Riddarballadar 1

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 91 Ynskjande møy


Innleiing

Ei jomfru belar til ein svein. Ho ønskjer berre å vere nær han og målar ut dette ønsket i fleire bilete:

Krist give dú va’ i den fagraste prest,
som kúnna for altaren stande
å eg var i ei altarbleie «altarduk»
måtte innfor den altaren hange.
(Oppskrift A, strofe 2)

Sveinen finn innvendingar mot kvart eit bilete jomfrua set fram:

De vøre ikkje gott i ei altarbleie vera
å innfor den altaren hange,
her kjeme so mang ein syndar fram
kunna hava den bleia av lande.
(Oppskrift A, strofe 3)

Oppskriftene består av rekkjer med slike ønske og svar. Jomfrua ønskjer til dømes å vere eit eple i ein apal, ei and på eit fagert vatn og eit gullbeksel i munnen på ein fager fole; men sveinen avviser alt dette.

I svenske og danske oppskrifter av denne balladen kjem det fram at sveinen avviser jomfrua av di han er bror hennar. Difor må dei skiljast åt i slutten av visa. Det finst spor av dette i dei norske oppskriftene; Sigrid Kosi frå Vrådal i Telemark song ei strofe som nemner bror og søster (oppskrift B, strofe 4), og omkveda etter sveinens svar gjev god meining dersom det er snakk om blodskam:

– De vøre stór úró,
sammen kommer to,
som inkje tilsammen måtte vera. –
(Jf. oppskrift A, strofe 3)

I Noreg er denne balladen berre skriven opp i Telemark. Sophus Bugge gjorde også oppskrifter etter Anne Lillegård og Åste Espeli, begge frå Eidsborg, og Moltke Moe skreiv opp nokre strofer etter Liv Bratterud frå Bø. Det kan nemnast at ei nokså lik rekkje av ønske og svar er teken inn i ei oppskrift av «Klagande møy» (TSB D 376). Også der er rammeforteljinga (som er bevart i svenske og danske oppskrifter) borte, og difor kjem «Klagande møy» til å likne mykje på «Ynskjande møy». Den amerikanske folkloristen W. Edson Richmond behandla oppskrifter av dei to balladane som variantar av éin ballade (Richmond 1957), men dei har forskjellig omkvede, og parallellstrofene er nokså forskjellige i rim og innhald.

(DgF VII: 410)
Utsyn 169
DgF 437
SMB 87




Oppskrift A

TSB D 91: Ynskjande møy

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Anne Ånundsdotter Lillegård, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 369–371 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Jeg stod mig op en morgenstund,
jeg hørte en nattergal sjunge,
der stod en jomfru beila til en svend
så liflig kunde røre sin tunge
– De vøre stor gammen,
når to kommer sammen,
som gjønne tilsammen vi’ vera. –

2. Krist give eg dú va’ i den fagraste prest,
som kúnna for altaren stande
og eg var i ei altarbleie
måtte innfor den altaren hange.

3. De vøre ikkje gott i ei altarbleie vera
å innfor den altaren hange,
her kjeme so mang ein syndar fram
kunna havaAlternativ lesemåte: før den bleia av lande.
– De vøre stór úró,
sammen kommer to,
som inkje tilsammen måtte vera. –

4. Krist [give] du [va’] den fagraste fole,
som kunna då gange uti lunde,
o eg va i eitt beisl av gull,
måtte hange i folamunni.

5. De vore ikkje [gott i eitt beisl av gull vera]
å [hange i folamunni.]
her kjeme [so mang ein] synd[ar fram]
k[unne hava det beisl] av låndo

6. Krist [give] dú va’ ein apall så vén,
som kunna då stande i reini
[o eg va] i eitt epli så fint
måtte hange på apallens greinir

7. [De vore ikkje gitt i] eitt epli vera
[å hange på apallens] greinir
[her kjeme so mang ein syndar fram]
som ville de eple fanger

8. Krist [give du va’] i de fagraste vann,
som kunna då fljóte på sandi,
å eg va’ i ei líti aand
måtte flattre der landsifrå landi

9. De vøre [ikkje gott i] ei líti ånd aand,
å neri den kjønni å svíve,
[her kjeme so mang ein syndar fram]
kunna taka den åndi ‹me› líve

*

Strofene er unummererte i manuskriptet. Over første line står: (Jeg klædde mig på) (Lom. II. 6. jfr. DgF. 48)




Oppskrift B

TSB D 91: Ynskjande møy

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Sigrid Jørundsdotter Kosi, Vrådal, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 265–6 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Krist give at eg jeg va’ en liten Fóle
å gang i grøne lunde
å give dúOver lina står det: Eg? va’ Krist give jeg va’ et begsel av gull
må‹…› hanga uti folamunde
– Dæ va’ stór gama,
dei tvo kom tilsama,
som så gjønne tilsammen vil blive –

2. Dæ va’ kje gott vera et begsel av gull,
å hange i folamunde,
der kjeme så mange syndarar fram
å skóar den hesten té tonnó,

3. Krist give eg va’ ei lite kjenn
å liggje herúti lío
å du va’ ei liti gullånd
måtte symje uti kjønni

4. Hosse kann grase på jóri gró,
når systeren sin broder vreden udsender
De var stor uró, dei ‹…› kom ihóp
både til angest å sorgjir.

5. Krist [give eg va’] ein lauk
[å] ‹stende› [heruti] lío
[å du va’ eit lite] grasstrå
[å] ‹måtte› mæ laukesie.

6. Dei kjeme så kalleOver lina står det: lange dei vintrane på
laukjen fell i lío
Der kjeme så mange dei skyttarar fram
dei skýte den åndi utí

*

Strofene er ikkje nummererte i manuskriptet.

Under oppskrifta står det: Hun ønsker at hun måtte dø.

Etter Sigrid Jørundsdotter Kosi er det også skrive opp ei strofe tidlegare i same handskriftet, men med det andre av dei to omkveda som høyrer til denne typen.




Oppskrift C

TSB D 91: Ynskjande møy

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Åste Rikardsdotter Espeli, Lårdal, Eidsborg, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge VIIIa, 129ff (reinskrift)

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Gud gjøveRetta frå: gjæva dú vøre ein altarí,
den venaste i kyrkja mon stande
å eg måtte vera eí altarblæieblus
å uppå den altaren hange.
– Dè va’ stor uró
dei to kom ihopes
i stòr angest å sorgjer. –

2. De va’ inkje gott vera altarbleieblus
å uppå den altaren henge
der kjæme so mangen Syndar fram
å vi’ for den altaren stande.

3. Gud gjøve [dú vøre] ein apàlé
å sto nere undeude reiné
å eg måtte vera eit eple av Gull
å hænge på apalens greinir.

4. De [va’ inkje gott vera et eple av] Gull,
[å hænge på apalens] greínir,
der [kjæme so mangen] Synd[ar] fram,
å slær de eapli av Greiner.

5. Gud [gjøve du vøre] eín fole
den vénaste som mónne gange,
å eg [måtte vera] eitt beisl’ av Gull
å hænge uti folans mund.

6. De va’ [inkje gott vera eitt beisl’ av] gull,
[å hænge uti folans] munni
der [kjæme so mangen] synd[ar fram]
å skoer den folen ti tånno

7. [Gud gjøve dú vøre] ein liten lauk,
å stó her nórnauudi líe
å eg [måtte vera] eitt liti grasstrå
å stande mæ laukesíe.

8. De [va’ inkje gott vera eitt liti gras]strå
å [stande mæ lauke]síe.
Der kjeme so kall en vetter på
at laukjen falmar í líe.

9. Gud [gjøve] dú [vøre] ei liti kjønn
å låg her nór unde líe
å eg måtte vera ei líti ånd
å uti den kjønne Skrie.

10. De [va’ inkje gott vera ei líti] ånd
[å uti den kjønne] skría,
der [kjeme so] mang[en] Skyttari fram
å teke den ånde av líve.

*

Reinskrift med ukjend handskrift.

Kladd: NFS S. Bugge i, 48–51

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 1

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 14 til og med TSB D 280.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.