Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 139 Stig litens bryllup


Innleiing

Formelt er det eit «vi» som legg fram handlinga i denne balladen, truleg bryllaupsgjestene. Balladen opnar med å presentere ein viss Stigelin, dvs. Stig liten. Han tener i kongens gard, der han har gode dagar – jomfruer pyntar og krusar håret hans og gjer han lekker til bryllaupet som snart skal stå. Når bryllaupsgjestene kjem til gards, dansar det ei hind og spelar ein hjort ved porten. Inne i gjestebodsgarden undrar dei seg over det forgylte golvet og alt det vakre og kostbare som elles er å sjå. Så spring Stig liten opp på bordet med ei sølvkanne i kvar hand, og deretter viser han gjestene senga der kjærasten, liti Kjersti, skal liggje saman med han sjølv.

Det finst berre éin variant av «Stig litens bryllup». Oppskrifta er udatert og vart i si tid gjord av Marit Glærum etter mora. Dei to var begge frå Todal sokn i Surnadal i Møre og Romsdal. Ved folketeljinga i 1910 finn vi nemnde Marit Glærum – «Skipperkone og Syerske» – i Surnadal. Ho er fødd i 1869, blir det opplyst.

Det finst fleire danske variantar av «Stig litens bryllup», frå renessansen og fram til 1800-talet. A-teksten i Danmarks gamle Folkeviser tyder på at den norske oppskrifta frå Surnadal er lånt frå dansk. Skildringane av den danske og norske gjestebodsgarden er i alle høve parallelle på fleire punkt:

Ther di kom i Riiderstiies [riddar Stigs] gaardt,
der spelled inde bode hiortte och raaer.

[…]

Borden war aff det røde guld:
dugen war aff agger-wuld.

[…]

Wegenn war aff marmerstien:
stolperen war aff det huide huals-bienn
(DgF II: 305–307)

Det finst også fleire svenske variantar av «Stig litens bryllup» (SMB 3: 288–294).

Den norske visa er eigentleg berre avslutninga av dei eldste danske variantane. Forhistoria går ut på at riddar Stig ved eit mistak kjem til å kaste elskhugsruner på kongens søster Riegesse, og ikkje – slik han hadde planlagt – på liden Kiersten. Som ein kan tenkje seg, fører dette til forviklingar, men kongen bestemmer at Stig liten og kongssøstera skal gifte seg, noko alle er nøgde med, kanskje med unnatak av liden Kiersten.

Den danske visa svarar i all hovudsak til den naturmytiske balladen TSB A 4, «Stig litens runer». Denne finst på norsk i fleire variantar, og Sophus Bugge trykte to former av den i Gamle norske Folkeviser (Bugge [1858] 1971: 76–80).

DgF 76 A str. 47–72, B str. 28–44, E-L & DgF 123
SMB 97




Oppskrift A

TSB D 139: Stig litens bryllup

Oppskrift: Udatert av Marit Glærum etter Dordi S. Glærum, Todal, Surnadal, Møre og Romsdal.

Orig. ms.: NFS K. Liestøl 8.

Oppgjeven tittel: Stigelin


1. Stigelin tjente i kongensgård
og jomfrua pynta og krusa hans hår
– så frydelig –

2. Og da vi no kom til Stigelinsport
der dansa en hinde og spela en hjort

3. Og da vi no kom i stuå inn
forgyldt va de vegjin ja rundenomkring

4. Og omn han va no tå marmorstein
og takje de va no ta kvite kvalsbein

5. Og bordstolan va nå tå eikjerot
og bordet det va nå tå ibelved gjort

6. Og dukjen han va nå tå silkjeuld
og tallekan va nå tå pure guld

7. Og Stigelin inn på bordet sprang
og begge sølvkannån han holdt i sin hånd

8. Stgelin klappa på dynå blå
lit-kjirsen lit kjirsen ska ligja derpå


Dette er ei maskinskriven avskrift i samlinga etter Knut Liestøl. Under teksten står det: Marit Glærum har lært dette av sin mor, oprindelig fra Todalen. Edvard Langset skreiv opp ei nokså lik oppskrift etter mor hennar, Dordi S. Glærum, i 1915. Denne oppskrifta er trykt, mellom anna i Segner, gåter, folketru frå Nordmøre (NFL, 61), s. 167.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.