Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 16 Valiknut og Snekkjelita


Innleiing

Snekkjelita høyrer Valiknut spele harpe. Ho oppfattar det som eit kallesignal, «akslar kåpa blå» og dreg til garden hans. Valiknut slepper henne inn og ligg med henne om natta. Morgonen etter spør ho kva ho skal få i morgongåve, men då trugar Valiknut med å banke henne opp. Ho dreg sin veg mens Valiknut ler av henne.

Det finst få oppskrifter av denne balladen, og dei fleste er brotstykke. Berre to Telemarks-songarar kunne balladen i fullstendig form: Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr (1832–1905) frå Mo og Åsne Gunleiksdotter Spokkeli (1789–1868) frå Fyresdal. Sophus Bugge møtte sistnemnde i 1863 og 1864 og skreiv opp 18 balladar etter henne, mens Moltke Moe skreiv opp den meir omfattande tradisjonen etter Hæge Vetlesdotter tidleg i 1890-åra. Hæge kunne meir enn 50 balladar og skilde seg ut ved å seie dei fram, ikkje syngje dei (Jonsson & Solberg 2011: 501–503, 601–602). Moes oppskrift av «Valiknut» er trykt i Danmarks gamle Folkeviser (DgF IX: 179).

Dei norske 1800-talsoppskriftene er dei einaste som eksisterer av denne utvilsamt gamle balladen. På svensk finst rett nok eit fragment frå 1570-åra i Harald Oluffsons visbok. Fragmentet har nonsenspreg og svarar i hovudsak til omkvedet i dei norske oppskriftene. Bengt Jonsson skriv at det «kan knappast betvivlas, att fragmentet tillhört en text av en visa, som vi känner från ett antal norska 1800-talsuppteckningar» (Jonsson 1967: 772–773). Fragmentet lyder slik:

så hederlig så sefferlig y loffwe gron skogen
för knifi knark krackfar valknuth
förgyllande löffwen ther the wore
(SMB 5:1: 264)

Komikken i balladen går ut på at Valiknut lurer Snekkjelita til å liggje med seg utan å meine noko med alvor med det – noko ho trur. Men det er han som har makta, og når han kjeppjagar henne frå garden sin, kan han le og hovere. Denne blandinga av vald og sex med komisk funksjon har røter attende til mellomalderen.

Kvinnenamnet Snekkjelita ser ut til å vere avleidd av snekkje = båt, skute. Men det er ikkje umogleg at namnet er ei forvansking av sløkæfrith, sløkifrith, slegfred, dvs. frille, elskarinne. I så fall gjev det betre meining at Valiknut spottar henne når ho spør kva morgongåve [ekteskapsgåve] ho skal få. For ho er berre ei frille og kan ikkje vente seg noko ekteskap. Bakgrunnen for mannsnamnet Valiknut er uklar. I norske målføre er valknut ein knute av bjørk, jf. valbjørk (Solberg 1993: 204–206).

SMB 228
DgF IX, s. 179




Oppskrift A

TSB F 16: Valiknut og Snekkjelita

Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Dagne Ånundsdotter Lid, Vrådal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge II, 121 (reinskrift)

Oppgjeven tittel: Valiknút.

*

1. Líten Kjersti hó kom seg í Valiknúts Går,
– For hó hærlipær snærlipær líti gullsnóri. –
å alle hass Dynnar va’ slegne í Lås.
– Før en gyllandes Leik i hans Bórsnes. –

2. Hó klappa på Dynni mæ Finganne små:
– For hó hærl[ipær snærlipær líti gullsnóri.] –
Statt upp Valiknút, skrei Lokunn ífrå!»
– Før en gyll[andes Leik i hans Bórsnes.] –

3. «Ingjen så hev eg í Stevnar lagt,
– Før han Valiknút knirk knark krómfót færende –
ingjen så lukkar eg inn um Natt!»
– Før en gyll[andes Leik i hans Bórsnes.] –

4. Líten Kjersti mæ síne Finganne små,
– For hó [hærlipær snærlipær líti gullsnóri]. –
hó skreier dei Lokunne te å ífrå.

5. «Du leggjer deg ne mellem Stokkjen å me!
– For han Val[iknút knirk knark krómfót færende] –
dær plage Frigdunne liggje mæ meg!»

6. «Gud bære meg føre mitt unge Lív!
skó eg no blí kalla eitt Frigdevív.»

7. Årlig uom Morgenen, det var Dag,
liden Kjersti hun kræver sin Morgengav’.

8. «Du sko’ no ‘kje anna te Morgogåva få,
eg breier på deg mæ míne Haslekjeppinn’ små.»

*

Strofene er nummererte i manuskriptet.




Oppskrift B

TSB F 16: Valiknut og Snekkjelita

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Åsne Gunleiksdotter Spokkeli, Veum, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge q, 10–12 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Snekkjelíte akslar sat inní ovnshonni grét
– Gåre ho hærlipa særlipa karlopa lite gullsnóra –
so høyrde hó Valíknút í horpunne hor han lét
– For so gyllande leikar hó bórsníl. –

2. Snekkjelíte hó akslar på kåpa blå
so teke hó vegjen ti Valiknúts går.

3. Sn[ekkjelíte] klappaRetta frå: klappå på dynne mæ finganne små
å statt upp V[alíknút] skrei lokunne ífrå.

4. Å ekkji stevna so heve eg sagt
– sei han V[aliknút] å knirk knark klemmfót forendenn.–
å ingjen so lukkar eg inn om natt.
– For so gyll[ande leikar hó bórsníl.] –

5. Å V[aliknút] han la seg mæ stokkjen né,
– Gåre hó [hærlipa særlipa karlopa lite gullsnóra] –
å Sn[ekkjelíte] hó sprang veggjen ti.

6. Sn[ekkjelíte] vaktaOver t-en står det: [n] enn morgóen umkring seg såg,
å kot ska no eg ti morgógåvur få.

7. Dú ska no inkje anna ti morgógåvur få
–seie han V[aliknút] knirk [knark klemmfót forendenn.]–
en breie på brysti mæ kjeppanne två,

8. Sn[ekkjelíte] út av gari dróg
å etti stó V[aliknút] so hågt han ló.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift C

TSB F 16: Valiknut og Snekkjelita

Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 312–313

Oppgjeven tittel: SnèkkjelitæAlternativ lesemåte: Snèkkjelite

*

SnèkkjelitæAlternativ lesemåte: Snèkkjelite ho uti ovnen låg
– sei ‘en Váliknut å knirk-knark å framfor ‘en den –
så høyrer ho Váliknut i horpunne slår.
– For den gyllande leikar en børsnik. –

2. Snèkkjelitæ ho akslar kåpa blå,
så teke ho végjen ti Valiknuts går.

3. Ho klappa på dynni mæ fingane små:
«Du stænde upp, V[aliknut], skrei lòkun ifrå.»

4. «Du stíg inkje på min’ strígjen så små
– sei ‘en Valiknut å knirk-knark å framfor ‘en den –
dér plaga[r] dei møyane gange uppå.»

5. Du legg deg middjóm veggjen å meg,
der plaga dei frigdune sova sjå meg.»

6. Snekkjelitæ ho akslar kåpa blå:
«Å hòMellom o-en og aksenten er det ein vannrett strekt skò nò eg ti mòrengåve få?»

7. Å dæ skò då no ti mòrengåve få
å gjéva på deg mæ dei kjæppine två.

8. Snekkjelitæ ho ut av gari fór
å atte stó Valiknut, so hågt han ló.

*

Strofene er nummererte i manuskriptet.

Etter oppskrifta står det: (Mellemslængen hører efter Hæges udsagn alene hjemme i vers 1 og 4; Jóronn brugte den alene i disse to vers. Efterslængen derimod i alle vers).

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.