Nordlandsliv

av Jon Klæbo

På reina – over fjorden

Ei lita tavle frå Nordland

Ifrå Stadsbygd og Namdalen og opp gjennom Helgeland og eit godt stykke nord i Salten veit dei så godt i kvart hus kva det vil seie å «ligge på reina» og «å segle fjorden». Dei orda ber i seg så mykje av nordlendingens glede og gaman, sorg og sut, elsk og otte at det kunne lønne seg å sjå på dei ein grann.

Det er ein kjent ting at den store stemna som no kvar vinter i tusen år har møtt fram til Lofoten, i grunnen har satt stempelen på heile livet i Nordland. Du kan lese «lofotferda» på dei fleste tiltak folk imellom, og kunne ein tolke tankane, vågar eg at merket skulle vere skirare å sjå. Ein veit lite kor stor makt ein fast levemåte med ei lang soge har på folket i ættene opp igjennom, og større vert ho di balsamare og hardare levemåten er. Og det kunne vel vere sant at ingen har det så utrygt og ufyseleg her i landet som nordlendingen når lofotferda kjem. Fisket kan ofte ha hugnad og hyggje endå det jamt og samt er strev og strid, vås og våde. Men sjølve reisa, nordvegen, er så ufjelg at eg lite kan tru at det andre stader i Noreg er så tung å ta brødet. Ein skal vite at det er hardaste vinteren nettopp i den tida hav-vêret og land-vêret og nordavinden strid som kvassast. Og så kjem det til at båtane ikkje er skip, og vegstykket for mange er over dei tjue mil, og at leia ligg fram gjennom stygge fjordkjeftar og inn under farlege fjell. Rotkneet attmed Støtt kan ein lite kome framom straks det er eit landvindskast, for vinden går i slike flager at segl ikkje er førande, og imellom kan det vere daudstilla.

Men det verste er endå att: Du kan segle trygt heile turen ein tre–fire døgn til dess du kjem «på reina». Då lyt du stanse og sjå deg endå tryggare vêr, og det kunne saktens hende deg det same som det gjekk så mang ein dugande kar, at du laut vente på fjordvêret innpå fjortendagane. Vestfjorden, eller som Lofotmannen seier, Fjorden; det vil seie fjorden framom alle andre – han kan setje age i gutane. Det er ein underleg fjord òg. Denne kjeften er utruleg brei, klemmer seg så fælt langt ut i Ishavet og synest vilje gape over all den styggedomen som grev seg opp der ute. Og så desse høge fjellgardane på båe sider som dreg seg meir og meir inntil kvarandre di lenger det ber inn i fjorden. Det synest vere laga urimeleg godt til å pakke uvêrsmakta i hop og gje henne større kraft.

Ja, det er stygt havstykke, denne fjorden. Ikkje ei øy, ikkje holmen, ikkje skjeret som alda kan bryte seg sund på. Nei, det er heile storhavet som du har med å gjere frå du slepp land til du tek land ein plassen fram med den velsigna Lofotveggen. Og ei 6–8 mil skal du fare i eit einaste tak. Ein slepp å tenkje på hamn og hus. Her må det anten bere eller breste. Det bar ofte så til her at det brast, at dei finaste folk, den venaste von laut krabbe på kvelven, sitje der til sjøen til slutt slo dei bleike ned i den store gravgarden.

Vestfjorden er Nordlands største kyrkjegard, og det er vel få hus som ikkje skulle minnast at ein eller annan av skyldfolket tok sitt lik-laken under Vestfjordens våte venger. Det er sant om ein seier at nordlendingar er om den gravgarden. Er det då å undrast på at gamal og ung tenker på Vestfjorden med age og elsk!

Teksten etter Ove Bakken, 1934.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.