Menneske og maktene

av Olav Duun

OM BORD I ØYVÆRE

7Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde ikkje hendt hit-til. Det kom ikkje til å hende heller. Visst det da ikkje hendte i år. Det var spådd det òg, av einkvan ulykkesvarslaren.

Dei var mange menneske der ute, om bord i Øyvære som dei sa. Somme var fødd der, andre var nykommarar. Eit par huslydar hadde nyst flytta der i frå, av kvar sin grunn.

Namne Øyvære hørtes litt rart for andre: alle væra der i kring låg på øyar. Men namne var gammalt, og godt nok til sitt bruk. Der var tre øyar, og ei mengd med holmar og skjær. Utanfor var fallgaren] (m.), raden av (undersjøiske) skjær som sjøen bryter overfallgaren, men han var stygt open rett vest for være. Berre på to av øyane budde der folk nå, ein huslyd på Langholmen og ein fem seks på Heimvære.

Dei låg i breidd dei tre øyane. Sunde mellom Heimvære og Langholmen var hamna deres, men ei utrygg hamn var det, det fekk vera tilstått.

Folk hadde budd her i alle dei år, frå utgammal tid og til nå. Før var her fleir, i den gode gamle 8tida dei kallar. Da var her godt fiske om vintrane, når berre vêre ga lov til det. Eit årvisst sommarfiske var her òg. Og så var det prisar den tida, øyværingen var velberga mann. Nå var det slut med både det eine og det andre. Det var nøda som rådde her nå eit tak. Ho hadde vel gjesta her før òg, men ho budde her ikkje den tida.

Her hadde dei levd ja. Øyvære hadde aldri gått under, kva ein elles kunde seie om det. Dei hadde trivdes her frammed sunde, åre rundt. Fór dei bort, så kom dei heim att om ei tid. Innflyttarane ga seg gjerne til å trivas her dei med.

Heimvære er ei lang og smal øy, liksom Langholmen, og høgast på øystre enden. Ved vestre odden stig Nakken i vêre, ein høg og bratt holme. Lågast er øya midt på, og der heiter det Lone, låglenda, – der er det fine grasvollen ned mot sunde. Berre eitt hus stod der, dei andre lenger vest, oppunder den låge bergryggen, han er ikkje høgare enn at storsjøen frøser skom over han både ein og to gonger om åre. I Lone spyler han vollen når vêre er på det grovaste. Være stod der like godt for det; – det har da flyti til i dag, sa folk. Javisst flaut det ja, om ein vilde seie det slik.

Husa låg bra høgt over flomåle. Det gjorde huse i Lone òg, skolestua, verdens minste skolehus, påstod vidreist folk. Det gjorde tenest som bedehus òg; så det skulde da stå. Læraren budde der når det var skole i være, som nå, og han gjorde tenest som emissær] (m.), omreisende predikant, lekpredikantemissær attåt.

9Nærmast Lone men høgt oppe låg Gammalstua, der gamlefolka i være budde. Dei låg til sengs av alderdom. Dotterdottra deres var heime og røkta dem. Dei var fødd her ute båe to.

Torgerstua låg høgst. Mannen der var òg innfødd. Så var det Nystua, så gammal ho var. Der budde Ludvik, Sjøtrolle, ein sjømann som gifta seg inn der i ungdommen; han hadde ei dotter som ikkje var rett. Enda litt lenger vest var Bua, der Helmer budde, han var ein bonde som kom flyttande hit i sommar. Vestfor den var Iverstua. Iver var innfødd. Huslyden som losjerte der var frå grannelage.] Mannen i Iverstua slik slag. Huslyden som losjerte der var frå øyane i grannelage. Så var det Nystua, så gammal ho var. Der budde Ludvik, Sjøtrolle, ein sjømann som gifta seg inn der i ungdommen; han hadde ei dotter som ikkje var rett. Enda litt lenger vest var Bua, der Helmer budde, han var ein bonde som kom flyttande hit i sommar, – det var ei soga for seg. TmSå var det Nystua, så gammal ho var. Der budde Ludvik, Sjøtrolle, ein sjømann som gifta seg inn der i ungdommen; han hadde ei dotter som ikkje var rett. Enda litt lenger vest var Bua, der Helmer budde, han var ein bonde som kom flyttande hit i sommar. Vestfor den var Iverstua. Iver var innfødd. Huslyden som losjerte der var frå grannelage. Lengst vest, eller Vestpå, budde Eivind. Foreldra hans flytta hit da han var småguten.

På Langholmen budde Elling, fødd og boren her han òg, men han hadde vore langt ut i verda. Hoss han losjerte Fridtjof, som gjekk med trefot.

I sunde budde Erik Bergan om bord i bankfartye] (n.), fartøyet som fisker på en banke, en undersjøisk forhøyning av sand og grusbankfartye sitt, når han ikkje låg utpå. Han låg her nå òg, i breidd med gamle storbåten, som låg der og aldri vart hogd opp.


Men ein kvelden var det ikkje kvelden som vanlig. Sjøen var still, dei tykte mest han var uhuglig still. Han kom lenger og lenger over flomåle. Dei vaka den natta, somme. Dagen etter var fin, og kanskje tenkte ingen meir på det. Ulykka kom rett nok, men det var Vestpå, hoss Eivind, han vart bråsjuk og måtte til dokteren; det var blodforgift.

10I kveldinga den dagen skulde rutebåten vore her, men det torde dei ikkje vente på, det kunde like snart hende han ikkje kom. Herrane i styre hadde funne ut at ein gong i veka fekk klare seg vinters tid, for dette fillevære her, som ikkje var noko vær lenger, og øyane i kring her var heller ikkje noko å koste kol på. Det skulde vera avgjort det, stod kanskje alt i blada. Ingen såg likt til røyk av båten austpå. Det vart å ta skjøyta, som vanlig.

Torger var den som åtte henne. Han var den som ennå åtte nokon ting her om bord, dei andre var snaue for år og dag sia; hadde dei ein småbåt så var det stort. To mann fór i veg. Det vart Elling på Langholmen og så Gunnerus, sonen åt sjuklingen. Elles vart aldri Torger heime når skjøyta fór. Det var den folk skulde leva av, på det vise det var. Dei undra seg sterkt over han i kveld. Det måtte vera det at han kom nylig heim frå ei ferd austover; anna kunde det da ikkje vera? – Ja ja, der gjekk dei og stod dei.

Slik dag, slik kveld. Sjøen så blank at det reint båra] (v., pret. av båra), her: tiltok og avtok i styrke som bølger (om sinnsbevegelse, følelse)båra i ein når ein såg det. Skya låg i vide flak over himmelen. Dei såg sjelden slik ro i henne her ute, det var rart å sjå. Det mørkna tidlig, det hørte årstida til. Månen synte seg da han rann austpå innlande. – Ein full og god måne, var det ein som sa. Sia skjein han fram berre gløtt og annan.

Nå nei, dampbåten kom ikkje. I staden kom lensmannsbåten kakkande inn sunde. Fullmekten 11var ute og skulde ta ein symaskin-agent, knekten hadde einkvart ulovlig å svara for, men han hadde alt fare sin veg, og ta han så att!

Med lensmannsbåten fór læraren sin veg. Skolen hadde så vidt tatt til her ute for i haust, og nå skulde det vore bedehusmøte i kveld, men så laut han eit erend austover, fanns ikkje råd for anna, og han bad Iver stå-for møte. Ingen kunde seie han rømte. Dei kom berre til å undre seg. For resten kom her ingen båtar frå granneøyane i kveld, så det vart ikkje større møte å snakke om.

Det var to slag folk her som andre stader, dei som var frelst og så dei andre. Dei levde elles fredelig i lag, rodde bokstavelig sagt i samme båten. Ein kunde trygt seie dei delte brøde med kvarandre, så langt det rakk i desse tidene. Og var lykkelige på kvar sitt vis, så det klara seg.

Men emissæren deres fór han. Han fór ikkje ein gong til den andre krinsen sin.

Der stod ein og annan på «haugen» ovanom husa, i kveld som ein annan godvêrskveld. Stod der og såg utover, prata litt om vêre eller kva det kunde bli. Einkvan nemnte kanskje sjøen òg, han steig fort, som i gårkveld og vel så det. Dei var ikkje uvant med det.

Ei stund stod Torger og kona hans der, og så Helmer, bonden, og Sjøtrolle (som var fienden hans). Ungguten Roald frå Langholmen kom og stod der han òg. Dei var verdslig folk alle, det fall seg slik] det høvde seg slik Tmdet fall seg slik. Enda Helmer hadde vore ein 12kraftkar i bedehuse ei tid, det skulde han sjøl ha fortalt. Han kom ikkje inn her] Han kom der aldri meir TmHan kom ikkje inn her. – Enten er huse for lite, eller så er det han som er for stor, sa dei. Han sat på dørhylla der ein gong i sommar med møte stod på. – Jaja-ja! hørte dei han sukka, men dei visste ikkje kva han meinte med det.

– Lat berre sjøen flø, sa han nå der han stod. Han plar da falle att.

Ludvik, Sjøtrolle deres] rettet etter Tm. 1938: Ludvig, Sjøtrolle deresLudvik, Sjøtrolle deres, snudde seg bort og spytta, eit dugelig tvi!

Borghild, kona til Torger, sa at ho likte aldri sjøen når han kom over flomåle; – kva er det han kjem etter? sa ho, men ho lo det bort att.

– Eg er glad vi har han eg, sa Helmer og lo han med.

De? frøste Sjøtrolle, og ein kunde mest sjå kor skjeggfluren] (m.), bustete, ugredd skjeggskjeggfluren hans yvde seg] (v., pret. av yvast), reiste bust; reiste segyvde seg av hat.

– Sjøen fell nok han, sa Torger. Berre dei kom tids nok fram med ‘n Eivind, la han til.

– Ja, sa kona hans, men ho tenkte på andre ting. Han er der aust nå han, sa ho med seg sjøl.

Roald sa ikkje noko i kveld. Han hadde vore still av seg i det siste, som eit eldre menneske.

Best dei stod hørte dei Erik Bergan sette i gang motoren, og dei såg han gjekk austover med fartye sitt. Det let ikkje særs lovande for dem det. Dei såg ut, den eine for den andre, som dei hadde blitt glømt att her av Vårherre. I grunnen var det vel berre det at Erik skulde austover og proviantere.

13Men dei hadde tenkt på fartye som ein hjelpar i nøda. Dei hørte motorlyden lenge.

Ei stund etter gjekk dei ned, ein om senn; Helmer sist, for han var ivrig til å stå og sjå på himmelen og have og kva det nå var, dag og kveld.

Dei hadde kvar si soga. Dei som andre. Eller vel så det, tykte dei nok sjøl.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Menneske og maktene

Menneske og maktene fra 1938 er Duuns siste roman og en av de mest sentrale i hele forfatterskapet.

Romanen er en kollektivroman uten en egentlig hovedperson og er bygd opp som en rammefortelling med et åpningskapittel og et sluttkapittel. Mellom disse blir leseren bedre kjent med noen av hovedpersonene fra rammefortellingen.

Menneske og maktene føyer seg inn i hovedtemaet for Duuns dikting: hva som skal til for å ikke gå under i menneskets kamp mot onde krefter. Med dyster realisme skildrer Duun en gruppe mennesker bosatt på øya Øyværet,som er truet både av krefter i naturen, i samfunnet og i dem selv. I romanen ser vi spor av den frykten for en ny verdenskrig som preget mellomkrigstiden. Allerede i første setning aner leseren at undergangen er nær: «Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under». Når katastrofen endelig rammer det lille samfunnet, viser det seg raskt at de som er solidariske med hverandre og tar ansvar for sine egne liv, overlever. De som rømmer til bedehuset og satser på å bli reddet av utenforstående makter, drukner når havet kommer.

Les Bjørg Dale Spørcks innledning og kommentarer

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.