Riddarballadar 2

Norske mellomalderballadar

Forrige Neste

TSB D 326 Dronninga gjev brura eiter


Innleiing

Herr Ivar rir ut for å by inn gjester til bryllaupet sitt som skal feirast med kongen og dronninga til stades. Brura er så strålande vakker at kongen seier like ut at han aldri har sett venare brur. Dette høyrer dronning Sofie og seier til Gjertrud, terna si, at dei blir spotta av kongen. Lovorda hans over den vakre brura set dei sjølve i skuggen, korleis skal dei kvitte seg med henne? Til dette svarar terna at mora lærte henne å veve og sy men aldri å drepe nokon. Likevel går dronninga til skogen og finn ein eiterorm. Ho tek ormen med heim, kokar han til det berre er bein att, knuser beinet til pulver og blandar det i drikken som brura skal få. Ho oppmodar terna til å drikke brura til, og brura døyr straks etter at ho har drukke. Brudgomen spør kven det som var som skjenkte brura. Berre spelemannen synest å ha sett det som skjedde, og han fortel korleis det gjekk til. Kongen dømer dronninga til å brennast, og terna blir forvist:

Kongjen var så hard ein mann,
han leidde si dròning på bålet fram.

Dròningji blei på bålet brend,
og liti Jertrud av lande send
(Liestøl og Moe 1959: 182).

Det finst fire variantar av denne balladen, alle frå Telemark. Utan Sophus Bugges samlarinnsats ville vi ikkje hatt desse heller, han står bak alle oppskriftene. I 1863 skreiv han opp ein variant etter ein av dei mindre kjende balladesongarane, Søvei Halvorsdotter Hågåviken (1794–1875) frå Tuddal. Ho var husmannsenke då Bugge møtte henne, og ho song nokre gamlestev, ei yngre vise og åtte balladar for han (Jonsson & Solberg 2011: 190–191).

Balladen finst også på dansk. Grundtvig rekna den som historisk korrekt i hovuddraga, dronning Sofie skulle etter dette vere Sofie av Minsk, dronning til Valdemar den store (1131–1182). Etter tradisjonen skulle dronning Sofie ha drepe Valdemars frille Tove, ved å brenne henne inne i ei badstove – noko som likevel aldri er bevist. Om dette kan vi lese i TSB D 258 «Valdemar og Tove».

Vi har fleire balladar om giftmord, som «Signelill og hennar søner», D 274, og «Herren Jennår», D 275. I alle desse tre balladane er det kvinner som med meir eller mindre suksess prøver å forgifte nokon. I det nordiske balladematerialet finst det likevel fleire balladar med mannlege giftmordarar. Giftmordet som ballademotiv har såleis vore utbreidt.

Sjalusi er drivkrafta når dronninga syter for at den vakre brura drikk av giftbegeret, vi blir mint om den vonde dronninga og den vakre Snøkvit i brørne Grimms eventyr. Det blir ikkje sagt i klartekst, men truleg er det berre spelemannen som vågar å seie noko om giftdrapet. Dei andre gjestene kan vere bundne opp av slektsskapstilhøve, dei er kanskje avhengige av kongen og dronninga og usikre på korleis kongen vil stille seg til at hans eiga dronning har teke livet av brura. Spelemannen, kunstnaren, blir talsmann for sanninga.

Utsyn 157
DgF 130




Oppskrift A

TSB D 326: Dronninga gjev brura eiter

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Targjei Targjeisson Kosi, Vrådal, Kviteseid, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge g, 91–96 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

Dæ va’ en som hed Ivar, som holdt Gjestebud, og alt var godt stelt Alt var i Orden, Kongen og Dronningen vare budne ind.

1. Kungjen tala av si fulle trú:
– Herre Palmen.Både mellom- og etterslengen står til andre strofa i oppskrifta.
NoEg hev egalli sétt så vén ei brúr
– Hei rósir ræddas ‘kje PalmenBåde mellom- og etterslengen står til andre strofa i oppskrifta.

Dronningen tog det hardt op

2. Droningji tala te lísle Gjærtrú
no blí mi spotta for Ívars úr

Dronning Soffía. Hun vilde have lísle Gjærtru mæ seg av at skógjen og overlagde med hende at de skulde forgive hende. Hun svared:

Reinskrifta har ei ekstra strofe her (2b): Droningji tala ti lísle Gjærtrú: / «Hossi ska’ me forrå den unge brúr?»

3. Mór hó lærde meg båti veve å spinne,
men aller noken elskógjen tvinge.

4. [Mór hó lærde meg båti veve] å sý,
[men aller nokon elskógjen] flý.

5. [Mór hó lærde meg båti veve] å bake,
[men aller nokon elskógjen] hate.

6. Dei gjekk upetti mæ bergji blå,
der såg dei ormanne Stóre å små.

7. Over verselina står det: píple (knaldra = låte[Dei gjekk upetti mæ] lyngji,
der hørde dei ormanne syngje.

8. Dei tók den ormen å bar han heim,
så sau dei han ti bare bein.

9. Denne strofa står skriven under den neste, men med tilvisingsteikn hit.Dei sló dæ at ei sylveskålAlternativ lesemåte: sylvarskål
[å skåli sprang sund, i lytinne] tv{å}o

10. Så sló dei dæ í eitt sylvekrús,
å krúsi sprang sundt, i lytinne sjú

11. dæ sló dei dæ at eitt sylvehonn

Så kom det i en Skaal, som holdt. Så fik de sníkje inn Drikken sin ved Bordet og fik sætte sig ved Siden af Bruden.

12. Droningji drakk ti hó lísle Gjærtrú
å Gjærtrú ti den unge brúr.

13. Den fyste drykkjen hó av honni drakk,
silkjeserkjen í holli brast.Mellom desse verselinene står det: (posna = trótna)

14. [Den] andre [dykkjen hó av honni drakk,]
Hjarta i Brøste sprakk

15. Brúri hó tala ti sin’ brukvinnur tvo:
No lýte mi okkon på dynni gå.

16. Hossi kann mi okkon på dynni gå,
her site så mange som undrast på.

17. Lat dei undrast dei undrast vi,
så lýt han út den nøydd æ ti.

18. Dei leidde hennar frå bóri fram
Då dei fekk brúri frå bóri fram,
hó seig millomSamlarkommentar: ? deires kvíte hand.

19. Då svara brúgomen på benkji
hokken va’ dæ, som brúri skjenkte.

20. Ti svara spilemannen på benkji
dæ va’ droningji, som brúri skjenkte.

21. Soffia drakk ti hó lísle Gjærtrú
Gjærtrú drakk ti den unge brúr.

22. Kungjen heitta på drengjinne tvo:
di reiser på skógjen å høgger ti bål.

23. Di høgger dæ båli av víggjer å bjørk
så stende ellen båt heit å sterk.

24. [Di høgger dæ båli] av eikji
så stende den ellen heite

25. Der stó um baali saa mang ein mann,
å ingjen ville leie den droningji fram.

26. Kungjen han va’ så har ein mann,
han leidde sjav sí droning ti båli fram.

Reinskrifta har ei ekstra strofe her (27): Droning Soffia blei uppbrende, / lísle Gjærtrú av landi blei sendt’e.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge IV, 172–175, med overskrift: Soffia (Targjei Kosi. Vraadal.) Reinskrifta er noko annleis enn kladden, spesielt i prosaen mellom strofene.




Oppskrift B

TSB D 326: Dronninga gjev brura eiter

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Søvei Halvorsdotter Hågåviken, Tuddal, Hjartdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 229–231 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel

*

1. KongenÍvar kom seg rí i gåł
– Herre Pærlin –
úte stó kongen va’ sveft í måł.
– Unde rósa bær ikkje palmen. –

2. kongen tåłå te droningji sí:
Eg hev ikkje sétt so vént ei’ vív.

3. Kjærsti tålå te líta Jærtrú
No błí me spotta ta Ivars brúr

4. Kjærsti gjekk inmæ túvunn
hó såg dem ormein smúge

5. [Kjærsti gjekk inmæ] bersveggjinn błå,
[hó såg dem] o[rmein] både stóre o små

6. Hó tók dem ormein, bar dem heim
so kóka hó dem ti bære bein

7. So sló hó den drykken at søłvanskål,
ó søłvanskåle í stykkjé små.

8. Kjærsti drakk te líta Jærtrú
o líta Jærtrú te Ívars brúr.

9. Da dem ledde ó út, da va ho hvid,
da dem ledde hó innatt, da va’ hó som a’ lík.

10. [Da dem ledde ó út, da va ho] rø,
[da dem ledde hó innatt, da] var hó [som] dø.

11. Upp reis Ívar, í benken sat,
hokken æ’ de, som skjenkje so hart.

12. Ingen kunna gjøtaa eitt ół,
anen hell spelemann på gøłve stó.

13. Kjærsti tró på spelemans fót
kvíAlternativ lesemåte: kunna dú kje tagt ivi einsless ół,

Strofe 13 og 14 har bytta plass i reinskrifta.

14. Ingen æ de som skjenkje so hałt,
anen hell Kjærsti o líta Jærtrú

15. Kjærsti błei på ellen brend,
o líta Jærtrú ótó lande send.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 234–235, med overskrift: Dronningen og liten Jærtrud. (Søvei Hågåvíken. Túddal.)

Bugge skriv ein bølgjestrek (∼) under l-ane for å markere tjukk l. Her er dei attgjevne med «ł».




Oppskrift C

TSB D 326: Dronninga gjev brura eiter

Oppskrift: 1874 av Sophus Bugge etter Margjit Haraldsdotter Trongkleiv, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge b, 143–145 (kladd).

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Dronningji tala ti líti Jærtru
– Herre Palme –
Nå blí me spotta fe Ívars brúr
– Men dei rósunne æ inkje fallne –

2. Min móder hó lærde meg spinna å baka
men hó lærde meg ikkje te noken skulle forhata

3. [Min móder hó lærde meg spinna å] veva
[men hó lærde meg ikkje te noken skulle] forgjera.

4. Jomfrúga reiste te fjóspíka sí

5. Reis du deg te lyngji
so høyrer dú ormanne synge

6. [Reis du deg te] túva,
[so] høyrer [dú ormanne] smúga

7. Tak dei upp å ber dei heim
å kóke dei te gvíte bein

8. Jomfrúga skjenkte på líti Jærtrú
líti Jærtrú på Ívars brúr

9. Dei bar hó ut då va ho ‹hvit›
[dei bar hó] innat [då va ho] i lík

10. [Dei bar hó ut då va ho] rø
[dei bar hó innat då va ho] dø

11. Kongjen upp av benkjen stó
hokke va de, som skjenkte på Ívars brúr

12. Spélemannen upp av benkjen stó
de va dronningji å liti Jærtrú

13. Dr[onningji] tró på spelemannens fót
so blóe spratt í gvort naglerót

14. Dronningji blei på båri brend
å líti Jærtru av lande sendt

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 155–156, med overskrift: Droningji aa liti Jærtru. (Margjit Traangkleiv. Selgjord. 1874.) Mellom overskrifta og balladeteksten står det: [Begyndelsen mangler]

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Riddarballadar 2

Riddarballadane er den avgjort største av alle dei seks balladegruppene. Her finn vi viser med mange og sprikande emne. Samla sett gjev riddarballadane likevel ei tilsynelatande realistisk skildring av livet i adelsmiljø, men så å seie alltid med vekt på dramatiske hendingar som forføring, sjalusi, brurerov, valdtekt, utruskap og drap.

Erotisk kjærleik og alle komplikasjonar som kan følgje med den, som standsskilnad og foreldreautoritet, står nesten alltid i sentrum. Ikkje minst kretsar riddarballadane om døden, den uventa og nådelause døden, som verken den unge brura eller brudgomen slepp unna. Motsetninga – og samanhengen – mellom kjærleik og død har appellert til mange, og er truleg ein hovudgrunn til at det vart dikta så mange riddarballadar.

På grunn av storleiken er gruppa delt i to i denne utgåva. Dette bandet inneheld balladetypane frå TSB D 283 til og med TSB D 436.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.