppe, dei var ihelfrosne, kom det for ein.

Gong og annan kom eit vinddrag og isa gjennom dem, vilde suge live utor dem. Ein kunde ha bedt til stjernene at dei gjorde miskund og flytta på seg, at dei sette himmelklokka i gang, for elles opplevde ein ikkje dagen når han kom. Men for dem var ein ikkje til. Da var sjøen mildare å tenke på. Ein kunde ha sove vakkert i han, utan nattkulde. I ein voggande draum.

Men Torger sa noko som var sannare: — Nå, karar, nå flyttar vi ned til sessane våre; dei er sjøfri nå. Dei andre måtte ut av kald-dormen sin og til å sjå. Der hadde gått evige tider, men inga tid dessverre. Men der var verkelig steinseta deres. Somme hadde ramla ned, men dei andre var visst vennlige å sitte på. Det var umulig å røre på seg, men dei måtte dit ned, for det var mindre trekk 312der, sa Torger som var der først. Helmer sukka, og det var den djupaste og einsligaste bønna dei hadde hørt, men snart kremta han seg opp og var full Helmer att: — Skal bli ja!

Så døde dei var kom dei seg på plassane om sider. Midt i sjauen spurde Egil, halvt sovande, etter mor. Helmer la andletet ned til han, og sa at ho hadde det godt nå, ho fraus så fælt, og tålte så lite; — du burde kanskje ha fått vera med henne? sa han. På det svara ikkje Egil noko.

Dei hadde ei uendes tid av natta framfor seg. Alle mintes dei andre netter, eller små stunder i live sitt, slik og slik var det når ein såg det her ifrå. Dei kjente seg knapt helse til å oppleva slikt meir. Månen lyste fred over sittinga deres.

Helmer kom i hug tree i hagen der heime, der han sov barndomssømnen sin, det klorte på veggen om natta, krafsa og sleit ut fingertuppane sine, det var som ei botsøving det hadde for seg. Gutungen gjømte hovude under fellen. Desse småkrokane hadde berre eit vått segl å gjømme seg under.

Han slepte undringa innpå seg, for ho hadde vore der i heile natt: Kor har du gjort av religionen din da mann? Trua og bønna, kristengleda og heile den verda — nå da du skulde ha bruk for det? Ja her er det ikkje, svara han. Eg sitt her så snau som du ser meg. Sjøen tok det visst i natt her. Ja og vent nå: Det verste er at eg saknar det ikkje heller (tobakken sakna eg da i si tid). — 313Ja det er underlig, sa han. Ein utrulig ting for meg.

For resten laut han slå hendene nå. Inger var glad ho fekk halde Egil att. Gud veit om han sov.

Men det var i oktober i fjor det, tenkte Torger. Vêre var så mildt dei la seg og god-sov på dekke om nettene utpå banken. Og heime der sov Borghild. Nå sitt ho her og frys forderva. Ho held så trutt på annanmanns barn, du får henne ikkje til å legge det frå seg og slå hendene. Skal eg tru ho må døy barnlaus og for eit barns skyld? Han vermte henne ja, men der var visst ikkje stor monn i det. Ho hadde lurt av seg eit skjørt og tulla kring barne. Dess verre ja, men var det ulikt henne?

Borghild dorma att. Dei var så lange desse dødsstundene. Og Bror var langt, langt borte. Men ikonn sat på kvisten sin og åt granfrø, det var så inderlig beisk og god ein mat. Auga i han såg blåblinde ut, som han berre lya med dem. Og solvinden bles i håra på rompedusken hans og kjælte. — — Klauvene på kua der heime dei sprikte eitt hit og eitt dit, så nautelig vegvillt. Slik slag med auga hennes. Bror vart ikkje vâr det han.

Ho opna auga litt meir, og tykte: det er ei sak å leva, og ei anna sak å døy, men er det det samme!

Tak og anna hørte dei Sjøtrolle sitt, han snorka visst i dødsangsten først han blunda. Så var han vaken og snakka med Inger: — Hutte-oss-tu for ein daue! Du har det fint nå, Inger!

314— Hå ja da! kviskra ho, for ho hadde Egil på fange. Og bedehuse deres det fór, men dei vart berga!

Berga? Mindre trulig det. Ho fortalde nyst her om hus etter hus som fór. Somme ønskte, nå snart, at sjøen hadde tatt dem òg i samme vase.

Dei sat og døde og døde. Men Helmer tenkte det, og Sjøtrolle sa det: — Nå har vi rom, nå lyt vi røre oss med vi er til, sia er det for seint. — Ja godt folk, stemte Helmer i, så lågmælt at han ikkje vekte barna. Vi er pliktige til å berge dette her live vårt, vi som er att. Og det skal gå, ikkje sant? Vi skal døy med ære i alle fall. (Gamle ord utor ei gammal tid, men likevel —.)] men likevel —). Tmmen likevel —.)

Han og Sjøtrolle gjekk i gang. Dei tok tak av ømse slag, og la makt og sinne til. Dei var sterkast båe to var det likt til, men dei var så støle etter frysinga, dei var ikkje gangføre. Helmer datt han, med den andre oppå seg, og det var ingen god plass å dette på, han vart smågut-arg med det samme, skammelig òg, han fór opp med heile Sjøtrolle på nakken: — Nå har du synt meg fedrelande to ganger i natt] to gonger i natt Tmto ganger i natt, men nå skal du få kjenne det du! og så la han trolle over ende. Dei lo båe to, to utgamle smågutar. Live i dem vilde ikkje døy.

Torger sprang opp brattberge, utan å dette ned og slå i hel seg. Oppå toppen gjorde han nokre fakter frå eksisen, kom farande ned att, løfta Borghild og barne og svinga rundt med dem, gjorde det samme med Inger og hennes barn, så det gurgla 315i halsen på henne av fryd og redsle; der etter drog han krok med Sjøtrolle og let han vinne, drog med Helmer og vann så vidt det var. Da måtte dei to gubbane ta kvar sitt barn, — og Sjøtrolle var naturstridig å sjå til der han sat med sitt —, med at Torger sette i gang kvinnene, han fekk dem til å slå floke og meir slikt, ja han dansa med dem òg. Dei trampejåla så Sjøtrolle snudde seg frå dem.

Dei fekk varmen i seg. Men det visste han, havfiskaren, at får du varmen i deg slik, da må du òg halde han i deg på samme vise. Og Sjøtrolle snakka om fienden deres på sjøen vinterdags, toterbiten, den skulde dei akte seg for, — det måtte vera dødskulden han meinte. Nei den vilde dei undgå, ingen av dem var huga på å sova seg i hel nå lenger.

Dei stod i på karavis, fann på det eine etter det andre som kunde verme. Nei vel, det var ikkje rart å vera menneske når slikt uverdig tull vart store ting, men blås i heile verdigheita, dei torde ikkje gi seg. Helmer torde ikkje ein gong tenke på at Kari var borte, såg dei, det fekk vera til sia.

Og levande kom dei vel ikkje frå dette dei heller, men det var ei anna sak. Natta var dryg ennå, og vindkjøla saug overveldig i den usæle kroppen; og sjøen han ga seg så smått, så smått.

Helmer stod opp og song over dem da dei kvilte på. Røsta hans var menneskevarm som ho var i fordoms tid. — «Min sjel, min sjel, lov Herren!» kvad han. Vers etter vers, tonen gjekk dem til bringa og vermte dem der. Overmakta var for 316dum ei makt, det var skam om ein ikkje spytta på henne.

Ungane var varme å kjenne på. Berre dei nå kunde få sova lenge.


Ei og anna natta hadde dei opplevd før, nokon kvar av dem. Det var mest ikkje til å minnast nå lenger. Den tid da songen gjekk i bedehuse, med angen av kaffe til: — «når den siste time slår!»

Da sjøen lågna så det monna litt vart Helmer urolig. Han gjekk frå dei andre. Han var så langt ned som brotte let han komma, stod og såg etter kva båra hadde for seg, kva ho kom rullande med. Det var tare eller tang det, men for det meste ingenting. Kari var bedre gjømt enn som så, gudskjelov. Han retta på seg, på det kroppslige elende sitt, vida ut bringa og snudde seg mot austhimmelen.

Der kom ingen Gud nei, berre lovnaen om ein dag att, av det slage det kunde bli. Nei Helmer venta ikkje syner, han stod her ein snau og fri mann. Slik hadde han vore i årevis utan han merka det sjøl! Så fekk det vera slik da. For det kunde han synge om Herren like godt, og like sant; han var ein fager draum i si tid. Herren ga, og Herren tok, han tok heile religiøsiteten min, han skal vera lovprist for det, som sagt.

Han snykta til eit par gonger når Kari kom han i tanken, det var da inga skam det, i natt? Han song «Herre ta i din sterke hånd», stod liten men 317frimodig mot himmelen, let himmeldypta ise gjennom seg. Tusen på tusen med evigheits-mil bortanfor Vårherre, dit ønskar vi oss, der er det paradis der. Men når vi så kom der, og budde der —

Han tok like godt med det samme «Den signede dag som vi nu ser», for nå dagas det verkelig, og sjøen og overmakta fekk som ei skamkjensle i seg, brysta seg ikkje så storveges lenger over uverke sitt. Det var berre sømmelig at menneske følgde dem eit stykke med song.

Inger og Torger hadde speida og set: Rettnå var det framkjømt vestover. Men alle var dei for late i kroppane enda, kunde ikkje lite på noko riddarsprang. Dei fekk komma i hug barna, vart dei einige om. — Torgerstua står, og Gammalstua står på hall, fortalde Inger. Det vart så dei bia oss lel! sa ho og var glad.

Ein fekk bie sjøl òg. Men ein halv time er ei lang tid, ti gonger lenger enn dei visste om i går ved dette leite. Dei fór der og tulla ennå då sola kom] da sola kom Tmdå sola kom. Ho såg ut som ho hadde sove over seg og visste ikkje nokon ting særlig. Himmelen gjorde heller ingen stas for henne. Det var lyse i lufta som var stasen.

Og nå kunde dei ikkje vente lenger. Sola var blind enda] Sola var blind ennå TmSola var blind enda og hadde ikkje anna enn kulde å gi, lufta var som blanke isvatne. Og barna vakna og hadde det vondt. Ingen hadde noko å verme eller trøste dem med, ikkje ein sukkerbit heller 318nei, smått stell her aust i ura nå san. Helmer tok dem og heldt dem innåt seg, og fortalde dem at ennå levde dei, men det var mange som ikkje gjorde det etter denne natta, det gjorde ingen av dei andre barna i være. — Døden var her og vilde ha oss alle, sa han. Meir trong dei ikkje høre, kunde ein sjå.

Borghild knektes i hop og seig innåt mannen sin. Han tok henne på armane og roa barn med henne. Ho var bra att da han sette henne ned.

Han såg holmane bli til på nytt i kring seg, dei sola alt dei skamfarne sidene sine, og himmelen var vinterblå over dem. Innlande tedde seg fram det òg, denne velkjente blåfjellranda som dei tok mé i vestpå have. Og her var Øyvære. Ein burde vel ha takka for berginga, men han visste ikkje: Dette ovverke her i natt, kva skulde det vera godt for, å fara fram slik mot verjelaust folk? Dei hadde knapt dødd av velvære her ute like vel. Ja dei burde ikkje ha levd så verjelause, det var så, det er nå ein gong straff for å tru det beste, men han, som sagt, var ikkje opplagt til lovsong nett nå.

Ein fekk sjå korles det gjekk med Borghild etter denne medferda, og med ungane.

Sjøtrolle kom tett borttil Helmer. — Du får ha takk for både bønner og tru! sa han. Utan det hadde vi vore i tarebygda nå, heile smelta. Og så mumla han med seg sjøl, at hadde dei vore større menneske, litt meir til folk enn dei var, da kunde 319han ha skjønt denne berginga. «Mi sjel, mi sjel!» murra han.

Inger var fortenkt. For barna gjømte andleta sine og berre fraus.

Nå bar det i veg, sa Helmer. Dei fekk takke for seg og gå heim. Jaha, dei let skrape sitt etter seg og krungla seg fram til Austlone. Der stana dei, stod og såg på være sitt og sa ikkje noko.

Det var litt ansles å sjå det enn å tenke på det. Det var dem litt for sant. Torgerstua stod åleine. Gammalstua hang der på eit vis, og vrakhaugen av nauste hans Torger breiddmed, sjøen hadde lagt han att der av ein eller annan grunn. Lenger bort såg ein kor dei andre husa hadde stått. Sjøen gjekk der og vaska dei gamle tuftene, klask og annan, som i glømska etter ei vakarnatt. Der gras-svoren grønte før, der låg berge flådd og nake i dagen, torva var rulla opp i svarte bårer oppetter øvste rantane.

Ei utrivelig ødemark gliste mot heimkommarane, men nå måtte dei i hus, varme var det einaste som var verdt å tenke på. Dei kom tålig bra over, litt væte skremte ingen.

Gammalstua låg og krengde som eit gammalt farty-vrak. Ingen var huga på å sjå inn enda, men dei gjorde det like vel. Det var ikkje bedre enn dei hadde frykta. I senga, som hadde hamna ved nedre veggen, låg dei to gamlingane steins still. Gutungen låg på golve; han var alt nåkvit i andlete.

Berre Ludvik gjekk inn, dei andre skyndte seg 320åt Torgerstua for barna si skyld. Han kom snart etter. Ennå var der liv i kona, fortalde han, litt liv ja, men ikkje noko vett nå meir. Dei andre to var alt stive.

Men det store spørsmåle var om dei hadde tørre tendstikker og ved som kunde brenne. Sjøen hadde vaska golve for Borghild, og i vedbua hadde han vore og stelt med veden og tørva. — Her må grisen ha vore, sa ho da ho såg dit. Enda godt dei ikkje hadde gris i år, eller høner, trøsta ho seg. Dei fekk opp varme, når dei tok eldste kjøkkenkrakken til hjelp, og alle bytta på seg tørre klea, så nær som Inger, ho nekta tvert. Kaffe vart det vonoms fortare, og stuevarme til, og med det stod på var karane bort etter gammalkona. Der var liv i henne ja. Ho vart stelt med og lagt i stua hennes Anna, for ho kom knapt og spurde etter husromme sitt meir. Der var fleire] Der var fleir TmDer var fleire som ikkje gjorde det i dag.

Ungane vart nedpakka i dundyner, og Borghild fekk samme lagnaen. Inger la seg ikkje i frammandt hus, før sprang ho åt ura att, såg dei. Alle hadde drukke meir kaffe og nafta enn godt gjorde, men det gjorde godt lel, med noko mat til. Så bar det til sengs med karane òg, ein blund var paradise nå, alt anna kom bort. Dei var vant til å ta sømnen når han trongs og ha seg opp att når tida kom.

Inger dorma litt i ein stol, men ho var snart 321ute att, gjekk og såg etter grannane, dei frå Iverstua og dei andre, ho fekk det ikkje til, dette at dei var så søkk borte. — Men nei da! sukka ho, ikkje så mykje som ein sko-sole etter dem i tangbe’en. Dei har berga seg over til Langholmen, trøsta ho seg, guden deres har ført dem tørskodd over, har gjort samme spele før han. Det vart berre ‘n Roald og a Vebjørg som let seg drukne for alvor. Ho stod på ein av syllsteinane etter Iverstua, og da kvad ho litt for eiga rekning: — Du døyr, og ho døyr, men eg lever ennå eg. Og ‘n Helmer søv, og ungane hans søv, og ‘n far søv i nærheita med dem. Nå er det fred på jorda!

Det var ho som varskudde ved middagstid at skjøyta kom. Torger hadde alt hørt takten hennes i sømnen og heldt på og sat i senga.

Skjøyta kom bankande inn sunde som det var ein annan dag, saktna farten og såg etter bøya si. Både den og kjettingen var borte. Karane dregga midt i sunde og gjekk i jollen. Det måtte vera eit rart vær å komma heim til? Ja Langholm-mannen såg da att huse sitt han, men den andre ikkje.

Ennå drog sjøen så pass at det var vågsamt å lende med jollen. Dei andøvde] (v., pret. av andøva), holdt en båt mot vinden eller strømmen, rodde eller stoppet med årene for at båten ikke skulle drive av stedandøvde ei stund, så hoppa ungguten Gunnerus, og med Torger si hjelp kom han da i land. Han var kommunisten deres, og farlig god til å tenke og til å snakke for seg, men han var berre snaue menneske han òg nå, fekk 322ikkje opp munnen til å spøre etter søstra og broren. Broren var berga han, vesti Nakken, kunde dei trøste han med, søstra visste dei ikkje noko om. Langholm-mannen såg kona si oppved stua heime, men ikkje Roald. Roald var det vel helst kona såg etter òg.

323VII.

Inger kom og varskudde om Iverstua: Ho såg henne tydelig aust i sunde, på Langholmsida, take var så nauande likt seg. Men dei fekk skynde seg, let ho, stua heldt på og reiste att] stua heldt og reiste att Tmstua heldt på og reiste att. Dei fór i veg med skjøyta og jollen og fann huse. Det låg flatt på berge. Sjøen rugga på det, men han hadde ikkje skamraska det meir enn at det var Iverstua enda; han var for resten rimelig nå. Frå det vindauge som snudde opp kunde dei sjå ned i stua.

Dei låg der alle så nær som Vebjørg og Roald.

Det var rart å sjå att stua slik, nedgjennom vindauge, og rart å sjå att grannane på denne måten, dei låg der i sjøen og vart vogga for kvart sudrage] (n.), frådende, sugende bevegelse av stor bølge, brenning frem og tilbake, opp og ned mot strandbredden, skjær eller liknende sudrage. Andlet for andlet der nede snudde seg mot ein, snudde seg bort att, til sitt. Dei hadde fått ein mild død, kom det for ein. To av dem hadde gitarren i handa. Sjøen gjømte vakkert på dem til så lenge. Ennå drog sjøane] Ennå drog sjøen TmEnnå drog sjøane så dei kunde ikkje gjera meir.

Men korles stod det til med Kristian og dei andre 324som rømte ut på Nakken? Noko bål frå dem hadde ikkje vore å sjå sia i gårkveld. Dei var vel utan båt nå og sat der og fraus og svalt.

Det synte seg at Nakken var snau for folk. Han var så lauga og medfare at ikkje ei klo kunde fått feste der, meir øde berg stod ikkje i sjøen nokon stad. Som eit avskrapa hestehovud, syntes Helmer, så mektig i elende sitt.

Sokning og slikt fekk vera, ein måtte stelle med dei andre. I grunnen burde dei fare austover med skjøyta straks, det var for mange ting dei vanta, men her måtte dei levande la dei døde gå først.

Dei matstelte seg fort og kraftig, live smakte dem godt den stunda, og dermed bar det ut til dagens gjerning. Den fekk dei gjera.

Om kvelden hadde dei alle lika i Gammalstua. Den hadde dei støtta opp så ho stod. Litt seinare bar dei gamlemor dit, att-ende til heimen hennes, ho var død ho òg. Der låg dei i breidd på det skjeive golve, 11 lik. Helmer var glad enda ein gong at ikkje Kari var der. Barna stod i døra og såg på lika, men dei gjekk snart ut att. Det var knapt dei ansa på at morfar tok dem i handa. Ingen sørger visst meir pinsamt enn spottefuglen. Han får vel ha det han da, krypen.

Ludvik kremta sjøtroll eit par gonger og var stiv som ei maske i andlete. Han var nok ikkje alt for einig i Guds vegar nå da det gjekk innpå han. Inger vart enda mildare i blikke da ho såg dei døde kjenningane, ho smilte rådlaust og lea på 325hovude. Der låg ei lys helg over henne, syntes Helmer. Det låt litt i henne da ho tok bortpå andlete til Herlaug. Noko det samme var det med Borghild, såg han. Han rista på hovude: Kor vi diktar og tullar når vi ser lik. Dei er da ikkje noko meir. Berre som eit amen inne i oss.

Så stod dei utom døra, i stille kvelden. Sjøen gjekk og søya kring landa ennå. Det var som sellskap i det. Ei sky langt austpå hadde set månen alt og lyste i kvitaste gult. Men karane la råd opp for morgondagen.

Dei fekk ta lika og fara austover til kjerka med dem. Å fara have med 11 kister om bord i skjøyta var ikkje så greit. Det vart til at alle vilde vera med austover. For barna var det ventelig ein lettna å komma ut og bort.


Dei fór ut sunde i god tid med farmen sin. Vêre var godt nå òg. Det var så lyst. Ei lita nordavindskjøle grådde sjøen. Austpå leia var sjøen nokolite kulrygga enda, den eine dønningen etter den andre kom og minte om det som hadde vore, men dei var blanke og fredelige, vilde ikkje vondt.

— Øyvære ser etter oss, sa Helmer. Mest som det bed oss helse austover. — Og be om hjelp, kanskje? sa Torger. smeis] (v., pret. av smeise), slo, smekket, dasket løs Smeis på a fokka] (f.), (som sjøuttrykk) trekantet seil mellem baugen og masten på mindre fartøyer og båter, som i alminnelighet heises på et fokkestagfokka heller, sa han til Gunnerus. Det vart gjort, og da gjekk skjøyta straks meir stødig. Dei ga henne storsegle òg. Da fór dei fint.

326Sia sa Torger, til Helmer eller Borghild: — Ja eg må utover igjen eg. Men: Det dømmer eg ingen andre til. Borghild spurde om det var henne han tenkte på, og smilte over dumheita hans.

Helmer sat just og tenkte på det. Han fekk ta avgjerda nå, og ho var stor. Der framfor han sat barna hans, med ryggen mot mastra. Dei såg ikkje det granne meir ovkloke ut enn andre barn. Av og til kjente han blikke deres på seg. Ja ja. For deres skyld, sa det i han. For deres skyld måtte han reise på seg, opp og stå, så å seie, ta til frå nytt av enda ein gong. Han reiste seg med han tenkte på det, og det var eit tak, for han var uhjelpelig støl etter denne storvasken her.

Barna hørte ikkje til vesti eit utvær, dei krevde ei framtid. Han tenkte mangt om det, og gledde seg så smått. For enda var han mann til å rå seg eit garsbruk og komma i veg att. Kari hadde nok tenkt på det ho.

— Skal vi reise frå a mor da? spurde Solveig best det var. Dei såg på han båe to.

Han rista på hovude: — Det er ho som har reist frå oss. Ho har det bedre enn vi, nå.

Dei sa ikkje meir, for det var vel ikkje meir å seie.

Ludvik snakka med Torger: Han undra seg på om han kunde flytte inn i Gammalstua? Kven skulde han spøre om lov? For når ein kila henne opp så vart ho da god å krype inn i.

Torger visste ikkje om der fanns nokon arving 327etter gamlingane, omframt ein gjentunge. — Du kan krype inn hos oss i vinter, sa han. — Ja der er det rom nok, sa Borghild. Til både dykk og fleir. Ho såg bort mot Helmer med det samme.

Ludvik såg tomt på dem, der etter på Inger. Ho sat og småanka seg når skjøyta rulla litt for mykje, ho hadde vondt av dem som låg nedi romme. Nå stirde ho på faren. Auga hennes naubad for seg. Ho vilde ikkje bu i hus med andre. — Og du reiser vekk nå, sa ho til Helmer.

Helmer hadde tatt avgjerda. For det første vilde han sjå seg om etter husrom til så lenge. Sia kom han vel over einkvart, samme kva det kunde bli, Målfrid og mannen hennes var gode å snakke til om det kneip. Småkarane skulde få det bra, han såg lyst fram for seg. Dei sat der og visste han fann ein utveg. Det skulde bli som Kari drømte seg det.

Ja. Men så kunde han det ikkje. Tvert nei. Han kunde ikkje skille lag med desse folka her. Etter kvart skjønte han ikkje han hadde tenkt på det. I skjære skamma vart han ståande og sjå ned.

Han syntes han hadde levd i lag med dem i årevis, desse rare menneskeskapningane, men når hadde han snakka med dem? Når hadde han vore noko for dem, vore med dem i live deres? Alle dei gongene han kunde ha gjort det! Ja slik låg live hans all vegen attover, han hadde berre gått og gått, vore Helmer og aldri noko anna, ein 328tomhendt mann. Ein ørkentråvar snakka dei om ei tid her.

Han vart ståande og tenke på det. Skjøyta rann fram mellom skjær og oddar og ut på ein liten fjord, han såg det gjennom tankane og gledde seg ved det òg. Han fór ikkje som ein rømling nei. Det var han og dei andre frå Øyvære som var ute på ei ferd. Der var den, og der den, her var dei samla dei som att var. Ludvik stod og stirde på han og smått trødde; han hadde så runde blå auga.

— Ja, Helmer, sa han, nå er vi snart framme.

Dei såg på Helmer dei andre òg da.

— Det var det eg skulde sagt, sa Helmer, han retta på seg og møtte blikk for blikk: — Vi blir med utover vi òg. Om de har husrom for oss til så lenge? Eg skal snart ha hesja opp Iverstua att, eg har tømra før eg.

Dei levna til i andleta vonoms meir. Torger og Borghild lo vantruen mot han, mest lykkelig. Husrom? sa dei. Det stod der da og venta! Ludvik murra noko djupt nedi halsen, og spurde om det var sant, forsikkra så dei andre om at dette hadde han visst all sin dag om ‘n Helmer! Inger ga frå seg ein glad liten lyd ho òg. Jamvel Langholm-folka såg litt meir oppliva ut. Om dei nå ikkje skjønte dette med Roald.

Men det var barna Borghild såg på. Ho vart så heit i blikke.

329— Ikkje sant, sa han til dem, vi reiser utover på nytt?

Borghild spurde om det samme: Våga dei seg ut i Øyvære ein gong til?

Han syntes sjå ein liten varme i auga deres, men dei var like alvorsame, andleta var like fattige på uttrykk. Egil svara med det vesle tørre måle sitt:

— Ja nå ja, når det er overstått.

Og Solveig fresta å smile. Borghild såg på Helmer, men ho slo ned auga og vart rødlett. Inger klappa litt i hendene for seg sjøl.

Helmer var beinstøl og sette seg. — Det bit ikkje sjølaug på deg, sa han til Ludvik. — Nå, meinte Ludvik, eg er ikkje rart til sjøtroll her etter. Om ei stund sa han, tett bort til Helmer: — Men eg vart da berga lel — kva skal ein meine om det? Helmer smålo og rista på hovude: — Nei nå, Ludvik, nå blir du meg for djup. Men det har du rett i, at det er rart å sjå seg sjøl nå eit tak.

Frå den andre sida døden, kunde ein mest seie. Han såg på barna. Dei såg ned. Så smilte den eine, og så den andre, mest som i gamle dagar. Litt etter kom dei og sette seg breiddmed han. Forunderlige skapningar. Det var dei andre her òg, levande og forunderlige. Ein stakar vart sentimental. Kvifor var det slik ei skam, tru? Menneske fekk vel aldri lov å vera menneske, det sørga det sjøl for. Det måtte vera det som gjorde det.

330Nei han song ikkje, det kom han knapt til å gjera her etter. Men heile han var ei glede som tona, ei tru som flytta både berge og han. Tilvære kalla han det.

Og så var dei i kjerkevågen med farmen sin. Lika vart lagt i eit stort naust, eit som folk gjerne kalla liknauste, for det hadde liggi mange der før. Denne gongen var nausteigaren missnøgd med at dei kom, og særlig med at dei kom slik! Han skjemte på dem og klaga seg, og der stod dei. Torger og Helmer baud betaling for husromme.

Borghild såg på mannen sin, som ho vilde be han ta denne eigarmannen og sette han på eit vanærande kjørel.

— Vi ber dem inn lel! sa Inger.

Og det vart til at dei gjorde det. Ludvik sa til Helmer:

— Det ser ut som folk er verst mot oss dumme. Nei eg vågar Vårherre slik, han bergar for tvert han.

Der kom mykje folk til, det vart stor samling og folkesorg, men øyværingane fór austover til handelsstaden, dei måtte ruste seg for live att. Det spurdes skade etter storsjøen mangestads frå, men det var berre Øyvære som ulykka hadde gjesta.

Noko med det første Helmer såg der aust var Borghild og dei to barna i breidd oppi «gata». Solveig hadde spurd om ikkje ho og Egil måtte ha svarte band på armen sin nå, og Borghild hadde 331jamvel fått innbillt Egil at der måtte noko liknande til ja. Der gjekk dei inn på ein slik butikk. Inger var med.

Helmer og Ludvik stauka i veg att, dei hadde sitt å gjera. — Men at du har peng ennå da? sa Ludvik, du må ha vore rik? — Før tryt] (v., pret. av tryte), manglet; ble for lite; gikk tom fortryt det skodd i Vesterhav før det tryt peng hoss meg! gjønte Helmer. Men kor gjorde Torger av seg, han som var provianteringsministeren deres? — Nå, det tok vel tid, trudde Ludvik, å telefonere til byen etter så vidt mange likkister, byen var knapt budd på så stor omsettning i den bransjen. Dei fekk gi seg tida, Øyvære rømte ikkje frå dem.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Menneske og maktene

Menneske og maktene fra 1938 er Duuns siste roman og en av de mest sentrale i hele forfatterskapet.

Romanen er en kollektivroman uten en egentlig hovedperson og er bygd opp som en rammefortelling med et åpningskapittel og et sluttkapittel. Mellom disse blir leseren bedre kjent med noen av hovedpersonene fra rammefortellingen.

Menneske og maktene føyer seg inn i hovedtemaet for Duuns dikting: hva som skal til for å ikke gå under i menneskets kamp mot onde krefter. Med dyster realisme skildrer Duun en gruppe mennesker bosatt på øya Øyværet,som er truet både av krefter i naturen, i samfunnet og i dem selv. I romanen ser vi spor av den frykten for en ny verdenskrig som preget mellomkrigstiden. Allerede i første setning aner leseren at undergangen er nær: «Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under». Når katastrofen endelig rammer det lille samfunnet, viser det seg raskt at de som er solidariske med hverandre og tar ansvar for sine egne liv, overlever. De som rømmer til bedehuset og satser på å bli reddet av utenforstående makter, drukner når havet kommer.

Les Bjørg Dale Spørcks innledning og kommentarer

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.