Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 232 Liti Kjersti og dronning Sofie


Innleiing

Kongen fortel Liti Kjersti at han er forelska i henne. Han hadde gjerne sett at dronning Sofie var død og at Liti Kjersti var dronning. Sofie får høyre om dette og gjev ordre til sveinane sine om at dei skal gå ut i skogen og hogge ved, for Liti Kjersti skal brennast. Dette får Liti Kjersti nyss om, og ho klagar seg til kongen. Han reddar henne ved at han sender henne til Heidningland. Kongen i heidninglandet vil gifte seg med henne, men ho vil heller døy enn å bli gift med ein heidning. Kongen let seg kristne for å få henne. Liti Kjersti sender sveinane sine tilbake med ei helsing til dronning Sofie og minner henne om at ho gjekk som møy i brudeseng for henne. Dronning Sofie var jo ikkje rein møy. Ho var til og med gravid, men for at kongen ikkje skulle oppdage dette, hadde Liti Kjersti bytt klede med Sofie og gått inn i det mørke brudekammeret til kongen. I den norske versjonen blir dette omskrive til at dronninga bytte til seg Kjerstis reine serk. Dessutan fortel ho om det barnet som dronninga hadde fødd i dulsmål og grov under ein stein. Då kongen får sjå leivningane av barnet, let han dronninga brenne.

Kongen i visa er anonym, men denne Sofie må ha fått namnet sitt etter dronning Sofia av Minsk. Ho vart gift med Valdemar den store i 1157 og døydde i 1182. Dronning Sofie er også med i andre viser: «Valdemar og Tove» (TSB D 258), «Kong Valdemar og hans søster» (TSB D 346) og «Valdemar og hans søsterdatter» (TSB D 347). I alle visene blir ho skildra som vakker, men sjalu, hemngjerrig og brutal.

Denne visa må vere ei kvinnevise. Mellom 1857 og 1864 skreiv Sophus Bugge opp denne visa etter sju kvinner, alle frå Mo eller Fyresdal. I 1891 skreiv Moltke Moe opp ein tekst etter Hæge Bjønnemyr, og i 1918 skreiv Rikard Berge opp ein tekst etter Åsmund Sveinson Åmås, i Drangedal. Han er den einaste mannen som har sunge denne visa til ein samlar.

I 1863 skreiv Lindeman opp ein melodi etter Ingebjørg Tronsdotter Hasledalen i Mo.

Ein dansk versjon av visa står i Kjempeviseboka, men det er ingenting som tyder på at den norske versjonen er påverka av den.

I Danmark er det registert ein melodi, og i Sverige finst det eit par tekstar frå 1800-talet, men ingen melodi.

Utsyn 158
DgF 128
SMB 117
IFkv 54




Oppskrift A

TSB D 232: Liti Kjersti og dronning Sofie

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Gro Pedersdotter Blikom, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge l, 58–64 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kungen å liti Kjærsti dei stod uti svala
dei hae så mykje om den elskoven tala.
– Dei sente liti Kjærsti av Danmark. –Omkvedet står til strofe 2 i kladden, men er skrive til under strofe 1 i reinskrifta.

2. Dei tala mykje å dei tala mangt,
somt va no gama å somt va no sant.

3. Kjære min herre du talar ‘kje så,
sjov stender dronningji lyer herpå.

4. Å lat dei lye, dei lye må,
Krist gjeve meg ore, dei måtte fremgå.

5. Dronningji tala te si’n sveinanne två,
de seje lill Kjærsti infyre meg gå.

6. Å høyre du lill Kjærsti eg spyrje deg må
tala kje du mæ min herre igår.

7. Eg tala kje anna, som hjelpe meg må,
hell du sto sjov dronningji lydde derpå.

8. Dronningji tala te si’ sveinanne trjå,
de gjenge på skogjen, de høgge eitt bål.

9. De høgge kje anna hell øsp å åFeil for: å (jamfør reinskrifta) eik,
de gjere på varmen, bå sterk å heit.

10. Du tar no slett alli leggje meg bål,
fyrr ellen bite på på diTruleg feil for: på bådi (jamfør reinskrifta) jønn å stål.

11. Lill Kjærsti ho gjenge seg ut å inn,
å tårinne rann på hvidan kinn.

12. Lill Kjærsti ho axla si kåpa blå
der gjeng ho i høieloft for kongen at stå.

13. Å høyrer du lill Kj[ærsti], hot eg spyr deg,
Kvi renne dei tårer på kinne di.

14. Mi tårer dei må fulle renne,
di dronning ho vi meg upbrenne.

15. Å fyr ho sko’ deg uppbrenne,
fyrre sko ho te heidnekongen sende.

16. Fyrr at eg vi denne Heidnekongen hava,
fyrre sko’ eg meg livande i jori negrava.

17. Du tar inkje reise alleini,
der skal fygje deg tri av mi’ beste sveinar.

18. Skruv å skarlaken blei der breidd
så blei lill Kj[ærsti] at strandi leidd.

19. Dei vatt upp sitt segl mæ forgylte rå,
dei let se’g kje strika, fyr dei heidnelande såg.

20. Drengjinne styrde sitt skipit te lands,
heidnekongen han g kom gangand te strand.

21. Høyrer du heidnekongen, hot egme talar te deg,
kongen av Danemark sender deg eitt viv.

22. Før at vi’ deg no Heidnekongen hava,
fyrre sko eg meg livande i jori negrava.

23. Å fyr eg vi vera deg Heidnekongens viv,
fyrre sko eg i Danemark låte liv.

24. Fyr at vi deg no misse,
fyrre sko eg lata meg døbe å krisne.

25. Om sondagjen let han seg krisne,
om måndagjen bryllupsdagjen fyste.

26. Så drakk dei bryllaup i daganne trjå,
så ville smådrenginne heimatte gå.

27. Lill Kj[ærsti] ho axla si kåpa blå,
så gjeng ho i høieloft for sin herre at stå.

28. Å høyr du min herre, eg spyrje deg må,
må eg mæ smådrengjinne at strånde gå.

29. Du sku’ inkje reisa aleini,
der ska fygje deg tri av mi’ beste sveinar.

30. Skruv å skarlaken [blei der breidd]
[så blei lill Kjærsti at strandi leidd.]

31. De helsar danske kongen, så mang ei go natt,
som himelen ær mæ sjønnur belagd.

32. De helsar danske dronningji så mang ei uro,
som grase uppav jori kan gro.

33. De be aho vi mennast, hør me våre då,
då me bytte kons bånaklæi små.

34. De be, ho vi minnast dinnunder dæn stein
der under ho fødde ein liten svein.

35. De be, ho vi’ minnast innunder dæn lind,
der ho grov ne de lisle kind.

36. Gjeva vi’ eg dikkon min røde gullring,
dersom de vi ber’ boinn’ fer kongen inn.

37. Hav du sjåv din rødegullring,
me sku’ bera boinn’ fer kongen inn.

38. Dei vatt upp sitt seil mæ forgylte rå,
dei let seg ‘kje strike, fyr dei Danemark såg.

39. Smådrengjinne styrde sit skipit tillands,
kungen å dråningji kom gangand ti strand.

40. Me helsar deg danske kongen så mang en go natt
[som himelen ær mæ sjønnur belagd.]

41. Me [helsar deg danske droningji så mang ei] uro,
[som grase uppav jori kan gro.]

42. Gjeva vi eg dikkon mitt røde gullband,
dersom de ingle boi vi’ bera fram.

43. Hav du sjåv ditt røde gullband,
me vi dessa boinne bera fram.

44. Ho ba, du vi minnast [hør de våre då,]
[då de bytte dikkons bånaklæi små.]

45. [Ho ba, du vi minnast innunder dæn stein]
[der under du fødde ein liten svein.]

46. [Ho ba, du vi’ minnast innunder dæn lind,]
[der du grov ne de lisle kind.]

47. Kungen let under dan lindegrein grava,
vill’ høyre um de var sant, lill Kjærsti sa.

48. Kungen grov undi den lindegrein,
så fann han ein liten svein.

49. Kungen han tala te si’ sveinanne trjå,
de gjenge på skogjen, de høgge eitt bål.

50. De høgg ikkje [anna hell øsp å] eik,
[de gjere på varmen, bå sterk å] heit

51. Um sondagjen va ho ei dronning så bold,
om måndagjen va ho i oskå i kul.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det skrive med penn: liten Kerstin Afz. 2,164. Abr. IV S. 225, (Dansk ufuldstændig Pendant h. Syv s. 660.)

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 14–18, med overskrift: Líti Kjersti å dronningi. I. (meddelt af Gro Petersdatter)




Oppskrift B

TSB D 232: Liti Kjersti og dronning Sofie

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Margrete Gunnarsdotter Brauti, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 3–13 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kungen å liti Kjersti dei stend útí svala
– Måtte eg å den vénaste vinne –
dei heve så mykji um giftarmål tala
– Dei sender líti Kjersti ifrå Danemark –

2. Høyr du liti Kj[ersti] hott eg spyrje deg må:
gi mi dronning va’ dø å dú va’ no mí!

3. Kjære min herre du snakkar ‘kje så!
sjóv stende di droning å lýer derpå.

4. Lat hó lýe den lýe vi’,
Krist give mine ori at dei maatte ské

5. Droningji tala te drengjinne tvo,
De seie líti Kj[ersti] innfør mitt bór

6. Droningji ha inkje halltala or,
før liti Kj[ersti] hó stó innfør hennars bór.

7. Høyr du liti Kjersti eg spyrje deg må,
hott va’ de, du snakka ti min herre i går.

8. Snakka eg anna, så hjelpe meg Gud,
hell sjóv stó du droningji lýdde derpå.

9. Droningji tala te drengjinne tvo,
de gjenge på skógjen, de høgge eiSamlarkommentar: (sic!) bål!

10. De høgge den båli av osp å eik,
så ellen kann blive bå sterk å heit.

11. Líti Kj[ersti] ho axlar si kåpe så blå,
så gjenge ho i høianloft for kungen at stå.

12. Kungen klappa hende på kinderne små.
kvi renn dei tårinne på l[íti] Kj[ersti] no?

13. Mine tårinne må fulli renne,
dí droningji vi meg uppbrenner.

14. Før hó sko’ deg uppbrenne,
før ska’ eg deg te hedenlande sende.

15. Nei før eg vi te hedenlande fara,
før vi eg meg livands i Danemark negrava.

16. Du tar ikkje fara aleini,
de ska’ fýgje deg tvo av mine drengjir

17. Dei skrúva dei skålir ti jóri blei breidd
l[íti] Kj[ersti] hó blei te stråndi neleidd.

18. Smådrengjinne stýrer sí snekkja frå land,
kungen å droningji stó atte på strand.

19. Dei vatt upp sitt segl mæ forgylte rå,
dei let seg ikkje strike, før dei hedenlande såg.

20. Smådrengjinne stýrer si snekkja for land,
hednekungjen kjeme seg gangand te strand.

21. Høyrer du hednekungen hott me helse deg må:
kungjen i Danemark sender deg eitt vív.

22. Før eg vi vera deg Hednekungjens vív,
før ska’ eg i Danemark lata mitt lív.

23. Før eg vi deg misse,
førre ska’ eg lata meg døype å krisne.

24. Måndagjen å Týsdagjen let han seg krisne,
um Onsdagsmorgonen va’ bryllaupsdagjen fyste.

25. Dei drakk de bryllaupe i månanne tvo
så ville små drengjinne heimatte gå.

26. L[íti] Kj[ersti] ho akslar sí kåpe så blå,
så gjenge hó i høianloft for sin herre at stå

27. Høyrer du hednekungje hott eg bee deg:
må eg fýgje smådrengjinne te stråndi ne?

28. Du tar ikkje fara aleini,
dei ska’ fýgje deg tvo av mine drengjir.

29. du helsar Danekungjen så mang ei gó natt,
som himmelen den æ mæ skjønnur belagd.

30. Du h[elsar] Dandroningji så mang ei úró,
som grasi de upp ifrå jóri kann gró.

31. Du be, hó vi’ minnast, hor me va’ då,
den tid, at me býtte kons skríni så små.

32. Hennars va’ sundt å mykje broti,
mitt va’ nýtt å mykje útskori.

33. Du [be, hó vi’ minnast, hor me va’] då,
då me skifte ‘kons serkjinne så små.

34. Hennars va’ skiten å mykje urein,
min d va kvíte som snefalli bein.

35. Du be ho vi minnast uppundi den stein,
der som hó fødde den lisle svein.

36. Du [be ho vi minnast uppundi den] lind,
der hó gróv ne de lisle kind.

37. Smådrengjinne vatt upp sitt segl mæ forgyllende rå,
dei lét seg ‘kje strike, før dei Danemark såg.

38. Smådrengjinne stýrer sí snekkje frå land,
Kungjen å droningji kom gangands ti strand

39. Me helsar [Danekungjen så mang ei gó natt,]
[som himmelen den æ mæ skjønnur belagd.]

40. [Me helsar Dandroningji må mang ei úró,]
[som grasi de upp ifrå jóri kann gró.]

41. [Hó ba, du vi’ minnast, hor de va’ då,]
[den tid, at de býtte dikkons skríni så små.]

42. [Ditt va’ sundt å mykje broti,]
[hennars va’ nýtt å mykje útskori.]

43. [Hó ba, du vi’ minnast, hor de va’ då,]
[då de skifte dikkons serkjinne så små.]

44. [Din va’ skiten å mykje urein,]
[hennars va kvíte som snefalli bein.]

45. [Hó ba du vi minnast uppundi den stein,]
[der som du fødde den lisle svein.]

46. [Hó ba du vi minnast uppundi den lind,]
[der du gróv ne de lisle kind.]

47. Kungen han tala te drengjinne tvo:
de gjenge på skogjen å høgge ei bål

48. De høgge den båli av osp å så eik,
så ellen kann blive bå sterk å heit.

49. De va’ stor ynk å
Kungen han lét undi lindegrein grava
ville sjå um de va sant, l[íti] Kj[ersti] tala

50. De va stor ynk at sé deruppå,
at kungen han leier sí droning på bål.

(Han fulgte Smådrengene til Strand)

51. De helsar Hednekungen
D Kungen han talar te drengjinne skarpt
de reiser te Hednelandi, de mæ en fart.

52. De be Hednekungen alt um at jeg tror,
at kungen i Danemark hevner sine ór.

53. Liti Kj[ersti] di løyser til Landet igjen,
hvormange de Gylden der koster en Svend.

54. Dei vatt upp sitt segl mæ forgyllende rå,
dei [lét seg ‘kje strike før dei] hednelandi såg.

55. Smådrengjinne dei stýrer si snekkje te lands,
l[íti] Kj[ersti] å kungen dei møtte på strand.

56. En foranderlig Tid vi skal komme igjen,
at hente l[íti] Kj[ersti] til kungens bedste ven.

57. Hvorledes det ganger at løse den brud,
som kungen i Danemark skikkede ud.

58. Jeg ‹b›yder di penger som kongen vil ha,
ti kungen i Danemark skille dem ad.

Hedenkongen svarer

59. Jeg tror jeg vil have mit elskende viv
omskjønt jeg på søenAlternativ lesemåte: sjøen forlete mit liv.

60. L[íti] Kj[ersti] hun svarte med grædende røst,
ti Danemark har jeg min angjelege lyst.

61. Småd[rengjinne] styrer si sn[ekkje] frå land
l[íti] Kj[ersti] hó følger til Danemarks land.

62. I Glæden de lever, i Glæden di bor,
ti Herren har fyldet Danekongens Ord.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: Magret Braute (født i Bandaksli

Under oppskrifta står det: (Kanske endnu et Vers)

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 240–243, med overskrift: Dei sender líti Kjersti ífrå Danemark. III. (Magret Brauti i Vraadal, født i Skafsaa.) Reinskrifta er sterkt forkorta, med tilvisingar til strofene i oppskrifta etter Gro Pedersdotter Blikom (oppskrift A her).




Oppskrift C

TSB D 232: Liti Kjersti og dronning Sofie

Oppskrift: 1863 av ukjend assistent av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge VIIIa, 1–6 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Liten Kirsten og Dronning Sofie.

*

1. Kungen å lill Kjersti dei stende i svala
dei heve so mykje um elskóven tale.
– Dei førde æ litæ Kjersti av Danmark. –

2. Han klappa hænó ved hvide kinn
Gud giv droningje va dø å dú va min.

3. Kjære min herri du snakk inkji so
Dú heve di droning kjærare hell so.

4. Dei visste inkje anna hell dei eismadde va’
då stó danske droningjæ å lydde derpå.

5. Droningjæ heitar på sveinanne tvo
Dé gange på skógjen hogg lill K[jersti] eit bål.

6. Lill K[jersti] akslar hó kåpa blå
so gjeng hó i lofti som kungen låg.

7. Å høyrer de lill K[jersti] eg spyrje deg må
kví renne díne tårir på kinne små.

8. Míne tårir dei må væl renne
dí droning hó vi’ meg uppbrenne.

9. Fyrr hó ska deg uppbrenne,
fyrr ska’ eg deg ti heidekóngen sende

10. Fyrr eg vil vere den heidekungens vív
Fyrr vi’ eg í Danemark late mitt lív.

11. Du tar inkje reise aleini,
de ska fýgje deg tvo av mi yppaste sveinar.

12. Kungen han heitar på sveinane tvo
de seie danske droningjæ inn fyre meg gå.

13. Inn kom driningjæ hó stæddes for bór
kot vi’ dú meg kungen dú sender meg bo.

14. Jeg vil vite den ende
hvi du vil liden K[jersti] uppbrenne

15. Å høyrer de lill K[jersti] eg spyrje deg må
kot snakka dú mæ min herre igjår.

16. Eg snakka kje anna sant hjelpe meg Gud
hell droningjæ ha mått høyre kvort einaste ór.

17. Eg [snakka kje anna sant hjelpe meg] Gud,
hell I va danetAlternativ lesemåte: danes å dýdefull

18. Ja du ska inkje uppbrenne meg
eg ska hæSamlarkommentar: (sic) ti hedenkungen sende.

19. Lill K[jersti] hó grét å hó sló sitt hår
ska eg tiAlternativ lesemåte: skal jeg til heidekungen Gud hjelpe meg då.

20. Så snarlig så vare de svenne fús,
Liden K[jersti] hó dróg av landiAlternativ lesemåte: landet út.

21. Då som hó kom ti heidekungen fram
då tók han hende så venlig ved hånd.

22. Dei va der í daganne trí
då ville dei reise hjem til sig.

23. [Dei va der í daganne] fem,
[då ville] Smådrengjenæ reise hjem.

24. Å høyrer de kungen eg spyrje deg må,
må eg at strånde mæ smådrengjinne gå.

25. Ja dú må væl, at stråndæ m[æ] små[drengjinne] gå
å sende dei boinne som dú formår.

26. Di helsar den danske kungen so mang ei gó natt
som himmelen den er med stjerner besat.

27. [Di helsar den danske] droningjæ so mang ei úró,
sóm havi de æ mæ sannkonn beslått.

28. Be hó vi’ minnast då mi våre då
då som mi skifte okkos serkjinne små.

29. Hennes va skiten å mykje úrein,
men min va blank som ein skyggjestein.

30. Å be [hó vi’] m[innast] uppunde den lind
der hó grov ne de lisle kind.

31. [Å be hó vi’ minnast uppunde] den stein,
[der hó grov ne] den lisle svein.

32. Eg bée dikkon å seie for sant,
adde dessa boinne ska’ dí bere fram.

33. Adde [dessa boinne ska’ dí bere] fram
å kungen ska høyre kvor einaste grand.

34. Farvæl, lill K[jersti] hav tusend gónatt
men adde dessa boinne ska’ mi bere fram.

35. Smådrengjinne kom seg skríand ti land
kungen han møter på kvíte sand.

36. Eg helsær dikkon Smådrengjinne mi’:
koss liver lill K[jersti] í heidekungens land?

37. Lill K[jersti] hó liver, hó hev ingjo nou,
hó helsar deg mange túsind gónatt

38. Hó [helsar deg mange túsind] gónatt
[som himmelen den er med stjerner] besatt.

39. Hó helsar d[anske] d[roningjæ so mang ei] úró
[sóm havi de æ mæ sannkonn] beslått

40. Mi sill bea, at hó vill minnast då dei våre då
[då som dei skifte deires serkjinne små.]

41. [Me sill bea, at hó vill minnast uppunde den stein,]
[der hó grov ne den lisle] svein.

42. Kungen han rópa på sveinanne tvo
di gangje på skógjen hogge droningjæ eit bål.

43. De høgg inkje anna hell osp å eik
der stend av ellen so heit ein røyk.

44. Då som drengjenne dei kom hjem
då blei droningjæ på båli brend.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

NFS S. Bugge VIIIa er skriven med ei ukjend hand. Bugge har sett til overskrifter og har notert kjelder og variantar. Han har òg gjort mange rettingar. Vi har berre teke med Bugges retta tekst her, for skrivaren har truleg ofte misforstått Bugges kladd.

Etter strofe 41 er det truleg meininga at rekkja av bod frå lill Kjersti skal halde fram, men Bugges strofenummerering antyder at forkortinga gjeld berre desse to strofene.

Ei anna reinskrift skal finst i NFS S. Bugge IX, 1–3. Denne har vi ikkje hatt tilgjengeleg. NFS S. Bugge IX er ei bok som berre inneheld oppskrifter etter Gunhild Sundsli.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.