Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 5 Det står ein friar ut i garden / Friarane


Innleiing

Ei dotter og mor hennar samtalar om og vurderer friarane, som står i kø utanfor døra. Spørsmålet er kor mykje pengar den enkelte kan leggje på bordet, for det er pengane som avgjer om han får kome inn. Den tredje friaren er rik nok til at mora godkjenner han. Han får god mottaking når han kjem inn, alt det beste av mat og drikke blir sett på bordet. Deretter ber det til køys med friaren og jenta.

Dette er truleg ein av dei best kjende skjemteballadane, trass i at vi ikkje har meir enn nokre få tradisjonsoppskrifter av den. Lindeman skreiv opp ein variant frå Setesdal og ein frå Valdres, og elles har vi ei Telemarks-oppskrift og ei oppskrift frå Nordland. Det kan vere grunn til å tru at fleire samlarar ikkje har oppfatta visa som noko dei burde bruke tid på, og kanskje har dei oppfatta den som ei barnevise. Det er då også som barne- og ungdomsvise og ikkje minst som songdans at «Friarane» er blitt kjend. Både tekst, melodi og to ulike framlegg til danseframføring står i Klara Sembs Norske Folkedansar. Songdansar (1922). Vidare finst tekst og melodi i fleire nyare song- og visebøker, og på internett.

Visa er «meget almindelig» på dansk, skriv Evald Tang Kristensen, som trykkjer tre tekstvariantar i Et hundrede gamle danske skjæmteviser (Kristensen 1901: 128–131). Også på svensk finst det mange variantar av «Friarane». I ein av tekstane har friarane namn, noko som er uvanleg:

/:Kalle Bengtsson första friarn
Mor lilla just nu:/
/:Mykke pengar har han
Min dotter Julia/:

[…]

Kalle Kilblom andra friarn
Mor lilla just nu
Mycke pengar har han
Min dotter Julia

[…]

Kalle Matsson tredje friarn
Mor lilla just nu
Hur mycke pengar har han
Min dotter Julia
(SMB 5:1: 164).

Når «Friarane» har nådd ut blant eit breitt og ungdommeleg publikum og til og med blitt godkjend i skulen, er det fordi teksten er kraftig redigert, og stansar der den tredje friaren kjem inn. Men tradisjonstekstane gjev seg ikkje her, for mykje av poenget er å fortelje korleis det går når friaren skal ha betalt for dei dalarane han har lagt på bordet. Dottera – urøynd og einfaldig – spør mora om kor mykje friaren skal få lov til av erotisk-seksuelle tilnærmingar, og mora gjev gode råd, kanskje frå ein posisjon rett utanfor kammersdøra. Handlinga ligg det godt til rette for bruk av tabuord, noko som er ein del av komikken. Vidare kan vi oppfatte teksten som ein kritikk mot ekteskapsinngåing på grunnlag av pengar og rikdom. Mora bestemmer, dottera har ikkje noko ho skulle sagt.

Lindeman: Norske Fjeldmelodier 112
Tang Kristensen 32
SMB 221




Oppskrift A

TSB F 5: Det står ein friar uti garden / Friarane

Oppskrift: 1912 av Rikard Berge etter Knut Johannesson Dale, Tinn, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXXXIX, 40–41.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. No æ den første friar kaammen
– mor lilla, haa haa –
Hvor mange penger haver han,
– min datter Olia(s)Parentesane står i oppskrifta.

2. Aa han hev tjug på tjug
Vís ‘n veien, lat ‘n gaa

3. No æ den anden [friar kaammen]
Hvor [mange penger haver han,]

4. [Aa] han hev hondre paa hondre
[Vis ‘n veien, lat ‘n gaa]

5. No æ den trée [friar kaammen]
[Hvor mange penger haver han]

6. Han hev tusen paa [tusen]
Luk op dør, slepp ‘n inn

7. Hòr’ skò friaren faa sita
I ein stol, ved dit bor.

8. Hòtt [sko friaren] faa tì skjenk.
Noko vin i eit glas.

9. Hott [sko friaren] daa faa spise,
steikt egg, spikjegaas.

10. Hòr skò [friaren] faa ligge
Mæ deg, i di seng.

11. Skò daa [friaren] taka patten
Lat taka om han vil –

12. Skō daa [friaren] ta ‹…›
Lat han ‹…› mest han vil.

13. Skulle der da bliva barn
Lat dæ bli om dæ vill’ to.

14. ‹…›
‹…› gjev’e tøyg.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Det virkar som om Berge har sensurert tekst i strofe 12 og 14, med svart tusj. Det er uråd å lese kva som står under overstrykingane, men jamfør oppskrift C.

Under oppskrifta står det: Anne Navarsgard. Ho var ein kjend kvedar på Møsstrond. Ho døydde i 1896.




Oppskrift B

TSB F 5: Det står ein friar uti garden / Friarane

Oppskrift: Udatert av Fridthjov Anderssen etter ukjend songar, Nordland.

Orig. ms.: NB Mus ms a 5116, 2–3.

Oppgjeven tittel: Dar staar en friar

*

1. Dar staar en friar uti gare,
– mor lilla hau, hau!
Kor mange penga haver han
– du mi dotter Dalia? –

2. Et hundrede rigsdaler
– sier han at han har –
Lat’n gaa, lat’n gaa
– du mi dotter Dalia. –

3. No staar en friar uti gare,
Kor mange penga har daa han

4. To hundrede rigsdaler
Lat’n gaa, lat’n gaa

5. No staar en friar uti gare
Kor mange penga har daa han

6. Fem hundrede rigsdaler
Luk op dørra, slep’n inn

*

Strofene står som tekst til ei bearbeiding for mannskor.

Mellomomkvedet vekslar mellom «mor lilla hau, hau» og «sier han at han har».




Oppskrift C

TSB F 5: Det står ein friar uti garden / Friarane

Oppskrift: Udatert av Geirr Lystrup etter Margjit Vetlesdotter Gunvaldjord, Vinje, Telemark.

Orig.: Geirr Lystrup (utg.) 1980. Skjemteviser og salmevers. Folkeviser etter Margit Gunvaldjord og Aslak Brekke. Oslo: Samlaget, 38–39.

Oppgjeven tittel: Mora lilla hoha

*

1. No er fyrste friar kommet
– mora lilla hoha. –
Hvor mange penger haver han
– du, min datter Olea? –

2. Å hundra på hundra
– sier han at han har. –
Si han nei, vis han vei
– du, min datter Olea. –

3. Andre friar er kommet
Hvor mange penger haver han

4. Å, tusen på tusen
Si han nei, vis han vei

5. Tredje friar er kommet
Hvor mange penger haver han

6. Å, hundrade tusen
Slipp han inn, slipp han inn

7. Hvor skal friaren sitte
I en stol ved ditt bord

8. Hva skal friaren ete
Steikt flesk, smør og egg

9. Hvor skal friaren få liggje
I din seng, på din arm

10. Skal eg ha tå meg serken
Ja, serk om du vil

11. Men eg kunne få barn
Ja, gjerne to

12. Jamen, magen kunne sprekka
Rått skinn gjever tøyg

*

Strofene er ikkje nummererte hjå Lystrup.

Mellomomkvedet vekslar mellom «mor lilla hau, hau» og «sier han at han har».

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.