Naturmytiske balladar

Norske mellomalderballadar

TSB A 67 Festarmann i grava


Innleiing

Festarmannen døyr like før bryllaupet, og brura sørgjer så sårt at festarmannen ikkje får fred i grava. Han tek kista si på ryggen og går til jomfruburet hennar. Der bankar han på døra, men ho tør ikkje opne. Ho er redd det kan vere ein farleg dauding og ber han om å nemne Jesu namn. Demonar eller andre overnaturlege skapnader kan ikkje uttale Jesu namn. Når ho no høyrer at han nemner Jesu namn, blir ho trygg og slepper han inn, slik at dei kan møtast. Men om morgonen når hanen gjel, må alle dei daude tilbake til grava. Ho vil gjerne følgje med, men han rår henne frå det. Ikkje lenge etter får ho også døy.

Visa byggjer på kjente trusførestellingar. Dei etterlevande skulle ikkje sørgje og gråte for lenge. I så fall vart det til plage for den daude. I segnene blir det ofte fortalt at den daude kunne kome att, særleg dersom han hadde noko ugjort.

Teksten er skriven opp to gonger, ein gong i 1892 av Hans Jacob Aall etter Anne Targjeisdotter Staulen i Kvitseid og ein gong før 1903-04 av Hallvard Lid etter Anne Olsdotter Byggland i Høydalsmo. Dessutan skreiv Lindeman opp ein melodi i 1870 etter Erik Hansen Hilton i Gjerdrum. Dei to tekstane ligg tett opp til dei danske versjonane, og visa er sikkert komen frå Danmark, men språket er prega av dei norske songarane.

Diktarane i den tidlege romantikken (skrekkromantikken) let seg gjerne inspirere av slike balladar som desse. I 1776 skreiv den tyske G.A. Bürger eit dikt, «Leonore». Der ventar jenta på at kjærasten hennar skulle komme tilbake frå sjuårskrigen, men når han langt om lenge kjem, er han ein uhyggeleg dauding. Han set henne opp på hesten sin og rir til kyrkjegarden. Der må ho bli med han ned i grava. «Nattevandrerinderen», som den danske diktaren B.S. Ingermann skreiv i 1813, er vel så makaber. Elvina vandrar kvar natt til eit kjærleiksmøte med den daude broren sin på kyrkjegarden. Han står opp av grava som vampyr og syg til slutt livet ut av henne. Nekrofil incest er sterke saker.

Båe dikta har vore spreidde som skillingsviser og sunge også her i Noreg.

DgF 90
SMB 32




Oppskrift A

TSB A 67: Festarmann i grava

Oppskrift: 1892–1893 av Hans Jacob Aall etter Anne Targjeisdotter Staulen, Brunkeberg, Telemark.

Orig. ms.: NFS H.J. Aall I, 141–142

Utan oppgjeven tittel.

*

1. De va Ridder Aage, han rei seg under Øi
feste han Jomfru Else, ho va saa fin ei Møi,
[feste han Jomfru Else] alt me de raue Gul.
Maanedsdajen deretter laag han i sortesvarte Mòl

2. De va Jomfru Else, ho va saa sorgjeful,
de hørde Ridder Aage djupt under svarte Mòl.
Op sto Ridder Aage, tok Kjista paa sin Bag,
lakka te henars Bure, seg sjav før egjen Umag.

3. Han klappa paa Dynni me Kjista,
fordi han hae et Sjin,
«Aa høir Du Jomfru Else,
Du lukkar Din Festarman in

4. Jensvared Jomfru Else:
Eg let op ei min Dør,
før Du kan Jesu NavnOrda er først samskrivne («Jesunavn»), men er så delt med skråstrek, slik at det blir to ord, og «n» er endra til «N» i «Navn». nèvne,
som Du kunde før.

5. Alt galer Hanen den raue,
te Graven maa me ner,
te Graven ska alle døe,
aa eg maa fyje me.

6. Aa sjaa Du op te Himmelen
te de Sjønnur smaa,
i Graven sòk den Døe,
ho han ei mere saa.

7. Heim jek Jomfru Else,
ho va saa sorgjeful,
Maanesdajen deretter
laag ho i svarte Mòl.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB A 67: Festarmann i grava

Oppskrift: Før 1903–04Rikard Berge fekk boka med oppskrifta i 1903–04. Over oppskrifta er det ein rekneskap frå 1895–97. av Halvard Lid etter Anne Olsdotter Byggland, Høydalsmo, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CLXV, 4

Oppgjeven tittel: Riddar Aage

*

1. Det var ridar Aage
han rie seg under øi
Feste han jaamfru Else
ho var so ven ei møy.

2. Feste han jaamfru Else
alt med det raude gull
maanes dagen etter
laag han i svarte mull.

3. Det var jaamfru Else
ho var so sørgefull
maanes d
Det hørde riddar Aage
jupt under svarte mull.

4. Op stod riddar Aage
tok kjisten paa sin bak
lakka til henarrs bur
sig selv for egen umag

5. Han klappa d‹…› paa dyri med kjiste
fordi han havde et skind
aa høyr du jaamfru Else
du lukkar din festarmann inn

6. Jen svar jaamfru Else
jeg lukker ei opp min dør
før du kan jesus namn nevne
alt som du konna førr.

7. Alt galer hanen hin raude
til graven maa eg ned
til graven skulle alle daude
til eg maa fylje med.

8. Aa sjaa du upp til himlen
aa til dei stjærnur smaa
i graven sank den daude
ho ham ei meire saag.

9. Hen gjik jaamfru Else
ho var so sorgefull
maanesdagen der etter
laag ho i sorte mull.

*

På første sida i boka står det: Uppskrivi av Hallv. Lid, Morgedal (yvilati til meg 1903 eller 1904). RBerge. Balladen står på s. 4 i boka, viss vi reknar med forsatsen. Men det er den første visa i boka, og sidenummereringa med blå blyant byrjar her med eit 1-tal.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Naturmytiske balladar

Naturmytiske balladar handlar om mennesket i møte med overnaturlege makter.

I folketrua fanst maktene alle stader, i sjø, vatn og elvar, i utmark, skog og fjell. Maktene var farlege, ikkje minst fordi dei kunne skape seg om og kverve synet på menneske. Då stod huldra, nøkken eller bergekongen framfor mennesket som den vakraste ungjenta eller den sprekaste ungguten.

Møtet med naturmaktene endar ikkje sjeldan tragisk, med fortaping av sjel og kropp; men det kan også ende på lukkeleg vis, slik at mennesket blir forløyst, ved eiga kraft eller ved andres.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Sjå prinsipp for innskriving og utval

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.