Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 20 Varulven

[Elen og ulvane]


Innleiing

På vegen over heia møter Elen ein ulv. Ho klatrar opp i eit tre, men ulven klarer å velte treet. Ho ropar på festarmannen sin, men han kjem for seint. Han får sjå berre blod og bleike kinn.

I Noreg er visa berre kjent i ein fragmentarisk tekst som Sophus Bugge skreiv etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland i 1857. Fire år seinare song Bendik visa for Lindeman. Andre oppskrifter av denne visa har vi ikkje i Noreg.


Varulv
I den norske visa er det ikkje nemnt at ulven er ein varulv, men i dei svenske og danske versjonane oppfører han seg som ein varulv. For det første riv han treet opp med rot, og for det andre riv han henne opp og står med fosteret hennar i kjeften når festarmannen kjem.

I varulvtradisjonen er det snakk om to slag. Den eine er den vonde trollmannen som sjølv kan skape seg om til ein ulv når han vil, den andre er eit uskuldig menneske som har fått kasta ulvehamen på seg. Han vert dømd til å «springe ulv», heilt til han blir fri for trolldomen. Ein måte å bli kvitt forbanninga er å drikke blod av eit ufødt barn.

Utsyn 176
DgF 54
SMB 6




Oppskrift A

TSB A 20: Varulven

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 232 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Elen ville ti kjellar gå
– Sporen mæ fóten spenner. –
tók hó vegjen at heio låg.
– Då kom mannens gangari ti renne. –

2. Elen kleiv uppí ei lind,
ulven slo den lind umkring.

3. E[len] ropa så hågt eitt ljó,
de bar lýtt ti Hermós bór.

4. «De salar meg út min blakke
han bere meg skjót mót bakkjen!

5. [«De salar meg út] min kvíte!
[han bere meg skjót] ór díkji.

6. Så salar de ut min bróne.
[han bere meg skjót] ó tóni.

7. Hermó kom seg at den lund,
han såg ‘kje berre bló å bleike kinn

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 265. Trykt i DgF III, 828.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.