Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 13 Den varslande fuglen


Innleiing

Dette er ei lagnadstung og uhyggjeleg vise. Lagnaden kan ingen sleppe unna, og synd må bøtast også av etterkomarane.

I balladane brukar fuglane å kome med kjærleiksbod, men i denne visa spår fuglen at jomfrua skal få ni barn med sin yngste bror. Ho går til brorens gard, men han vil ikkje opne for nokon om natta. Jomfrua klarer likevel å kome seg inn. Ho set seg ved senga hans og ber han fortelje draumen sin. Det syner seg at han har drøymt det same som fuglen spådde. Bror og syster tek kvarandre i hand og vandrar til framande land. Der er dei i ti år, og ho føder ni born. To blir prestar, to blir bønder, to skal sitje i kongens råd og to skal rå over Danmark. Det siste barnet er ei omflakkande (eller forsvarslaus) kvinne som vert brend på bål som bot for moras synder.

Den danske tittelen på denne balladen er «Synd og Bod», men i den danske versjonen blir ikkje det siste barnet brent, ho går derimot i kloster. Det er som bot for synda, men det er ikkje nok. Ho mister livet når klosteret brenn ned.

Den danske versjonen er berre bevart i munnleg tradisjon, men er så fast i forma at danske forskarar har tenkt seg at visa må skrive seg frå eit ukjent skillingstrykk. I Noreg er det skrive opp ni variantar av visa frå ulike stader i Telemark. Innhaldet er likt, men i motsetning til den danske versjonen, varierer den norske visa så mykje i utformingane, at ho må ha levd ei god stund i eit kreativt tradisjonsmiljø.

Lindeman har skrive opp ein melodi etter Halvor Andresson Tungen i Sauherad. Denne melodien har også i seinare tid vorte brukt til TSB D 409, «Harpespelaren» (Signelin bygde seg oppå ei borg), men ingen andre tekster av D 409 har det omkvedet som er brukt til A 13.

Utsyn 41
DgF 535




Oppskrift A

TSB A 13: Den varslande fuglen

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Aslaug Targjeisdotter Askedalen, Vrådal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 345–347 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Den varande fugl. II.

*

1. Der kom ein fugl av fremmende land
– Dæ synger på skúr –
sette seg på jomfrúvas búr å sång.
– Den eine gjeng aller útav min hug. –

2. Høyrer du fugl hott eg spyr deg?
kvi må ‘kje folkje om nettanne få sova for deg?

3. Sille du alle dine follogji vita,
så kunne du aller på jóri liva.

4. Dæ follogje felle meg aller så tungt,
eg lýte vera gla så lengje eg æ ung.

5. Du sko’ få dei bóni ní
de mæ din bróer alle di.

6. Sko eg få di bóni ní,
så seg meg follogje te alle dí.

7. Den fyste å den andre dei sko blí prestar,
den tree å den fjóre bøndanne beste.

8. Den femte å den sette kungjens rå,
den sjúnde å 8de for lande rå.

9. Den niende sko blíve eitt ærelaust bån
årlíg å silde brennast på bål.

10. Sko hó så blí ei ærelaus kvinde,
sko hó så líe for syndinnæ míne.

11. Syster tók på seg kåpa blå,
så gjekk hó í høieloft der bróeren låg.

12. EgAlternativ lesemåte: Han drøymde un dei jósi ní,
eg sille tenne alle dí.

13. Di åtte fekk eg så snarleg te brenne,
dæ niende fekk eg aller tenne.

14. Bróer tók syster ved sin hand,
så reiser han seg i fremmende land.

15. Di va’ íhopes i åri tí
så ha’ dei óíhop dei bóni ni.

*

I 1859 har Bugge fått ei strofe til frå Aslaug Askedalen:

Der sit ein fugl uppå vår spir
han synge so vakkert um Jesum Krist.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 228–229




Oppskrift B

TSB A 13: Den varslande fuglen

Oppskrift: 1859 av Sophus Bugge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge h, 338–339 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Den varande fugl.

*

1. Der kom ein fugl av fremmende land
han sette seg ne på klædestang.
– Den eine gjeng aldri utav min hu –

2. Dú ska’ taka din broder i hand
so reiser du av på fremmende land.

3. Du ska’ reise mæ din bróer iår,
du fangar mæ han dei bonni små.

4. Dei tvo dei blíve prestar,
dei are tvo bøndanneOver ordet står: lang ø beste.

5. De femte å sette kungens rå,
de syvende å åttende værelaust bån.Under lina står: ha’ ‘kje væresta

6. Den níende bliv en væreløs kvinde
sútir å sorgjir kann hó binde.

7. Systeri tók sin broder i hand
so reiste dei av på fremmende land.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 159–160.




Oppskrift C

TSB A 13: Den varslande fuglen

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 286–288 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Den varande fugl.

*

1. Der kom ein fugl av anna land
– De synger i skóv –

han sette seg på jomfrusbur å sang.
– Den eine gjengst alli útav min hug. –

2. Å høyr dú de fugl hot eg deg fregar
kví må ‘kje fokkji um nettanne sova.

3. Skjøn jomfrú, sk[jøn] j[omfrú], dú mig ikkje fregar,
de æ deg sjóv ti sút å tregji.

4. Dú sko eige dei bonni ní
din yngste bróeren æ faerAlternativ lesemåte: fairen ti di.

5. Sko eg eige dei bonni ní
dú seg meg forfoll ti alle dí.

6. Sko eg seie deg forfoll ti alle di,
dú kann ikkje liva på joren fyr dí.

7. Dei follogje æ’ alli so tung,
eg lýte vere gla, mæ eg æ ung.

8. Dei tvo dei blíve prestar,
dei are tvo bøndar beste.

9. Dei tvo dei blíve upphengde
d[ei] a[re] t[vo] blíve uppbrende.

10. De níende blív ei værelausOver ordet står: ha ‘kje væreste kvinne,
sútir å sorgjir fær hó finne.

11. Skjøn jomfrú hó akslar kåpa blå,
so tek hó vegjen ti sin bróers går.

12. Hó tók sin bróeren kring hvídan hals,
herri Gud bære meg fuglen sa’ sant.

13. Dei tók hverandre í hvídan hand
so reiser dei på fremminde land.

14. Dei va íhop i åtte år
dei åtte íhóp dei bonne små.

15. Dei tvo dei bleiv no prestar,
dei are tvo bøndar beste.

16. Dei [tvo dei bleiv] upphengde
[dei are tvo bleiv] uppbrende.

17. De niende bleiv [ei værelaus] kvinne
[suter å sorgjir] fekk hó finne.

18. DeiOver ordet står: foreldri va der so lengji,
ti dei blei uppå bålen brende.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Utfyllingane er henta frå reinskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 15–16.




Oppskrift D

TSB A 13: Den varslande fuglen

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Tone Olsdotter Vistadbakken, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge r, 6–7 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Den varande fugl.

*

1. Fuglen site på kvisti
– De syng i skóg –
han synge so mykje um Jesum Krist.
– Den eine gjeng alli utav min hú –

2. Han site der so lengji
han vekkjer jomfruva av sengji.

3. Dú sko hava di bonni ní
alt mæ den yngste broderen din.

4. Veit dú detta so veit dú mei
dú seie meg skjæben av alle dei

5. Dei tvo sko vera kungar ivi Danemark råde
dei andre tvo kungens næste rå.

6. Dei are sko vera prestar
dei are tvo bøndanne beste.

7. De niende sko væera eit ærelaust bån
som årle å silde sko brennast på bål.

8. De níende [sko vera] ei ærelaus kvinne
som aldrialle dikkos syndir sko burtvinne.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 9–10.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.