Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 62 Knut liten og Sylvelin

[Øystein Grønnevoll]


Innleiing

Knut liten og kongen sit i drikkestova og talar saman om laust og fast. Kongen spør Knut liten om han vil byte hestar med seg, og den handelen kan Knut liten tenkje seg å vere med på. Men vilkåret er at han kan få kongsdottera Sylvelin i byte. Dette avviser kongen kontant:

Å sku ‘kje mi dotter bli bære [betre] gift,
hell ho sku gange i eit hesteskift.

Knut liten har likevel ikkje tenkt å gje seg. Han sprengrir til Sylvelins gard, og ho slepper han inn, kjærastar som dei alt er. Men Sylvelins terne er falsk, ho stel Knut litens sølvspente skor og dreg til kongen med dei. Først vil ikkje kongen tru henne når ho seier at Knut liten ligg med Sylvelin, men dei sølvspente skorne overtyder han. Han blir rasande og sender heile hæren sin av stad for å gjere kort prosess med Knut liten. Men det nyttar lite mot Knut litens kjempekrefter:

Knút líten han hoggi til han bleiv trøytt,
han kunn’ ‘ki sjá sóli fer mannerøyk
(Landstad [1853] 1968: 281).

Etter striden rir Knut liten til kongen og fortel korleis det har gått med soldatane hans, og han trugar kongen på livet med kniv og sverd. Då endeleg må kongen gje seg, og Knut liten får Sylvelin.

Det finst kring 40 variantar av denne balladen, dei aller fleste frå Telemark. Kongens avvisning av Knut liten som friar, jf. første sitat ovanfor, kjem frå ein variant etter Olav Talleivsson Lofthus (1830–1901), som Bugge skreiv opp i 1867. Sophus Bugge og Hans Ross skreiv opp åtte balladar etter Olav Talleivsson, som kom frå ei slekt med fleire gode balladesongarar frå Høydalsmo i Telemark (Jonsson & Solberg 2011: 421–431).

Landstad trykte visa som nr. 27 i Norske Folkeviser. Som nr. 26 trykte han ein ballade med så å seie same handling, med tittelen «Øystein Grønnevoll» (Landstad [1853] 1968: 274–282). Dei to visene er oppførde kvar for seg i Utsyn (Utsyn: 116 og 117), men har fått same TSB-nr. – dvs. 62 (Jonsson, Solheim & Danielson 1978: 92–93). Av melodioppskrifter har vi elleve, dei fleste frå Telemark. Den eldste er ei oppskrift av Lindeman etter Olea Crøger (Ressem 2014: 54–65).

På dansk finst balladen i nokre nyare oppskrifter (DgF VII: 286–298). Den eldste nordiske oppskrifta er svensk, frå Småland og 1690-talet, oppteikna av Petter Rudebeck. Her heiter helten Herr Grønborg:

Herr Grønborg han salade sin gångare grå,
så ville han rida i konungens gårdh
(SMB 3: 141).

Det finst mange riddarballadar med liknande tema som «Knut liten og Sylvelin»/«Øystein Grønnevoll», og det florerer med velkjende balladeformlar i dei ulike variantane. Noko av det som likevel skil denne balladen ut, er dei sølvspende skorne som helten har på føtene, og som i Landstads viseform blir brukt som avgjerande prov på at Knut liten har lurt seg inn til Sylvelin. Dei sølvspende skorne er med i Rudebecks tekst også:

Herr Grønborg han går til høga loffts broo
med Silkesticka Strumper och Silfverspenta Skoo
(SMB 3: 141).

Mange vil vel seie at elegante og sølvspende skor assosierer meir til kvinnelege brukarar enn til mannlege, jf. brørne Grimms eventyr om Askepott, eller evt. ein moderne roman som Hansums Pan. Men i balladen skal dei sølvspende skorne markere sosialt nivå og knapt noko anna.

Utsyn 116 & 117
DgF 422
SMB 76




Oppskrift A

TSB D 62: Knut liten og Sylvelin

Oppskrift: 1867 av Sophus Bugge etter Olav Talleivsson Lofthus, Eidsborg i Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge c, 9–18 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Kungjen å Knút líten dei sit ivi bór
– í så lilja –
dei tala so mangt eitt skjemtande ór
– so såre sørgjer Syølvilin for lille Knút í løyndom. –

2. Å høyrer dú Knút líten hot eg spyre deg
å ví’ dú no skifte dei folar mæ meg.

3. Ja sku eg no skifte dei folar mæ deg
so vi’ eg ha di dótter í býte eg.

4. Å sku ‘kje mí dótter bli bære gift
hell hó sku n‹o› gange í eitt hesteskift.

5. Kn[út] l[íten] han slær nå si hånd ímót bór
eg fær væl dí dótter for eitt gott ór.

6. Kn[út] l[íten] han salar út gangaren grå
so rider han hurtig te Sølvelítens går

7. Kn[út] l[íten] han klappa mæ finganne små
statt up SølvelítiSamlarkommentar: (sic) skrei lokunn ífrå

8. Ingjen stevnar so hev eg lagt
å ingjen so lukkar eg upp um natt.

9. Ja hev dú ingjen stevnar lagt
jau dú lukkar væl inn din kjærast so bratt,

10. SølvelitenSamlarkommentar: ? hó ha på seg stakkjen blå
so skreidde hó dei lokunn bå te å ífrå

11. S[ølvelíten] sette fram ein forgylte stól
der sku dú Kn[út] l[íten] leggje hósur å sko.

12. Åmafor mi sæng der æ ein gullknapp
der sku dú Kn[út] l[íten] hengje hanskar å hatt.

13. Så låg dei tesammen den nåttè så lang
ja hó som ei kjering å han som ein mann.

14. Tvý vorre den tærna hó va så útró
hó stol burt Kn[út] l[íten]s syllspente skó.

15. Den tærna hó ha på seg kåpa blå
so reiser hó so hurtigt at kungens går.

16. Her síte du kungje drikke mjø å vin
Kn[út] l[íten] han søve mæ datterenAlternativ lesemåte: dótteri din.

17. Å gakk burt dú tærne eg vi deg inkje tróAlternativ lesemåte: trú
de æ’ no så mange som dú hev logji på.

18. Å nådige herre dú ví meg inkje trú
sjå hérSamlarkommentar: (sic) hev dú Kn[út] l[íten]s syllspente skó.

19. Kungjen han rópa ivi alt sitt land
Å sta’e no upp mine gode hofmenn

20. Der samlede sig mange tusinde mand
som sværdet og brynjen så lett bære kan.

21. Så reiser dei sig ind til Sølvelitens går
dei vilde med hende um Knút snakke då.

22. Dei støytte på dynni mæd glavin å spjút
er du inne Kn[út] l[íten] so kom no herút.

23. Dei st[øytte] p[å] d[ynni] mæ brynjur for hals
Kn[út] l[íten] du æ nok en vågehals.

24. Kn[út] l[íten] han ség ut ígjenom vindauga såg
dé æ’ no so mange men mé æ’ so få.

25. Kn[út] l[íten] han svara eg æ’ inkje rædd
dé bíar væl líte te gúten blí klædd.

26. Kn[út] l[íten] han ség út igjenom dynnanne sprang
so rudde’n de róme so fyrr ha vore trångt.

27. Kn[út] l[íten] han hoggje te k mæ syllbúgje svær
han hoggje då né alle kjæmpunne der

28. Kn[út] l[íten] han hoggje te han tóss blí mó
te båe hånoms stevlar stó fudde mæ bló.

29. Kn[út] l[íten] h[an] hoggje te han blei no trøytt
te han kunn ‘kje sjå ennall’Samlarkommentar: (sic) blåó å røyk.

30. Kn[út] l[íten] han salar út gangaren grå
so rider han hurtig í kungjens går.

31. Gu dagjen min kungje du site no der
å líve æ dú vistnok vil taka av még.

32. Å høyrer du Kn[út] l[íten] hot eg spyre deg
hor æ’ no dei hofmennar eg senteSamlarkommentar: (sic) te deg.

33. Å Sóme ligge sjúke å sóme ligge sår
å sóme hev fengje sin jólekost íår

34. Kungjen må kaupe ség tí tunnur salt
um han kan få salte de mannekjøteSamlarkommentar: (sic) alt.

35. Å k[ungjen] m[å] k[aupe] s[eg tí tunnur] grøn
so fær en væl gjera ei pylse so skjønn

36. Kn[út] l[íten] han rister på blóutte svær
va’ dú ‘kje kungje men hot va’ du vær.

37. K[nút] l[íten han rister på blóutte] knív
va’ [dú ‘kje kungje] de si’ koste ditt lív

38. Kn[út] l[íten] Kdú stiller ditt søllbugne svær
eg gjev deg mi dótter du æ’ hænar vær.

39. K[nút] l[íten dú stiller] din blóutte kniv
eg [gjev deg mi] dótter det véne vív

40. Kn[út] l[íten] han lyfter på høiande hatt
Å farvæl kungje å dronningji gó natt

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 132–135, med overskrift: Knút líten å Sylvelí.




Oppskrift B

TSB D 62: Knut liten og Sylvelin

Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Lars Larsson Veslestøyl, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 215–219.

Oppgjeven tittel: VII. Knut liten

*

1. Knut liten han bankar på Dynni mæ roumåla stokk.
«Æ du Sølvelin heime, du læt’e væl oupp!»
– Så såre sørjer Sølvelin fer Liden Knut i løyndóm. –

2. Sølv[elin] sto upp, skredde lokun bå te å ifrå
så tukka ho fram ein stól så små:
Hér skå du sita å kvile uppå!»

3. Så tukka [ho fram] ein grindestól:
«Der skå du séta båte hósur å skó.

4. I kanten av min sæng dér æ en knapp
dér skå du hængja handskar å hatt»

5. Så sette ho seg i sængjiRetta frå: sængjen ne
Kn[ut] l[iten] han spring’e veggjen té.

6. Han tók me seg sitt svær av stål
dæ la’en mæ veggjen ou, så snålt

7. Men tvy vòrré den tærne, dæ va en snapp’e kjóv
ho stal burt Kn[ut] litens hònoms søllspente sko.

8. Så reste ho seg te kongsgaren inn
«Hér site du kongje, i denni ti drikk mjø å vin

9. Du site héran, drikk [mjø å vin]
Kn[ut] l[iten] han søve hos Sølvel[in], kjær datteren din.»

10. «Tvy vòrré deg tærne, eg vi deg inkje tru
her æ mange å inkje fåAlternativ lesemåte: uti min går som du hev lògje uppå.

11. «Høyrer du, du kongje, du erdu vi meg ikkje tru,
hér nappa eg Kn[ut] litens honoms søllspænte sko.

12. Kongjen blei i sinne ikkje go,
den bróne mjøen spilder‘n utivi sitt bor.

13. Så stó’n upp, rópa ivi all sin går:
«Høyr dæ, mine hòvmennan, dé klǣr díkkon i stål.

14. Dé må inkje klǣ diékkon falsk
dé kjenner K[nut] l[iten], dǣ hev alti voré en vågehals

15. Så klædde di seg uti brynjune blå
di batt på seg svǣri av dæ beste stål

16. Men Så rei di seg te Sølvelins går inn
[de ville mǣ Kn[ut] l[iten] i kampen at gå]Samlarkommentar: [tildigtet af Lars, da han blev opmærksom på, at der manglet en linje]

17. Dei støtte på dynni mæ gvinn å spjut:
«Æ du Kn[ut] l[iten] inne, du kjæme visst herut!»

18. «Høyrer dé, kongjens hòvmennar, eg spørja dékkon må:
«Hå mange æ dé nå i Sølvelins går?

19. Å æ dé nå fire hell æ dé nå fem,
hell hå mange æ dé nå av kongens hòvmænn?

20. «Å ikkje æ mé fire, å ikkje [æ mé] fem,
men me æ trèdivé utav kongjens hom hòvmenn.

21. Me æ kommen hérhit å stande en dyst,
me vi’ å visstnok tala mæ deg visst.»

22. «Ja når dé æ ‘kje fire å slett inkje fem
når de’ æ tredive av kongens hovmænn

23. så æ dé kje rædd
biar liten grand, té Liten Knut bli klædd.

24. Men då va Sølvelin mot K[nut] l[iten] så gó
ho skaffa honom sin’ egneSamlarkommentar: udtalt: «èngne» par sko

25. Så spænde han på seg dei spòræn af stål
så kasta ‘en på seg den brynju så blå.

26. Å Sølvelin stó upp, sprètte den brynjå så blå,
så tók han dæ sværi, mæ veggjen låg.

27. Sølvelin sto upp, skredde lokun ifrå
så gjóre han rómmt, dæ som førr ha vóré trongt.

28. Séa hoggji han te han blei trøtt å mo,
han sto i knèss i bare manneblo.

29. Så tók han hesten av stallen like frem
så rei ‘en seg te kongsgaren frem.

30. SomRetta frå: han nå kom seg te kongsgaren inn
ja dér sat den gò kongje, drakk mjø å vin.

31. «Vælkomen Kn[ut] l[iten] eg spørja deg må:
hòr æ dei hòvmènnæn eg skikka deg igjår?»

32. «Å dei alle æ sjuke å alle æ sår
du fær dei alle under feltskjær iår.

33. Du lyte hava deg ei tunne mæ salt
so fær du nok salte dæ galtekjøté alt.

34. Høyre du go kongje, eg spørja deg vi:
Må eg hava Sølvelin, hella gjæll dæ ditt liv?»

35. »Høyre du Kn[ut] l[iten], eg vi deg fulla væl:
du fær taka ‘ó Sølv[elin], du æ ó fulla vǣr.»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB D 62: Knut liten og Sylvelin

Oppskrift: 1892–93 av Hans Jacob Aall etter Tone Tomasdotter Lintveit, Brunkeberg i Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS H.J. Aall 1, 76–79.

Oppgjeven tittel: Knut Liten.

*

1. Knut Liten aa Kongjen dei sat yvi Bōr,
Iselilja
dei tala saa mangt et skjemtanes Or
– Saa saart sørger Sylvelin før Knut Liten uti Løindom. –

2. Høire Du Knut Liten, haat eg spyrjer Deg
Lyster naa Du byte Faalar me meg

3. Ja me skaa naa byte Faalar saa fin
du jir meg Sylveliti, kjære Datteren Din

4. Sille inkje min Datter bli bete jift
hell ho sille reise i et Hesteskjift

5. Knut Liten han sala ut Gangaren graa
saa rei han seg te Sylvelins Gaar

6. Knut Liten han banka me Finganne smaa
Stat up Sylvelin skrei Lokunn ifraa

7. Aa Ingjen saa heve eg stevnt te meg
aa inkje saa lokkar eg op fæ Deg

8. Aa kjære Sylvelin Du lokkar meg in
Du kjender vel Knut Liten, Kjærasten Din.

9. Sylvelin ha paa seg Stakjen blaa
skredde Lòkunn baat’ te aa ifraa.

10. Atta fe Dynni der sto ein Gulstol
der sette ho Knut Litens sylvspente Sko

11. Dei tenkte naa, dei va eine tvo
just sto der ei Terne aa lydde derpaa

12. Skam faa den Terna, ho va saa utro,
ho stal bort Knut Litens sølspènte Sko.

13. Den Terna ho jek seg for Kongjen in
Knut Liten han sover hos Datteren Din

14. Kongjen han blei saa ille me Or
den gode Mjø han spilte paa Bor

15. Kongjen han tala te sine Hofmèn,Samlarkommentar: Vers 15 kan ikke erindres

16. Kjære mine Hofmèn, klæd Eder ikje falskt
De kjenner vel Knut Liten e en Vaagehals.

17. Dei stak naa paa Dynni me Svær aa me Spjut
«Er Knut Liten her inne, saa skaa’n vel ut.

18. De va naa Sylveliti, ho va ikje falsk,
ho sprette Brynja om Knut Litens Hals.

19. Knut Liten seg utijønom Vindaugøie saag
han saag ikje Skojen fe Brynjunne blaa

20. Knut Liten utijønom Vindøie sprang
han rudde paa den Vejen, som før har vòri trang

21. Knut Liten han hógje, te han blei mo
han vadde te Aaklu i Manneblo.

22. Knut Liten han va saa ivrig i Skin
saa resste han seg te Kongjen in

23. Aa høire Du Knut Liten, haat eg spør Deg.
«Hor è dei ti Tusen Mèn, som eg sènte Deg»

24. «Somme ligge sjuke aa sòmme ligge saare
aa somme dei beres paa Likgebaar»

25. Knut Liten han riste paa bloutte Svær,
«Ha du’kje vaare Kongjen, ha Du vaare de vær.»

26. Knut Liten han riste paa bloutte Kniv,
«Ha du’kje vaare Kongjen, saa ha de golli Dit Liv.»

27. «Aa høire Du Knut Liten, Du stiller Dit Sin
eg jir Deg Sylveliti,Samlarkommentar: ø? kjær Datteren min»

28. Aa kjære Knut Liten, Du stiller Din Harm
saa maa Du sòva paa Sylvelitis Arm.

29. Kongjen maa koste seg tusen Tunnor Salt
om han skaa faa salte de Galtekjøte alt

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.