Siste leveåre

av Olav Duun

V

151Det såg ikkje ut til at Lea skulde komma att meir ho heller. Dagane kom og gjekk, dei snudde andlete mot Stavsund, kvar sitt tomme andlet; ein fekk enda vera glad at dei gjekk. Men endelig ein dag kom Lea oppetter sjøvegen.

Det var same dagen som Håkon kom heim, ho var berre ein halvtimes tid føre han. Ho kom med båtskyss tvert over fjorden.

– Kjem du verkelig att? sa Ragnhild.

Lea såg på andlete hennes. Det hadde fare ille i det siste. Det hadde vorte mykje smalare, men særlig var det vondt å sjå auga hennes, – dei stod på fattigdommens rand, tykte ho.

– Han kjem, han kjem, skyndte ho seg og sa. Du veit ikkje av før han er her, han er her i morgo den dag!

Ho vart så oppjaga, ho la i veg og fortalde om heimferda si. Der var ein ungdom som heitte Jorg, han hadde fria til henne ein gong, i fullt ålvor, men ho var ikkje anna god til, ho berre lo åt han. Han tok seg nær av det og flytta utor tenesta. – Det var på harde dasken at eg ikkje sa ja til han da, let ho. Sia hadde ho hørt han skulde 152vera der og der, og no da ho var på dei kantane like vel, så hadde ho leita opp han, ho spurde seg fram og fór, ein dag og ein dag til, landveg og sjøveg for tvert, det hadde vore eit eventyr til ferd. Ein kunde ha ledd til det. Og sluten på det, den lo ho til før ho fekk fortald om han.

Jau, han Jorg hadde vore so truverdig i sorga si, ho laut sjå att han no og be han tilgi henne, og manne seg opp! Ho vilde gjera ein god gjerning, for ingen veit kor gammal ein blir, og så måtte det da komma sjølve erende hennes til gode? Og da ho endelig fann han og fekk snakka med han, da flirte han til henne og ferda hennes: Han stod på giftande fot, kunde han fortele henne, han skulde ha ei blømande unggjente. – Men han gjorde sælebot og skyssa meg over sunde att, sa ho og lo på nytt.

– Du ser ut som du treng både mat og kaffe etter det, sa Ragnhild.

– Eg treng snart ikkje nokon ting, ban. Eg er over den plaga. Men korles ser du ut sjøl, trur du?

Ragnhild sa ho hadde snart middagsmaten ferdig, ho snudde seg og vilde til kjøkene.

– Men at du ikkje gjer oppreist! sette Lea i. Det var sagt før ho sansa seg.

Ragnhild snudde seg og såg på henne, vilde til å svara, men brydde seg ikkje om det. Ho let blikke gå mot vindauga og langt ut. – Der kjem dampen, sa ho. Frå byen. Ho gjekk bort til vindauga og 153stod, liksom ho vilde halde auga med dampbåten austpå fjorden.

Det var ikkje vise hennes å stå slik. Lea likte seg kleint.

– Når båten kjem att utanfrå, da er ‘n Håkon med, trøsta ho.

Ragnhild hørte det ikkje. Men litt etter snudde ho seg og kom i mot Lea.

– Jaså, du fann han der ute? sa ho. Korles stod det til med han?

Lea vart glad og fortalde. Ragnhild stod still og hørte på.

– Ja eg skjønnar meg ikkje på han, sa Lea til slut. Han er ein tullbokk, det veit vi, og det fortalde eg han, men det blir vi ikkje klokare av. Han må vera sjuk nokon-stads, innvendig? Han hadde visst innbilt seg han skulde døy snart? Ja men slikt har han ikkje lov til!

– Du skal i alle fall ha takk, til så lenge. For det du har gjort. Ragnhild kom i hug ho måtte til kjøkene, og gjekk ut.

Det var vondt, og det var ei skam, at ho ikkje kunde snakke meir med Lea. Men ho var ikkje i stand til det. Ho gjekk og snakka med Håkon all dagen mest. Med den Håkon som var ein gong. Ho spurde, og ho hørte han svara. Slik leikar barne med tankane sine, men lat henne vera barn.

Han som var ventande heim no, visste ho ikkje noko å seie til; om han var aldri så sjuk. Stundom ønska ho han ikkje kom heim meir. Ikkje så at 154ho stunda etter ein ny mann; – det er eg ikkje skapt til, sa ho, gud gi eg det var!

Kva nytta det at ho hadde levd igjenom noko før? Ingen ting. Ho var eit anna menneske no, ein blir stadig eit nytt menneske, eit barn framfor det som hender ein.

Det var i går. Da såg ho i auga til Hallvard, at han måtte ha far sin heim same kven han så var. Det lova ho han med seg sjøl, det var avgjort det. Ho helgaklædde seg og gjekk på auksjonen i grannegaren. Ho åtte ikkje erend dit, men ho måtte sjå folk. Ho vilde vera menneske i lag med andre menneske. Ho snakka med både den og den. Det gjorde henne lite at dei tenkte eitt og anna hoss seg sjøl, der fanns mest ikkje vondt i det. Det nogg ikkje i henne ein gong, da nokon spurde etter Håkon. – Han? smålo ho. Han har sitt å bale med, og eg mitt. I morgo kjem han heim, la ho til.

– Lat han komma når han kjem, sa ho no òg, da ho gjekk inn att til Lea.

Lea vilde ikkje vente på mat, ho skulde berre ha litt mjølk. Ho stod på gonga vestover. – Dei tykkjer kanskje eg blir lenge borte no, sa ho, både kyrne og dei andre. Kven kunde ha spådd meg noko slikt? Det er skire lykka er det.

Ho stod slik at ho såg ut gjenom eine vindauge, og best det var sette ho i: – Nei så Herren forynge meg, der kjem han!

155– Kven da?

– Han sjøl, veit eg. Han Periander; han kjem og leitar etter meg. Der står han, med Torghatten på hovude.

Og rett nok, Periander kom inn. Han vart litt dått med da han såg Lea der, hadde nær glømt å ta av seg stivhatten. Han smilte og vart brydd som ein unggut. Ragnhild fekk dem til å sette seg båe to.

Periander fortalde, at når han kom hit no, da hadde det ein grunn. – Skjemmes du ikkje! lo Lea. Men Periander var ålvorsam og spurde henne ut om ferda hennes og om Håkon, og før ho fekk skikkelig svara, spurde han om ho hørte noko til Roland Nyborg, om ho visste kor han heldt til no? Nei det var det at Borgny var så urolig: ho hadde venta han ringte henne opp frå byen i går, det var avtala det, men det gjorde han ikkje. Så ringte ho dit, til kjent folk, men han var der ikkje. Sia hadde ho telefonert nordover dit der han låg og salta sild, men han hadde reist der i frå. I dag hadde ho ei samtale med Finnsvoll, og der skræmte dei henne. Dei hadde ikkje set han der, men dei fortalde om ei skjøyte som hadde forlist sørpå, somme sa at ein mann var berga og andre at ingen var berga; av fartye var der berre mastertoppen oppe.

– Berre ikkje ‘n Håkon var med der! datt det ut av Lea.

156Da såg dei på einannan alle tre. Ragnhild var den første som friska seg opp att. Ho drog på smilen.

– Bli ikkje forfæld, formana Lea dem.

– Her er ingen som blir forfæld, svara Ragnhild. Enno er ikkje ‘n Håkon feig.

*

I det same bles dampbåten, og da reiste Periander seg. Han vilde ned på brygga og snakke med kapteinen, om han hadde spurd nokon ting, det var erende hans hit. – Det er ho Borgny som er så urolig, sa han, halvt med seg sjøl.

– Eg synes ikkje du skulde undrast på det, meinte Lea.

Ragnhild tykte dei var to born som skapte seg til. Det som var visst, det var at Håkon han laut nok leva, arme skapningen, og ho laut leva i lag med han.

Da Periander var vel ute att, sa Lea: – Å nei, her er da eit anna menneske som lyt døy. Det er eg det.

Ragnhild såg vantruen på henne.

Lea fortalde korles det stod til med henne, og kva dokterane hadde sagt. Vegen var da viss nok, trudde ho. – Det argaste er at eg kjem til å svelte i hel, etter som eg forstod dokterkallen der ute. At eg ikkje åt litt meir med tid var til!

Ragnhild sette seg. Ho sat og såg på Lea og sa ikkje noko. Sjøl forandrast ho i alt andlete, merka ho, og det var ikkje fritt ho skalv kring 157munnen. For dette var ikkje vanlig vondt. Der fanns ikkje ein gong eit lite ord å seie til det.

– Du trudde eg gjekk i giftartankar du, sa Lea. Ho var Lea den same der ho sat.

Ragnhild spurde om ho hadde fortald Periander det.

Lea rista på hovude. – Eg får ta meg ein dag og gjera det òg, sa ho. Eg veit berre det at eg kunde gjera mykje for han. No vil eg først sjå kor mykje han vil gjera for meg. For ‘n Håkon bror min og deg.

Ragnhild måtte ut i kjøkene att. Ei stund gjekk der, da kom Lea og gløtta på kjøkendøra.

– Du må komma inn, Ragnhild! bad ho.

Ragnhild sette frå seg fate ho stod med, flytta ei gryte til rettes på komfyren, og gjekk inn. Da stod Lea bortved vindauge. Ho bad Ragnhild komma dit og sjå. Ragnhild gjekk dit.

Der såg dei Periander og ein til kom oppetter sjøvegen. Den andre var Håkon. Han gjekk med hendene på ryggen.

Lea tok over handa til Ragnhild og klemte henne: – Ser du der du!

Ragnhild hørte kor gleda tyta opp i Lea, som dei hadde gitt henne live og helsa att og vel så det. Dei to nedpå vegen kom nærmare og nærmare. Ragnhild såg Håkon var uhuglig skrinn i andlete. Som snarast fór rådløysa i henne, det var Hallvard som skulde ha teke i mot han, men han var ikkje heime, han burde ha stått ute no og snakka første 158orda med far sin! Men han var nede ved sjøen og ekspederte båten. Dei hadde alt helsa på einannan, dei. No fekk ho bie her til karane kom inn; så sa ho det ho hadde tenkt å seie.

Håkon opna døra og baud Periander stige inn først, men det vilde ikkje han, ikkje i dag nei, han kom etter og såg ut som han hadde gjort einkvart gale. Håkon såg beint på Ragnhild, men blikke hans var litt skoddut. Han drog på smilen da han helsa goddag.

– God dag, Håkon! Og velkommen heim! Du vart lenge, meiner eg?

Ho sa det lyst og lett, som til ein kjenning ho råkte på. Det var ikkje slik ho hadde tenkt å ta i mot han, langt der i frå, men etterpå syntes ho det var einaste rette tonen.

– De må ver-så-god å henge dykk nedpå alle samen, sa ho, her blir snart mat å få. Det er lang veg til Henningstad, om de så er to om han; over middagstid er det òg – sitt ned, seier eg!

– Ja takk, svara Lea, men no trudde eg jamenn du vilde vera fri oss ei lita stund. Trur du ikkje det, Per, at vi gir oss i traskinga heimover? Ja eg kallar han Per eg, ein slit ut levetida si med dette endelause namne. Er du hardt svolten, Per?

Ho vart vâr Periander, at han stod der bortgitt i gudsnamn.

Men han såg på Håkon, spurde liksom, eller bad.

Håkon hadde gjort seg ein sving bakom dei andre. 159Han stana og såg ein gong på Ragnhild og ein gong på Lea, snudde seg så til Periander.

– Nei, det må bli De som forteler det, sa han.

Periander sukka og smått kremta, men han såg ikkje all verst ulykkelig ut. Han fortalde det han hadde hørt av Håkon, at Roland var bortkommen, slik og slik. – Slik er no det, sa han til slut. Det blir ei tungvore tidn å komma heim åt a Borgny med.

Båe kvinnfolka snudde seg og såg på Håkon.

– Som de hører, eg var da med ja. – Men, eg vart berga eg, la han til.

Sia fortalde han med nokre få ord litt nærmare om tilborden.

Ragnhild stod og såg ein annan veg.

Lea tok i armen til Periander: – Vi får gi oss i veg da. Og så sa ho det slik ho såg det framfor seg, ho var ikkje anna godtil: – Vårherre veit han korles det no blir!

Ragnhild snudde seg og såg på henne; blikke hennes vart meir og meir levande, Lea vilde helst ha gjømt seg for det. Enno mindre likte ho seg da Ragnhild smilte.

Håkon hadde ikkje hørt noko meining i det Lea sa.

Periander sa farvel, og Lea måtte gjera det same. Så gjekk dei. Ragnhild følgde dem utom døra, etter vanlig folkskikk. Ho stod litt og såg på kor truverdig dei vandra i breidd bortetter vegen. Men det var ikkje der ho skulde stå. Ho skulde inn att.

160Håkon hadde sett seg da ho kom inn.

– Korles står det til med deg? spurde ho.

– Ja, det var no det. Han smilte: Det får vi kanskje snakke om seinare.

– Ja ja. Det kan du ha rett i.

Ho gjekk åt kjøkene. Maten var ferdig, og no kom dei inn frå kvar sin kant og sette seg til bords. Håkon sette seg i romme sitt, snakka nokre ord med Hallvard og med einkvan av dei andre, spurde om slikt som husbonden må spøre om når han kjem heim frå ferd, men elles var han litt nattvakande og ferdatrøytt av seg.

Hallvard sat utrulig vaksen ved borde, han var ikkje brydd, og ikkje glad heller, han skulde ha mat, og snakka når han såg seg tid til det.

*

Dei var slik båe to, Ragnhild og Håkon, at det som no måtte komma det vilde dei ha overstått med all som først, ha det oppgjort så langt det let seg gjera. Den eine visste det om den andre.

– Skulde vi gå ein sving? spurde Ragnhild da dei hadde drukke kaffen.

– Ja lat oss gå ut og sjå på landskape, svara Håkon.

Og så gjekk dei. – Dette blir kanskje siste gongen vi går slik, tenkte Håkon. – No spørs det om, sa Ragnhild med seg sjøl.

Det var kvelden alt. Skymminga kom sigande inn på dem, kveldvinden susa tak og anna kring 161dem og tagde att. Dei var så åleine som dei kunde ønske seg det.

Der var ein trefire ting Ragnhild hadde for seg, og som ho fresta å halde ut i frå einannan.

Der var no for det første det, at det var rart å sjå att Håkon, sjå han så tynn og så nedfor. Ho syntes ho måtte vera god med han, som med eit sjuklig barn, om ikkje anna så måtte ho få litt hold på han att.

Det andre var det, at han var ikkje Håkon. Han var ein person som hadde svike henne, slik ho aldri drømte at det eine menneske kunde svike det andre. Han var ikkje verd det ho hadde ofra for han, det var snudd om til vanære for henne, til synd. Ho torde knapt sjå seg sjøl i ein spegel etter ho vart vâr det.

Men det vilde vera tåpelig å hemne det. Ho var fattig nok før. Ikkje let det seg hemne heller, umulig ting.

Det ho laut tenke på, det var dette: Skulde der bli skapt som ei von for dem, da måtte han så langt ned at der fanns ikkje Håkon att i han. Han måtte sjå det sjøl kven han var. At Lea vilde hjelpe dem å berge garen, var vakkert av henne, og godt å vita, men det var ikkje det her spurdes om no. Dei måtte ta til frå nytt med all ting. Kanskje der var ein smak av hemn i den tanken like vel? Kan hende det, og gjerne det. Det var einaste vegen deres i alle fall. Ho hadde ikkje lov til å gi etter.

162Håkon var for utsliten til å ha nokon tanke nett no. Han skulde ventelig ha det enno litt meir vondt, og det fekk ha sin gang. Det var elles bra vondt da han såg att Stavsund, da han såg Hallvard og henne. Det blir ho som får ta til ords, gjekk han og tenkte.

Dei gjekk sommarfjøsvegen oppover gjorde, og sia tok dei av austetter frammed skogkanten. Dei kom heilt ned til kvennbekken. Der stana dei. No har ho leidd meg hit, tenkte han. Her skal det skje. Der hadde komme eit missmot over Ragnhild, ho visste ikkje om ho kunde seie nokon ting til den mannen som gjekk breiddmed henne. Noko måtte ho seie like vel, og det straks.

– Du burde gå til Henningstad, sa ho. Eg tenker Borgny vil høre litt nærmare om siste ferda hans Roland.

– Det kunde eg godt gjera, svara Håkon. Men var det ikkje vel så rimelig at ho kom hit?

– Det var for resten ikkje det vi skulde snakke om.

– Nei.

– Men eg kan visst ikkje seie det som skal til. Eg er ikkje så pass til menneske lenger.

– Nå-å, meinte han.

– Men det kan eg seie deg, at vi let garen gå til auksjons utan konster og prut.

– Så?

– Ja. Eg går ikkje med på anna. Eg ser ikkje meining i noko anna.

163– Er du så hard? Kven er du så hard i mot da?

Ho stod og såg på han. Da sa han det som just fór henne i tankane:

– Det er inga sak å tukte meg nedåt. Slik som eg har stelt meg. Driv på.

– Eg trur ikkje du skjønnar kva eg snakkar om.

– Nå, du skal ikkje vera for trygg på det.

– Eg tenker på framtida for både deg og borna; eg tenker på heimen vår.

Han såg ut i vêre og smilte: – Det tenker du på.

– Ja eg tenker på heile bygda, på folke. Vi er ikkje åleine i verda.

– Bedre og bedre!

Han såg i kring seg, tenkte på å sette seg tvert ned, men vêre var for kaldt til det. Han var litt skjeiv i andlete da han snudde seg mot henne. Hennes var heller ikkje slik det pla vera, enda det var rolig nok.

– Eg veit kva du vil seie, heldt ho fram: at det er det same du har tenkt på. Ja, men du har ikkje tenkt. Skjønnar du ikkje det no, da skjønnar du det aldri.

– Garen skal dei ikkje få ta, sa han, halvt med seg sjøl. Den skamma hastar det i alle fall ikkje med. Eg skjøtar han over på deg. Eller på Hallvard. Men det du vilde seie er vel det, at eg er ein tosk til kar. Det kan vi bli einige om. Eg vart enda for dum til å døy.

Ragnhild stod og såg ned. Og han vart ståande 164og sjå på henne. Ja, her stod han, det var visst òg det. Ho stod og dømte han, og han stod og skreiv under på det, og vart eit anna menneske av det. Han let det skje. Det var ikkje stort hardare det enn å døy med kroppen sin.

Jaugu var det verre!

Da knippa han med fingrane i lufta framfor andlete hennes:

– Så! No har eg både skjønna det og sagt det. Eg har gitt deg rett så eg burde døy av det!

Ho festa blikke på han, men ho hørte knapt kva han sa.

– Og no står vi ikkje her lenger og frys, sa han. Kva veg vi skal ta heimover, det sett eg i ditt skjønn. Det same gjer eg med resten, ja du skjønnar kva eg meiner med det. Eg snakkar fullt ålvor, om det ikkje høres slik. Kom no!

– Eg kan da komma, sa ho. Eg kan da komma. Ho snakka halvt med seg sjøl: – For eg bryd meg ikkje om å ha det meir vondt enn eg er nøydd til.

– Går vi her eller der? spurde han.

– Her, avgjorde ho.

Der med gjekk dei, nedetter frammed bekken.

Håkon visste at om han tok handa hennes no, da var det ei pine for henne, ja kanskje ei synd. Ansles kom det aldri til å bli.

Ragnhild hadde litt vondt for å tru at det var dei to som gjekk der. Men det var det, på eit vis.

Det heldt på og regna så smått. – No skvettar han vatn på gåsa, sa Ragnhild da ho merka ho 165vart våt. – Eg meinte eg hadde vore i vatne nok no snart, sa Håkon. Men, det skader ikkje med ein attpåskvett.

*

Dagane gav seg til å gå, den eine levedagen etter den andre.

Håkon syntes han hang bakpå dem og kjørte med. Han nytta høve stundomtil og såg i kring seg, han let undringa gå seg gjenom hjarte, den og mangt anna, og da hendte det han sa at dette det er deg! Det var kaldvore å oppleva seg sjøl som eit namnlaust krek. Jamvel da er ein ikkje vonlaus, merka han, ikkje da meir enn når du skal døy.

Konfirmasjonshelga gjekk over ho òg.

Ragnhild hadde fått ei ny bør av andsvar på seg. Det var ei god tyngd å kjenne på. Mot Håkon fresta ho vera som før. Det fall ikkje lett, men enda fall det naturlig, tykte ho. Ho fraus litt når ho kom i hug korles han gjekk der no, avsett og einslig, ein vaksen mann utan von for seg, utan gjerning for seg, og dette var til og med han.

Han la fram for henne kvart eit papir han hadde eller som kom, heile elende med kravbrev og andre trugsmål. Auksjonen nemnte dei ikkje meir, dei hadde han i huse like vel, svarte tvangsauksjonen. Dei såg han i auga på kvar sitt vis.

Ragnhild var nær på å bli rasande stund og anna: At folk kunde bera seg åt slik! Når skal folk lære å stelle seg som folk? Det argaste var, at når ho tenkte seg om og kjente etter, da gjekk 166ho med på åtferda hans, ho kunde ha trive til same galenskapen sjøl, ein er da ikkje skapt menneske for ingen ting. Ho kom i hug den og den, som aldri kunde ha våga seg til det. Evnelause edruskapen heile menneske.

Men som ein idiot hadde Håkon fare fram, og slik fekk han gå der til så lenge. Han og lagnaen hans hadde møttes, det har vore fleir som måtte ta den støyten.

Håkon smilte ulykka si beint opp i andlete. Det var ikkje stor konsten det, gud bedre, det same lyt krøplingen gjera, og kva anna skulde krøplingen gjera? Pengesorger er ei rikmanns-sut, dømte han. Slikt kan fattigmannen ta seg fri for. Han smilte til det òg, at der var Ragnhild, ho var umistelig for han, og han hadde mist henne for evig tid. Men at eit menneske kunde bli så lite jordisk som han var no, det var eitt av dei sju vidundera i verda. Slik var det å vera dau mann.

Men så ein dagen synte det seg at dette hadde han berre drømt.

Periander Henningstad ringte opp og vilde snakke med han. Han var nede ved kvennbruke da bude kom. Han undrast ikkje ein gong på kva Periander vilde han, for det skilde han ikkje minste grand. Like vel, med han gjekk oppover rann tanken bort på Lea, ho hadde visst ymta om eit hjelpetak i knipa. Dei fekk gå til Ragnhild med slike plager. Og så tenkte han på andre ting.

Han kom til å minnast at Periander og Borgny 167fór framom Stavsund ein dagen her, dei gjekk om bord i båten og reiste utover. Dei skulde kanskje i veg og spøre om Roland slett ikkje var å finne i live, kven veit kva folk tenker ut somtid. Dei måtte ha komme att no da, ein eller annan vegen. Borgny var svartklædd; ho sørgde med klæane ho som ei anna enke.

Periander spurde korles det stod til, og meir slikt, nemnte så at han og Borgny hadde vore ute og reist. Dei hadde lagt heimvegen over byen, der var somt å ordne opp etter Roland, og Borgny tykte det fall på henne å gjera det; – ja du veit, du var med i eitt og anna av det du òg, sa han, men han sa det godslig, med smil og kremt.

Og så kom det:

I banken hadde han komme over eit papir som Roland hadde skrive ut, ein aksept for Håkon, han kom vel i hug den? Ja, no hadde han det her, papire, Borgny vilde ha det, ho tok det beint fram, for det var det siste Roland skreiv, var det ikkje det, tru? For det var det òg, at om banken tok papire for godt eller ikkje, det stod no på henne det, så å seie; ho måtte vel sette sitt namn der da, attåt Roland sitt. Det var det han vilde snakke med Håkon om, der var eit par småting han måtte ha greie på, men det kunde dei ikkje stå her og gala i telefonen om. Håkon laut komma utover.

Håkon leita litt før han fann måle sitt. – Eg gir meg sytten om heile papire, sa han. Eg vil 168ikkje ha ein skilling på det. Han hørte sjøl der var ei darring i røsta.

– Så. Periander kremta tørt og tenkte einkvart. – Nei nei, sa han. Det er no den sida av saka. Men, som sagt, du får komma hit. Eller òg må eg til deg. Det er noko eg vil vita. Det var best Borgny òg var til stades.

– Nei, murra det i Håkon. Han kom i hug dei fekk bjørnen til å danse når dei elda under labbane hans, – ein kunde da skjønna det. Vekselen var falsk han. Han krevde tukthus over syndaren.

Periander kremta på nytt. – Vi får da snakkast ved. Det var berre eit lite spørsmål dei kom med i banken. Ein liten merkna; det er fort overstått.

Håkon mumla noko om at han skulde sjå kva tid han fekk, og at papire var verdlaust for han. Der med kom han seg frå telefonen og ut.

Han stana eit par gonger på vegen ned til kvennhuse og spurde seg: – Skil no dette meg, i grunnen? Det kunde han svara nei på, men kva hjelp var der i det? Fanns ikkje, fanns ikkje. Reddhugen hadde fare i hjarte på han, det vilde jaga han på vatne. Han fresta smile, og roa seg med at i vatne hadde han da gått seg bra nok, både på det eine og det andre vise.

Men kva gjorde dei no, kva kom dei til å gjera, dei der ute på det fordømte Henningstad? Kva vilde banken gjera – – kva skulde ein trive til?

Eitt stod fast: han rikka seg ikkje før dei kom 169og henta han. Visst han da ikkje rømte, for det har ein tukthuslem rett til. Men nei, han hadde alt rømt nok; han dugde ikkje til det. Redsla kviskra i han, at rettno tok han renne vestetter og kasta seg ned for både Periander og Borgny og bad om nåde, dei var da menneske?

Til kvennhuse var det umulig å gå i dag, det strøypte han når han tenkte på det. Han snudde om og gjekk oppover att.

*

Han møtte Ragnhild ute, ho stod og mata kaninane. Det var ein lagna at ho stod der just no. Ho var der, slik hjelpa er der ein hende gong.

Ragnhild kjente seg meir modig den dagen enn ho hadde gjort på lenge. Ein kunde leva og ikkje vita kven ein er, syntes ho, men så ein dagen ser ein det, verda i kring deg forteler deg det.

Ho syntes vêre vart vakkert berre ho såg på det, enda regnelingane risa jorda tak for tak; og lande vart vakkert det med, der er ingenting meir finskapt enn strendene, ja og somme haugane, når ein kjem til å sjå dem rette dagen.

Ho såg for seg nyheimen deres, han låg der uferdig og levande i vika si, det var å slite med han og like seg. Å vera lykkelig, trudde ho, det er å sjå verda, men da må ein sjå henne slik ho skal bli, og skape henne til der etter, så du kjenner du er menneske, og eit medmenneske for andre.

Hallvard ja, han fór kanskje sin veg, men det var ein god ting det òg.

170Håkon tok ikkje til å leva før dei hadde ranga av seg Stavsund og alt som til hørte. Han måtte få ta til på nytt. Nokon mild kur vart det gjerne ikkje, men kven hadde spådd han mildare for dem?

Ho sa til han i same gode dagstunda, han kom just og stod attmed henne: – Og så du da, som la i veg og vilde døy i frå oss?

Han stirde tomt på henne. Ho såg ho hadde sagt eit gale ord, derfor la ho til:

– Eg kom berre i hug at så vondt hadde du det.

– Det var ‘n Periander som telefonerte i sta, sa han. Han krevde at eg kom dit.

Ragnhild vart raudlett med det same. No var det ho som stirde på han. Endelig sa ho:

– Men kunde du ta i mot hjelp av andre?

– Ikkje nåde ein gong. Og det er det det spørs om no. Nåde.

Han stod og plagdes før han kom seg i gang med å fortele Ragnhild om vekselen, men det gjekk når det først bar til. Han fortalde så sant han kunde. – Uskadelig gjerning for alle samen, sa han til slut. Uskadelig ja, men straffskyldig. No har dei meg. Dei sitt der og kan bruke han i morgo den dag.

– Kven da?

– Kven? Han Periander, veit eg.

Ragnhild såg på han og tagde.

– Eg veit ikkje kva du tenker på, sa han. Og med det same var han maktlaus av sinne så 171han dirra i måle og alt med seg: – Tru det du vil tru, det skil ikkje meg! Han spakna snart att. – Det kan bli det same no ja. For no er eg da ferdig? He? Ja men enn ‘n Hallvard, skal han måtte lide at far hans er på tukthuse, at far hans har vore på straff?

Ragnhild blir underlig i andlete. Ho smiler og ser på han; så ser ho ned.

– Det er no så ja, seier ho. Litt etter seier ho i ein annan tone: – Ja dette var for godt åt dem. Det må ikkje få hende.

Ho var sjølve berginga da ho sa det. Ho visste ei råd der ho stod. Ho visste råd for all ting. Han såg på henne og tenkte same tanken om att. Så tenkte han ingen ting.

– Du har da ikkje tilstått det? spurde ho

– Ikkje enno nei. Nei det kan eg ikkje. Eg kan ikkje det.

– Nei kva skulde det vera godt for? Det vilde vera urett, beint fram. For kva skil det dem?

Ho sa enno fleire gode ord. Han stod still og var glad. Han såg regnelingen piska i veg innover fjorden, med strie grå vass-strimer på skrå nedgjenom lufta. I det same kosta han med eine vengen over Stavsund òg, dei skulde ikkje vera glømt, han la full tyngd i det. Mest som det kom nokon ved her i garen. Vestover bygde der seg opp ei neling til, ein grå vegg ute i klårvêre, han buka seg som eit segl i stormen, og kom.

– Nei vi har da havt straff nok, sa Ragnhild. 172Og når du enda var frisk, sa ho. Ja og visst det ikkje var borna det gjekk ut over.

Det sveiv for han at dette, eller noko liknande, hadde hendt før, ein gong langt att i gråe glømsla. Men da var det ikkje slik? Ja ja, det skilde han ikkje no, – det kunde ikkje hjelpe han no.

– Det skal no bli eit sveittetak for ‘n Periander å få det på meg, sa han.

Og det skulde det bli. Han syntes han var menneske att, som i gamle dagar.

Da kom han i hug det, bert og tydelig: Det var Ragnhild som hadde forgått seg ein gong, og da var det han som skulde berge henne frå – ja frå det som no var over han sjøl. Frå øvrigheita. Frå undergangen.

Regne hadde jaga Ragnhild inn. No strødde vêre nokre haglkorn over væta og gjekk sin veg det òg.

– Ja men der er skilna! sa han. Herre gud, de ser da vel skilna! Eg har ikkje teke liv eg, eg har ikkje gjort noko gale. Elles skulde eg vel gå og gi meg opp sjøl eg òg, i denne dag.

Han sa det høgt. Han hørte det sjøl, det var tvilen i han som ropa slik, elendig var det med han.

*

Ragnhild kom i hug den gongen ho òg. Men det var ikkje noko å tenke på no, det hørte ei anna tid til, no gjaldt det å sette stål i Håkon, så han var mann til å gå framgjenom dette som venta han.

173Men ho vart redd da ho hadde tenkt på det ei stund. Ulykka har sju andlet, og no snudde eitt av dem mot henne: Skulde Håkon for retten no midt i armoda og elende, da veit ingen korles det går, men gale går det. Arme kroken, han brytes i hop når dei tek til og handfer han, dei legg han i strekk, gjer dei, rettferda kan ikkje gå ansles fram.

Ho var ikkje huga på å snakke med han, det gjorde vondt nokon stads, men uroa vann på henne, det var knapt ho kunde bie til dei vart for seg sjøl. Det vart ikkje før dei andre hadde lagt seg.

– Eg har tenkt litt meir over det vi snakka om, sa ho.

– Du òg? Han såg vonlaust på henne. Ja eg veit kva du vil seie. Og det kan eg da føye deg i; eg skal da gå. Men da blir det ikkje til Henningstad eg går. Eg går beinvegen da. Til lensmannen.

– Nei da, du vasar no. Ho sa det lystig, der var ingen ting som stod på. Nei det er just lensmannen vi skal undgå. Du må gå til ‘n Periander og fortele han korles det har seg. Og be han vera nådig ja, be han vera stor mann. Det blir einaste råda. Bed Lea hjelpe deg! Ho har overtake på han, ho.

Håkon stod still. Han såg grått og dødt framfor seg.

– Det verste var det, sa Ragnhild, at du gjekk i banken med papire når du visste korles det hadde gått med Roland. Men du veit – –

174Han tok seg til panna da ho sa det. Rettno tumla han over ende, trudde ho.

– Du veit det går for det same det. Når du herre legg det fram for han, heile sanninga, heile vonløysa, så vinn du på han. Det kjenner eg på meg. Ja og så har vi a Lea, som sagt, det måtte vera derfor ho kom dit.

Håkon sette seg. Han stirde meir og meir hjelpelaus på henne. Det kom som eit stønn:

– Eg burde gå ja.

– Dess før dess bedre

– Eg kan det ikkje!

– Det skal vi snakke om i morgo.

– Du skjønnar det ikkje, klaga han seg.

– Nei nei. Men kva triv du så til?

– Du ser på meg, sa han. Ja vel. No kan du sjå meg no. No ser du meg slik eg er. For slik er eg – du har visst det lenge du!

Og det såg ho, at lenger ned kunde han ikkje komma. Han har godt av det, fresta ho å seie seg; det må til. Men ho tykte det ikkje, det var for vondt å sjå. I same tida voks reddhugen i henne, det tok til og vart liv eller død om å gjera for henne òg, for korles gjekk det visst dei ikkje kom seg heilskinna utor dette? Kor ofte har eg ikkje tenkt at no er eg redd, kom ho i hug. Eg har aldri vore redd før no.

For dette klara ikkje Håkon. Aldri. Nei, herre gud, det var ikkje å vente heller. Og da?

Men litt var det, så visste ho det. Det var det 175umuligaste som fanns, men like vel vart ho glad. Det fekk skje ja.

– Eg veit ei råd enno, sa ho.

– Råder nyttar det ikkje med no lenger

– Det er eg som skal gå. Jau, det er ålvore mitt det. Det er eg som må i veg. Ja visst skal eg det – kva kan ikkje eit listig kvinnfolk klare, når det gjeld å be for seg, å snakke ein stormann rundt?

– Skal eg lide det òg, meiner du?

– Vi lyt lide det båe to. Men først skal vi sova på det. Vi skal sova, hører du. Du lystrar da vel? smålo ho.

Han gjorde det. Han syntes han datt til sengs. Ho kunde ha svævd han som dei gjer med barne. Han datt og tumla bort i frå all ting.

*

Morgonen etter var jorda kvit av hagl, men han var spak i vêre.

Ragnhild kom i hug da ho såg ut: Ein har set morgonen slik gong og annan, han ligg der uventa kvit i gråmørkre, ein frys og blir glad i same stunda. Og så kjem dagen over det, over likt og ulikt, og den eine av oss skal hit og den andre dit, men haugane og fjella dei står kur still mot himmelen. Slik som dei står der no.

Håkon hadde ligge vaken lenge, skjønna ho. Men ei tid på natta sov han til gagns. Ho snakka ikkje med han før etter frukosten. Da kom han sjølmint, og ho såg han kjente seg fordømt til det.

176Hallvard hadde set frå den eine til den andre da han reiste seg frå borde. Ein vaksen mann, men alt for liten enno. Ho sa for gap ein gong, at born dei veit alt, men dei skjønnar ingen ting. Ein seier ikkje vondare sanning enn når ein snakkar slik.

– Du tenker deg ut å gå da? sa Håkon.

Ho gjorde da det. Når ho fekk rydda opp litt i kring seg.

– Skulde vi ikkje heller la det vera? Vi gjer det. Lat det gå som det vil, det er bedre det! Han bad for seg.

– Skjemmes du ikkje, snakke slik?

– Å nei; eg skjemmes ikkje for nokon ting meir.

Ho såg lystig på han, rettelig skadeglad. Da fresta han å smile han òg:

– Du har rett i det som i alt anna, – eg burde ikkje nemne orde skam eg.

Ho stelte seg ferdig fortaste ho vann. Han gjekk og slong eller stod bortom stueveggen.

– Du må ha lykke på reisa da! helsa ho til han da ho gjekk. Så slapp han å seie det, om han hadde tenkt på det.

Det var fint nok å gå, vegen var hardfrosen, vêre var lyst og lett. Der var litt stillare enn vanlig i garane ho kom framom, syntes ho, men sjøduren stod i mot henne vestanfrå, og han var kjent og god; han var slett ikkje unådig i dag.

Og erende sitt skulde ho få utretta, ho var ikkje ute og gjekk i må-få.

177Men når skulde ein bli ferdig med slike vandringar? – Aldri!

Hadde det enda vore si eiga skam ho skulde be om nåde for! Ei kjerring som er ute og tigg for mannen sin, er armodslig nok. Har de set henne? Ho er ute og tilstår for bygda, at ho har den mannen ho fortente å få. Ja. Men når ho, når Ragnhild Stavsund måtte på bygda og be for sin mann, da var det dyrisk medferd, det sa ho beint ut. Det kunde dei kalle å tilstå, det.

Den første ho møtte i Henningstad-tune var Lea. Ho måtte ha vakta på henne frå vindauge. Ragnhild såg det straks på henne at ho visste om tilstande. Ho skulde elles ikkje leva lenge, sågs det.

– Er det du som kjem? sa ho.

Ragnhild smilte: – Det vart til det ja.

– Men det er da ikkje sant? Han har ikkje gjort det?

– Det hender det er sant det som er gale òg, veit du.

– Herre gud! Nei eg trudde det ikkje da eg hørte det. Trudde ikkje orde av det, nei ikkje ein bokstav. Eg kan ikkje tru det enno. Eg kunde før trudd det vart kjeltring av meg.

– Så ille er det ikkje. Noko gale har han ikkje gjort.

– Det er vekselfalsk, om du vil vita det

– Seier ‘n Periander ja.

– Snakk ikkje utidig no, Ragnhild. Det er ålvor.

178Ragnhild seier, i same smilen: – Er ‘n Periander rettferdig av seg? Da vil eg gå inn og be han om nåde.

– Ja gjer det. Bed vakkert, Ragnhild.

– Kunde ikkje du gjera det?

– Eg er ikkje lik meg lenger. Eg maktar ikkje nokon ting. Eg tør ikkje ein gong bli uvenner med han.

– Kva seier a Borgny da, er ho like glohatsk ho òg?

– Ho har reist sin veg, radt til hovudstaden. Ho var ikkje å snakke med; ho vilde ikkje sjå oss, langt mindre svara. Men, ho må da fram og vitne, visst det ber laust.

– Ja ja, sa Ragnhild, eg måtte ta på meg staskjolen og ut og gå, eg.

– Ja. Det har seg slik. Du blir aldri ferdig med ein god gjerning. Aldri. Det må gjerast om att og om att, live til endes. Det har eg ventelig fortald deg før, eg var ikkje meg sjøl utan det.

Dei gjekk inn. Men Periander var ikkje i stua. Lea fann han ikkje i heile huse. Ho kom og sette seg i benken breiddmed Ragnhild. Som dei skulde svara for same synda, fall det Ragnhild inn. Lea sukka.

– Eg snakka da med han, kan du vita, det litle eg var god til. Men enno har eg ikkje fortald han at eg er sjuk. Nei eg er ikkje mann for det, ikkje menneske til det, vilde eg seie. Eg er så glad i han som eg skulde ha gjort han ei stor glede.

179– Kan hende du har gjort det òg, meinte Ragnhild.

Lea såg i take. Ho smilte ørande lite grand med seg sjøl. – Han er da snild nok, heldt ho ved. Du kan trøstig tala med han. Men vi har no ein gong lov og rett i lande, det er det.

Jaså, er det det som plagar han, sa Ragnhild med seg sjøl.

*

Da gjekk døra opp, og Periander steig inn. Der fór ein smil gjenom Ragnhild: Den gode mannen Periander Henningstad vart ikkje så lite støkt med det same han såg henne. Men han kom seg tålig fort og såg henne i auga. Han spurde og svara seg sjøl, syntes ho.

Han sette seg, og snakka om vêr og vind og korles det stod til, same tomsnakke i dag som ein annan dag. Ho fekk hjelpe han før det slapp opp for han. Berre ho kunde vera stø nok i måle no.

– De skjønnar visst kva erend eg er ute i.

Han tenkte seg om før han svara. – Var det mannen din som kom, da skjønna eg det.

– Det er for han eg er ute og går.

Periander hadde skjønna det ja, han smilte så opp i under som han berre kunde.

– Ja men han kjente seg ikkje helse for å gå sjøl. Han er ikkje frisk, det er det.

– Hm. Hm. Ja det var noko eg vilde ha spurd han om.

– Eg veit det.

180Periander såg på Lea og smilte brydd og lykkelig: – Det var det, at om vi skulde hjelpe han ut or verste uføre, så vilde eg høre – ja det var eit papir.

– Ja. Nei, som sagt, han var ikkje mann for å gå. Ikkje til Dykk nei. Før let han det gå til botns med seg og med oss. Eg er ute og bed om godt vêr for han.

Periander såg ned og smått rista på hovude – Det var vel ikkje meg du skulde be, om det.

– Eg bed dykk båe to.

Ho såg på Lea. Men Lea var liksom ikkje til stades. Ho var så reint undergitt han, så handgitt til han, som Ku-Jon var det, bror hans, han som let han arve seg i levande live og som døydde av skire velviljen mot han og kom seg unda vegen. Lea, stakar, ho sat og berre såg på han, ho vart kuvåt i auga av det, og hellig i andlete, – ja ja ja, vi er da menneske heile smelta av oss, på det vise! Nei, det var Periander ho måtte gå på.

– De treng ikkje melde ‘n Håkon for dette tullstreke hans. Det har ikkje valda nokon skade.

– Skade og ikkje skade, sa han og retta på seg. Vi har noko som heiter lov og rett i lande. – – Eg tenkte å skrive på papire eg òg, under namne hans som fall bort. Borgny var einig med meg, men papire vilde ho ha, eg skulde skrive ut eit nytt, sa ho. Men så kom ho til å sjå litt nærmare på namne. Ja, du veit sjøl.

181Ragnhild fortalde korles det hadde gått til. Slik var det, no visste han det, og da vilde ho han skulde tru det. Ho sa ei heil mengd da ho først kom i veg. – Og no vil eg høre kor pass hard mann De er, sa ho.

Ho venta i kald ro på svare. Vilde han sende henne heim med eit nei, da skulde han få lov til det. Det var å hemne seg på han. Håkon kom kanskje til å gjera seg einkvart gale, det gjekk gale med alt samen da, men nokon skal lide det òg. Og Periander vilde bli ulykkelig av det.

Det vart Lea som svara, men ho skalv i måle.

– Må ‘n Håkon òg på straff, da kjem eg til å døy fort.

Periander såg hastig på henne, ikkje alt for mildt. Auga hennes brann i mot han.

– Ja eg kan like snart fortele deg det. Eg er sjuk og har ikkje så fælt lenge att. Så eg har ingen rett til å kreve noko av deg. Eg har fare med svik i mot deg – eg er døyande menneske. Du kan vise meg døra i denne dag og stund.

Han såg vantruen på henne. Der etter såg han på Ragnhild. Ho nikka til han, og sa: Kreft. Da kvakk det i han. Etter kvart forandrast han i andletsdraga. Ragnhild kom i hug orde å bli lang i andlete: slik vart ein da. Ho tagde ho som dei andre to.

Lea beit seg i leppa, kanskje ho streid mot gråten. – Det raknar som saumen, som draumen, sa ho, bort frå dei andre.

182– Du skulde ha sagt meg det før, sa han endelig.

– Ho blir da frisk att, tok Ragnhild frami.

Han såg tungt på henne. – Trur du det?

– Ja eg gjer det. De fortener det i alle fall. De gjer snart ein god gjerning no, og det kan da umulig bli utan løn? Dei opererer for slikt fort vekk no, dei skjer bort av oss og sett inn nytt så det er eit under. Nei her er da god von enno, verre er det ikkje.

Periander lysna litt. Han sat og tenkte eit tak. – Gud han veit om gjerningen er god, sa han. Men eg kan da gjera han. Eg skal ikkje sende nokon i straff. I grunnen, ser du, så vilde eg berre snakke eit ålvorsord med Håkon.

Han reiste seg og dreiv bortover golve, kom att og stod framfor dem.

– Eg tek det på meg, så ulovlig det er. Og ikkje trur eg Borgny legg seg borti det heller. Og dei i banken, mumla han med seg sjøl og gjekk åt andre stua, dei spurde no berre – –

Han kom att med papire i handa. – Her er dokumente, sa han og heldt det fram for seg, og gav det så til Ragnhild: – Ta det med deg heim. Det blir du som gjømmer det til eit minne.

– Så har eg da eit minne eg òg ja, sa ho, og gjømte det utan å sjå på det.

Men Periander hørte ikkje det, han hadde snudd seg til Lea. Ragnhild reiste seg, ho vilde heim. Dei bad henne bie, bad både sterkt og vakkert, 183men ho kunde ikkje føye dem i det. Ho takka for det eine som for det andre, og var snart i heimvegen.

*

Ragnhild såg ikkje noko til Håkon da ho kom heim. Han kan da ikkje ha rømt? fór det i henne. Så gale stod det vel ikkje til med han? Ho spurde Hallvard, da ei stund hadde gått, han kom slengande i vegen hennes. Han stana og såg litt på henne før han svara.

– Vi har han da heime enno, sa han. Eg såg så vidt i han, ikkje lenge sia.

Han hadde visst einkvart meir han vilde sagt, men det vart til at han heller gjekk sin veg. Det var ho glad for, i denne stunda. – Håkon, den usælingen, han torde ikkje høre korles det hadde gått.

Ho fann han bortpå låven. Han stelte med hakkelsmaskina, det var så vidt han gløtta opp da ho kom.

– Jaså? sa han.

– Ja ha. Og velkommen att! svara ho. Da ho hadde venta litt, sa ho: – Det er overstått no, med Guds og Leas hjelp. Knapt nok at han hadde tenkt å gjera oss noko vondt. Eg har papire her, – ho la handa på barmen.

Da såg han opp. Han smilte, med auga på handa hennes:

– Ja da har det komme dit det skal.

Han vart ikkje glad, men det hadde ho ikkje 184venta heller, han var for langt nede til det, enno. Ho var glad nok sjøl, for han måtte da kjenne grunnen under seg no? – Så glad i han som eg skulde ha gjort han ei stor glede, hørte ho Lea sa om denne gullbosten sin.

– Ja ja, sa ho. Men no skal du inn til nóns.

– Ja vel. Litt skal da eg òg gjera.

– Du snakkar stygt no! smålo ho, og før ho tenkte seg om hadde ho teke i hårflisene på han og lugga.

Ho fór sin veg. Ho tålte ikkje sjå auga hans, kor umulig det var for dem å møte hennes i dag, det var som du plaga eit verjelaust dyr.

Gjentungen kom skvettande fram om nova og støytte til henne med eit illrop, skulde livskræme a mor, og vart stuss med da mora berre smilte. Men så var det glømt, og no fór ho, ho heldt eine foten i handa og hoppa på den andre, til ho datt; ho spratt opp igjen, og fresta om det gjekk bedre når ho bytta om fot.

Ein slik gjentunge er noko av det friskaste Vårherre har funne opp, syntes mora.

Håkon kom til å smile der han stod, ei stund etter ho hadde gått. No endelig kunde han det ja, men det var beistelig vondt. Det var til seg sjøl han smilte, men han smilte til verda og heile herligdommen med det same: Dette, godt folk, det var siste uretten som gjekk over meg!

Han stod still og såg det, kunde ikkje ha set annan ting om så låven brann ned over han. Eg 185står som eg skulde fått nyserot i nasen, kom han endelig til å bli vâr. – Ja men dette var siste uretten. Eg legg han der. Eg går i frå han. Så går eg inn og får meg mat, etter fattig evne.

Han gjekk inn. I dag som i går, som i gamle dagar. Og same menneske som før, for dei andre.

*

Og slik gjekk han dagar og folk i møte, same menneske som før men enda eit heilt anna eitt. Det kom for han at han hadde reist seg opp og gjekk på to. Det var berre det, at han heldt hovude ovom det som hadde vore retten eller uretten for han. Slik reiste Ragnhild seg, ein gong og all tida, og gjekk vegen sin. Ingen ting er større enn menneske da, der er ingen som har målt kor stort det er, såg han. Resten vilde han tenke over når han fekk helse til det.

Han møtte seg sjøl i spegelen når han raka seg. Ein såg same menneske der òg. Auga i han var gule som avundssjuka, men det var kanskje berre eit vitnemål for han sjøl: han var ikkje skapt til å vera ein av dei store og missnøgde åndene, dei som driv verda i veg. Han blunka til mannen i spegelen og var hjartans einig.

Han såg det same da han møtte Kasper Kiran ein dagen. – Veit du snart kven du er? spurde auga hans. K. K. var ein åndelig mann, han hadde trøsta si ute i den andre verda. Det fekk han ha, når han trong det, berre han ikkje mana åndene hit. Han såg i åndelig ro ned på den han snakka 186med. På Håkon såg han ned i eit slag medkjensle. Han skjønna tilstande i garen. Han, som ikkje var av denne verda, han skjønna seg fram i henne rundt og godt, hadde skjønna seg fram til jordisk velstand.

Håkon såg stilt og djupt på han, slik ein lykkelig skapning ser på nokon kvar. Han glømte å høre etter kva den andre sa, – så svara han på må og få:

– Menneske har stadig levd i ei overgangstid, og det same kjem det til å gjera her etter. Det er ikkje nøgd minders det har noko å vera missnøgd med; det er ikkje til utan det. Ei anna sak er det, at hadde det ingen nakke å bera fan på, da hadde det ingen fan heller. Meg tok dei han i frå med makt. Det letta, skal du tru. Men størst er menneske når det må reise seg opp og vera berre menneske. Det har ikkje du røynt. Ja far vel da!

Dei gjekk kvar sin veg, så ulike som dei var. Håkon gjekk ikkje heim til Ragnhild, han hadde ymse å pusle med ute. Ho hadde sitt å pusle med. Det var denne auksjonen dei laut bu seg til.

Ho hadde det nær ved seg alt ho stelte med. Det hørte henne til. Men enda tenkte ho kanskje på langframmande ting ho òg? Ho tenkte på framtida deres om ikkje anna. – Du veit du tåler ikkje fryse på føtene! hørte han ho sa. – Den tingen her kjøper eg, han kan da ikkje bli så dyr?

Han stana i undring over klårvêre i kveldinga: Botnen hadde falle utor vassdeplane på vegen, og ei himmelshøgd nedunder dem såg ein blåhimmelen og kvitskyene, og store gule stjerner; dei var 187så himmelsk store, men så var det berre gulna lauvblad nedpå sølebotnen, – slik var det. Dei kunde da vera stjerner gode nok for det.

Ein dagen fór han til byen, åt dokteren der. Han vart formana om å vera varsam, slik og slik, men elles stod det så nokon lunde til.

Ein dag seinare kom så Periander og Lea framom Stavsund, no skulde dei i veg. Han hadde endelig overtala henne at ho skulde freste ein operasjon, og sia var det ho som hadde overtala han, for når den eine våga det, da veik den andre unda. No vilde dei høre kva sjukehus-dokteren meinte; så fekk han ta andsvare.

Lea var still av seg, men ho såg lykkelig ut. – Eg undres på korles det går eg, var mest alt ho sa. Periander kom knapt i hug han hadde havt noko med Håkon å gjera, han var meir ålvorlig ute i det enn som så. Han sa til Ragnhild, det hørtes som han retta handa i vêre og svor det:

– Går det vel og bra dette her, da – – ja da skal der bli ei råd med andre ting òg!

Han såg slik på henne, at det vart tydelig kva han meinte: han vilde hjelpe dem. Ein ørliten smil gjekk over andlete hennes. Håkon kjente godt den smilen: Der stod ein kjempe framfor henne, men kjempen var eit barn som trong hjelp, Vårherre skulde høre denne lovnaen, var meininga. For henne vilde det vera synd å le til eit barn.

– Kunde eg det, da vilde eg vera med dykk, svara ho.

188Periander telefonerte til Stavsund dagen før operasjonen skulde gå for seg. Der var god von. Ragnhild fekk snakke eit par ord med Lea. Dagen etter ringte han opp at det var overstått. Det hadde gått bra. Ragnhild tenkte alt på å reise til byen, og Håkon vart huga på å bli med. Han vilde gjerne snakke med folk, han hadde havt nok av sitt eige sellskap no for det første. – Når menneske gir seg ut i einsemda, tenkte han, da må det vera enten profet eller fe. Elles går det i berg. Men den dagen telefonerte Periander at Lea var død. Ho hadde døydd om natta.

Dei hørte seinare at ho hadde døydd åleine, og stilt, ingen merka det før ho var kald.

Periander kom til Stavsund med like. Det vart gravførd der i frå.

Periander vart gåande på Stavsund og tusle dagen etter likferda. Han såg på Håkon eller Ragnhild somtid, skulde visst ha sagt einkvart, men kom seg ikkje i veg med det. Ingen av dem kunde hjelpe han på glid. Først om kvelden tok han seg for og kjørte heim.

Nokre dagar seinare stod tvangsauksjonen over mølnbruke på Stavsund utlyst i blada. Dei hadde venta at garen vart ophengt først, det var på den at meste og eldste renta stod for. Håkon hørte seg for i banken. Dei svara at renta på det pantelåne var betalt. Han spurde ikkje om meir, det var Periander som hadde vore fram.

Han snakka med Ragnhild om det, og same 189dagen tok han på seg og gjekk utover. Han fortalde korles det var, at dei vilde gå i frå heile stasen, dei kunde ikkje anna gjera. Periander tagde til det. Litt etter slo han frampå om at kvennbruke kom til å bli billig, Håkon kunde kjøpe det att, og leva av det? Håkon rista på hovude: Det kunde vera bra nok, men han var ferdig med det, og det skulde vera tilstått i både ord og gjerning. Han fekk gå i frå det slik han hadde stelt det. Og da Periander berre såg på han, sa han:

– Torde De hjelpe meg til å kjøpe eit lite rom, så vidt der var berging for ein to tre menneske, da skulde eg takke Dykk. Eg er ikkje for stor til det nei, la han til og smilte ned mot golve. Periander spurde kva der så skulde bli av Hallvard.

Han skulde ut og arbeide for føda på eitt eller anna vise. Sia kunde han komma heim og arbeide, om dei da hadde nokon heim til han. Kan hende han fekk helsa og hugen, så han tok att Stavsund ein vakker dag. Det kunde vera litt å arbeide for. Det stod på kva slag ty der var i han. – Eg kjem knapt nok til å døy gjeldfri mann, sa han til slut. Den draumen har eg òg drepe no, i lag med andre draumar, men eg kjem da i alle fall til å døy.

Periander tykte ikkje det var høvelig sagt, og såg ned på hendene sine.

Håkon hadde heller ikkje meir å seie, han vilde gå som det høver seg ein slegen mann. Periander var med utom døra, og der sa han at litt hjelp 190skulde der bli råd med. Håkon hadde vonsvike han meir enn ein gong, og ikkje minst i dag, – men kanskje det er no først eg lit på deg like vel, sa han.

Dei fekk kjøpar til Stavsund same dagen mølnbruke vart seld. Det var bygdefolk som kjøpte det, jamnaldringar med Håkon, og garen vilde dei ha attåt. Dei tenkte stort, kunde ein skjønna. Pengane hadde dei sikra seg på einkvan måten, dei såg oppgangstider framfor seg og måtte skynde seg, og dei betalde så bra at Håkon stod der med berre ein smalvoren restgjeld. – Den vil eg ha på nakken, til eit lite minne, let han.

Periander løyste av dei gamle kausjonistane, og glad var dei.

Tidlig om våren flytta Stavsundfolke til Leaheimen, som folk kalla det. Det var romme som ho og mannen hennes hadde rydda seg. Solstrand hadde ho døypt det, og det fekk det heite, enda der var i knappaste lage med sol. Noko stasrom var det ikkje, men så hadde ein den vona at dei kunde få seg eit likare rom sia. Det var Periander som så endelig vilde ha dem dit. Den heimen skulde ikkje stå øde, tykte han. Og når han var så stort eit barn, da laut dei føye han. Så dit bar det med dem ja, og lat no det vera godt.

Hallvard var alt i tenest på ein gar i grannebygda. Han tok lagnaen som eit vaksemenneske, så vidt dei kunde sjå.

Da dei stod på gonga frå Stavsund, sa Håkon til Ragnhild:

191– Vi får seie det er sjølgjort, om det ikkje er velgjort.

– Det hastar ikkje med å seie nokon ting, svara ho. Eg er redd det er ikkje snarsagt. Kom no!

Ho nugga borti han. Siste flyttelasse hadde alt fare i veg.

Vesle Tale var den som tok det tyngst i dag. Katten hennes nekta tvert å flytte med. Sist på sprang han og gjømte seg for henne. Dei fortalde henne at katten er ein rangsnudd skapning, han kan ikkje flytte frå garen.

Så gav dei seg i veg da. Det var om føremiddagen, ein vårdag med nysnø. Sola stod som ho var blinda av sitt eige lys. Ein kunde kalle det solstrand all veg frammed fjorden i dag. Det er hugna i vakkert vêr, særlig når ein skal flytte. – Himmelen smiler til oss i dag, hadde nokon sagt ein gong.

Som snarast undra dei seg både Ragnhild og Håkon, kva folk meinte om denne flyttinga, dei som balar med synd og straff og slike ting. Kan hende folk var glad at dei slapp å tenke det til endes? Men det var det. Dei to gjekk med smågjenta millom seg, og skyndte på gonga så dei nådde att flyttelasse før det kom fram.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Siste leveåre

Siste leveåre (1933) er tredje og siste bok i Duuns Ragnhild-trilogi.

Romanen handler om forholdet mellom Ragnhild og mannen Håkon. Håkon tror han har bare ett år igjen å leve og vil gjøre alt han kan for å dø med æren i behold.

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1933 (nb.no)

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.