Ragnhild

av Olav Duun

VII

215Håkon var tålig i stand att da han kom heim.

Ragnhild sat i stua med noko slag handarbeid. Ho såg opp som snarast da han var i døra, slik vise hennes var. Det var likt til ho var langt på vegen sørover att, det var kanskje berre så vidt ho såg det som var her. Døra til kammerse stod opi. Hallvard låg og bladde i ei billetbok. Håkon var uti og snakka litt med han, og der etter var han i kjøkene hoss Ellida og skulde få seg mat. Men det fekk vera med etinga til ein annan gong; han var ute og sveiv eit tak, og kom inn att.

Da stod Ragnhild bortved glase. Kammersdøra hadde ho late att. Denne gongen snudde ho seg og vart ståande og sjå på han. Ho fekk ei lita rukke millom brunene.

– Kva er det som står på? spurte ho. Du er bleik, trur eg? Du er reint stiv i auga, som ein sømnlaus ein.

– Så gale er det no vel ikkje, meinte han. Nei men eg er dømt i dag. Dømt til det som er argare enn dauen. Det er visst noko som heiter åndelig død.

216Ragnhild smilte til det orde.

Han var ikkje ansles godtil, han fortalde heile hendingen med Periander, så stutt men sant som han fekk det til.

– Så eg er da både dømt og steina, sa han.

Ragnhild tagde no òg. Ho hadde ikkje trudd ein mann kunde bli så isande langsynt, han måtte ha fare vintervegen til endes.

– Men slik urett får ikkje lov å finnast i verda! klaga han seg.

Ho drog på smilen att. – Nei, uretten skulde ikkje finnast, sa ho lågt. Men straks etter var ho ålvorsam og stirde på Håkon.

Han går att og fram på golve og snakkar. Måle er utplaga, det vil snart ikkje gjera tenest lenger. Han stanar framfor henne gong på gong og spør, når han har lagt det ut for henne slik det er:

– Skal eg finne meg i slikt? Skal dei få fara med meg som dei vil?

Men best det er snur han seg og snakkar høgt med seg sjøl:

– Ja vel! Dei har svore seg i hop mot meg no. Både dei og Vårherre. Dei vil drive meg til å verje meg, skjønnar eg. Ja ja, dei skal få det som dei vil. Eg tek snart saka i mi eiga hand!

Da kvekk det i Ragnhild. For dette er røsta til far hans. Slik plaga og klemt var den òg, sa ulidelig nær ein med pina si.

– Dei skal da få det som dei vil ha det! heldt han ved.

217Ho stirde på han først, med munnen halvopen, fer så fram mot han, tek han i armen og ristar han:

– Nei nei nei, Håkon!

– He? seier han og ser tom-øygd på henne. Held du med dem du òg? Skal eg lide det òg?

– Du får ikkje lov til å snakke slik, hører du! Ja for du hører da vel – hører du ikkje kven det er som snakkar no? Det er ‘n far din ja, du er han no, er du galen da, Håkon? Du ikkje –

Ho ristar han enno ein gong, ho veit ikkje for vel kva ho gjer. Han mumlar i rådløysa:

– Eg må da verje meg? Eg må vel ha retten min?

– Du får ikkje lov til å nemne det orde, du har da hørt det før! Det går gale med deg, du blir han, kan du ikkje høre!

Der vart ei togn. Dei stirde like forfæld på einannan. Båe to såg dei far hans for seg, og dei såg gjerningen: ein mann vart ihelslegen, midt for auga på dem, inga makt kunde verje dem mot det; dei kunde seie han fekk retten sin, men kva hjelpte det dem? Dei såg hendene hennes og vart enda kaldare i klæane.

– Nei, eg er ikkje redd dem, fekk Håkon sagt.

Da tok ho i kring han og gret. Ho beit i trøyeerme hans, så ingen lyd hørtes. Det var ikkje lang stunda, så var ho over det. Der gjekk berre nokre små rykk gjenom ryggen på henne, eit par 218bevringar over andlete. Ho slepte han og såg på han. Ho frestå å smile det bort:

– Eg vart berre så redd. Eg tykte han hadde stått opp att. Nei eg tykte du hadde vorte han. Det må aldri hende. Da var det for mørkt i verda.

– Du må ikkje tru eg slepper deg meir no, sa han.

– Nei nei. Ho såg ned. Litt etter sa ho:

– Nei for elles veit eg ikkje kva som kan hende deg.

Det tok litt tid for han kunde seie noko meir. Da lo han like snart:

– Du er visst ikkje så hundig huga på å vende til bake til live. Du ser meg ikkje slik ut.

– Det veit eg ikkje noko om enda, svara ho. Men eg skal vera her. Du får nøye deg med det. Ho retta på seg og pusta ut, og sa i ein lystig tone: – Enten har andre òg gått i gjenom dette, og da skal alltid eg klare det. Eller så har dei ikkje røynt det, og da lyt eg freste. Ein liten jarnbyrd til eller frå, det –

*

Med dei stod der og ikkje visste meir å seie, ropa Hallvard at dei skulde late opp døra; – de stenger meg inne, klaga han seg.

Dei gjekk ut i kammerse båe to. Først låg han og såg på dem, kneip i hop munnen og såg lite blidt på dem; ein survoren sjukling, tykte dei, og dei smilte til han. Da la han seg til og såg opp under lofte, med ein innvond liten flir.

219Eg vil ikkje ha dykk! sa han.

Same orda som i febervilla. Just det der låg han og bala med da feberen var på det hardaste. Dei trudde mest sjukdommen hadde tak på han att.

– Vil du ikkje ha oss? spurte Håkon.

– Nei.

– Kva er det for slag tull da?

– Eg vil ikkje ha dykk! ropa han, og dermed bar det i gråten med han. Han kasta seg om mot veggen og hikstegret.

Ragnhild såg kor det skar i Håkon. Ho tok handa hans. Dei visste ikkje noko å seie eller gjera.

Nei, der var ikkje noko å gjera, men Ragnhild kunde ikkje høre på denne gråten, ikkje i kveld nei, ho kjente at han som gret var barne hennes, – det var hennes barn som gret. Ho gjekk bort til senga hans, sette seg på senggavlen og tørka tårane av han med lommeduken sin. Han gav frå seg ein argsint lyd, og vreid seg unda. Da sat ho og strauk håre hans. Ho vart sittande slik, og Håkon stod still midt på golve og såg på.

Ho såg lykkelig ut. Der var ei line ved munnen hennes, når ein såg han frå sida, øvreleppa hadde ein ørliten sving som ein ser hoss eitt og anna barne. Der var noko av det same ved auga òg, når ho blunka, dei var så evig unge. Når ein ikkje såg for vel etter, og det torde ikkje han. Handa hennes var fast men mjuk; ho strauk og strauk over luggen til Hallvard. Det var ei morshand, det måtte ein sjå om ein ikkje vilde det. 220Tanken fór gjenom han og vermte meir enn godt gjorde, for no kunde det snart hende det ein ikkje hadde ei von om, rettno hadde det hendt!

– Eg vil ikkje ha dykk lel eg! klaga Hallvard seg.

Ragnhild såg på Håkon. Han drog opp brunene og tilstod det som det var: dei var to barnlause menneske. Billigare var det vel ikkje å komma i frå det nei. Men dei var to om det no, Ragnhild reiste ikkje bort meir, såg han.

Det tok til og skymdest i kammerse. Budeia gjekk opp på lofte og la seg. Ellida og gutungen hennes gjekk opp dei òg. Håkon hadde sett seg på ein stol. Rettno såg han ikkje andlete til Ragnhild lenger.

Så var det klokka inni stua som hadde orde.

Handa hennes Ragnhild vart liggande still på hovude åt Hallvard. Det var likt til han sov. Håkon studde seg mot borde. Han heldt seg vaken lenge, lenge. Han sovna og vakna ein to-tre gonger. Ragnhild sat der som før.

Siste gongen han vakna var dagen i glase. Enno sat Ragnhild, men ho sat med hendene i fange. Han trudde først at han drømte henne.

Ho reiste seg så stilt at ikkje han ein gong hørte det. Men straks var Hallvard vaken. Han gav ein liten kvink frå seg og såg etter henne. Ho tenkte å gå like vel, men da retta han ut handa og tok etter henne. Ho såg på Håkon først, om dette verkelig var til? Ho var visst så forvilla som eit menneske kan bli.

221Guten kvinka ein gong til, snudde seg fram og retta ut handa. Ragnhild let han ta handa hennes, og sette seg ned att.

Ikkje torde ho seie noko, og ikkje Håkon heller, men ho strauk Hallvard over panna. Ho fekk stryke han med ho vilde. Han let att auga og låg still.

Ho bøyde seg over han og kviskra: – No må du sova da.

Han heldt i eine fingen hennes. Han klemte hardt til.

– Skal du ikkje sova da? sa ho. Skal eg sitte her hoss deg med du søv?

Han svara ikkje, men han gav fingen ein hardare klem. Ho lutte seg over han att, snakka tett nede ved andlete hans:

– Er det du Hallvard det her? Er det verkelig du da?

*

Endelig sov han, og da sov han trygt. Ragnhild reiste seg og stod og såg på han. Snudde seg til Håkon og såg på han. Ho var heilt seg sjøl å sjå til. Han òg reiste seg. Hallvard sov. Dei stilte seg ut or kammerse, let att døra etter seg og gjekk ut.

Dei stod utom døra i lyse morgonstunda. Der var stilt og lydt rundan i kring. Same undringa der som den dei sjøl stod der i. Dei var så toeina som to menneske kan bli; som dei skulde ha stole både stunda og staden, kom det for dem.

222– Eg kan ikkje tru det enno, sa Håkon. Resten fekk vera usagt til så lenge.

Ragnhild hørte det visst ikkje. Litt etter sa ho:

– Skal eg til å vera mor hans da? Kan slikt noko gå for seg i verda?

Ho såg på Håkon og spurte. Ho tok handa hans, og da ho såg kor gleda og angsten manna over han, sa ho med ein liten lått:

– Skal eg til å halde deg for far til barne mitt enno ein gong?

– Ikkje skræm meg da! bad han. Det er slik no. Er det ikkje det da?

Ho smilte berre. Andlete hennes var ikkje til å bli klokt på, ein kunde sjå alt eller ingenting i det. Han visste knapt kva han gjorde, men han la hendene på akslene hennes og såg henne i auga:

– Når eit menneske er så uverdig som eg, da må der da finnast nåde for han? Eg kasta frå meg alt, alt i hop, da eg seglde til deg. Men enda visste eg ikkje det var til deg eg fór. Men lat oss ikkje snakke, eg tør det ikkje enno!

– Nei, sa ho. Lat oss ikkje snakke. Ho stod og såg ned.

Da ser ho opp på han, gir seg over til han og lét han sjå henne i auga. Ho smiler til han, da ho ser kor blind han blir:

– No er du ikkje redd hendene mine lenger!

Dei stilte seg inn att, til kårkammerse. Dit stal dei seg ein gong før, dei mintes det båe to; det var ikkje kårkammers enda, så lenge er det 223sia, men den gongen var det òg morgonen, visst? Det var i alle fall lyst som no. Men dette var no.

*

Hallvard sov til langt på dag. Det var rart nok å gå og vente på at han skulde vakne. Ingen kunde vita korles han da var; dei kunde ha drømt alt samen. Håkon måtte avstad og ta i mot dampbåten. Han såg rolig på Ragnhild da han gjekk. Ho sette seg i kammerse hoss Hallvard med handarbeide sitt.

Ho kvilte just fingrane sine og såg på Hallvard, da han slo opp auga.

– No har du sove som ein kar, sa ho.

– Eg tok meg ein liten blund ja, mumla han og smilte med seg sjøl. – I dag vil eg stå opp.

– Ikkje før i morgo, hørte du dokteren sa.

– Dokteren? grein han. Skal no du òg til å halde med dokteren?

– Vi er så redd du skal bli sjuk for oss i gjen.

– Jau? gapsmilte han, – det skal vera svinaktig det?

Han låg og såg opp under lofte. Der låg han, låg og smilte og tenkte og var til. Raraste små gutandlete ho såg nokon gong. At ikkje Tale òg fekk sjå han no. Ho som hadde auga til å sjå slikt. Jau han var ein merkelig unge der han låg, det var da ikkje berre det at han var hennes? Og der til var det storlig uvisst om ho fekk vera 224mor hans, det var eit heilt lite liv berre å ottast for det.

Og Håkon var nedpå brygga og ekspederte dampbåten. Ho kunde ikkje sjå for seg andlete hans, det veik unda fort vekk, men han var no Håkon han, og einast ho visste kva det vil seie; og i dag var han ein – ja, det var ein god dag for han i dag. Han òg skulde til å bli menneske på nytt.

Meir storveges var ikkje live nei, det var somtid berre det at to menneske hørte i hop og måtte finne att einannan. For andre såg det litt større ut, stundomtil, for den eller den. Men var nokon ting større? Trua ja. Trua på at nokon ting er større enn det vi kan oppleva. Håkon sjaua nedpå brygga og visste kanskje det same.

Kan hende han visste det òg snart: Eit menneske har vanskapt seg så det er ikkje menneske meir, det må døy. Og til det må eit menneske vera reidskap, for at det kan skje, og for at eit anna menneske kan bli spara for det. – Så mykje var du verd, gut. Det skal ingen kunne sjå utanpå deg, du såg det ikkje sjøl ein gong!

Åja da, men no såg ho Hallvard att. Ho var etter mat til han, og den tok han villig nok, men kva tenkte han med seg sjøl? Av og til løfta han eine augebruna, og med kvart båe. Somtid fekk han rukker i panna. Best det var snudde han seg til henne og sa:

– Skal du bli her all tida no?

225Ho fekk ein kvekk i seg så hjarte gjekk tungt lenge etter.

– Ja, visst eg får lov av deg, svara ho.

Han åt og lest som han tenkte djupt over det. Så smilte han ørande fint:

– Det kjem an på korles du steller deg det.

Og no var han mett og trøytt og la seg til å kvile.

– Huff, eg ét så belgen er blå! klaga han seg.

Ho kunde ikkje sitte her all dagen, ho måtte ut og helse på folk, tykte ho. Ho vart meir og meir huga på det, å gå ut og vera menneske i lag med dem, ho mintes den og ho mintes den. Slik ønska ho seg ut til folk da ho var lita, når ho hadde fått ny kjole eller kva det no var. I alle fall vilde ho sjå til Lea. Vårherre gjekk kanskje sjølseg til henne, kanskje glømte han det. Kan hende han venta at einkvan annan såg dit.

Ute var det vestavinden og gråvêre, men det var ein hugna å sjå like vel, no når det hørte henne til. Ragnhild hadde ei rar kjensle med ho stod bortved vindauge. Ho tykte ho skapte dagslyse, skapte det med auga, både det og alt som levde og var til i det; ho stod og nyskapte verda i kring seg, og alt vart overlag vel gjort.

*

Det vart ikkje så ho gjekk til Lea den dagen, og dagen etter kom Lea til Stavsund. Ho kom flyttande. Håkon var den første ho råkte på. – Det var no husmora sjøl eg vilde ha møtt først, 226fortalde ho, men du er kanskje ikkje noko vondt varsel du heller. Ho stod og såg på han eit tak, vart meir og meir blank i auga. Han gav seg i arbeide att, for rettno gret ho visst? – Lykkelige Håkon! sa ho. Lykkelige mann der du står!

– Enn du? undrast han.

– Eg? Nemn ikkje meg, er du snild, eg kan ikkje fortele deg eg rømmer frå både hus og heim i dag, eg vil til a Ragnhild, eg vil vera budeie hoss henne. Så blir eg kan hende litt lykkeligare enn eg er. Alt mitt gods har eg gitt over til borna, ku og kalv og bord og seng, eg er frigjort. Har du henne inne?

Ho venta ikkje på svar, ho gjekk inn.

Ho fortalde det same til Ragnhild, at ho vilde hit og tene, vera budeie, ho visste seg ikkje anna rom på jorda no. – Skal eg halde på lenger og vera gudelig, da blir eg tullut! jamrast ho. Og på gamlevise tør eg heller ikkje leva, det er for vågsamt, du skjønnar meg da, Ragnhild? Eg skal vera så snild med dyra, at du blir nøydd til å undre deg over det. Ja no er eg her, du får meg ikkje ut meir, eg vil bu i eit hus som der er von i!

Ragnhild smilte ålvorsamt og såg lenge på henne. – Eg venta på eit tegn, nyst her, sa ho. Om eg skulde gå inn i live på nytt. Tegne fekk eg først da eg ikkje trong det, og no får eg enda eitt. Sia sa ho at dette måtte dei snakke med Håkon om. – Du lyt vel gjera han den æra ja, smilte Lea.

227Håkon tenkte på Lea i same stunda, og smilte djupt etter henne: Live må vera ein dyrverdig ting like vel. Ettersom det er så sårt å miste. Jamvel eit hundliv ser ut til å vera bedre enn dauen. Eg burde vel synge eg da?

Lenger ut på dagen var både Ragnhild og Håkon uti kammerse hoss Hallvard. Han sat i senga og hadde papir og saks for seg. Dei nemnte Lea.

Da sa Hallvard til mora, best han sat:

– Ja får du folk av a Lea, da skal eg tru på deg.

Andlete hans var fullt av ålvor og galning omeinannan.

Dei såg på kvarandre. Så lo dei.

– Berre vi får folk av deg, sa Håkon.

– Å det går vel, skal du sjå. Han klipte og tenkte på sitt, og gjorde munnen skjeiv etter som saksa gjekk.

Og no var han ferdig med verke sitt, og såg på det. Der var fjell og dal, og der var fugl og dyr. Der var eit par menneske òg.

– Så, no er verda skapt! sa han. Han såg ut tålig til freds med henne, og la seg til å kvile etterpå.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ragnhild

Ragnhild (1931) handler om soning og forsoning. Romanen er andre bok i Duuns Ragnhild-trilogi.

Ragnhild soner drapet på svigerfaren Didrik. Mannen hennes, Håkon, vil ikke ha noe med henne å gjøre og da hun kommer ut av fengsel reiser hun ikke hjem til Stavsund. Moren til Håkon, Tale, er bekymret for hvordan Håkon og sønnesønnen skal klare seg uten Ragnhild og bestemmer seg for å hente Ragnhild hjem. På veien dør Tale. Ragnhild drar tilbake til Stavsund for å være med i begravelsen og det blir starten på forsoning og nytt samarbeid.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1931 (nb.no)

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.