Ragnhild

av Olav Duun

VI

181Måndags føremiddagen dreiv Håkon hus-imillom og fresta komma i gang med einkvart arbeid. Han smilte halvt lykkelig, så einslig og lagnaen i vald kjente han seg; så kald var verda i kring han. Einkvart i han retta seg opp mot denne kaldkjølen, slik som ved gravsteinen til faren i går.

Han hadde ei minning om noko vidunders tull frå ein morgon før, da han var som tyngst edru, eller var det ein kveld da det var festlig i lage: han tykte all ting var så smått ein måtte le til det, det store var ørsmått og det største var minst, det var så vanskapt ei sanning at ein fraus og likte seg.

Dagen var lyslett, utan solskin. Skya vêr kan vera vakkert vêr, når ein vil det.

Da kom Karl Albert og måtte få snakke med han på tomanns-hand. Karl Albert fór ikkje med gap lenger, han var kjøpmann og ein vislig mann. I dag drog han opp gamle godslige revesmilen sin, for han var brydd av erende: – Ja du får ha takk for i går, som sagt, men sei meg, var gutdevlane dine heime i gårkveld da vi sat og drakk 182gravøl? Var det ikkje nokon, tru, som spurte etter dem ein gong?

– Kva er det da? Håkon vilde vita det straks.

– Der har vore eit par slike innpå bua hoss meg og vasa, i gårkveld. Nei eg seier ikkje det er dem, men folk har set dem der i nærheita. No har eg vore hoss eit par andre, som der kunde vera von om, men dei veit visst å vri seg unda det.

Håkon stod og kraup i hop i klæane. Han tålte det ikkje, men han måtte sjå det like vel: Hallvard, gutstakaren hans, kunde ha gått seg på sjøen i gårkveld, kunde ha vorte ihelslegen, utan at han som far var hadde ansa det; –du har ikkje tenkt ein tanke på han i dag heller, sa han seg.

Karl Albert fortalde om tilborden: Ei rute på krambua hadde vore sund, og der var innsett ei trerute til så lenge. No var den ute. Karen som kom inn der, han måtte vera liten. Den andre har ventelig stått nedunder og vore tropp for han, der er nokolite høgt, veit du. Dei hadde rusta seg med drops og sjokolade og med fluonglar for auren, ja og så tendhetter og krut, rette smågutvarane alt i hop.

Eg kom til å tenke på Ellidaungen. Eg vilde ha kika under skosolane hans.

Ja kor var gutungane no? Håkon spurte i kjøkene. Der trudde dei at dei var i marka med krøtera, kanskje dei fór etter molta med det same? Han såg bakom kjøkensvala. Fiskestengene deira var borte. Da var det vel fluonglane som 183skulde prøvast i dag. Han var oppå lofte deira og leita. Noko tjyvgods fann han ikkje, men han tok ned skone dei brukte i går.

Karl Albert klemte solane ned i lausjorda. – Ja ha, let han. Som eg frykta ja. Same hæljarnslage, same fare. Nei eg tykte eg måtte snakke om det; så du visste det. Og den der stikklingen hennes Ellida ser meg no ut som eit emne hm? Ja ja, det blir ansles med alt no, når kona sjøl har komme heim.

– Ho reiser i kveld att, smilte Håkon.

– No lyg du? Karl Albert såg verkelig forfæld på han. – Da må eg få snakke med henne, sa han. Eg lyt snakke henne til vettes, eg som har munn å seie det med – får du ikkje opp kjeften sjøl deg?

– Nei du får ikkje snakke med henne. Når ho må reise, da er det slik da. Og gutpåkane skal eg ta meg av. Eg kjem bortover med dem først eg får kleppen i dem.

Han snur seg mot låveveggen. Han kunde ha murra som dyre. – Og ho reiser i frå oss! klaga han seg med seg sjøl, ein totre gonger.

Karl Albert var still av seg da han gjekk.

Håkon fortalde ikkje noko til Ragnhild. Han passa opp Ellida og sa det med henne. Ho tok det vonoms lettare. – Ja nei snakk om småguten i den alderen, sa ho; han finn på mangt han. Og no skal da eg og min unge snart vera utor vegen her. Men, sa ho og såg på han, eg vil gjerne at du Håkon gir han det han har fortent.

184Ho var gjerne einaste menneske, om ein kunde rekne henne så høgt, som trudde på han i dag. Karl Albert hadde synt det bert nok i gårkveld, at han heldt Håkon for ein luskar og ein larv. – Du veit vel kva du gjer, sa han og smilte, da Håkon gjekk innpå han og dei andre karane i gravøle, han vilde høre om dei òg heldt han for det. Ellida trudde vel om han ja, det var mest som eit piskedrag over andlete å vita det no. Men ein laut gå ved at ho bar ikkje vonløysa si kleint.

Håkon lest ikkje sjå gutungane da dei kom heim. Han venta til han fekk Hallvard for seg utan nokon merka det.

Han bar på han det dei hadde gjort. Hallvard svara ikkje orde. Han såg ein gong ned, og ein gong opp på faren. – Svara! sette Håkon i. Hallvard vart raudlett, men han tagde som før. Håkon tok han i aksla og løfta han. Harmen fór i han som ei hellig makt, han hørte sjøl at dette var ikkje hans røst. – Svarar du?

Han sette han ned att og snudde seg frå han. Tok så fram bjørkrise han hadde budd seg med: – Skal eg måtte bruke den her da? Han tykte han spurte slik at syndaren måtte mjukne. – Eg meinte jamenn eg skulde sleppe det.

Guten tier. Best det er har han vorte avleta i kinna, og seier beint opp i auga til faren:

– Eg vil ikkje ha den der tukthuslemmen din til mor!

Håkon venta til sinne rauk av dem båe to.

185Da bar det i gråten med gutungen. Men han hardna til att straks faren snakka åt han, og såg så trassig på han, at der var berre eitt å gjera: han fekk ta han over knee og gi han det som vanta. Han måtte gjera det, og han gjorde det. Han syntes verda stana og lya på med det gjekk for seg.

Men gutknekten tilstod ingen ting, og lova ikkje noko.

Håkon gjekk beint i frå han. Han visste ikkje anna å ta seg til, han fortalde Ragnhild det som hendt var.

Ho sat og såg rolig på han med han snakka. Ho merka ein smil vilde fram og nokre galne ord: – Han har ikkje likare mora å slektast på. Men Håkon hadde det vondt nok før, og korles skulde ein fara åt med gutpisten? Jaså, han tålte ris. Ris måtte der til, men der måtte òg nokon til som tålte det. Ho hadde undrast, stundom, kven som gav folk retten til å ha born. Ho visste det i alle fall ikkje.

– Ta og snakk med gutungen hennes Ellida, sa ho. Ho såg på Håkon så han slo auga ned.

Han gjekk ut og gjorde som ho bad. Den karen hadde halde seg unda med dette stod på, men no måtte han fram. Då Håkon hadde fortalt han at han var tjyven, og tok til og stelte med rise, da gav han seg over og tilstod. Han fresta å lyge seg frå eitt og anna, men han var tålig snar til å rette på det. Det var han som fann på det 186først ja, og han som kraup inn, men Hallvard hadde hjelpt han, og han stod vakt ved nova. Det var ikkje stort dei tok, berre lommene fulle, og så lite grand i eit lommetørklæ, ja og noko i eit halstørklæ. Han var med Håkon opp i smia og synte han tjyvgodse; det var gjømt inni smiebelgen.

Håkon sa at julingen kunde det stå ut med til næste gong.

Der etter tok han syndarane med seg over sunde til Karl Albert. Bleike var dei og litt ansles enn vanlig, men dei bar da fram det som att var av tjyvgodse, og bad om tilgiving. – Sia får de betale det som vantar, sa Håkon.

*

Ragnhild skulde fara til byen med båten i sju-åttetida om kvelden. Etter middagen tok ho Hallvard i handa og leidde han med seg ut i hagen. – Eg vil berre fortele deg noko morosamt, sa ho.

Der stod ein trebenk nede ved bærbuskane. Der sette ho seg, og Hallvard stod framfor henne og venta. Han sette hendene i bukselomma og var likeglad kar.

– I kveld reiser eg og kjem aldri att meir, sa ho. Kva seier du om det? Jau da, Hallvard, du skal vera fri meg no. Eg venta da ikkje det eg, ser du, at du vilde ha meg til mor. Eg var det ein gong, men det er lenge lenge sia. Og no reiser eg, og du ser meg aldri meir. Er eg ikkje bra snild da?

187Han såg verkelig på henne, og da ho lo måtte han smile.

Han hadde brunt hår, men sola hadde vore hard til å bleike det. Auga var blågrå i leten. Dei var vakre, om dei stod aldri så kaldt i mot ein. Andlete var eit klokt lite gut-andlet; der var mangt å finne i det, visst ein fekk lov å leite. Stort ansles kunde ho ikkje ønske seg den gutungen ho skulde vera mor for, om så hadde vore. Og no vilde han komma seg vekk, såg ho. Ho var heller ikkje meint på å seie meir.

Men det var det, at dette vesle menneske såg ho denne gongen og aldri sia. Og mor hans hadde ho vore. Dessutan var det synd av henne, at ho ikkje visste noko å gjera for ein slik ein; men ho visste ikkje ein einaste ting.

– Eg vil seie deg farvel her da, sa ho og retta fram handa. Og den tok han, – han stod på sprang og skulde rømme, men det vart så han tok henne like vel. Ho hadde handa hans inni si. Ei hard lita småguthand; ein neve, skulde bli. Ragnhild vart halvveges redd, ho burde ikkje ha teke på seg dette. Det fekk stå til no.

– Eg fer att-ende til tukhuse mitt eg, sa ho. Du veit kva eg har gjort? Ja. Og straffa er det ingen ende på. Kom i hug det da, Hallvard, at straffa er det ingen ende på. Når du blir stor, da er du ikkje redd meg lenger, du blir ikkje av det slage, men du finn meg aldri.

188Ho hørte ho sa for mykje no, men ho var for veik til å snu. Ho sa verre ting.

– For du må ikkje komma på straff, Hallvard, du veit kor glad han far din er i deg, han har ingen annan enn deg han. Du skal syne dem alle i hop, at du er ikkje sonen til ein straff-fange, du er ikkje det, same kva dei seier, det skjønnar du sia – – korles skulde det bli, Hallvard, om du òg kom på tukthuse?

Slikt seier ein ikkje til eit barn nei, og da ho sansa seg var det for seint, da gret han. Andlete hadde komme i vanlag for han, han rådde ikkje med det, og ikkje med tårane heller. Ho klemte handa hans, siste gongen, og slepte han frå seg. Han luska kring stuenova og var borte. Ragnhild kunde mest ha gråte ho òg, gud veit kva gale ho hadde stelt til no.

Og bortom dette song der eit tørt og sprukke mål for henne, frå tukthuse, ei gammal gjente gjekk og riksa og song og var glad:

– Nei einast Gud og eg – veit kva som bur i meg.

Men Hallvard gjekk seg på far sin bortom uthusa, der stod han. Han hadde åkerljåen i handa.

Håkon vak til og såg guten kom stiltrande, som ein bortrømt tjyv å sjå til, han vart vâr han hadde gråtgrimer i andlete, og trudde det var argskapen som regjorde i han enno. Mest vart han redd, for kanskje sålbota tenkte å gjera seg einkvart ilt? Men han vart harm òg i same renne, der måtte gjerast ein ende på dette her.

189– Kom hit! bad han.

Hallvard lest ikkje høre. Håkon la i veg etter han, guten fresta å rømme, men han var for stuttføtt enno og vart teken.

Der stod han og heldt han, ei god stund. Endelig seier han: – Vent til a mor di har reist. Da skal eg snakke nokre ord med deg.

Han kom levande i hug han tapte her før i dag. Han syntes han tapte all dagen og heile live langt. Han måtte styre seg så han ikkje brukte uvette på skarvungen. – Vi skal snakkast ved ja, åtvara han og rista så smått i guten. Kom i hug det!

Dermed fekk det vera denne gongen, han let han gå.

– Åja da, ja da, trøsta han seg. Det er hardt somtid. Like til smågutar må du vinne over; du lyt ta i, kar.

*

Ellida spurte etter Hallvard, han kom ikkje inn til nóns. Ho skikka sin gutunge ut å leite, men han kom att og hadde ikkje funne han, – han hadde vore alle stader! let han. Dei fekk seg mat i fred og ro. Sia gjekk Håkon rundt husa og ropa. Men det kom for han at trollungen vilde skræme han, så han gav seg ikkje meir om han. Om ei stund kjem han til å tenke på, at Hallvard skal fram og seie farvel til mor si, det er ikkje lang tida før ho fer.

Enno ein gong tok han Ellidaguten for seg, og da tilstod han at han hadde set Hallvard tok 190vegen over haugen, han hadde ropa til han, men han svara ikkje, han la visst til skogs. – Og du flirte åt han, for det han gret, dømte Håkon. Andlete til gutfarken synte det var sant.

Ragnhild fortalde Håkon om dette i hagen. Kanskje ho har forjaga han med snakke sitt?

– Ja er han furten, sa Håkon, og trega seg at han ikkje gav han nok med han heldt på.

Han tok vegen til skogen, var langt oppimillom haugane, sprang og leita på sluten, og lova dengt når han fann han. Han fann han ikkje. Han gjekk heim att og læst like glad, men han var det ikkje.

Ragnhild hadde òg vorte urolig, meir og meir. Ho kom ut ferdaklædd, og spurte om dei slett ikkje såg noko til han. Nei, no hadde dei vore i veg både budeia og Ellida og guten hennes, han måtte ha sett i veg langt av lei. Tida gjekk, og Håkon sa med Ragnhild at rettno kunde dei vente båten, han gjorde seg i stand og skulde ned og ta i mot han. Når ungen vilde vera borte, så –

Ho står og ser på Håkon og legg over. Forteler så at ho vil sette ut reisa til i morgo-tidlig, når båten går utover til Mesund, ho vil vera til stades når Hallvard kjem att; enda når ho sørover til den dagen ho nemnte i breve sitt. – Eg reiser ikkje før eg har set han att, sa ho.

Dei slo seg til ro. Ein gutunge leitar alltid heim att. Dei åt til kvelds og nemnte han ikkje, – 191Håkon såg ikkje slik ut. Ragnhild hadde set båten gå i frå henne. Ho fekk ikkje så lite vondt da, men det var no det. Håkon sa at ingen skulde sitte oppe og vente på rømlingen, han kom vel og kraup inn når det vart mørkt, meinte han.

Han er ikkje mørkredd, kunde Ellidaguten fortele.

– Eg er redd at du blir det snart, kasta Håkon til han.

Men Hallvard kom ikkje. Huse vart nattstilt, og natta la seg over skogen og vollane.

Ragnhild sat ved vindauge på romme sitt. Der var grått og stilt ute. Grå skyer i sig over all himmelen. Ved midnattsleite hørte ho Håkon var oppe ein sving, gjekk rundt husa og så inn att. Der vart ingen gutpøyk å sjå. Ho sat der lenge, blunda litt eit par gonger og sat blå vaken att.

Ho og Håkon møttes ute i blåtidlige dagspretten. Han hadde ikkje sove han heller, kunde ho sjå. Det var kleint ho ikkje hadde eit ord å seie han no. Der stod dei. Det var ørstille morgonen.

Men så sa Håkon: – Å, han svelt vel heim att snart.

Ho svara ikkje. Ho visste med ein gong at Hallvard kom ikkje heim av seg sjøl. Nei Hallvard han la seg heller til å døy inni marka enn han snudde heim att, det kjente ho på seg. Ho dikta og song innvendig, noko som var sant: – Nei ikkje ein gong Gud og eg – veit kva som bur i meg.

– Maken til furtar! sa Håkon. Han vart 192litt ille ved da orde var sagt. Nokon hadde fortalt han at han var ein furtar sjøl, i mange leveår.

Orde tok borti Ragnhild òg. Om morgonen tidlig er det så rart, ein står midt imillom natta og dagen, og all ting er som ein blund i kring ein. Kvar lyden og rørsla får ei djupare meining, ho syntes orde kom og vilde vekke henne. – Og sjøltyning er sjølforguding, sa nokon til henne ein gong. – Å ja, folk veit mykje, men kven veit om dei veit det? Men no visste ho eitt i alle fall, ho visste det og sa det til Håkon: Ho kunde ikkje fara her i frå før guten kom til rettes, same kor lenge det vart. – Visst eg ikkje er i vegen da? sa ho.

Det kom for henne at Håkon fanga som ei von, han var som barne. Ho undrast ikkje det grand på at dei vart glad i han. Einaste vondt ho har lidd, var da han viste henne frå seg. Ho har ikkje heilt glømt det enno, det hendte her i garen. Nå ja, det var no inge langdrap, det stod av seg på nokre få døgn. Men åra etter har vore stutte mot dem.

Og no stod ho her, og der stod han. Dei hadde kasta bort ein unge for seg. Dagslyse voks i kring dem, dagen kom og kom. Lysgråe skyer høgt, høgt oppe, der stod no dei.

– Eg går meg ein sving, sa ho. Bortgjenom marka eit lite stykke. Eg tykkjer det er eg som har plaga han til å rømme heimen sin.

– Vi får no sjå i det til ut på dagen, meinte 193Håkon. – He! sa han, skal vi bli nøydd til å gjera leit etter gut-tosken da!

Ragnhild kom att i frukosttida. Ho hadde vona han var heimkommen før henne. Sia vona dei at han kom heim i lag med Ellidaguten, som var inn i marka med kyrne. Han kom att åleine. – Men eg veit kor han held til, skrytte han. Han er i Eldhole, han har sagt han skal gjømme seg der ein gong, – han har fyrstikker med seg.

Ragnhild tenkte seg i veg att, ho visste om Eldhole frå gammal tid. Men Håkon vart føre henne. Han la i veg straks han hadde ekspedert dampbåten. Ragnhild stod og såg båten gjekk utover. Han gjekk i frå henne i dag òg; han sette henne att her. Ho hadde ikkje trudd nokon ting kunde nå henne slik som dette gjorde. Ho tok vegen til marka att, men ikkje åt den leia Håkon fór.

Den eine kom att, og den andre kom att, like tomhendt båe to. Det vart kvelden, og Håkon måtte bort i grannegarane og be om hjelp. Dei fekk ta og rundleite både mark og fjell.

Folk kom villig nok, vanta ikkje det. Den eine såg kanskje på den andre, når dei hørte at guten hadde laupt heimafrå nett no, dei tenkte og sa gjerne einkvart, men det fekk no vera det; dei ordna seg og avtalte så godt dei berre kunde, og la av til skogs. Håkon og Ragnhild var med, på kvar sin kant.

Dei leita natta til endes og langt på dag. Kvart 194eit byskje og kvar ei grop vart lyska, alle hølene i bekken vart sokna i gjenom, dei fór dal og fjell vidt i kring. Dei møttes flokkvis og spurte kvarandre. Ingen hadde set så mykje som far etter ein smågutfot. Dei var heim og rusta seg med niste, somme gjekk i frå og fleir kom til, halve grenda var med i manngaren.

Det vart kvelden, og det vart natta på nytt. Leitinga gjekk heilt inn i grannesokne. Dei som fann guten skulde skyte tre skott, og dei som hørte det skulde gjera slikt slag, dei var mange som hadde børsa med. Gong for gong stana folk og lya, ut i gråstille natta. Dei tre skotta vart ikkje å høre.

*

Håkon var så trøytt der han fór, han gjekk og sov så snart han kom på flat veg. Eit par gonger hivde han seg over ende, han måtte sova. Han blunda med ein gong, men straks etter fór han opp i redsla og sette i veg på nytt.

Langt uti tida og leitinga ein gong, det var natta og halvmørkre, da vart han så vaken som han aldri hadde vore, og da såg han at dette hadde hendt før, at all ting hadde hendt før og skal hende her etter, frå evig og til evig tid. Og enda lyt du halde på og vera menneske, du kan aldri gi deg på leitinga di. Slik kunde det stogge inni tankane ja, det var gammalt og kjent, slik som det at ein minns ein var eit anna menneske i eit anna land. Berre tøv, berre dikt og visdom – kvifor ropar han 195ikkje Hallvard så det lya i skogen all veg innetter? Han kunde ha klaga seg og tuta som eit vilt dyr.

Det var våt-grå natt. Skogen var full av saubjøller og saubræk, ei endelaus bræking når ein kom til å høre det, lamme spurte etter mora, og mora svara og svara, men dei fann ikkje einannan. Langt borti haugane hoa det og svara det med mannemål. Leitarane.

Ein gong kom han inn på ein stig, der det fór ein føre han, ein kalvbeint og godtruen mann, han kika under kvar buska han kom framom. Han skjeivar i veg som eit anna klauvfe, fór det i Håkon, han trur Hallvard er her; det trur vi alle, og slik fer vi, – heile live fer vi slik – Hallvard er ikkje her nei.

Ein gong hadde han vore heime og set etter korles der stod til, og var på veg til fjells att. Da kom Borgny i mot han, ho kom der åleine etter skogsvegen, hadde vore ute og leita og skulde heim no. Han såg ho vilde ikkje ha møtt han, men ho stana og helsa. Ho står og ser på han, underlig så nær han, og så godt. Ho vil seie einkvart, eit venlig ord eller to, men ho let det vera.

– Ja ja ja, Borgny, sa han.

– Du veit da du finn han, sa ho. Dei finn han i dag.

– I dag eller aldri ja. Og du, Borgny, du seier ikkje eit vondt ord til meg?

Straks vart ho ansles, i blikke og i andlete, heile menneske. Ho såg ned på han. Men ho 196gjorde det mildt, tykte han, ho hadde vondt av han, kva skulde ho seie til ein slik ein som han?

Håkon var så nedfor, han kjente berre taggen av det. Der var einkvart som let seg att for han. Han smilte, han visste ikkje anna å gjera; han stod litt til, og så sa han farvel og gjekk. Det kjentes som ho stod og såg han i ryggen, ein stakar til kar ser ikkje ansles ut nei, dømte ho.

Ragnhild hadde han møtt heime. Vettugt folk fekk henne heim, fekk henne til å kvile og til å ruste seg bedre ut. Ho var snart på ferda att ho òg. Ho hadde verkelig sove, og kom og snakka med han. Ho fresta sette mot i han, ho liksom Borgny, men sjøl veit om ho hadde noko tru på at dei fann han. Det var uminnelig lenge no sia dei stod utom veggen heime og hadde mist ‘n Hallvard. Det var morgonen den gongen.

Og hadde ikkje ho noko tru, da, ja da vart det ikkje dagen meir.

Dei var ei heil mengd leitarar på ein gammal setervoll da Håkon kom dit. Dei sat og kvilte, og dei stod og kvilte, men det kom for han at der hadde hendt einkvart. Ja, det var tålig greit å sjå, syntes han, men han gjekk beint på dem og lest ikkje anse nokon ting.

Nei, dei har ikkje noko å fortele han. Anna enn det, at på denne kanten kan dei gi opp no, marka er langgått og tvergått mangdubbelt, dei spør Håkon om råd kor dei no skal ta vegen.

Vêre var blåsande og gråvore, eit godt vêr å 197fara fjella i, men korles var det for ein liten ein, som skulde ligge ute om natta? Det tenkte ikkje dei på nei.

Men der såg Håkon ein millom dei andre. Det var Kasper Kiran. Kva fanken vil han her? Har han alt komme heimatt da? Han spurte seg om fleire ting, men han gjekk beint på mannen. Slik ro kring panna er det ingen annan som har, og auga hans dei har set det dei ikkje hadde lov til å sjå. Håkon er ikkje mann for meir, han tek han i handa og seier høg i måle:

– No forteler du meg beint ut: Ser du ‘n Hallvard? Du ser han visst han er død! Eg veit du gjer det, Kasper Kiran. Men for det trur eg ikkje på deg, det er ei anna sak.

Alle andleta snudde seg dit.

– Ja, svara Håkon dem, her ser de meg, eg er bortanfor både svie og skam. Eg vilde berre ha hørt kva vi leitar etter. Eg må vita det no snart!

Kasper Kiran stod som han leid vondt. Han smilte slik. Endelig retta han på seg; han vart ein annan mann i andlete. Han såg hardt på Håkon, og sa i eit umildt ålvor:

– Nei, Håkon, du treng ikkje vita slikt. Det kjenner både du og eg. Du vil det ikkje heller. Nei! – – Om eg så kunde syne deg nokon ting.

Han snudde seg og gjekk bortetter vollen. Mannhusingen tagde.

Dei tier mest dei vinn, tenkte Håkon. Og det 198hadde profeten rett i, at eg treng ikkje og vil ikkje vita slikt nei. Eg er den eg har vore.

Han mintes Lea i skogen her, ein morgonen, dei råktes i marka, ho og Ragnhild var i lag. Ho kasta seg ned og bad, i lysaste solrunna, midt framfor dem. – Vent, sa ho, no skal du sjå undere, Ragnhild, no skal du sjå undere, Håkon, i den her dag; og så bad ho. Bad ja, det var meir som ho flådde og brente seg sjøl, han gjekk sin veg, bort i frå denne ropinga hennes, og det same gjorde Ragnhild. Det er nokre som er fødd til trua og andre til vantrua. Det som er live for den eine, er verre enn dauen for andre, det kunde da ikkje han noko råd for?

Og undere skjedde ikkje den dagen.

*

Det skjedde to dager etter, fjerdedagen dei leita. Det var eit under, om det ikkje var Lea sitt.

Ragnhild tok ei anna lei enn Håkon da ho la i veg att, først austover etter ålmannvegen eit langt stykke, så over ei fjell-lægd og etter ein stig gjenom markerne heilt over til grannebygda. Der var leita nok alle stader ho fór, det vanta ikkje, men ho kunde ikkje anna få til, enn at når ho gjekk slik åleine etter ein stig, der ingen leitarar var, da var der ei von om at der kom ein liten forvilla gutladd i møte med henne. Nei visst hendte det ikkje, kvifor skulde det hende? Det var berre vona, men den var det rart å gå i, så isande uvant.

Skogen var òg rar å gå i. Kvar dalen og åsen 199var vide verda, ein vart barn att visst ein gjekk her lenge nok. Så var det småhaugane, og så var det myra, det var like levande nær henne, gjømte på same løyndommen. – Nei, sa ho best det var, eg vilde ikkje gå her og bli lykkelig, om nokon baud meg det. Det var sant for resten, og einkvart slikt måtte ho seie, somtid når ho gjekk åleine, i staden for å tenke.

Borti brattlia vest for henne blåna det på røyk. Det var leitarar som kokte seg kaffe. Øvst på fjellaksla lenger unda såg ho små menneskekrek mot himmelen, dei var ute i same erende. Slik leita heile bygda etter barne hennes. Tru om dei visste at det var meir deira barn enn hennes?

Ho hadde vore ein med i lage heile tida. For det meste hadde ho gått breiddmed andre og berre leita, leita. Men stund og anna vart ho åleine, og da tenkte ho over det så grant som ho var god for:

Noko mor for Hallvard kunde ho ikkje bli, Vårherre sjøl måtte vita når den dommen fall, det var lenge sia. Men gutungen vilde ho sjå att, levande eller død, ho kunde ikkje anna, kunde det mindre dess lenger det leid. Ho hadde levd meir desse døgnville døgna enn ho gjorde på mange år. Og det å leva var rarare enn nokon trudde som ikkje hadde ansa på det. – Eg ønskar eg kunde leva all min dag, sa ho. Og hadde eg vore mor hans, da hadde eg gråte.

I dag tenkte ho den tanken òg: Eg visste eg 200hadde ikkje lov å komma her. Eg kjem heller ikkje til å skjønna kvifor eg gjorde det. Nei ikkje ein gong Gud og eg – veit kva som bur i meg. Visst eg fekk denne gutungen, da tok eg i mot han, same kor stor ei synd det var.

Ho gjekk og gjekk. Ho nærma seg stader der det kanskje var uleita enno. Men Hallvard kom ikkje i møte med henne. Det var ikkje ho som skulde finne han. Nei nei. Ein stig tok av til venstre, ho kunde like snart slå inn på den, dei leita i blinda dei andre òg. I det same ho var i gonga den vegen, såg ho ein gut-trase kom kilande etter den vegen ho hadde vraka. Var det likt, det var ikkje Hallvard, kunde ikkje bli det same kor mykje ho stirde på han. Men ho laut bie på han.

Det var ein freknut og lyshærd gutgap i 12-13-åra, ho syntes ho hadde kjent han all sin dag: i raude undertrøyermar og grå bukse og vest, svarte bøter på knea og bak. No saktna han på og kom gåande. Ho måtte sette seg på ei tuve med ho venta. Han stana og såg på henne.

Leitar du etter ein gutunge som er bortkommen? fekk han seg endelig til å spøre.

Større vant til å snakke med frammandfolk var han ikkje, men ho fekk det da ut av han. Dei hadde funne ein gutunge ja, heime hoss dem, i Inndalsaune, ho mor fann han i sommarfjøse i dag-morgest, han hadde visst suge mjølka utor ei ku. Han vilde ikkje fortele kor han var i frå, men han kunde snakke visst han vilde. Det hadde 201vore nokon der og spurt etter han før, og så stod det i blade om han, dei hadde leita i mange dagar, mange tusen mann; nei han var visst ikkje stort frisk. Dei tenkte å få i hest og kjøre han heim, og no skulde han avstad og varsku nokon av leitarane, dei skulde skyte tre børseskott i lufta!

Ragnhild hadde som ei meining om kor Inndalsaune var, ein einslig plass i marka her. Ho gav seg i gonga, først rolig, men fortare etter kvart. Ein staden var der ein krossveg. Ho tok den som breiast var, leit på lykka og gjekk. Det vilde vera eit dyrverdig tegn om ho var den første av leitarane som fekk sjå Hallvard. Da var der nokon som hadde synt henne vegen.

Ho hadde gått lenge da ho kom inn på ein større veg, ein ålmannveg å kalle; så følgde ho den. Ei tid etter hørte ho det small i marka nokonstads, eitt skott, to skott, og så det tredje. Da vart ho både heit og kald, for dette sa henne noko. Einkvart var avgjort og forkynt for henne. Ho hørte skyting lenger vest, fjella svara og kunngjorde; og ho skyndte på gonga.

Men kor vart det av Inndalsaune? Ho kom så langt ho såg kirka i grannebygda. Da var det å snu, og snudde gjorde ho. Tvert i mot lykka, tykte ho, og ein styng stod i mot hjarte og vilde nekte henne å gå. Ja ja, men Hallvard skulde ho sjå, same korles det var laga eller ikkje. Og no kjente ho på seg kor Inndalsaune var.

Ho møtte ein folkflokk som kom frå leitinga, 202dei hadde hørt skott på denne kanten. Dei følgde henne fram til plassen. Der var det alt komme mange før dem, leitarar og kjent folk, og millom dem såg ho Lea. – Enda godt det ikkje var Håkon, stakk det i Ragnhild. Det var ein tjyvtanke berre, og han var borte med ein gong att.

Lea kom i mot henne, ho hadde visst gråte. – Der ser du, Ragnhild, ser du no! Undere som eg lova deg, som eg bad om. Det har synt seg no, ikkje sant?

Ragnhild vilde ha skuva henne frå seg, men det vart til at ho stana og såg på henne.

– No har du fått att barne ditt, dreiv Lea på.

–Ja seier du det. Ragnhild hadde ikkje tenkt over før, kor snodig trua kan vera. Ho brydde seg ikkje med å tenke over det no heller, Lea var i alle fall lykkelig. – Ja seier du det, sa ho enno ein gong, og snudde seg og gjekk inn.

*

Det var eit gammalt lite hus, alt var brukt og slitt, her vilde ho ha budd, budd her og vore menneske ja, men kor hadde dei ‘n Hallvard? Stua var snart full av folk. Dei såg på Ragnhild, og denne gongen var dei utålelig nær henne, ho mintes ikkje sist folk var så tett innpå henne.

Hallvard låg i senga, det såg ut til han sov. Ho måtte bort og sjå han. Han slo opp auga og kjente henne. Dermed snudde han seg mot veggen. Litt om senn merka ho kor still dei andre heldt seg. Ho hadde aldri vona det skulde gå ansles, men 203stua vart vond å vera i. Ragnhild syntes der gjekk for seg einkvart urimelig, at dei gjorde henne til menneske, til nakne levande menneske, som dei kunde tyne med dei lysta, – ho burde ha komme seg ut og fare der i frå. Ho kom seg visst aldri der i frå meir.

Ho stod og såg på nakken til Hallvard. Det gjorde dei andre òg, visst. Ho snudde seg og såg på dem.

– Ja slik var no det, sa ho. Men korles får vi tak i dokteren? Og kor får vi ein mann til å skysse oss? På Stavsund er der ingen til å kjøre, i dag.

Dei lova at det skulde der bli ei råd med, sei det, og ein la i veg hit og ein annan dit, da dei hadde samrådd seg som snarast. Folk var elles trøytte og gjekk ut på vollen og la seg. Ragnhild sette seg inne og venta. Hallvard låg still med nakken mot henne.

Der kom fleir og fleir folk utor marka etter som det leid, tidna hadde nådd dem. Da der endelig synte seg ein mann med hest og kjerre, kom Håkon òg til gars. Han hadde fare fort, såg det ut for.

Han såg på Ragnhild, det første han gjorde da han kom inn, og spurte korles det stod til.

Hallvard snudde seg fram da han hørte måle til faren. Sveitten perla i panna på han, men han var fullt med seg, kunde dei sjå. Da Håkon kom bortåt senga og snakka til han, vendte han seg mot veggen att. Der vart ikkje svar å få av han.

204Dokteren kom. Han trudde ikkje der var nokon fare på ferde, og når dei så endelig vilde ha barne med heim no med det same, så fekk dei i gudsnamn ta og pakke det inn og fara.

Det vart så Håkon tok Hallvard og kjørte, Ragnhild vilde det slik. Ho vilde gå heim over marka. Noko lag med dei andre tenkte ho ikkje å ha, enda mange av dem skulde same vegen. Da ho skal til å gå, kjem ho i hug at Håkon har glømt å takke dem for hjelpa. Så lyt ho gjera det. Ho takka dem alle under eitt; – hjartelig takk skulde dei ha, og dei måtte helse dei andre det same. Ho snudde seg og gjekk.

Det hadde gått henne gjenom tankane med ho stod der og såg dem, at desse menneska burde ho nyskape, dei måtte bli menneske for henne som dei var det ein gong før. – Eg? bles ho. Eg, som ikkje ein gong kan skapa meg sjøl om til menneske? Nei lat meg no heller ! Og gjekk gjorde ho.

Somme av dei andre kom etter, dei meinte visst på å halde gangarlag med henne. Men berre eitt menneske vann innpå henne, og det var Lea. Ho sa ikkje orde, kom berre på sida av henne og hang med. Dei gjekk og gjekk. Det var reint utrulig alt det Lea kunde tie.

Midt uti marka kvilte dei. Gong for gong såg Lea på Ragnhild, men ho kom seg ikkje til å seie det ho sat og brann med. Da seier Ragnhild, lognt og skjemtsamt:

205– Nei ikkje veit du det, og ikkje veit eg det, kva dette vilde meg. Det at guten kom bort, og at han er funnen att. Det òg er ei gåte ja.

Lea smilte. Ho meinte vel ho visste det, ho.

– Eg burde i alle fall vore heime da han kom heim, sa Ragnhild. Men det rekk eg ikkje.

Ho kom mykje for seint til det. Hallvard sov alt.

Da visste ho at ho hadde gått og drømt om dette mest heile tida med ho leita etter han: at ho tok han på fange og klædde av han, kjente på dei kalde føtene hans, og bytta på han nye tørre klæa, bar han åt kammerse og la han i senga. Og no mintes ho, minne låg ålvake i henne, at slik gjorde ho nokon gong før i tida. Det var som eit dyr som vaknar og ser på ein, du har ikkje visst at det fanns til, men det ligg der og har deg.

Straffa er evig ja, smilte ho med seg sjøl. Og i same augeblinken visste ho, at her i frå kom ho ikkje før Hallvard var god kar att, før han såg på henne som på eit anna menneske.

Nei nei. Det fekk vera slik. Det hender hardare ting i verda enn det.

Ho leita opp underklæane hans. Det var ikkje noko kiste full, men det var halde bra i stand det som var. Ellida burde ha takk for det. Dette var klæane hans ja. Ho sat med dem i fange; det var klæane til ein ørliten mann. Det var eit heilt tak å legge dem i frå seg att.

Men Hallvard brekte seg gong for gong, han var verkelig sjuk. Ragnhild sa det med Håkon.

206Håkon hadde alt set det. Tidlig morgonen etter fortalde han at guten låg og snakka i ørska og var heit som ei glo. Først telefonen vart opna ringte han etter bydokteren.

Dokteren kom med dampbåten om kvelden. Han sa dem det dei visste før, at det var lungebrand. Resten var ikkje godt å seie.

*

Dei gjekk inn i angsten att, utan å seie noko, utan å sjå på einannan. Dei gjekk sju lange døgn til botns, og det åttande vart ikkje linnare.

Der vart kveld og der vart morgon den eine dagen som den andre. Sola stod på himmelen, stod og skjein alt det ho kunde, men det var for verda elles, dei såg henne gjenom ein vond draum. Det som var til, var at Hallvard låg og pintes og var snart klar. Med kvart var det natta, gråe sømnen utanfor huse. Ein kunde bli vâr einkvan tingen, ein haug eller ein gar, han var så reint bortglømt. Dei var bortglømte sjøl.

Dei byttast med å vaka, men stort anna enn vakinga vart det ikkje for nokon av dem. Det måtte ha vore vondt nok å høre på denne hosten, så drepande han var, om det ikkje var vesle Hallvard som drogst med han. Han vart verre og verre, der fanns ikkje miskunn til.

Dei henta bygdedokteren eit par gonger, og han gjorde det han kunde; men det var ikkje vandt å skjønna på han, at mot døden og lagnaen 207er det ikkje stort ein kan gjera, enten ein så er dokter i byen eller på lande.

Ein gong da det var på det verste, snudde Håkon seg til Ragnhild. Det var midt i millom dagen og natta, ei bleik og lydlaus stund, ho var sløkt for all von. Hallvard låg i ein ynk, og feberen var snart oppi 41. Håkon vart meir og meir ulik seg i andlete med han såg på henne. Endelig sa han det:

– Mister vi han, da reiser du ikkje i frå meg. Du gjer ikkje det?

– Da eg reise da. Nei orda vart ikkje sagt, men ho såg Håkon hadde lese dem i auga hennes. I staden sa ho:

– Nei når det har hendt, da kan det bli slikt slag for meg. Kor eg bur eller ikkje.

Der fanns ikkje lovna i det, det var berre nokre ord ho skulde stå ved, men for Håkon var der visst von i dem, ein gneiste av liv, for slik vart han å sjå til.

Dei venta på sjuande døgne. Da skulde sjukdommen ta ein vending, til liv eller død. Da var dei så gjenompint, dei tykte det var bra same kva det vart, berre det ikkje var slik lenger.

Det skjedde. Feberen gav seg, og hosten linna etter kvart. Men det gjekk for fort, det var umulig å tru på det. Det måtte vera vegen ned. Tid for tid venta dei pulsen gjekk tvert i stå, og at livsvarmen lak ut med feberen.

208Dei såg det vart live, men dei var ikkje i stand til å tru det. Snart skulde det berast til på nytt, og da var der inga von meir.

Men dei kom over det. Hallvard sov, det nytta ikkje å nekte det, dette var sømn. Heile dagen gjekk, vinden og regne dreiv på ute, no var det deira tid, og inne låg Hallvard og sov. Gong og annan ynka han seg litt, det hørtes som det var i velvære. Mot kvelden såg han opp, fleire gonger. Litt forundra, kom det for dem; dermed snudde han seg og sov att. Håkon snakka nokre ord med han. Ragnhild stod eit stykke i frå og undrast om han hadde kjent henne. Med han var på det verste hadde ho stelt om han som ho vilde. No torde ho ikkje freste med eit ord. Det hasta ikkje så hardt heller.

Dei kom ut av angsten att, hadde fare ferda til endes kvar for seg og møttest på andre sida. Der var det lysare enn dei likte det, det vart til at dei såg kvar sin veg.

Håkon kom i hug han seglde ut her i frå ein gong, og det bar av stad over både von og vett med lagnaen i kjølvatne, det kjentes som han seglde inn i eit nytt liv. Han syntes han hadde segld til no, heile endeløysa lang, og her stod han på same staden, same mannen i same dumheita.

Ragnhild skreiv sørover, at det stod slik og slik til, og når ho kom att det kunde ho ikkje seie. Resten fekk dei sjøl avgjera.

209Så endelig sov dei sjøl òg. Da dei vakna tykte dei det hadde vore meir som ein daue enn som ein sømn.

*

Hallvard vann seg til att, der var ikkje anna å gjera enn å tru det. Han sa ikkje stort, det var ikkje vise hans, men han såg friskt og medvitande på dem. Han heldt på og vart seg sjøl att, ein liten mannsperson kalla Ragnhild det, han tagde med han tenkte og hadde sitt for seg sjøl.

Gleda tok dem ikkje så hardt, men ho var der, i huse og rundt i kring, i regneling og solglytt og i andlete på den ein snakka med. Det var i gleda Håkon gjekk til auksjonen vest i grenda ein dagen, han trong ikkje bit eller beta av det som vart seld. Det var i den han gjekk på Periander og vilde tala med han; – det var den dagen det hendte, sa han ofte med seg sjøl sia.

Han gjekk på han straks han vart vâr han, for Periander var Periander, han såg ut som ein ven der han stod, enda han ikkje vilde sjå Håkon; han måtte da få snudd han til seg i gjen. Slikt eit stort og ålvorsamt andlet var det godt at nokon hadde, og så kloke auga. Dei såg kven Håkon var, for lenge sia, dei måtte vel sjå det no òg? I dag, tykte han.

Sia såg han den dagen for seg rett som det var: Slik var den ting, og slik var det. Det var ein av grådagane om sommaren, skyer over all himmelen, men lyst like vel, lyse stod ned gjenom 210skygluggane over lande og fjorden, stod der til glede for ein grov og vêrsliten ein. Håkon snudde seg frå det og til Periander. Johannes var borte, og rettno var Ragnhild borte, men enda var det ikkje vonlaust, i dag.

Lensmannsdrengen gav på og ropte opp, så ivrig som han skulde bli lensmann på det. Håkon vart vâr at Periander hørte og såg det på ein eigen måte. Folk i kring han slikt slag. Periander var ikkje den som skulde bli lensmann nei, kunde ein skjønna.

Periander svara når Håkon helsa, og var straks i snakk med den som nærmast stod.

– Eg får da vel snakke eit par ord med deg? bad Håkon. Han venta rolig på svare.

Periander snudde andlete mot han. Han var uhuglig tung i augelokka. Mot denne mannen hadde Håkon ikkje stort å verje seg med, – eg er berre eit ærlig menneske, tenkte han.

Periander kremta seg opp og sa: – Han er frisk no småguten din, hører eg.

– Ja takk, men no skal du fortele meg, om du verkelig trur eg rømte sørover, at eg –

– Det kan vi snakke om ein annan gong, braut Periander av. Om det og somme ting elles ja.

– Nei jamenn vil eg snakke med deg i dag, let Håkon. Han tok til og fekk ilt i seg: Står eg her som ein forrådar for Periander? Som ein usling? Kva seier han når det ber til? Han kjente det var umulig for seg å høre eit vondt ord av Periander, 211det fekk ikkje skje, dei var da venner tvert i gjenom sjæla? Dei var meir enn det.

– Eg har ingen ting å fortele deg, som du ikkje veit med deg sjøl, kom det. Lat meg sleppe å seie meir.

– Nei, nei, bad Håkon i gjen. No må vi snakke ut.

Periander la handa på ryggen og retta seg opp. Han smilte.

– Håkon den rettferdige, sa han. Jau da, folk kallar deg det, hoss seg sjøl. Eg var ikkje visare, eg gjorde det same; eg var gjerne den første. Dei trur deg enno. Og når du vart redd meg og rømte i frå meg, var det da noko under at dei òg rømte? Men lat no det vera godt. Lat meg sleppe å seie meir.

Periander såg verkelig sorgfull ut. Han lea på både hand og hovud da Håkon vilde seie noko. Håkon var for tør i halsen, det tok tid før han fekk ord for seg. Endelig fekk han da nemnt det broren skyldte, det Periander hadde gått god for, han fortalde at det tok han på seg, alt i hop.

– Du kan bli nøydd til det ja, sukka Periander. Og dermed fór harmen i han: – Du kjem her og vil tala med meg! Det er det mest skamlause eg har rakt på – du skulde ha deg heim! Ja. Men: det er vel slik Judas kjem.

– Skjemmest du ikkje? spør Håkon. Han synes dette er ein lei draum, men det må da gå an å vakne? Kva er dette for slag?

212Men så var det ingen draum, vestavinden susa om husnova, tune var fullt av folk, og orda var sagt til han i vakne ålvore. Dette var som å vera barn, ein måtte springe og gjømme seg og gråte nokonstads, for vaksefolke tynte ein. Den tida hadde ein den utvegen ja.

Håkon får ikkje inn eit ord meir, Periander står over han og forteler han sanninga; han spør og han svarar, og feller dommen etter kvart: – Kasper Kiran, det namne burde vera nok for Håkon, he? Der kom Håkon til Henningstad og hykla gudlausing og ærlig mann og lest vera vond på Kasper Kiran, jøss ja da! Men kven hadde han gått og svore venskap med nyst før? Vi veit det, ban. Kasper Kiran som var argaste fienden Periander åtte, argaste vennen, kunde han seie, for det var han òg ja, ein blir ikkje vâr slike før det er for seint. Da den mannen seglde, da vart Håkon med han, i rette tida, fekk ein seie.

Periander tala ikkje til Håkon, han tala om han: – Her fer han og friar for bror sin, fer og lyg og låner på namne hans, så lenge det går; så får han bror sin vekk, og så, når han sitt fast i det like vel, da kjem han og forteler at revstreka sine i pengevegen dei skal han ta på seg. Liksom der fanns anna råd for han! Ja da, det forstår seg, han vil vera ærlig mann. Og så skal han ha rett, he! rett skal han ha, mot både meg og dei andre!

Han snudde seg til Håkon og smilte over han:

213– Du er ikkje sonen hans far din for ingen ting.

Einkvart lét seg att inni Håkon da det var sagt, han tykte det var siste orda han hørte av Periander. Da han kom til seg i gjen, stod han åleine. Dei andre følgde med i auksjonen.

Like vel gjekk han ikkje heim. Han fresta å snakke med ein og annan, og dei var visst rimelige nok, men det fall ikkje lett å få tak i det dei sa. Det var for langt borte frå det Periander hadde sagt. Sonen hans far din, sa han. Dei sa det kanskje alle samen. Ventelig var det det verste orde dei fann på.

Han hørte det eine orde etter det andre som var sagt til han, hørte det og tålte det, enda det var styggare enn kniven, ein er da ikkje jordbuar for ingen ting. Det var visst i sjølve Skrifta det stod, at jarn kvessest mot jarn, men ein mann kvessest når han står mot åsyna til grannen.

Han såg på grannane og sambygdingane sine. Dei hadde det ikkje større trøysamt dei heller, til dem å vera, kva var det som gjekk dem i mot? Den dagen må vel komma, har han tenkt, da han er med og sett litt kveik i lage, så frisk må jordbuaren vera, vi er ikkje fattige, vi er berre eit grand rare somtid.

Og Ragnhild ho fór sin veg no, enten dei gjøydde eller dei gjeispa i kring han.

Han gjekk der i frå straks han kom i hug henne. Det var langt heim, ein gjekk det ikkje 214på halvtimen. «Evig eies kun det tapte», hadde ein vismann funne ut. Folk kan vera grovt så vise når dei vil – – han har forbarke meg ikkje fresta å tape ein gælnskilling, stakaren!

Same milde vêrandlete vendte mot han som da han gjekk hit. Meir fredsæl kan ikkje ei vismanns-åsyn vera. Men kva hjelper det meg, kva vil det meg? tykte Håkon. Lat meg få gå min veg, kan eg ikkje få traske heimover slik eg er.

Da han nådde så langt han såg Stavsund, var han berre ein ærelausing dei jaga heim. Folk hadde alt glømt han, dei mintes han ikkje oftare enn dei såg han, men noko anna enn ein Judas vart han aldri. Det må du da vel tåle? sa dei.

Han beit i hop tennene og vilde det ikkje, men han ropa det like vel:

– Slik urett får ikkje lov å finnast i verda!

Litt etter sa han seg sjøl: – Hadde enda ‘n Johannes vore her! Ja for da skulde han ha vorte dem ein mann eller to for dryg. Visst ein lo til dem, men det var umulig no, – visst ein lo til dem, da vart det ingen ting att av dem.

Men den som er åleine, han er berre eit halvt menneske, same kva dei dikta og fortalde om den ting.

Dei var ikkje som hørte det Periander sa. Og dei skreiv under på kvart ord, enda så vondt det gjorde dem.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ragnhild

Ragnhild (1931) handler om soning og forsoning. Romanen er andre bok i Duuns Ragnhild-trilogi.

Ragnhild soner drapet på svigerfaren Didrik. Mannen hennes, Håkon, vil ikke ha noe med henne å gjøre og da hun kommer ut av fengsel reiser hun ikke hjem til Stavsund. Moren til Håkon, Tale, er bekymret for hvordan Håkon og sønnesønnen skal klare seg uten Ragnhild og bestemmer seg for å hente Ragnhild hjem. På veien dør Tale. Ragnhild drar tilbake til Stavsund for å være med i begravelsen og det blir starten på forsoning og nytt samarbeid.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1931 (nb.no)

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.