Siste leveåre

av Olav Duun

I

5Ein dag fekk Håkon bud om døden. Han hadde eit lite år å leva i, så var det slut med det.

Det var ein dag frampå vårparten, ein vanlig og vakker dag. Han visste ikkje kvifor han valde seg ut denne dagen å gå til dokteren, men det vart no slik. Han kunde ha gått før, eller òg kunde han ha sett det ut ei tid enno. Det var lenge sia han kjente det, der hadde komme ein lagna over han, han var dømt både utanfrå og innanfrå.

Så ein vakker dag var han på veg til dokteren ja. Om han verkelig var sjuk? spurde han seg. Det er det eg vil vita, svara han. Heime hadde han ikkje sagt nokon ting. Dei såg ikkje ut som det skilde dem, ikkje Ragnhild nei, hans eige kone, ikkje Hallvard heller, einaste sonen hans, vesle Tale vilde han ikkje snakke om, ho var berre ein 4–5 år ho. Dei åtte ikkje aning om anna enn sitt; som vel var no det.

Slik var det med dagen òg, han var så reint utan aning. Kvite nysnøen, han kom bort nær sagt med ein såg på han, fjorden blikka i mot ein så vassblankt han var mest ikkje til, kvitskyene stod still høgt oppe i himmelblånaen; så rann der 6eit kaldt andedrag gjenom det heile. Ein kom visst til å minnast det all sin dag. Den stunda ein hadde att, burde ein vel heller seie.

Håkon syntes han hadde sove til no, i alle dei 5–6 åra etter Ragnhild kom heim, det hadde gått så stilt og lykkelig, til han merka her i vinter at han var sjuk. Men da vakna han og såg at han gjekk som ein tust på garen, ein tust for heile bygda. Slikt kom ventelig for ein når ein ikkje var frisk lenger, men dette var sant?

Ja visst var han sjuk, men han hadde ikkje gitt det nokon ans, han kjente det og glømte det: Hjarte var gale, og hovude med, stundomtil, det var aldri som det skulde vera. Heile kroppen var i grunnen ukjennelig. Det kunde da ikkje vera berre sjela i han som var skral?

Å nei da. Og i dag skulde han få vita det. Det var forunderlig, mest som noko nytt og stort venta på han. Han var rolig da han gjekk, enda han hadde det klårt for seg kor mykje der stod på spel for han. Der fanns mange som utan skade kunde vera sjuke, dei kunde ta seg fri og døy for den saks skyld, det vart ikkje ein gong ei skam, men slik var det ikkje for han. Av mange grunnar var det ikkje slik nei. Han vart nøydd til å sette seg opp mot sjukdommen. Det var et lite syn kor kaldt Ragnhild undrast over han i dag da han gjekk, som over tomsingen der han fer og rek og er ingenting til. Men kanskje ho iddest ikkje ein gong undre seg? Og Hallvard ja, han var berre 7ein 13–14 år, men sjøl veit kva han tenkte om far sin.

Best han stod på dokterkontore, da merka han at dette hadde han opplevd før, kvar liten tingen auga fall på, og den vesle rørsla det skapte i han, seg sjøl og alt som var den stunda her, ja og så svare han kom til å få av dokteren. Slik og slik ja gjekk dokteren han over og røkte etter feilen, just slik var andletsdraga hans og blikke, med det stod på og da han var ferdig. Ja ha og jau.

Svare kom det òg ja, isi tid. Same orda og same tonelage, uendes vârhendt. Resten sa han ikkje, for han sa minst mulig denne nydokteren, men Håkon las det i tankane hans, så tydelig som bokstavane på veggen der. Da spurde han like godt beint ut:

– Men eitt leveår må eg da ha att?

Dokteren såg på han. – Eitt? sa han. Hm! kremta han. Han sa meir òg, Håkon hørte det låge rustfengde måle hans, noko om korles han skulde leva og vera varsam, fleire gode dokterord. Han veit ikkje at eg veit det, tenkte Håkon.

Eitt år ja. Ikkje på dagen kanskje, han visste ikkje på ein prikk kva dag ein laut rekne tida i frå, men eit år var tida hans. Dokteren var lei for at andlete hans hadde fortald det.

Han gjorde seg ferdig hoss dokteren og gav seg til å gå heim.

Same lysmilde dagen ute. Himmelen tok alt til å kveldfarge seg vestpå. Så fredsamt er det 8vi kallar naturen, når ein augefestar det, godt og kvardagslig, liksom live, kunde du seie. Ja ja, slik såg desse tingane ut, i dag, tenkte han og gjekk.

Ragnhild spurde om han hadde vore ute og gått.

– Ser så ut, svara han, og da kunde han ikkje anna, han smilte. Vilde ho vita meir, da fekk ho spøre meir. Men det gjorde ho ikkje, ho hadde anna å tenke på, i dag som elles. I dag som ein annan dag ja, han slo det fast og var fornøgd med det.

Og kvelden vart det, folk gjekk og la seg og gav seg sømnen i vald. Håkon gjorde det same. Han låg ikkje vaken stort lenger enn han pla gjera.

Midt på natta vakna han opp utor ein draum, og det var same draumen han hadde ei natta før. Han hadde set ein veg framfor seg, eit lite stykke bortgjenom bygda, og det var den vegstubben som var tilmåta åt han. Vegen sjøl fortalde han det, berre han såg på han, – og der borte ser du sluten, sa han. Sola lyste over vegen, men det var ei sol han aldri hadde set før, den hadde ingen set! Det var eit utrivelig vakkert lys; ein vart åleine i det, all verda hadde gått der i frå.

Dette var berre ein draum, berre vås som tankane fann på når ingen styrde med dem. Men, det var like vel sant nok, for han. Han såg eit par stjerner ute på himmelen, og fresta blunka til dem: jau da, han kom i hug korles det stod til. Han sovna i frå det att. Om morgonen låg han 9ei stund vaken før han stod opp, låg med hendene under nakken og såg i take.

Sia om dagane såg han same sanninga, best han gjekk eller stod. Det var så trulig at han skulde døy i frå det som var i kring han; det var siste vegstubben sin han heldt på og gjekk, og mo åleine var han. Han visste at om han såg i kring seg etter råd eller hjelp, da vilde alle og all ting slå ned auga for han, slik dei gjer det for nøda, for hjelpeløysa. Da tok han heller til med arbeidet sitt. Det hendte han plystra seg ein tone eller to, lat det vera så barnslig det vilde.

*

Han var meir sjuk enn han brydde seg om å vita. Det var særlig over veikryggen det var så rart, der i frå rann maktløysa ut i all kroppen, han kunde bli ståande og svimre best det var. Nå, men datt gjorde han ikkje. Og hjarte kom att om det var aldri så borte tak og anna.

Arbeide og maten hadde dokteren nemnt. Håkon for rådelig fram med båe delene, når han da kom i hug det. Oftast tenkte han på andre ting, tenkte nærmare over eitt eller anna som han hadde snudd tankeløysa til før.

Det var for seint no, men han vilde gjera det like vel, sjå tilstande sitt i auga, det han var eller hadde vore. For no var han da vaken nok til det.

Det var det først og fremst, at han hadde gått her og trødd og vilde vera bonde, vera heilt ut det han var skapt til. Bonde ja, bonde-mann.

10Dei lo gjerne til han nokon kvar, for han hadde verkelig trudd han var det. For dei hadde set det all tida, at det var just det han ikkje var.

Det var han som sendte kona si på tukthuse. Ho hadde komme i skade for å slå i hel eit menneske, og det var far hans, men kva slag menneske var han? Han var ikkje eit menneske. Og han, Håkon Dale, dømte henne og sendte henne i veg. Enten det var rett eller gale, som dei kallar det, ein verkelig bonde hadde aldri gjort det. Kunde umulig ha gjort seg så mykje mindre enn henne nei, så rett-ferdig.

Først han synte seg så såg dei det. Om dei var stort friskare innvendes dei, var eit spørsmål for seg, eit spørsmål for dem. Men der var dei. Og der var Ragnhild sjøl. Ho lest som ho ikkje hadde set nokon ting enno.

Og der var Periander Henningstad, som han kom til å svike ein gong. Periander tilgav det, men Håkon ikkje. Han hadde gått og hata han og vilde vera ansles enn han. Ein bonde vilde ha funne seg einkvart anna å bale med. Og ein bonde sat ikkje og åtte eit mølnbruk som han mól seg til armodsmann på, ned og ned for kvart åre, så jorda måtte skjøtte seg sjøl mykje godt. Han hadde set det før no, men han åtte ikkje hjarte til å gjera ein ende på det. Han var ikkje mann til å kreve inn mølnleiga ein gong.

Ragnhild sa ikkje noko om det heller. Så lite av von såg ho framfor dem. Ho tykte heller 11vondt om han. Det var ingen konst å sjå det no.

Ein dagen såg han det same i auga til Hallvard.

Han vart nøydd til å snakke åt han for einkvart lite. Han gjorde det mildt, for det var rettaste måten med Hallvard, når ein berre kom i hug det. Hallvard, den skarvnakken, ein vart huga på å rishy han somtid. Først fór han med all slag som ulovlig var her i garen. Etterpå stod han og såg ned og umaka seg ikkje med å nekte, kunde enda dra på smilen når han fekk høre om streka sine. Først såg han ned ja, men så kunde han sjå beint i auga på ein, på sin eigen far.

Det kom for Håkon somme gonger, at denne gutknekten var opfunnen av ein fiendsmann, til eit pek for foreldra sine. Men i same stunda tykte han det òg, at han var skapt av Gud sjøl i ei ledig stund, det fall seg slik, – så kunde dei sjå kva der vart av han.

Denne gongen hadde han og ein annan gut-tosk vore borti ein av grannegarane om natta, hadde sett bjølle på grisen, sett dombjøllkransen på den store galten og slept han ut. Grisen til å renne og ringe alle husa rundt, midnattes tid, han sprang seg tvert galen. Kvifor Hallvard fór med slikt? Berre idelig synd og kåtskap. Eller om der var eit gryn med hemn i det denne gongen? Den gjenta det gjekk ut over hadde ein gong tukta han på ein slik måte at han vart uverdig framfor kammeratane, han var så liten enda at ho kunde handsama. 12han som ho lysta. Det var vondt oppfunne, og det sat kanskje i den dag i dag.

No var ho slik ei stasgjente, og ho var høgt forlova, med ingen ringare enn prestsonen, og han var snart prest sjøl. Men gjenta ho stal seg ut i lag med simpelt folk, og denne gongen kom ho heim frå dans samen med ein vanlig gutslamp, just da galterenne tok til. Folke på gåren fór opp og ut, far hennes føre dei andre, og sprang seg beint på parfolke som hadde komme til gars, – det var lyse vårnatta, og dei to syndarane var så forstøkte dei fresta ikkje komma seg i skjul ein gong. Det vart inga lita stund ute i tune, kan ein vita.

Men einkvan kom vanvares til å sjå bort under stabure, og der låg dei to skarvane som hadde fått stasen i stand. Juling slapp dei, men foreldra vart vârskudde om sønene sine. Og Håkon tok for seg sin.

Da var det han såg dette i auga hans. Dei tok som ein takst på han; dei skjønna ikkje at han sa nokon ting. Det var ikkje vondskap, berre undring: han kjem og er far min, han står og tuktar meg, men garen har han vanstelt, og kvennbruke har han vanstyrd, han let seg snyta av kvar den som berre vil, kor lenge kjem vi til å finne oss i han, tru? Men eg kan tie og ta i mot, ikkje farlig med det. Alt dette syntes Håkon dei fortalde han i ein blunk.

Eg bør vera mild tvert igjenom no, tenkte han. Eg som er sett utanfor. Men hardt var det. Han 13vart maktlaus, han laut gå og sette seg. Bak i ryggen dunka det tungt, dunka og minte han om tilstande. Hjarte tok til med konstene sine det òg.

Han vart sittande og sjå eitt og anna. Det tok han seg tida til oftare etter kvart. Kvifor ikkje? Eit år er bra langt til det bruke. Sjå over det ein er ferdig med lyt ein gjera, same korles det ser ut.

– Men han innerlig fortære! sette han i. Det hadde han gjort eit par gonger før òg, etter dødsdommen fall over han. Ja, for dei andre skulde leva dei, og han skulde døy! Det er ein skilna det, godt folk. Har de røynt det, nokon av dykk? Har de lese dommen dykkar i dokterauga? Nei. Det er meg det gjeld. Meg personlig, eg skal lide døden eg. De kan tenke på andre ting.

Det hendte han vart huga på å snakke med eit menneske. Det vart han no òg. Da kom han til å tenke på Lea. Ikkje for det at ho var søstra hans, halvsøstra hans, men ho var eit dumt og forunderlig menneske. Einkvan kalla henne ei gjeit ein gong. Den gongen kjente han på seg kva blodhemn var for noko.

Eit dumt og forunderlig menneske ja. Det var Ragnhild òg, men det var på eit anna vis. Henne var det umulig å snakke med, for han; – det er eg ventelig for liten til, tenkte han og hadde det vondt. Ho skal leva og sjå det, meir og meir, at eg var eit ingenting på jorda. Fattigdommen blir einaste minne etter meg, skyld og gjeld og 14småmanns-kår. Han og far hans, tenker ho, og så slepper ho det utor tankane att.

Var det ikkje så sant som det er, sa han og reiste seg, da skulde eg vera like blid.

Men ein dagen såg han sanninga i det, sjølve meininga med det.

Det var ei vakker stund da det gjekk opp for han, jorda vart fager under himmelen.

Han såg at han hadde fått eit år til å fullbyrde seg i. Eit nådensår. Rundt i kring deg er jorderike, og det er fullt av verdiar, av store og små ting som ventar på deg, at du ser dem og eignar dem til deg og er herre over dem. Verre er det ikkje nei, menneske er sett ned i verda og skal vera herre der, over verda og over lagnaen sin.

Og når ein har vorte Håkon Dale på Stavsund, slik og slik innvendes og utvendes, da er ein det. Da er du det ja, du er han og ingen annan. Resten lyt du ordne sjøl, med hovud og hender.

Og eit år, ser du, det er mykje levetid det. Du kan arbeide deg opp utor elende og døy med æra.

Han gjekk lenge i kring og såg og undra seg. Det vart meir og meir sant. Han måtte sette seg og kvile og vera rolig mann. Det hasta ikkje, det stod ikkje om ein dag eller to.

Der såg han Ragnhild, ho gjekk over tune, gjekk vegen sin frå stabure til kjøkene med veslegjenta etter seg, såg ein gong hit og ein gong dit. Ho vilde kanskje ha ropt han inn til måls. Ho 15visste ikkje at han sat der, og slett ikkje kvifor han sat der, tenkte ventelig ikkje på det heller.

*

Ragnhild gjorde det. Der var eit par ting ho skulde ha snakka med han om, men det var lite å sjå til han i det siste. Der måtte vera eitt eller anna som plaga han. Han burde aldri ha havt så mykje styr for seg, så mange planer og slikt. No var det dette med Hallvard òg, – ho måtte le, best ho gjekk, enda ho var hjartans harm på gutungen: gjenta kom vel knapt til å smake fleske av den grisen, veit eg? Ja visst var det stygt gjort, Håkon fekk jamenn kviste etter knekten litt ålvorlig. Men så uhuglig lett som det var å skjønne gutungen: Kvifor skulde der ikkje vera litt musikk når der kom folk til gars?

Men Håkon hadde ho undrast litt på i det siste. Han kom heim så merkelig i andlete her ein dagen, enten han var glad eller nedfor visste ho ikkje, men noko var det, og sia vart han for det meste gåande slik. Som Lea sa, det var all denne økonomien hans som åt han opp. I det siste var han til med redd at ho skulde få vita om all skylda dei stod i. Ja ja, hadde ho tenkt, når så var, da vilde ho heller ikkje vita om det.

Med kvart kom det for henne, han hadde kanskje fått seg eit vondt ord av einkvan. Det kunde vera om henne for den saks skyld; det var no så at han hadde ein tukthuslem til kjerring. I grunn og botn tok han seg ikkje nær av det, dei hadde 16talast ved om det mange gonger. Men det var før. No om dagane såg han hårsår ut.

No ja, litt skal ein ha for det ein fekk bli menneske, han billte seg da ikkje inn at han var frikar i verda? Det var ikkje farlig med han. Der var bra med liv i han.

Ho la merke til det seinare om dagane, der vart meir og meir liv i han; – liksom der har komme ei stor guds lykke over han att, tenkte ho. Stort meir hadde ho ikkje tid til å tenke, det var så godt med det.

Han fortalde henne sjølmint ein dagen, berre i farten slik, kva han hadde for seg.

Det var dette laksvalde vesti øyane, det han leigde i fjor. Han vilde freste i år òg. Det var Paul som kom over det i fjor, han var ungkar og fartykar og fór allstads og rak. Der sat det ei enke med ein ungeskroll på ein garflekk, dei hadde jamgodt med ingenting å leva av. Han og Håkon leigde laksvalde, dei vilde freste lykka. Håkon rusta ut ekspedisjonen, og Paul vart utnemnt til ekspedisjons-sjef.

Det gjekk bra. Men så fann dei på å gjera ei hærferd ut i Ertenvære. Det er nokre småøyar vest i ville have, ingen hamn der, og eit stygghol med sjø og vêr. At dei våga live sitt var no ei sak for seg. Håkon var med der ute den veka. Dei våga alt i hop.

Og der var laksen. Dei lasta båten første dagen, og andre dagen slikt slag, men så kom sjøen, nett 17slik vettugt folk hadde spådd, og han gjorde snaut kring skjæra, tok kvar ein smitter og smule av raske deres. Ragnhild hadde ikkje fått høre noko om kor nær på det var for karane.

Dei fresta ikkje ein gong til. Håkon var gudskjelov så pass skyldig før, han kjente seg ikkje helse for å rå til nye laksnøter. Alt i alt kom dei frå ekspedisjonen sin til øyane utan tap, og Håkon hadde tinga på laksvalde eit år til.

No var han huga på å freste for ålvor, hørte ho. Heime her hadde det gått litt att og ned med laksen etter kvart, bra eitt år og dårlig i både eitt og to; det slo ikkje til. Rusta ein seg ut med bruk som heldt, sa han, da skulde Ertenvære få ut med skatten sin. Det var synd det ikkje var gjort før. – Det kunde vera listig å tene litt pengar òg ein gong, påstod han, det er uvisst kor mange leveåra ein får til det bruke.

Det kunde ho ikkje legge i mot han i, men det var heller ikkje noko å svara på.

Da lo han og sa: – Om ein skulde finne på å døy, da er det tungsamt å døy midt i armoda. Det er svart å gå i frå det på den måten, det er ærelaus gjerning det. Det har du knapt tenkt på.

– Vi har skyld og gjeld nok før, det har eg tenkt på, svara ho. Spekulasjonar! bles ho.

Ho såg på han, stod visst og undra seg over han, kom liksom ikkje på i farten kven han var for ein. Ein gutladd som vilde ut og ruinere seg, – det er no ikkje berre deg sjøl du vil gjera ruin på, 18syntes han ho sa. Ja visst, no tenkte ho på far hans att, det var spekulasjonsdevelen som regjorde i han òg.

Han vilde gå, men bia lite grand.

– Når du enda kunde slå i frå deg vågspele uti Ertenvære, sa ho.

– Det er der pengane held til, sukka han og såg lystig på henne.

– Eg var tilfreds eg. Det blir ikkje du som får tak i dem; så mykje kjenner eg på meg.

– Lat oss kjenne etter litt nærmare enno. Han smilte, og da gjorde ho det same. Så gjekk han sin veg.

Han var ti år yngre enn i går, tykte ho. Men at det skulde falle han så tungt å gi seg på ein ting? At det skulde formørke verda for ein, om ein laut vike til sides einkvan gongen? Ho vart gåande og tenke på han og planene hans stund og anna heile dagen utover.

Ho var meint på å snakke meir med han om dette, ho var ikkje så fin at ho skvatt for ein liten tanke slik. Paul vilde ho òg snakke med, han var truverdig som skjære i sjøen han, når han ikkje hadde ei av riene sine. Framtida ja, sa ho med seg sjøl. Det er just den vi lyt tenke på. Og framtida for oss, det er garen det. Garen og borna. Over det streke kjem ikkje vi. Så her skal du ikkje komma dragande heim med enno meir skyld og gjeld, – det er kork forpligga! som Lea seier.

19Håkon visste ikkje kva han skulde gjera. Det var moro det òg, for så fekk ein sjå kva ein kunde komma på. Der hadde fare ein lystig mann i han, den dagen han såg rådløysa i auga og såg alle rådene i kring seg, da han såg alle levedagane sine. Dette var berre ein av utvegane det. Der fanns fleir, det vanta berre at han skapte dem. Han plystra og likte seg ikkje kleint. Ragnhild var mjuk i måle da ho snakka med han. Ho var så nær han med auga. Tok han det rett og vislig no, da var ho han ein kammerat for live.

Sola stod bakom vårskyene og lyste. Ho gjorde det bra vakkert for folk, same kva veg dei såg.

– Dette er ein av dagane mine, sa han. Det er berre ein liten brøkk av dem. I morgo er det òg ein dag, sa ein som hadde set det. Ja, slik er det.

Dagen etter fekk han uventande pengebrev. Det var frå Johannes, frå bror Johannes i Australia, berre eit par hundre kroners peng godt og vel, men det var rart nok. Der er slikt verd i uventa pengar, smilte han, dei er langt over pari kurs. Rettelig ei hands hjelp, og takk for den!

Han lånte Johannes nokre skillingar her eine åre. Der kom telegram frå han, eit rop utanfrå verda, eg må ha 200 kr. straks, elles – –. Håkon synte ikkje Ragnhild telegramme, Johannes den tullvallen var vanakta nok før, og Håkon tenkte ikkje å svara, for det var eit skamlaust krav, av han. Men eit nødrop er ein ting for seg, for den 20som hører det. Han sendte pengane, stal dem frå seg sjøl og frå huslyden sin og let dem fara. Ragnhild kunde han ikkje fortele det til, når han ikkje hadde nemnt telegramme for henne, så fint kan ein snyte seg sjøl.

No kom dei att. Dei kom med ein budskap til han, ei maning: han fekk sjå til å komma seg i gang no. Ragnhild kunde han ikkje fortele om dem, ho som ikkje visste om låne, fint kan ein òg snyte seg sjøl! Og same dagen hendte noko som sette han i gang.

Han såg i eit blad at banken var ute og lyste til auksjons i grannebygda; det var over mangt og mykje, men mest sjøbørenskap, og der var det laksnøter, han kjente bruke, det var just det slage han skulde ha. Og no skulde han ha det ja, auksjonen var i morgo. I guds namn, det fekk skje. No hadde han pengane, eit stykke på veg; og Ragnhild var ikkje stort meir enn eit kvinnemenneske, når ein først herda seg til og tenkte over det. Særlig om ein snakka vakkert med henne.

Morgonen etter gjorde han seg i stand og skulde av stad. Han fortalde kva han hadde for seg, og venta ein augeblink, vilde høre korles ho tok det. Ho svara ikkje eit ord; slik tok ho det. Ja ja. Men da han vilde gå, steig ho i vegen for han. Ho såg han i auga.

Ja visst lo ho, og bad for seg, – kan du ikkje bli heime! bad ho, men han hørte einkvart bakom, 21det var harde meininga hennes at på auksjonen kom han ikkje, da måtte han gå over eit lik. Dei var toeina i stua, og det kom for han at det hadde dei ikkje vore før.

– Du veit ikkje kva du snakkar om, sa han.

– Men når eg bed deg om det?

– Ja det er så, men. Da bed eg deg! Kva svarar du da?

Ho vart steins ålvorsam: – Denne gongen skal du høre på meg, Håkon! For dette går aldri vel, det kjenner eg på meg, du låner og kjøper og gir deg vågspele i vald, skjønnar du ikkje kva veg det ber?

Han stod still og tenkte på det. Ja det var ingen ting å tenke på, i grunnen, der var tusen andre ting å tenke på, men han stod og gjorde seg mild. Han strauk seg over panna og sa:

– Eg trur eg skjønnar det ja, kva veg det ber med heile stelle; visst eg ikkje mannar meg opp og gjer ein utveg snart. Eg har andsvar.

– Eg er så redd!

– Eg ser det der. Det er ‘n far du kjem i hug. Ja eg er ikkje redd å nemne han. Eg er ingen spekulant, kan eg fortele deg. Du treng ikkje bli så bleik. Men eg lyt sjå meg om etter berginga, elles går det til botns, slik står det til, og no veit du det. Og der med blir eg nøydd til å gå.

– Du blir heime.

– Du trur det?

– Ja, Håkon.

22Han ler og vil opne døra: – Men gå unda vegen da, kjerring.

– Nei. Det er ålvor i dag. Du skal ikkje vera den mannen at du farkar deg fram – ja eg kallar det slik. Det fortener ikkje anna namn.

Ho ser han blir slik og slik. No er han eit mannfolk i alle fall, så sint og stri som ho kunde ønske seg han.

– Du blir heime, hører du. Om eg så skal bruke handmakt på deg! ler ho.

– Du vil ikkje bruke handfeng da?

Litt rar vart ho med det same, men ho blunka like friskt i mot han: – Øks, meiner du? Da vart han still. Smått i senn gråna han i andlete. Han såg sjuk ut.

– Ja ha, heldt ho fram, eg sa eit ord for mykje no, men det får våge seg, det var auksjonen vi skulde snakke om. Det var framtida her i huse vi skulde snakke om.

Best det er snur ho seg frå han og går over golve, bort til vindauge, med hendene på ryggen.

– Du kan gjera som du vil for meg, sa ho, utan å snu seg.

Han gjekk ut.

Ho hadde venta han kom til å nemne øksa ein dag, at han brukte den mot henne, så å seie, så gale kunde det gå; ho var budd på å spøre kor han hadde gjort av henne, den øksa han tenkte på. Ho burde ha snakka med han om alt i hop. 23Men no gråna han bort først orde vart nemnt. Ja ja, det var da nifst nok.

Litt var det, så kom han inn att. Han såg ublid ut, ferdig til å gjera einkvart mektig, – han veit visst ikkje enten han skal banne eller sverje, fór det i henne. Ho venta rolig, ho formana seg sjøl til det, og lat det for resten hende som hende vil. Det var ei trøst på ein måte at han var Håkon enno, han var ikkje ein sjukling borti ei krå. Og ikkje nokon far sin heller nei, for det såg ho han ikkje var.

– Jaså? sa han og sette auga i henne

– Ja! svara ho.

Den eine tviheldt blikke åt den andre. Ingen gav seg på sitt, nei, før datt månen ned. Den eine var ikkje mindre til menneske enn den andre. Men dei kom til å sjå andletsdraga åt einannan: dei var så nye ein måtte mest handfara dem, herre gud, er det slik du er! kunde dei ha sagt.

Ingen lo først, men best det var lo dei båe to. Der hadde rørt seg noko i munnvika hoss den eine, noko i auga hoss den andre, og der med brast spaninga, der fanns ikkje verje i eit einaste drag, andlete gav seg over, og menneske med.

Men ålvore hadde ikkje fare sin veg for det.

– Nei nei da, sa Håkon. Han fresta å le litt att, så snudde han seg, gjekk ein sving over golve og sia gjekk han ut.

24Ja ha. Han gjekk ut. Han gav seg, til så lenge; så fekk ho sjøl tenke seg om.

*

Det høvde så at han gjekk seg på Kasper Kiran og ein til, dei kom og skulde over fjorden, på auksjonen. Ragnhild stod kanskje ved vindauge, men ho kunde ikkje sjå dem der i frå. Det gjekk opp for han som ei djup sanning. Han bad Kasper med seg bort om bursveggen. K. K., som dei kalla han, var spiritist og fiskejobbar i ein person, og ein truverdig person enda så tynn og nervøs han var. Håkon er ikkje rolig i tankane, der er ein heil sjau der inne, sjøl veit kva han finn på når han får områ seg litt, han lyt gjera einkvart gale; – lat oss sjå, lat oss sjå, formanar han seg.

Trasse Ragnhild vil han ikkje, ho er ikkje slik, har ikkje fortent det av han. Det er små ting å sette hardt i mot hardt, det kan stuten gjera, og vettlausingen. Nei det er for henne han strir, for henne og borna; han ser det, det må gjerast. Det må gjerast no.

Kasper står og ser på han og ventar, han har desse unaturlige auga sine, som han står og sørger over ein fortapt ein og enda må le. Håkon synes han gjer det same, på sin måte.

Han forteler kva han vil ha K. K. til å utrette for seg på auksjonen, han bed han kjøpe alle laksnøtene, dei skal brukast der og der. – Du får gjera meg den tenesta, bed han. Det står ørlite grand på spel for meg i år, Som sagt, det er rådlaust 25for meg å fara heimafrå i dag. Du er ikkje den som kjøper katta i sekken du.

K. K. ristar på hovude

– Du seier ikkje nei?

– Eg råder deg berre i frå det.

– Du òg? slepp det ut av Håkon. Så ler han litt til seg sjøl, at han står her så heitt oppi det, reint sveittlagt av berre ihuga.

– Du er for god til det, seier K. K. Du er ikkje skapt til spekulant eller for sjørøvarlive.

Men auga hans seier: Eg undres ikkje på deg, ein lyt freste lykka når det knip. Dei seier visst det òg, at du er utanfor live snart du.

– Du er ein fåne no, K. K. Ein fåne og ein fiende er du. Spekulasjon seier de alle samen. He! nokre laksnøter som eg nødvendig treng. Skapt til det! Trur du verkelig eg kan gi meg på det? Da måtte eg vera vanskapt da. Eg kunde fortele deg eitt og anna.

– Er det kona som stører deg til dette her?

Der kom det. Verste orde han kunde høre no. Kasper lest som han sa det på erting, men: det var visst så at dei fresta å drepa noko i han no etter kvart? Noko som dei ikkje unte han? Nå, fullt så farlig var det no vel ikkje, men, men.

– Eg må hive arbeide og sette i veg sjøl da, sa han.

– Ja, svara K. K., så var ikkje eg med i den synda. Men eg kan da gjera deg det skarvstykke du ønskar. Men kor høgt skal eg gå?

26– Eg må ha nøtene.

–Ja ja. Da så.

– Men du må ikkje kunngjera at det er eg som kjøper. Denne mågen på Henningstad, får han høre det er eg som byd, da gjer han meg eit pek. Han spekulerer i laksvald sjøl han, ser du.

K. K. såg allvitande og sorgsamt på han, vilde ikkje ein gong smile.

Dei la over litt nærmare før dei skildest. Ja ha, og så var det gjort.

Håkon var til freds. Der var ikkje grunn til anna. Lat oss vera litt meir letthjarta, tykte han, ein mon yngre. Her er nok av dykk, godt folk, som har levetida i det endelause framfor dykk, det får bli dykkar sak. Dykkar sak ja. Ragnhild si sak. Eg har mitt å syte for.

Han undrast over at han kom til å nemne mågen hans Periander Henningstad. Men det var sant nok, han hadde verkelig moro av å gjera ein eit lite strek i rekninga. Der fanns ikkje vondt i han, og oftast gjorde han Periander tvert i mot. Borgny ho såg visst ned på alt slikt. På nokon kvar.

Han måtte undrast litt over det òg, at Lea tente hoss Periander no. Ho hadde tent ymse stader etter ho flytta her i frå, langt borti andre bygder; så visste dei ikkje ord av før ho var der. Men det var no det. Han for sin part var her. Han var dømt til å lide live her ja. Sia vart det 27å lide døden, det var kanskje eit stykke av same veven det.

Det høvde ikkje kleinare enn at han var nede ved sjøen om kvelden da dei to karane kom att frå auksjonen. Jau da, nøtene vart hans. Eit par av dem vart dyre, men jamt over måtte ein seie prisen var rimelig, K. K. hadde snudd forrettningssida si ut. – Du må slite dem med helsa da, sa han. Ingen ting å takke for, tvert i mot; det blir å betale dem, når tida kjem. For det gjer ikkje eg, ser du.

Når rett var burde han gått og fortald Ragnhild det med det var nytt. – Under andre omstende vilde eg ha gjort det, tenkte han.

Ho såg på han da han kom heim. Enno var ho like vakker og ung, berre ungdommen all i gjenom, litt tynnare i kjakane kanskje, ein mon høgare opp til hårgaren, andlete vart visst meir og meir som det skulde vera, ja heile gjenta med. Ho skulde leva lenge enno, ho. Der var einkvart ho vilde sagt han, men ho kom ikkje med det.

Dagane gjekk, og Ragnhild vart spara for å høre om notkjøpe. Slik gjekk det mildast for seg. Det var underlig å sjå kor like vis ho var på det, kor utan aning ho gjekk der i arbeide sitt.

*

Det var Lea som kom med den tidna til gars, men det var lenge etter. Ho hadde det frå husbonden sin, frå Periander sjøl. Det var ikkje mange som hadde nokon ting frå den mannen.

28Det høvde slik til ein kvelden, at dei vart toeina heime på garen ho og husbonden. Ho hadde vore der mest heile vinteren, og hadde snakka ikkje så lite med han. Det er ikkje større synda å snakke med ein enkemann enn med ein annan mannsperson, og slett ikkje når du berre benglar og legg i mot han, og gir han inn. Ho hadde gitt han inn sanninga med store skjeier, det hadde ho Vårherre til vitne på. Ho hadde fortald han kva ho heldt både han og mange andre mannfolk for, dei var dyrede ikkje stort likare dei enn kvinnfolka, i somme ting da. Men Periander han var like blid, ja blidare, der var eit menneskehjarte i han! Stundom likte ho han som ei snild ku, ho kunde ha klådd han i nakkegropa. Nei, det kunde ho no ikkje da, det er måte med all ting, men ho var just som ikkje huga til å slå han heller.

Ja, der var ho no, på Henningstad, hoss sjølve gubben. Han var ikkje den første ho levde budeielive under, men han var størsten av dem.

Så var det den kvelden. Ho hadde reila eine foten sin, vridd han litt avbaklig berre, – trutnar han så opp, tosken, og det var berre med nød og pine ho fekk kveldstelt i fjøse. Nei ho vilde ikkje ha klara det heller, hadde ikkje husbonden komme og hjelpt henne, kork umulig!

Som sagt, dei andre var borte på kvar sin kant, heile garen var godt som rømt for folk, det hadde funne på å bli slik. Periander og ho måtte jamvel finne fram kveldsmat til seg sjøl. Og det gjekk, 29gruv ikkje for det. Periander gjekk der så stor og rund som du ser han, gjekk og smått lo og tykte det var trøysamt dette; – du skulde berre ha set andlete hans! sa ho da ho fortalde Ragnhild om den kvelden.

Etter maten sat dei ei lita kvilestund og godprata. Det hadde dei gjort før, dei hadde havt seg mang ei åndelig samtale, helst om politikken hans. For politikkar var han, det nytta ikkje å nekte for det. Når du synte han dumheita hans, da kom han fram med slugskapen sin, men straks du fann åt han for slugskapen, da viste han til kor dum han var; – dei to ting til samen måtte da bli fin musikk, trudde han. Ho vilde ikkje nemne moralen hans, denne ugreia med lære og liv og slikt, han kunde ikkje svara eit ærlig ord om ho spurde han.

Nei, Periander Henningstad var ein tosk, han som dei andre og vel så det. No vilde han enda fortele henne at bibelen burde ein lesa med vett og kritikk og slik bortetter, ein måtte vera ein fuling til å skjønna seg på han, for når der står det og det, da er der sjølsagt meint noko langt anna, det er det nøydd til å vera. Ho fekk nåden til å fortele han presis kva slag kristenmenneske han var. Og så bad ho han skrive sin eigen bibel, til heimebruk, ein som stemte både med live og lystane hans.

Periander smålo berre og såg ned: – Lat no det vera godt. Du må ikkje vera så streng med meg, 30bad han. Han såg brydd ut, våga seg mest ikkje til å sjå på henne. – Så skal eg kurere foten din, sa han.

– Er det foten du sitt og siklar etter? Ho måtte skratte opp i andlete på han.

Det tok han seg nær av, og så vart det til at han fekk komma med blyvatne sitt og klutar og stell. Han var utrulig letthendt, det kjentes som han gjorde foten god med ein gong. Ja han fekk enda til komma fram med flaske og glas, han måtte få lov å styrke henne. Han tok seg til med eit glas sjøl. – Eitt glas kan eg ta, sa han. Eit einaste eitt. – Eg undres ikkje på at du tek det, svara ho. Eg undres berre på at du snakkar om det. Det burde ikkje du gjera som har gjort den hellige lovnaen. – Nå, meinte han, så hellig var han no vel ikkje. – Nei mi tru om det, han var da vanhellig nok. – Du held meg visst for ein hyklar du? – Pytt san, du er ikkje stort verre du enn dei andre hyklarane – ja nei trø i golve åt meg, for no snakka eg stygt! bad ho.

– Trø i golve ja, forklara ho, det måtte første matmora mi gjera, da eg kom ut millom folk. Kjære deg, ban, eg kom da ut og skulde lære å bli menneske, den lovnaen hadde eg gjort; på Stavsund der gjekk eg berre og var Lea som eg hadde vore. Eg held på og blir menneske ja, for eiga rekning, du hører eg forteler deg det. Når eg snakka umenneskelig, og det gjorde eg med full kraft, da steig ho til og sette høgrefoten sin i golve 31åt meg, så det hørtes. Det var eg som hadde lært henne det. Det var eit under kor det hjelpte. Var du snild, da trampa du til meg du òg, når eg er på det verste.

Periander sat og såg på henne og glømte seg bort. Så lo han til henne, så godslig som det gjerast kan.

– Å ja, eg har vore både der og der! sukka ho. Og no er eg her. Men det eg tenker på, det er korles det står og går på Stavsund. Det står liksom så mykje på spell der, synes eg. Det burde gå bra.

Det gjorde det, trudde Periander. Kvifor skulde det ikkje gå bra der? Og så var det at han kom i skade og fortalde det: Håkon slo til seg ein brøyt med laksnøter på auksjonen, han tenkte seg ventelig vest i havskjæra i år òg. – Der er eit stort mot i han, la han til, og tenkte tungt over det. – Det blir mann av han, skal du sjå! Han sa det i fullt ålvor, og trudde det han sa.

Da visste Lea der var fare på ferd. Ho visste det med ein gong. Ho spurde ikkje meir. Ei stund etter sa ho: – Eg veit du er fienden hans. Eg bed til Gud om at du må tape i mot han!

Periander Henningstad gjorde eit tramp i kjøkengolve. Han lo da Lea spratt opp. Ho takka han så vakkert ho kunde, for det han tukta henne. Ho gjorde det så alt for vakkert: Han kom og vilde hjelpe henne opp troppa da ho skulde gå og legge seg!

Ho såg forfæld på han, men ho tagg han berre 32om å vera fin hund. Da tok han rundt i kring henne, med båe armane.

– Nei men vera ikkje enkemann da! sa ho, og litt etter vart ho harm: – Du må da vita du er for god til det. He! skal no eg til å lære nokon å vera menneske! Ikkje så hardt da, gå vekk, bad ho.

Ja ja, ho fekk hinke vegen sin i fred. Da var ho glad. Men ho var ikkje så storglad heller, berre så midt i lage. Som ho sa til Ragnhild da ho nemnte det for henne: – Han såg meg så drepen ut der han vart ståande att; gamle tullingen, han stod og småsvor over seg sjøl. Kan hende han trur kleint om meg òg, at han er redd eg forteler det til nokon?

Så det vart til det at ho jaga han ikkje ut da han kom tuslande inn på romme hennes ei stund etter. Det var no det òg, at da hadde ho lagt seg, det var ikkje godt å få noko jag på han.

Nei, han vilde berre snakke to ord med henne. Han bad for seg: Ho måtte ikkje tru alt for gale om han! Kom i hug han var eit einslig menneske, ein einamann på livshave, hadde så vore i ein mannsalder no snart. Han var hundig lei seg, det kunde ho sjå, han stirde på fingrane sine, torde knapt glytte opp på henne.

Ja visst flytta han seg nærmare, han var ikkje tosk utan det. Det gjekk så vidt at ho laut seie han enno eit sannings ord. – Du, Periander Henningstad, sa ho, du som er ein Guds tenar i jordlive, 33du som er ein fedrelandets tenar i bygda di, du har ikkje lov å sjå åt den kanten der eg går, der eg ligg. Og sia sa ho: – Skal du endelig synde, da lat det skje med eit verdig menneske, med ein verdig trengende, som det heiter, og ikkje med ei sål som eg. Ho sa ymse ting til han.

Endelig reiste han seg og gjekk, tok og slarka der i frå, 65 år gammal, raudlett og vakker som ein enkemanns-brurgom, men så hjartelig skjemt å sjå til attanfrå. Ho unte han at Gud vilde vera god med han og la han få leva lenge i lande.

Og det hadde ho fått ut av han, det var som ein liten gave: At mågen hans, skulde bli, denne Nyborg-karen, han var ute og spekulerte i laksvald han òg, det kunde bli trongt vesti skjæra for Håkon, den arme halvbroren hennes. Kor Periander sjøl var å finne i den fanskapen, det måtte Periander og Svarten ha greie på, men herre min kor truskyldig han var da han sa godnatt og vada ut gjenom døra.

Han skulde komma til å fortele henne litt meir, vona ho. Lat Håkon vera tosk, og lat han bli tukta, men, min gode Periander – –

Det vart ikkje rettelig likt seg på Henningstad etter dette. Periander var den same som før, og Lea var den same, ho visste ikkje anna, og kvar tingen slik, for seg, men alt i alt så var det bort i mot ein annan gar.

Ein merka det best da Borgny kom heim, dotra på garen. Eller kan hende det var Borgny som 34merka at einkvart var ansles, ho var einaste barne hans Periander. Ho gjekk der liksom ho visste alt om verda og det som pla hende der, ho trong ikkje ein gong undrast. Ja visst var ho klok nok, frøkena, det hadde Lea òg forstått, men kva visste ho om verda, om det som hender der?

For det første kom ikkje Lea i veg til Stavsund. Ho visste heller ikkje enno kva ho vilde der.

*

Det laga seg det eine etter det andre for Håkon. Ta det rolig, så går det fortare, sa han til seg sjøl, og med kvart sa han det til andre òg. Han fekk seg ein stø kar til å passe laksbruke heime, og der med fór han sjøl og Paul vestover. Dei hadde motorskøyta hans Paul, og henta med seg laksnøtene han kjøpte. Vesti øyane hyra han seg ein mann til, som skulde passe nøtene i lag med Paul. Alt andre dagen dei var der la dei i veg ut til Ertenvære.

Men der råkte dei på noko. Der stod laksnotilar før. Ved det eine skjære og ved det andre, og der og der, alle stader der ei not kunde stå. Dei stod der som svarte nei i sjøen, her hadde ingen Håkon Dale nokon rett. Øyværingen som var med kom til å tenke på, at ein dei kalla Nyborg hadde kjøpt seg ein garflekk i nærheita, og til den garen hørte Ertenvære frå gammalt.

Håkon fór dit og snakka med Nyborg. Roland Nyborg var ein ung mann, men ein klok og vettug kar, Håkon måtte like han enten han vilde det 35eller ei. Ja ja, slik stod det til no, Nyborg var eigaren der ute og hadde rusta seg til med bruk i dyre dommar, det var just Ertenvære han hadde mea på. Han fortalde det slik det var, at han vilde ikkje komma tomhendt til Henningstad, han vilde skape levebrøde sitt sjøl seg; – eg trur De skjønnar meg, sa han til Håkon. – Eg trur knapt nokon skjønnar Dykk, svara Håkon, og denne eigedomsretten trur eg berre så passlig på. Men ein svimling var eg, at eg ikkje spurde meg for om revstreka Dykkar. Dei lo båe to.

Da baud Nyborg til at dei skulde slå seg i lag, og gå halvt om både Ertenvære og det andre laksvalde. Det var ei skam å ta i mot det tilbude, men Håkon hadde ikkje råd til å kjenne for vel etter slikt. Periander? undrast han, men viste det frå seg att. Dei snakka seg einige om vilkåra; så var det òg i stand, på ein måte. Det kom for han litt naturstridig at han og Nyborg skulde ha nokon ting i hop, men der fanns ingen grunn til å synast slik. Det er naturstridig at ein skal døy òg, men ein får finne seg i det. Det får eg i alle fall, tenkte han og såg seg i kring.

Dei fekk ut nøtene fint i Ertenvære. Det var sjøstilt i denne tida, slik det kan vera om våren somtid, ein kunde lende på yttaste havskjære som i eit fjellvatn. Dei hadde alt set så mykje til laksen da Håkon fór heim, at dei hadde store voner.

Det tegna bra til heime òg, men det sa liksom mindre. Han var med i våronna stund og anna, 36så ingen skulde merke der var noko i vegen med han. Hallvard var ein heil kar når han først gjekk laus.

Så var det mølnbruke. Håkon hadde tenkt å skille seg av med det. Men når det bar til så kunde han det ikkje. Det hørte Stavsund til. Dit hadde folk komme med korne sitt før, og slik skulde det vera. Ein frammand ein kunde ødelegge heile stelle. Han vilde sette det i forsvarlig stand før han vart liggande. Det skulde bli Hallvard sitt verk å tene pengar på det. Ein kunde få i stand mangt breiddmed det, var så ein vilde lite grand.

Det kunde bli uventa levande alt Håkon såg på no, det vart innbitande verkelig og sant. Ting for ting kom og gjekk han til hjarte, så det svara ja frå inste sjæla i han. Andre hadde òg opplevd det, dei eigna til seg verda og herska over henne, kvar for seg, kvar i si lykke. Det er ingen konst å vera menneske, i grunnen, når ein berre får auga opp.

Sjukdommen minte seg. Han var der, best Håkon gjekk eller stod. Ja ja, det òg har andre opplevd, det har mange opplevd. Stunda var i kring ein og sa at dette her, alt det du ser og sansar, det har ikkje du noko med. Det var ei still og grå sanning. Ja. Men andre kunde gå og legge seg dei, kunde ta pina og døden og få det overstått. For han var det nekta og forsvore, han hadde gud skje pris litt å ordne enno, ein skal skipa i stand huse sitt før ein går bort, står det.

37Så var han inni galenskapen sin att, inni gleda si, det vart vårvinden og sola og regne, åkrane og laksbruke, hus og heim, skiftande dagar all vegen framover. Kvart eit menneske har sitt å gjera, og somme har som ein livsgjerning å gjera. Håkon hadde ikkje tenkt større på det før no. Og no var der ikkje større verke att for han, ikkje anna nei enn å berge Stavsund for dem som skulde leva der etter han. Der var da gjerning nok i det.

Kvar helg fór han vestover, han måtte vita korles det bar i veg der. Ragnhild gledde seg ikkje større over desse ferdene hans, men så lenge ho tagde fekk det vera det same. I førstninga fiska dei storveges, men sia vart det mest berre tap i tap, stormvêr og storsjø, dei var snart renska for bruk. Dei vart einige om å freste i lengste lage.

For Håkon var motgangen ei kjærkommen fornærming. Han hadde ikkje noko å hemne, det var ikkje det, men han vart lysare innvendig, han vart vissare på å vinne til slut; – berre vent til eg får ut sveitten, lo det i han. Ein dagen sansa han på at han spytta i nevane før han tok verktye. Det hadde han ikkje gjort før, det var han i mot, men slik kan ein bli. Vent til eg bnr arg, sa han.

Det vart han da uvêre ikkje berre tok nøtene i Ertenvære frå dem, men ødela storparten av dei andre òg der vest. Han vart naturlig og godt sint. 38Han svor seg bort til striden, han vilde røyne ut korles dette her var meint.

Han overtala Roland Nyborg så han vart med på den store vrakauksjonen. Nyborg var for resten ikkje tung i vendingen slik, han var ein mann som såg fram for seg.

Det var ein stor trelastbåt, ein arkangelskfarar, som hadde vorte vrak vest i have og drive inn, folk fann han på rak utan mannskap, fekk i ein dampbåt og berga han i hamn. Dekkslasten kom same vegen som skuta og vart sanka i hop. Det var den dei to karane tenkte å kjøpe, og det gjorde dei med friskt mot. Men da dei var ute i det kor som var, så let dei gale vera godt, og kjøpte heile skuta, i lag med ein bymann dei kjente. Det var røvarkjøp. Auksjonsstyraren banna over det: Det var sjørøvarkjøp!

Ragnhild visste ikkje om det. Det hadde ho best av. Ho skulde leva ho og hadde for god tid, ho vilde bli redd, kunde umulig få seg til å sjå kva dette var. Spekulasjon, vilde ho seie, og det var jamgodt med ran eller svik i hennes munn. Jobbing kalla dei det, dei som var fagfolk i handel, det vilde seie våg vinst og våg tap, ikkje ein halv tanke meir.

Kva det var ja, det såg ventelig ikkje dei to kompanjongane hans heller. Dei vart berre huga på å tene pengar dei. Nei, skal du leva, da må du vita at du skal døy. Du har eit år å gå på, ein elleve eller ti månar, dit og ikkje lenger er det 39di tid. Kva får du så undagjort? Det spørs kven du er.

Det var så si sak å komma heim til Ragnhild etter det som no hadde hendt. Komma heim til Ragnhild, han syntes det var nokon som sa dei orda, og da vart der stilt rundt i kring. No ja, slikt bryd ein seg ikkje om, neigu ei, da kunde du like snart gi deg til å lye etter kva stjernene seier, kva gudsenglane syng, nei, han gjekk inn liksom han hadde vore i veg og set til nøtene heime. Namne hans var ikkje nemnt i lag med skipskjøpe; ein tente seg nokre tusen kroner med mindre enn det, reint namnlaust.

Det var blanke vestavindsdagen, lyse fall så sterkt inn i stua. Slik var Ragnhild og, så lys og stri i blikke. Når ho såg på han, da smilte det i han: Du er meir til menneske enn eg har fortent å ha, det er eit tak berre å sjå deg i auga – det er derfor eg har reist meg opp og teke striden. Det er for di skyld alt i hop. Han fresta å seie seg det sjøl, det var eit heilt liv han hadde på hjarte. Men det fekk vera usagt, og utenkt med.

Dagen sette lyse sitt på andlete hennes enno ein gong, frå ein annan kant. Ja vel, Gud måtte få syne henne fram, men det var det han skulde ha sagt, at enno var der von om fisk der vest; dei fekk tru at vêre folka seg til no her etter. Og korles hadde det gått her heime?

Ho svara og fortalde, men ein ting stod skamlaust klårt i mot han: At du skal vera med og 40gjera i stand denne verda, skal vi sjå om der kan bli husvære for deg i den andre! Det vart nokre leie dagar for det første, han måtte ut og skaffe pengar. Han måtte gå og spøre gamle kjenningar, ein for ein, om dei heldt han for god mann, som dei kalla det i gamle dagar, i så fall laut dei låne han namne sitt til eit lite kjeltringstrek; og da måtte han fortele om dette skipskjøpe han var med i. Sjøl hadde han skrive på for dei to andre, og dei for han, det var berre eit par tusen om å gjera no. – Men nemn ikkje at eg er med, bad han. Da skal du heller seie nei.

Ja visst vart der nei å høre, han laut le og årsake dem før dei hadde fått årsaka seg nok sjøl, men han fiska i eit ja i millom, så det klara seg da han kom i banken med namna.

Der var ein som såg på han og sa til han: – Kva er det for ein Belsebub som har fare i deg no? Det svimra ikkje så lite for Håkon da, og hjarte glømte arbeide sitt, men han var like lykkelig først han kom seg litt. – Ser eg sjuk ut? spurde han.

– Ja, når du seier det, så. Nei men eg tykte du såg ut som du hadde seld sjæla di.

– Ikkje verre? Nei den kan du få, i pant, lo han. Berre du vil ut med namne ditt.

Alt anna hadde han panta bort, det visste han da han var ferdig med sjauen. Den natta sov han lenge og godt, ein velfortent sømn.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Siste leveåre

Siste leveåre (1933) er tredje og siste bok i Duuns Ragnhild-trilogi.

Romanen handler om forholdet mellom Ragnhild og mannen Håkon. Håkon tror han har bare ett år igjen å leve og vil gjøre alt han kan for å dø med æren i behold.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1933 (nb.no)

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.