Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 55 Karl Høvding


Innleiing

Karl Høvding av Ramsøy vil gjerne gifte seg med jomfru Inger, men mor hans rår han frå det og minner om at Inger er trulova med herr Magnus. Karl seier at han vil ta henne med vald om han ikkje får henne med det gode. Han ber Torkjell, bror til Inger, om å byte klede med seg. Torkjell forstår at Karl har skumle planar og avslår, men når Karl lovar at Torkjell skal få søster hans, liten Kirsten, går han med på det.

Karl Høvding kjem no til bryllaupet. Han går rundt og skjenkjer, utan at gjestane veit kven han er, men når brura merkar at skjenkjarsveinen ikkje er ein av deira folk, gjev Karl seg til kjenne for henne.

Så kjem tida då brura skal leiast i seng. Karl Høvding stiller opp i prosesjonen og ber vokslys for henne. Brura blir sett opp i senga, og Karl sløkkjer lysa, slik at ingen utanom dronninga ser at han legg seg opp i senga hjå brura. Dronninga spring ned i salen og varslar brudgomen. Herr Magnus bankar på døra til brurekammeret med spjut og sverd og utfordrar Karl til å kome ut. I mellomtida har jomfru Inger gjeve Karl ei brynje som stål ikkje kan bite på og eit sverd som ho har herda i sitt eige blod. Slik væpna spring Karl ut av kammeret og drep herr Magnus og folka hans.

Karl spør om Inger vil kome til Ramsøy med han, og det vil ho gjerne. Karl held også lovnaden sin og gjev søster si og halve Ramsøy til Torkjell.

I balladane går bryllaup føre seg på den gamle måten. Giftarmål er ei avtale mellom to slekter, og det er ingen prest som spør dei to unge om dei vil ha kvarandre. Det avgjerande ritualet er sengeleiinga. Brura blir leidd i prosesjon med lys til brurekammeret, og der set dei henne opp i senga. Deretter hentar dei brudgomen på same måte og set han opp i senga. Når vitne frå båe slektene har sett at dei ligg i same seng, er giftarmålsavtala oppfyld. Morgonen etter dekkjer brura håret sitt med hovudlin eller koneskaut som teikn på at ho er gift.

Når Karl klarte å kome i seng med brura først, vart det oppfatta som eit giftarmål. Om Magnus skulle få henne att, måtte Karl drepast, men slik gjekk det altså ikkje i denne visa.

Det finst få norske oppskrifter av denne balladen, og berre éi er fullstendig. Det er ein variant som Sophus Bugge skreiv opp etter Hæge Olsdotter Årmote frå Mo i Telemark. Sjølv om denne balladen står i Peder Syvs Kjempevisebok, er det truleg ikkje Kjempeviseboka som har vore kjelde for oppskriftene frå Telemark; mange av strofene som Hæge song finst i andre danske variantar, men ikkje i Kjempeviseboka. Det same gjeld eit brotstykke som Bugge skreiv opp etter Aslak Årtveit frå Vinje i Telemark. Dette brotstykket går over i handling og strofer som vi kjenner frå balladen «Villemann og Magnhild» (TSB A 50).

Utsyn 109
DgF 389
Kjempeviseboka Fierde Part LXXXI (s. 681–685)




Oppskrift A

TSB D 55: Karl Høvding

Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge III, s. 143–145 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Karl Høvding. I.

*

1. [Karl Høfding han sidder pa Ramsøe,]
– Mín Rós å min hjertelige Kjære –
[Taler han om] ei [venne] Møy
– Den Stund man vindes Vivi. –

2. [Jeg vil mig ride op under] Øy
å feste hennar Inger den vene Møy.

3. Ti svara Karl Høvdings Moder:
«Du fær hæna inkje mæ góom.»

4.«Kann eg hæna inkje mæ góom få,
eg tek ‘æ mæ Valle, så hev eg ‘æ då.

5. Høyr du Torkjell, Stallbroder min,
vi’ du skifte Klæderne dine?»

6. «Dæ gjer eg ‘kje anten fyr Penger hell Gull,
eg svík ‘en Magnus, han æ’ meg hull.»

7. [Vilt du skifte din’ klæder med mig,]
Liten Kisten mi Syster [giver jeg dig.]

8. Eg gjeve deg Kirsten den vene Møy
å halve Delen i Ramsøy.»

9. Dei skifte Klæder å dei skifte Mår,
men han kunna ‘kje skifte sítt gúle Hår.

10. [Dei skifte] Klæi å Skarlakskinn
[men han kunna ‘kje skifte] sí Plómekínn.

11. Så rei dei framfy den [brude]skari.
[De vidste ikke] kven [Karl Høfding var.]

12. Så fýgde dei Brúri í Stoga inn,
Karl Høvding va’ mæ unde Skarlakskinn.

13. Så sette dei Brúri på Benkjir,
Karl Høvding gjekk på Golve skjenkte.

14. Stoga va’ varm å Mjøen va’ sat,
Karl Høvding va’ både lýs å rø.

15. Um tala Brúri í Benkjir:
«D’æ ‘kje vår Dreng’e som skjenkjer.»

16. Karl Høvding lútte ivi breie Bór,
han tala te Brúri eitt skjemtas Ór.

17. «Tig du stedde, du vene Møy!
d’æ’ Karl Høvding av Ramsøy.»

18. Så fýgde dei Brúri at Brúrehús,
Karl Høvding bar dei høie Voksljús.

19. Så sette dei Brúri på ein Stól,
Karl Høvding dreg av ‘æ syllspente Skó.Samlarkommentar: Det var Skik, at en Smaadreng trak den høire Sko af Bruden første Bryllupskveld, naar Parret skulde lægge sig, og en liden Gjente af Brudgommen; de fik de Penge, som var i Skoen.

20. Så sette dei Brúri på Sengji ne;
Karl Høvding han springe Veggen ti.

21. [Karl Høfding han] opp i [den brude-seng sprang,]
[Han] slekte út Ljósi mæ sí høgre [haand.]

22. Kven [er Niding i] dette [huus,]
å slukker Ljósi [for den unge] Brúr [lius?]

23. [Jeg er] ingjen [Niding, jeg vil have den møe,]
[Jeg heder Karl Høfding til Ramsøe.]

24. Dronningen udaf Døren løb,
Karl Høvding lukte den Høielofts Dør

25. «Hær site du Magnus, drikke Mjø å Vín:
Karl Høvding sover hos Bruden din.»

26. Dei skoto på Dynni mæ Glavin å Spjút:
«Æ’ du inne, Karl Høvding, så sjå herút!»

27. [Karl Høvding han sprang] ó den Brúreseng.
[Den Jomfru] slår gott Harnesk [over ham.]

28. «Her gjeve eg deg ei Brynje blå,
slett alli bíte dær Ståli på.

29. Her gjev eg deg [saa godt et sverd,]
í mitt eigji Bló [saa er det hærdt.]

30. [Karl Høfding ud af døren løb,]
[Sit gode sværd han for sig bød.]

31. [Han] vóg [i den] fyste [flok]
[Herr Magnus] unde [sin guule lok.]

32. [Han] vóg [i den anden skare,]
sjú hendes [brødre og brudens fader.]

33. [I] ei Ulykkest[und saa er jeg fød,]
[Min fader er for min] skulde [død.]

34. «Hør du Inger, du vene Mø:
vi’ du no fýgje te Ramsø?»

35. Så gjønni fýgjer eg deg [af land,]
foruden [nogen verdens mand.]

36. [Tak have Karl Høfding, han holdt] sine Ór
Han gav hånom Torkjell sin syster god.

37. [Han gav] hånom Kisten den vene [møe,]
å halve Delen í Ramsøy.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: En Mængde utrykte var. hos Grundtv.

Bugge forkortar fleire stader med tilvising til «Syv» (Peder Syvs «Kjempevisebok»), og forkortingane er fylde ut etter denne (utg. 1787, 681–685).




Oppskrift B

TSB D 55: Karl Høvding

Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Aslak Olsson Årtveit, Vinje, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge III, 145–146

Oppgjeven tittel: Karl Høvding. II.

*

1. Kung Magnus lader til Bryllaups bjóe,
– Min Rósenhjerte til kjære. –
Karl Høvding han lader sin Gangaren gullskó.
– Den Stund han vindes Vive. –

– – – – –

(Karl Høvding er i Brudekammeret.)

2. Kung Magnus bankar på Dynni mæ Fingrene små
– ved Strandi. –
«Lat upp, Karl Høvding, lat meg deg sjå!»

3. «Dæ va’kje gott å lata upp;
de æ’ så mange å me æ’ så få.»

(De tage Bruden fram ham. Kongen skal vies til hende; da de ride over Broen, tager Nøkken hende. Karl Høvding vinder hende tilbage ved sit spil.)

4. Han róna Toppen útav Tre I margen står det: (VI:)
å Honne av kvike Fe.

5. Han róna Hind ó Hagje
å Bån ótó Møyremagje.
– Den Stund jeg vindes Vinde.Feil for: Vive

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Oppskrift C

TSB D 55: Karl Høvding

Oppskrift: Udatert av Olav Sande etter ukjend songar, Indre Sogn, Sogn og Fjordane.

Orig. ms.: NB Mus ms 622:4, nr. 40, s. 7.

Ingen oppgjeven tittel


1. Og vil du vera herr Magnus møy?
– Min hjerte lilla rosa & min kjærast. –
Elder vil du fylgja meg til Ram(n)søyParentesane står i oppskrifta?
– Mens han hanmon findes i live? –


Strofa står til Sandes melodioppskrift.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.