Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 274 Signelill og hennar søner


Innleiing

Signelill føder to søner i løynd. Ho legg dei i eit forgylt skrin saman med høge vokslys, for sønene er udøypte. Deretter set ho skrinet på sjøen og skuvar det frå land. Skrinet flyt til eit anna rike, der ein greve finn skrinet. Han tek sønene til seg og gjev dei namn. Når sønene blir vaksne, vil dei besøke mor si. Ho ser skipet deira kome seglande og skundar seg å finne ein lyngorm. Ormen kokar ho til det ikkje er noko igjen av han, og tømer så ormegifta i ei sølvkanne. Deretter går ho til stranda og helsar sønene velkomne. Ho byr den yngste sonen å drikke av sølvkanna, men den eldste tek imot og seier at mora skal drikke sjølv. Signelill orsakar seg med at det er Marimesse og fastetid, men sonen viser til at det er ein hevdvunnen skikk at ei mor skal drikke sønene sine til. Ho tenkjer at ho berre skal late som om ho drikk, men får likevel noko på tunga. Då sprekk både lever og lunger på henne, og ho set livet til. Sønene dreg heim att til farens land.

Det finst eit titals variantar av denne balladen, alle frå Telemark og alle oppskrivne av Sophus Bugge. Bugge trykte den litterært sett beste forma i Gamle norske Folkeviser, der han også gjengir ein svensk variant frå Värmland (Bugge [1858] 1971: 95–98). Det var Torbjørg Gjermundsdotter Haugen (1792–1862) frå Skafså som song den forma Bugge trykte. Ho var ein framståande songar, og det same kan seiast om Gunhild Kjetilsdotter Sundsli (1781–1869) frå Fyresdal, som også kunne «Signelill og hennar søner». I alt kunne Gunhild 61 balladar, og dei song ho for Bugge sommaren 1864, då ho var 83 år gammal (Jonsson & Solberg 2011: 569–573).

«Signelill og hennar søner» har vore sungen i alle nordiske land, med noko variasjon i handlingsgangen. I dei vestnordiske viseformene er det sine eigne søner Signelill vil forgifte, mens dei er stesøner i den eine svenske teksten som er registrert. I dei danske variantane er det ei sonekone som blir utsett for forgiftingsfreistnaden. Også når det gjeld handlinga elles, er det godt samsvar mellom dei norske, islandske og færøyske formene. På bakgrunn av språket i dei islandske tekstane seier Vésteinn Ólason at balladen truleg kom til Island frå Noreg før 1500-talet (Vésteinn Ólason 1982: 279–283). I varianten etter Torbjørg Gjermundsdotter heiter det om Signelill når ho får gifta i seg:

Just kom dæ inn på tunge,
dæ sprakk baadi livr aa lungur
(Bugge [1858] 1971: 98).

Tilsvarande skildring finn vi på islandsk:

það kom á hennar túngu,
svo sprúngu hennar lúngu
IFkv V: 142–143).

Mykje tyder på at vi har å gjere med ei svært gamal vise. Jamvel i den beste norske varianten er det tydeleg at noko har falle bort, for Signelills handling blir ikkje motivert. Kvifor skulle ho hate sønene sine så sterkt at ho skulle ønskje å ta livet av dei? Giftblandingsmotivet kjenner vi elles igjen frå «Herren Jennår» (TSB D 275).

Utsyn 155
CCF 120 B
DgF 344
IFkv 43
SMB 131




Oppskrift A

TSB D 274: Signelill og hennar søner

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 168–170

Oppgjeven tittel: Signelill å hennes synir

*

1. Signelill sit i búri,
– de nórklædde menn –
ho sýr dei segli så prúde.
– Før dei va’ Adelgreivens synir av Nórlånd. –

De Alegrevens Sønner af Laaland bede om Freden

2. Ho sýr dei segli bå’ gúle å grøn,
dei sýdde ho fyr síne synir í løn.

3. Signelill breier út kåpa blå,
tvo deilige synir ho fødde dærpå.

4. Ho sveipte dei í ermelin,
ho la’ dei í eitt forgylte skrín.

5. Ho la’ mæ dei dæ høge vaksljús,
for dei ha’ inki vori í guds hús.

6. Ho bar dæ skríni neat strånd,
ho skúva dæ så langt ifrå land.

7. Greven gjekk seg dærút mæ strånd,
så såg en dæ skríni, kom fljótande ti lands.

8. Han tók dæ upp, han såg dærí,
tvo deilige synir låg dærí.

9. Han tók dei upp, han gav dei navn,
han kaddar dei unge Vagerleg Alv.

10. Han fødde dei upp, ti dei blei stóre,
då ville dei vikje sin móder.

11. Signelill gjekk seg på høielofts bró,
så såg ho dæ skipi på havi fór.

12. Signelill gjekkAlternativ lesemåte: gjeng seg at lyngi,
så høyrer ho ormen syngje.

13. Ho tók han upp å bar han heim,
liksom dæ ha’ vori han véne svein.I margen står det: sv. der tog hon den ormen i slungan (Kjæp, som er kløvet i den ene ende)

14. Ho sau dæn ormen så lengi,
atAlternativ lesemåte: ti kjøti losna frå beini.

15. Ho sau han í ei panne,
ho sila dæ at ei syllkonne.

16. Ho tók syllkonna í sí hånd,
så gjeng ho seg dær neat strånd.

17. Ho sendte dæ ti den eldriAlternativ lesemåte: yngri,
han tók ímot dæn yngriAlternativ lesemåte: eldri.

18. «Å kjære mí móder drikk no fyrst:
kvendi dei æ’ morgotyst.»

19. «No ær Maremess visse,
at kvendi må ‘ki mjøen drikke.»

20. «No ær Maremess visse ti,
at móiri ska’ drikke si’ syninne ti.»

21. Ho tenkte ho sill’ drikke så granni,
dæ sill ‘ki kom’ inn på tanni.

22. Just kom dæ inn på tunge,
r sprakk både livr å lungur.

23. «No sér de dæ adde båd’ stóre å små,
at móiri vi’ sine synir forrå.»

24. Så stýrde dei sí snekkja frå land,
deiOver lina står det: a. n. m. stýrer dæjAlternativ lesemåte: ‘a heim ti sitt faders land.Under lina står det: F. d. v. A. s. n. N.

*

Til venstre for overskrifta står det: jfr. Arw. 2 s. 92 fru Gundela, f. skj. omkv.

Under overskrifta står det: (meddelt af Torbjør Haugjen)

Til høgre for overskrifta står det: Isl. se antiqv. T. skr. 1849-1851 S. 258

Ved første strofa står det: isl. Kristin og f. skj. Omkv. norlendske?? og Jfr. Omkv. h. Syv S. 622




Oppskrift B

TSB D 274: Signelill og hennar søner

Oppskrift: 1859 av Sophus Bugge etter Elen Jensdotter Rolleivstad, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge h, 250–252

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Grannkona gjekk ti grannkona sí,
– so tungt gjerest mitt unge lív, –
å seg no meg adde råinne díne
– der æ so favert í lunden der dei kviler –

2. Seg no meg adde r[åinne] díne
no hev dei kom att adde sjuksønnine míne

3. Du gjeng deg at ei dyngje
der høyrer dú ormanne syngje

4. Du gjeng deg at ei túve,
der ser du ormanne smjúge.

5. Du gjeng deg av på bergje blå,
der sér du ormanne stóre å små.

6. Dú teke dei ormanne å bere dei heim
so sý dú dei ti kvíte bein

7. So gjekk [ho seg at ei] dyngje
[der hørde ho ormanne syngje]

8. [So gjekk ho seg at ei]túve
[der såg ho ormanne smjúge]

9. [So gjekk ho seg av på] bergje blå
[der såg ho ormanne stóre å små.]

10. Sóme stappa hó i sin barm,
sóme slengde hó uppå sin arm.

11. So tok ho [ormanne å bar dei] heim
[so sau hó dei ti kvíte] bein

12. So sló ho de i sylvarskål
sylvarskåli i lytir tvó.

13. So [sló ho de i] sylvarkrús,
so bar hó de í vertens hús

14. So sendte hó den eldste
den eldste sendte den melúng.

15. Den melung sendte den yngste
den yngste sendte si moder igjen

16. Kjære mi moder du drikk nå fyst,
for kvendi plag’ vere so morgótyst.

17. Den fyste drykk ho av de drakkOver lina står det: (Humpeleg)
gullkróna den av hovui sprakk.

*

Strofene er nummererte i etterhand.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 130–131. Over reinskrifta står det: [N. fornkv. Nr. 43]. Vidare: (Elen Rolleivstad fra Skafsaa)Ho var fødd i Skafså, men budde i Fyresdal.




Oppskrift C

TSB D 274: Signelill og hennar søner

Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge VIIIa, 32–35

Oppgjeven tittel: Moderen som vil forgive sine Sønner

*

1. Signelill ha seg dei sønnanne tvo
– Dei nórklædde menn. –
hó ville dei alli for ougó sjå.
– Dei vender dei greivens sønnene at Norland. –

2. Den yngste fór ti lange,
han ville ti mór si gange.

3. Eg vi’ ti mi móiræ heim,
um eg ska daape bå stokka å stein.

4. Signelill gjeng i høgelofts svali,
so séer hó eit skip på have fare.

5. Nó séer eg eit skip både gúll å blått
forvist hev eg sýtt de mæ ein fíngar små.

6. S[ignelill] gjek at lyngje
der høyrde hó ormen syngje.

7. Hó sette seg på ei túve
der såg hó ormen smygje.

8. Hó tók han upp, hó bar han heim,
hó sou han innei panne ti bare bein.

9. Hó sou han i ei panne,
hó sila de í ei syllkanne.

10. S[ignelill] gjeng at strande
mæ syllkannæ i høgre hende.

11. Då som hó kom né ti strand
så skout dee si snekkje på sand.

12. Vælkommen Over lina står det: atter? d’ sønnene mi,
no hev eg bryggjo å blanda vín.

13. Hó sendte ti den yngste,
han treio fyri den elste

14. So æ skikkjen på okkos land
han drikke fyste den mjøen ber fram.

15. Her æ Kynnesmess aften
nó ska qvende faste.

16. Her æ Kynnesmess vesse
kvende må ‘kje drikke.

17. Her æ no væll alli den fasta
so des må væl drikke av ei syllvarskål.

18. Hó sikla ti so grande
so tenkte de sille inkje komme på hennes tunge.

19. Men då de kom på hennes tunge
då sprakk leor å lungår.

20. Ja nó kan me sjå de bå’ store å små,
at moiræ vi’ drepe sit égje bån.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet. Over oppskrifta står det: IX 29. Gunnild Sundsli. Fyrresdal.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.