Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 29 Lindormbrura


Innleiing

Ei ung og gifteferdig jente står ute og slår sitt hår når lindormen kjem til gards. Ormen stiller henne overfor eit dramatisk ultimatum: anten å late livet med det same, eller å følgje med han og bli kjærasten hans. Ho vel det siste, trass i åtvaringar frå sine nærmaste, for slik er lagnaden hennar, seier ho. Lindormen reier ei seng midt i den grøne enga. Når jenta vaknar morgonen etter, er lindormen borte, og i staden ligg ein vakker prins ved sida hennar. Det blir stor glede, og dei feirar bryllaup.

Det finst berre nokre få variantar av denne relativt korte og enkle balladen, alle frå Telemark. Den mest fullstendige teksten skreiv Sophus Bugge opp (1864) etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli (1789–1868) frå Fyresdal. Bugge skreiv opp atten balladar etter Åsne. Åsne Spokkeli var gardmannskone, og ho og ektemannen Olav fekk elleve born. To av sønene, Såve og Gunleik Olssøner, kunne også balladar, og fleire i slekta med dei. Såve og Gunleik var elles kjempekarar og slåstkjemper, som etter det bygdebokskrivaren Bendik Veum skriv, «for bygdene rundt og øvde karstak», men det var før dei emigrerte til Amerika i 1860-åra (Jonsson & Solberg 2011: 601–603).

«Lindormbrura» finst også på dansk og svensk. Ikkje minst er det skrive opp mange svenske variantar frå om lag 1810 og frametter til kring 1910. Danske variantar finst både frå 1600-talet og i nyare tradisjon. Peder Syv trykte ei form av visa i Kjempeviseboka (1695). Her heiter det at jomfrua slår på gullharpa når lindormen kjem til henne, eit formeluttrykk som svarar til det å slå ut eller kjemme håret, og som vil seie så mykje som at ho er gifteferdig:

Signelild sidder i bure,
hun slar guld harpen prude.

Hun slaer guldharpen under skarlagen skind,
Og der kom Lindormen skridende ind
(DgF II: 213–214).

Ordet lindorm eller lindarorm har ingen ting med treslaget lind å gjere. Utgangspunktet er det norrøne linnr (m) = orm. Ivar Aasen definerer lindorm som «Slange af fabelagtig Størrelse», og som fabeldyr er lindormen i slekt med draken.

Som vi forstår, ligg det ei omskapingshistorie bak visehandlinga. Det som skal til for at den omskapte prinsen kan bli menneske att, er ei kvinnes kjærleik. Det finst eit norsk folkeeventyr der ein prins er omskapt til orm: «Prins Hedvig og skjønn Valborg» (Hodne 1984: 102), men i dei fleste norske omskapingseventyr er den omskapte prinsen bjørn eller ulv.

Utsyn 35
DgF 65
SMB 11




Oppskrift A

TSB A 29: Lindormbrura

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli, Veum, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge q, 13–15 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Lindormens Brud.

*

1. Ingelíte sto úti å sló sitt hår
so kjeme leie lindarormen rennande í går.
– Dei leikte på vollann –

2. Å dú tar no slétt inkji slå håri at meg
eg aktar no inkji å beile ti deg.

3. Ja anten dú aktar hell dú let meg vere
so æ de same hot slík ein mónn gjere.

4. KvorAlternativ lesemåte: Kvår vi’ dú Ingelí lat låte ditt lív,
hell dú vi no vere leie lindarormens viv

5. Kvår [vi’ dú Ingelí] hera døy
[hell dú vi no vere leie lindarormens] møy.

6. Eg æ for ringe ti hera døy,
helle lyt eg noAlternativ lesemåte: eg lýt no helle vere lindarormens møy.

7. Å høyrer dú Ingeli hot eg seie deg
kví drege dú leie lindarormen her,

8. Dette hev Gud lagt meg ti møa
at eg må fýgje l[eie] l[indarormen] ti døe.

9. [Dette hev Gud lagt meg ti] harm,
[at eg må fygje leie lindarormen] ti grav.

10. Lindarormen renner seg í grønan eng,
der va’ reidd upp ei silkjeseng.

11. Ingelíte sovna
å sterke verkjinne dovna

12. Ingelíte ho vakna umkring seg såg
ein deilige kóngssón innmæ hennar låg

13. Der blei gle’i å der blei gnýr,
dei drakk deires bryllaup i Englands bý.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 89–90.




Oppskrift B

TSB A 29: Lindormbrura

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Olav O. Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLVI, 62

Oppgjeven tittel: Lindorm-bruri

*

1. Ingelitì sto ute aa kjembde sitt haar
sò kaam den lindaròrmen rennans ì gaar

2. Aa du tar ìnkji kjemb’e haare fe meg,
eg agtar no ìkkje aa beile tì deg.

3. Ja anten du beilar hell du let vera,
sò æ de de sama hòtt slik ein vi’ gjera.

4. Kvaar vi’ du Ingelitì laate ditt liv,
hell vi’ du bli l[indaròrmen]s viv.

5. Eg æ for ong’e tí laate liv,
hell’e lyt eg vera l[indaròrmen]s viv.

6. L[indarormen] renner i grønan eng,
der reidd’ ‘o upp ei silkjeseng.

7. I[ngelitì] la seg i sengji aa sòv
— — — —

8. I[ngelitì] vakna, ikring seg ‘o saag,
(daa ha’n blivi tì ein kongsson)

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under tittelen har Berge skrive: Uts. 35. Den konne Hæge Bjønnesta i Førsdal. De va’ syster tì mor mì.




Oppskrift C

TSB A 29: Lindormbrura

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Lars Haraldsson Lofthus/Kåsa, Tuddal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 275 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Lindormens Brud.

*

1. Jeg æ alt for ung til at døy
jeg fær væl vøraa lindarormens unge véne møy
– Me dei lekte på vollein. –

Faeren sagde at hun skulde dø eller blive Lindarormens Mø

*

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 220, etter Lars Lofthus og Margjit Svigsli, Tuddal. Kladden med Margjit Svigslis bidrag er i NFS S. Bugge i, 199.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.