Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 66 Katten ligg sjuk


Innleiing

Katten ligg sjuk under omnen og døyr. Det blir sendt bod etter snikkar som skal laga kiste, syerske som skal saume likskjorte og klokkar som kan syngje liket ut. Alt blir gjort for at gravferda skal bli storveges. Musene gler seg over at katten er død, men kattungane seier at dei snart skal vekse seg store.

På same måten som «Per Spelemann» (TSB F 45) har denne visa skrumpa inn til eit barnerim på ei eller to strofer. I ei oppskrift etter Henny Sandnes frå Napp i Lofoten er barnerimet slik:

Katten låg i ovnskroken og klaga sin store nød:
Den hadde så ondt i hodet, den trodde den blev dens død.
Å hei å hå sa musen, nu er katten død.
Nu kan vi gå i skapet og spise ost og brød.

I Koppangs Skolesangbok frå 1896 er det to strofer:

Den lille pusen ved ovnen lå,
den klaged sin store nød:
«Jeg har så ondt i et øiehår,
jeg mener det blir min død!

Send nu bud til snedkerens hus,
han skal gjøre en kiste til pus.
«Send bud til pusene små og stor
at de skal følge kisten til jord!»

I denne kortforma er dette barnerimet spreidd over nesten heile landet, men vi har også nokre få meir fullstendige oppskrifter. Olav Rekdal skreiv opp «Kattå vår» slik han hugsa tekst og melodi frå barndomen sin i Romsdal. I 1982 skreiv Geirr Lystrup opp tekst og melodi til «Kattegravølet» etter Pauline Aksnes på Sunnmøre. Hallfrid Christiansen har skrive opp ein tekst etter Gudbrand Kjølseth, Balke på Toten, men han kjente ikkje nokon melodi til. Sophus Bugge har skrive opp dei to velkjente førstestrofene og held fram med eit anna velkjent barnerim: «Katta satt oppå taket… ». Moltke Moe har notert fire strofer men fyller så ut med «Katta satt oppå taket».

Visa finst både i Danmark og Sverige, men det er i Sverige visa har levd best. Når vi reknar med dei oppskriftene som er gjorde i svenskfinske områder som Åboland og svenske Österbotten, kjem vi opp mot 70 variantar. Dei fleste har fleire strofer og mange har også melodi. I Danmark fann folkeminnesamlaren Evald Tang berre ei einaste strofe frå munnleg tradisjon, men i tillegg fanst det eit skillingstrykk datert 1750: «Den bekiendte Katte-Viise / Katten ligger under Kakkelovnen, siunges med sin egen velklingende Melodie».

Tang Kristensen 15
SMB 252




Oppskrift A

TSB F 66: Katten ligg sjuk

Oppskrift: Udatert, truleg av Ola Osmundstad etter ukjend songar, Nord-Fron, Oppland.

Orig. ms.: NFS M. Moe 72, 3m–3n.

Oppgjeven tittel: Katta.

*

1. Katta sat opme Omna sjuk
ho dro sin berre harde Daude
ho ha so vondt uti Hugu fått
å hælve Verken uti Reven.
– Nå æ Katten døda
nå fær viAlternativ lesemåte etter strofe 4: me gå ti Kammers
å eta Smør uppå Brøda. –

2. Døm gjorde Bod døm skjikka Bod
på’n Gratar-Erik den våte
han skuld gjera vel å koma der
å hjalpe Kattun å gråte

3. Døm gjorde Bod døm skjikka Bod
på ‘n Snikker-Erik den rike
han skuld’ gjera vel å koma der
å gjera Kjiste på Liket

4. Døm gjorde Bod døm skjikka Bod
på ‘a Jomfru Guro den vise
ho skuld’ gjera væl å koma der
å bu so væl detta Liket

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Oppskrifta står i eit hefte med påskrifta: Meddelt af Ola Osmundstad N Fron i Gbr. Heftet er eitt av fleire hefte i ein konvolutt, mellom anna med påskrifta: Mest fra H. Ross. Heftet er derimot ikkje skrive av Ross.




Oppskrift B

TSB F 66: Katten ligg sjuk

Oppskrift: Udatert av Hallfrid Christiansen etter Gudbrand Kjølset, Balke på Toten, Oppland.

Orig. ms.: NFS H. Christensen 1, s. 20.

Oppgjeven tittel: Barnerim

*

1. Katta ligg bak omsdør sjuk,
og jamrer seg så ille:
je har så vondt i hugu mitt,
je trur de’ bler min dauan.
– Aa nå er katta vår dauan –

2. Vi skikke bo’ og vi senne bo’
åt a Anners bortpå Bakka,
han skulle kåmmå, og han ville kåmmå,
og laga kiste åt katten –
– for nå er katta vår dauan –

3. Vi skikke bo’ og vi senne bo’
åt en Kari bortpå Bakka,
hu skulle kåmmå, hu ville kåmmå
og laga skjorte åt katten –
– fer nå er katta vår dauan –

4. Vi skikke bo’ og vi senne bo’
åt a Ola borti Nordom,
han skulle kåmmå, og han ville kåmmå,
og synge katta åt jordom.
– For nå er katta vår dauan –

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: Kolbu, Toten.

Under oppskrifta står det: (sagt fram av Gudbrand Kjølseth, fra Balke sogn.)




Oppskrift C

TSB F 66: Katten ligg sjuk

Oppskrift: 1982 av Geirr Lystrup etter Pauline Aksnes, Sunnmøre, Møre og Romsdal.

Orig.: Geirr Lystrup 1990. Min Visebag. Oslo: Bokklubben. Nr. 51.

Oppgjeven tittel: Kattegravølet

*

1. Katten låg onde ømnen
og klaga si store naud:
Eg heve så vondt i hovudet mitt
Det blir min visse daud –
– For no er katten daude
Ja, no er katten daude –

2. Dei sende bod, dei skikka bod
Te snikkaren utpå Lista
Han skulle kome, han måtte kome
Og lage katten ei kista

3. Dei sende bod, dei skikka bod
Te prestekona på Lista
Ho skulle kome, ho måtte kome
Og leggje katten i kista

4. Dei sende bod, dei skikka bod
Rundt alle fjorda
Dei skulle kome, dei måtte kome
Og fylgje katten te jorda
– For no var katten daude
Ja, no var katten daude –

5. Fire myser i likferd går
Etter kjeme dei rotter grå
Med lange sorg etter katten
Sidan kjeme dei myser små
Dei kunne kje berge seg for låtten

6. For no var katten daude
Ja, no var katten daude
I morgon skal me te stabburs gå
og ete smør og braud
– For no er katten daude
Ja, no er katten daude –

*

Strofene er ikkje nummererte i boka.

Geirr Lystrup gjev denne bakgrunnsinformasjonen om oppskrifta: I 1982 var eg med Det Norske Kammerkor på «Jorda rundt på 30 dagar-turné». Midt over Stillehavet mellom USA og Japan song Pauline denne visa for meg. Mens jetmotorane jaga på og heldt lydmuren på forsvarleg avstand, sto tida stille i flysalongen då Pauline song denne gamle dyrevisa. Så nær himmelen har korkje eg eller den daude katten vore seinare.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.