Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Brev frå Lofoten

Det gjorde hugen min glad at den første brevvekslinga var høveleg i bladet ditt. Du har tatt på med eit stort og alvorsfullt arbeid; du vil sjå til å få alle menn i Noreg inn i den lyse fylkingen som held saman kring folket sitt eige merke. Ja, berre vi kunne halde traust i hop! – Nokre ord om utvær og uvêr, øyar og øydeholmar har også litt å seie, for dei ber bod frå norske menn og kvinner som fekk den livsgåva å slite og streve på fjord og hav; den tanken og den livsstyrken som det balsame livet her oppe har fostra og oppkveikt, må kome inn i den stova der heile folket sit og aktar på rikdomen sin. Den glede du har gjort både meg og mange, skal bere fram den takk og velsigning som ein godt treng til når det er hardt og tungt.

Denne gongen kjem du til å høyre noko frå Lofoten. Nordlendingen sitt liv og lofotferda heng fast i hop. Igjennom heile året kjem tanken støtt tilbake til denne storreisa, og tidleg på hausten tek folket til med å bu seg. Denne ferda må vi ta på den hardaste tid av året. Det er eit hardt stykke, den nordvegen, og Vestfjorden er jamgod med heile vesthavet. Mang ein gjæv og gild glunt har slokna i denne djupe grava. Tanken om Lofoten ber age og redsle til gamlingen og mora, men framvokstringen lengtar fram til den dagen han kan kome i lofotbåten; får han berre vere med som tredjepart-kar eller halv-kar; han er likevel glad, for har han vore i langferd, så er han kar.

Det gjekk vel og bra med oss på nordvegen i år. Vi hadde tåleleg vêr. Det er sjølvsagt at den dagen vi sigla Vestfjorden, hadde vi ein snåp vind. Då det drog ut på ytteregga, fekk vi ein god grynning opp etter botnen. Det er nå jamnast så at han er sterk i Vestfjorden på vinterstid. Stundom er det søraust innmed landet, men når du kjem midtfjords, kan han vere ein 4–5 klør til bords av djuphavet med slik sjø og bølgjer at han vil bryte deg i søkk. Då røyner det på å ha ein bergeleg båt, og så må høvedsmannen og karane ikkje vere forfælde. Det må vere gløgge og sjøvande folk til å sjå det beste fjordvêr. Men stundom kan ikkje manneauget leite fram det skiftet i vêrlaget som snart kan leggje heile havet i oske.

Då vi vel var framkomne, rodde vi opp i været og helsa på oppsynet; vi skulle ha nummer på båten vår, må vite. Dei skrepte no mykje av dei gode utsynene for Stamsund og Steine i år. Men no syner det seg kor mykje ein kan lite på det slike karar seier. For dei har ikkje vit på det sjølv, og når dei spør fiskarane, er det mange som lyg dei så fulle at det ikkje er høyrande på. Ikkje har det vore gode syner her i vinter, og ingenting har det vorte; vi har drive med garn og line, men det har ikkje vorte noko vidare av heile vinteren. Det har ikkje vanta på uvêr og ulukker. Midtvinters hadde vi ei landlege på åtte dagar. Det var berre rokk kvar einaste dag. Då kan du tru vi hadde det trøysamt på land. Eg laut då jamt lese høgt om kveldane, og det gjekk då tidt slik at eg las heile kula i søvn før eg slutta.

Ein laurdag skulle vi ut og dra opp garna til helga; vi fór ut åtte mann, og vel var det at vi var godt mennte, for han la slik til at dei måtte segle på land kvar ein kjeft; det var visst ein to–tre båtar frå desse væra som kollsegla; ein båt frå Henningsvær fekk ein sjø som kravmol heile greia nettopp som folket vart berga. Vi fekk garna våre, men det var eit sprettsjøvêr. – Ein dag sidan smurte karane våre – åtte mann på åttringen – av stad for å dra lina; eg vart på land og skulle egne ein stamp line til å få i sjøen ein annan gong. Det vart ikkje lenge roleg til arbeidet. Gluntane måtte fort ta hyret på seg. Ein linemann ovanfrå været hadde trilla seg om innafor holmane. Dei dreiv på kolvet ein halv time; så fekk vi ansa dei frå land, og då var vi ikkje seine. Stakkars folk, dei skreik og ropa til vi kom kloss til kolvet. Dei vart då berga alle mann.

Folket talar fælt mykje med kvarandre om søndagssetting; nokre trur det er rett, andre at det er synd. Eg stod ein dag og høyrte på ein senjaværing som disputerte med ein politi. Den hin kroppen meinte det var synd å setje børnskapen søndagskvelden, politien trudde det var som det skulle vere. Men i lag med anna toskut som han kom med, sa han òg at søndagen var til minne om Kristi Himmelfart. Dei må vere gjæve karar i tru og kristendom der nede i hovudstaden. Denne karen var ein løytnant.

Sommarmål-dagen kjem snart; nokre drar då på Finnmarka, nokre til den kjære heimen. Det siste settet kallar vi kringlesettet; ho mor og borna, veit du, skal ha litt kaffi, sukker, kringle og slikt noko av lofotfolka sine. Vi er meinte på snart å klave opp og seie velfar til Lofotfjella. Far no òg så vel og takk for denne gongen.

Ivar

Svein Urædd, 21. april 1869.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.