Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 78 Herr Hjelmen


Innleiing

Herr Hjelmen har lokka ei jomfru og drepe far hennar. Når det i balladespråket står at jomfrua er lokka, betyr det at ho er forførd, oftast også at ho er gravid. Herr Hjelmen tilbyr å betale bot for drapet på faren og gifte seg med jomfrua, men brørne vil ikkje ha anna bot enn høgre hand og vinstre fot. Det kjem til kamp, og Hjelmen drep alle brørne bortsett frå Ole, den yngste, som tilbyr seg å vere han ein trugen stallbror om han får leve. Herr Hjelmen kastar brynja av seg, men då høgg Ole hovudet av han. Han tek hovudet og rir til søstera og viser det til henne. «Her har du hovudet av festarmann din», seier han. Ho ber han komme inn og få mjød og vin, men ho har lagt gift i vinen, og Ole døyr. Liket av Ole kastar ho ut i skogen og gjev Hjelmen ei fin gravferd. Ho døyr av sorg.

Denne visa høyrer til i ei gruppe som fortel at helten drep jomfruas far og brørne hennar (TSB D 65 «Riddar feller far til møya», TSB D 69 «Krist gjev eg var der soli renn», TSB D 70 «Peder Henriksøn», og ein dansk TSB D 77 «Herr Vilkor»). Men visa om Herr Hjelmen har likevel eit moment som tyder på at visa og kanskje heile gruppa kan ha ei rot i norrøn dikting. I denne visa får den yngste broren leve og han drep helten. Dette kan vi kjenne att i dei to eddakvada om Helge Hundingsbane.

I kvada om Helge Hundingsbane blir det fortalt at Helge får besøk på skipet sitt av ei valkyrje som heiter Sigrun. Ho kysser han, og dei vert straks forelska. Men far hennar, kong Hogne av Östergötland, hadde lova henne bort til kong Hodbrodd. For at Sigrun skal sleppe å bli gift til Hodbrodd, drep Helge både far hennar og Hodbrodd. Han drep også alle brørne hennar, bortsett frå Dag, den yngste, som sver ein truskapseid for å få leve. Helge og Sigrun gifter seg og får fleire søner, men Helge får ikkje noko langt liv. Dag kjenner at han har ein plikt til å hemne faren og brørne. Han låner eit spjut av Odin og drep Helge. Når Sigrun får vite dette, kastar ho trolldom over han. Han flyr inn i skogen, og Sigrun døyr av sorg.

I Noreg har vi berre ei einaste oppskrift frå 1864 av Sophus Bugge etter Gunnild Kjetilsdotter Sundsli i frå Fyresdal i Telemark.

I Danmark finst det ei oppskrift frå 1590, og i den endar visa med at den yngste broren gjev jomfrua til Hjelmen, og det blir eit lystig bryllaup. I Danmark og Sverige er det fleire oppskrifter, både eldre og frå yngre munnleg tradisjon. Alle endar i ein blodig familietragedie, men i nokre av oppskriftene byggjer jomfrua ei kyrkje over Hjelmen før ho døyr av sorg, og som i visa om Bendik og Årolilja (TSB D 432) veks det opp to liljer på grava, og den eine blomen tek den andre i fang.

Utsyn 121
DgF 415
SMB 82




Oppskrift A

TSB D 78: Herr Hjelmen

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 35–39 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Herr Hjelmen.

*

1. Herr Hjelmen han råddest med liden smådreng
kan du noko rå so råde meg denSamlarkommentar: (sic)
– So fromm er den svennen i sadelen –

2. Bæri rå eg inkji kann
tak hesten medRetta frå: sporer rí mandeleg fram

3. Tak [hesten med] sporer med karsken fót
og ríd so jomfruens brødre imót

4. Herr Hjelmen han rei ette vegjen fram,
der møter han jomfruens brøanne fem,

5. H[err] H[jelmen] kví rider du okkon imót
du vóg vår fader dú gav ingjó bót

6. Dú [vóg vår] fader der sør under øy,
dú lokka vor syster den véne møy.

7. Ja For dokkes fader ska eg gjereSamlarkommentar: (sic) bót,
å dikkos syster ska eg kalle mi mæ tróSamlarkommentar: (sic).

8. Mi vi inkje anna hava ti bót
hell høgri hånd å vestri fót.

9. H[err] H[jelmen] han hoggji å han va gram
han hoggji íhel jomfrúens brøanne fem.

10. Hennes yngste broder han ba for seg
å kjære H[err] H[jelmen] lat live meg.

11. Kjære H[err] H[jelmen lat live] meg
en trújen stallbróder ska eg vere deg

12. H[err] H[jelmen] han kasta bå brynje å brand
å tók so gråsvennen útí sitt fang.

13. Gråsvennen tók atte bå brynje å brand
å hoggje av H[err] H[jelmen] bå hovu å hånd

14. Gr[åsvennen] han stíge på gangaren fús,
han rí ti si syster å ba æ derút.

15. HerI står heri herAlternativ lesemåte i reinskrifta: Her står I her systeren min
her heve dú hovu på festarmann din

16. Ja heve eg der hovu [på festarmann] min
vælkomen íI-en er overskriven i kladden, her etter reinskrifta stoga drikk mjøir å vín.

17. Den fyste drikkSamlarkommentar: (sic) han av honni drakk
hass hjarta sunde i lytir sprakk.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 114–116.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.