Nordlandsliv

av Jon Klæbo

Ei rispe frå Nordland

Folket i Dalsvåg sat no i kveldsseta. Det lei langt fram på hausten, og dei tenkte så smått på lofotferda; ein kunne sjå det på arbeidet som dei sat med. Borte ved omnen var kjerringa og batt sjøvottar medan ho ender og då stakk bort i vogga med foten sin. Den eine tausa skulle tre ein vev i skafta; den andre sat med ei stor hampdokke på rokkhovudet og spann sildegarntråd som karmennene skulle ha med på langferda til handarbeid når det vart landligge. Frampå golvet stod lampa, og der borte hadde mannen fatt på ein toskegarnstreng som nyleg var tatt ut or strekk; han skulle no setje teiner på. Tenestedrengen sat attmed og la i toskegarnnålene; men borte ved glaset stod han Karel og kvesste på ein lin-klave. Han var sjølvfostringskar og budde der i huset. På kjaken innmed det eine auget hadde han ein føflekk; såleis gjekk det til at han som oftast vart kalla «Karel med flekken». Det var mykje til jask og prat heile kvelden, som vanleg er når gutar og jenter kjem saman, og mannen sjølv, som var ein mykje trøysam kar, var ikkje borte, han heller. Mange visste det vel at han Karel hadde eit godt auge til ho som sat i veven; i kveld fekk han no høyre at folk hadde ansa det; det var ikkje fritt for at mannen i huset også erta desse to. Ho var retteleg ei gagnleg jente, og han Karel var no ikkje nokon uvendsleg glunt når det bar i båten, og så ville han gjerne gjere seg noko til og få henne på trua. Kona ho berre høyrte på; men då det lei til koketid, spurte ho om nokon var so hæv å hente den uers-vola som hang nede i naustet; til kvelds skulle dei ha uer-skoltar og potates. Mannen skaut augo sine bort mot linklaven: «Han Karel er no ikkje frosen-forfælt,» sa han og smålo. Det kunne ein straks sjå at han der borte tykte mykje ille om å gå til sjøen så seint på kveld. Hadde ikkje ho i veven vore til svars, trur eg mest han hadde halde seg heime. Men no måtte han vere kar; han keikte på hovudet lite grann så han fekk glytta bortover: «Eg skal vel få kokeri heim,» sa han Karel, og no var han uvanleg frisk i målet; «berre legg ‘pund gryta!» Dermed la han fila borti glaskista, kasta trøya på seg og fauk av stad. Men jentene gliste seg imellom; dei såg kor heit og raud han var då han la ut gjennom døra. Det var likt til at han hadde fått fart på seg; ein kunne høyre treklumpane hans nedover bakken. «Dette naustet er eit farkhol, med draugar og skrømt og så den likkista i nausttaket! Berre eg var vel og bra heime att!» Så tenkte glunten og song og tralla så høgt at du skulle tru det var ein heil ålmuge som for fram. Men no var han komen på nersida av naustet; det var langt det; men det verste var å gå inn. Han skaut nøkkelen i det gamle trelåset så hardt at han var nær ved å knase heile greia, og då han fekk fatt i luka, tok han så i at ho fauk lang lei bort i fjæra. No var han snøgg inn gjennom naustet bort til nabben; jau, der var vola opphengt; han hadde ho alt i handa. Enno hadde han ikkje høyrt noko, og no var han visst berga. Han tok til å bli glad og ville til å syngje. Den gamle haustskjeringssongen kunne høve, og dermed tok han i med sitt tjukke mæle: «Fra mennisken haver jeg vendt min hu». – Men han kom ikkje meir enn første lina. Med det same han skulle ha den andre foten over den høge dørstokken, var det ein kar som fata han i trøyekragen. Han Karel gløymte reint song og trall. Andletet vart med ein gong så kvitt som bleikt lerret, og heile kroppen dirra som eit lauvblad. «Kven er du for ein dævel?» ropa han, hiva ueren langt ifrå seg, spytta i nevane og ville til å nappa i han som attanfor sto. Men det var ikkje råd til å få tak på’n. Glunten vart endå meir redd og sint; han både huta og banna; den hin kroppen sa ikkje det grann; han slo ikkje heller; berre når han Karel ville ut over dørstokken, ville draugen ha han innover. Han røynte på så hardt at stiftane på den eine treklumpen vart dratt ut og overlêret gjekk sundt på den andre; men nei; det vart inga hjelp, det heller. Det var då reint fælt; han Karel tok til å gråte og lese, og så sette han den eine hoselesten mot veiteskia og den andre mot dørstokken, la så fram over med all makta si; sveitten sila nedover kinna, slik tok han i; jau, no mona det. Draugen fekk då sleppe likevel; glunten kunne høyre kor det rivna i stampetyet der handtaket til trollet hadde vore. Og no bar det heimover. Han kunne tydeleg høyre trollet etter seg; di meir la han i veg; han var mest andsloppen då han fekk fatt i ytterdørklinka, og inn bar det, opp gjennom troppa og til sengs oppå loftet. Dei som i stova sat og venta på han som skulle hente ueren med sjøen, tykte greinleg heile verda var laus då han Karel som setjande. «Jøssøs då!» sa kjerringa. «Du får sjå opp kva som står på,» og mannen med lys i handa oppå loftet. Der fann han glunten i senga med fellen over hovudet, brennande heit og med stirrande augo. Eit vitug ord var det ikkje mogleg å få av han. Ut på natta fekk han nedfallssotta; han bar seg så fælt at det ikkje vart fred for nokon, og det tok nokre dagar før glunten vart god igjen. Dei som gledde seg til å få uer, måtte gjere seg nøgde med graut. Men då mannen morgonen etter kom til sjøen, stod naustdøra på vid vegg, uersvola bort i fjæra slengt der kråke og ramn sat og heldt gilde, treklumpane hans Karel opprivne, og attmed døra ein stor gangvad-ongel hengjande ned frå taket, til halvparten utretta og med ulltråd på odden og i agnhaldet.

Svein Urædd, 28. april 1869.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Nordlandsliv

Utgiveren av denne boken, professor Hans H. Skei, har hatt som mål å samle de tekstene Klæbo skrev fra eller om Nordland. Jon Klæbo er i dag en nokså glemt forfatter, men han skrev en god del dikt og fortellinger, for det meste skildringer fra Nordland.

I denne utgaven trykkes ti dikt, fem fortellinger og tre brev. I tillegg inneholder utgaven en biografisk skisse om Jon Klæbos liv og dikting. Utgiveren har også tatt med tre tekster om Klæbo og en samlet oversikt over Klæbos produksjon.

Se faksimiler av Songar og sogor, 1898 (NB digital).

Se faksimiler av Ove Bakkens samling med Klæbo-dikt fra 1934 (NB digital).

Les mer..

Om Jon Klæbo

Salmedikteren Elias Blix kalte Jon Klæbo «den unge gaaverike nordlandske diktaren, som me syntes gjekk so altfor tidleg burt fraa oss». Jon Klæbo er i dag en nesten glemt skikkelse i norsk litteratur- og kulturhistorie, men i sin samtid var han en anerkjent ung forfatter og målstrever.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.