Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 268 Dansen i berget


Innleiing

Ein ung mann og kjærasten hans talar saman og gjer avtale om at han skal kome til henne der ho bur. Etter at han har utført pliktene sine overfor herren sin, salar han gangaren og rir av garde. Når han kjem fram, høyrer han vakker musikk av munnharper, og når han glytter på døra, kan han sjå kjærasten danse med ein annan mann. Vokslys brenn i stakane, og det er vakkert stelt i stand og pynta, som til ein bryllaupsfest. Den unge mannen blir ståande og sjå, han ser og ser, og held så lenge i døre-ringen at det heng is-tappar etter fingrane. Til sist sprengjest hjarta hans.

Vi har berre tre Telemarks-oppskrifter av denne balladen, den eine svært fragmentarisk. Eldst – truleg frå 1840-åra – er ei udatert oppskrift av Olav Talleivsson Grasberg (1791–1870) frå Kviteseid, som samla viser for Landstad. Olav Grasberg var fødd i husmannskår og døydde fattig. Han kunne også viser sjølv, og i 1857 song han tre kjempeviser for Sophus Bugge (Jonsson & Solberg 2011: 329–332). Bugge skreiv opp ein litt kortare variant av «Dansen i berget» etter Aslaug Targjeisdotter Askedalen (1799–1876) frå Vrådal. Aslaug Askedalen var ein framståande songar. Ho song nærmre tretti balladar for Bugge, og ho song også for Lindeman (Jonsson & Solberg 2011: 363–364).

Landstad trykte Olav Grasbergs oppskrift av «Dansen i berget» i Norske Folkeviser, overført til den etymologisk-arkaiske rettskrivinga han elles brukte. Tittelen «Dansen i berget» er Landstads, han tenkjer seg at kjærasten er blitt bergteken – jamvel om det ikkje står eksplisitt i teksten. Av merknadene hans går det fram at han har sett stor pris på og blitt gripen av den enkle teksten:

Det er at beklage, at ikke mere har været at bekomme af denne vakre Vise. Der er en særdeles tragisk Styrke i den Situation, hvori Elskeren stilles. Han havde mistet sin Kjæreste, hvorledes er ikke sagt, men kan sluttes af Stedet hvorpaa og de Omgivelser, blant hvilke han gjenseer hende […]. Han faar Lov at kikke ind i Berget, seer sin Elskede der i Troldenes Magt, i en glimrende Omgivelse, i Gammen og Glæde, – seer hende uden Haab om nogensinde at faa hende tilbage – og han holdt saa længe i Dörens Ring indtil Iistappene hang af alle hans Fingre og hans Hjerte brast af Smerte (Landstad [1853] 1968: 460–462).

Den siste strofa kan tyde på at Landstad har rett i å oppfatte det slik at dansen går føre seg i berget. Når den unge mannen smeller døra i lås, er det eit definitivt farvel, han får aldri sjå kjærasten igjen:

Han torde ‘ki annað smelde den dynn i lás,
með valle,
han fekk aller meire sin kæraste sjá.
Den jomfru glöymer eg alli!
(Landstad [1853] 1968: 462).

Utsyn 142




Oppskrift A

TSB D 268: Dansen i berget

Oppskrift: 1853 eller før av Olav Talleivsson Grasberg etter ukjend songar, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NB Ms fol 1803g:D, 13–15.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Di sat ivi bor aa blian tala
mæ valleSamlarkommentar (på s. 12 i handskriftet): valle for valde af valld Magt, Vold
at han sko kaama fe HønsiUtanfor ordet står det: (si) Gala
– Den Jomfru gløymmer eg alle. –

2. De sat ivi bor aa Sænder ord
ho sa eg sild komma for Hønsi gol

3. Fyst fygde eg min Herre bort sova
so lout eg min gangar uttroaSamlarkommentar: (utrøma?)Samlarkommentar (på s. 12 i handskriftet): oldn. útrýma, drage Omsorg for.

4. So Fygde min Herre te Sængs
so lout eg min gangar o ændSamlarkommentar: á end?Samlarkommentar (på s. 12 i handskriftet): á endr? atter

5. Som eg kom te de ValbygdeSamlarkommentar: Valbýgde el. Valldbygde valldr stærk Huus
di Spila i Monhorpur aa brænde vaxlius

6. Eg gryte paa dynni aa saag derind
der saag eg min Kjærast Dansa i Løvengraaskin

7. Der dansa ejn mæ Hænnar i hosAlternativ lesemåte: med hennar i hosSamlarkommentar: NB. Oln. hoss n. sagte Rysten eller Skumpen, hossa sagte Rysten eller Skumpen.
va smal som ei Lilju aa ven som i Ros

8. Der Dansa ein mæ Hænar i haand
verAlternativ lesemåte: kvor si Sylkaane i si haand

9. Bore de va af Rødeguld Rænt
aa bordukjen va ifraa Engeland sænt

10. Forgylte va dei Fati smaa
Rikeleg Rettir der oven paa laag

11. Takje va utav Skjygjustejn
aa vegginne va utaf marmorstejn

12. Han helt so lænje i Dynnering
te Jokulen Hek ette qvor den Fing

13. Eg helt so længie i Dynneknap
te mit Hiærte isønder sprak

14. Eg Torkje ana hel smelle den dynni i laas
Eg fek aller mei den Kjærast siaa

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står det: Ende




Oppskrift B

TSB D 268: Dansen i berget

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Aslaug Targjeisdotter Askedalen, Vrådal i Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 277–279.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Eg sender deg ór å blían tala
– Mæ valli –
eg be, du vi’ koma før hanen galer.
– Den jomfrú gløymer dú alli –

2. Fyste fýgjer eg min herre te sengs,
sia tek eg min gangar ó eng.

3. [Fyste fýgjer eg min herre] bort sova,
sia let eg min gangar uttroa,

4. Eg kom meg te dæ vallbygde húsSamlarkommentar: (tussegaren)
di spilar munnhorpa brenner vaksljús.

5. Eg grutte på dynni, eg såg derinn,
eg såg min kjærast, dansa i løvegrått skinn.

6. Takje Dæ dansa ein mæ hennar í hóp,
va’ smal som ei lilje å ven som ei rós.

7. [Dæ dansa ein mæ hennar] i hånd,
hver sin syllkanne udi hand

8. Takje de va’ utav marmorstein,
veggjinne va’ utav kvite bein

9. Bore de va mæ gullí rent
bórdukjen va’ ifrå Engeland sendt

10. Eg smelte den dynni i lås,
eg tóre aller mei min kjærasten sjå.

11. Eg helt så lengje í dynnering,
te jokulen hékk ette kvor den fing.

12. [Eg helt så lengje í] dynneknapp,
alt te mitt hjarta í lutir sprakk.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 214–215, utan overskrift, men med songarnamn: (Aslaug Askedalen. Vraadal.) Reinskrifta har ein del lesemåtar som vik av frå kladden.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.