Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 5 Vinne møy med runer


Innleiing

Herre Per ser to jomfruer dansa, og han frir til den eine. Når ho får høyre at han korkje har hus eller jord, avviser ho han. Han kastar runer på henne, men når ho kjem til han, ber han henne kome att når gauken gjel og småfuglane syng.

Sophus Bugge skreiv opp visa i 1864 etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland i Fyresdal, men andre oppskrifter er ikkje kjende.

Visa er heller ikkje kjend i andre land, men ei dansk vise, «Stolt Bodils Hævn» (DgF 215), har ein viss likskap til vår vise.

Første strofe i vår vise går slik:

1. Der gjeng ein dans der framte mæ å
– For al den vrede du veit mæ meg –
der dansar dei høviske jomfrúvur tvo.
– Du lot meg sova på armen din –

Den danske visa er slik:

Der gaar dands for stolten Inger-lillis burd
– For ald den vrede, i ved med mig.
Der dandset hvert det barn, der var
– Lader mig sofve i armen!

Omkveda er svært like, men etter kvart går den danske visa annleis. Jomfrua fortel herre Peder at ho går gravid med barnet hans, men i staden for å gifte seg med henne, tilbyr han henne eit klede som kan skjule graviditeten. Om natta drep ho han med ein kniv, og i siste strofe sit ho att både raud og kvit. Dessutan har ho mista sitt hovudgull, teiknet på at ho er jomfru.

Utsyn 44
DgF 215




Oppskrift A

TSB A 5: Vinne møy med runer

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 137 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Jomfruen vindes med Runer.

*

1. Der gjeng ein dans der framte mæ å
– For al den vrede du veit mæ meg –
der dansar dei høviske jomfrúvur tvo.
– Du lot meg sova på armen din –

2. Der gjeng ei jomfrú næste dei
de ville eg so gjenni, at de va mí.
– Du lot meg sova på armen din –

3. Den jomfrú ho va so snøgge ti ór
kor æ ditt hús kor æ di jór.
– So må du sova på armen min –

4. Hús å jór dei heve eg solt
men peningann ligge í ríksmanns vold.
– Du lót meg sova på armen din –

5. Hús [å jór dei heve eg] mist,
[men peningann ligge í ríksmanns] kiste.

6. Ja heve dú hús å jóræ mist,
dú fær inkje jómfrúa de æ vist.

7. Heve [dú hús å jóræ] solt,
[dú fær inkje jómfrúa] hó æ for stolt.

8. Herrepær kasta si rúnir på bór
né datte jomfrúens stóre ór.

9. Kom att ti meg ein annen vårAlternativ lesemåte: eit anna vår
når goukjen hev gali å bónden hev sått.

10. [Kom att ti meg] ei ånno ti
når adde småfuglanne dei synge blitt.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 95. I reinskrifta er str. 7 utelaten.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.