Siste leveåre

av Olav Duun

IV

115Ragnhild gjekk inn att. Ho sakna Tale, men gjentungen hadde fått lov å gå bort og leike med granneborna. Ho var glad ikkje Hallvard var her no, for når han såg på henne, da først tok det til og sveid. Så farlaus ein skapning vil ein nødig sjå.

Best ho stod der sa ho etter Lea: – Da har du vore eit misstak.

Ho smilte. Ho kom i hug ord for ord som Lea sa. Det var same orda ho hadde sagt seg sjøl i det siste, i ei lang rad med netter og dagar. Dei var da sanne nok.

Nei men pina er den, at Håkon er ikkje Håkon. – Han var ikkje verd det! seier ho. Ja. Slik står det til. Ho kjøpte live hans ugudelig dyrt, og så var det fånyttes.

– Eg har ein blodpris å verje! sa ho og såg fram for seg.

Det var ikkje dei orda ho vilde sagt, men ho stod ved dem. For sjøl laut ho stå til svars for gjerningen sin no her etter. For eit manndrap. Det var meir levande og forferdelig enn nokon gong før. Ho måtte gjera det oppatt i tankane 116gong på gong, kanskje vart der aldri nokon ende på det.

For Håkon er ikkje Håkon, og det har han aldri vore. Kvifor sa ikkje Lea det?

Ja ja, så var det denne ugreia her med pengetape, med ruin og kva det no kunde bli. Ho fekk gudskjelov det å tenke på. – Og så er det ‘n Hallvard, må du komma i hug. Ho sa det høgt til seg sjøl, der var eit slag sellskap i det. Som snarast såg ho ein Håkon i Hallvard òg, og ein Didrik der bakom: For somme menneske finns der ikkje von skapt. Men ho tvistirde på det til det veik unda. Der hadde berre falle ein skugge på tankane hennes.

Ho sette seg ja, men ho syntes ho stod like bein for det, nei ho gjekk, gjorde ho, til møtes med elende. – Du tåler det, sa Lea, du er sterk du. Ja sterk? Ja. Men gud hjelpe oss for ein styrke! Det var uminnelig gammalt no, at her gjekk ei Ragnhild på Stavsund, ho gjekk og song, og det var ikkje som når dei andre song. – Eg finn meg vel ein stad eit himmerik, song ho.

Dagen etter måtte ho og Hallvard til byen, ho skulde klæ han opp til konfirmasjonen, og det var ikkje ein dag for tidlig no.

Da dei gjekk om bord i dampbåten kom Borgny Henningstad i land. Ragnhild syntes sjå den andre kvakk til da dei møttes, men det var ventelig berre innbillning, Borgny var ikkje den. Med det same undrast ho at namne Borgny hadde stukke 117henne nokon gong. Ja men det var det, at den tida var Håkon dyrverdigare for henne enn alt anna i verda, og det som er dyrt det mister du før du veit orde av. Det var den tida det. Ho drømte seg at han var både den og den.

Stund og anna fór nyfikna i henne: Tru om Håkon aldri hadde visst at han gjekk og bar Borgny inni tankane sine? – – Kven reiste først utover, han eller ho? – Var det berre hennes eige tull, dette?

Hallvard og ho vart ueinige i byen. Det vart dei stundom, og dette var berre om ein hatt, men det var vondt nok for det. Han sette opp det andlete ho minst tålte sjå. At han såg ned på henne, det fekk gå, men han var såra, han leid urett, gav seg til å stå mo åleine midt i verda og lide ein useielig urett. Ho kunde ha skrike til det. Og no vart det ikkje anna råd, ho laut ta han for seg i fullt ålvor, så fekk det gå så godt eller gale det måtte gå. Men det let seg ikkje gjera her.

Om kvelden vart ho sittande ved vindauge i losjie og sjå på sjøen. Der var mykje hjelp i det. Han låg der reint åleine og var til. Sia kom månen og stod over dei frammande åsane. Han var halvslitt no og dugde ikkje stort, ho kom til å tenke på ei bortsynda sjæl. Han var velkommen han òg. Han hadde ingen mild lagna, kom ho i hug.

Vesle Tale sov for lenge sia. Kanskje ho gret litt før ho sovna, for det mor var borte. Ragnhild 118merka ho kunde ha gråte sjøl. Enno kunde ho det ja. Det var langt att enno til det vart fullgale.

*

Da dei kom heim låg der brev frå Håkon. Det var ikkje stor brevlappen. Ho stod med han i handa eit tak før ho tok til og las.

– Eg er sjuk og ferdig med live, skreiv han, eit uverdig menneske. Eg trudde sjølufta skulde rette meg opp att, men nei. Det er slut no. Og no vonar eg at det går like bra for dykk andre enten eg er til eller ikkje. Eg var ikkje den du venta eg skulde vera, men det ser eg sjøl, og korles du og dei andre dømmer meg, det når meg ikkje. Men eg vil døy ståande, eg vonar du veit kva eg meiner med det.

– Tøv! sa ho, det var første tanken hennes. – Men er du sjuk da! sa ho. Ja men i all verda, kvifor har du rømt! – Rømt har du i alle fall, sa ho til slut. Siste orda las ho ikkje, ho syntes ho kunde dem utanboks. Ho såg på breve der det låg, og sa til det: – Der ligg merkelappen hans. Han har sjøl skrive han.

Ho samla seg og gjekk til dokteren.

Dokteren sat litt og såg på henne da ho hadde fortald og spurd. – Var mannen verkelig nervøs, sa han. Fortalde så at der var lite grand i vegen med nyrene hans, og med hjarte, aldri så lite, litt for tidlig gammalt og slitt, kunde ein seie. Og elles: Berre nervøsitet, frue! Han hadde eit anna namn på det òg, det skulde vera som ei trøst. 119– Reis av stad og få han heim, sa han. Så skal vi få han frisk att. Dokteren følgde henne til døra.

– Men at han rømte! gjekk ho og sa i heimvegen. Kvifor rømte ikkje far hans heller, kvifor rømte ikkje Didrik sin veg? Kvifor ikkje, seier eg!

Spørsmåle kunde ta vette frå ein visst det fekk tak. Det skulde ikkje få noko tak. Ho viste det frå seg: – Du vart ikkje mindre tullut om du fekk svar på det. Gå heim og snakk med ‘n Hallvard du. – Eg går, eg går, svara ho.

Det vart kvelden. Stjernene synte seg. Dei sprang fram som skire kaldsveitten på himmelandlete. Men så kom vinden, han var venlig å møtast med: ho trudde vel ikkje han slepte henne fram denne vegen? Og litt etter opna det seg vestover så ho hørte sjøbord-duren, det var grei forteling det òg, og slikt eit truverdig mål. Der er somme ting ein kan lite på.

Bakom havduren syntes ho der steig fram eit enda djupare mæle, men det var langt unda, det måtte vera krigen som vilde fram i tankane, for det var grovt kor dei drap kvarandre no. – Å ja da, vi er mange i verda, svara ho. Men dei som trur det er verre å vera mange enn ein som har det vondt, dei skulde ha gått her no, i staden for meg.

Og der var Stavsund. Kjøkenvindauga lyste vonoms finare mot henne.

Tale hadde ein liten gut nedanfrå Stranda hoss 120seg, ho hadde tinga på det da ho let mora gå bort frå seg. Han var der enno da Ragnhild kom heim, dei heldt til i kjøkene og førde ein farlig sjau. Tale forkynte at ‘n Birger hadde gråte, han vilde gå heim frå henne, men no var han snild att, for først måtte ho blåhalde han, og sia kom tausa med kavring med sukker på, og da så; – men eg slo han ikkje, kunde ho fortele, og var lykkelig over alt andlete for det. – Men korles skal vi få han heim, så mørkt som det er? undrast ho. – Vi får ta han i millom oss, trudde Ragnhild, og så gjorde dei det.

Hallvard var ikkje heime. Ingen visste kor det hadde vorte av han. Ragnhild sat oppe og venta på han til det vart natta.

Ho måtte snakke med han før morgondagen rann, for da kom Lea framom her og skulde ta båten utover. Ragnhild måtte vita kor ho hadde han, og kven han var; han måtte vera hennes, – visst ikkje, da kunde Lea vera heime, da reiste ho sjøl. Da vilde ho seie farvel med all ting her, ho tok gjentungen med seg og fór langt da. Det var nifst kor nær på å skje det var.

Ved midnattsleite tok ho på seg og gjekk ned i kvennhuse, enda ho visste det var fåfengt. Det var gamle Mikal som var mølnar i natt ja. Han vart ikkje vâr henne, gudskjelov.

*

Ein times tid etter kom Hallvard. Ho opna døra ut til gangen og bad han komma inn i stua.

121Ho hadde venta han vart litt klumsa når ho kom over han slik, men han såg berre eit grand forundra på henne og steig inn. – Er du oppe enno? sa han.

Ragnhild visste at å tape no, det var ikkje berre skade og skam, det var ei synd. Ei synd ho ikkje var skyld i ja, men det hjelpte ingen ting.

– Ja eg vart litt lenge ute, sa han. Da ho ikkje svara på det, sa han hånlig: – Skulde eg gå her og vente på at ‘n far kom heim, kanskje?

Ragnhild sette seg. – Veit du kor ‘n far din held til da?

– Korles kan eg vita det, når ingen forteler meg det? Men kva er det som står på etter som han ikkje kjem heim? – – Du fekk brev, såg eg.

– Ja. Det er derfor eg må snakke med deg. Han har reist i frå oss.

Hallvard forandrast i andlete, vart meir og meir fattigslig. Men han hardna til att.

– Har du jaga han? slengte han mot henne.

Hallvard!

Ho la all si makt i orde, ho treiv etter det i nøda, og vann seg opp over han. Han tagde. Det same gjorde ho. Da tok han nytt mot for seg:

– Ja eg står no her og spør. Eg veit korles det har gått med skipshandelen hans, det fekk eg høre i kveld. Men det skulde ingen av dykk bry seg om å laste han for. For hadde det gått rett for seg, hadde dei halde på skuta – –

– Nei no blir du litt for vaksen, Hallvard!

122– Det er eg snart nøydd til å vera. Folk kjem og spør meg kor ‘n far held til. Han er ute og kjøper sild, svarar eg, og når dei vil vita meir, så hører eg det ikkje, eg spyttar berre og undrar meg på korles det blir med silda og prisane i haust.

– No skal du høre på meg. Det er meg han har reist i frå. Du veit kven eg er for ei. Det vart han for tungt i lengda, og så kom dette andre til. Ikkje er han frisk heller. Når du er så vaksen som du er, da vil eg snakke reint ut til deg.

Ho bia litt. Men no lyt eg våge det, sa ho seg.

– Og no spør eg deg, Hallvard: Kven av oss veljer du? Eg må vita det til i morgo-tidlig.

Som snarast isa det frå blikke hans: han kom hug kven ho var. Meir torde han visst ikkje tenke, eller meir våga ikkje ho å sjå. Enda syntes ho sjå i andlete hans, at ho skulde vinne.

Han fresta å smile: – Skal det gå så storveges for seg da?

Ho såg på han og venta. Da klara han det ikkje lenger. Han vart berre barne, dei vilde ta i frå han både far og mor. Han visste seg ikkje eit ord å svara.

– Du treng ikkje svara, sa ho. Du kan tenke over det til ein annan gong.

Meir kunde ho ikkje seie til han. Til seg sjøl sa ho: Her finns ikkje noko val for nokon av oss. Faren skal heim til borna sine. Han skal heim til bygda si og live sitt og alt i hop. Det er slik det. Ingen av oss har fått retten til å rømme.

123– Elles får du stelle deg som du tykkjer det høver seg for deg, sa ho til Hallvard.

No vilde han gjerne ha vore vekk her i frå, såg ho, vore oppå lofte sitt. Men det vilde han ikkje, det måtte ingen tru. Han smilte og vann seg til att, og kom til å tenke på noko.

Ho spurde, som for moro skyld, kva dei hadde å fortele han dei han var i lag med ute i kveld.

– Ja, det var just det eg vilde høre. Nei eg måtte vera med ‘n Frans austover, ho Karen var ventande den vegen. Han er ikkje mørkredd av seg, men han tør ikkje møte henne åleine; han vart stam enda eg helsa godkveld for oss båe to. Men han let meg da vita eitt og anna for det eg følgde han. Han nemnte enda at eg trong ikkje kalle meg Dale, eg kunde ta namne Stavsund eller berre Sund. Eg sa berre jaså eg. Eg kunde flire til alt i hop. Men eg gir develen i det, gjer eg! – – Men eg kan da halde meg heime om kveldane.

Ragnhild hadde reist seg. Ho tok han over neven. Ho klemte hardt. Neven hans svara ikkje kleint.

– Men Dale-namne lyt vi lide, sa ho. Vi har ikkje lov til å vera frikarar og slike store ting. Vi er ikkje små. Men no er eg trøytt for i dag.

Da ho stod i kammerse, lyste der opp av eit lyn vesti have; elles var det mørkt og stilt ute. Litt etter gliste det til av enda eitt. Tanken på Håkon blakra opp med det same, at han var ute i sjøen og vêre. Men det var ikkje der han var.

124Lea gjekk innom Stavsund da ho fór. Der vart ikkje sagt mange orda millom henne og Ragnhild, det hørte ikkje stunda til, og båten var ventande no straks. Ragnhild gjekk med eit lite stykke nedetter sjøvegen. Da dei skulde skiljast sa Lea med ein liten lått:

– Det er så at du vil ha han heim da? At eg skal komma dragandes til gars med han?

– Hit skal han ja, svara Ragnhild i same tonen.

– Men kva i all verda skal eg seie? No først kom eg til å tenke på det. Eg kjem ikkje vel i frå det! For i slikt erend har da ikkje eit kristenmenneske vore ute før?

– Kva du skal seie? Nei det veit ikkje eg. Eg gjekk min veg ein gong eg òg. Det skulde ikkje falle meg tyngre å gå no. Eg burde visst rømme både lande og live; men eg bør det ikkje! Du kan fortele han at eg òg har set folke i kring oss. Andleta deres har fortald meg det somme gonger, at den som triv til sverde, han – – ja og dei andre orda dei kan om det. Det gir meg ingen rett til å rømme. Kan hende du burde nemne det òg, at enno ser Hallvard opp til far sin; så det er ikkje for seint å snu.

– Eg skal lokke vakkert på han. Men no fer eg.

– Ja du må ha lykka med deg. Men du: du må sjå etter korles det er med husromme og med maten for han, ja og korles er det med klæane hans, tru?

Da lo Lea, slik ho gjorde i gamle dagar.

125– Ja det er sant! Ragnhild tok seg over panna og smått lo, – han skal heim no, er sant. Som sagt, du må ha lykka på reisa. Blir du borte du òg, da kjem eg. Nei da sender eg ‘n Periander ut.

– Der er båten, no tek eg tråve!

Så var den stunda overstått. Ragnhild såg det, det var låttelig som live: Ein gong fór Tale i veg og henta meg heim, og no fer Lea i veg etter han. Stod ein slik til, da kunde ein få seg ein god lått over det som er eller hender, om det skar ein i kvik aldri så mykje.

Det same hadde Lea tykt mest all sin dag. Ho hadde gjort det òg, gud bedre; – men eg kan da ikkje tru det er oppskrive? fór det i henne stundom. Det fór i henne no òg, da ho la ut på denne ferda. Ho var just ikkje mykje verdig til å ha lykka med seg.

Men det var syndsamlig ho fekk slikt fint ferdavêr. I grunnen var det eit grin-vér, med småregn og med snøkast i fjella, men like vel, det kunde vore vêr til ei likare ferd, til skikkelig arbeid.

Båten gjekk og tuta og stogga frå nes til vik, og bra var det, fann Lea ut, for så vart det morgonen før dei kom ut til Sandbogen. Hus var der, og folk budde der, same korles der såg ut. Det såg ut som dei likte seg der dei var. Og kvifor ikkje.

Ut på natta kom ho i snakk med ein mann som heller ikkje fresta å sova. Han såg henne ut 126som bort i mot bymann, som ein halv storkar, men ho fekk snart vita han var frå eit utvær. Han kunde fortele henne at båten gjekk ikkje om Sandbogen første venda, dei laut gå i land på Finnsvoll og bie ein tre fire timar, til han kom att frå den og den fjorden. Lea fann seg i det. Ho prøvde å forhøre seg om Håkon. Nei, mannen hadde ikkje hørt om nokon Håkon Dale. Men dette vrak-kjøpe visste han greie på, – det var synd dei selde for tidlig! Han hadde snakka med folk i byen om det.

Å gå på Finnsvoll og vente var ei hard straff, det visste Lea frå før. Men ho vart vâr dei hadde rådd seg dokter der òg no. Den eine dokteren eller den andre, tenkte ho, og der med gjekk ho inn til han og klaga seg sjuk. Han tok det grundig, og såg mindre og mindre glad ut.

Ho bad han seie henne det beint i andlete kva han meinte, elles betalde ho ikkje. Han sa som den der heime, at han visste det ikkje, men ho burde vera budd på noko av kvart, ho måtte på sjukhuse med all som først, og meir slikt. Ja ha, det kunde vera magekreft. – Ja vel, sa ho og betalde. Lite grand mjo i knea vart ho, men det vart dei vel alle i ei slik stund, same kven dei var. Ho takka dokteren og tala enno nokre ord med han, – vislig manns snakk, tykte ho.

Så var ho ute og åleine med kunnskapen sin. Denne magen har elles vore meg ein skarvlaup all sin dag, trøsta ho seg. Ho tenkte på eitt om senn, 127og det var rart nok, og utrulig, det eine som det andre, men mest urimelig var det å tenke på Periander, ja nei slikt tenkte ho ikkje på, kork forpligga! Men det er merkelig å vera menneske, tykte ho, om du så berre er Lea.

Om sider kom båten att og la i veg med henne, så kom dei til den utverda som heitte Sandbogen, og der i frå bar det i traskinga vestetter. – Nei hund’ ta kor stygt her er! sa ho, ein gong og ein gong til. Og her bur der folk? Ja eg skulde gjerne ha gjort meg bufast her, var det om det å gjera, eg skulde ha vorte bra glad i snauhaugane mine her, – gi meg så sant helsa og levedagane!

Ho dreiv på og gjekk. Ho vart uliklig trøytt, for ho hadde ikkje smakt mat sia ho fór heimafrå, berre ein kaffedrope om bord, ein gruddskvett. Med ho kvilte stod ho og såg seg i kring. – Nei her blir eg mørkredd midt på lysan dagen, sa ho, og så gjekk ho att.

Og der såg ho bustaden hans Håkon. – Nei men at stakallen er så tullut da! sa ho.

*

Håkon låg bortpå senga med klæane på og las i eit blad. Han såg på henne som ein sømndrukken ein. Tok så pipa til hjelp, slik gamle kallar kan gjera det.

– Så kistetrøytt du ser ut da mann! sa ho. Har du tannverk, eller kva er det som gneg deg?

Ja ja, ho burde ha sagt noko anna, det var meininga òg det, men det kom no denne vegen.

128– Er det du som er ute og fer, sa han.

– Du hadde gjerne venta at ho Ragnhild kom sjøl-seg. Men det let seg ikkje godt gjera det, ser du. Du lyt vera nøgd med meg denne gongen. Ragnhild ho sitt heime på Stavsund og styrer huse og garen så godt ho kan det. Ho går der og ventar deg ja, det er hennes arbeid.

Men sei meg: fann du slett ikkje uhugligare avhol å gjømme deg i?

Ja ja, Håkon, vi kann finne på mangt. Men no går ikkje dette her lenger. Du lyt komma og bli med heim no. Og så skulde eg helse frå a Ragnhild ja, det treng eg ikkje fortele deg. Ho glømte for resten å be meg om det, kom Lea i hug.

– Er det erende ditt?

– Ja. Eg rikkar meg ikkje før du kjem, så mykje du veit det.

– Her er ikkje husrom for to.

– Nei, men båten er i Sandbogen ved middagsleite i morgo. Han har da rom åt oss båe.

– Lat oss snakke ut og få ein ende på det, sa han; men han vart sittande på sengkanten og tie.

Romme var ikkje reint verst, såg ho, hadde det berre ikkje vore so snaut. Der var seng og omn, der var eit bra bord, og to stolar, ja voggestol og hengelampe og eit byfint vaskestell, og to vindauga, om dei no ikkje var av største numre. Men der var fire nakne vegger kring ein, og heile 129romme var nake. Det var vonlaust å bu her, som eit slag sjølmord, om du så fekk live for å leva her.

– Eg har ikkje komme hit og skal snakke ut med deg, som du seier. Eg har ikkje ein gong tenkt å spøre deg om kvifor du rømte hit; det må bli di og Vårherre si sak. Men du er eit menneske, må du komma i hug. Og er du det ikkje, så lyt du bli det no snart. Du må vera snild no, Håkon!

Han såg venlig på henne, tykte vondt om henne. – Har du komme eins erend og skal seie meg det der?

– Eg har det ja. Eg har tålmod til å bie på deg òg.

– Du burde vel ha litt mat først, kom han på. Og kaffe? Så kan eg følge deg på vegen austetter, det blir ein høvelig kveldstur; så kan du lette hjarte ditt med vi går?

Ho rista på hovude og såg på han. – Men kvifor har dette komme over deg, Håkon?

Han såg på henne, og han såg i golve; han plystra litt med seg sjøl. Lea venta.

– Eg er utstøytt, sa han.

– Tullbokk! Ho lo han opp i andlete: – Berre dikt og forderv, som alle tankane dine i det siste.

– Eg måtte gå min veg, om eg så åtte helsa til å bli, til å ta striden opp.

– Har du hørt nokon gong før at ein mann laupte av frå heimen sin og gjømte seg bort i eit avhol?

130Han smilte og reiste seg, la hendene på ryggen og dreiv på golve eit tak.

– De kan halde meg for kven de vil, sa han, men den mannen er eg ikkje, at eg spør om slikt. Eg spør ikkje om lov til å døy slik det fell meg rettast. Døden er vår eiga sak, har eg funne ut. Det kan du helse frå meg. – – Men det var vakkert at du kom her. Det er rart å høre eit menneske att. Enno ein gong, så å seie.

– Døy, seier du? Nei eg skal døy eg, og det snart òg. Det er i feigda eg er ute og fer. Dette er det siste eg bed deg om. Ja det er gjerne det største òg. Du må komma heim no, om du er aldri så nedfor.

– Kva er det du forteler? Han vart ståande og stirre hardt på henne. – Skal du døy?

– Eg skal det ja. Eg har vore hoss to dokterar, og det er same dommen hoss dem båe to. Det er magekreft det, utan prutingsmon. Du er første skapningen eg forteler det til. Du er no bror min, same kor eg finn deg. Du ser så på meg? Trudde du eg var udøyelig? Eg er ikkje så seigdrepen som folk held meg for; eg er snart utrydda no.

Ho sa mangt anna, ho bad og ho la ut for han, og nemnte enda at pengehjelp og den ting det visste ho råd med, enno vanta det mykje på at det var svart framfor dem. Han hørte det berre halvveges; han stod og såg ut. Kveldskya seglde med raudgylte kantar, som ein gong før, mest som tida kom og skulde bli levd ein gong til. Han snudde 131seg og hørte bedre etter kva Lea sa. Enno gret ho ikkje, gud skje lov.

Da spurde han korles det stod til på Stavsund. Snakka ho med Hallvard før ho fór? Og kva sa Tale-ungen til godt?

Det stod berre bra til med dem, kunde ho fortele, men dei undrast vel på om ikkje far deres kom heim snart, og Hallvard skulde konfirmerast no til næste helg; ho fortalde det ho kom på i farten. Men best det var sa han:

Trur du at du skal døy snart?

– Nei. Men eg veit det. Det er avgjort; dess verre, må eg seie. Men berre du vil komma heim litt snart – – eg vil ikkje tenke på meir enn eitt om senn. Men det seier eg deg: Live er det viktigaste vi har for oss!

Merkelig kor slåpen i andlete han vart ved dei orda, undrast ho. Der gjekk ein smil over det etterpå, men det var rettelig ein dauing-glis.

– Skal eg bli dømt til å leva no, mumla han, No når alt i hop har ramla for meg. Det var ein budskap det.

Han seig stilt ned på ein stol.

– Nei men Håkon, du må ikkje bli så bleik! sette Lea i, ho fór bort og ruska i han.

– Eg skal komma! svara han, unødig høgt. Dei skal få meg att. Dei skal da få meg.

Da Lea kom seg så vidt ho kunde snakke, sa ho: – Ja såg du ikkje ut slik du gjer no, da vart eg for glad, da ropte eg! Men kan du ikkje sjå ut 132litt meir som eit menneske da, Håkon? Når vi bed deg så vakkert om det alle i hop?

– Ingen har vore meg i den her stunda! sa han og bråreiste seg. Litt etter lo han og såg på henne: – Og du, du skal få døy i frå det? Du som ikkje treng det, som ikkje ønskar det!

Lea manna seg opp og bad om kaffe. Det vart der ei råd med, og lite grand mat fekk ho i seg attåt. Håkon stod bortved glase og såg ut.

Da han følgde henne aust til Sandbogen var det mørkt for lenge sia, men der var klår himmel og stjerner. Lea fresta å snakke med dei gjekk. Ho såg og såg i kring seg, der landslage kom fram utor mørkre etter kvart.

– Noko så syndarfattig skulde du aldri ha set! sa ho. Kvifor synes folk det er vakkert det som er stygt? Dei kan gjerne ikkje noko råd for det, men like vel –

– Eg var lykkelig her. Før du kom med budskapen din.

– Fysj skamme deg! Men det er denne ormen inni deg, at du støtt skal vera slik ein – ja slik ein overhendig firkant millom folk. Du må slutte med det; da får du det mykje bedre, skal du kjenne. Elles blir det orm av heile deg.

– Du har aldri vore meg du.

– Å jau, jau da. Mange gonger. Men eg mana det i frå meg. Eg gav meg på det. Det er einaste råda det. Ja eg har eit ord eg skulde sagt deg før eg gjekk i molda, men eg får det ikkje til. Det 133er berre det eg har set, at alle må slå av på seg og sitt, elles blir det sant dette helvete dei forkynner for oss. Men det er kanskje sagt før. Og da vilde ingen høre på det.

– Eg hører det i alle fall, sa Håkon. Det kjennes da at eg hører det, sukka han med seg sjøl.

Men det var det han skulde sagt henne, at no for det første laut han i veg og snakke med Nyborg, han låg der og der med fartye sitt, og sia måtte han kanskje til byen ein sving, før han gav seg til å lide sjølve heimvegen, som han sa.

– Ja ja, Håkon, eg trur deg, svara Lea.

Det same sa ho til farvel. Da såg ho at han vilde komma.

*

Det skya over med Håkon gjekk heim, stjerne for stjerne gjekk under, dei hadde vitna det dei skulde. Vinden var sur, og han var evig den same. Håkon gjekk rolig gjenom han, med hendene på ryggen. Det hadde vore eit langvarig og utidig småvêr, ein vond manns grin, ja for den som er motlaus han er vond han, kva anna skulde han vera? og der er ingen ende på tilvære hans heller. Han syntes han hørte Lea bakom seg, eller live, rettare sagt: – Det er eit framifrå sjølmordar-vêr. Du likar deg no, i slikt vêr og med slikt eit fedreland i kring deg?

Han avgjorde det stutt men sant: Nei ta live mitt sjøl, det torde eg ikkje. Den utvegen finns ikkje for meg, umulig.

134Elles gjekk han her etter denne vegen, i denne stunda, og visste at det var slik no: Det var ikkje han som skulde døy. Der hadde vorte kasta ein stor draum over han, og den hadde han gitt seg til å leva i. Da helsa gav etter, da tok alt inni han til å gi etter, der med bar det ned og ned. For resten skjønna han ikkje det grand av det enno, men det kom han tids nok til.

Han sa det høgt, same orda han sa til Lea: – Men skal eg til å leva no? No når alt i hop har ramla for meg? Det var ein budskap det! Ja ja, enno såg han gudskjelov ikkje kor umulig det var, men det heldt på og vakna i han. – Dei skal få meg, sa han.

Ragnhild ja. Blikke hennes tok til og vart levande. Det var mildt men sterkt, slik og slik. Ja visst skulde han møte det. Ho venta på han no, på eitt eller anna vise.

Det var ho som hadde sendt han hit. For det var han som sendte henne på tukthuse. Og det kom av det at ho drap far hans. Men det gjorde ho, det skjedde, for di Håkon ikkje var meir til mann enn at han trong det. Og det kunde han ikkje vera, for di far hans var den han var, han brente svart i kring seg og gjorde dei andre andsvarlig for det. Og slik bortetter. Menneskevegen hitgjenom tida.

Menneske er ingen meister til å leva, slo han fast. Det har aldri havt stunder til å lære den konsten.

135Heile dagen etter vart han liggande. Kona i huse kom og såg til han. Henne fann han på å skræme med snakke sitt, det plar ein slik fåne gjera, kom det for han. – Eg var oppe klokka 8, fortalde han. Men no vil eg ligge i 12 timar, slik, eg undres om eg ikkje skulde få døy da? – Døy? – Ja ha. Lat oss no sjå. –De skræmer meg, klaga ho seg. – Det kan hende eg lever over det òg, lat oss sjå. Kva er klokka no? Tolv, ja vel. – De skræmer meg mest! – Eg er redd sjøl òg.

Kona gløtta på døra fleire gonger utetter dagen. Da låg han og stirde i take. Ho såg dit klokka 8, men da var ho redd. Da sat han på senggavlen. – Nei, Vårherre har forkasta meg, sa han. Og det er hardt for ein Håkon Didrikson Dale. Han hadde ikkje venta seg det slik den mannen, det kan De lite på. Nei han blir vist attende til live.

Det vart ei langvore natt, for sømnen kom ikkje. Han venta den store pina skulde komma over han, skamma. Ho kom ikkje ho heller nei, ho vilde slå ned på han når tida hennes kom. Det måtte da bli helvete? Når han skulde til å sjå seg sjøl, her han hadde gått og pusla med døden sin. Og så alt det andre ja, – kva tenkte Ragnhild om han? Kva driv ho på med no i denne stunda? Ja ja, ho har no denne misstanken sin å trøste seg med, å styrke seg på. Tru korles det blir å gå Hallvard i møte?

Morgonen etter sa han farvel med Ursvågen.

– Skal eg verkelig komma heim att da, ein 136angergiven syndar? undra han seg. Den fortelinga har eg lese før, ho var meg litt for svart. For meg vart ho sann likevel, til slut. Ja ha, når du trassar verda, da er du låttelig, og når verda trassar deg, da er du òg låttelig, det er det som er helvete med å vera for Uten. Og likar du deg kleint i det, da blir du låttelig til gagns.

Han la i veg og skulde finne Roland Nyborg, han hadde fått ein brevlapp frå han og visste han låg i Dragsunde med fartye sitt.

Ursvågen var mest ingen ting i verda, når ein stod og såg på han og skulde seie farvel, berre eit rart lite skaparverk, som truligvis var forkasta. Sola var fram og skjein på det, ei lita stund, Håkon syntes ho tok det i handlóven sin og heldt det fram mot han: det var da merkelig, på sitt vis?

Slik tok live og synte fram eit menneskekrek stundom. Da skilde det mykje kven du var. Håkon smilte, uhuglig djupt, tykte han. Ein arming gjekk her og var på tomannshand med evigheita, så vart han teken i luggen og flytta heim att og sett ned der, som den ein var, ventelig: Der! Der har du evigheita di.

At ikkje folk rømmer sin veg gong og annan, hadde han undrast da han kom hit. Nå ja, eg har no ikkje teke i meg det enno, svara han seg med han gjekk. Farvel heile evigheita, til så lenge!

Verda det er eg, hadde han tenkt. Ansles var han ikkje skapt. Verda det er eg, og vil dei ting som er i kring verda føye seg etter henne, så er 137det bra for dem. Det var da. No hadde verda gjort han til idiot. Men somme idiotar var da lykkelige? – Enno er du ikkje ulykkelig du heller, svara det i han.

*

Langt innpå vegen møtte han ein mann som kom kjørande. Han kom kjørande med hest og med vogn, var ute og kjørte seg ja; han sat på ei fjøl over vognkista, unaturlig høgt ovom snaulande i kring dem. Hovude hans dingla og slong, hit, dit, etter som vogna skumpla på det hjule eller det. Det friska opp i Håkon, han helsa med fullt liv i måle; han var ikkje åleine som dingla og slong. Han kunde ha missunt mannen eller ønska han fekk bytte med han, men han brydde seg ikkje om det. Lat han kjøre.

Kvifor bruker ikkje menneske den trøsta at det blir ikkje verre enn gale? Det skulde da vera tåpelig nok det? Han sat på ein stein ved vegkanten og kvilte stund og anna. Eit par stader var han innom og spurde seg veg. Det var vonoms hyggeligare i huse der han kom. Så gav han seg i gonga att. Han hadde vore ein hardkar til å gå den tida han var på eksisen. Enno var han ikkje for katten når det bar til.

Ein staden måtte han ha skyss over eit sund. Berre kona og ei halvvakse dotter var heime, men dotra skulde skysse han, det var ei smal sak. Men småbåten var ikkje heime, kom mora på. – Pytt san, eg stel Svanøyfæringen, let dotra, 138han står ved naustveggen her. Håkon spurde om Svanøya var på denne kanten. – Nei, det var eit stykke dit, men dei skyssa ei frøken her i førre veka, men så rauk han opp, og så laut dei legge att båten og gå heim. Ho skulde vera kjæresten hans Roland, den frøkena.

Gjenta sette han over sunde i ein fart. Han vilde gi henne ei krone, men ho berre lo til han: ho var ingen sundmann. Det var himmelsk utrulig at ho der hadde vakse opp her ute, syntes han, ho hadde slike kvikke auga, ho var slikt eit menneske alt med seg. Han fekk aldri vita kva der vart av henne.

*

Så hadde han sunde attanfor seg. Han hadde live sitt attanfor seg. Det som var framfor han, det gjekk han i møte så rolig som kua mot økshammaren.

Her gjekk han, ein unaturlig fri mann, trong ikkje live og trong ikkje døden heller. Stundomtil gløtta sola fram, nokre strålar stod på ein mosehaug, på ei tørvmyr langt ute, eller på ein liten våg som hadde forvilla seg inn i audna her. Det var ingen konst å sjå det var vakkert. Han gjekk og såg det siste gongen, og undrast på kvifor det var skapt. – Men eg veit enno ikkje om eg kjem til Stavsund, sa han.

– Fan hente! svor han straks etter.

Nei det var berre det at det stakk så umenneskelig med det same tanken fór over Stavsund og det 139som venta han der. Men, han gav seg sytten om det, og gjekk like kald som før. For elles måtte han ha gått til krig mot det, mot heile lagnaen sin, og da bar det Didrik i vald, som Ragnhild sa. Eller kanskje det var Lea som sa det.

Her hadde Borgny fare, etter denne sandvegen her. Maken til rangsnudd menneske. Enda innbilte ho seg ho var ei særlig fri sjæl. Nei men ho skulde havt ein mann som herska litegrand over henne!

Han fekk ende på vegen før det vart mørkt, og kom med dampbåten til Dragsunde seinkvelds. Det låg ein flåte med farty der, det lyste som av ein by. Det var jamgodt med at han helsa på live no. Så blankt var det ja, og så nattsvart utomkring. – Eg må ha sove? sa dauingen da han vart vekt opp.

Roland Nyborg smilte trygg som vanen hans var. Det var eit smalt og beinhardt andlet på han. Auga var ikkje store, og ikkje særs blanke heller, men der var eit sterkt liv i dem. Han hadde mest ikkje hår på hovude, så ung han var, og slett ikkje skjegg. Umulig å sjå noko vakkert på han, men han var ein vakker mann. Litt mindre høg kunde han gjerne vore; han var over 3 aln. Han såg ut til han kunde tukte nokon kvar, men han smilte heller og let det vera ugjort. Borgny var eit toskhovud at ho ikkje vilde ha han i morgo den dag. Håkon fresta ein toddi, men det laut han gi seg på. Roland retta seg opp og kremta best det 140var, og da gjorde Håkon det same: Dei fekk til å tale om handelen sin. Ein kom utor live og ein frå andre kanten og tok for seg ulykka si. – Ja ha! sa Roland. – Stemmer ja, sa Håkon. – Og no er vrake seld att til høg pris. – Ja. Til Blokks med det. – Det er enda godt du tek det slik, Håkon. – Det var eg som narra deg oppi det. – Enno har ingen narra meg oppi nokon ting, svara Roland. – Nei nei. Du er ikkje gift enno heller du. – Roland lo ikkje, men han vart stjerneblank i auga: – Eg har kanskje ikkje vore hardt nok fresta?

Håkon måtte opp i frisk luft. Roland kom etter.

– Du flyt vel over fallitten du? spurde Håkon.

– Denne skuta her, sa Roland og kakka med støvlehælen i dekke, ho er så nedlasta med pant, eg ventar tid for tid ho søkk under meg.

– Du har ein sterk mann i bakhanda.

– Eg likar ikkje å ha nokon i bakhanda. Det kan eg helse dykk alle samen med.

– Ja ja, eg skal heim eg. Eg skal til å bannlyse all slag vågna og galenskap, eg for min part.

– Vågna. Galenskap. Der er eitt sant ord i Norigs land, og det er: våg vinst, våg tap! Det er halve mannen det, og bort i mot heile live hans. Utan vågna lever du da ikkje.

– Prat, prat! sette Håkon i. Har du aldri døydd nokon gong?

– Gå ned og ta deg ein munn av glase ditt, du er sjuk no. Ja kva er det for resten som feilar 141deg? Her var nokon som meinte at du var ikkje frisk. Når det gjeld deg da er eg verkelig vitansjuk. Ja nei eg spør berre, du treng ikkje svara. Vel, vi går over til teksten vår.

Dei vart einige om at dei skulde skrive på for einannan enno ein gong, utan å blunke, så går det, sa Roland, eit par tusen på kvar, så dei stod første støyten. Roland vona elles på sildlasten sin, og på meir enn ein last. Dei skulde vel alltid baute seg framgjenom det, meinte han, – live er grunnlagt på lån, veit du, på lån og voner. Og ein liten fallitt er no heller ikkje noko å døy av, la han til.

Dei stod på dekke i stille natta. Der var stjernehimmel over dem, ei botnlaus dypt med nattblåna og eldblenk, men snart etter let det seg att. Skodda var der.

– Eg trur her blir tider for den som har mote, sa Roland. Eg kjenner det greinlig på kroppen min.

– Berre loppa, far, trøsta Håkon han. – Det er uverdig å lite på slumpelykka, sa han om ei stund.

– At du er så flatføtt, Håkon, det er her ikkje mange som veit. Reis heim til kjerringa di du.

– Ja ha. Eg bytta ikkje kjerring med deg, om eg så fekk bytte. Men først må eg ha namne ditt på eit papir. Det er eit sterkt namn, og sterkare blir det. Er du eigande for aksept-blankett? Så aksepterer du meg på ståande fot. Og så skal eg sova. Du kan vel hyse meg her?

142– Ja da, det har ligge finare folk enn du her om bord. Her har ligge damer nyst, i den køya du får.

– Takk, du er no vel så rundhendt med meg no, tykte Håkon.

Bortpå eit av fartya var der ein som slutta med dragspele sitt, Håkon hørte det først da det ikkje let lenger. Tonen vakna i han, og da såg han Ragnhild for seg; det måtte vera den tonen som drog han til henne ein gong. Han hadde spela han sjøl ein gong i tida, ja herre gud. Han såg mangt anna i same stunda; – ein ser ikkje live før ein er utanfor det, isa det i han. Til Stavsund kom han visst aldri meir.

Roland kremta friskt i det same, han skaut på at Håkon vart med i overmorgon når han fór til byen med fartye. Håkon takka og var glad til. Det var ein god støna i denne stunda.

*

Håkon heldt seg i køya det meste av dagen etter. Han kjente seg halvdrepen etter all denne gonga. Resten av makta hans kraup i hop til ingen ting, når han kom i hug at han skulde til å leva på nytt. Men når han tenkte litt meir på det, så var han i grunnen ein lystig kropp her han låg, og slikt slag når han var oppe på dekke og såg på sjauen der. For det var ikkje så om å gjera å vera Håkon Dale, slett ikkje, lat den mannen sitte på skjære der han har rodd seg opp. Ein kunde berre klemme på og leva slik ein var, snipp og snau.

143Han sa det med Roland, han vilde heim og syne folk ein liten ting: at det var ikkje større vondt å ha det vondt, det var berre ei tru dei hadde gjort seg.

Roland såg mangdubbelt på han. – Ja ha, sa han. Eg minns ein mann frå vintervære, han låg uti sunda og andøvde dagandes dag, i all slag vêr, han skulde passe opp båtane som kom inn, – han kjøpte lever for herren og husbonden sin. Ein grisvêrskvelden spurde vi han om han leid vondt. – Nei det har eg slutta med, svara han. Det er eit lite knep med live, ser De: Du skal ikkje vera så svinaktig nøye på tilvære ditt.

– Sjå der! sa Håkon.

– Nei. Det var eit liv for han det. Vi andre er ansles. Vi synes vi er pliktige til å vera folk same korles det går oss. Ein kvar lyt leva etter sitt eige hovud.

Håkon smilte tomt. Det var rart å møte orda sine slik, ein burde helse og takke for sist. Ja ja, enno trong han ikkje tenke nærmare over dette. Han skulde til byen først; ein fekk sjå korles det tok i veg der. Sia bar det til å kjenne etter, og ta ei avgjerd. Det var langt til Stavsund enno.

Dagen etter var Roland oppe hoss kjøpmannen og telefonerte, til Borgny ventelig, og da han kom att fór dei. Da var det alt noko daglide, men det kom på eitt ut, sa Roland, ein såg leia bedre om natta enn om dagen. – Fyrlys og kompass, resten 144gjer seg sjøl, sa han som var motormann og kokk om bord.

Motoren trødde takten og smått song attåt, og fartye gjekk så stillvatne brusa frammed sidene på det. Vêre var grått og stilt; kan hende det venta regn og kan hende ikkje. Det var avdaga da dei nådde sørpå storfjorden. Vind fanns det mest ikkje der heller, sjøen var blank og gjekk i eitt med halvmørkre, men der var ikkje så lite dønning. Skjøyta tok seg ikkje nær av den, enda ho var tunglasta, ho duva godslig og gammalklok og heldt farten sin, tok den alda slik og den slik, ein kunde ikkje vissare gå om ein gjekk i sømnen.

Her ute, ei halvmil lenger vest, fór Håkon da han skulde til Ursvågen å døy, – kor lenge sia var det, tru? Han var sannelig ikkje vonlaus mann den gongen. Var det ikkje for motorduren, da hørte ein gjerne brake av Flygrunnsfalle her i frå.

Ja vel. Han var heimsendt no. Det var det einaste som var visst.

Han sette seg til mastra og stødde seg mot den. Han skulde snart ned og sova, dei greidde seg like godt utan hans hjelp. Der var fleir som gjorde det, kom han i hug.

Ei stund etter kjørte dei inn i skodda. Dei hadde trudd, den eine som den andre, at det var ein liten regneling som stod og venta dem. Sia tykte dei ein skoddedott var ikkje noko å nemne, og dei nemnte det heller ikkje. Dei hadde bein 145lei og heldt full fart. Ja, dei kom ut av den dotten, men der var fleir att. Enno hadde dei like vel fyrlyse blankt atter om styrbord.

Roland såg tvilrådig i kring seg eit par gonger. Straks etter hørte Håkon at motortakten spakna aldri så lite; han sat og såg på at skodda kom rennande frammed fartye, slik lande fer når ein segler nær det. Motorduren minka enno litt. Roland studerte både kart og kompass.

Det var så vidt Håkon merka at skuta tok grunnen. Det gav eit nogg i henne, ein liten svikt i farten, ho løfta seg over det og var i gonga att, men da hogg ho i berg og rente baugen opp, sjøen grunnbraut over dem i same augeblinken og hivde fartye over, og Håkon kjente han fór. Han syntes han vart hivd oppetter le vant, og tenkte rasande at dette var ikkje rett, det var ikkje slik han skulde døy! og heile live hans susa gjenom hovude i eitt sekund, ein fortærande urett som vart til ingen ting.

Han kom til seg att. Smått om senn vart han vâr at han heldt seg fast i nokon ting, og sia fann han ut at det var vante han heldt seg i, oppved godse på mastra; det var berre masterstubben som var oppe av heile fartye no. Falle baska og braut tak og anna, eit stykke til lovart. Det hadde renska av seg vrake og heldt på med sitt. Nei det var ikkje Flygrunnsfalle dette, og ikkje var Paul her heller. Han var åleine her.

Eg er ikkje død, kom han i hug. Han fresta å rope, men der var ikkje stor lyden i han. Ikkje 146var her nokon i nærheita som kunde svara heller. Sjøen var så øde som ingen hadde set han før. Dei andre to? Dei var her ikkje. Dei måtte ha vorte med fartye ned. Korles han sjøl hadde komme hit, oppi mastertoppen? Umulig å tenke på det, sjøen lauga han i eitt vekk. Han fresta å klattre litt oppetter mastra, men han kom ingen veg.

Tid for tid heldt han på og skulde sleppe seg, men han kom til seg att og tok seg på tak. Tungalda løfta han høgt med kvart, drog så unda, til han hang i lause lufta. Der gjekk tider. Han såg ymse ting for seg, stundom gjekk der for seg eit heilt liv inni han, men inn i millom var det berre gråe natta, verda var ikkje skapt enno, ho vart det aldri heller.

Men lenge etter skaptes der liv borti skodda. Det rodde. Og så vart der eit farty med segl og med skrog, og så vart der ein båt, og to mannsskuggar i den. Han såg det, dei låg og båtsrodde fartye, skulde slæpe det unda falle her, for der var ingen vind. To levande menneske var det. Den som ikkje har set det, han trur det ikkje, smilte det i Håkon. Han vakna til og ropa for live. Dei stogga i roren og glåmte i kring seg. Så sat dei still og stirde hitover. Dei sat og dømte han til døden, visst; han hørte dei snakka seg i millom. Han ropa på nytt, fresta å få det til så menneskelig som mulig. Da opplevde han redsla for døden. Ho tok mæle frå han. Men så tok ho tankane òg, kjensla og alt i hop.

147Da kom dei. Ei stund etter var han inni båten hoss dem, han låg der og levde. Karane festa slæpetauge att og rodde på spreng, for straumen sette ned på grunnen her. Sia skulde dei til å få han om bord i jakta. Han bad dem sjå etter, der skulde vera to mann til. Dei gjorde det, rodde og rodde rundt kring falle, Håkon reiste seg i båten og stod. Nei. Der fanns ikkje likt til dem. Båten, tenkte Håkon. Båten låg kvelvd på dekke og var trulig det første som vart hivd over bord. Nei Roland rodde aldri frå deg, sa han seg. Roland finns ikkje no meir.

Der var ei merkelig skodd framfor han: At han skulde bli hengande fast så høgt oppi vante, da skjøyta retta seg opp før ho sokk. Tvert gjenom døden og blinda hadde han komme og dit.

Havskodda hadde lettna ein mon. Dei skulde for ålvor til å gå om bord i jakta. Da kom der ein dampbåt brusande. Det var ein slæpebåt på veg til byen, men han fór lausreipa no, i eitt eller anna erende. Jaktskipperen praia han, dei tykte denne halvdrukna mannen burde til byen og dokteren med all som først. Håkon vart teken om bord og lagt til køys, og båten fór med han.

Der låg han og var berga mann. Han hadde komme seg laus frå døden. Det sveiv for han at det var rangsnudd, men det var over vettes godt.

Dagen etter, da klæane hans var tørre, krak han seg opp og i land. Dokteren trong han ikkje, for det første. Nei, helselaus var han, men langliva 148både på sjø og land. Han fekk gå her og drive i hel tida, til i morgo når rutebåten gjekk utover. Da fekk han kjenne, kanskje han fór til Stavsund? Enno hadde ikkje dei hørt om uferda, det var han trygg for.

– Ja, eg rømmer ikkje, sa han ein gong, da han såg heimen for seg.

Men Roland vart att der ute. No ja ja, han gjekk ikkje vanæra utor live. Han fekk ein manns lågna, slik han hadde fortent det.

Håkon fann seg eit losji og gjømte seg bort. Han sat eller låg, etter som det fall han inn. Best det var tok han fram boka si og såg i henne. 50-kroningen var ødelagt av væte. Tusen takk! Det same var aksepten frå Roland, berre namne stod der stort og greit slik Roland sjøl sette det der. Og dette var skinnboka etter far, ho som var utropa vasstett – fan brenne heile boka!

Namne hans Roland stod der ja, eit lite minne om velviljen hans, ein liten rest av ei von. Den andre blanketten, som ikkje var brukt, låg i eit anna rom i boka og var heilt uskadd. Slik var det. Ingen ting å banne over. Han gjekk att og fram på golve eit tak. Da tok han blanketten, og penn og blekk, og skreiv 1000 kroner på, slik det stod på den første, namne Roland Nyborg nedunder til høgre, det vart modig likt seg; det stod der før, på andre papire, og vitna for kven som vilde sjå det. Så, no stod hans eige namn der òg, på langs og på tvert.

149Han svor litt inni seg, tok papire og gjekk i banken med det. Dei kunde umulig ha hørt om forlise enno, dei? Og slett ikkje at det var Roland som fór. – Nei, dei åtte ikkje misstanke, slik. Dei granska papire, og fann det var godt. Da stryk eg sørover i kveld, tenkte han. Men det var eit høgt tal, sjefen sjøl kom og la ut for Håkon, at det der fekk dei kjenne på, der var krig og utrygge tider, Håkon skulde få høre frå dem fortast det let seg gjera.

Håkon gjekk til losjie att. No slapp han da tenke på kva veg han skulde ta i morgo, det vart til Stavsund det. Han var skjelven i all sin kropp, og sjæla var same armodstinge ho. Han la seg, og sov til det var svarte natta. Sia sat han i senga og bia på det skulde bli dagen. Han venta hardt på sluten, han syntes han var nok tynt for det første.

Dagen vart det, og så bar det ut fjorden, utover til Stavsund ja og der i kring. Så fekk han sjå korles der såg ut. Sia fekk han leva og sjå korles det gjekk med det eine og det andre. Han var åskodar no her etter. – Leva og sjå, hadde Roland sagt. Straks etter tok han dautake sitt. Det skulde i alle fall bli Håkon forunt å seie Borgny eit sant ord, både om Roland og om henne sjøl.

Om ho vilde stå ved namne til mannen sin, på papire i banken, stå ved det siste han gjorde, det fekk bli hennes sak. Håkon hadde slege frå seg dei pengane, han fekk dem aldri, og kva skulde 150han med dem? Dess utan var det ulovlig det han hadde gjort med aksepten, visst dei vilde krangle på det. Men Roland, som sagt, han var Borgny ein mon for god. Det skulde ho få høre.

Det var Ragnhild han sa det til, han såg henne så klårt i det same. Augebrunene hennes tedde seg særs tydelig, dei var smale og beine, to mørke strek som aldri blykta for nokon ting. Under dem stod blikke hennes forunderlig fritt imot ein; det var så sterkt for di det var så mildt. Slik ja, just slik var den vesle darringa ho fekk ved munnvika, der smilen kom og gjekk. Ho var ei smilande makt heile menneske, ein syndhard motstandar.

Nei det dugde ikkje å seie ho var rettferdig, ho hadde ikkje den synda på seg heller. Men krevde ho han skulde vakne opp og bli menneske som før, da var ho meir urettferdig enn ti rettferdige til samen.

Straks etter var Hallvard der, han skulde konfirmerast no til helga. Men ein slik gutskapning, kva kan du seie til han?

De veit ikkje, de, kva live har vore for meg, sa han til dem. De anar det ikkje, alt det har lova meg, og alt det har rana frå meg.

Dei smilte til det, syntes han sjå, den eine slik og den andre slik. Og om ein halvtime no, da skulde han møte dem for ålvor. Smil ikkje, godt folk, det går aldri verre enn gale med meg.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Siste leveåre

Siste leveåre (1933) er tredje og siste bok i Duuns Ragnhild-trilogi.

Romanen handler om forholdet mellom Ragnhild og mannen Håkon. Håkon tror han har bare ett år igjen å leve og vil gjøre alt han kan for å dø med æren i behold.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1933 (nb.no)

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.