Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 324 Målfrid, mi frue


Innleiing

Ein far har funne ut at dotter hans har ein elskar. For å setje henne til veggs stiller han henne ei rekkje spørsmål som alle viser at han kjenner tilstanden, men jenta er snartenkt og vrir seg unna med kjappe svar. Til slutt spør så faren om ho kjenner igjen det blodige hovudet som heng på salsbogen hans, og då tilstår dottera endeleg. Ho ønskjer faren det verste og brenner seg sjølv inne. Faren druknar seg, og det heile endar med dobbel død.

Det er registrert kring tretti variantar av denne balladen, som også blir kalla «Far og dotter», eller «Dei snøgge svara». Dei fleste tekstvariantane er frå Telemark, men det finst også oppskrifter frå Agder, Hordaland og Akershus. Sophus Bugge skreiv opp balladen etter fleire songarar, bl.a. etter Anne Ånundsdotter Lillegård (1792–1863). Det var elles Anne Ånundsdotter som kunne ei av dei to hovudformene av «Draumkvedet», og repertoaret hennar var stort. Heile trettiseks balladar song ho, for Landstad, Crøger, Jørgen Moe og Bugge (Jonsson & Solberg 2011: 437–441). Bugge trykte «Målfrid, mi frue» etter Anne Ånundsdotter med merknaden «optegnet af J. Moe og af mig», i Gamle norske Folkeviser, jf. oppskrift B. Dessutan tok han med ei form etter Hæge Olsdotter Årmote frå Mo og ei oppskrift av Jørgen Moe frå Hardanger (Bugge [1858] 1971: 115–122). Det finst fleire melodioppskrifter av «Målfrid, mi frue» frå tidleg på 1800-talet og langt inn på 1900-talet (Ressem 2014: 221–235).

Omkvedet i dei fleste variantane inneheld verbet «lure». Aasen skriv at dette verbet kan tyde «undrast», «liggje på lur» – men også «blunde», «sove» og vidare «kjærteikne», «stryke over kinnet». Den siste tydinga høver truleg best i visa.

Det finst ein god del melodioppskrifter med tekst til «Målfrid, mi frue». Ei av dei eldste skreiv kapellmusiker Polentz i Bergen ned på 1840-talet. Det finst fleire melodier frå Hordaland, Akershus og Telemark.

Balladen har funnest over heile Norden. Det klassiske skiljet mellom vestnordisk og austnordisk balladetradisjon gjer seg gjeldande ved at dei norske, færøyske og islandske formene viser innbyrdes likskap i høve til danske og svenske variantar. Såleis handlar dei vestnordiske visevariantane om ein far og ei dotter, mens det i danske og svenske variantar er tale om ein bror og ei søster. Truleg er opphavet til dei vestnordiske formene å finne i Noreg (Vésteinn Ólason 1982: 251–258).

Som det går fram av handlingssamandraget er dette opphavleg ei tragisk vise. Men i fleire variantar har sjølvmordsmotivet falle bort, og resultatet er blitt noko i retning av ei skjemtevise, til dels med «grove Tvetydigheder» (Bugge [1858] 1971: 115). Det finst også blandingsformer der både det tragiske og det komiske gjer seg gjeldande. Elles er det tydeleg at påverknad frå Peder Syvs Kjempevisebok eller frå danske flygeblad gjer seg gjeldande i enkelte variantar.

Utsyn 148
DgF 304
CCF 124
IFkv 34
SMB 156




Oppskrift A

TSB D 324: Målfrid, mi frue

Oppskrift: ca. 1800 av ukjend samlar etter ukjend songar, ukjend stad.

Orig. ms.: Universitetsbiblioteket i Trondheim, Gunnerus XA Oct. 687.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Broder spurte Søster ad
– tit og mange sinde –
Vil du ei giftes i vor Stad
– alt sørger hun for hierte Kiærest sine –

2. Ney o Ney o Broder kiær etc
ieg Endnu ei Mand voxen er etc

3. Vi hører ieg baade fra og tel etc
saa ofte at du giftes vil etc

4. Man høre saa vitt baade til og fra etc
det er en Daare der ‹…›iid ‹…› paa etc

5. Hvad er det for en Ridder fin etc
i morges reed af Gaarden Din etc.

6. Det er ingen Ridder fiin etc
Det var min Dreng paa hæsten sin.

7. Vad var det for 2 pr Skoe etc
i morges som for Sængen stod

8. Det var ingen 2 pr Skoe etc
det var mine Egne tøvler toe etc

9. Hvad var det for Kinder Smaae etc
i morges i din Sæng laae

10. Det var Ingen Kinder smaae
de Lege Ducker hos mig laae

11. Hvad var det for Børneskriig
som hørtes i morges græd hos dig

12. De Børn sig icke klager saa
min Pige græd for Nøgler smaa

13. Hvad er det for en Vugge skiøn
som ieg har seed hos dig i løn

14. Det var ingen Vugge giæv
det var min liggend Junker ‹…›

15. Broder vredst du mere
jeg ved dig give svar ‹…›

16. Voor Quindfolk fattes svar
‹…›Siste line er uleseleg fordi papiret er bretta og utslite.

*

Teksten er frå ei handskriven visebok.




Oppskrift B

TSB D 324: Målfrid, mi frue

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Anne Ånundsdotter Lillegård, Eidsborg i Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 160–161 (renskrift).

Oppgjeven tittel: Faer å dotter. I.

*

1. «Når hoAlternativ lesemåte: o M. faller dæn tykke dugg
– Målfrí mí frúvaAlternativ lesemåte: frúa M.
kví stytter ‘kje jomfrú stakkjen upp?»
– Tórelille ligger å lúrar, hó lúrar. –

2. «DærfyAlternativ lesemåte: Derfor M. stytter ‘kje jomfrú stakkjen upp,
ho tikjeAlternativ lesemåte: synes M. dæn stakk æ måtenAlternativ lesemåte: måte M. stutt.»

3. «Hot æ de fyrAlternativ lesemåte: for M. ein gangar grå,
som kvor dag for din døren står?»

4. «De æ’ inkje gangar grå,
d’æ mine gjæsar blå å gråAlternativ lesemåte: store aa smaa M.»

5. «Æ’ díne gjæsar laga så,
mæ røde gullbeisl å sadelAlternativ lesemåte: sale M. på?»

6. «D’æ ‘kje røde gullbeisl å sadel på,
d’æ gjæsans dónenAlternativ lesemåte: dóne M. blå å grå.»

7. «Hot æ’ de for eitt naki spjút,
som kvor dag leikar inn å út?»

8. D’æ inkje naki spjút,
d’er sólegjeisli leikar inn å út.»

9. «Æ sólegjeisli laga så
mæ naki svær å syllheftiAlternativ lesemåte: syllhefte M. på?»

10. D’æ ‘kje nakiAlternativ lesemåte: inkje for ‘kje naki M. svær å syllhefti på,
d’æ sólegjeisli lagaAlternativ lesemåte: leikar M. så.»

11. «Hot æ’ de fyr eitt nýtt par skó,
som kvor dag fyrAlternativ lesemåte: for M. dí sængi står?»

12. «D’æ’ inkje nýtt par skó,
d’æ Bragjes lampar båe tvo.»

13. «Æ’ Bragjes lampar laga så
mæ nýe skór å syllspenni på?«

Denne strofa skreiv ikkje Bugge opp etter Anne, men ho er sett inn i reinskrifta, utan nummer, etter Jørgen Moes oppskrift, merkt «M.».
D’æ ‘kje nye Skor aa Syllspenni paa,
d’æ Bragis Lampar, æ’ laga saa.

14. «Hot æ’ de fyr eitt líti kind
kvorAlternativ lesemåte: som kvor M. dag græt í búriAlternativ lesemåte: búre M. din?»

15. «D’æ inkje líti kind,
d’æ Bragi, hunden min.»

16. «Æ’Alternativ lesemåte: Æ’ en M. så Bragi, hunden din,
mæ silkjereiv å lind umkring?»

17. «D’æ ‘kje silkjereiv å lind umkring,
d’æ Bragis róva ligg í ring.»

18. «Ja fyrre trýte deAlternativ lesemåte: før trýter de vatten i M. ville hav,
fyrr de trýter datteriAlternativ lesemåte: dotteri M. svar.

19. Kjennes du mæ de blóutte hovu,
som heng uppí min sadels bogi?»

20. [Kjennes du mæ] dæn høgre hånd,
[som heng] í mittAlternativ lesemåte: min sadelsband?»

21. «Å ja, å ja eg kjenne må:
åtteAlternativ lesemåte: dæ eg åtte M. år hev sovi på.

22. Krist giveAlternativ lesemåte: gjeve M., de va’ eld í búre mitt
å så min faerAlternativ lesemåte: far M. der inna í.»

23. Å tvý sá vorre deg dotteAlternativ lesemåte: Gu forlaate deg dotter M. mí,
så vónt du ynskjer faer din.»

24. «Eg ynskjer ‘kje verre faeAlternativ lesemåte: faer M. min,
hell han villeAlternativ lesemåte: han hev gjort mæ M. dotteAlternativ lesemåte: dotter M. sí.»

25. Så sette ho eld på línklæi små,
så mone ho seg inn í búriAlternativ lesemåte: dærinni M. gå.

26. DåAlternativ lesemåte: Naar M. hennesAlternativ lesemåte: hennas M. búre meste brann,
då sprang hennesAlternativ lesemåte: hennas M. faer på villan vann.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Bugge har notert variantar etter Jørgen Moes oppskrift etter same songar. Desse er merkte «M.» i oppskrifta.

Oppskrifta er trykt i Bugge 1858, 117–119, med mange av Moes variantar.




Oppskrift C

TSB D 324: Målfrid, mi frue

Oppskrift: ca. 1860 av Anders Heyerdahl etter ukjend songar, Aurskog, Romerike, Akershus.

Norsk Folkekultur 1918 (red. Rikard Berge), Risør, s. 135–137.

Oppgjeven tittel: Malfrid min Frue

*

1. «Hvad er det for en Ganger graa
– Malfrid min Frue. –
hver Morgen for din Port at staa?»
– Torer lil,Note i boka: [I tone-uppskrifti tykkjest dette tvitake vera gløymt. Meiningi er truleg at tonen paa «Torer lil» baae vendune er den same.]
Torer ligger og lurer. –

2. «Det er ingen Ganger graa,
Det er nok min Moders Melkefaar.Note i boka: Hdskr.: Melke Faar.»

3. «Er det Moders Melkefaar,
Med Silkesadl og Guldbiksel paa?»

4. «Hvad er det for et to Par Sko
Hver Morgen for din Seng mon staa?»Note i boka: Hdskr.: staar.Note i boka: [Her vantar verse med svare.]

5. «Hvad er det for en Barneskrig,
Hver Morgen skriger i Buret dit?»

6. «Det er ingen Barneskrig,
Men det er nok Guldharpen min.»

7. «Og er det da Guldharpen din
Med Silkereiv og List omkring?.»

8. «Og kjender du den gule Lok
Som hænger ved min Sadel-Knap?»Note i boka: Hdskr.: Sadl og Knap.

9. «O! ja saa men jeg kjende maa,
I femten Aar jeg kjæmtNote i boka: Hdskr.: kjemnan. [uviss form]. den saa.»

10. «Og kjender du denNote i boka: Hdskr.: min. hvide Hand
Som hænger ved mit Sadel-Band?»

11. «Ja saa men jeg kjende maa,
I femten Aar jeg paa den laa.»

12. «Var Du ikke Søsteren min,
Skal Blodet rinde af Halsen din.»

13. Hun drak ham til med to Glas Vin,
Hun stak ham med hans eget Sværd.

14. «Lig nu der for Hund og Ravn,
Som saa forraader min Fæstemand!»

*

Originaloppskrifta er tapt.

Første strofa er skriven inn i notane. Her er «Torer lil» skrive berre ein gong, men omkvedet er skrive inn i kvar strofe, og då er «Torer lil» gjenteke.

Etter viseteksten har Rikard Berge gjort greie for andre oppskrifter av visa, historikk o.a.




Oppskrift D

TSB D 324: Målfrid, mi frue

Oppskrift: Udatert av Knut Laupedalen etter Ouver Bjønnflatine, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS Knut Liestøls papir.

Oppgjeven tittel: Far aa Dotter (stroke ut med blyant)

*

1. Hot er de for eit liti Kjinn.
– Maalfrid mi Fruve. –
Kver morgo søve i armen din?
– Toralill. –
Kver morgo søve i armen din
– Toralill.
Tora ligger og lurar. –

2. Det er inkje liti Kjinn.
De er Silkjelindi sveipt omkring

3. Hot er det for eit nytt Par Sko.
kver Morgo for di Seng der staar?

4. Det er inkje nyt Par Sko.
De er Ternors Tøflar stor’ og smaa

5. Hot er det for ein Gangar graa.
kver Morgo for din Dør her staar?

6. Det er inkje Gangar graa,
det er deres graa Gjæsar stor’ og smaa.

7. Nei aller tryte det Kvendeljod,
fyr tryt Vatnet i Østenfjord.

*

Over oppskrifta står: Uppskr. av Knut Laupedalen etter Ouver Bjønneflatine i Dalane, Kviteseid.

Omkvedet står også i 2. strofe (stroke ut med blyant).

Nedst i oppskrifta er melodien skriven ut for salmodikon.

I NFS finst og ei maskinskriven avskrift blant Knut Liestøls papir. Over avskrifta står: Hskr. Laupedalens samlingar. Med melodi (for salmodikon)




Oppskrift E

TSB D 324: Målfrid, mi frue

Oppskrift: 1898–1899 og andre, udaterte oppskrifter av John Lie etter seg sjølv, Olav Gunnarsson Tortveit frå Veum i Fyresdal, Telemark, og Liv Johnsdotter Rui/Lie og truleg Guro Halvorsdotter Gryte, begge frå Moland i Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge XCCCVI, 41–49.

Oppgjeven tittel: Tora lille

*

1. Hot er de fy ein gangar graa
– Maalfri mi fruve –
⁒ kver morgo for di dør her staar
– Tora lill’ ⁒
Tora ligger aa luri. –

2. De æ no ingen gangar graa
De æ stuten, Bure, med nyvlarne smaa.

3. De æ kji Bure med nyvlarne smaa
De æ gjygreryssa med bedlin paa.

4. Kven eige desse folar smaa
som stender med beitsli og salen paa.

5. De er no ingle folar smaa
De er mine gjæsar smaa og graa.

6. De er ‘kji dine gjæsar smaa og graa
med røe gullbeitsel og sale paa.

7. D’æ kji røe gullbeitsel og sale paa
De æ deira fjøyrir gule og blaa.

8. Hot æ de for eit nyt par sko
Kver morgo for di seng her staar.

9. De æ ikkje nyt par sko
De æ mine ternetøflar smaa.

10. De æ kji dine ternetøflar smaa
med smale hælar og breidt for taa.

11. Hot æ de for eit liti kinn
kver morgo lader i bure inn.

12. De æ no ikkje eit liti kinn
men de æ Bragi, hunden min.

13. De æ ikkji Bragi hunden din
med silkelindi sveipt ikring.

14. D’æ kji silkelindi sveipt ikring
De æ hunderova ligg i ring.

15. Kjenner du noko hausen den
som henger ve sadelbogen min?

16. Aa ja! Aa ja! Eg kjenne maa,
femten aar han i armen laag.

17. Han kunn’ seg skapa til hest og hund,
villte mit minne og batt min munn.

18. Han valedrykkjirne i meg laug,
aa ja! aa ja! No er han daud.

19. No minnes eg væl min festarmann
som eg trulova daa eg va baan.

20. Tora lill’ va no so gløgg ti gaa,
kunne kji fangas av trolle-raad.

21. Me slængjer hausen i skume-kro
og enno æ eg di festarmøy god.

22. Ja sanno æ du mi festarmøy god,
eg fekk so mange dei løyndarbod.

23. Tora lill’ gakk no kvil deg i seng
no tar du kje liggje aa luri leng.

24. Eg æ kji syvjug men gla aa kaat
endi er lange og myrke not.

25. Trollbedlen bruka so sløge raad,
lagde du va i langan traa

26. Danse no Maalfrid, no æ tid,
nye sko med sylvspenni i.

27. Dei dyrehonni paa borde stend,
den drykkjen du ynskjer i dei renn.

28. Duken din voven av aaker-ull
di borde altid av mat er fullt.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Etter oppskrifta står det: (vers 2 & 3 og vers 17–28 er dels etter bestemor og mor dels etter Olav Tortveit, som døde i Amerika 1908. Uppteikna hjaa honom – Tortveit, Buffalo River, Minn. U.S.A. – daa eg var der 1898–99.)

På tittelbladet til kvartheftet står det: Folkeviser. Fundne i Telemarken 1907 av Chatar. Elling. (Renskrevne og supplerede efter optegnelser fra mor, bestemor, Olav Tortveit ved Buffalo Rivver, Minn, U.S.A og andre gamle visekvædere af John Lie.) På same sida har Lie skrive med blyant: Detti er mine upskrifter. Eg heve ikkje dikta noko sjav i dei, men eg heve skrivi upp etter som eg heve høyrt deim av dei gamle her. Elling for hera ein sumar, so ba’n meg sjå paa dei visune han ha skrivi upp um sommeren og sjaa um dei va riktige. Han skjønna seg kje på det. Saa skreiv eg ut visune saales som eg har høyrt deim, men de blei so eg beheldt boki.

Første sida (strofe 1–5) er lesen etter kopi i Norsk Folkeminnesamling, Universitetet i Oslo.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.