Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Innleiing: Om forvaltinga av Jon Klæbos biografi og dikting

Det er noko nesten uverkeleg over Jon Klæbos korte liv, slik det er noko merkeleg og ubestemmeleg over korleis livet hans er blitt framstilt, og korleis litt av diktinga hans fekk ein plass i den tidlege landsmålslitteraturen. Vi kunne sjølvsagt gjere det enkelt og seie at det var særlege evner, eit godt hovud, diktargåva, som slo seg fram trass umoglege føresetnader. Vi kunne sjå på Klæbos veg frå ytste utkant av landet til studiar og skrivearbeid i hovudstaden som ei klassereise som på grunn av sjukdom og død blei avbroten altfor tidleg. Vi kunne seie at ein mann som valde å vere anonym i det meste han skreiv, og som knapt var kjent som diktar for andre enn ein liten krins av studentar og målfolk, ikkje kunne vente anna enn tidleg gløymsle. Men det blei gjort heilhjarta forsøk på å samle og gje ut det meste han hadde skrive så tidleg som i 1888, og eit nytt og smalare utval – som samla landsmåltekstane – kom ti år seinare. Elles fann eit enkelt dikt og ei novelle – helst i sterkt nedkorta form – vegen til fleire lesebøker og antologiar. Klæbo var utan tvil ein av landsmålsdiktarane som skulle og måtte med i lesebøker for nynorskelevar etter at vi hadde fått jamstellingsvedtaket. Eit par tekstar blei så å seie kanoniserte ved å bli tatt opp i ei lesebok Arne Garborg og Ivar Mortensson Egnund gav ut, og ved å vere med i tidlege nynorskutgåver av Nordahl Rolfsens leseverk for folkeskulen så vel som i andre lesebøker. Ei lita samling med dikt kom i 1934 – seksti år etter at diktaren døydde. Men å finne bruk av tekstane hans seinare, er vanskeleg – anna enn i nokre få artiklar om diktaren, og ut frå lokal interesse. I forkorta utgåver (frå Garborg/Mortenson-boka) finst «Ho Dun-Sesel» og «Ho mor får lofotfolket sitt heim» på nettet – lagt ut av Ivar Aasen-tunet (http://www.aasentunet.no).

Ein liten merknad om stavemåten av namnet: Dei første tekstsamlingane hadde båe forfattarnamnet John Klæbo, og slik finst det skrive i fleire antologiar, lesebøker og liknande. Men Anton Chr. Bang brukar konsekvent Jon i Erindringer; det same gjer Ove Bakken i Håløygminne, 2, 1933 og i Dikt frå 1934, og med eit unnatak eller to, gjer alle andre som seinare har skrive om han, det same. Det må difor vere både rett og rimeleg å bruke Jon Klæbo her, utan vidare spekulasjonar.

Nokre få tekstar av Klæbo levde altså vidare gjennom fleire tiår, men i dag må ein seie at dei er gløymt og borte. Dei som først samla og tok vare på eit nokså omfattande utval av det han hadde skrive, tok også ansvaret for å skrive livshistoria til mannen. H. G. Heggtveit er det viktigaste namnet her, sjølv om ein også må nemne Klæbos fetter, Anton Chr. Bang som både skreiv eit kort forord til 1888-boka, og er innom Klæbo mange gonger i sjølvbiografien sin frå 1909, Erindringer. Ein må kunne seie at dei laga eit glansbilete av mannen, samstundes som dei vurderte forfattarskapen i høgste laget. Dessutan er diktarportrettet Heggtveit gir oss, heilt i tråd med ein tradisjonell kunstnarmyte der Klæbo blir sjuk og taper i livsens strid på grunn av at han såg med mismot på framtida for dei sakene han stridde for. Vi har med eit hagiografisk minnebilete å gjere, og det er kanskje ikkje til å undrast over når det er nære vener som teiknar biletet.

Ein må likevel ta H. G. Heggtveit på alvor og forstå teksten hans både i høve til at han var ein nær venn av Klæbo, og at han freista å fremje ein forfattarskap han sette pris på, men visste var så godt som ukjent. Det oversynet han gjev av Klæbo både som menneske og diktar, skriv seg inn i ein særeigen sjanger der det knapt kan ventast kritiske merknader. Litt uventa, men typisk for tida og for korleis målfolk ofte måtte gjere, er den biografiske skissa om Klæbo på riksmål i 1888-utgåva, medan ei nynorsk omsetjing er sett inn som etterord i samlinga med tekstar på landsmål som kom ti år etter. Ein kan berre spekulere over kvifor det blei slik, men det er sjølvsagt viktige år for framveksten og utbreiinga av landsmålet som ligg mellom dei to utgjevingane.

Ein annan viktig skilnad mellom dei to bøkene er at Klæbos fetter, Anton Chr. Bang, skreiv eit forord til første boka – og det er til og med reklamert for forordet på framsida av boka sjølv om Bang enno ikkje var blitt biskop, men berre er «Professor Dr. A. Chr. Bang». Det vesle forordet er interessant på mange måtar, både fordi det er ein autoritet og ein nær slektning som her vurderer Klæbo høgt som menneske og diktar, og fordi Bang seinare skulle skrive utførleg mellom anna om oppveksten han delte med Klæbo. Dei to ser ut til å ha vore nære venner heile livet; i alle fall er det slik Bang både i forordet frå 1888 og i Erindringer frå 1909 framstiller det. Vi skal gå nærare inn på dette litt seinare og sjå at det kanskje ikkje var fullt så enkelt.

I forordet til 1888-utgåva av Klæbos skrifter skriv A. Chr. Bang mellom anna:

For det store Publikum vil vistnok Forfatteren saa omtrent være ubekjendt. Det meste og bedste af hans literære Produktion foreligger trykt paa yderst forskjellige Steder i en Sprogform – Landsmaalet, – som hidtildags kun faa inden vor Nation er bleven fortrolig med. Min afdøde Fætter og Barndomsven var dybt grebet af Maal-Tanken; det er fuldt stemmende med Virkeligheden og overmaade træffende, naar Udgiveren i sin biografi siger om han, at han gik tilgrunde under sin Stræben for at realisere sine Idealer i national Retning. Hans Livs Kraft opbrugtes og forbrændtes under Begeistring og Arbeide og – Mishaab med Hensyn til Maalsagen. Under dette slog imidlertid hans vistnok betydelige Digter-begavelse ud og afsatte Frugter af varigt literært Værd. [ …] Mange vil i Samlingen opdage en før ukjendt Digter. Enkelte vil maaske være enig med mig i at se i ham en Lyriker av Rang.

Men naar jeg tænker paa det bedste ved den bortvandrede Forfatter, det som var hans Kraft i Livet og Lys i Døden, da vil det ogsaa være passende at slutte disse Linier med det skjønne Ord, der saa ofte møder os i de gammelkristelige Indskrifter: Vivas in deo! Lev i Gud! (Klæbo 1888, 1).

Bang har skrive forordet heilt i tråd med diktarportrettet Heggtveit gjev i innleiinga, og som blir avslutta med følgjande dom:

Med Hensyn til hans Personlighed rammer man Hovedsagen ved at sige, at han var en komplet Lyriker. Allerede fra Barndommen var han et Stemningsmenneske, og uagtet han besad grundige Kundskaber og kunde tænke baade klart og dybt, saa blev Følelsen og Stemningen mer og mer det overveiende hos ham. I Omgang var han livlig, ofte pirrelig, et stort Barn igrunden, men altid af en meget nobel og elskværdig Karakter, og «faa Mænd har vistnok levet et saa rent Liv som han» (Heggtveit 1888, 11).

Det som er merkeleg, er at ingen seinare har stilt spørsmål ved det første portrettet av denne unge døde diktaren, for det har trass tidleg gløymsle vore nokre spreidde bidrag som skulle sikre at han ikkje blei heilt gløymt. Det kan kome av mangel på kjeldemateriale; det har vore svært lite ein kunne finne ut om Klæbos liv utan å gå vegen om andre og sjå kven han var saman med, og kva ein frå denne fellesskapen kunne få ut om Klæbo sjølv. Ein skal kanskje heller ikkje gløyme at Klæbo var ein smålåten mann som sjeldan tok ordet i forsamlingar, og som altså skreiv det meste under mange forskjellige pennenamn, og at han med andre ord korkje var ein sentral aktør eller ein stor og produktiv diktar. Minneordet som redaktøren i Bergens Tidende – der Klæbo trykte det meste han skreiv dei to–tre siste åra av livet sitt – sette på ein måte endeleg sluttstrek for eit liv i strev og motgang, med litt framgang på diktingas område – ved å slå fast at Klæbo kunne ha blitt ein viktig mann i kampen for målsaka, og at «mann som han, vart sjeldan funnen / hjartevarm og god til grunnen» (Lofthus 1874). Ein kan seie at dette minneordet sette ein tidleg standard, som Heggtveit og Bang sementerte med det dei skreiv om Klæbo i 1888.

Dei fleste freistnadene som etter 1900 og gjennom meir enn hundre år er blitt gjort for å halde minnet om Klæbo levande, har som nemnt anten skjedd ut frå omsyn til lokal forankring (Helgeland, Hardanger), eller er grunna i den innsatsen han gjorde som ein tidleg brukar av det nye skriftspråket vårt. Det har kome lite eller inkje nytt, og hovudtrekka i det Heggtveit skreiv, er ført vidare, om ikkje som direkte avskrift, så i alle fall i same ånd. Når det gjeld kva Klæbo sto for og kva han kjempa for, er det kanskje ikkje så mykje å klage på. Det går tydeleg fram av det han skreiv at han hadde ei sterk tru på folket, og på framgang og vokster i landet vårt om vi tok vare på det beste i arven frå forfedrane. På sett og vis kan dette seiast å ha blitt godt ivaretatt og vidareført i det frilyndte ungdoms- og norskdomsarbeidet som hadde stor framgang langt inn på førre hundreåret. Klæbo hadde ei sterk kristentru og gav ofte uttrykk for at han var redd for kva som ville skje om trua blei borte, og det førte til mismot og til brot med folk han elles såg opp til når det galdt målsak eller større politiske saker i landet vårt. Men det tok ikkje livet av han, og han dikta kanskje meir på minnet om «mor og heim» enn dei sakene han kjempa for. Så sjølv om det er forvitneleg at Kristoffer Uppdal kallar ein av sine «Håløygske sonettar» for «John Klæbo», er forståinga av kva som ligg bak diktinga til Klæbo, og kva som knekte han, på innfløkt vis samanfallande med den vi har sett hos Bang og Heggtveit. Det er òg vanskeleg å sjå korleis biletbruken i sonetten faktisk kan vise tilbake til Klæbos dikting, men sjølve det faktum at Uppdal valde seg Klæbo for ein av sonettane, seier litt om plassen han trass alt hadde i landsmålsdiktinga – ei kort stund.

Ein morgon skyver fram si solhjul-vogn
mot væra millom berg og røysestein.
Og bu-røyk brenn, det syng frå rokk og tein,
det luktar oljeplagg og fiskar-gogn.

Og alt er ysmevårblå solskins-logn
og fugl på reir og egg langs gråberg-lein,
og lamm og killing smakar grasvarm rein,
og fivreld løyser duft or hegg og rogn.

Og barnål-bakken under gran og toll
– der hender samlar egg ved solskjels-poll –
er varm som hendene på mose-stryet.

Hans skalde-sjel or solvår-groren glødde.
Men kuldenæter brende sjele-hyet
– og store sumar, dømd, i hel seg blødde.

Det einaste «nye» som eigentleg har kome fram etter 1900 er noko av det Ove Bakken henta fram og trykte i eit nummer av Håløygminne i 1933. Det gjeld den fine forteljinga om Klæbos år i Hardanger, og i litt mindre grad den heller tynne skildringa av Klæbos fødestad, Glein. Båe tekstane er tatt med som «ekstramateriale» til slutt i denne tekstsamlinga, saman med minneordet til Lofthus. Det Ove Bakken sjølv hadde å seie om Klæbo både i Håløygminne og i forordet til den vesle samlinga med Klæbodikt han gav ut (Bakken 1934), er heilt ut i tråd med dei tidlegaste minneteikningane. Andre, mindre bidrag om Klæbos liv og virke – til dømes av Ole Løkås, Halldor O. Opedal, Hans H. Skei og Johannes Gjerdåker (sjå litteraturlista) – kjem sjeldan vekk frå dei enkle sanningane som dei har frå Heggtveit og frå Klæbos eigne tekstar. At Klæbo blir nemnt i ei bok som Det nynorske skriftlivet (Stegane 1987), skulle vel eigentleg berre mangle, men det er eine og åleine Klæbos frykt for at målfolka var i ferd med å grave vekk grunnen under kristendommen som blir tatt opp. Frykta var ikkje grunnlaus på 1870-talet, men dette endra seg til det betre seinare – ikkje minst på grunn av Blix og den rolla han kom til å spele på fleire område.

Spørsmålet ein må stille seg, er om det let seg gjere å finne ut meir om livet både i det ytre og indre – korleis han levde, og kva han gjorde, men også kva han tenkte, ønskte, vona, drømte om. I tillegg til det materialet eg har nemnt ovafor og Klæbos eigne skrifter, er det særleg dei mange breva frå Klæbo til Anton Chr. Bang som kan tene til å kaste nytt lys over mange ting i livet hans gjennom dei ti siste leveåra, slik nokre få brev til andre også kan gje eit bidrag. Her står eg i stor gjeld til Anders Aschim som har skrive den strålande biografien om Elias Blix, Ein betre vår ein gong (2008). Aschim kom borti mange «bipersonar» i Blix sitt liv. Mange av dei var bondestudentar frå Nordland i Kristiania. Ein av dei var Jon Klæbo, og eg har fått lese ting han har skrive om nordlandsstudentane i Christiania på 1860-talet, sjølv om eg her berre så vidt er innom nokre av dei fordi Klæbo kjende dei eller hadde med dei å gjere.

Men lat det samstundes vere klårt at eg ikkje tar sikte på ein heildekkande biografi på grunnlag av nytt kjeldemateriale. Eg ser det berre som rett og rimeleg å utvide, nyansere og problematisere det vi så langt har visst om Jon Klæbo, og har elles – via breva – vore så heldig at eg har kunne føre prov for at Klæbo har skrive fleire tekstar vi før ikkje visste var av han.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.