Paa sjølvstyr

av Rasmus Løland

PAA SJØLVSTYR

5Tett ved elva ei halv mils veg upp fraa fjordbotnen er der eit husmannsplass, som heiter Kroken. Det er lite og laakt stelt. Rundt ikring ei lita gamal stova med sprukkne veggjer er der eitpar smaa uthus, bleike engflekkjer, steinutte potetsgrav og røysar. Litt lenger ifraa er det berre skog og buhagar paa alle kantar sonær som ned mot elva. Er ein eit stykkje fraa, ser det likso likt ut til aa vera ein sæter elder ei utslaatta, som til aa vera bustad for folk, og rett lengje er det ikkje helder, sidan det var berre ei utslaatta. Berre ti-tolv aar sidan. Paa den tid vart der lagd postveg uppetter dalen, og vegen kom til aa gaa gjenom skogen ovanum Kroken. Daa fek vegarbeidararne ei gamal stova flytt derupp til «lossementshus», og etter vegen var ferdug, vart ein 6av dei sitjande att der i stova. Han hadde fengje ein arm sundslegen av eit mineskot, so han ikkje lenger dugde til steinarbeid. Han fek seg daa ei merr og ei kjerra og slog seg ned her for aa liva av kjøyring og skjussing paa den nye vegen. Attaat det fek han leiga eit stykkje jord rundt stova. Til medhjelp i huse fek han seg eit kvinfolk, som fyrr hadde fylgt vegfolka og vore kokk.

Soleis vart det «folka» i Kroken, og ein maanads tid etter der hadde vore brudlaup, var dei tri i stova: den fyrstefødde laag i eit lite trog og gret. Fjortan dagar etter vart han kristna og fek namne Kristian.

Dette var byrjinga av soga hans vesle Kristian, og um den fyrste tida hans frametter er ikkje stort meir aa nemna, enn at han gret liksom den dagen han var komen til denne verda. Graating var idetheile det vissaste han foor med i aarevis frametter, naar han ikkje nettupp sov; for verda laga seg slik for han, at han jamt hadde noko aa graata for.

Reinleik var ei dygd, som far og mor ikkje sette stort verd paa; dei hadde aldri stræv med aa halda seg fri for smaadyr og utol i huse. Kristian fek difor tidleg saar og skurv og annan vesaldom aa graata for. Og mest endaa verre var det, at han so ofta fraus. Han fek ikkje lengje liggja i voggetroge med den litle voggedyna 7yver seg. Um eit aars tid kom der ein annen liten, som laut faa plassen der. So fek Kristian lega i ein liten fjølekasse burtved veggen. Der stod det trekk inn millom dei gamle, grisne veggjerne um vinteren, so han berre laag og kraup ihop som eit nøsta under klærne. So var graaten det vissaste aa ta til att, naar det vart forille. Og naar han far kom heim av kjøyring trøytt og sær og trødde i golve og bad ein annen skjusskaffar ta den tuthalsen, naar han ikkje vilde tia – so visste Kristian ikkje anna aa seia um det enn aa tuta endaa verre.

Det var reint ei stor orka med den stakkars ungen. Mor hans stræva lengje best ho kunde med han for aa faa han til aa tia noko meir. Ho klussa med skurvsaara hans, smurde dei med talg, rigabalsam og terpentin og mange andre kjeringraader; men ingen ting vilde hjelpa. Han tuta berre endaa verre, etterkvart som Vaarherre leet han faa sterkare mæle.

Daa vart ho sistpaa leid og arg, ho og; ho bruka trugsmaal, og hjelpte ikkje det helder, so leet ho han berre liggja og tuta og yla, til han blaana reint av.

– Soleis gjek det som det kunde frametter, og kor mykje han skraala, so var det ikkje nokon gong han trefte til aa slokna reint burt av det helder. Han gnog og aat alt han fek, og voks 8smaatt um senn, so han jamt hadde krefter baade til aa staa seg mot saar og vesaldom og til aa halda paa med skraale sit. Og ein leid ting kjem sjeldan aaleine. Paa same tid som skraale hans sterkna, bar det so til, at der var anna slags leven og, som auka paa der i huse.

Han far i huse hadde i all si tid likt «det sterke», og med det arbeid han no hadde raaka han ofta upp i aa faa seg noko av det slage. Naar han kjøyrde varor for folk elder skjussa, gav dei han jamleg brennevin elder øl for aa faa han til aa vera snar elder slaa av paa kjøyreløna; dei visste for lengje sidan, at det var beste raada til aa gjera han rimeleg. Naar han kjøyrde nedyver aat handelsplassen ved fjordbotnen, fek han ofta ein dram av folk uppetter gardarne for aa gjera smaaerind dernede for dei. Og naar han hadde fengje pengar for kjøyring og raaka kjenningar nedpaa handelsplassen, so var han med inn paa ølstovorne, anten det var han elder dei, som betala. Det var soleis etterkvart vorte likso ofta han kom heimatt full som fastande. No paa det seinste hadde han dessutan fengje ein ny «sjau», som der fylgde endaa meir drykk med.

Millom alt det nye, som hadde spreidt seg uppetter bygderne i dalen, etter den nye vegen var bygd, var ogso ein flaum av øl og smughandlarar. For slike handlarar kjøyrde Krokmannen 9«varor» um netterne. Fraa slike ferder kom han altid heimatt yverfull og utmasa og i eit fælt ulag – ofta ikkje fyrr frampaa morgonsida, og hadde han daa ikkje kjøyrt det vonde lune av seg paa merra, so gjek det utyver kjeringa. Men kjeringa var spelegare aa fara uskikkelegt med enn merra. Ho var eit stort, sterkt kvinfolk; ho kunde bita fraa seg, og det kom av og til til harde uppstyr millom dei, med knytte nævar, øyredaskar, banning og skjenning. Mot slikt var skraale hans Kristian reint smaating. Det var slik, at ein kunde høyra det eit heilt stykkje utanfor. – Men likevel var det høgste maale for skraal endaa ikkje naatt uppi Kroken. Det skulde verta endaa ein mun til.

Det er fyrr nemnt, at der um eit aars tid kom ein ny unge, som laut faa voggetroge, so Kristian laut flytta upp i ein kasse. Sidan kom der barn etter barn med stutte millomrum frametter aara til dei ialt var sju; fem nedstuva i ei flatseng um netterne, ein i eit bol av halm og fillor bak omnen og den minste i troge. Men medan der vart so mykje fleire i huse, auka det ikkje med midlarne til aa føda og klæ’ dei. Det minka helder. Den gamle merra var for ei god tid sidan utslita og hadde stupa. Sidan hadde Krok-mannen fengje seg ein hest; men no tok den og til aa verta utsliten. Og pengar til aa faa seg ein ny, 10god hest hadde han aldri. Det var berre med nauda og med ljuging, han hadde fengje seg denne hesten sist. – Han drakk dessutan burt meir no enn fyrr. Og av alle borna døydde ikkje eit einaste.

Det vart soleis etterkvart svert smalt med livemaaten i Kroken. Paa den vis kunde det ikkje gaa i lengda. Dei laut til fatigkassen og be um hjelp dei som andre stakkarar. Men gu’ betre, det vart ikkje so stor hjelpa aa faa der helder.

Mennerne i fatigstyre visste, at mannen i Kroken kasta burt so mykje for seg med drykk og sumling, og solengje det varde, var dei svert knipne med aa hjelpa han. Ei tunna korn elder tvo fek han um aare, men ikkje meir. Aa gjeva han skikkeleg «understøttelse» var aa hjelpa til, at han kunde halda paa med denne livemaaten sin, totte dei. Fyrst naar der var ærleg naud, kunde dei med godt samvit hjelpa han meir.

– Kjeringa fek helder ikkje hjelp av grannekonorne slik som ei onnor fatigkjering. Ho kom aldri i noko vidare kjenskap elder venskap med hine bygdarkjeringarne. Ho var mest altid botta heime av alle ungarne, og kom ho einkvargongen ut millom folk, so kunde ho aldri gjera seg godt umtykt. Ho snakka ikkje audmjukt og fint som ei skikkeleg fatigkjering. Der var altid noko av sluskekvinfolke ved henne – noko framandt, hardt, ugodslegt. Alle visste dessutan, at ho ikkje livde 11paa nokon god maate med mannen sin. Ho bad helder ikkje um noko; det var som ho var for byrg paa det. Det vilde difor aldri verta nokor rett medkjensla med fatigdomen hennar. Folk vilde ikkje rektig tru, at det var so armt for dei i Kroken helder. Han hadde daa jamt arbeid med kjøyring, den mannen, og tente seg gode skjelingar, og kjeringa hadde namne spinning for folk av og til. Um slikt pakk kunde ein likso gjerne tru, at dei klaga seg liksom fantarne, anten dei hadde grunn til det elder ikkje.

Paa denne vis vart det den reine smalhans i Kroken, sosnart der ikkje var viss kjøyring aa faa for mannen, og hadde hestarne bitest fyrr, so besna det ikkje no, daa krubba var tom. Kjeringa var sistpaa vorti so sær og vond av all denne livemaaten og kave med ungarne, at ho egla seg inn paa mannen, endaa um han vilde ha fred. Paa dette hemnde han seg med aa sumla endaa meir ute um netterne enn fyrr. Der var slik livemaate, at snakke um det sistpaa kom for øyra aat sjølve presten, og han sende kapellanen sin innum i Kroken eingong til aa formana dei tvo egtefolka og snakka dei tilrettes i Gus’namn. Um det sidan vart kristelegare livemaate i Kroken vart aldri spurt. –

Og attaat alt dette staake skreik kvar av ungarne no mest likso mykje som han Kristian 12fyrr hadde gjort; for dei var alle mest likso vanstelte og saare og ilske som han.

Soleis var det i Kroken den vaaren Kristian var ikring ni aar gamal; det var den same vaaren som den siste ungen var tilkomen. Det var Kristian, som no var komen til aa ha legestad burti omnekroa, og naar det kom til stykkje, so var det nok nettupp han, skraalaren, som no var den mest stilfarande i heile huse. No skreik han ikkje utan naar faren i ei vond stund var nærved aa klypa øyro av sin fyrstefødde, elder naar ho mor i ei likso vond stund tok paa og dengde han elder dela ut øyredaskar og raama han altfor godt. Og sjølv daa gret han ikkje rett lengje. Han hadde teke til aa tenkja so smaatt paa eigja hand no, guten, og det fyrste, han daa hadde lært aa skyna, var, at det var nok best aa tia so mykje som raad var og smjuga fint fram i verda.

Han var no for ei heil tid sidan vorten sopass stor, at han tolde juling, og der skulde, gu’betre det, ikkje mykje til for aa faa juling av far elder mor, naar der var graaver i huse. Berre aa gryla litegrann, gnaala etter mat i utide, egla litt med smaaungarne elder setja treskorne midt paa golve, so han far snofla i dei – berre slikt kunde vera fælt spelegt paa ein slik dag. Vilde han sleppa for juling so mykje som raad var, so var det difor best aa ikkje kny formykje elder lata nokon merkja 13formykje, at han var til. Han kraup saman so liten som ei mus burti bole sit um kveldarne, naar han høyrde, at døra vart slegja hardt att, og han heldt seg so still, at ein snaudt kunde merkja han var der. Ikkje sjeldan laut han leggja seg med halvtom mage; men han laag like still for det. Det galdt berre um aa halda ut netterne inne, so var det ingen vande um dagarne no, daa det var vorte vaar; – daa kunde han vera utor humlebole heile dagen og ferdast paa frifot, kor han vilde.

Det hadde altid vore bra aa faa sleppa ut um vaaren og sumaren fyrr og; men aldri slik som iaar. Fyrr hadde han berre lege og grave saman med dei andre ungarne utfor veggjerne elder nedved elva; men no hadde han lært aa finna vegen gjenom skogen burtyver aat grannegardarne. Der raaka han jamnaldringar og kammeratar i mengdevis. Der kunde han vera med og leika og staaka somykje han vilde utan faare for juling, og han slapp endaatil aa gaa heimatt til middags. Naar han kom inn paa kjøkena saman med nokon av felagarne sine, so var kjeringarne jamt so snilde, at dei gav han ein bit mat. Var det ikkje den eine staden, so var det den andre; særleg naar han passa paa aa koma inn just naar dei stelte med nonsmaten. Dette var det beste av alt. Det var eit liv som for ein 14lukkeleg fugl i skogen detteher mot aa vera heime, og han hadde snart fengje slik smak paa det, at han ikkje kunde halda seg heime ein einaste dag. Det bar avstad, sosnart han hadde fengje paa seg klærne um morgonen, anten det var regn elder solskin, og han kom sjeldan heim fyre kvelden. Vilde nokon av dei mindre ungarne fylgja med, so lurde han seg avstad elder sprang ifraa dei. Naar han var fri, vilde han helst vera skikkeleg fri. Og heime sa dei aldri noko vondt for det, um han ferdast so mykje ute. Det var altid ein minder i maten til middags, og det var berre ein god ting. Det var ein minder i den tronge stova um dagarne, og det var og ein god ting.

Soleis skreid det framyver sumaren, og Kristian var snart kjend med kvar veg og i kvart hus i heile grenda heruppe. Og folk sa ikkje noko vondt for det, um han kom ofta att. Dei lo berre nokolite og spurde, um den karen var ute og ferdast. Dei lo, naar han langa kaldgraut og surt skyr i seg med god mathug, og dei lo kanskje av og til, naar han sprang og leika, etter han var vorten mett. Men det gjorde ikkje noko, um dei lo. Aldri tære. Han kjende seg so lett og glad, at han berre lo med, og han gjorde med gleda smaa tilvik og sprang smaaerind for folk, som gav han mat. – Det var ikkje lengje, fyrr 15han radt tok til aa sjaa betre ut av denne livemaaten, gutungen; det var kje fritt han raudna i kinnarne, som fyrr altid hadde vore so bleike og slakke. Av og til naar han vart kalleg fillutt og tenestegutar og gjentor vart stride til aa gjera narr av han, fek han ogso gamle heilare klædeplagg av kjeringarne. Eingong ei kvardagsbrok etter ein gut, som var døydd, ein annen gong ei trøya, som ein jamnaldring hadde kasta. Stakkarstinge; han vart nok ikkje vidare rart stelt heime, og han saag ut til aa vera ein liten snild tutling. Ein maatte tykkja synd um han, anten det var so elder so med dei sluskeforeldra hans. –

Det var reint uventa bra, dette. Den gongen han hadde fengje brok, gjek han berre og lo med seg sjølv heile dagen og saag paa seg. Han hadde aldri vore so fin og heil fyrr. Han hadde snaudt drøymt um slikt.

Men – so bra som det var alt dette, so vart det i lengda ikkje berre bra aa liva slik paa frifot helder.

Etterkvart som han var vorten so fælt tidtgjengd kring gardarne, var det ikkje altid, at kjeringarne gav han mat, plent kvar gong han turvte det. Naar han nokre dagar um senn hadde fengje somykje han kunde faa i seg, so kunde det rett som det var treffa ein dag, at han fek berre ein kakebit elder kanskje slett ingenting fraa 16morgon til kveld. Ingenting, um han gjek fraa det eine huse til det andre og berre snikte. Og ikkje var det sagt, han hadde ete so svert til morgons helder.

Slike dagar var vonde, og det som verre var: frampaa sumaren kom det oftare slike dagar. Ikkje so radt sjeldan eitpar itrekk. Det var midt i høyonna, og alle var onnuge med sit. Mannfolk og kvinfolk var utpaa bøarne heile dagarne, naar det var godt ver, og gav seg ikkje tid til aa tenkja paa han. Elder kanskje dei paa den eine garden trudde han hadde fengje mat burtpaa grannegarden, og der trudde dei kanskje han hadde fengje mat endaa ein annen stad. Han skyna det ikkje. Han fek vrid i magen og gjek reint sjuk av svolt; men folk skyna ingenting, og aa be etter mat kunde han ikkje faa seg til – han blygdest so. Og aa gaa heimatt til Kroken midt paa dagen og spyrja etter mat, det likte han ikkje betre. Det var uvisst, kva der var aa faa – og det var so surt og vondt aa lota byrja paa det att.

Han grunna og grunna paa ei raad, og daa han saag, at alle folk kringum paa gardarne var ute, tok han sistpaa til aa sjaa med løynske, flakkande augo paa kjøkendørerne. Innanfor dei visste han, at der var mat aa finna – langt betre mat, enn han kunde faa heime. Og det kunde vera so lett gjort aa koma inn.

17Han tok til aa halda seg fraa dei andre ungarne midt paa dagarne og kika etter, kor det kunde vera best aa vaaga seg inn, og sistpaa fann han ein plass, som var reint lagleg. Det var burtpaa ein gard, som laag for seg sjølv burtunder bakkarne. Der budde berre ein mann, og folka heldt seg utfor ein haug og høya. Han la seg i skjol burti løda, til han var viss paa, at alle var ute, og so smaug han burtaat bakdøra. Ho var ikkje attlæst! Hjarta banka i han, og han tok i klinka; men daa det kom til stykkje, so var det ikkje so lett aa vaaga seg, lell. Det var altid som um der var folk fornær. Og skulde nokon koma, med’ han var inne! Han vart redd og snudde um att. Slik gjek det nokre gonger, og so fek han imillomaat mat att, so der ikkje turvtest nokor luring. Paa den vis gjek det endaa ei tid; men so vart det eingong heile tri dagar han hadde havt det svert smalt med maten. Mest heile tri dagar. Dette var ikkje til aa halda ut. Han vart sint og arg, gjek burtyver til den einsame garden att og sette seg til aa lura bak ein steinmur. Ingen var aa sjaa heime idag helder. Det kunde ikkje vera spelegt aa gaa inn litt. Og skulde nokon likevel koma – kunde han so ikkje seia, at han berre var inne og saag etter gutungarne, Halvar og Jens?

18Han sprang andpusten upp. Ingenting var greidare enn det. At han ikkje hadde tenkt paa det fyrr! Han saag seg ikring med skygge augo og foor so inn, still som ein katt. – Det gjek godt. Matskaape var ikkje attlæst no midtpaa dagen. Han fann spekekjøt og kaka og tok dugeleg til seg, og ingen kom, ikkje so mykje som ein katt. Han vart modug og vaaga seg innatt dagen etter og. Han var paa nytt lag heppen, og daa dette gjek so godt, vaaga han seg sidan inn i kjøken fleire stader og; han var liksom ikkje rektig trygg ved aa ta altfor mykje paa ein stad. Og det gjek likso godt dei andre staderne. Det var slettikkje so spelegt. Ingen var etter han, og dei kunde visst aldri merkja noko, um han tok litegrann snart her snart der. Reddskapen minka etterkvart. Dette var igrunnen ein langt lettare maate aa berga seg paa enn aa gaa og faa ein bit her og der. Han grov i seg, so han stundom hadde ilt i magen etterpaa, og der var sistpaa ikkje mange kjøken i grannelage, utan han hadde vore der. Mest ingen stad læste dei att, um dei var ute midt paa dagen. Eitpar gonger trefte han uforvarande paa folk, daa han just skulde til aa smjuga inn; men daa var det berre einkvar Per og Larsemann han sku’ so plent ha funne. So var kje det meir enn Per og Larsemann. Var der rett mykje aa ta av nokon stad, 19so fyllte han lommarne sine og med flatbraud og annen turrmat. Og daa den sorga var sløkt, og det gjek so bra, so tok han til aa kasta augo paa andre smaating og. Ein stad var det ein liten kniv, ein annen stad ei skjeid elder pipa og anna smaattri, som det kunde vera gildt aa ha. – Naar han kadde gjort fraa seg i eit hus, smaug han etterpaa i skugg og skjol burt til ein annen gard og var med ungarne der og moroa seg.

Han hadde paa denne vis snart samla seg baade eit og anna smaagods. Dei beste luterne bar han paa i lommarne; sumt av det daarlegaste leet han smaasystkin sine faa, og resten gjøymde han under ein stein heime i Kroken solengje. Han kjende seg heilt rik, naar han saag paa det um kveldarne; men fyrr han visste orde av, fek denne gode tida ein syrjeleg ende.

Kjeringarne burtetter gardarne hadde merkt noko, likevel. Der hadde ei heil tid liksom vore nokon i maten i utide av og til; men det var altid so lite tilgjort, at dei ikkje rektig kunde koma paa aa tru, at der hadde vore tjuv i huse. Men no vart det verre. Snart her og snart der kom det burt ein kniv, ei hornskeid og anna paa ein slik maate, at det ikkje kunde gaa skikkelegt til. Folk vart forbina og tok til aa stengja dørerne, naar dei var ute; men sume stader leet dei dei staa som fyrr og sette ungar til aa staa paa lur 20etter tjuvar. Og Kristian, stakkar, laup i fella burtpaa ein av gardarne med ein gong. Han vart uppdaga, medan han stod og grov uppi ei hylla, og fyrr han visste orde av, hadde dei stengt han inne og ropa paa folk.

Husfolka og eitpar kjeringar fraa grannestovorne kom strakst og tok han under forhøyr, og det nytta ikkje aa nekta elder koma med nokoslags aarsaking her. Men var det han, som var tjuven idag, so laag det fælt nær aa tru, at det kunde vera han, som hadde pusla og smaastole fyrr og. Dette nekta han paa harde live, daa dei tok til aa spyrja; men det nytta kje, det helder. Ein tenestegut fann paa aa kjenna ned i lommarne hans og kom halande upp med mange ting, som dei kjende att! Der vart eit leven med kjeringarne! So det var han, som hadde drive med dette i kjøkena og grave i maten? Han, som dei hadde vore so gode mot. Var det slik han takka for seg? Skulde ein ha set paa slik rakkars unge!

Kristian var sistpaa mest blind og burte av redsla og skjemsla. Han prøvde aa graata og lova, at han aldri skulde gjera slikt meir, og at dei skulde faa att alt han hadde teke; men ingen vilde høyra paa han. Eitpar tenestegutar tok og rundjula han, so han vart mest vitskræmd, og so jaga dei han avgarde som ein hund. Daa han var 21komen burtpaa bøarne eit stykkje, tok tenestegutarne og sende ei bikkja etter han, og han sprang paa berre live og skreik, til han var komen langt burti skogen mot Kroken. Der slengde han seg sistpaa ned i ein busk og vart liggjande som klumsa mest tilkvelds.

Det vart snart spurt yver heile grenda, kven som hadde vore i kjøkena, og at gutungen fraa Kroken hadde halde paa og stole ei heil tid. Det kom med det same upp, at foreldra hans aldri hadde sendt han aat skulen, endaa han var gamal nok til det for ei tid sidan. Slikt pakk – det var godt det var likt seg baade smaatt og stort. Ein fek ha betre augo med dei og ta seg ivare for ukrute.

Det var fraa den dagen ute med all godleik mot Kristian. Burt til garden, der han var teken, vaaga han ikkje aa koma meir; men um han kom burt til dei andre gardarne, so var dei ikkje stort betre der. Ungarne paa kvar gard ropa paa «Kjøkentjuven» og peika etter han, sosnart dei saag han. Og istadenfor aa faa mat fek han hundarne elder tenestegutarne etter seg. Allerverst var tenestegutarne. Det saag ut til, at dei hadde moro av aa skræma han. Han vart so redd dei, at han rømde paa berre live, sosnart han saag nokon av dei. Han vaaga sistpaa ikkje aa koma 22i nærleiken av gardarne. Han vaaga snaudt aa syna seg for folk.

Ho mor fek ogso snart høyra, kva han hadde gjort; ho hadde fengje vita det ein dag ho var nedi gardarne, og ho kom heimatt i eit fælt sinne. So det var slikt han hadde drive med isumar, han? Han var so stor no, at han snart kunde ha fengje vore paa tenest hjaa einkvar derburte, sa ho, og fengje baade mat og klæde, istadenfor aa gaa her og berre eta og dovna seg og gjera leidt. Og so hadde han stelt seg slik, at folk aldri vilde ha han i hus. Her maatte ho, mor hans, gaa og høyra leidt for hans skuld! Ho tok og dengde han slik, at han aldri hadde kjent det verre. Og høyrde ho meir slikt, so skulde det gaa han endaa verre, somykje han visste det.

Han rømde ut og gjøymde seg, sosnart han slapp fraa henne, og gjek sidan og skulka uppi skogen heile resten av dagen. Kva skulde han no ta seg til? Utanfor heime var alt stengt for han og aa vera heime var dubbelt vondt og langsamt og fælt no, etter han hadde livt dette sæle live paa frifot so lengje. Det var som aa vera innestengd i ein kjellar. Han var heimlaus allestader. Han hadde stelt det rart for seg, han! – Som ein dengd hund snikte han seg heim um kvelden, og sidan gjek han dag etter dag der i skogen og smaug og slong langs vegjerne, svolten og arm, 23gjøymde seg, naar han saag folk koma, og stirde vonlaus burtyver mot gardarne, der han fyrr hadde havt det so gildt. Og so lange som dagarne var. Heite solskinsdagar elder vaate regndagar, som aldri vilde ta ende. Dette var langt verre, enn noko han hadde upplivt fyrr. Han slengde seg ned og gret uppi buskarne, naar det vart altfor vonlaust, og helder enn aa gaa heim og be etter mat midt paa dagen livde han ofta av berre bær og surblokkor, elder han lurde seg burt i aakrarne, naar folka var inne og aat, og tok næpor og gulerøter og reiv i seg. Helder enn aa vera heime heile dagarne fek han prøva seg paa alle maatar, og nauda dreiv han snart til aa finna paa utvegjer, som han fyrr aldri hadde tenkt paa. – Um folk var vortne vonde paa han her, so var dei kanskje likare lenger nede i bygda; der visste dei vel ikkje so mykje um, kva han hadde gjort. Kanskje han kunde faa litt, um han kom der. Han hadde eit par gonger kjøyrt med far sin nedyver og visste, at der budde mykje folk nedi grenderne der. Han visste dessutan ein snarveg til aa koma umerkt derned. Det var nedetter skogen. Det var berre skog og buhagar eit langt stykkje nedyver moarne nærast elva liksom her rundt Kroken. Gardarne laag lenger uppe og meir burtunder bakkarne. Postvegen gjek og burtyver mot den kanten, sosnart han var komen eit stykkje ned-um Kroken. Den 24einaste, som budde nedi buhagarne, var ein husmann, som hadde plass nedi ei vik. Dertil var han, Kristian, godt kjend paa vegen, og gjenom resten av skogen nedaat den andre grenda hadde han fylgt mor si eingong ein kveld. Det var noko lengje sidan; men han fann no vel vegen att.

Han fek prøva dette. – Fyrste dagen vere vart godt nok lagde han iveg nedyver og var snart komen aat husmannsplasse. Men daa han skulde lenger, gjek det ikkje so lett, som han hadde vona. Skogen vart so tett og underleg, og der var so mange vegjer og krokar. Det var uraad aa kjenna seg att. Ein kunde snart tulla seg burt.

Han vart redd og laut snu um att. Dagen etter prøva han og; men det gjek ikkje betre. Skulde ein ha set slikt. Og nedyver postvegen vaaga han seg endaa minder for hundarne og alt vondt. Han var reint uppraadd og graaten nær; tenkte sistpaa paa aa be husmannsfolka fylgja seg eit stykkje, men vaaga kje det helder. Dei hadde ikkje born heime og sjølve brydde dei seg nok ikkje med slikt. Dei visste um han – dei med. Kjeringa hadde nyleg paa ein kalleg ublid maate bedt han aa halda seg fraa dørerne der. – Han sakka uppyver; men just som han gjek og togg paa det, kom han paa ei fura. Kunde han ikkje fylgja elvestronda nedyver? Daa var han viss 25paa, at han ikkje tulla seg burt, anten han fann veg elder ikkje, og eingong maatte han koma nedaat bygda.

Aa – nettupp det skulde han. Han snudde modug um og lagde iveg, og det gjek godt. Skogen var ikkje so vond, naar han var komen ned i han eit stykkje. Sistpaa fann han ein berrsynt veg, som han gav seg til aa fylgja, og fyrr han visste orde av, kom han ut or skogen og saag eit stort, glimande kvitt hus beint framfor seg nedunder ein bakke. Det stod midt i ein stor hage frammot elvebrote. – Han stansa forbina. Kvaslags ovende svert hus kunde slikt vera? Han mintest ikkje han saag det, dengongen han var med mor si; dei munde ha gjenge ein annen veg daa. Det minnte um kjyrkja, som han nokre gonger hadde set nedi dalen; men kjyrkja kunde det ikkje vera likevel; for dette huse hadde ikkje noko høgt, kvitt torn som kjyrkja. Ho stod helder ikkje so langt uppe i dalen, etter alt han visste. Og paa nokon gard hadde han no aldri set noko, som likna paa dette. Det var radt furlegt. Men du … kanskje det var huse aat bymannen, han som laag her og fiska laks i elva? Han hadde ofta høyrt snakk um denne bymannen og eit stort hus han hadde sett upp nedi bygda; – dei kalla det Fagerheim. Eingong han var med far sin og kjøyrde nedyver ifjor, hadde han sjølv set atti eit 26stort, blankt hus millom trea burtved elva einstad, og han far hadde sagt det var Fagerheim; og det var visst paa desse kantar einstad, sovidt han mintest. Det maatte nettupp vera dette –. Og so ovende fint som her var. Rundt heile huse og hagen gjek eit høgt, kvitmaala gjerde. Innanfor var der tre og buskar og store blomar, og uppetter heile sida paa huse var der store, blanke vindaugo og altslags utkroting. – Det var eit so uvanlegt syn, at han vart staaande, uviss um han skulde vaaga seg nærare. Det var just ikkje tenkjelegt, at her kunde vera noko aa faa for han helder her, hjaa villframande byfolk. Jamen … sjaa litt betre kunde han no vel altid, likevel. Han tusla varleg nedyver, og snart var han komen til aa stikka den vesle nosa si inn millom spildrorne i gjerde og glaamad, fyrst paa blomarne og stasen her paa øvre sida av huse, so langs gjerde lenger nedyver; – sistpaa var han komen radt ned paa den andre sida av huse. Der var endaa meir aa sjaa. Der var rosor so det lava, blømande smaatre og grøne gras-sengjer med gule sandgongar imillom. Burtpaa ei slik gras-seng stod eit grønmaala bord, og attved det stod eit underleg klædt kvinfolk og breidde utyver ein duk. Rundt ved borde stod underlege grønmaala stolar. Lenger burte ved sandgongarne var der og stolar og benkjer, og der paa ein benk sat eit mannfolk og las i 27ei bok og eit kvinfolk med noko som ein bunding millom henderne. Bakanfor dei sprang tvo smaa gjentungar att og fram og leika seg. Mannen var høg og smal og hadde brune klær og brun hatt. Det maatte visst vera bymannen sjølv, og dei andre der var vel kona og borna hans.

Nei sjaa paa dei tvo gjentungarne! Dei var so fint klædde og gjek med smaa ljose hattar; dei var nett som lette fjøror mot gjentungarne uppi gardarne. – Han glaama paa dei med open munn, og best som han stod slik, kom der tilsyne ein, som han laut stira endaa meir paa. Det var ein liten gutunge. Han kom springande nedfor husnova derburte og frametter ein sandgong beint mot der han stod. Stansa av og til, og sprang so att. Guten var paalag so stor som han sjølv – elder noko minder kanskje, og so underleg som han var klædd, du. Han hadde brun hatt liksom mannen derburte, blanke skor, ljosegraa klær med blanke knappar i, og broka rokk berre sovidt nedpaa knea. Det var visst bror aat gjentungarne derburte, so fin som han var. – Det var ein ball, han sprang etter, ein stor, raud ball, som han trilla framfor seg med ei lita klubba. Han kom nærare og nærare hega, so han fek sjaa han betre etterkvart; sistpaa radt burtaat gjerde, trillande paa ballen. Han, Kristian, kunde godt ha snakt inn til han; men guten saag ikkje honom. Idetsame 28vart der ropt paa han, og burtyver foor han som ein vind.

Det var kvinfolke burtved borde, som ropa. Etter ho hadde lagt duken paa borde, var ho gjenga inn i huse, og no var ho koma att med eit stort brett med koppar og mat paa, som ho sette paa borde. Dei skulde eta, saag det ut til; den litle guten sette seg aat borde ved sida av den fine frua, som visst var mor hans.

Kristian vart staaande der han stod og stirde paa dei – nidstirde. Han kjende angen av kaffi; han saag guten derburte ta gode bit av eit stykkje kvitt braud; – han sjølv hadde ikkje smakt mat fraa tidleg idagmorgo, og no leid det langt frampaa ettermiddagen. Og det han aat imorgo var noko flatbraud og sur mjølk, som han ikkje vart mett av.

Det var sistpaa radt so han vart full i halsen og vaat i augo der han stod og saag; han laut turka seg i augo. Men kva var det der, du? Just som han vilde til aa kika inn att, fek han auga paa noko nytt. Innanfor gjerde strakst burte stod der nokre raudnande buskar, som bøygde seg i topparne, og det saag ikkje ut til aa vera av blomar – nei, det var av bær, store, raude, mogne bær. Han drog seg nokre stig burtved gjerde, so han fek sjaa dei betre. Nei slike bær! Det var so dei blenkte i sola, hekk i henker. Dei var 29visst ovende gode og; og stak ein armen inn millom spildrorne, kunde ein sikkert naa i sume av dei. Han var nærved aa – – men nei, han maatte passa seg han; her var folk so nær. Dei kunde sjaa armen hans elder høyra han tusla. Me..n – tru dei ikkje skulde gaa or vegen, naar dei hadde ete – inn i huse elder einkvarstaden? Han kunde ikkje faa augo fraa dei glimande bæra. Han sku’ ikkje ta noko som var noko helder; berre so han fek smaka dei …

Han gjek eit stykkje upp att, so han stod endaa betre i skjol, og gav seg til aa venta. Nei – det gjek ikkje so svint, det. Dei aat fyrst lengje, og etterpaa vart dei endaa sitjande der ved borde i sju lange og sju breide; prata og lo. Det vilde ingen ende ta, filledomme; – men so fek han med eitt eit hugskot. Kanskje der kunde finnast slike bær innanfor gjerde ovanfor huse og? Still som ein katt smaug han uppyver, og verkeleg – han hadde kje kika lengje, fyrr han fann ein busk med nettupp sameslags bær, som han godt kunde naa i. Og her fans ikkje folk heruppe; armen hans foor inn.

Aa du kor dei var søte, dei bæra, og fulle av saft! Det var som eitslags svere bringebær. Han gløymde med eitt, at han skulde ta berre nokre faa. Han stappa i munnen med den eine honda og i lommen med den andre; men just som han 30tøygde seg etter ei ny grein, høyrde han ei fæl knurring, og i same blinken – i same blinken skimta han ein skræmeleg stor, brandgul hund og kjende armen sin gripen av kvasse tenner, so han sette i aa skrika paa berre live.

Kva var tids? Nedi hagen var dei just gjengne fraa borde, og grosseraren sat i ro og mak og røykte ein sigar, daa dei høyrde skrike. Dei sprang skræmde upp paa baksida av huse allesaman. Daa stod den store hunden der og heldt fast med tennerne ein liten fillutt arm, som stakk gjenom gjerde inn i ein bærbusk, og den som aatte armen var ein liten likso fillutt gutunge utanfor. Med eit vink fek grosseraren hunden til aa sleppa take; so hadde han upp ein liten port i gjerde tett ved og gjek ut til gutungen.

«Kva vil du her? Gjeng du her for aa stela du?» spurde han hardt og tok i guten for aa faa sjaa den bitne armen.

Kristian svara ikkje. Han var sigen ned paa knea, blaa og klumsa av redsla, og heldt seg med krampetak yver armen.

«Elder kanskje du berre vilde klappa burtpaa hunden, stakkar», sa den fine frua; ho var og komi ut og saag, kor vitskræmd han var. Daa vaaga Kristian aa sjaa upp; men han var no so burte, at han ikkje hugsa paa aa ljuga elder finna paa nokoslags aarsaking.

31«Eg … vilde berre smaka nokre bær … eg var so svolten», stama han, og so losna det med graat, so han hiksta.

Dei saag paa einannen og paa den fillutte guten. Det stakkarstinge – han saag i røynda ut til aa ha vore svolten baade no og fyrr, og armen hans var helder ikkje fint medfaren. Han var just ikkje noko svert faarlegt biten; men der var blaa og raude flekkjer etter kvar hundetonna, og ein stad under armen blødde det. Det kunde altid verta vondt nok, um det vart vanstelt. Frua sende ei tenestegjenta etter vatn og eit stykkje linty, og so vaska ho sjølv armen og sette eit kaldt umslag paa. No tok Kristian endeleg til aa koma skikkeleg til seg sjølv att. Det verkte stygt i armen endaa, men gav seg mykje, daa umslage var kome paa, og der var noko so venlegt ved det fornemme kvinfolke, som stelte med han, at det etterkvart gav seg med redsla og graaten og. Det skulde nok snart verta bra att med armen, naar han no berre var varsam med han, trøysta ho, og ho nemde ikkje eit ord um tjuvrie. Ho bad han berre passa seg for hunden sidan. Mannen skjende helder ikkje meir; han stod berre og tagde og saag paa. Sistpaa hjelpte frua honom paa med trøya (som han hadde lote ta av seg, daa ho fetla armen) og spurde, kor han høyrde heime, Han fortalde, at det var uppi øvrebygda, 32og vilde til aa gaa; men daa bad ho han venta litt endaa. So kviskra ho noko til ei gjenta, som stod der, og denne gjek inn i huse gjenom ei bakdør. Strakst etter kom ho att med eit fat med braudskivor og ei skaal mjølk paa, og – skulde han tru seg sjølv? – frua sette maten ned paa vegkanten og sagde, at dette var aat honom; – han skulde faa eta seg mett, fyrr han gjek!

Gud, slik mat! Han sat paa marka og aat, og aldri i sit liv hadde han smakt noko betre. Tanken paa hundebite var burte som dogg for sol, og skiva etter skiva smaug ned i ei handevending. Gjenta tok sistpaa til aa læ og knisa, og dei fine folka smilte til einannen; det var visst aat honom; men han aat med like god mathug for det, han. Fyrst daa det var reint uraad aa faa ned meir, slutta han og takka for seg, og so gjek byfolka inn i hagen att. Mannen sjølv slog porten hardt til.

«Og no fær du ta deg ivare for aa koma att fleire gonger paa denne maaten, elder det gjeng deg endaa verre. No veit du sjølv um hunden», sagde han. Han gjek nedyver med hunden, og Kristian lubba iveg uppyver.

– Han var ein godgjerande mann, grosseraren. Han gav kvart aar hundrad krunor til delings millom fatigfolke i bygda. Men naar han gav so mykje med ein gong, so vilde han ikkje vita av nokoslags paaheng og trakk av fatigfolk 33og tiggarar her paa Fagerheim. Dette visste alle smaafolk i bygda, sonær som Kristian, og heldt seg derifraa. Og tjuvar og pakk fek sjølve ta seg ivare for hunden. Folk som ikkje gjorde noko vondt og gjek etter vegen, der dei skulde gaa, rørde han ikkje.

– Lett og glad foor Kristian uppetter bakken. Det var gjenge baade verre og betre, enn han hadde drøymt um, dette, og daa han no var so godt mett, hadde han ikkje noko aa gaa etter nedi bygda idag. Han slog inn paa beine vegen uppetter att; men daa han var komen upp paa bakkebrote, der han fyrst saag det store huse, laut han endaa ein gong stansa og sjaa attende paa den underlege garden, der det var hendt han so mykje. Daa uppdaga han, at den litle guten han hadde set, stod dernede og kika etter han; alle dei andre var gjengne orvegen. Medan han var dernede, hadde guten heile tida sta’ burtpaa ein sandgong saman med dei tvo gjentungarne og set forviten paa honom, men ikkje vaaga aa koma nærare, solengje alle dei vaksne var der. Men no han var aaleine, var han komen radt upp aat gjerde og stakk nosa ut; og daa han, Kristian, var stansa, tok han til aa gjera minor upp til han. Skaltru han vilde noko? Kristian vart staaande. No gjorde guten minor att og bles i honda litt; so synte han fram noko han hadde i honda; – 34Kristian kunde ikkje sjaa, kva det var. Det saag radt ut som han vilde snakka med honom. Han vart forviten og var nærved aa gaa nedyver att; men med det same kjende han eit stikk i armen etter hundebite og vaaga ikkje. Daa gjek guten dernede burt aat porten og prøvde aa faa upp; men det var ikkje so lett gjort, og medan han lirka med det, kom det ein uppfor husnova og ropa paa Robert. Guten sprang sin veg, og Kristian rusla heimyver. –

– Det stod svert laakt til heime idag. Han far hadde vore ute og kjøyrt inott og kom heimatt fælt utfaren. Han laag og klaga seg sjuk, daa Kristian gjek um morgonen, og han laag endaa, daa han seint um kvelden kom heim. Det hadde nok hendt fyrr og, at han hadde lege tilsengs ein dag etter ei slik nott; men denne gongen leet han styggare og var meir bleik og sær og vond enn vanleg. Og ikkje nok med det: han var ikkje frisk neste morgonen helder. Han var framme daa; men han var bleik og slakk og ovende sær og kunde ingenting gjera. Han dreiv berre paa golve og prata med henne mor, og det var ikkje noko godsnakk, det. Kristian var glad han slapp ut med urørde øyro strakst um morgonen, han, og so var det ikkje lengje, fyrr han lagde iveg nedved elva att. Ho mor hadde havt so mykje anna aa gjera baade igaarkveld og idag, at ho ikkje 35hadde brytt seg til aa spyrja, kor han var igaar, og han hadde ikkje brytt seg til aa nemna noko um den saare armen.

Idag var han kjend paa vegen; idag var han ikkje suten for skogen, og vere var godt idag som igaar. Idag vilde han prøva seg nedpaa bygda, og snart var han gjenom skogen og fram-um Fagerheim og altihop.

Dernede var det nok av gardar og nok av folk; det var so det urde av hus nedetter dalen langs elva og vegen; han stod paa ein haug og saag seg ikring. Her var dei tretti staderne, som han fritt kunde gaa til. Med godt mod labba han nedyver aat den næraste gardkrinsen.–

– Litt fyrr sola gjek ned, var Kristian komen upp i skogen ovanfor Fagerheim att. Han var trøytt, so han berre gjek og slong, turr i halsen, tom i magen, vaat nedetter kinnarne – han hadde grete. Det hadde vore ein lang dag, endelaus lang. Han hadde fare fraa gard til gard halve grenda yver; men gu’betre … daa han var komen der, so var det slettikkje so greidt som han hadde tenkt, med’ han gjek heime. Han hadde rekna skammelegt imist. Han slengde seg ned millom buskarne og sette seg til aa stura med hovude støda mot henderne.

Paa eitpar av dei øvste gardarne, som han gjek burt til, var der tenestefolk ovanfraa grenda 36hans. Dei kjende han og munde ha fortalt um han; for folka der berre flirde og lo aat han; han var glad han kom derifraa. Og der han var ukjend, der brydde ingen seg noko um han. Borna her var framande og vilde ikkje gjeva seg vidare i snakk med han. Dei berre glaama og spurde, kor han var fraa, og det var noko, som han minst av alt brydde seg um aa ha snakk um. Kven visste, kanskje dei hadde høyrt snakk um «Kjøkentjuven» her med.

Han visste ikkje onnor raad enn aa ljuga ihop noko til erind og seia, at han var fraa ein gard, som han ikkje var fraa. Sidan vaaga han seg beint inn i kjøken ein stad utan aa bry seg um ungarne, men der gjek det ikkje betre. Det var ei gjenta, som stulla der. Ho spurde stutt, kva han var for ein, og daa han hadde sagt det paa den vis han best kunde hitta paa, sa ho ikkje meir paa eit heilt bil. Ho heldt just paa aa koka til nons, foor onnug ut og inn og ansa idetheile ikkje meir paa han, fyrr han eingong kom til aa staa litt ivegen for henne. Daa bad ho han med eit mæle, som ikkje var rett blidlegt, aa vera so snild og tokka seg orvegen. Kva erind hadde han hellest her, den karen? spurde ho. Vilde han finna sjølvfolka, so fek han gaa burtpaa bø’n til dei. Han laut gaa og dreiv sidan paa dagen inn burti eit av grannehusa. Der hadde dei just ete 37tilnons og der var leivningar paa borde; men ingen skyna, at han kunde turva desse leivningarne. Berre den ævelege spyrjinga, kven han var. – Og etter non var folk ute og høya og arbeidde allestader. Alle var onnuge med sit; ingen saag paa leda etter han, og det leid no so langt paa dagen, at den ævelege svolten var teken til aa gnaga og plaga han paa det verste. Der var sistpaa ikkje onnor raad enn aa snu heimatt med den magen han hadde og gjeva upp alt for idag, og no sat han her i skogen. Han hadde grete nedpaa vegen, og no var det radt so det vilde koma att. Raadlaust hernede likso vel som uppi øvrebygda – raadlaust. Solangt han var kjend, var han kjøkentjuv, og der han var framand, skyna ingen, at han gjek for aa faa noko. Skulde dei skyna det, so maatte han nok seia det; men aa gjeva seg til aa tigga etter mat, det var likso leidt og vondt no som fyrr. Det var helder endaa verre her, der folk var framande og likesæle. Kva vilde dei seia, naar ein gutunge som han kom soleis? Dei vilde kanskje berre bisna og læ og visa han vegen heimatt; det kunde dessutan vekkja meir spyrjing og snakk, so det snart kom upp, kven han var.

Aa koma upp i slikt var ikkje stort likare enn aa vera heime –.

Men prøva aa lura seg inn einkvarstaden hernede, der dei ikkje visste um han .. berre for 38ein gong – elder so? Ungarne stod vel ikkje plent paa vagt her –. Han hadde sistpaa radt teke til aa tenkja paa det, medan han gjek nedi grenda svolten og leid, og no kom det att; men baade daa og no skyna han svint, at det var ikkje aa spikkulera paa, det helder. Her var folk allestader rundt husa hernede. Det var idetheile mykje meir tettgrendt og folkesamt her enn deruppe, so det var reint spelegt og vitlaust aa vaaga slikt.

Berre raadlaust .. Han hengde med hovude radt ned millom knea.

Men … høh .. kanskje det kunde laga seg betre, naar han kom att fleire gonger og vart betre kjend med ungarne hernede … Um han tok med seg eit og anna av dei sakerne han hadde uppunder steinen og gav dei? Han hadde ikkje so lite der endaa. Kjeringarne hadde ikkje brytt seg til aa spyrja meir etter det, og sjølv trong han ikkje um alt. Toskutt at han ikkje hadde gjort det idag og. Og naar han so passa paa og gjek inn, der konorne sjølv var paa kjøken og ikkje slike sinte gjentor …

Med dette prøvde han aa trøysta seg best han kunde; men for idag var alt forseint. For idag var det ikkje anna aa gjera enn aa gaa heimatt og sjaa aa faa noko tilkvelds. Han reiste seg og byrja aa gaa uppetter buskarne att; men det gjek seint, tungt og seint. Han var so slakk 39i beina og tung i heile kroppen av svolten; og tanken paa heime og kor laakt alt var tyngde likso mykje. Det var ikkje lengje, fyrr han laut slengja seg ned i grase og kvila att, og der vart han paa nyt lag sitjande lengje og lengje, klumsa og leid; stirde vonlaus paa buskarne ikring seg og nedyver mot Fagerheim. Der var ei lita opning i skogen midtfor der han sat, og der skimta han litt av det kvite møne millom greinerne. Herregud, det var der han fek so god mat igaar. Den som no kunde visst ei raad til aa faa noko slik mat idag og; – og so vera mett og sutlaus radt til ikveld denne gongen og. Han nidstirde nedyver, og so kom han til aa tenkja paa, at no sat dei kanskje just nedi hagen der og aat liksom igaar. Kanskje nettupp no; av sameslags fine mat. Kor han mintest den maten! Det var radt so han saag ‘an, radt so han kjende smaken. Han reiste seg sistpaa upp og var paa veg til aa gaa nedyver og sjaa, um dei var der … men hunden! Det var sant, hunden. Han maatte ikkje vera galen og prøva paa slikt som aa koma der fleire gonger. Det fæle beiste kunde koma utanfor gjerde og og koma yver han, sosnart det saag han. Han tok radt til aa sjaa og lyda ikring seg, berre han kom ihug den hunden, og just som han stod slik, høyrde han skile ei grov gjøying. Gu’trøyste .. det udyre skulde no vel ikkje ha kjent vere av han alt herupp 40og koma! Han stokk, so han sette paa ville sprange uppetter, stansa so med helden ande og lydde etter. Jau endaa gjøydde det; men naar ein høyrde betre etter, lyddest det til aa koma langt burtanfraa. Det kunde nok ikkje vera honom det galdt likevel elder vera spelegt for han. Det gav seg med støkken, og han vaaga seg nedatt etter hua si, som han var sprungen fraa. Det lyddest sistpaa radt som gjøyinga skulde koma fraa den andre sida av elva. Det var kanskje slettikkje Fagerheimshunden, som gjøydde; – elder kanskje bymannen kunde vera derburte og fiska og ha hunden med seg? Han smaug varleg eit stykkje burtetter skogen mot elvebrote for aa høyra betre, og sosnart han saag atti elva, fek han auga paa ein praam, som laag inn ved land paa hi sida. I praamen var tvo mann – ein som rodde og ein med fiskestong – og ein stor, gulbrun hund. Det var den, som gruffa og gjøydde, og det saag ut til, at det var nettupp som han hadde tenkt: bymannen og hunden hans. Det kunde ikkje vera nokon annen – ein slik stor hund og ein brun mann med fiskestong. Han gjek litt lenger fram endaa. Jau, no kjende han dei skile, og der skaut idetsame ei von upp i han, so han vart radt andpusten. Naar ikkje hunden og den strenge mannen var heime, so kunde det ikkje vera spelegt aa gaa ned til Fagerheim; og so kunde det kanskje laga seg so, at han kunde koma 41i snakk med folka der og faa eitkvart idag og. Den litle guten, han som kika so etter han igaar … honom kunde det vel ikkje vera so vandt aa koma i snakk med for det fyrste, og so kunde frua og koma –.

Han laut prøva dette. Svint foor han nedyver; men paa halvvegen stansa han endaa ein gong og tenkte seg um. Det var sant – daa dei saag han dernede igaar, var han der og stal bær; og kva vilde dei tru, naar dei saag han koma ned aat gjerde idag att ..? Dei trudde kanskje han gjek for det same no og, og vilde dei so gjeva han noko ein gong til? Og kva skulde han svara, um dei spurde, kva han vilde? – Nei, han kunde ikkje koma slik, han laut ha noko til lovlegt erind; – men kva skulde det erinde vera? Han beit seg i neglerne, fomla nedi lommarne og grunna, og det vesle hovude stod ikkje rett lengje fast. Nedi lommen fek han fat i ein liten rusta tolekniv med slira til, som han bar paa. Han hadde funne dette knivstelle attved postvegen ovanfor Kroken ein dag, stukke det til seg og sidan bore paa det. Einkvar maatte ha mist det, og um han no gjek ned til Fagerheim og spurde folka der, um dei hadde mist ein slik kniv? Han kunde seia, at han hadde funne han beint burtpaa vegen her, um dei skulde spyrja – dei hadde no vel ikkje vore lenger uppe dei. Det maatte vera ærlegt nok erind det. Det var igrunnen svert greidt. Han 42hadde fyrr stundom gjenge i liknande erind uppi bygda, naar han hadde funne eitkvartslags smaaskrap, og det var jamt gjenge bra. Han tok kniven i honda og gjek trygt ned aat hagen.

Der var ingen aa sjaa ovanum huse.

Han venta eit bil; men ingen synte seg. Han laut nedyver og sjaa, um nokon var ute, og smaug langs gjerde liksom igaar. Jau, der var dei, frua og gjentungarne. Ikkje ved borde nettupp; paa ein benk i ein skugge uppved husveggen. Litt burtanfor saag han guten og. – No maatte han bera seg fint. Han skunda seg upp aat porten paa øvre sida att for ikkje aa verta uppdaga i nokor luring ved gjerde, og so gav han seg til aa venta, um ikkje han gutungen snart skulde koma herupp – elder einkvar annen; for han kunde no syna seg for kven det var han, no, med kniven. Men sjølv med denne ærlege kniven trøysta han seg ikkje til aa gaa beint inn i hagen til desse storfolka. For aa sjaa rett skikkeleg ut stod han eit heilt stykkje fraa gjerde og bærbuskarne (der kunde kanskje vera einkvar uppi vindaugo og), og lengje var det ikkje, fyrr han høyrde guten og saag atti han nedpaa ein sandgong. Han leika att og fram med ballen idag og, saag det ut til. Gjev han no snart …! Kristian letta seg upp paa tærne og gjorde seg so synberr som raad var. Guten kvarv burt, men kom strakst etter fram att lenger 43uppe. No gjorde Kristian minor, ropa vaaga han ikkje; men det var hoste tidlegt endaa, og best som han stod slik og skapte seg, gjek det upp ei dør paa denne sida av huse, og eit kvinfolk kom ut beint imot han; – han saag strakst, at det var den tenestegjenta, han hadde set igaar, ho som lo so aat han.

Skam ta det, kva vilde ho her? Det kvinfolke; – aa treffa henne fyrst var slettikkje det han helst vilde.

Han var paa veg til aa smjuga i skjol burt. ved gjerde; men det var alt forseint. Ho hadde set han, kom burt aat gjerde og saag so underleg paa han, og fram aat porten maatte han med kniven sin og fortelja erinde sit aat henne – det var ikkje onnor fura.

Jaso, so det var det han stod her for, han! sa ho og lo og grein og saag paa kniven. Nei, ho visste ikkje um, at nokon her hadde mist slikt. Ho trudde helder ikkje, at nokon her kunde ha aatt slikt skrap nokon gong. Han kunde godt gaa att med det same for det, sa ho; men daa Kristian ikkje var rektig nøgd med det og mumla noko um aa spyrja sjølvfolka, so hadde ho upp porten og sa «værs’god» med eit nytt speande smil og fylgde han nedyver, til dei saag frua og borna; gutungen var og komen derned att, medan dei hadde heft heruppe.

44Uff, det styggetinge den gjenta! Det var greidt, at ho trudde han hadde lurt paa bæra og berre skulda paa dette med kniven; – og korleis vilde det so gaa han hjaa dei andre …?

Han var med eit vorten so skamfull og flat. Han totte, at alle maatte sjaa, han foor med lygn og paafunn, og han ynskte seg ned og nord fraa det heile; men no var det forseint. No var han alt komen so langt, at dei saag han allesaman, og var han uti det komen, so laut han halda ved best han kunde og trø fram for dei fine folka. –

Frua sagde liksom gjenta, daa han heit og ustød hadde synt kniven fram; ho trudde ikkje det var nokon her, som aatte han. Ho smilte aat det litle rusta tingeste og aat guten sjølv, som ho strakst hadde kjent att; men det var ikkje liksom gjenta ho smilte – ikkje paa den stygge maaten. Men um knivstelle ikkje høyrde til her, so var det likevel snildt av han, at han vilde spyrja seg for og ikkje ta det han fann paa ein veg, sa ho. Var det burtpaa vegen her tett ved, kniven hadde lege?

Ja nettupp her strakst burtpaa vegen .. han hadde vore i eit erind nedaat bygda og vilde ta ein snarveg upp gjenom skogen heimatt aat øvrebygda, og so trefte han paa dette knivstelle …

Ja so; ja daa var det ikkje noko urimelegt i, at han trudde, det kunde høyra til her, sa ho blidt. Men no var det ikkje onnor raad, enn at han 45fek spyrja seg for hjaa andre vegfarande folk. Stakkars litle; han var visst ein snildare gut, enn dei hadde trutt igaar. Ja ja; det var just slike, som var ærlege, Vaarherre lika sa ho; og so spurde ho etter, korleis det stod til med armen, som hunden beit igaar.

Armen –? Den var vorten so bra att, at han sant aa seia snaudt hadde kjent vondt i han i heile dag, og det litle saare var alt yvergrott; men no kom det paa han, at det kunde vera godt aa ha vond arm, og han var med eitt vorten so modug framfor denne frua, som trudde han so godt. Han fortalde difor utan aa blinka, at han hadde fengje slik ein vond verk i umleden, og gjorde heile armen so stiv som raad var. Inott hadde det verkt endaa meir enn no, sa han, og imorgo kunde han lite retta armen; men han hadde ikkje fengje vera heime likevel; for far hans laag heime sjuk og mor hans kunde ingenstad koma for dei smaa, og so hadde han lote avstad i eit erind, som det var so onnugt med. Og sidan hadde han lote vera hernede mest heile dagen og venta paa mannen, han skulde finna, og ingen mat havt med seg eingong – sa han. For desse framande folka var han ikkje so redd for aa nemna noko um heimen sin. Dei kunde no aldri vita noko um kjøkentjuv og slikt, og daa han var komen so godt paa glid, gjek det som det var 46smurt med aa ljuga. Og det gjorde av seg. Frua reiste seg og saag paa armen, sagde stakkars gut endaa ein gong og bad honom fara varsamt med seg, so meinte ho det snart skulde besna. Og hadde han bidt so lengje, sa ho tilslutt og smilte – hadde han bidt so lengje, so var han vel svolten idag og?

Svolten –! Tanken paa alt det han hadde stræva og masa tilinkjes idag, radt fraa imorgo, kom yver han, so han fek halsen full og ikkje fek fram eit ord til svar.

Men frua venta helder ikkje paa noko svar. Ho sende gjentungarne sine etter kjøkengjenta, og daa denne kom, bad ho henne aa ta denne guten med seg inn i kjøken; ho sagde noko meir og; men det høyrde han ikkje.

«Kom her!» sa gjenta, og so fylgde han henne upp aat bakdøra; litt etter sat han paa ein stol inni kjøken og hadde mat framfor seg paa eit lite bord. –

Det var gjenge so underleg svint og lett alt dette, at det var mest ikkje til aa tru paa, totte han. Just dette hadde han stræva etter og gjort kunster for; men no han hadde naatt maale, skyna han ikkje sjølv, korleis dei klusseraaderne hans hadde kunne hjelpa til slikt. Det var mest som ein draum – som ein av dei draumarne han stundom hadde havt, naar han hadde lege paa 47ryggen uppi skogen og helde att augo; – og likevel var det sant! – Det var svert med mat igaar; men idag var det endaa sverare. Der var slikt, som han aldri visste namn paa, altsaman paa fine koppar; rundt ikring paa alle veggjer og benkjer yrde det og av altslag fine blanke koppar og greidor, so han hadde aldri set slikt syn. Idag hadde han rom for meir og, sidan han hadde fasta so lengje. Han tok til seg med beggje hender, han lo med seg sjølv av fysna, og gjenta fann fram endaa fleire slag, etterkvart han aat; ho var vorti so smiskande blid no, etter ho hadde snakt med frua. Det var sistpaa reint skade, at han ikkje kunde faa i seg meir av alt dette gode; men so fek han ein svint tanke. Naar her var so mykje, so kunde det ikkje te stort att, um han tok litt med seg i lommarne og, etter han var mett; – og gjenta gjek ut og inn, so det var ingen vande aa gjera det. Serleg var det tregelegt aa lota sleppa ifraa seg nokre fine kjøtbitar der var, og sosnart gjenta var ute or syne att, var det gjort – kjøtbitarne var paa botnen av broklommarne og nokre fleire Guds gaavor med. Han hadde nemleg lommar, som tok mykje; det var noko han hadde fengje seg den tid han ferast uppi bygda. Ovanpaa maten tetta han godt til med klutar og anna gamalt lommegods. Men … det tedde endaa berre lite, det han hadde gjort paa maten, totte han; svert lite. Og naar 48vilde det vel verta so flust for han att? Det kunde verta lengje til. Han saag med katteaugo etter gjenta, og daa ho litt etter gjek inn i eit anna rom, kunde han ikkje halda seg: han tok til aa fylla i ein lomme att, denne gongen i ein, som tok endaa meir. Han gjek berrføtt og hadde etter vanleg skikk i bygda bunde broka fast attunder knea med sokkebanda. Millom laara og broka hadde han soleis eitpar rumlege posar til aa ha i, og ned i den eine av desse smatt den eine braudskiva etter den andre; – han hadde nytta den raada fyrr og. Sistpaa stakk han litegrann innunder fore paa hovudplagge sit – ein gamal sydvest, som brote var rive av paa. Det kunde vera mun i sjølv det paa ein smal dag. Han var soleis full som ei pylsa baade innantil og utantil, daa han eit bil etter kom ut bakdøra att og var ferdug, og endaa hadde han teke seg ivare for aa lata det altfor snaudt etter seg; det kvinfolke var no ikkje til aa tru altfor vel endaa.

So maatte han skunda seg uppetter. Der var vel ingen feil ved lommarne? Nei, vel i skjol alt. Broka var nyleg lappa, so ho var kje so holutt no nettupp. Han var alt komen burtaat porten; – daa høyrde han`nokon ropa og snudde seg. Det var gjenta. Ho stod burti døra og lo og spurde, um han ikkje vilde ned og takka husmora, naar han hadde ete so godt.

49Han vart litt heit. Han vilde helst ha sloppe avstad noko svint no; men takka dei snilde folka, det laut han no likevel. Det skulde vera snart gjort og kunde no ikkje vera spelegt. Han lubba nedyver att; men daa han kom ned i hagen, gjek det so underlegt til, at han kom til aa hefta eit heilt bil endaa.

Frua sat ikkje paa benken no; berre borna var der. Mama var just gjenga inn, sa guten, daa Kristian spurde etter henne; men ho kom visst ut att strakst, meinte han, og medan Kristian stod litt og venta paa det, kom dei til aa snakkast ved litt meir, han og gutungen – Robert hadde han høyrt dei kalla han igaar. Daa han var her fyrste gongen med kniven, hadde guten sta’ eit stykkje ifraa og tagt og berre set paa han liksom igaar; men no, daa mor hans var inne, var han ikkje so bljug paa det. Han kom tett burt til honom og spurde, kva han heitte, og um det ikkje var moro aa faa springa berrføtt; det fek han ikkje lov til, sa han.

Aa jau, det var no altid bra nok no det var so varmt; «men kunde du kje gjera det, du og, utan aa spyrja nokon?» Kristian glaama forbina paa han. Paa dette svara ikkje Robert; han spurde derimot, um han kunde faa sjaa betre den tolekniven, Kristian hadde.

Jau, det skulde han gjerne faa. Som lukka var hadde han kniven innved trøyefore og ikkje 50nedgraven millom maten i lommarne, og daa den var vel yversedd, vaaga Kristian aa spyrja, kor den store, raude ballen var no; han skulde ha hug til aa sjaa den, han.

Ballen – aa ja; men han var ikkje her. Han var burti lysthuse.

Lysthuse? Kristian glaama paa nytt lag og skyna ingenting.

«Kom, so skal me gaa etter ‘an», sa Robert og nappa han i armen, og so bar det nedetter sandgongarne med dei beggje tvo, radt aat den nedste kroa i hagen; der trefte dei paa eit lite hus millom buskarne. Det var lysthuse, sa Robert og fann fram ballen. Du kor han var fin! – og so lett og mjuk! Kristian laut faa fomla paa han og atter fomla. Men det var ikkje berre ballen, som var forvitneleg aa sja paa her. Det hadde set rart ut inni hagen, daa han stod utanfor og kika inn, totte han; men naar ein var herinne var det endaa mykje underlegare. Rundt ikring paa alle kantar var der benkjer og buskar og blomar i fine pottor og altslags furlegt leikety. Og det litle huse – det var grønmaala og utkrota og vent, so det var eit hendelse. Der var dei tretti ting han laut sjaa paa og spyrja, kva det var, og Robert gjorde greida paa alt; han var svert visleg. Dei var snart so i prat komne, at dei reint hadde gløymt, at dei var komne her for aa henta ballen, og best som dei gjek slik, 51kom Robert paa, at han hadde noko bakanfor lysthuse, som Kristian skulde faa sjaa med det same. Det bar dit med dei, og det som var der, det var no det basnaste av alt, som Kristian hadde set her, likevel. Det var ein trehest, som var so stor, at ein godt kunde sitja og rida paa han. Han var fint brunmaala og tilstelt med augo og øyro og maan og hale nett som ein livande hest. Nei, slik ein hest! Og under føterne hadde han meiar, so ein kunde vogga seg, naar ein sat paa han. Skulde dei prøva?

Aa ja. Det var hans eigen hest, sa Robert og sprang upp paa han, rykkte i taumarne og tok til aa vogga og rida, so det huska etter. Det var nett som hesten skulde gaa i tvihopp. So skulde Kristian og faa prøva og rida. Han fek det ikkje fullt so godt til han; dei tjukke lommarne var og noko ivegen; men han lærde nok snart, naar han saag godt etter, korleis han foor aat, meinte den andre, og for aa faa betre rom drog dei sistpaa hesten ut paa sandgongen framanfor det litle huse.

Kristian var vorten so underleg glad og lett no, etter han hadde ete, at han fann moro i kva han saag, og denne ridinga var slik, at han laut læ mest utan stans. Og Robert, den fine byguten, han saag ikkje ut til aa moroa seg so mykje minder. Var ikkje hesten nettupp noko nytt for han, so var det nytt aa faa leika saman med ein 52slik mest jamnstor kammerat her paa Fagerheim. Det var noko, som so sjeldan hende – mest aldri. Gardarne laag eit heilt stykkje burte, og smaagutar derfraa hadde ikkje nokor gonga her; inn i hagen vaaga dei seg no slettikkje for hunden. Og sjølv fek han aldri lov til aa fara nedetter gardarne til borna der. Han fek ikkje eingong lov til aa gaa ut or hagen og vera med, um han einkvar gongen saag smaagutar nedpaa vegen; ho mama var altid so redd for, at han kunde tulla seg burt nedpaa elvebrote. Han fek idetheile ikkje gaa ut or hagen, utan einkvar av dei vaksne var med, og dei brydde seg aldri um aa hefta nedpaa gardarne, der han saag guteflokkar. Og um han nokon gong vilde vaaga seg ut uløyves, so var ikkje det helder so lett gjort; gjerde var høgt og portarne oftast stengde um dagarne. Einkvar gongen hende det vel, at her kom byfolk, som hadde born med seg, men dei hefte aldri stort. Dei tvo systrarne var soleis dei einaste leikekammeratar han hadde heile sumaren her; men dei var smaa og stille av seg, so det ofta var mest jamngodt med inkjevetta, det. Aa raaka ein slik jamnaldring som denne fatigguten og faa læra han aa rida – det var difor ei heilt forvitneleg hending, og dei tvo var snart so gode venner som dei skulde vore kjende i lang tid.

Kristian hadde snart lært, so dei var mest jamngode til aa rida, og so fann dei paa noko 53nytt i kunsten: dei skulde sitja baklengjes og rida. Huttetu! det var endaa løglegare; men just som moroa gjek paa det beste, vart der ein snøgg slut paa det. Der lyddest eit kvast rop og eit tenestekvinfolk kom farande – ei onnor enn den, som var i kjøken. Ho hadde set Kristian, som just sat og reid, og tok til aa skjenna for, at han foor so hardført med hesten. Kvaslags løyve hadde han hellest til aa vera her, han, det maatte ho au spyrja? Dette minte Kristian med eit um, kor han var, og kva han hadde stansa for, etter han aat. No var vel frua utkoma for lengje sidan, og kanskje mannen og hunden og kom snart!

I ein fart var han uppunder vindaugo. Nei, daa var ho der ikkje endaa. Ja, so laut han gaa paa den vis det var, daa. Han sprang uppetter hagen, høyrde so noko bak seg; det var Robert, som ikkje vilde sleppa honom endaa. Han fylgde med radt uppaat porten, og daa Kristian var komen utanfor, kviskra han: «Kom att ein annen gong!»

«Ja», svara Kristian og var snart or syne uppi skogen.

Kor verda var god likevel. Ikkje nok med, at han hadde fengje mat for idag; han hadde for imorgo og! Han sprang og hoppa av gleda, og uppi skogen eit stykkje nedanfor husmannsplasse sette han seg uppaa ein stein og tulla og song og tømde or lommarne sine; han vilde sjaa, kor mykje han hadde.

54Du, so mykje! Han hadde det uppi den gamle sydvestkolten sin, og den vart mest full av berre gode ting. Han hadde aldri vore so rik fyrr. Ja – men kor skulde han no gjera av detteher til imorgo? Stakk han det i lommarne att og tok det med heim, so kunde dei uppdaga det og han missa noko; – det kunde endaatil verta spurlag etter, kor han hadde fengje slik mat. Nei, han maatte gjøyma maten ute, og han vart snart samd med seg sjølv um, at det var best han fann eit gjøymsle no strakst, her i skogen ein stad. Her kunde aldri noko liv nussa ‘n upp, og imorgo var det lett gjort aa springa herned att. Maten mjølva seg dessutan berre sund i lommarne, um han bar paa ‘an lenger.

Han sprang ned og saag seg ikring etter eit gjøymsle, og just innunder steinen han hadde sote paa uppdaga han um ikkje lengje eit hol, som var rett laglegt til det. Det var turt og fint som eit lite hus og hadde berre ein smal inngong. Han saag seg ikring nokre andre stader endaa, men fann kje noko betre, og etter han hadde ete litt endaa ein gong, stakk han maten varsamt inn. Utanfor tetta han godt til med lauv og mose.

So, gudskelov. Han skar seg ein stav og gjek, men tok det fælt maklegt. Sola var no nedved fjella i vest; men det hasta ikkje med aa koma heim, fyrr lengje etter ho var nede. Strakst 55uppe klauv han upp paa ein liten mosestein att, fann seg eit maklegt sæte, smidde paa staven sin og tulla og song. Det var nokre ord av ei visa, han hadde høyrt av dei vaksne gutarne uppi bygda, som var kome for han. «Den som vil vera pigernes ven .. la la la la la la la la!» Han kunde dessverre ikkje meir. Dette tok han uppatt gong paa gong, gong paa gong, i altslags tonelag; men litt etter litt vart songen noko meir ustød, stansa av og til, og best som det var stoppa han upp midt i lina, reiste seg upp og tok til aa glana uroleg ikring seg. Der var noko, som rumla so underlegt – gong etter gong. Han hadde høyrt det eitpar gonger for ei stund sidan og, men ikkje lagt vidare merkje til det – berre kome ihug kjerror, som rumla paa postvegen elder slikt noko. Men no dura det nokre gonger so høgt, at det nok aldri kunde vera av kjerror. Det lyddest mest som duning av skot langt burte, elder .. var det ikkje mest som dimt torebrak? Uff; han hoppa ned av steinen og gløymde baade stav og kniv.

Men torebrak paa ein slik solskinsdag, det kunde no vel ikkje vera raad? Jau, just idetsame kom der ei ny rulling so hard, at det var ikkje lenger tvil um, kva det var, og han saag no, at det ikkje var so urimelegt, um tora slog idag, likevel.

Det hadde vore fælt varmt idag – verre enn nokon av dagarne fyrr, og lufta var so full av 56dimma, at fjella laag mest som i ei tunn skodd. Og daa han no skulde sjaa, hadde det bak denne dimma i sud og aust yver heidarne trekt seg upp tjukke, kolande myrke skyer med gulbleike kantar. Det var rektige toreskyer, og derfraa var det tora rumla. Hadde det ikkje vore for skogen, som her var so høg, so maatte han ha set det for lengje sidan. Sume stader rokk skyerne mest tilhelvtars upp paa himmelen, og dei saag ut til aa trekkja fort upp. Det vart nok snart uver av. Der var endaatil kome lausrivne skydottar radt burt mot der sola var. Ho var gjenga ned med det same; det vart so underleg døkkt i skogen, og best som det var, kom der eit blenkjande ljon og eit slag, so det skok etter.

Gu’hjelpe –! Tora var han altid fælt redd, og aa vera aaleine midt i skogen, naar ho slog, var dubbelt fælslegt. Paa fjukande sprange foor han uppyver aat husmannsplasse for aa sleppa inn der; men daa var der ingen aa sjaa heime og dørerne var stengde. Den einaste plassen han slapp inn var burti løda; men aa vera der aaleine var ikkje stort trøystelegare enn aa vera i skogen, og heimyver laut han snøggast han vann. Det tok alt til ela austyver fjella, og idetsame han rokk heim, tok det til aa falla tunge regndropar.

– Det vart eit fælt ver. Det vart torebrak utyver heile kvelden og frampaa notta og regn, 57so det auste ned. Dagen etter var torevere yver; men endaa heldt det paa med regn, silregn heile dagen. Det vart flaum, rektig sumarsflaum, so det var kje til aa koma utum dørerne for folk – idetminste ikkje for slike, som var smaa nok til aa detta paa bekkjerne; og millom dei, som maatte halda seg inne for vere idag, var ogso han Kristian uppi Kroken. Som vel var hadde han far besna noko no. Han laut nok halda seg inne idag og; men han var kje so sær og speleg som igaar. Han sat og vølte paa hesteselen av og til. Ho mor hadde vore burti bygda igaar og fengje eit og anna aa liva av for noko ho hadde spunne, so det var ikkje so verst med maten helder idag. Og vart det altfor langsamt inne, so kunde han halda seg burti svola ved hestehuse. Der hadde han kniv og greidor aa stulla med. Det vart soleis betre enn vona herheime for ein gongs skuld; men han hadde ikkje nokon god dag idag likevel, han. Var ikkje det eine ivegen, so var det noko anna – Det fyrste han kom ihug, daa han kom ut um morgonen og saag den fælande flaumen, var maten han hadde lagt etter seg nedi skogen. Aa gaa derned idag var reint uraad. Det var til aa verta rennande vaat, fyrr ein kom halvvegjes. Bekkjerne var so store, at dei ikkje var til aa koma yver, og det kunde dessutan verta torebrak attaat regne idag og; – men korleis vilde det gaa 58med maten hans, naar han skulde verta liggjande dernede i dette vere?

Gjøymsle var trygt nok for folk; men var det likso sikkert for flaumen? Maten laag innunder steinen, sant nok; men det var idag svere bekkjer og hyljar allestader, der det fyrr hadde vore turre marka, so det kunde lett renna innunder dernede og og bløyta ut og øydeleggja alt for han. Han hadde vore ute for slikt noko eingong fyrr, han; heri sumar eingong. Han hadde lagt noko flatbraud attunder ei rot heruppe; so vart det regn um notta, og um morgonen var det berre noko blautt klister altsaman og lite etandes; – endaa det var ikkje paa lang veg slikt regn som no. At han ikkje hugsa paa det igaar! Men kven kunde koma paa slikt i so godt ver?

Desse vonde tankarne kom yver han, so han ikkje fek ro paa seg heile dagen.

Missa so mykje god mat –! Han var dei tretti gongerne frami svoldøra og saag etter, um det ikkje skulde gjeva seg med regne, so han kunde sleppa nedyver og berga, um det ikkje var radt forseint; men nei, det heldt paa. Det stivringde radt tilkvelds. Skulde ein set paa slikt. Han var reint hugtung, graaten nær, daa han mot kvelden laut gjeva upp alt for idag. Og um morgonen, tredje dagen – endaa var det regn. Det var ikkje fullt so stridt no; men bekkjerne 59var mest like store. Endeleg framimot middag stansa det og tok til aa ljosna og letta i skyerne. Bekkjerne tok strakst til aa minka, og den som daa skunda seg ut og fek av seg skor og sokkar og bretta dugeleg upp broka, det var han Kristian. Det saag stygt blautt og vaatt ut nedi skogen og i grase endaa; men det fek ikkje hjelpa: han maatte avstad nedyver, naar vere var sopass bra. Det saag ut til aa verta skikkelegt upphald no. Og avstad bar det paa sprange. Han foor som ein skinnveng yver bekkjerne, som mange stader var drjuge nok endaa, smatt under greinerne best han kunde, men ansa ikkje, um dei daska vaate og stygge mot han helder. Det var kje lang stunda, fyrr han var aat steinen, og daa – aa du store! – daa laag maten der i hole turr og vel berga. Tenk like godt kvart tære! Det var eit framifraa hol, du. Han lo høgt av gleda. Og han som hadde ottast so ille!

Daa han skulde sjaa betre etter, fann han ret nokre svarte sniglar i maten og noko væta her og der; men det var no ikkje stort aa bry seg um. Han kunde eta det like godt for det. Han sette seg til aa eta med det same, og endaa var der ikkje lite att, etter han var mett. Det stakk han inn i hole att; betre gjøymsle fans ikkje; og so klauv han upp paa steinen og sette seg til aa vrida or klærne sine, som var vortne kalleg gjenomvaate.

60Det hadde besna endaa meir med vere no. Lufta var fin og klaar; skodda letta upp fraa fjelltopparne vest og nordyver; skyerne rivna fraa einannen her og der, so flekkjer av blaae himlen kom tilsyne, og best som det var kom sola fram i ein slik klaarflekk og skjein, so det glima i augo. Aa, det vart nok radt godt ver no! Snart var det letna, so sola fek skina lange stunder um senn. Daa turvte han ikkje gaa uppyver att so snart. Han tok til aa syngja, sprang burt i ein bakke, der sola fek skina betre, og sidan hoppa han som eit utslept kjed fraa stein til stein nedetter elvebrôte og turka seg. Naar han var mett og hadde litt tilovers og og fek springa paa frifot, so fanst det ikkje lenger nokor sorg elder sut, som trykte han her i verda.

Og so friskt og blankt som alt var etter regne! Det anga av lauv og gras, og alt var so grønt og vaska. Bekkjerne fossa store og blanke i solskine nedyver mot elva; og so elva sjølv! Ho var det gildaste av alt. Ho hadde ikkje auka so fort upp som bekkjerne. Det var ikkje fyrr igaarkveld og idag ho var fløymd rektig upp; men daa ho kom, var det dugelegt. Ho velte seg gul og grøn nedetter midten av dalen. Noko lenger uppe, der det var som ein liten foss, var ho kvit som snøskavlar og duna mest som tora langt ifraa, og ho gjek so høgt, at ho fløymde innyver grøne marka 61paa beggje sidor, der det var flatt. Sume stader stod orrerunnar midt uti vatne; andre stader dreiv heile flaatar av greiner og mask langs lande, og ved kvart nese gjek vatne i idor so store og djupe, at dei gløypte heile drivgreiner.

Han gjek radt nedaat for aa sjaa endaa betre og tok til aa moroa seg med aa kasta kjeppar og buskor ut i straumen og sjaa dei sigla nedyver. Det var no klaarna upp sudyver, so sola fek skina mest stødt. Væta i grase nedetter bakkarne var mest turka burt, og det var radt varmt dernede. Sjølv var han bra turr og varm og no. – Han tusla nedyver langs elva, tuta og song og saag etter fleire kjeppar, og fann han ei skikkeleg nedbrota turrgrein, draska han henne lange stykkje, til han kom utpaa eit nes einkvarstaden og fekk henne ut i ei ida. Huy der foor den! Soleis var han um ei stund komen yver tilhelvtars ned mot Fagerheim, utan aa tenkja noko paa, kor han vilde av, og der trefte han paa noko endaa løglegare enn idorne. Langsmed elva her laag ein lang, flat mo. Der var vatne strøymt innyver heile sletta, so det stod i store, blanke sjøar i dekkerne og rann i lange løkjer fram millom tuvorne. Sume stader gjek vatne radt i ring rundt grøne vollar og buskar, og daa han kom nedaat og skulde sjaa, so var desse straumarne so grunne, at han med uppbretta brok kunde vassa yver dei mest kor han vilde. Han 62kunde paa den vis koma fraa holme til holme nedetter heile moen. Og so mjukt som det var aa trø nedpaa grasbotnen. Det var som aa trø paa ull, og vatne var ikkje det slag kaldt. Han kunde gjerne klæ av seg og lauga seg for det. «Den som vil vera pigernes ven la la la!» Han sumla og sumla og gjek imillomaat upp paa ein holme og turka beina sine. Men so gildt som det var dette, so var det i lengda ikkje fullgildt lell. Der var noko som vanta, og det var det, at han ikkje hadde nokon til aa moroa seg med – at han var so reint aaleine. Det var noko han aldri brydde seg um, naar han var svolten og uglad; men no, daa ikkje slikt var ivegen, tok det sistpaa til aa verta stuslegt aa gaa slik og tusla og syngja so radt for seg sjølv. Her kunde ein sigla med baatar av bork i straumarne, byggja hus paa holmarne og finna paa alt slag; men aa stella med det aaleine vilde ikkje rektig gaa. Men kor var det nokon aa finna fat i til lag her? I skogen var folketomt som altid, og uppaa husmannsplasse i Vika var ikkje born. Vilde han finna nokon jamnaldring, so fanst det ingen nærare enn den guten nedpaa Fagerheim, han Robert … Han sette seg sistpaa still paa ei tuva og stirde nedyver mot den leida. Du – den som kunde fengje honom med seg her paa holmarne! Han var so snild, han. Han snakka aldri um kjøkentjuv og slikt, og her skulde han sjaa det var likso 63gildt som aa rida paa hesten. Og her kunde dei vera so mykje friare og tryggare enn nedi hagen, der dei vaksne stødt var yver dei. Skaltru han var der nedi hagen idag og? Ja det var han no visst… og han bad honom aa koma att ein annen gong. Kva meinte han med det? Han totte visst det var moro, naar dei treftest, han og; – og gjek han no nedaat hagegjerde, so kunde han kanskje raaka han og faa han med herupp. Det var visst ikkje so rett langt derned helder no. Det skulde vera …

Men nei, nei, det var ikkje aa tenkja paa elder drøyma um, likevel. Idag var vel mannen og hunden heime, og daa var der ikkje komande. Idag hadde han mat, so han turvte kje vaaga seg ut i nokon faare for det helder.

Han tok so smaatt til aa sumla att; men korleis det var, so kunde han um eit bil ikkje lata vera aa sjaa nedyver att og tenkja paa dette. – Hunden var vel heime idag, ja; men kven visste, kanskje han ikkje var heime og. Mannen kunde vera av og fiska liksom igaar og ha han med seg. Dei var ikkje aa sjaa nedved elva her nokon stad; men dei kunde vera lenger nede – nedum Fagerheim einkvarstaden, og gjek han ned paa bakken ovanfor huse, so kunde han kanskje faa greida paa dette. Det kunde no vel aldri vera noko svert spelegt; han kunde halda seg sikkert i skjol bak 64runnarne. Saag han so hunden heime, so kunde han snu beint uppatt; men var han av …. Det sku’ vera fælt løgje aa vita dette. Han vart meir og meir forviten, og han hadde idetheile ikkje daa langt nær slik støkk for hunden, sidan det var gjenge so svert godt igaar. Enden vart, at han smatt nedetter buskarne, og den som ei stund etter stakk nosa si fram for ein orrebusk ovanfor Fagerheim, det var han Kristian.

Det var som han fyrst hadde tenkt: dei var heime alle idag. Han fek strakst auga paa mannen sjølv og hunden langt nedi hagen; hunden laag samankrulla attpaa ein sandveg som um han sov. Der var desutan nokre mannfolk og kvinfolk, som han ikkje hadde set fyrr. Dei dreiv att og fram dernede. Det saag mest ut til aa vera framandfolk, som nyleg var komne elder snart skulde reisa; for ein stor port paa nedre sida av hagen stod open, og der stod hestar og kjerror utanfor. Robert kunde han derimot ikkje sjaa. Han var vel inne. Her var soleis ikkje noko aa gjera meir. Han kunde gjerne gaa att med det same for det; men han vart likevel staaande. Hunden snudde hovude nedyver og saag ikkje upp ein einaste gong, og sjølv stod han godt i skjol, so det kunde ikkje vera det slag spelegt aa staa her litt, og det var altid moro aa kika ned paa alle dei framande. Han sette seg ned ved busken og gjorde eit hol 65i lauve. No kom der gaaande framfor husnova endaa eitpar framande, tvo drustelege kvinfolk med hattar og fjøror; og sjaa – der kom somen han Robert og. So han var ute lell, du. Han gjek og snakka med eit av dei framande kvinfolka, saag det ut til. Men det var no ikkje aa tenkja paa aa faa fat i han idag likevel, um han var ute aldri so mykje. Ja ja, det fek no vera det same au. Det galdt no ikkje so mykje, anten han fek snakka med han elder ikkje idag.

Han vart sitjande roleg ved busken; – men furlegt nok, idag, daa det ikkje var so mykje um aa gjera, kom det til aa laga seg etter ynskje, fyrr han visste orde av.

Robert kom snart or syne att dernede, og ei stund etter høyrde Kristian eit gutemæle langt burti andre kanten av hagen. Det var visst Robert, og daa han skulde til aa sjaa, kom guten springande upp fraa den andre sida av huse – radt uppaat den øvste porten. Der stansa han og tusla ikring millom buskarne; det var som han leitte etter eitkvart. Og han var radt aaleine her ovanfor huse. Dernede var helder ikkje so mange aa sjaa no. Dei var gjengne attfor huse, mannen og fleire, og hunden laag stødt og sov. Daa kunde Kristian ikkje halda seg: han smatt fram for busken og gjorde minor og plystra litt. Meir skulde der ikkje til. Robert saag upp og fek auga paa han, 66og han kjende han nok att med det same; for han lo og vitta med honda, som um han vilde ha han ned til seg. Nei, det vaaga Kristian ikkje. Han skunda seg burt for busken att, kika etter hunden, og stakk sidan berre hovude fram av og til og gjorde minor. Dette stirde Robert forviten paa ei stund; – so sprang han burt aat porten og prøvde aa faa upp. Der var ikkje attlæst idag, og um nokre augneblink var han komen upp til Kristian.

«Er det du? Vil du ikkje vera med nedaat hagen?» spurde han.

M .. nei; det torde han ikkje nettupp idag; her var slike folk og hunden .. ein annen gong helder, kviskra Kristian. «Men vil kje du helder vera med her uppaat elva?»

Uppaat elva? Nei der maatte han ikkje gaa, sa Robert aalvorleg.

Maatte han ikkje det helder? Slikt kunde Kristian aldri skyna. Det var no ikkje noko vondt gjort det, vel. Spelegt var det helder ikkje, naar dei var tvo, og dei turvte ikkje vera lengje.

«Men er det langt?»

Aa slettikkje. Dei kunde berre gaa strakst burtpaa elvebrote her. Ho var so umaateleg stor idag elva; han skulde berre sjaa! Dei skulde finna store greiner og kasta uti fossarne –. Det tok til aa lydast svert lokkande dette. Robert saag seg ikring. Nei, der var ingen nedi hagen, 67som saag etter han elder ropa. Han smaug burtfor busken, der Kristian stod, han og; der kom dei betre i snakk um elva og alt det, og enden vart, at Robert vilde vaaga seg med burtpaa næraste elvebakken. Det skulde vera so snart gjort. Kristian lova dessutan, at han skulde fylgja han nedatt hertil, sosnart han berre vilde, og so bar det iveg. Buskarne løynde dei betre etterkvart, og fyrr nokon hund fek tid til aa gjøy, var dei komne frampaa elvebakken burtanfor skogen, langt utanfor synsvidd.

No vart Kristian motnare av seg. Dernede hadde han mest berre kviskra; no prata han og lo og hoppa av hjartans lyst, og for aa syna rektig kva kar han var, klauv han ut i ei stor, gamal bjørk, som stod atti elvebakken og lutte radt utyver vatne, og tok til aa brota greiner og kasta ned. Og so føykte han seg upp og ned uti greinerne, so heile bjørka dissa. «Hu-huy, kom her du og, so skal me vogga os!» Nei, det vaaga no Robert slettikkje. Han var reint redd av aa sjaa paa slikt og ropa og bad, at Kristian maatte koma att; han kunde detta ned. Kristian laut vera snild og lyda, og uppi bakken fann han snart paa noko likso gildt. I eit moldbrot var der store, runde steinar, som han fek lause og velte ned i elva, so det slupsa og skvatt etter. Dei lo beggje tvo av full hals for kvar gong, og Robert kunde ikkje 68lengje berre sjaa paa dette. Han laut vera med, han og, og daa dei var tvo, fek dei los paa so mykje større steinar. Det var mykje til moro. Dei stræva og grov i moldgruse, so dei vart skitne som smaagriser, og Robert kom kje meir ihug, at han skulde vera so snar.

Sistpaa fek dei ikkje lause fleire steinar her; men sjaa deruppe var eit anna moldbrot –. Avstad bar det; men paa vegen uppdaga dei noko, so dei gløymde radt det dei gjek etter. Der var jordbær atti elvebakken; store raude jordbær – kom her du! Dei laag paa kne og aalbogar og plukka og snakka mest dei vann. Um eit bil var det ikkje fleire aa finna her nettupp; men lenger uppe var visst meir, meinte Kristian; – og her strakst uppe var nokre løglege hyljar og holmar og. Skulde dei ikkje upp og sjaa dei med det same?

Endaa lenger upp –? Robert hugsa nok no, at han ikkje var paa rektig lovlege vegjer og skulde gaa so snart heimatt. Han vart litt uviss og tankefull, men fylgde sistpaa med, likevel; han hadde fengje slik smak paa leiken, at han ikkje kunde staa imot. Kristian sagde dessutan, at dei ikkje skulde gaa meir enn eit lite stykkje, og dei hadde kje vore noko lengje som var noko endaa. Og det totte han mest sjølv og. – Dei rusla uppyver, og snart skimta dei løkjerne uppaa moen blanke i solskine … Dei tenkte ikkje lenger paa 69bær. Kristian fann paa, at dei skulde utpaa holmarne og sigla med baatar, og det gjek den andre strakst med paa. Uppi bakkarne skar dei borkar av ei orr til baatar, og utpaa ein fin grasholme med buskar paa vilde dei halda til. – Men der kom dei i ei knipa. Dei laut yver nokre løkjer og smaa tuveholmar, fyrr dei kom utpaa den store holmen, der dei vilde halda til, og det var lett gjort for Kristian med uppbretta brok aa koma yver straumarne; men Robert, korleis skulde han klara det? Han hadde fine skor og sokkar og vaaga ikkje aa trø uti og væta seg; og aa dra av seg og vassa i det djupe vatne liksom Kristian var og altfor vaagesamt. Og aa hoppa yver straumarne var uraad.

Hm … Der vart ikkje onnor raad, enn at Kristian laut prøva og lyfta han yver, og det tok han gjerne paa med. Han var so glad for han hadde funne denne guten, som vilde vera med han og leika og aldri sa eit vondt ord til han, at han kunde gjera kva det var for honom; – daa dei for eit bil sidan fann seg borkar til baatar, hadde han endaatil teke og gjeve han den vesle tolekniven sin.

Utyver paa dei fyrste tvo smaaholmarne gjek det nokso godt, endaa det var kalleg tungt for Kristian aa bera. No var det berre ein straum att, men daa dei var komne uti den, gjek det sneplegt 70til. Kristian stupa framyver med byrda si, so han kom paa alle fire i vatne og vart rennande vaat paa armar og laar og radt uppaa bryste. Det var berre med nauda at Robert, som hekk paa ryggen hans, fek berga seg turrskodd upp paa tuva att. Men Kristian greet no ikkje for det, um han vart vaat, han. Han berre hauka og lo og riste seg, og for aa syna kammeraten sin rektig godt, kor lite han brydde seg um det, sprang han ut i pyttarne, hoppa ende upp og vætte seg endaa meir. Og etterpaa hoppa han fraa holme til holme og leet den vaate broka daska kring laar og leggjer, so det berre skvatt. Huy, her var gut som ikkje var redd, her! Den vesle byguten lo, so han vart vaat i augo, og klappa med henderne, og det som verre var: han tok til aa sjaa svert huga paa vasshyljarne, han og.

Men det var no vel kaldt?

«Kaldt? – aa du rygd, kallar du slikt kaldt! Du sku’ berre kjenna!»

Robert stakk henderne nedi, og det kjendest slettikkje so vondt. Han var um aa riva av seg den eine skoen .. men nei, han fælte seg av endaa. Kristian maatte paa nytt lag prøva aa bera han yver. Denne gongen datt han ikkje; men litt skit gjek det likevel: Robert kom nedi med den eine foten og vætte seg. Litt etter gjek det so med den andre med, og daa det var kome so vidt, tok 71han stige fullt ut: han drog av seg sokkarne og brette upp broka radt uppaa laara. Daa vart det anna til moro av. No daa dei var lause beggje, vart der ikkje meir snakk um sigling og baatar: dei skulde vera hestar og traava i vatne no. Dei skulde vera galne hestar og kapplaupa, og fraa tuva til tuva bar det, so det skvatt etter. Kristian var ikkje aaleine med aa skraala og huja helder no lenger. Den andre song med sin nebb han og, best han vann, og han tenkte kje meir paa aa skunda seg heimatt no, enn han tenkte paa mannen i maanen.

– Paa denne maaten var dei sistpaa komne radt ut aat sjølve elvestraumen langt uppe paa moen. Kristian var no so vaat, at han laut stansa og vrida litt or broka si, og dei trong vel um aa kvila litt og; dei pusta som belgar. Dei gjek upp paa ein av dei største holmarne tett ved elvekanten og sette seg i grase; der var turt og mjukt og fint, orrebuskar voks ikring, og sola skjein. Robert var ikkje fri han fraus paa beina no; men her i solskine vart han snart varm att. – Huh, det var mest kjølslegt aa sitja her so tett utved storelva. Ho rulla grøn og myrk og kolande djup nedyver; her og der krusa det seg upp til byljor med kvite toppar, og imillomaat kom ei bylja so sver, at det skylde radt upp mot føterne paa dei. Og slik ein tung sus var det, at dei laut mest ropa for aa høyra einannen.

72Men dei kunde kje sitja lengje og berre sjaa paa dette. Sosnart dei var litt turre, tok dei til aa slengja greiner og torvor uti, og Kristian fek strakst etter auga paa ei ida litt nedanfor, som dei skulde kasta i. Der kunde dei kasta pokkers lukt i kjeften, ropa han; men daa han skulde utpaa med den fyrste greina, vart han stygt skræmd. Torva utved straumen seig under han! Han foor attende som ein gneist. Det var nok laust og spelegt her. Dei vart noko varsamare etter dette; men rett lengje kunde Kristian ikkje halda seg fraa den faarlege pladsen likevel. Skaltru det var so svert laust? Han heldt seg i ein busk, som stod tett ved, og trødde utpaa den lause torva. Jau, ho gav seg og dissa. Elva munde ha skore burt molda innunder eit stykkje, medan det hekk fast etter grassvorden. Han tok betre tak i busken og prøvde aa spenna torva radt laus; men det var ikkje so lett gjort. Ho var nok ikkje so laus lell, torva. Ho hekk like godt, kor mykje han sparka og spente. Ho berre gav seg litt upp og ned. Grassvorden var nok seig som skinn. Daa tok han mod til seg, slepte busken og gjek radt utpaa, og det gjorde ikkje stort meir av seg, det. Ho sokk ikkje av so lita tyngd, berre vogga som ei dissemyr. Han hoppa sistpaa upp utpaa henne og det var endaa uppi det same. Aa skitt – ikkje verre! Han tok til aa vogga seg for moro 73og dansa paa karstykkje og ropad til Robert, at han og skulde koma. Denne var noko redd endaa; men daa han saag, at det gjek berre godt, vaaga han og seg utpaa; og endaa modugare vart han, daa Kristian stakk ein stav nedi torva, som han skulde halda seg i.

«Hurra! det skal vera skipe vaart .. me skal sigla!» skraala Kristian.

«Aa ja», ropa hin, og so vogga dei mest dei vann og fek det so til, at det var dei, som foor i strjukande fart uppyver, og ikkje elva, som foor nedyver. Og slik som det skôk for kvar gong det kom ei tung bylja inn mot torva. Det var so det gjek kaldt i dei; men likevel var det so fælt gildt.

Men naar dei hadde skip, so burde dei ha seg segl og;– det var Robert, som denne gongen fann paa det. Han sprang upp og skar tvo av dei største orrerne han kunde raa med og sette dei ytst paa torva til mastrar. So tok han av seg trøya si og hengde upp paa den eine til klyver og fek den fillutte trøya hans Kristian til storsegl paa den andre; i slike skipsting skyna han seg best paa det. Lat so gaa det! Kristian svinga med sydvestkolten sin og Robert med den brune hatten sin. Daa gjek der eit lite løynsk grin yver andlite hans Kristian.

«Skal me byta hattar ei stund?» sa han. Det var noko han ofta hadde vore med og gjort 74fyrr, naar han var rektig tilvens med nokon av gutarne uppi grenda og dei var byrge karar. Det var liksom eit merkje paa godt kammeratskap, det; og fyrr Robert visste orde av, hadde Kristian med eit kast sett den store kolten sin langt nedyver hovude hans. Dette totte byguten og var løglegt. Han tok i den underlege kolten med beggje hender og drog ‘n dugeleg nedyver augo, medan Kristian tok mot hatten og sette han paa seg med varsame fingrar. Nei kor han var lett og fin. Nett som ei fjør. Det var lite han kjende han paa hovude; men han datt ikkje av so svint likevel. Der var springband i han til aa ha under hoka, og det heldt godt. – So tok dei til aa sigla att, og dei storlo beggje tvo; for Robert hadde no drege kolten so langt ned, at han saag med det eine auga ut gjenom eit lite rundt hol der var. – –

– – Uppi skogen einstad var husmannsfolka fraa Vika og kjerva lauv. Dei totte dei høyrde skrik nedved elva eingong frampaa dagen. Dei gjek nedyver eit stykkje og saag etter; men daa var der ingenting aa sjaa elder høyra. – – – – – – – – – – – – – – – – – –

Nedpaa Fagerheim var det vorte stort uppstyr. Sonen, vesleguten, var burtkomen og var ikkje til aa finna att.

Der var kome eit ferdalag med kjensfolk fraa byen for eitpar dagar sidan. Dei skulde uppetter 75dalen og yver fjella og hadde berre tenkt aa sjaa innum her ei lita stund; men so var det fæle uvere kome yver dei, so dei hadde lote hefta her alt til idag. No var det endeleg ver til aa koma avstad att; dei hadde skipa seg til og skulde just til aa stiga i skjusskjerrorne. Daa vart der spurlag etter Robert; ei av kvinfolka, som var moster og gudmor hans, vilde faa snakka med han, fyrr ho reiste; dei andre vilde og faa seia farvel til han. Men daa var guten ikkje aa sjaa nokon stad. Ikkje i hagen og ikkje inne, og det kom no upp, at han ikkje hadde vore aa sjaa korkje den eine elder den andre staden paa lengje – kanskje yver ein time. Mor hans var ikkje rett frisk idag og laut halda seg inne. Dei som var ute hadde difor tenkt, at guten var inne med henne, naar han ikkje var i hagen. Ho hadde derimot trutt, at han var uti hagen idag som vanleg, og ingen hadde havt noko auga med han.

Men kanskje han kunde vera med hestepassaren burti stallen? Der vart sendt folk burt til hestehuse, som stod utanfor hagen paa austsida. Nei, der hadde han helder ikkje vore paa lengje og vel, og sameleis var det, kor der vart spurt etter han hjaa tenestefolka. Ingen av dei kunde vita av, at dei hadde set han paa lengje; ingen kunde seia forvisst, kor dei saag han sist eingong; 76i alt dette staake, medan dei framande skulde reisa, hadde ingen gjeve gaum paa det.

No tok dei til aa verta skræmde; allesaman, husfolk og framande, tok til aa leita og ropa etter han ute og inne, gjenom alle rom i huse, radt upp paa rotlofte, um han skulde ha furta for nokoslag og gjøymt seg burt der; men nei, ikkje teikn til nokon gut, kor dei kom. Han maatte vera komen utor hagen og ha tumla seg or vegen einkvarstaden. Det var noko dei aldri visste av, han hadde gjort fyrr; men det kunde kje vera onnorleis likevel, og det var lett gjort aa koma ut idag. Den nedste porten stod vidopen og den paa øvre sida var helder ikkje læst. Der vart i ein fart sendt folk ut paa alle kantar til aa leita; nedyver vegen og burt til grannegardarne, um nokon skulde ha lokka han med seg dertil. Men det gjek no som fyrr: ingen gut var aa finna, og burtpaa gardarne hadde dei ikkje høyrt elder spurt noko til han. – No vart dei redde for aalvore. Elva var nær og uvanleg stor –; han skulde daa vel ikkje ha tumla seg derned og gjort seg ei ulukka –?

Ingen vaaga rektig aa seia det høgt; men ein kunde sjaa den same tanken paa alle andlit. Mora, som under dette uppstyre var koma ut for lengje sidan, vart bleik som eit lik og bad Gud hjelpe seg, og nedyver aat elva bar det med alle 77ihop. Ikkje der helder var noko aa sjaa, og det var no helder ikkje aa venta, um han skulde vera dotten uti for eit bil sidan. Straumen gjek rivande fort …

Dei stod og saag paa einannen og kunde ingenting seia. Grosseraren strauk seg yver skallen, og dei saag, at handa hans skalv og at han var likbleik. Sume gjek ned langs elva eit stykkje og saag, um guten kunde ha drive upp i ei vik nokonstad; men alt var like faafengt.

Daa var der ein, som fek ein tanke. Um dei prøvde aa faa hunden paa farvegen etter guten, so dei kunde faa vissa for, um han hadde vore paa denne kanten elder ikkje? Likso svint som det vart nemnt vart det prøva. Hunden var eit ovende klokt dyr. Det var kje lengje, fyrr han skyna, kva han skulde, kunde ein sjaa. Han sprang att og fram, foor inn i hagen og uppyver aat øvste porten, og etter han hadde sprunge i ring utanfor gjerde der eit bil, tok han vegen uppetter bakken mot skogen. Der stansa han uppfor ein busk, og daa dei kom etter, fann dei nokre smaa avbrotne kvister og saag, at der var trakka i grase. Her maatte han ha vore. Gudskelov – kanskje han berre hadde tusla seg uppaat skogen, stakkar, og leitte etter bær elder slikt noko. Dei anda lettare allesaman. Hunden hadde no funne farvegen vidare uppyver, og grosseraren sjølv og 78nokre andre av mannfolka fylgde etter. – Daa lyddest der med eitt eit rop fraa nokre, som var nedpaa elvebrôte endaa .. so fleire rop, skrik …

Kva var tids? No vart der ropt etter folk og hjelp, og idetsame kom hestepassaren springande paa live laust etter dei, som var gjengne uppyver. Her kom rekande eit tre med ein liten gut paa uppaa elva! ropa han. Meir fek han ikkje fram; um nokre augneblink var dei nedpaa elvebrôte att, og daa saag dei det allesaman: midt utpaa elva kom drivande eit stort lauvtre med røter og greiner, og paa det hekk eit livande menneskje – ein liten gut, saag det ut til, som hestepassaren hadde sagt. No var tre’e alt kome so nære, at dei kunde høyra smaa skrik gjenom elvesusen fraa den litle armingen, og paa same tid saag dei, at han hadde brun hatt. Der kunde ikkje vera tvil um, kven det var …

I same stunda var frua og alle dei andre kvinfolka og komne nedaat elva, og det var berrsynt for alle: det var Robert med den brune hatten.

Mora sette ut eit skrik av redsla og seig i uvit, og fraa heile flokken kom der forskræmde utrop.

Gud i himlen, korleis –! Men her var ikkje tid til aa undra seg paa, korleis dette var gjenge til. Tre’e dreiv ikkje mot land. Det heldt seg midt i elva, som her gjek bein, og det vart tumla 79upp og ned av straumbyljorne, so stakkaren kunde verta skyld burt i kvar augneblinken.

«Ein praam!» skreik grosseraren, og det same vart ropt fraa alle kantar. Men no trefte det seg so uheppeleg, at der ikkje var nokon praam tett ved. Den næraste var ein av fiskepraamarne aat grosseraren, og den laag dregen langt upp paa land eit heilt børseskot ovanfor. Fem-seks mann foor avstad etter ‘n paa berre live, medan nokre laut bera frua heimyver; ho hadde ikkje endaa kome til seg sjølv att.

Eit halvt minutt var kje gjenge, fyrr dei var komne ned med praamen; men sjølv denne litle heftinga gjorde faaren dubbel. Straumen gjek her so fort, at tre’e med guten alt var kome eit heilt stykkje nedum der dei stod, og fek dei ikkje berga han no strakst, so var alt ute, endaa um han vart hangande paa drivtre’e. Eit stykkje nedanfor var der ein foss. Han var ikkje so høg just; men no i flaumen gjek han so strid, at der fans ikkje tanke um liv, um guten kom ned i den. Det dura som torebrak dernede; gôve rauk som ei kvit skodd uppyver, og eit heilt stykkje uppetter elva fraa fossen var der ei rekkja av stygge straumbrôt, idor og kvite skavlar midt i elva. Og no var tre’e kome so langt, at det var berre eit børseskots lengd nedaat det fyrste brôte …

80Men no var dei ferduge med praamen og, og nokre av dei sterkaste mannfolka sprang uti; hestepassaren, som var ein baatvand mann, var styresmann. Eit langt tog vart fest bak i praamen, og utyver foor han som ei pil og nedetter midten av elva; folka paa land fylgde etter nedyver elvebakken med den andre enden av toge. Snart var praamen berre eit lite stykkje fraa guten. Han hadde tidlegare lege gruv millom greinerne og ikkje set upp; men no saag dei han letta paa hovude og kava med dei smaa armarne sine uppyver mot praamen. Han munde ha fengje auga paa hjelpa. Alle saag paa med atterhelden ande, og der fans ikkje ein utan dei bad til Vaarherre, at det maatte gaa godt. Kvinfolka ropa og bad høgt. No gjek styresmannen fram i baaten og stod reidug til aa ta guten … Herregud, det laga seg nok likevel. Vona steig; men daa – just som dei var berre eitpar baadslengder fraa einannen, var drivtre’e kome so langt, at dei fyrste fraudkvite skavlarne tok til aa dra det til seg; det vart rive avstad fraa praamen og kjøyrt ut av leida med stygg fart. Tre’e var so stort, at det ikkje vart drege under av idorne; men baade det og guten vart mest heilt yverskylde av fraudbrôte. Det saag ut reint som eit under, at guten endaa kunde hanga fast. Han munde ha haka seg godt fast millom greinerne.

81Kvinfolka var tekne til aa ropa av redsla att og heldt alt for tapt; men mannfolka sende endaa uppmannande rop ned til dei i praamen. Daa tre’e var kome nedum straumbrôte, var det kome i stillare vatn att, og der kunde det endaa vera von. Og kararne i praamen gjorde sit beste. I ein slik faare laut ein vaaga seg so langt ein kunde. Dei var alle baatvande folk og stemnde modug nedyver. For ikkje aa koma inn i brôte hadde dei krøkt tilsides so mykje som raad var og foor no nedyver nærare mot land paa denne sida; det var stygg stryk her og, men vatne gjek jamnare. Det saag paa nytt lag ut til aa vilja gaa godt – men nei, der tok idorne til aa suga dei til seg. Dei var fornærre dei endaa. Dei maatte til aa ro og kava paa reine live for ikkje aa verta rivne burt i brôte, og praamen var ein gong so nærre som eit haar vorten kvelvd. Endeleg var dei utor suga att; men medan dei var hefte med dette, var drivtre’e med guten paa kome nedyver mest aat det neste straumbrôte, og aa vaaga seg derned med den litle praamen var raadlaust. Det kunde alle sjaa. Det var beintfram aa setja live paa spel, og det til ingja nytta; for tre’e hadde no slik fyremun, at der fans kje von um aa naa det att. Dei laut sjaa aa berga seg sjølve tillands att, og det var berre med nauda dei klara det.

82Kva va der so aa gjera? Den stakkars far til guten var som fraa seg og vilde sjølv springa i praamen og faa folk med seg og prøva endaa ein gong; men han vart helden attende. Der var ikkje vit i slikt. Menneskjemagt kunde kje lenger gjera noko for vesle Robert, Han var no midt nedi det verste straumbrôte, vart tumla ikring med tre’e som eit lauvblad og yverskyld nokre gonger. Dei kunde ikkje lenger sjaa honom røra paa seg; men hekk gjorde han endaa underleg nok; han laag nedkuvd millom greinerne. Her var ikkje anna aa gjera enn aa sjaa paa, at han gjek aat fossen …

Det var ei fæl stund. Sume av kvinfolka var um aa faa uvit; andre gret høgt og bad; faren vreid henderne, sprang nedyver langs elva og skreik vonlaus paa namne aat sonen sin. Og so siglde drivtre’e framyver paa stupe.

Det var eit so hjarteslitande syn, at mange snudde seg burt for ikkje aa sjaa enden. Millom dei var ogso faren. Han hadde stansa paa ein bergknaus eit stykkje nede; der stod han berrhova med haare flagrande for vinden, med store sveittedropar paa panna.

«Robert … er han burte?» spurde han med eit haast, broste mæle, daa nokre av mannfolka strakst etter kom nedtil han. «Nei, han hev stansa!» vart det svara med undrande rop fraa alle kantar. Det var sant, so underlegt det enn lyddest: midt 83i elva, tett frampaa stupe, var drivtre’e stansa og hadde teke til aa driva i ring. Det saag ut radt som ei syn-kverving, eit under; men daa folk fek tenkja seg um, var det ikkje so forunderlegt, likevel. Midt i elva frampaa fossen var der tvo smaa bergknausar, som kløyvde fossen i tvo. Til vanleg tid stod dei høgt yver vatne, og det meste av elva rann ned paa denne sida av dei; men no under flaumen rann det mest like mykje paa kor sida, og straumbyljorne skylde radt yver dei. Dei stakk likevel so langt uppi, at der vart ei evja bak dei, og det var inn i den, drivtre’e no var kome. Der var greiner og rekved fyrr og, og der helt det paa aa gaa i ring altsaman.

Naar nauda er størst, skal hjelpa vera nærast; det saag mest ut til det her og. Vilde tre’e hefta ei stund der, so kunde det endaa vera von! Og det saag ut til, at det vilde hefta: det heldt paa aa gaa i ring. Grosseraren tok seg saman og vart med eit kald og umtenksam att, og der var vorte stillt etter klageropa og graaten. Kunde dei no berre koma den vesle stakkaren tilhjelp strakst …

Der vart sendt folk upp etter praamen og tog og greidor, medan grosseraren og nokre fleire sprang i fyrevegen ned paa berghamaren midtfor fossen; men daa dei kom der, var det strakst altfor berrsynt, at det var lettare sagt enn gjort aa koma tilhjelp her. Aa koma utaat evja med praam var 84for det fyrste ikkje aa nemna; det var lukt i fossen. Det einaste, som var aa tenkja paa, var aa sjaa aa faa kasta tog ut, prøva aa faa dette fest i tre’e eikorleis og so hala dette iland. Der var ikkje breidare yver, enn at det utan nokon vande maatte vera raad til aa faa tog ut; – men korleis skulde ein faa det fest, so det sat sikkert? Det var knipetake. Guten sjølv kunde ingenting gjera. Han laag nedkuva og saag ut til aa vera radt isvime; for han rørde ikkje paa seg og svara ikkje, daa dei ropa til han. Eit tog, som dei hadde kasta ut for aa prøva, kva dei rokk, raama radt burti han med enden; men han laag endaa like klumsa. Ulukkelege skapningen, han hadde kanskje trekt seg full av vatn uppi elva og var i livsfaare for det med, um han ikkje vart berga svint. – Dei prøva fyrst og sette rennelykkjor paa eitpar tog og emna paa aa faa dei yver tre’e paa ei vis; men det synte seg snart aa vera reint ugjerande. Tre’e flaut so tungt, at nokor lykkja aldri kunde faa tak paa det; det var desutan uraad aa handsama toga paa nokor vis paa so lang leid, og fossen saug dei strakst til seg. – Sidan raadlagde dei um aa hefta jarnkrokar paa enden av nokre tog og sjaa aa faa dei til aa haka seg fast i greinerne. Folk vart sende etter baatshakar og kva dei kunde finna; men fyrr dei kom att, skyna alle, at dette var likso lite aa slaa von til. Sosnart tre’e vart drege ut 85or evja, vilde heile fossen suga det til seg, og toga maatte vera ovende godt feste, um dei ikkje skulde sleppa take. Men kunde jarnkrokar burti lause greinerne daa vera noko aa lita paa? Guten kunde dessutan verta skyld av som ei fluga uti det fæle brôte, endaa um det var mogelegt aa hala tre’e iland. Det var paa ein annan maate, naar det skulde gaa tversyver og imot straumen enn beint unda … Andre raader, som vart nemnde, dugde endaa minder.

Dei stod sistpaa raadville og berre saag paa kvarandre og paa armingen derute, og no, daa dei var nærare, saag dei, at evja ikkje var mykje aa lita paa helder. For kvar gong vatne gjek rundt, vart ei og onnor av greinerne, som var samla der, riva med av straumen paa den eine sida og foor i fossen. Eitpar gonger hadde fossen fat i tre’e med guten paa og. Det var berre sovidt at straumen i evja fek yvertake att og heldt det; men kven visste, um det ikkje næste gongen gjek i fossen, det med –?

Det var som um dauden, fyrr han tok guten, vilde moroa seg ei stund med fengda si beint framfor augo aat den arme faren. Og medan den litle laag der utpaa stupe og ingen kunde leggja tvo straa ikross til hjelp for han, blenkte kveldsola yver skog og friske engjer paa alle kantar, og alt anda av lukka og liv. –

86Idetsame sprang hestepassaren fram for husbonden sin.

«Eg kan ikkje lenger sjaa paa dette; eg bergar den litle elder læt mit eige liv!» sa han med fast mæle. Grosseraren saag ustødt paa han. «Berga han … korleis …?» stama han. «Eg kan symja», sa tenaren. «Eg tek eit tog um live og gjeng ut i elva deruppe, der ho endaa gjeng still; so sym eg med straumen nedyver midt i elva, same vegen som drivtre’e gjek, og prøvar aa naa inn i evja … berre det ikkje vert forseint? «Tom, vaagar du det–? Trur du det er mogelegt?» ropa grosseraren. «Men korleis vil du so koma iland att med den litle?» Tom, hestepassaren, strauk seg yver panna og prøvde aa smila. Han trudde nok det skulde vera mogelegt, sa han, og han hadde nettupp tenkt seg ei raad til aa koma iland att. No skulde halvdelen av folka staa her og resten ro yver paa den andre sida med tog. Naar han so var komen ned til guten, skulde dei kasta tog ut til han fraa beggje sidor, og dei skulde han festa i tre’e. So skulde dei samla folk, somange dei kunde, og gaa upp langs elva paa beggje sidor med toga og hala drivtre’e med han og guten paa uppyver mot straumen, til dei var komne so langt fraa fossen, at dei utan faare kunde verta dregne iland.

Det lyddest verkeleg ikkje so ille, dette. Var han berre komen aat evja, so var alle samde um, 87at det paa denne maaten nok skulde verta ei raad; – men aa koma aat evja tett frampaa fossen, det var det, der spurdest um. Det var greidt, at det var aa setja live radt paa spel. Han kunde verta dregen under og forkomast nedi idorne elder verta dregen av av sidestryk nedpaa fossen, og daa vilde det lite hjelpa, um dei hadde tog i han.

Tom stod paa, at han vilde vaaga det likevel, og at det nok skulde gaa godt. Han var ein sterk og traust kar, Tom; han var nokre og tretti aar gamal og ugift og hadde i mange aar tent hjaa grosseraren. Han var av fatigfolk og hadde i ungdomen kome i daarlegt lag og vore med og stole eingong; for det kom han paa tukthuse eit heilt aar. Etter han vart laus derfraa, vart det endaa daarlegare for han. Ingen hadde tru til han elder vilde ha ein slik kar i arbeid. Han gjek og slong i byen og leid vondt og var nærved aa verta brotsmann att. Daa trefte han grosseraren ein dag og klaga si naud for han, og denne tok seg av han og gav han arbeid. Og hjaa honom hadde han sidan fengje vore heile tida; for han hadde teke seg godt til og var igrunnen ein dugeleg kar. No hadde han god løn og var vel vyrd av alle. Um sumrarne var han med her paa Fagerheim og hadde tilsyn med eitpar hestar, som grosseraren hadde med seg; dessutan var han med og 88rodde, naar husbonden fiska, og gjorde andre arbeid, som fall til.

For denne store velgjerda av grosseraren løna Tom husbondsfolka sine med ein ubrøyteleg godvilje og truskap. Han saag upp til dei som til noko meir enn vanlege menneskje, og han totte no, at han hadde ei skyldna paa seg til aa vaaga alt for dei og sonen. Og skulde nokon vaaga dette, so maatte det vera han. Attaat at han var sterk, var han uvanleg god til aa symja. Han hadde ofta sumt radt yver elva, um stryken var noko sterk.

– – Raadleggjinga um dette var gjord paa eit par minuttar, og likso snar var den moduge tenaren til aa gjera seg reidug; han vilde vaaga seg. Medan der vart sendt bod etter folk nedetter gardarne og nokre rodde yver elva, gjek han traust ut i ein praam midtfor Fagerheim, fek eitpar mann til aa føra seg utpaa og kasta av seg yverklærne.

«Tom … Gud velsigne deg … det skal ikkje verta deg gløymt …; men ver varsam!» ropa grosseraren etter han med dirrande mæle. «Eg skal gjera det eg kan», sa Tom og hoppa i vatne med eit symjebelte og tog um live.

Det var ei spennande stund, ei stor stund; han heruppe og han dernede i livsfaare. Men gudskelov, det saag ut til, at faaren for stakkaren dernede ikkje var fuldt so stor no, som han hadde vore. Elva heldt nok sterkt paa aa laagna. Det 89skylde ikkje fullt so mykje yver bergknausarne frampaa fossen no som tidlegare; dei stod av og til snaude; evja gjek liksom litt stillare, og fossen fek minder tak i drivtre’e etterkvart det sveiv rundt. Og no saag dei, at guten rørde paa seg att. Gud – so han var daa ikkje reint forkomen likevel! Berre Tom no maatte koma vel ned! No saag dei han sigla nedyver med hovude høgt yver vatne.

Der vart paa nytt lag sendt brennande bøner til himmels. No var han nedi det fyrste fraudbrôte, der praamen ikkje hadde klara seg lenger. Det gjek med stygg fart, og han gjek av og til radt under; men kvar gong kom han fram att like kjekk og gjek klaar av dei faarlegaste idorne. Likeeins gjek det nedi det neste fraudbrôte. Fleire og fleire tok i landtoge og fylgde etter langs stronda for aa hjelpa til, um sidestryk skulde vilja bera av med han; men det turvtest ikkje: han heldt seg traust midt i elva, der tre’e var gjenge; der gjek nok ein bein stryk der. Det saag ut til aa vilja gaa godt! Berre ikkje nokor uheppa skulde koma …! Nei, det heldt paa som det var byrja: han kom burt i kave, arbeidde seg upp att og rak vidare etter rette leida. Det var reint fælt aa sjaa, korleis han kava for aa halda seg uppe. Det var so det rykkte i folk; dei tagde og anda snaudt. Hadde nokon gjort det han kunde nokon gong, so var det han Tom no. Som vel var, var dei 90nedste fraudbrôta ikkje fullt so stride som dei lenger uppe, og Herren ske lov! – daa han siste gongen var dukka under kom han upp att langt inni evja!

Høge glederop helsa han fraa alle paa land. I neste augneblink sat han tilskrevs paa tre’e med guten i armarne og fek haka seg fast i bergknausarne. Og so vitta han med honda uppyver. Kvinfolka var so rørde, at dei gret. For ein ovkar den Tom’en! – Men no galdt det aa vera snar til aa berga dei iland. Dei som var sende yver elva, var no paa flekken nedved fossen; dei fek tog ut fraa beggje sidor som dei hadde vona; Tom feste dei kring rota paa tre’e, og so gav han teikn til, at ferda uppyver skulde byrja.

Der hadde etterkvart samla seg ei heil mengd med folk fraa gardarne paa beggje sidor. Dei hjelpte alle til med aa dra, og det tok til aa gaa. Det var ei fæl ferd, som ventande var. Tre’e gjek mest i kav uppi det fyrste brôte; men Tom sat fast som ei kjempa og heldt den litle med jarnsterke armar, og daa dei drog varsamt og like sterkt fraa kor sida, kunde dei godt halda farkosten midt mot straumen. Det var dessutan ein god ting, at røterne, som stakk upp or vatne, tok noko av paa dei verste sturtarne framfor Tom og guten. Soleis var dei snart komne uppum dei tvo nedste skavlarne, og so tok dei smaatt um senn til aa hala tre’e inn mot land paa denne sida.

91For ei gleda! Der lyddest paa nytt lag fagnadrop, og kvinfolka takka Vaarherre og Tom, som sat der paa tre’e drivvaat og kjekk som ein havmann med byrda si. Men slik som den stakkars litle saag ut i armarne paa Tom – aa Gud! Han hekk reint som ein falske, rennande av væta, tilslamsa og likbleik, so han ikkje var til aa kjenna att. Hatten sat nedklemd baki nakken og hekk berre etter bande; armarne hekk daude ned, augo var attletne. Han var nok daana att, stakkar. Grosseraren sende i fljugande fart ein mann til aa kjøyra ned etter doktoren, som budde strakst nedi dalen, og so steig han utpaa torvorne og tok Tom i honda og hjelpte han paa land. Idetsame høyrde dei nokon ropa uppi bakken – det var mora.

Daa ho var hjelpt heim for eit bil sidan og hadde raadt med seg sjølv att, kunde dei trøysta henne med, at Robert var stansa nedpaa fossen, og ho hadde sidan fraa eit vindauga set paa, at Tom vaaga seg ut for aa berga han. Ho var endaa so redd, at ho skolv, og so daarleg og medteki etter uvite, at ho ikkje kunde halda seg uppreist utan hjelp; men daa ho saag, at det bar mot land, gløymde ho alt og foor ut. No kom ho med glederop og taaror nedyver bakken, medan faren tok guten or armarne aat den trugne tenaren og trykte han aat bryste sit. So retta mora og ut armarne for aa fagna han. Men faren gav ikkje 92guten til henne. Han sette den litle, som idetsame hadde slege augo upp, ned paa marka og stirde forbina paa han ….

Kva var dette; kva i verda var dette? Guten var noko større enn vanleg; han hadde gamal skurv i nakken og var berrføtt. Og kva i verda slags skræmeleg lappa og gamal brok var det han hadde fengje paa seg? …

Faren stod som himmelfallen og stirde, og endaa underlegare skulde det verta; for idetsame kom der tuslande ein liten gut uppaa bakken og ropa nedyver. Han gjek med ein stor kolt av ein sydvest paa hovude; men hellest saag han ut liksom vesle Robert ljoslivande …

– Eit bil etter kom doktoren kjøyrande i fullt sprang. Mannen, som skulde henta han, hadde treft han heime og fengje han med med det same.

Alle folka, som var samla, var no komne upp fraa elva og stod uppved hagen paa Fagerheim, bygdarfolka utanfor porten og byfolk innanfor. Bygdarfolka tokka seg vyrdsamt or vegen for doktoren og tok til hattarne,og kjerra var snaudt stansa fyrr han sprang av og foor inn til grosseraren, som just kom nedyver aat porten for aa ta imot han.

No, korleis stod til med den litle?

Grosseraren trykte doktoren stilt i honda og kremta. Jau – hm; det stod nokso bra til. Guten, som hadde vore i elva, var komen til seg sjølv, 93sosnart han var komen iland, og han trudde ikkje, han hadde nauda so svert mykje av lauge, likevel. Doktoren skulde ha takk for han var komen so svint; men som det no var, so galdt det altso ikkje fullt so mykje paa, som dei hadde tenkt. Og … hm; det var hellest eit lite misstak, naar det vart sagt, at det var hans gut, som hadde vore i elva … det var han der. Grosseraren peika idetsame paa ein liten gut, som sat bleik og i umbytte klær burtpaa ein benk og venta paa doktoren …

Var det ikkje hans gut, som hadde vore i elva?

Doktoren saag forbina paa kusken, som uppetter etter vegen hadde fortalt heile soga um vesle Robert; han uppdaga med det same, at allesaman stod so underleg handfallne og saag paa kvarandre, og at det burti bondeflokken ikkje var fritt for løynlege smil.

Altfor sant – der var eit lite misstak! Solengje Tom var utpaa elva, hadde han havt so nok aa gjera med aa berga guten og seg sjølv, at han ikkje hadde merkt nokonting til skurv elder fillutte klær. Det fall ikkje so med ein gong i augo helder, vaat og tilreidd og yversprøytt som den litle var. Han uppdaga ingenting, daa han sende guten upp til grosseraren eingong. Daa dei kom paa land, vart det derimot strakst uppdaga, at dette ikkje var Robert. Den rette sonen var han, som kom uppaa bakken med kolten nedyver øyro. Og heile gaata 94vart løyst, daa dei endeleg fek ut av Robert, kor han hadde vore so lengje. Han hadde lurt seg uppaat skogen med Kristian. Der hadde dei sistpaa funne paa aa byta hattar og vogga seg paa ei torva utved elva, og just som dei heldt paa med det, var der kome rekande eit stort tre tettved land. Det hengde seg fast burti torva, og Kristian vilde spenna det laust att; men idetsame brotna eit stykkje av torva under han, og han stupa beint ut i greinerne paa tre’e. Og dette losna med det same og rak nedyver elva med han.

Full av redsla for kammeraten sin hadde Robert sidan sprunge nedyver og vilde faa folk til aa berga han; men no tok det tid aa koma yver alle hyljarne. Han var reddare aat aa springa uti dei no han var aaleine. Han var ikkje komen langt stykkje, fyrr Kristian var reken av, so han korkje saag elder høyrde meir til han, og daa han endeleg kom ned paa bakken mot Fagerheim, saag han, at Kristian var komen radt nedpaa fossen, og at der var mykje folk dernede. Daa trudde han det var ute med honom, og han vart so redd for, at dei kunde vilja gjeva han skuld i denne ulukka, at han sprang upp i buskarne att og gjøymde seg. Der vart han verande radt til han uppdaga, at dei fek hala Kristian iland, og han hadde heile tida vore so fraa seg, at han ikkje hadde kome ihug aa kasta av seg den fæle sydvestkolten. –

95– Daa doktoren og hadde fengje greida paa dette, gjek han burt til Kristian og lydde paa bryste hans. – Nei, han hadde ikkje teke nokon vidare skade, meinte han. Bryste hans var berre noko medteke, so han trong um aa halda seg roleg ei tid. «Godt, at han vart berga so snart», lagde han til og saag burt paa Tom, som just kom gaaande nedetter hagen. Han hadde vore inne og skift klær og flitt seg etter lauge og heldt no paa aa gaa seg skikkeleg varm. Han hadde hellest ikkje teke nokon skade av symjinga; han var ein kjempekropp, som tolde altslag. Til det doktoren sagde svara han ingenting. Han brydde seg snaudt um aa sjaa upp. Litt etter kom ei gjenta ovanfraa huse og sagde, at dei hadde gjort ferdugt eit glas varm toddy aat han; men han ansa ikkje paa det helder. Han gjek der med eit underleg toskutt andlit og berre saag nedfor seg og skyggla av og til burt paa den litle bleike, skurvutte husmannsungen, som han hadde vaaga live for. Og slik hadde han gjenge heile tida, sidan den toskne soga kom for dagen nedved elva. Doktoren kunde sistpaa ikkje lata vera aa smila, og han gjek burt og lagde honda paa aksla aat Tom. «No guten min,» sa han, «eit misstak som dette skal ikkje gjera dit manndoms verk minder ærefuldt, veit du. Her er nok ei mor og ein far, som skal takka deg, um det ikkje nettupp er dei, du hadde tenkt. Og 96eit menneskjeliv er like dyrt og kostbart, anten det høyrer heime i ei hytta elder i ein stor manns hus. Lat det so vera misstak elder ikkje, detteher, so kan likevel du og kvar og ein, som hev gjort sit til bergjinga, ha den store gleda og hugna, at eit menneskjeliv er frelst.»

Han saag med aalvor burtyver folkehopen. «Visseleg er det so … visseleg!» sa grosseraren med laagt mæle. Det same sa dei andre byfolka med, og Tom rørde paa lipporne som han vilde jatta med, han og. Men burti bondeflokken, der dei alle hadde fengje vita, kor gutungen høyrde heime, lyddest det berre nokre varsame «ja ja» og «hm», og lengst bak i flokken mumla ei gamal kjering til ei onnor: «Aa ja ja, san; han seier no det, han … Men d’er no so mange leis her i verda. Det hadde vel ikkje vore so mange, som hadde sakna han, veit eg. Og gu’ veit, um det ikkje hadde vore betre for han i elva enn aa liva i vesaldom og veksa upp til det som leidt er.»

«Ja ja, du kan so seia!» svara den andre og riste paa hovude. Og menn og kvinnor, som stod nærast og hadde høyrt dette, sukka og riste paa hovude, dei med.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Paa sjølvstyr

Fortellingen Paa sjølvstyr kom ut i 1892 og regnes for å være en av Rasmus Lølands beste barnefortellinger.

I denne tragiske og naturalistiske lille romanen tar han opp sosiale problemer i et vestlandsk bygdesamfunn. Hovedpersonen er den 9-årige husmannsgutten Kristian, som vokser opp under harde kår. Han er et produkt av arv og miljø, han er nærmest dømt til et liv i fattigdom og nedverdigelse.

Se faksimiler av 1. utgaven fra 1892 (nb.no)

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.