Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 17 Møllardottera


Innleiing

Tre karar slår seg saman, slik at i det minste ein av dei skal få den attråverdige møllardottera. Det er ikkje lett, for møllaren passar godt på dotter si. To av karane stappar den tredje i ein sekk, tek han med til møllaren og fortel at det er korn i sekken, som dei vil ha male. Møllaren seier at dei skal setje sekken ved senga til dottera, for «der æ de minste musi gjeng» (Blom & Bø 1981: 333). Men utpå kvelden blir det liv i sekken. Møllardottera trur først at det er røvarar som er på ferde. Ho ber faren tenne lys, men når ho skjønar at det er ein nærgåande friar i sekken, blir tonen ein annan. Det var berre ein katt på musejakt som var på ferde, seier ho, sløkk lyset, du far min! Men møllarkjerringa har hatt augo med seg og oppfatta at den såkalla katten har støvlar med sporar. Dette seier ho høgt, men nokon – truleg dottera – ber henne teie still:

Tig du dær, du bør hava skamm,
du sa ‘kje så dæn ti du vill’ ha mann
(Blom & Bø 1981: 332).

Som straff hamnar møllarkjerringa i mølledammen, mens møllaren sjølv spring omkring og græt.

Det finst om lag femti variantar av denne populære balladen. Dei skriv seg for det meste frå Telemark, men vi har også nokre frå Hordaland, Rogaland, Agder og Hedmark. Av dei eldre samlarane er det særleg Sophus Bugge som har skrive ned «Møllardottera», men også Olea Crøger og Landstad gjorde oppskrifter, i 1840-åra. Landstad trykte fem strofer av «den saakaldte Möllervise», men ikkje alle, sidan «Visen indeholder mangt Andet, som ikke bör optages» (Landstad [1853] 1968: 821–822). Landstad mislikte den grovkorna skjemten i visa, men det var han ikkje aleine om. Såleis har verken «Møllardottera» eller andre av dei gamle skjemteballadane fått plass i Danmarks gamle Folkeviser. Både Lindeman og Elling har skrive ned melodiar til «Møllardottera».

«Møllardottera» er ein av dei balladane Liv Nirisdotter Tveiten/Bratterud (1826–1892) frå Bø kunne, og som ho song for Moltke Moe. Dotter hennar, Anne Einarsdotter (1862–1887), hadde også lært seg denne visa. Elles er Liv Nirisdotter mest kjend som ein framifrå eventyrforteljar, og Moltke Moe skreiv opp seksten eventyr etter henne. Liv var gardjente av solid bondeslekt, men var uheldig nok til å gifte seg med ein slubbert som i løpet av kort tid drakk opp heile garden. Han kom i fengsel av ulike grunnar, og på sisten vart han tvangssend til Amerika, mens Liv hamna på den fattigslege husmannsplassen Bratterud (Jonsson & Solberg 2011: 141–145).

Balladen om møllardottera har vore velkjend i Norden. Den danske samlaren og utgjevaren Evald Tang Kristensen seier at visa «har været overordentlig yndet, og der foreligger også en uhyre mængde opskrifter af den (Kristensen 1903: 154). Også på svensk finst det mange variantar, mens den islandske tradisjonen berre har teke vare på eit brot av «Sekkjar kvæði». Vésteinn Ólason peikar på at dette brotet er svært likt ei oppskrift som Hans Ross gjorde i Fyresdal, noko som «undeniably indicates that the ballad was brought from Norway to Iceland» (Vésteinn Ólason 1982: 392–393). Hovudmotivet i «Møllardottera» byggjer på ei av forteljingane i Chaucers 1300-talsverk The Canterbury Tales – «The Reeve’s [oppsynsmannens] Tale». Her er det to studentar som får overnatte i same romet som møllarhuslyden, og den eine hamnar i senga hos møllarkona, den andre hos møllardottera. På førehand har møllaren stole av kornet deira og dessutan prøvd å stele hesten, så han får som fortent.

«Møllardottera» framstiller eit allment emne som friing/nattefriing i komisk lys, konsentrert til mølla. Det er møllaren skjemten går ut over, møllaren som tradisjonelt har vore framstilt som gjerrig og grisk, ein mann som passar vel på sitt. Men dotter hans likar ikkje å bli passa på og utnyttar sjansen når han byr seg. Forutan den vellukka situasjonskomikken med mørker og misforståing som hovudingrediensar, inneheld teksten ei degraderande parallellhandling med katt og mus-metaforikk (Solberg 1988: 8–12). Nonsensomkvedet gjev frå første strofe signal om at vi har å gjere med ein skjemteballade.

Blom & Bø 53
Grüner Nielsen 31
Tang Kristensen 43
IFkv 91
SMB 229




Oppskrift A

TSB F 17: Møllardottera

Oppskrift: 1910 av Rikard Berge etter Kjersti Jensdotter Lillegård, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge LXIV, 88–89.

Oppgjeven tittel: Myllarvisa

*

1. De va’ no tri sellar som fann paa eit raa,
– Skru ru rompompei,
fòr de gjell’e paa mei,
fòr de trée som ligger paa trarara, –
hvorledes dei møllarens dòtter sku faa.
– De ruskar i ru
aa de trillar i tru,
fòr de trée som ligger paa trarara. –

2. Dei tvo dei stappa den trée i sekk,
sò sette di sekken ve møllarens bekk.

3. Hòtt æ de du har uti sekken din,
aa d’æ n{a}oa visst rug eller kveite fin.

4. Aa set no den sekken i datterens hus,
sò æ ‘n bevara fraa ròttur aa mus.

5. Daa de begjønte ti mørkne
sò begjønte den sekken tì krup’ aa tì gaa.

6. Aa kjære min fader du tænder et lys
her æ no visst mjøltjuvar i vaare hus

7. Aa kjære min fader du slukker dit lys
de va’ no kje ana hell katten skjød ei mus.

8. Om tala gamle kjering i senga laag:
Den katten den hevhadde vist støvlear paa.

9. Hys du gamle kjerring du skulle faa skam,
du sa ikkje sò daa du vill’ ha mann.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta. Strofe 6 og 7 står skrivne i fotnoter.




Oppskrift B

TSB F 17: Møllardottera

Oppskrift: Udatert avskrift av Torleiv Hannaas etter avskrift av Arne Espeland etter ukjend songar i Berefjorden i Sokndal, Rogaland (no i Flekkefjord, Vest-Agder).

Orig. ms.: (NFS-kopi av) EFA T. Hannaas 432, 95.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Bonden å smeen de la op rå
– å ja, å ja, tra-la-la-la. –
um koss dei møllerens datter sku få
– å ja, å ja, tra-la-la-la –

2. B[onden] tog s[meen] å stapt ‘an i ein sekk
så bar h[an] den hastig til møllerhusets bekk

3. Å kjæreste møller vil du male mit kornAlternativ lesemåte: hann til korn for mit korn
jei tror ikke det er rått jei ha turka de så godt

4. Sæt den havresekk attmæ min datters seng
jei tror ikke hverken rotter eller mus vil røre den.

5. Dagen den helder og natten falder på
så begyndte den havresekk å krybe å gå

6. O kjæreste fader tænder op et ljus
ti jei tror der er kommet tyve udi vårt møllerhus.

7. O k[jæreste] f[ader] slukk bare dit ljus
de var ikke andet end en kat som tog en mus.

8. Uger og måneder var gangen bort
da fødte hun to drenge i møllerdatterens seng.

9. Jei beder eder piger som nu tilbage gå
at i ingen havresekk i kammerset få.

10. En gammel kjærring på slodderbænken lå
i morgen skal hun druknes udi vår møllerdam

11. Å Kjærringen blev druknet og pensen den flødAlternativ lesemåte: flaut op
å hele møllerdammen blev kju‹k›k som ein graut.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Under oppskrifta står det: (Skrive av Arne Espeland etter ein gl. ‹mann› i Berefjorden i Sokndal.




Oppskrift C

TSB F 17: Møllardottera

Oppskrift: 1914–1919 av Nils O. Dalen, truleg etter seg sjølv eller faren frå Bø, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXCVIII, 29–31.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Dæ va naa tri sellar som la seg om raa,
– snu ru a rittom reiSomtid samanskrive i dei andre strofene: arittomrei, for aa hjelpa mei,
for den tredje som ligge i tramlala. –
Aa dom tenkte, dom møllarens datter skulde faa,
– fillalittomlei, filliattiattia, filliei. –

2. Aa saa tok dom den tredje aa stappa i ein sekk,
Aa kjære naa maa du kje daue av skrækk.

3. Aa kjære min møllar du maler min sekk
aa du maler han fort men naa slett ikkje vel

4. Men ved midnatens tid byna sekken te aa gaa,
da gamla ho vakna aa fekk treskoa paa.

5. Aa kjære min møllar du tender det ljos
Her æ naa vist røverar ut i kons hus

6. Aa kjære min fader du slekker dit ljos,
Dæ va bare katta ho spende te ei mus.

7. Aa du mor aa du mor adu burde ha skam
aa du sa ikkje saa sa du sjølv vilde ha mann

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Ei anna oppskrift i heftet er skriven etter som Nils sjølv hugsa etter faren. Andre kjelder nemner han ikkje.




Oppskrift D

TSB F 17: Møllardottera

Oppskrift: 1924 av Amund B. Larsen jr. etter Ole Gunnersen, Nord-Odal, Hedmark.

Orig. ms.: NFS A.B. Larsen 9, 80–81.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. De var to skræddær såm fann på et puss
– Før Anna, før daro-dio-dei! –
Døm ville å fri tl møllarns hus
– Fillijunkom-punkom-hahaha! –

2. Deinn eine tog skræddærn å la n ti n sekk
Så bar han da hannom tl møllærns bækk

3. «Kjære du møller du mała minn mæll
Han er nå itte rår, før je tørke n i kvæll

4. Mænn da de vartt mørtt i hør ennte krok
Da bejinne deinn sækken å rusle å gå

5. «Kjære moder! Å teinn det l{i}ys
Je trur de er kåmmin tjiver i vårt hus»

6. «Kjære moder! Sløkk det lis
de var itt anne katta såm speinnte hæł i mus»

7. «Å de va nå full katta me storestøvla på
?

8. «Nå høller du dett høł, dett gamle haunn
du sa nukk itte så, når du sjøł ville hå ‹› –»

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Tjukk l er markert med prikk under l-en i oppskrifta. Dei er her attgjevne med ł.

Det er sett ein strek under dei fleste verslinene, truleg for å markere at omkveda skal inn her.

På første bladet i boka står det: Folkeminne ifrå Nord-Odal. Innsamlinga tok til torsdagen den 23 oktober 1924, i dette hefte.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.