Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 45 Per spelemann

[Ola Bondsen / Nils Bådsmann]


Innleiing

Visa om Per som selde kua og kjøpte igjen fela, er ei av dei best kjente folkevisene vi har. Den hører til i kjernerepertoaret av norske songar, og har stått i allsongbøker, skulesongbøker og barnesongbøker i over hundre år. Den versjonen som står i songbøkene har blitt allemannseige etter at den kom ut i Elling Holsts Norsk Biledbog for Børn i 1888. Denne boka var den første norske fargelagte barneboka, og ho kom i nye opplag heilt opp til 1989. I boka brukte Elling Holst barnerim og songar som han hadde frå eigen familietradisjon, og dermed vart songar, som tidligare hadde levd i lokale variantar, standardisert. Dessutan trykte han berre éi tekststrofe. Først i 1903, då Hulda Garborg gav ut første heftet av Norske folkevisor, kom det fire strofer på trykk, og det var denne versjonen som kom inn i skulesongbøkene.

I Noreg har vi nokre få eldre oppskrifter av skjemteballaden der hovudpersonen heiter Ola Bonsen, Jon Båtsmann eller noko liknande. Desse eldre skjemteballadane skil seg frå den kjente Per spelemann i slutten. I ei oppskrift som Rikard Berge skreiv opp etter Hæge Ansteinsdotter Kilan/Findreng i Lårdal i 1913, spelar Jon Baasmann så alle dansa, men då han skulle heim, mista han både fela og sekken i bekken. Kona, Katterina, dengde han, og han måtte love at han aldri meir skulle gjere henne imot. I ein tekst som Lindeman skreiv opp etter Henriette Scheldrup i Sokndal i Rogaland, gjekk det ikkje betre. Ola Bonsen selde kua og kjøpte seg ei fele. Han spela både til barsel og til bryllaup og futen vil ha han til å spele, men då Ola ville ha pengar, jaga futen han. Han måtte springe over ein bekk, og der mista han både fela og sekken.

Den eldste oppskrifta av denne visa står i ei dansk adelshandskrift frå ca. 1580. Der går det ikkje betre. Nis Bossen selde kua si og kjøpte fele. Han går for å spele i ein fest, men når han ikkje får pengar, vil han heller ikkje spele. Då bankar dei han opp og knuser fela hans, og når han kjem heim, bankar kona han opp.

I sein mellomalder omfatta laugssystemet også stadsmusikarane, som hadde privilegium til å spele i bryllaup og selskap. Når Ola Bonsen prøver seg som ulovleg spelemann er han dømd til å mislukkast, og til slutt blir han prylt av kona si. I skjemtevisene går vald og valdeleg åtferd igjen. Mannen er latterleg fordi han ikkje lever opp til rollemønsteret, men blir prylt av kona. Dessutan er han latterleg fordi han trur han kan leve av å spele utan å gjere skikkeleg arbeid.

SMB 244




Oppskrift A

TSB F 45: Per spelemann

Oppskrift: Udatert av ukjend samlar, truleg etter Henriette Schelderup, Sokndal, Rogaland.

Orig. ms.: NB Mus ms 2608, 1–2.

Oppgjeven tittel: Ola Bonsens Vise.

*

1. Ola Bonsen han havde saa stor en Uroe
Før han fik sæglle sin eneste Ko
– Og kjøpeba sig atte eni Fela. –

2. Aa daa Ola Bonsen den Fela fæk
Te Barsel og Bryllup han ofte gjiek
– For han hadde faat seg æei Fela. –

3. AOla Bonsen han gik seg til Futens Gaard
Aa Futen uteafor Døra staar
– Sjaa naa hæ eg finnije ei Fela. –

4. Aa hæ du naa faat ei Fela for dæg
Saa lyt du spela paa Fela for meg
– Si du ha naa faat deg e Fela –

5. Ja ska eg spela paa Fela for deg
Saa ska du letta paa Puongjen for meg
– For eg ha faat mæg ei Fela. –

6. Aa Futen drog ut sit rustete Spjut
Saa jagtejagt’ han Ole Bonsen paa Døra ut
– Du ska faa Skam for di Fela. –

7. Ola Bonsen han sprang seg over ein Bæk
Der myste han baade Fela og Sæk
– Goudd bera meg for mi Fela –

8. Om eg bli gamal som Moaase paa Tu
Saa skua eg ‘kje kjøbe meg Fela for Ku
– Godd bera meg for mi Fela. –

9. Om eg blei gamal som Mose paa Træ
Saa skua eg kje kjøbe mig Fela for Fæ
– Godd bera meg for mi Fela. –

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

I høgremargen utanfor dei to første strofene står det ei melodioppskrift, og over ho står det: Jfr. Henriette Scheldrup

Visa er den første i eit hefte med 12 viser. Over visa står det slik overskrift med blyant: 12 Viser fra Soggendal(?) i Christiansands Stift Mange av visene er skrivne med ei anna handskrift enn Lindemans.




Oppskrift B

TSB F 45: Per spelemann

Oppskrift: Kring 1900 av Nils H. Magerøy etter ukjend songar, Ålvundeid, Møre og Romsdal.

Orig.: Nils H. Magerøy og Arne H. Magerøy (utg.) 1943: Gamle visor og kvedor. (Norsk Folkeminnelags skrifter, 52.) Oslo: Norsk Folkeminnelag. 47–48.

Oppgjeven tittel: Nils bodsmann

*

1. Nils bodsmann han hadde ei einaste ku.
Den bytte han burt for ei feile så god.
– «Au, bedre me for feilitten, feilitten, feila mi!» –

2. Nils bodsmann han sprang ive konningens bekk.
Der slepte han ned både feile og sekk.

3. «Nei, um e bli gamal som mose pao bru,
så kjøpe e aldr meir feile fer ku.

4. Nei, um e bli gamal som muggel pao graut,
so kjøpe e aldr meir feile fer naut.

5. Nei, um e bli gamal som mose pao eik,
so ska e vel aldr meir spela ein leik.

*

Strofene er nummererte i kjelda.

Denne visa vart også trykt med mest identisk tekst av P.M. Gjærder i Gamle visestubbar og rim ifraa Nordmøre og Romsdalen i 1908, truleg etter oppskrifta av Nils H. Magerøy. Magerøy skriv såleis i innleiinga si at nokre av visene han samla kring 1900 kom på prent hjå Gjærder, men med «mange veilor».




Oppskrift C

TSB F 45: Per spelemann

Oppskrift: Udatert av ukjend samlar etter ukjend songar, ukjend stad.

Orig.: Norske folkevisor, 1. Med ei utgreiding um vise-dansen av Hulda Garborg. (Norske folkeskrifter, 8.) Oslo: Norigs ungdomslag og Student-maallaget, 1903. s. 32.

Oppgjeven tittel: Per spelmann

*

1. Per spelmann han hadde ei einaste ku
Han bytte burt kui, fekk fela igjen!
– «Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!» –

2. Per spelmann han spela og fela ho lét
saa gutane dansa og gjentune gret.

3. «Og um eg vert gamall som stein under bru,
saa aldri eg byter burt fela i ku.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

I tredje opplaget (1904) vart det teke med ei strofe til:

4. Og um eg vert gamall som mose paa tre,
saa aldri eg byter burt fela i fe.

Kjelda til melodien og første strofa er Norsk Billedbog for Børn, utgjeve i 1888 av Elling Holst. L.M. Lindeman har ei nær identisk melodi- og tekstoppskrift frå 1874 etter far hans, Adolph Theodor Holst frå Drammen (NB Mus ms 2456/1874, nr. 2, jamfør oppskrift C i melodibandet). Kjelda til dei andre strofene er ukjend.




Oppskrift D

TSB F 45: Per spelemann

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Hæge Ansteinsdotter Kilan/Findreng, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCLX, 81–82.

Oppgjeven tittel: Katrine aa Jon Baassmann.

*

1. Jon baassmann han spila aa fiolen klang
aa alle dei i stògo va’ dei dansa aa sprang.

2. J[on] b[aassmann] vill’ heim-att tì Katterina sin,
sò tok ‘n mæ seg baatte fela aa fiolsekken sin.

3. J[on] b[aassmann] han steig sò ivi ein bekk,
sò reiste der av baatte feol aa feolsekk.
– Aa bære meg aa naadaAlternativ lesemåte: naade meg
fe den skjønne feolsekkjen aa fela mi. –

4. J[on] b[aassmann] kaam heim-att tì Katterina sin:
Hòr’ hev du gjort av fela aa feolsekken din-

5. Aa eg steig meg sò ivi ein bekk,
aa sò resste der av baatte fela aa feolsekk.
– Aa hu aa hei, aa naada mei
fòr den skjønne feolsekkjen aa fela mi. –

6. Aa midt-uppaa gòlve der heldt di ting,
aa der dengde ‘o Jon b[aassmann], mannen sin

7. Aa om eg bli sò gamal som mòse paa rot,
sò skò eg aller gjera Katterina imot.

8. Aa [om eg bli sò gamal som mòse paa] graa stein,
sò sko [eg aller] gjera K[atterina] mein.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Etter oppskrifta står det at Hæge hadde visa etter «godmori» Kristi Aase.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.