Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 53 Møya i fjellet


Innleiing

«Det er ikke godt at sige, hvad der egentlig er Indholdet af denne Vise», skreiv Svend Grundtvig om denne visa, og det hadde han rett i.

Det er den vesle småsveinen som er helten i denne visa. Når kongen ber drengene sine om å hente Adelus, møya i berget, er det berre småsveinen som klatrar opp og bankar på døra i berget. Når småsveinen kjem inn i berget til henne, spør ho om han er hennar rette festarmann og kva han heiter. Småsveinen svarar at han er den unge kong Valdemon.

Då Hans Ross besøkte Kari Austegarden i Åseral, hugsa ho ikkje meir av visa enn desse fem strofene. Andre oppskrifter av denne visa er ikkje kjende i Noreg. Men Kari Austegarden hugsa også litt av korleis handlinga gjekk vidare. Adelus skulle ha følgt småsveinen ned til skipet, men då hadde kongen gøymt seg for å sjå korleis møya førte seg. Dermed for ho tilbake i berget igjen. I det korte fragmentet som er bevart i Åseral, kjem det ikkje direkte fram at Adelus er ei bergfrue, men ho har truleg vore oppfatta som eit overnaturleg vesen.

I Danmark finst det fire oppskrifter av denne visa, alle er frå 1600-talet, men dei er svært ulike. Namna varierer, slutten er ikkje lik og det er ikkje klårt om jomfrua er ei bergteken jente eller eit overnaturleg vesen.

I den mest meiningsfulle av dei danske versjonane blir det også fortalt, at mens småsveinen og møya gjekk ned til skipet, fekk han lære korleis han skulle vende vinden og få god bør. Men då møya kom ned til skipet, forsto ho at ho hadde vorte lurt. Ho vart sint og hoppa i sjøen, men sidan småsveinen hadde lært vêrtrolldom, kunne ho ikkje søkkje skipet. Dermed kom småsveinen til å berge heile mannskapet.

Utsyn 21
DgF 36




Oppskrift A

TSB A 53: Møya i fjellet

Oppskrift: Udatert av Hans Ross etter Kari Austegaren, Lognevassdalen i Åseral, Vest-Agder.

Orig. ms.: NFS H. Ross 13–15, 23

Oppgjeven tittel: Adelus

*

1. Kungjen tala ti liten Dreng
– I dansa meg nær –
«Du henta meg Adelus fyr meg sjav.»
– Sjav lyer han paa,
hass Fruvunn pla Dansen framførar –

Under strofe 1 står det: (Her hadde ho glöymt noko)

2. Kungjen sto sjav aa glaapte derpaa
ko Smaadrengjen kleiv ette Bergi blaa.

3. Han klappa paa Dyræ me Fingann smaa
«Du statt upp Adelus, skrei Lokunn ifraa.»

4. «Æ du no min Festamann,
so segje du meg hans retta Namn.»

5. Aa de æ no haas retta Namn
den ungje Kung Valdemon heite han.

Strofene er ikkje nummerte i oppskrifta.

Under oppskrifta står det: («Daa fydde ho me hann ti Skipi, men der löynte han seg burt, fyr aa sjaa koss ho fór at daa. Daa saag ho han alli meir; aa sò fór ho att Fjeddi att.»)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.