Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 33 Kongssonen av Norigsland


Innleiing

Kongssonen av Norigsland ber ein fugl om å flyge til Engeland for å fri til den vakre jomfrua for seg. Fuglen kjem fram med frieriet, men jomfrua seier at om ho nokon gong blir dronning i Norigsland, skal ho leggje tunge skattar på bøndene. Fuglen blir sint og flyg tilbake med bod om at jomfrua svara kort nei. I balladane er det ikkje uvanleg at fuglar flyg med kjærleiksbod, men det er ikkje vanleg at fuglen kjem med eit usant bod.

Moltke Moe meinte at det måtte liggje ei historisk hending til grunn for denne visa. I 1295 vart baron Audun Hestakorn send til Paris for å avtale eit giftemål mellom Håkon Magnusson, kongens bror, og grevinne Isabella av Joigny. Samstundes vart det gjord ei avtale om at den norske kongen skulle stille 300 skip og 50 000 mann til hjelp for den franske kongen i krigen mot England. Moltke Moe meinte at folket hadde laga seg eit bilete av eit giftarmål mellom kongssonen og ei framand fyrstinne, og at det ville føre tunge skattar med seg. Dette hadde då skapt sinne, og av denne harmen skulle visa vorte skapt.

Denne teorien går ikkje heilt opp. I staden for tunge skattar, kom Audun Hestakorn heim med 1200 kilo reint sølv, og giftemålet vart det ikkje noko av. Dessutan måtte også folket ha forstått at 300 skip og 50 000 mann var heilt urealistisk.

Sophus Bugge skreiv opp fem variantar av denne visa, tre frå Skafså og to frå Fyresdal. Ein variant etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli frå Fyresdal skil seg noko frå dei andre. I denne varianten byr kongssonen fuglen gull for å bringe bodet til jomfrua, men i siste strofe får han ikkje noka løn, og fugleungane er daude.

Då Moltke Moe la fram teorien sin, kjente han ikkje til at det fanst ei liknande dansk vise frå 1500-talet: Den favre liden Fugl. Den visa har ein del til felles med Gunnhild Sundslis vise. Versemålet i dei to visene er uvanleg, med berre to taktslag i verseline to og fire. Omkvedet er likt, og motivet med dei daude fugleungane er felles. Elles får ikkje fuglen i den danske visa eit klårt svar av jomfrua.

Sidan nesten alle bodberande fuglar i europeiske balladar får ja av jomfrua, meinte den danske forskaren Hakon Grüner-Nielsen at grunnlaget for desse visene også hadde vore slik. Men i Noreg har dei sørgjelege slutningsstrofene ført til at også frieriet kunne få eit negativt svar, og motiv frå den danske visa om den griske dronning Bengerd, som ville leggje hard skatt på bøndene, har inspirert også vår vise.

Likevel såg ikkje Grüner-Nielsen bort frå at omdiktinga kan ha skjedd i ein historisk situasjon. I så fall er denne visa blant dei aller eldste balladane vi har.

Utsyn 184
Jf. DgF 506




Oppskrift A

TSB A 33: Kongssonen av Norigsland

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 242–244 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Høyr dú dé dú liten fugl,
hott eg seie deg:
du ska’ reise av på eitt anna land
å bele for meg.

2. Hossi [kan eg reise av på eitt anna land]
[å bele for] deg,
når eg hev ‘kje anten brev hell rónir
å føre mæ meg.

3. De va’ no den líten fugl,
han fauk ivi hav,
då kom han ti den skjøne jomfrúve,
då de va’ dag.

4. Høyrer du de du skjøne jomfrúve,
hott eg spyre deg:
her æ’ ein kungssón i Norigs land
som vi’ bele ti deg.

5. Æ der ein k[ungssón] i N[origs] l[and]
[som vi’ bele ti] meg,
hori æ’ då dei brev å rónir
som han sendte mæ deg.

6. Eg va’ meg så líten ein fugl,
í grase eg rann,
eg hev inkje anten brev hell rónir
å føre fram.

7. Ska’ eg dronning i Norigs land vera,
mens eg æ’ eitt barn,
så ska’ eg skatten på bøndanne leggje,
å den ska blíve har.

8. Ska [eg dronning i Norigs land vera,]
[mens eg æ’] så ung
[så ska’ eg skatten på bøndanne leggje,]
[å den ska blíve] tung.

9. Vi’ du sk[atten på bøndanne leggje,]
[å den ska blíve] har,
Gud late deg aldri ti Norigsland koma
anten nått heller dag.

10. Vi’ [du skatten på bøndanne leggje]
[å den ska blive] tung,
[Gud late deg aldri ti Norigsland koma]
anten gomol hell ung.

11. Burt då fauk den líten fugl,
han fauk ivi hav,
han kom att ti Norigs lands kungeson
då de va’ dag.

12. Høyr du de du N[origs lands] k[ungeson]
hott eg siger deg,
du fekk de svare av den skjøne jomfrúve
å nei, kórt nei.

*

Strofene er ikkje nummererte av samlaren.

Reinskrift: NFS S. Bugge 5, 3–4. Det finst òg ei oppskrift etter same songar fra 1863 i NFS S. Bugge i, 358–359.




Oppskrift B

TSB A33: Kongssonen av Norigsland

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge IX, 6–7 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Den liden Smaafugl.

*

1. Vi du bere bræv å sendebo
ti mi skjøna jomfrú
so ska eg late din líte fjørham
í rødegull bú.
– Ikor han finne si jomfrú –

2. Eg æ meg ein líten småfugl
eg fløg í vé
eg kann inkji bræv hell sendebo
framføre mæ meg.

3. Av so fouk den líten småfugl
han va so gla,
men han kom inkji ti jomfrúvas búr
fyrr de va dag.

4. Aa statt upp mi skjøne jomfrú
eg vi tale mæ deg
der æ ein svein í Noríkjes land
som bélar ti deg.

5. Kjeme no eg ti Noríkjes land
eg æ no so ung
so legg eg skatten på Noríkjes bøndar
å den blíve tung.

6. Legge du skatt[en] p[å] N[orikjes] b[ønder]
d[en] b[live] t[ung.]
Gud late deg aldri ti Noríkje kome
anten gåmóSamlarkommentar: (gammel) hell ung.

7. Av so fouk d[en] l[íten] sm[å]f[ugl]
han va so vrei
dú tar inkji ti jomfrúva béle
de æ kórt nei.

8. Av so [fouk den líten småfugl]
[han va so] rø,
men då han kom í rósanlund
då va hass små ungar døe.

9. So sette han seg på lindekvist,
so syrgde han seg ti døe.

*

Strofene er nummererte av samlaren. Oppskrifta har ikkje strofeinndeling, men loddrette strekar i teksten.

Reinskrift i anna hand med tillegg og korrigeringar av Bugge: TGM R. Berge DCVII, 10 f. I reinskrifta har Bugge skrive over teksten: [der har været et vers foran].

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.