Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 71 Møya blir send bort til den rike greven


Innleiing

Ei jente har ein hemmeleg elskar, men dei næraste finn ut kva som går føre seg. Dei drøfter kva dei skal gjere med henne. Eit framlegg går ut på at ho skal brennast, men den yngste søstera vil at dei skal sende henne ut av landet. Slik blir det. Ho kjem først til ein rik greve, og der har ho det vondt. Likevel sender ho bod heim om at ho har det godt. Deretter sender dei henne til ein fattig («ring») greve, der ho har det godt. Då sender ho bod heim om at ho har det vondt.

Vi kan takke Sophus Bugge for at denne balladen vart fest til papiret. Han skreiv den ned på telemarksreisene sine i 1850- og 1860-åra, etter Signe Gjermundsdotter Napper (1788–1865) og Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland (1780–1865). Begge desse Skafså-songarane høyrde til dei fremste (Jonsson & Solberg 2011: 540–544, 521–538). Dei to oppskriftene etter Signe Napper er så å seie identiske, men noko ufullstendige jamført med andre nordiske variantar. Oppskriftene etter Bendik Sveigdalen er på berre to–tre strofer.

«Møya blir send bort til den rike greven» finst også på dansk, færøysk og islandsk. Dei norske og islandske formene av visa er truleg dei opphavlege (DgF VII: 566). Danske viseformer går tilbake til 1500-talet, og dei har gjennomgåande ei noko anna handlingsutvikling. Det same gjeld den færøyske tradisjonen (DgF VII: 565–571).

I byrjinga av visa har noko falle bort i den norske tradisjonen, og dette gjer at dei to første strofene verkar underlege. Når jenta seier at ho sat «så lengje og skodde [sin] fot» og «helt så lengje i dynnering», er det fordi ho er kalla inn på teppet til faren og er redd for straffa som ventar, jf. den danske C-forma:

Minn fader sende hannd bud ephtter mig,
bad ieg skulle komme och tale med sig.

Ie[g] stodtt lenge och børsted mitt haar,
ieg torde icke innd till min fader gahe.

Der ieg ind i stuffuen trænn,
benckenne ware satt med frendernne miine.

Benckenne war satt bode nedenn och op,
alle wille mig onntt och intted gaatt
(DgF VII: 568–569).

Balladeforteljinga er halden i eg-form, noko som er nokså uvanleg.

Utsyn 104
DgF 464
IFkv 45




Oppskrift A

TSB D 71: Møya blir send bort til den rike greven

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Signe Gjermundsdotter Napper, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 116–118 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Eg sat så lengje å skodde min fót
– Meg lèngjest no –
eg visste ‘kje dæ va’ min fader imót.
– For elskov tvingar man sorgjinn. –

2. Eg hélt så lengje i dynnering
ti jokulen hekk ette kvor den fing.

3. Kvor ska me hæna uppbrenneOver lina står det: (Fader)
hell me ska ‘æ av landi sende?

4. Min yngste systerAlternativ lesemåte: broder. I reinskrifta står (2den g.) etter dette ordet. var mig så god,
hoAlternativ lesemåte: han. I reinskrifta står (2 g.) etter dette ordet. la’ for meg så gott eitt ór

5. De ska hæna inkje uppbrenne,
di kann ‘æ av landi sende

6. Saa sendte dei meg så langt av land,
alt undiAlternativ lesemåte: under så rik ei greivars handAlternativ lesemåte: hånd

7. Um daganne stokk å stein eg dróg,
um nettanneOver lina står det: (ikke æ) sov eg på øyeskóg.

8. Så sendte eg den bo’iAlternativ lesemåte: bo’e tibakars,
eg ha’e der så go’e dagar

9. Så sendte [dei meg så langt av] land
[alt under] så ring ei greivars hånd.

10. Um daganne røde gulli eg spann,
um nettanne sov eg på ungesvenns arm

11. Så [sendte eg den bo’i] tilbakars
[eg ha’ der så] vonde dagar.

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 261–262. I reinskrifta finst nokre påførte opplysningar om innhaldet i 1. og 2. strofe. Over reinskrifta står det: [hørt 2den gang 1863] (Signe Napper fra Skafså.)




Oppskrift B

TSB D 71: Møya blir send bort til den rike greven

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 3 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Mi móer ska’ inkje brennas,
men hó ska’ av landi sendas.

2. Dei ville sende hæna so langt av land,
at hó si’ kji vite sitt faers navn.

3. Dei sendte hæna [so langt av] land,
ti so rík ein høvding i hånd.

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Over oppskrifta står det: (Bendik) HunUnder lina står det: Datter af Kongen havde fåt et Barn, mens Kongen var borte, saa vilde han, at hun skulde brændes, men Sønnen hendes sagde:

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 247.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.