Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 118 Signelill og Adelkinn


Innleiing

Dronninga ber Signelill ta seg i vare for kongssonen Adelkinn, men åtvaringa kjem for seint. Signelill ventar alt barn med Adelkinn. Ho føder eit vakkert og velskapt barn og sender terna si med bod til barnefaren. Den falske terna prøver å sverte Signelill ved å tale nedsetjande om barnet:

Hon [Signelill] hev född ein son, han er inki kvít,
svarte smátrolli sá er en lík
(Landstad [1853] 1968: 610).

Adelkinn bryr seg ikkje om det, men sender gull og gode gåver attende og ber terna føre fram varme helsingar. Dessutan sender han ei kanne vin med terna, slik at Signelill kan sløkkje tørsten. Men terna drikk vinen sjølv og fyller vatn i kanna. Til Signelill seier ho at Adelkinn hånar og forkastar henne. Men om kvelden kjem Adelkinn på besøk slik han har sagt, og då kjem alt for ein dag. Den vonde terna får ei grufull straff, ho blir graven levande ned i jord.

Det finst i underkant av ti variantar av denne balladen. Dei fleste er frå Telemark, ein frå Vest-Agder. Sophus Bugge skreiv opp «Signelill og Adelkinn» etter tre av dei beste Telemarks-songarane, deriblant Gunhild Kjetilsdotter Sundsli (1781–1869) frå Fyresdal. Nest etter den ti år yngre Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr (1791–1866) var det Gunhild som kunne flest balladar i Telemark på 1800-talet. Heile 61 balladar skreiv Bugge opp etter henne sommaren 1864, spesielt mange riddarviser (Jonsson & Solberg 2011: 569–573).

Landstad trykte balladen i Norske Folkeviser, med tittelen «Den falske terna». Hos Landstad heiter den kvinnelege hovudpersonen Liti Kersti, og som det går fram av den siterte strofa ovanfor, er det ein son ho føder. I alle dei andre variantane er det ei dotter, utan at dette synest å spele noka rolle. Men i dei danske og islandske variantane er situasjonen den at Signelill føder ein son – og at den falske terna seier til Adelkinn at det er ei dotter som har kome til verda (Vésteinn 1982: 286–287). Motivet er sjølvsagt å sverte Signelill, ein son skal vere meir verd enn ei dotter.

Av dei danske viseformene, som truleg er dei opphavlege, går det tydelegare fram enn i dei norske at dronninga er Signelills fostermor. Signelills eigne foreldre er døde. I den danske A-varianten i Sofia Sandbergs handskrift kjem også terna sitt sannsynlege motiv for å bakvaske Signelill fram. Terna var til stades då dronninga bestemte seg for å fostre opp Signelill, og vi kan tenkje oss at ho er blitt avundsjuk på Signelill, som veks opp til å bli den vakraste av alle kvinner:

Hun [dronninga] fosteritt hinder y vinter ny [ni],
hun bleff thenn aller-skønnist iomfru, nogen wille see
(DgF V: 139).

Eit par av dei norske variantane byrjar som ei eg-forteljing. Signelill fører ordet og gjer greie for kva som tidlegare har skjedd med henne. Slike forteljegrep er ikkje vanlege i balladediktinga, men kan fungere fint – som her i varianten etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, der Signelills forteljing i eg-form fyller dei tre første strofene:

Eg va’ meg so líti eitt bån
faer å mór dei døydde ífrå.

Ingjen ville meg klæ hell føe,
alle ykste [sic] eg va dø’e.

Barre droningje góe
hó va’ meg for ei móder.

Utsyn 106
DgF 266
IFkv 47
SMB 93




Oppskrift A

TSB D 118: Signelill og Adelkinn

Oppskrift: Udatert av Magnus Brostrup Landstad etter ukjend songar, Telemark.

Orig. ms.: NFS M.B. Landstad 5, 13–14.

Oppgjeven tittel: Adelkinn.

*

1. Liten Kersti talad til Terna si
– mæd valli –
Vil du reide upAlternativ lesemåte: er han upreid sengi i lofti mi
– den sorgi gløymer eg alli –

2. Hon redd breide up den skarlaki blá
Christ eit plomekind føddt hon derpå

3. Chr[ist] give eg had meg ein fultrugin ven
og bera ðen boðin til Adelkin henn

4. Til sá talad den Terna hennes
eg skal bera den boðin sá gjerne

5. Hennes terna hon in gjønn[om] dynni steig
A[delkin] up imot hennar reis.

6. Høyrer du Terna eg spyrgje deg má
hossi live liti K[ersti] no?

7. Hon hev fød ein son han er ki kvít
Alle smaatrolli er en lik

8. Svarte kan en vara
meire gull skal en bera

9. Han hað i ei potte vín
bad hon vilde slekkje tosten sin

10. han la vet i eit liti gull
ded gev eg sonen min til dýdefull

11. Du seg’ hon tar ki anten syrgje hel kvide
ikvel skal eg til hennar riðe

12. Du seg hon kastar bort putune smá
hon má vel liggje pá bolstri blá

13. Du seg hon kastar burt talg og ljus
hon ma vel brenne gullvox til ljus

14. Tvi vore den Terna, Gud gev a vel skam
hon drak up øli og had i vann

15. Tvi vori den T[erna] hon fær vel mein
hon tok bort gull og la i ein stein.

16. «Han had i eit potte van me
sa du sill drikke med spot og skam

17. Han la ned i ein liten stein
det gav en sonen sin til skamde mein

18. Han sa’ du sille báð syrgje og kvide
alli vilde en sova inmed di side

19. [Han sa’ du sille] kaste bort putun smá
du maatte vel ligje pa bere strá.

20. [Han sa’ du sille] kaste burt talg og ljus
du maatte vel liggje i mørke hus

21. Adelk[in] salad sin gangare grá
no vil eg meg til liten K[erstis] garð

22. Adelk[in] in gjennom dynni steig
liti K[ersti] seg sjuk til veggin vreið

23. Han klappad liti K[ersti] under bleke kinn
kvi er du sá stúr allerkærasten min?

24. Du hað i ei potte vann
sa eg sille drikke med spot og skam

Strofene herifrå er ordna etter den trykte utgåva, jf. sluttkommentar under.

25. Eg had i ei potte vin
bad du vilde [slekkje tosten din]!

26. [Du hað i ein liten] stein
[det gav du sonen din til] skammemein

27. [Eg hað i eit liti gull]
[ded gav eg sonen min til dýdefull]

28. [Du sa’ eg sille kaste burt] talg og ljus
[eg maatte vel liggje i] mørke hus

29. [Eg sa’ du sille kaste burt talg og ljus]
[du maatte vel brenne gullvox til ljus]

30. [Du sa’ eg sille báð] sørgje og kvide
[alli vilde du sova inmed mi] side

31. [Eg sa’ du sille ki anten sørgje hel kvide]
[ikvel sille eg til deg riðe]

32. [Du sa’ eg sille kaste bort] putune smá
[eg maatte vel ligje pa] bere strá.

33. [Eg sa’ du sille kaste bort putune smá]
[du maatte vel liggje pá bolstri blá]

34. Dei gjorde den terna sá stort iRetta frå: et mot
dei grov ‘a livands unde jord

35. [Dei gjorde den terna sá stort et] mein
[dei grov ‘a livands] under ein stein

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Denne oppskrifta ligg til grunn for teksten i Landstad 1853 (nr. 80, s. 610–612). I oppskrifta er bodskapane frå terna frå strofe 24 og utetter lista opp saman i éin bolk. Det første av Adelkinns svar står under denne lista, avslutta med «etc». I utgåva står berre den første bodskapen og det første svaret, med slik merknad: Her fortsættes nu Forklaringen overeensstemmende med det Foregaaende, idet hun gjengiver Ternens Budskab, og han sin Hilsen Stykke for Stykke. Jeg tror at burde skaane Læseren for denne Vidløftighed. Denne vidløftigheita har vi skrive fullt ut her.




Oppskrift B

TSB D 118: Signelill og Adelkinn

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Targjei Targjeisson Kosi, Vrådal i Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 108–111.

Ingen oppgjeven tittel.

*

(En Ridder skulde have en Jomfru, havde besovet hende, var borte) «Den súti gl

1. Høyrer du dæ du kjær datter min
– Mæ valli –
du agtar deg væl for Adelking.
– Den súti gløymer eg alli. –

2. Gud nåde dmeg moder snille
du vara meg alt for silde.

(Hun faldt i Barsel. Han var borte, slap ikke)

3. Så gjekk der ei bo for hendes moder inn,
di bere ei bo te Adelking,

4. Ti svara dei ei terne
eg bere den bo’i så gjerne.Under denne strofa står det: (tæva) (Han) Gud nåde meg – Teksten står utan strofenummer, og det er usikkert kva som er meininga bak.

5. Du hev fengji ei dótter, æ svart å inkje kvít,
alle småtrolli æ’ hó lík.

6. Ti svartare hó mon vere,
ti meire rødegull, ska’ ho bere.

7. Du be ho kastar halmestrå,
at hó ska’ sove på bylstri blå.

8. Her sender eg hó ei kanne mæ vín,
at hó ska’ sløkkje tørsten sin.

9. Der nee legg eitt stykkje mæ gull,
somå min datter ska’ bli dydefull.

10. Ho tar ikkje syrgje hell kvíe,
eg ska’ sjave te hó ríe.

11. Skam få den terna, hó gjóre stór skamm,
hó drakk upp vínen å sló í atte vann.

12. Hó gjóre ennda større mein,
hó tók burt gulli å la’ í ein stein.

13. Ovanfor denne strofa står slik samlarkommentar (overstroken): (valle = gå)Her sendte han deg ei kanne mæ vann,
den sille du drikke ti spott å skam.

14. Der uppi la’ han ein liten stein,
din datter sill’ have ti spott å mein.

15. Du sille kaste bylstri blå,
du ska’ leggje på bare bosstrå.

16. Du måtte båti sukke å kvíe
han vil alli ti deg rie.

Han kom. Terna blev nedgravet, brændt

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB D 118: Signelill og Adelkinn

Oppskrift: 1912 av Rikard Berge etter Hæge Ansteinsdotter Kilan/Findreng, Vrådal, Kviteseid.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXXXIV, 86–89.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Eg va’ meg sò liti eit baan
onde lie mæ valle –
Far aa mor døe meg ifraa.
den den sòrgji gløymer eg allì. –

2. Ingjen ville meg føe
alle øngste meg tì døe

3. Ìngjen ville meg fostre,
bare draanningji den goe.

4. Ho fostra meg i aatte aar
tì eg konn væl ivi gòlve gaa.

5. Ho [fostra meg] i aari ni
tì eg konne de gulle sy.

6. Høyr du liti Kjærsti, kjære fosterdotter mi,
du passar deg fòr Adelkjin sonen min.

7. Tì svara Signeliti mæ snille,
Du varar meg fòr silde.

8. S[igneliti] akslar ‘o kaapa blaa,
der føer ho ei liti gjente paa

9. Aa hòre skò eg faa ein fulltrugjen ven,
som kann bera bòi tì A[delkjin] frem.

10. Tì svara henar terne,
eg skò bera bòi sò gjerne.

11. Her site du A[delkjin] fyri ditt bor
Signeliti heve føtt seg ei dotter sò sort.

12. Tì sortare ho monne vera
tì mei rødegull skò ‘o bera.

13. Eg skjikkar henar ei kanne mæ vin,
i mòrgo vi’ eg hjem til hende rie.

14. Du sei ‘o skò kaste bort kjørkje’jos,
ho skò no brenne dei høi’ voksljos

15. Du [sei ‘o skò kaste bort] putune smaa,
[ho skò] sòva paa bòlsteri blaa.

16. Som ‘o kaam seg lite bete fram,
drakk ‘o oto vinen aa slo i atte vann.

17. Han skjikka naa deg ei kanne mæ vann
han ba du ville drikk’ ‘o mæ mykje harm.

18. Han sa du sill’ kaste bort kjørkje’jos
du maatte vel sòva i mørke hus.

19. Ha[n sa du sill’ kaste bort] putune smaa,
du [maatte vel sòva] paa barre straa.

20. A[delkjin] inn igjènom dynni steig
aa S[igneliti] snudde i sengji sò vrei.

21. Sò klappa ‘n hena paa hvide kjinn
Kvi æ du sò vrei allerkjærasten min.

22. Du skjikkar naa meg ei kanne mæ vann
aa ba eg ville drikk’ ‘o mæ mykje harm.

23. Aa du sa eg sille kaste bort kjørkje’jos
eg maatte vel sòva i mørke hus.

24. Du sa [eg sille kaste bort] putune smaa
eg maatte vel [sòva paa barre] straa.

25. Eg skjikka deg ei kanne mæ vin,
i mòren vil jeg hjem til deg ride.

26. Eg sa du sill’ kaste bort kjørkje’jos
aa du sille brenne dei høi voks’jos.

27. Eg [sa du sill’ kaste bort] putune smaa
du maatte vel [sòva paa] bòlster blaa.

28. Men hòr æ naa di terne
som bar bòi sò gjerne?

29. Mi tærne ho sitter i bure
ho slær seg klærer tì skruve.

30. Di gjore den tærna sò mykje imot,
di grov hena livandes onde jor.

31. [Di gjore den tærna sò] mykje ett mein,
di grov ‘o livandes onder stein.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står det: (Tone)

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.