Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 29 Ungersvein på tinget


Innleiing

Ei jomfru salar gangaren og rir til ungersveinens gard. Ho bankar på døra, men ungersveinen vil ikkje opne, for han har ikkje avtala møte med nokon. Då sparkar ho inn døra med «karske fot». Ungersveinen kryp til køys, og jomfrua spring etter. Ho prøver å få kleda av han. Men ungersveinen avviser henne og klagar henne inn for tinget, sidan han ikkje får fred i senga:

Ungersvenn kom seg for övrighets bór,
eg kann inkje få for kvinnfolkji ró.

Øvrigheita avviser klaga:

Ti so svora den övrighets mann:
ungersvenn klagar sí eigjó skomm
(Solberg 1991: 264–265).

Denne skjemteballaden er overlevert i Telemarks- og Hordalands-tradisjon. Dei to eldste visetekstane skreiv Ivar Aasen opp i Nordhordland i 1840-åra, utan å opplyse kven songarane var. Telemarksvariantane er fyldigare. Vi har to oppskrifter, begge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen (1780–1865), ved Jørgen Moe og Sophus Bugge. Bendik Ånundsson var ein framståande songar. Jørgen Moe møtte han i 1847. Då han sat i arrest på Dalen hos lensmann Peter Mandt. Tidlegare hadde Crøger eller Landstad skrive opp viser etter Bendik Ånundsson, og Bugge skreiv i 1850-åra opp godt og vel førti balladar etter han (Jonsson & Solberg 2011: 521–538).

Eit tekstfragment på to strofer finst på svensk, med melodi (SMB 5:2: 39). Det er overlevert fleire nyare danske variantar, deriblant eit skillingstrykk frå 1700-talet, med liknande dom over ungersveinen som i Telemarks-tradisjonen:

Du maat dig skamme blant Ridder og Svenne,
Hvor du dig i Verden monne vende
(DgF IX: 174–175).

«Ungersvein på tinget» handlar om kjønnsroller og den komiske verknaden som oppstår når ein ung mann ikkje oppfører seg i samsvar med gjengs oppfatning. Ungersveinen blir framstilt som ein latterleg og stakkarsleg figur, slik heltar av hans type gjerne har blitt gjort, jf. den gamle historia om Josef og Potifars kone.

Utsyn 165
DgF 527 Tillæg I
Tang Kristensen 56
SMB 237




Oppskrift A

TSB F 29: Ungersvein på tinget / Møya som gjekk til sveinen

Oppskrift: 1843 av ukjend samlar etter ukjend songar, Nordhordland.

Orig. ms.: NFS I. Aasen 3, 7a–7b

Ingen oppgjeven tittel

*

1. Ho pikka paa Døræ mæ Fingeren sin
– Skru ru, Lompam perom, lompam perom
Ruteko ruteko Reia reia –
Aa kjære min Ungersvein du lukka mæg idn
– Paa Asken graa, Stander eit Straa
Lompam perom. –

2. Aa Ingjen so lukka æg idn om Nat
Aa Ingjen so heve Æg Stebna sat.

3. Ho spente paa Døræ mæ raskan Fot
So Spiler aa Flise dreiv Ongarsven imot

4. So sætte Ho sæg paa Sengjastok
So trækte ho taa sæg sin høgraue Sok.

5. «Aa faaer æg inkje Free i Sengjene før Dæg
So reise æg paa Tingje aa klage dæg.

6. Aa Ongersvein rei, aa Jomfruæ ran
Aa ho kom paa Tingje længje før han

7. Aa Futen aa Skrivaren dei dømte so
At dei va beggje lika go.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.




Oppskrift B

TSB F 29: Ungersvein på tinget / Møya som gjekk til sveinen

Oppskrift: 1843 av ukjend samlar etter ukjend songar, Nordhordland.

Orig. ms.: NFS I. Aasen 1a, 126

Oppgjeven tittel: Jomfruæ på Tingje

*

1. Jomfruæ skulde te Ungkaren gaa.
– Skru ru, lumpom pirom, lumpom pirom,
ruttiko, ruttiko reia. –
Aa dan so ska vinna, ska vera traa. –
– Paa Asken graa –
dar stend eit Sraa.
Lumpom pirom aa pirom. –

2. Ho pikka paa Dynnæ me Fingeren sin.
Aa kjære min Ungersvein, du luka meg inn.

3. Aa ingjen so lukà eg inn um Natt.
Aa ingjen so heve eg Stemma satt.

4. Ho spente paa Dynnæ mæ raskan Fot
So Spildrenn’ aa Flisenn’ dreiv Ungersvein imot.

5. So sette ho seg paa Sengjastokk,
So drog ho utaa seg sin høgraue Sokk.

6. Aa faar eg in kje Fre i Sengjen fyr deg,
So fær eg paa Tingje aa klaga deg

7. Aa Ungersveinen rei, aa Jomfruæ rann
Aa ho kom paa Tingje lengje før han

8. Aa Futen aa Skrivaren dømde so
At dei va no beggje like go’.




Oppskrift C

TSB F 29: Ungersvein på tinget / Møya som gjekk til sveinen

Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 9, s. 88–90

Oppgjeven tittel: Valiknut

*

1. Skiøn Jomfru salar sin gangar graa
– Helimære Helimæn –
so ri o seg ti ongesvends gaard
– ta meg den ta meg den smukke Maara a skiøn gjiljar ongesven i Løn for han sovnar –

2. Skiøn Jomfru ho kjæm seg rians i gaar
Ongesvens Dynnar va slegne i laas

3. Ho klappa paa Dyna mæ Fingar smaa
Stat up ongesvend skrei lokun ifraa

4. Engjen Stefne hev eg lagt
engjen lukkar eg ind om Nat

5. ho spænte paa Dynne mæ karske Fot
so Dynna ho dreiv oto Naglemot

6. Ongesvend la seg mæ Stokken ned
Skjøn Jomfru springe at Veggen te

7. ho nippa i has Buksur ho drog i has Brok
Ongesvend Ongesvend snu deg imod

8. Vi du naa soso ti laga deg
saa gjæng eg paa Thinge aa klagar deg

9. Gak du paa Thinge om du so vi
kade meg ei Skiøkje om eg fyjer kje dig

10. Ongesvend kom seg for Øvrigheds Bord
Eg kan enkji faa for Qvinfolkji Ro

11. ti so svora han Øvrigheds Mand
Ongesvend klager si egjo Skam

12. Ongesvend heim af Tinge for
Skiønjomfru sto at so got ho lo.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet. Over oppskrifta står det: (S. Bugges sml. nr. 153)




Oppskrift D

TSB F 29: Ungersvein på tinget / Møya som gjekk til sveinen

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge a, 233–235 (kladd)

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Valiknut

*

1. Skjøn jomfru salar hó gangaren grå
– ⁒Helimen⁒ –
så ríe hó seg ti ungersvens går.
– Smukke møyar å skjøn giljar ungersvein i løn; før han sovnar. –I reinskrifta står det over lina: [Ta meg den, Ta meg den, smukke &c. J. M.]

2. Skj[øn] j[omfru] ho kom seg ríand í går,
ungersvenns dynnerAlternativ lesemåte i reinskrifta: dynnar (J. M.) va’ slegne í lås.

3. Ho klappa på dynni mæ finganne små
Statt upp Ung[ersvenn] skrei lokunne frå

4. Ingjen stevna så hev eg lagt,
ingjen så lukkar eg inn um natt

5. Ho spente på dynni mæ karske fót,
så dynni hó dreiv på tiljemót.Alternativ lesemåte i reinskrifta: ító på naglemot (J. M.)

6. Ung[ersvenn] la’ seg mæ stokkjen ne,
skj[øn] j[omfru] springe hó veggjen ti.

7. Hó nippa í hass buksur, ho dróg í hass brók,
Ung[ersvenn] ung[ersvenn] snut deg ímót!

8. Vì’ dù no saasså ti laga deg,
så gjeng eg på tingjí å klagar deg.

9. Gakk dú på tingji um dú så vi’,
kadde meg ei skjøkje, um eg fygjer ‘kje dít.

10. Ung[ersvenn] kom seg for øvrighets bór,
eg kann inkje få for kvinnfolkji ró.

11. Ti så svoraAlternativ lesemåte: svara den øvrighets mann:
Ung[ersvenn] klagar sí eigjó skomm.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 25–26. Over reinskrifta står det: [[ogsaa i J. M.s Opt.]] Dansk: Utr. XXV.

I reinskrifta finst ei 12. strofe etter Jørgen Moes oppskrift:

12. (J. M.) Ungersvenn heim av tingje fór,
Skjøn jomfrú stó att, so gott hó ló.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.