Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Jon Klæbo i Hardanger

Av Margreta Lutro

Ove Bakken leverte ei rad tekstar til dette spesialnummeret av bladet og skriv i innleiinga til forteljinga om Klæbos opphald i Utne følgjande:

Medan eg arbeidde med Jon Klæbo, kom eg òg i kontakt med Margreta Lutro i Hardanger. Det er ei kone med stor hug for bygdehistorie og folkeminne. Ho er med i eit historielag for Hardanger og har skrive ikkje så lite i eit tidsskrift dei gjev ut.

Margreta Lutro er fødd i 1872, så ho minnest ikkje sjølv Jon Klæbo. Men ein eldre bror og ei eldre syster hugsar vel denne særmerkte nordlendingen, og dei har fortalt henne mykje om han.

Den utgreiinga som her følgjer, er eit utdrag or eit brev frå henne.

Utne er gamal gjestgjevarstad. Noko anna «Hotell» var her ikkje i Hardanger i fyrstninga av 1870-åra. Ho som då var vertinne i gjestgjevargarden, var den greie og dugande Torbjørg Utne, eller «Mor Utne» – landskjent for god mat og godt stell. Av andre kjente menn som også budde hjå «Mor Utne» i 70-åra, kan nemnast kunstmålar Vilhelm Peters og P. Chr. Asbjørnsen.

Jon Klæbo kom til Utne sumaren 1871. Han var då sjukleg og fekk til bustad loftet over tingstova, der det var fint utsyn over fjord og fjell og fritt og roleg av di tingstova stod skild frå sjølve gjestgjevarhuset.

Klæbo friskna bra til den første tida han var på Utne. Han vart etter kvart kjent med gardsfolket. Og dei tykte snart at han var meir liketil og skjønsam mot dei enn andre framande som også budde i gjestgjevargarden. Han snakka med born og ungdom når han trefte dei etter vegen, og med dei eldre rødde han så vitug om deira arbeid og strev, så han vart snart halden for å vere som eit gardsmenneske.

Om vintrane høvde det så til fleire gonger at Klæbo heldt skule for borna i staden for folkeskulelæraren som ikkje nettopp var av dei beste til å halda disiplin. Men for Klæbo var det ingen vanske. I timane var det stilt, og borna følgde godt med. I middagsstunda hadde dei før sprunge så langt frå skulestova at læraren ofte måtte leita etter dei. Klæbo hadde ei lita bjølle som han ringla på når borna skulle inn att. Då kom dei springande med det same.

Det var tre smågutar Klæbo tok seg særleg av. Det var dei to eldste brørne mine: Johannes og Torgeir Utne, og så Lars Jørgenson Utne, seinare bilethoggar. Dei var då i 11–12-årsalderen. Lars var den yngste av ti søsken. Hos oss var det fleire små. Derfor var det rolegast i Midttunstova, og der var det då Klæbo heldt skule for desse tre smågutane dei vekene då det ikkje var folkeskule. Det var vel vanlege skulefag, kanskje helst bibel- og Noregssoge.

Landstadboka var just då tatt i bruk i Kinsarvik, og Klæbo lærte borna dei nye salmetonane. Alle julesalmane lærte dei. Særleg «Her kommer dine arme små» og «Fred til Bod for bitter Savn» song borna med liv og lyst så det ljoma i stova. Klæbo kunne ikkje synge for sjølv av di halsen var vond. Men han spela på fele, og stundom plystra han salmetonane. Dette tykte borna var underleg. Det var alltid sagt til dei at ikkje måtte plystre, for då kalla dei på «Styggemannen». No plystra Klæbo salmetonar! Når han som var så god og snill ein mann, kunne gjere det, så kunne det ikkje vere noko synd.

Om søndagskveldane kom Klæbo ofte opp i stova vår. Han hadde då fela med seg. Ho mor var glad i song og hadde god songrøyst. Der samlast då full den store stova både med born og vaksne, ja, inntil gamle menn. Stundom song dei, og ofte fortalte Klæbo eventyr. Då var det dørgande stilt i stova. Borna sat med store augo og saup kvart ordet, sette så i ein god latter innimellom.

I dei tre åra Klæbo var her, vart han etter kvart kjent med folket kring fjorden. Såleis var han med i tre bryllaup, eitt på Alvsåker og to på Utne. Til bryllaupet til skipskaptein Johan Utne, son til «Mor Utne», og frk. Johanna Garmann dikta Klæbo ei vise som vart trykt og utdelt til gjestene, men som no er vanskeleg å finne.

Til lesehuga ungdom lånte Klæbo bort gode bøker og blad. Tæringssjukdommen var ukjent her då, og ingen var redd for smitten. Heller ikkje vart det nokon etter som fekk denne sjukdommen.

Det var ikkje økonomisk vinning som dreiv Jon Klæbo til å ta seg av born og ungdom. Men konene tykte likevel monn i å gje han eit sokkepar eller ei korg med fine juleeple. Det var ein trong hos han sjølv til å gjere godt – berre godt for folket. Han skriv sjølv i eit brev: «Jeg må se til, om der over mine siste dage kunne skyte en liten frukt.»

Frøet han sådde, har vakse og mognast. Austlids ABC og Austlids lesebok vart straks tatt i bruk i skulen i Kinsarvik. No er det berre landsmål som er bruka her i skule, kyrkje, herad og alle offentlege «kontor».

Alle dei som enno lever, og som hadde den lykka å vere saman med Jon Klæbo, har gøymt på dette lyse minnet som er kring 60 år.

Klæbo hadde ikkje noko sjukeleie. Han gjekk oppe til siste dagen, laurdag 29. august 1874. Gardsfolk og andre venner følgde han til grava på Kinsarvik kyrkjegard. Der reiste dei ein minnestein på grava til den nordlandsguten som dei hadde vorte så glad i – som her var frendelaus, men ikkje vennelaus.

I fleire år har no Kinsarvik ungdomslag samlast 17. mai og kransa grava til denne fine ungdoms- og norskdomsmannen.

Frå Håløygminne, hefte 4, 1933, s. 109–111.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.