Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 30 Møya i linda


Innleiing

Ei kvinne som står brur får vite at barnet ho ser på golvet er dotter til mannen ho skal gifte seg med. Kvinna er ei trollkvinne, og ho skaper stedotter si om til ein ulv og deretter til ei lind. Ei jente, Signelill, kjem forbi og får sjå linda. Signelill velsignar henne fordi ho alltid står så grøn og vakker. Då svarar linda henne og klagar over den vonde lagnaden sin:

Dú sit inni å tvær din fót,
eg stende úti mæ frosi rót

Signelill går sin veg, gråtande, men kjem attende og høgg linda ned med rota. Då blir den omskapte stedottera menneske att.

Det finst eit titals variantar av denne balladen, men handlinga er ufullstendig i dei fleste. At tradisjonen for denne visa har vore på hell, går elles fram av samanblandinga mellom stemora og Signelill, fleire av songarane meinte at dei to var ein og same person. Sophus Bugge, som skreiv opp dei fleste variantane av «Møya i linda», meinte at dette synet var «aabenbart urigtigt» (DgF III: 8409). Dei fleste variantane er frå Vrådal i Telemark. Lindeman skreiv i 1863 opp melodien etter Aslaug Targjeisdotter Askedalen (1799–1876) (Ressem [utg.] 2011: 40), og Bugge skreiv opp ein av dei beste tekstvariantane etter same songar i 1857 (Jonsson & Solberg 2011: 363–364). Bugges oppskrift er trykt (DgF III: 839–840). Elles er det verdt å merke seg at John Lie så seint som kring 1898–1899 skreiv opp ei fyldig og god form etter den utvandra fyresdølen Olav Gunnarsson Tortveit (f. 1829) i Buffalo River, Minnesota. Historikaren Bendik Veum skriv at Olav Gunnarsson var «ein gjæv kar for nordmennene i Vesterheimen. Ordgjeten visekvedar og forteljar» (Jonsson & Solberg 2011: 604–605). Lies oppskrift er rett nok supplert med strofer etter oppskrivarens mor og bestemor.

Balladen finst også på dansk og svensk med noko anna handling. Den omskapte kvinna kan ikkje bli menneske att før ein mann som ho nemner kysser rota på treet. Når mannen gjer det, skjer forløysinga:

Konung Magnus han faller på sin’ bara knä,
Och kysser så roten på Lindeträd.

När konung Magnus stiger opp, och ser sig omkring,
Så ståndar där en Iungfru så fager och så fin
(SMB 1: 86)

Utsyn 36
DgF 66
SMB 12




Oppskrift A

TSB A 30: Møya i linda

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Aslaug Targjeisdotter Askedalen, Vrådal, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 284–287 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Jomfrúga í lindi.

*

1. Upp tala brúri i benkjen sat
Kven eige dæ båne på golve går.
– Ímót så blíver en somår. –

2. Te svara dei brúkvindunne
Dæ eige den herren som dú sko’ få.

3. Hó gjore dæ båni så mykje ímót,
hó skapte dæ te ein ulv så jót.

4. Ho skapte dæ í ein bæri ting,
h[o] sk[apte] d[et] í ei lind så skjønn.

5. Stolts Signelill ville te kyrkja gå,
så såg ho den lindi i lunden står.

6. Gud vælsigne den lind så skjønn;
allstøtt stende hó líke grønn.

7. St[olts] S[ignelill] S[tolts] S[ignelill] spott ikkje meg;
bæri heve du heime sjå deg!

8. Du sit inne å tvær ditt hår,
eg må stande úte bå høst å vår.

9. [Du sit inne å tvær] din fót,
[eg må stande úte] mæ frosi rót.

10. Dei beste riddarann’ æ’ her mæ sjå deg,
dei beste timmermennan søkjer meg.

11. Så høgge dí meg ti sængjestokk
eg høyrer så mangt eitt løyndesnakk.

12. [Så høgge dí meg ti] altartré,
der legge seg så mangen syndar ne.

13. [Så høgge dí meg ti] kyrkjeskrúvEtter ordet står: (port?)Kommentar i reinskrifta: Vaabenhus
der sit så mang ei ærleg brúr.

14. St[olts] S[ignelill] aksla kåpa blå,
gråtande gjekk hó lindi ífrå.

15. Så hoggje hó hennar i kvor den rót,
å av blei der ei jomfru gó.

*

Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS, S. Bugge 4, 217–218.




Oppskrift B

TSB A 30: Møya i linda

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Elen Jensdotter Rolleivstad, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 161–165 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Eg var meg så liti ei møy,
mi moder hó mónne på barseng døy.
– Imót den blíe sommår –

2. Eg va’ ikkje håt åtte år,
då eg fekk meg en sjukmoder i går.

3. Så skapte hó meg i en gangari grå,
så sende hó meg av ti kungens går.

4. De tótte mí skjukmór veri vest,
at adde dei gillaste sill’ ake mæ meg mest.

5. [Så skapte hó meg i] eit liti svær
eg sille fare i mannefær

6. De [tótte mí skjukmór veri vest,]
[at adde dei gillaste] sille bera meg mest (derefter Kniven)Parentesen må bety at strofene om kniven skal inn her, sjølv om dei er skrivne inn etter strofene om nåla. Reinskrifta har strofene om kniven som nummer sju og åtte.

7. [Så skapte hó meg i] ein líten knív,
hó sa’ eg sill’ taka av mannelív.

8. De tótte [mí skjukmór veri vest,]
[at adde dei gillaste sille] tægje mæ meg mest.

9. Så [skapte hó meg i] ei liti nål
[så sende hó meg av ti] skræddarens går.

10. De tótte [mí skjukmór veri vest,]
[at adde dei gillaste sille] saume mæ meg mest.

11. Så [skapte hó meg] i ein ulve grå,
hó sa’ at eg sille på skogjen gå

12. Hó sa, at eg sill’ ikkje få bót,
før eg fekk drukkji min broders blód.

13. Min skjukmoder var så gammel en kvinde,
men herre Gud lod hende mæ båni binde.

14. Mi skjukmoder va’ heimi i åtte år,
ho tóre ‘kje ti kyrkja for ulven grå.

15. Dæ níende tók hó ti kyrkja gå,
níe møyar så va dei då.

16. Níe møyar dei rei i ring,
mi skjukmorAlternativ lesemåte: moder hó rei innar i kring

17. Så tok eg hennar i kåpa blå
så rykte eg hennar av gangaren grå.

18. [Så tok eg hennar i] silkjeskaut
[så rykte eg hennar av] vegebraut.

19. Så reiv eg út hennes vistri síe,
så hennes blod de sprang så víe.

20. [Så reiv eg út] hennes hjarterót,
så fekk eg drukkji min broders blod.

21. Då eg ha’ drukkji min broders blod,
då blev eg atte ei jomfrú så gó.

22. Då eg va’ ei jomfrú så go’,
då gjekk eg inn for min fader å stó.

23. Då eg gjekk [inn for min fader å] stó,
så skapte han meg i ei hind så go’

24. Fyst andre lindar dei feller bla,
allstøtt ska’ dú stande líke klar.

25. Når andre lindar [dei feller] løv,
[allstøtt ska dú stande líke] grøn.

(Hendes syster satte sig under den Linden)

26. Her sit du mi syster å skór din fot
eg stende úti mæ frosi rót.

27. [Her sit du mi syster å] klær din kropp,
[eg stende úti mæ] frosen topp.

28. I kvellRetta frå: kjem så kjeme deAlternativ lesemåte: der belar ti deg,
i morgó kjem hoggarne høgg av meg.

29. Dei høgge av meg dei kyrkjesvalir
eg høyrer så mange dei løyndetali.

30. I ein kyrkjekannn
eg skjenker så mang en synduge mann.

*

Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet.

Reinskrift i anna hand med rettingar og tillegg av Sophus Bugge: NFS S. Bugge VIII, 66ff.

I Dansk Folkemindesamling finst denne kommentaren frå Sophus Bugge (DFS, XII, 13, 168): Men denne Vise om Jomfruen i Ulveham er i Norge ogsaa paa forskjellige Maader slynget sammen med Visen om Jomfruen i Linden og har da dennes Omkvæd. Dels er Møen af en Stifmoder omskabt til en Ulv. og siden af sin Fader til en Lind; saaledes i to Optegnelser fra Skafsaa (hvori D mange danske Ord og Former). Den ene lyder saaledes:

1. Eg va’ meg så líti ei møy,
mi moder hó mónne på barseng døy.
– Imót den blíe sómår –




Oppskrift C

TSB A 30: Møya i linda

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 112–117

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Eg va meg so lítæ ei møy
mi móder hó mónne på barseng døy
– Ímót den blíe sommår.–

2. Eg va inkji kot åre fem
fyrr eg fekk meg ei skjukmoderAlternativ lesemåte: moir igjen

3. De fyste mi skjukmoir meg mæ augunne såg
so skapte hó meg í nål å í trå.

4. So s[kapte hó meg í nål å í] trå,
so sendte hó meg ti skræddarens går.

5. Men alt sóm eg va í nålæ sóm best,
alle dei gillaste souma mæ meg mest.

6. De tótte mi skjukmoder vere vest,
at adde dei gillaste sill soume mæ meg mest.

7. So skapte hó meg í ein líten knív
å sa eg sille take av ein mann’e lív.
Alt som

8. Lengji va eg í ein líten knív
men eg tók aldri av nogen mann’e lív.

9. De totte [mi skjukmoder vere] vest
[at adde dei gillaste sill] bera på[meg mest]

10. [So skapte hó meg] í eit líti svær
hó sa eg sill’ fare í ei kjempehær.

11. Men alt som eg va í sv[æri] som best
alle dei gillaste feikta mæ [meg mest]

12. De totte [mi skjukmoder vere] vest
[at adde dei] gillaste feikta [mæ meg mest]

13. So skapte ho meg í ein ulve so grå
ho sa at eg sille på skógjen gå.

14. Hó sa at eg sille alli få bót
fyrr eg fekk drukkji min broders bló

15. Mi skjukmoder va so gammel en kvinde
Herrevår herre lod hende med barnet binde. Denne strofa står som nummer 13 med haker i margen, som viser at ho høyrer heime her som strofe 15.

16. En gang gik hun så lystelig i rosens lund spasered
den ulv han sprang so greskjeleg og vilde hende fiksere

17. So rev jeg ud hennes vinstre fod
so fekk egAlternativ lesemåte: jeg drukket min broders blod
igjen fik jeg min helbrede

18. Då eg ha drukkji min broders bló
då blei eg att í ei jomfrú so gó.

19. Alt som eg va í ei jomfrú so gó,
so gjekk eg inn fyre min fader å stó.

20. Min skjukmoder haver meg so ofte forskapt
å líti so visste min fader derav.

21. Min fader han blei bådi gram å vill
han skapte meg í ei lind so gill

22. Når andre linder dei feller løv
so skal dú stande líke grøn.

23. Her site dú min syster å greier din lokk
men eg stende úti mæ frosen topp.

24. Her [site dú mi syster] å skór din fot
[men eg stende úti] mæ frosæ rót.

25. I morgó so kjeme den bélar ti deg,
imorgó kjem timmermannen å høgge meg.

26. Dei høgg av meg noko kvílefjølir,
eg høyrer so mang ei løyndetale.

27. Dei høgg av meg denein kyrkjekamb,
eg skjúler so mang ein synduge mann.

*

Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet.

Ei avskrift finst i samlinga etter Rikard Berge (TGM R. Berge DCVI, 44 ff.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.