Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 63 Olav Liljekrans


Innleiing

Olav Liljekrans rir heimanfrå for å be inn gjester til bryllaupet sitt. Alvane har forvrengt synet hans, slik at han trur det er full dag, men eigentleg rir han ut i otta medan det enno er mørkt, på ei tid då alvane har sterkare makt. Som Olav kjem ut i den ville naturen, møter han ein flokk alvekvinner som dansar ringdans. Ei av dei ber Olav trø dansen med seg, han skal få både silkeskjorte og bukkeskinns-støvlar om han svarar ja til tilbodet. Men Olav skjønar kva invitasjonen betyr. Det dreier seg ikkje berre om dans, men om å gå inn i alveverda og bli der for alltid. Dette nektar han, for, som han seier: «imorgo skal mit bryllaup stá» (Landstad [1853] 1968: 356).

Då stiller alvekvinna Olav overfor eit val, anten å bu med alvane eller å bli slegen med sjukdom. Han nektar framleis å følgje alvekvinna og sprengrir med hesten gjennom krinsen av alvekvinner som har omringa han. Alvekvinna kastar ein dødeleg sjukdom på Olav, og når han kjem heim, er han dødssjuk. Han ber mor si hjelpe seg til sengs og sende bod på prest, slik at han kan få skrifte. Vidare ber han broren gifte seg med festarmøya, som han sjølv ikkje kan få. Brurefølgjet kjem til gards, og Olav lever lenge nok til at han kan kaste eit siste blikk på festarmøya, frå høgeloftet der han ligg. Når festarmøya ser at Olav er død, vil ho ikkje leve lenger, ho heller. Ho set sverdodden mot hjarta og tek livet av seg. Visa sluttar i tredobbel tragedie, for det kjem tre lik frå brurehuset:

Den eine var Olaf, den andre hans möy,
með kvítari hand,
og sá hans móðer af sorgi laut döy,
Sá móð kem Olaf af elvo
(Landstad 1968: 360).

Trua på alvane ligg til grunn for «Olav Liljekrans». Alvane vart frå gamalt oppfatta som overnaturlege vesen som kunne vere skadelege for menneske (svartalvar) eller harmlause og venlege (ljosalvar). Nemningar som alveskot, alvepust og alveblåst viser at alvane helst vart oppfatta som vondsinna vesen i nyare folketradisjon. Elles har alvekvinna i «Olav Liljekrans» trekk frå huldrefiguren, noko som viser seg ved at ho byr seg fram for Olav. Silkeskjorta og bukkeskinns-støvlane er konkrete uttrykk for kva ho freistar han med.

«Olav Liljekrans» var ein omtykt ballade på 1800-talet og vart tidleg skriven opp av Landstad og Olea Crøger. Landstad trykte balladen i Norske Folkeviser (Landstad [1853] 1968: 355–361, 843–844). Elles har vi fleire tidlege oppskrifter ved Sophus Bugge og Moltke Moe – og vidare oppskrifter frå nyare tid. Ei av Bugges beste oppskrifter gjorde han i 1857 etter Bergjit Torsdotter Lintveit (1812–1894) frå Brunkeberg i Telemark. Bergjit Lintveit var husmannsdotter, gifte seg med ein husmann og levde heile livet i tronge husmannskår. Ho fekk seks born, og fem av dei døydde som spedborn. Mannen døydde tidleg frå henne. Alle dødsfalla gjorde vel truleg sitt til at ho fekk nerveplager, og på eldre dagar vart ho sjuk på sinnet. Men ein kan forstå at ein tragisk ballade som «Olav Liljekrans» måtte appellere til denne songaren. Bergjit Lintveit song femten balladar for Bugge (Jonsson & Solberg 2011: 333–334).

Dei aller fleste av dei bortimot femti tekstoppskriftene av denne balladen er frå Telemark, men det finst også nokre variantar frå Agder-fylka og Sogn og Fjordane. Av melodivariantar har vi også fleire, ved Lindeman, Elling, Ole Mørk Sandvik og Eivind Groven (Ressem [utg.] 2011: 195–201). At Hulda Garborg tok med «Olav Liljekrans» i utvalet sitt av norske danseviser (1913), har vore med på å gjere denne balladen til ein klassikar.

«Olav Liljekrans» er skriven opp i alle nordiske land. Visa har dessutan parallellar utanfor Norden, i Bretagne og Skotland. På skotsk heiter hovudpersonen Clerk Colvill, og det kan sjå ut til at mannsnamnet Olav heng saman med dette. Når det elles gjeld tilhøvet mellom dei ulike nordiske viseformene, har Vésteinn Ólason påvist ein tydeleg språkleg og motivmessig samanheng mellom dei vestnordiske variantane. Ifølgje Vésteinn Ólason kom både dei islandske og dei færøyske formene opphavleg frå Noreg før reformasjonen (Vésteinn Ólason 1982: 112–122). Vésteinn Ólason peikar på scenen der Olav samtalar med mor si etter at han har møtt alvekvinnene som eit særleg godt døme på samanfall mellom dei vestnordiske viseformene:

Islandsk:
Hvaðan komstu, sonurinn minn?
Hvörninn ertu so fölur á kinn?

So ertu blár og so ertu bleikur
sem þú hafir verið í álfaleik.

Færøysk:
Hví ert tú so følin, hví ert tú so bleik,
sum tú hevði verið í elvarleik.

Tí eri eg følin, tí eri eg bleik:
í gjár var eg í elvarleik.

Norsk:
Dú tar ikkje undrast på, fer eg æ’ bleik,
fer eg heve vori í den elvarleik.

Dí æ’ eg så bleik, dí æ’ eg så blå:
for elvekvinnune mæ knívane små
(Vésteinn Ólason 1982: 120).

Utsyn 14
CCF 154
DgF 47
IFkv 1
SMB 29




Oppskrift A

TSB A 63: Olav Liljekrans

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Bergjit Torsdotter Lintveit, Brunkeberg, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge m, 11–15 (kladd)

Utan oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Olav (Liljukrans) I.

*


1. Olav han rí mæ Otti
– mæ vitari Haand –
jósan Dagjen han totte.
– så mó kjem Olav av Elskóg,Samlarkommentar i reinskrifta, med blyant overskriven med penn: ɔ: Elskov. Birgjit og berre med blyant: ɔ: Elveskog?

2. Olav han rí um Midnattstíd,
så totte han Soli skjein saa blí.

3. Olav han rí seg framette mæ Aa,
så såg han Elvarkvinnunne store å små

4. Høyrer du Olav hott eg seie degAlternativ lesemåte i reinskrifta: Vælkomen, Ó[lav], heim te meg!
vi’ du trøa dæn Dansen mæ meg?

5. Vi du trøa dæn Dansen mæ meg,
eg ei silkjestikka Skjurte eg gjeva ska deg.

6. ei s[ilkjestikka] Skj[urte] kann eg væl få,
men trøa Dansen mæ deg eg ikkje må.

7. Trøa Dansen mæ deg eg ikkje må,
i Morgo ska mítt Bryllaupe stå.

8. Hokk vi du hell mæ kon Elvanne bú,
hell du vi’ sjúke flykje di Brúr?

9. [Hokk vi du hell mæ kon Elvanne] døy,
[hell du vi’ sjúke flykje di] Møy?

10. Eg vi’ no ‘kje mæ dikkon E[lvanne] bu,
eg vi ‘kje sjuke flykje mi Brur.

11. [Eg vi’ no ‘kje mæ dikkon Elvanne] døy,
[eg vi ‘kje sjuke flykje mi] Møy.

12. Olav han spente sin Hest mæ Spori,
så rei ‘en igjenom dæn Elvelogji.

13. [Olav han spente sin Hest] ved Frans,
[så rei ‘en igjenom] dæn Elvedans.

14. [Olav han spente sin Hest] ved Kinn,
[så rei ‘en igjenom] dæn Elvegrind.

15. Elvekvinna ho oto Dansen sprang,
ho slengde te Olav mæ røde Gullband.

16. No ser eg Olav, no kjem han heim,
enten æ’ han drukkjen, hella vrei.

17. Olav han kom seg riands i Går,
å hånoms kjær Moeri ute står

18. Å kjære mi Moer du reier meg Sæng,
[å kjære] min Faer, hjelp meg te dæn

19. [Å kjære] mi Syster, du stende meg nest
[å kjære] min Broer, du hentar meg Prest.

20. [Å kjære] m[in] B[roer], d[u] h[entar] m[eg] Pr[est]
så må du hava, dæn eg heve fest.

21. så gjerne jeg de gjorde,
når eg fer dei syndinne tore.

22. Eg hev ‘kje gjort Ingerli større Harm,
hell ei gång eg låg på hennars Arm.

23. [Eg hev ‘kje gjort Ingerli større] Kvie,
[hell ei gång eg låg] mæ hennars Sie.

24. De reier meg Sæng i Høgeloftssvala,
så ser de eg mi Brufær i Lunden framfara.

25. Dæn Brufær ho kom seg riands i Ton,
hor æ’ Olav, mæ ‘n tæk ‘kje i mot?

26. Olav æ’ kje heime,
han æ i Skogjen å veiar

27. Han æ ‘kje i Skogjen å veiar,
mæ honoms små Hundann æ’ heime.

28. Når dei Brukvinnunne sill’ take seg vare,
då såg dei dæn Bruri i Høgeloftssvala.

29. Dær ser eg mi vene Møy,
sæl æ’ dæn, som må liva å inkje tar døy.

30. [Dær ser eg] mitt vene Viv
[sæl æ’ dæn, som må liva å inkje] tar leta Liv

31. Olav snudde Veggjen te,
eitt Bil dærette så var ‘en dø.

32. Ho breidde upp Blomstri gule å blå,
unde låg Olav bå bleik å blå.

33. Bruri ho ikring seg såg,
så såg ho dæn Svære på Naglar låg.

34. Ho sette dæ Svære i sin Sko
så Odden sto i Hjarterot.

35. Dær blei meir Sorg, hell der blei Gama,
tri va’ dei Likji te Jori mæ sama.

36. Dæn ene va’ Olav, den andre honoms Møy,
dæn tree hass Moer av Sorg måtteAlternativ lesemåte i reinskrifta: laut døy

37. [Dæn ene va’ Olav, den andre honoms] Viv
[dæn tree hass Moer av Sorg] let Liv.

*

Strofene er ikkje nummererte i kladden, men er det i reinskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 82–85. I reinskrifta gjev Bugge følgjande merknad til omkvedet: Targjei Kosi gav Omkv. – Syster Ólav útride. – Mens min Gangar i Lunden bíar meg. Han havde ogsaa hørt Eftersl. Kom ó, kom Ólav ó Elskóg. I reinskrifta er rekkjefølgda på strofene noko ombytt, såleis at strofe 29–31 kjem mellom strofe 24 og 25. Det er sett inn tilvisingsteikn for dette i kladden. I margen ved strofe 2 står i reinskrifta: [Hvad er Meningen?] med blyant. Dette er så overskrive med penn, såleis: [«Elvarkvinnune forvilla’n»] I ein merknad i reinskrifta med blyant, er strofe 9 karakterisert som Fyldekalk. Etter strofe 13 er det i reinskrifta skrive: membrum genitale eqvorum Til ordet Frans har han med blyant også skrive: vansket af mæ Krans?? Etter strofe 14 er det i reinskrifta skrive med blyant: mæ Tind?? Til strofe 16 og 17 skriv Bugge med blyant: disse to Vers at omsætte? og med penn: [meddelt i denne Orden.] Ved strofe 23 har Bugge sett til ein referanse i reinskrifta: Jfr. Grundtv. Utr. 77.




Oppskrift B

TSB A 63: Olav Liljekrans

Oppskrift: 1890 av Moltke Moe etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 160–163

Oppgjeven tittel: Olav i elvedans

*


1. Olav han rider seg ut så vide
alt til sit bryllup at byde.
– Så lett ganger dansen gjenom lunden. –

2. Å han byr store å han byr små
men Elenkongens dòtteré låst’en ‘kji sjå.

3. Å han by’ fire å han by fem,
å Elenkongsdòtteré rekker hånde’ frem.

4. «Å kjær min Olav trå dansen mæ mig,
ei silkeskjurte jeg gjive skal dig.»

5. «En silkeskjurte den kan eg væl få
men danse mæ deg, tør eg alli våge.»

6. «Å kjære min Ola, [trå dansen mæ mig,]
ett stykkjy av gull eg gjiva ska’ dig.»

7. «Ett stykkjy af gull dæ [kan eg væl] få
men danse [mæ deg, tør eg alli] våge.»

8. «Kvår vi du no imorgó døy,
hell du vi sjuk’e flykje deg møy?»

9. Kvår du [vi no imorgó] låte ditt liv,
hell du vi deg [sjuk’e flykje deg] viv?»

10. «Helle vi eg imorgó døy
hell eg vi sjuk’e da flykje meg møy.

11. Helle vi eg [imorgó låte mitt] liv
hell eg vi da sjuk’e [flykje meg] viv.»

12. Ho la’ ti hanahana mæ tynnetein,
å dæ falt Olas hjerta i mein.

13. Å ho la ti hana mæ tynnerót
å dæ falt Olas hjerta imót.

14. Å Olav han spenner sin hesten mæ spårir,
så ri’ han igjennóm den elvelògji.

15. Å Olav han spenner [sin hesten mæ] krans,
så ri han igjænnom den elvedans.

16. Å O[lav] han kjeme seg riand i går
hans kjæreste moder hun uti står.

17. «Eg helsar deg, Ola, kjær sønnen min,
kvi æ du så bleik ónde kinni dé?»

18. «Dæ æ inkji under eg æ i kjinni så bleik,
eg hev væl stai i så har ein leik.»

19. «Hot ska då me den onge brud svare,
imorgó ho kjæme med brureskare?»

20. «Dé siger, jeg rider mig ud i lund
å prøvar min hest å så min hund!»

21. Tilegt um morgón, da dagjen va ljós,
den ónge brud kåm mæ brureskare.

22. Å dei bar mat å dei bar vin.
«Men hòri æ Olav bruggòmen min?»

23. «Olav han rider seg ut i lund,
han prøvar sin hest å så sin hund!»

24. Då dei kåm seg åt høieloft inn,
dér låg Olav dø’e mæ bleike Kinn.

25. Dér blei mei sorg hell der blei gama,
tri våre lik at mollé mæ sama.

26. Den eine va Olav, den are hass møy,
den tré’e hass moder, av sorgji laut døy.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB A 63: Olav Liljekrans

Oppskrift: Truleg 1862–1864 av Nicoline Marie «Nikka» Vonen etter ukjend songar.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCCXCV, 31–34

Utan oppgjeven tittel.

*

1. Her Ole laag paa Elvabak og sov,
da kom der en ElvekvindAlternativ lesemåte i reinskrifta: Elvep[ige] og vækteAlternativ lesemåte i reinskrifta: vokto ham op,
– den Dansen gaar saa let gjennem Lunden –

2. Og vil du nu træde Dansen med mig
7 Par Silkeskindsstøvler forærer jeg Dig.

3. Æg ikke tør æg ikke maa
i morgen skal mit Bryllup staa

4. Og Ole han steg paa gangeren graa,
saa red han snarer endAlternativ lesemåte i reinskrifta: helde Fuglen fløi

5. Og kjære min Moder red op min Seng,
og kjære Søster bind Hovedet strengt

6. Og kjære min Moder binde min Hest,
og kjære min Søster hente mig Præst.

7. Men anden Dag MorgenAlternativ lesemåte i reinskrifta: Den anden Dags Morgen før Solen opsteg,
den unge Brud kom med sin Brudeskar ned.

8. Her staar I min Moder svøbt udi Skind,
og hvor lever Ole kjæresten min.

9. Og Ole han er ikke hjemme, han er paa de vilde Hede
og leder efter Dyrene fede

10. Den unge Brud stod og tænkte sig om,
jeg agter mig at gaa i Høienloft ind.

11. Hun lettede paa det Silke blaa,
ak her ligger Du kjære Ole daa.Alternativ lesemåte i reinskrifta:

12. Hun lettede paa det Silke hvid,
ak her ligger Du kjære Ole Lig.

13. Hun lettede paa det Silke rød,
ak her ligger Du kjære Ole død.

14. Og først Herr Ole og saa hans Mø
og siden hans Moder af Sorgen maa dø.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: TGM R. Berge CCCXCIII, 66–69. I reinskrifta har Rikard Berge normalisert lett i nynorsk lei.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.