Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 40 Kvinna som ikkje kunne føde


Innleiing

Då samlarane kom til Telemark var denne visa nesten gløymd. Vi har berre to oppskrifter: ei etter Knut Gunleiksson Grinderud frå Lunde og ei etter Kjersti Jensdotter Lillegård frå Eidsborg. Dessutan kunne éin songar hugse noko av innhaldet i visa. Dei to visetekstane er forvirra og ber spor av at dei ikkje har vore mykje brukte.

Per, eller Herreper, vil gjerne gifte seg, men etter alt å døme er mor hans både sjalu og trollkunnig. Ho forgjer dei komande svigerdøtrene sine og kastar trolldom på jentene, slik at dei ikkje kan bli forløyste. Når brura spør svigermor si kor lenge ho må gå med barnet, svarar svigermora: «Førti veker og eit år».

I folketradisjonen er det mange råder for å få fødselen i gang. Det kan vere å ri eller køyre jenta i ei kjerre. I denne visa nyttar ingenting av det. Når kjerra rivnar, kjem det nok også av gamlemors trollkunster. Eit anna gamalt råd er å knyte opp knutar og passe på at ingen i huset sit med korslagde bein. I visa er det nemnt at svigermor kunne binde reip av sand. Dette må bety at det er ei av trollkunstene ho brukar.

Den gravide jenta forstår at ho kjem til å døy, og visa sluttar med at ho deler ut eignelutene sine.

Ho som berre hugsa noko av innhaldet, meinte at den gamle svigermora vart narra til slutt, men det var berre Kjersti Lillegårds versjon som hadde fått med seg korleis ho vart narra. Det vart laga to born av voks, og då den gamle svigermora såg voksborna, trudde ho at dei var fødde. Då kunne ho fortelje at ho hadde fortrolla alle stader, bortsett frå den staden der brurekista sto. Dermed kunne brura gå dit og føde to guteborn, men sjølv døydde ho.

Visa har vorte sunge både i Sverige, Danmark og Finland. I Danmark og Sverige finst nokre gamle oppskrifter, men storparten av oppskriftene er frå munnleg tradisjon i nyare tid.

Visa er dikta over ei gamal vandresegn. Segna blir kalla Alkemenesegna, fordi ho også er kjend frå det gamle Hellas.

Den greske forfattaren Pausanias fortel, at då Alkemene gjekk gravid med Herakles, annonserte Zevs at han skulle få eit barn med Alkemene, og det barnet skulle kome til å herske over alle rundt seg. Det likte Hera, Zevs hustru, dårleg. Ho sendte ut nokre hekser som skulle bruke trolldomen sin for å hindre at Herakles vart fødd. Alkemene låg og kjempa i smerte. Ho var døden nær, men ei av tenestejentene hennar fann på å utrope, at no var Herakles fødd. Dermed reiste heksene sin veg, og Herakles kunne kome til verda.

Utsyn 46
DgF 84 og 85
SMB 14
FSF 54




Oppskrift A

TSB A 40: Kvinna som ikkje kunne føde

Oppskrift: 1879 av Eilev Lunde etter Knut Gunleiksson Grinnerud, Lunde, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 75, 80–82

Oppgjeven tittel: Herre Per å lita Kjersti. Bruden som ikke kunde føde.

*

1. Å herre Per han rei seg så sorig under Ø
så fester han sæg så fager ei mø
– De rider så va[r]le gjennem lunden med hænner. –

2. Han feste seg fire, han feste seg fem,
honnóms moder forgjóre da alle dem

3. Då lei utpå summar, dæ lei utpå høst
så tykna lita Kjersti onder begge sine brøst.

4. Å lita Kj[ersti] spurgte si Vermor om rå:
«Å længe ska kvinna mæ fyste boni gå?»

5. «I fyrrytyve vikur å så eit år
så længe ska kvinna mæ fyste boni gå.»

6. «I fyrytyve vikur, dæ trur eg nå visst,
så længe gjekk Marja mæ Jesum Krist.»

7. Ho pintes i dagænne fire å fem
å ingen forløsning så fekk ho iSamlarkommentar: meddelt: «på». dem

8. Ho pintes i dagænne åtte å ni
å ingen forløsning så fekk ho iSamlarkommentar: meddelt: «på».di

9. «Å skå eg nå ikkje hverken leva hell dø,
så følg mæg nå dit, du henta meg mø.

10. Min fader gav mæg fòlar å gullkalvar fem,
å må eg ikkje få kjøre mæ ein utav dem.

11. Å min fader gav[mæg fòlar og gullkalvar] ni
å må eg ikkje[få kjøre mæ ein utav] di.»

12. Å denti dom kom i den rósane lund
så revna den sterke gullkarmen sund.

13. Å herre Per han fandt på så godt eit rå:
«Du ska nå rie å eg ska nå gå.»

14. «Å æ æg nå så søndefuld ei Kvind,
at den sterke gullkarmen onder mæg révn’?»

15. Å denti dom kom nå te Harvdegårds le,
da sto honnoms søster å vilte derve.

16. «Å stander der, kjær søsteren fin,
kann du seie mæg rå te aller kjærasten min?»

17. «Å kjære mi moer, I kaster bort jers harm
å legger jers syndebarn udi jers arm!»

18. Så bredte dei ut den kåpa blå,
der fødte lita Kjersti kjær sønnine små.

19. ‹Å æg ska nå reise på vidan land
å binde dæg reip utav bare sand.

20. Å æg ska nå reise å binne dom så
på sol å te måne du ska få gå.

21. Å mi vermor gjev æg nå mi[n] silkeserk,
å tru ho måtte slit’n slite’n mæ så stor ei verk.

22. Å mi versysterSamlarkommentar: Meddelt: «vermor» gjev æg mitt ligganes gull,
æg syntes, ho va mæg ei versyster huld.
– De rider så «vale» igjennem lunden mæ hænner. –

*

Under oppskrifta står det: Sædvanligt navn: Toreliti. Da de foregives, at T. har født barnet, siger Stedmoderen: «Eg tænkte nå æll ting sku vori forgjort så nér som Torelitis brurekjiste stór» Did føres T. og forløses. (Bø i Telem. 1880 og 1882)




Oppskrift B

TSB A 40: Kvinna som ikkje kunne føde

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Kjersti Jensdotter Lillegård, Eidsborg, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLVII, 32–35

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Herreper han red sig saa saare under ø,
der treft’n lita Kjærsti sò deileg ein mø.

2. hen daa de lei seg onder høst
sò begjønte [lita Kjærsti] tì tykne onder begga sine bryst.

(barnesjuk vart ho)

3. Ho pìntes i dagane fire aa fem,
aa inga fòrløsning sò fekk ‘o paa dem.

4. Ho [pìntes i dagane] aatte aa ni,
[aa inga fòrløsning sò fekk ‘o] paa di.

5. Ja no kann eg ikkje her hverken leva eller døy,
men skaf meg no dit der du henta meg møy.

6. Aa hestane dei staar i enga spent,
aa styrìngssvennine ligger i søvn.

7. Ja maa eg ikkje hestar hell styringssvennir faa,
sò vi’ eg no da paa min bare fot gaa.

8. Aa ore de va’ no kje sneggar utnevnt
før hestane dei va’ for gullkarmen spent.

9. Herr Peder han kaam seg riandes i gaar
aa haanoms syster ute staar

10. Aa stander du hær kjære søsteren min,
kann du sei meg noka raa ti allerkjæresten mìn?

11. Aa sò lot ‘o naa gjera dei vòksbona to
aa dei late ho inn i røde gullsnor.

12. Aa høyr du no her mi moer sò go,
du maa taka imot dine sønnesønner tvo.

13. Aa eg kann no gaa meg ne paa strand,
eg kann sveipe de reipa av hvidan sand.

(sa mori)

14. Aa eg kann fòrgjere alt de som æ paa jor,
fòrutta der Herrepers kjiste staar.

15. Sò bredde di ut den kappa blaa,
paa den fødde ho dei tvillingane smaa.

16. Herreper klappa hennar paa blegan kjinn,
Gud gje du maatte liva, allerkjærasten min.

17. Krist gjev eg maatt’ leva ei liti stonn
ti eg fekk bytt mine midler sond.

18. Herreper han gjer’Alternativ lesemåte: gjev a baatte goss aa gaar,
fòr han skò oppføde dei tvillingane smaa.

19. Aa mi versyster gjev eg mitt ligganes gull,
fòr ho hev vore meg ei versyster hull.

20. Mi vermor gjer eg min silkeserk,
tru ho maatte slit ‘n mæ storè hugverk.

21. Tru ho maatte slit ‘n mæ sò stor ei uro
som eg ha’Alternativ lesemåte: hev no slite mìne bruresko.

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.