Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 67 Tordivelen og fluga


Innleiing

Dette er ei vise der dyr oppfører seg som menneska på same måten som i «Ramnebryllaup i Kråkelund» (TSB F 68), men her er det insekt som held bryllaup. Visa er ein parodi på riddarvisene. Tordivelen fører seg som ein riddar, og fluga som ei edel jomfru, men bryllaupet står på ein hestelort.

Tordivelen vil gjerne gifte seg og ber myhanken (stankelbeinet) om han vil vere hans belemann og fri til fluga for han. Fluga avslår og seier at ho er rik og han fattig og lever i lort og møk mens ho sit på kongens bord. Han slår henne på kvite kinn, og då gret ho og angrar seg. Dei held bryllaupet og myhanken dansar med nakent sverd. I ein variant som Sophus Bugge skreiv opp etter Andris E. Vang i Valdres, slengde Tordivelen fluga opp i bruresenga så det braka i både bord og benker. Tre dagar etter fell ho på kne og føder tusenvis av ungar.

Variantane delar seg i to typar: i telemarkstradisjonen heiter brudgomen «Tor Brynjulf», og til slutt druknar han i ein tjøreholk mens fluga sit att som enkje. I Telemark og Åseral er omkvedet også knytt til teksten. I dei austlandske versjonane er det tordivelen som sjølv frir til fluga, og omkvedet lyder som eit slags forvanska latin: Pirium.

Melodi og tekst
I Telemark er det dokumentert 15 melodiar, eit tjuetal fullstendige tekstar og ein god del fragment. Utanfor Telemark er det dokumentert 40 melodiar spreidde utover heile Sør-Noreg. Det tyder på at visa har vore kjend og populær, men i Norsk folkeminnesamling er det dokumentert berre seks fullstendige tekstar, ein frå Valdres, to frå Hedemark og tre som ikkje er lokalisert. Utanfor Telemark har innsamlinga dessverre vore ganske tilfeldig.

«Tordivelen og fluga» finst også i Danmark, Sverige og på Færøyane. I Sverige har innsamlinga av folkeviser og melodiar vore jamnare over heile landet og det svenskfinske området. Den eldste versjonen er eit skillingstrykk frå 1738. Alt i alt har dei opp mot hundre oppskrifter og mange melodiar. I Danmark har dei skillingstrykk frå 1600-talet. Dessutan har Evald Tang Kristensen skrive opp 11 variantar frå munnleg tradisjon.

Etter at Alf Prøysen song visa inn på plate i 1955 har «Tordivelen og fluga» vore ein av dei best kjende balladane våre. Alf Prøysen skreiv også ein travesti, «Den nye Tordivelen og flua», der kjem tordivelen på scooter når han skal fri. Den vart innspela på plate i august 1968.

Grüner Nielsen 14
Tang Kristensen 11
CCF 187
SMB 253




Oppskrift A

TSB F 67: Tordivelen og fluga

Oppskrift: 1848–1849 av Ludvig Mathias Lindeman etter Andris Vang, Valdres, Oppland.

Orig. ms.: NB Ms fol 2128:5, 1–2.

Oppgjeven tittel: Mehankøn o Fløga.

*

1. Mehankøn sende try Ord te de
– me eit brunt Auga –
e vildø so-gjednø hava de
– Fløga fager o fin gaaer i Dans
Fløga –

2. O e vil inkji hava de
e æ no alt før go før de

3. For ner e sitø ved Herromans Bord
daa krækø du i Hestelort

4. Klæggøn tala so ein Man
du krækø i Lorte du so han

5. Mehankøn fridø i Maana tre
nei Fløga svara e vil’kji ha de

6. Mehankon syrde i Daga tre
Fløga ho yngtist e faar væl ta dæ

7. Mehankøn sprang up lystig o gla
Fløga ho seier, ho vil mæ ha.

8. Mehankon reise ut paa en Hest
ba Klæggji o Fløgo te Bryllupsfest

9. Bryllaupø sto i Daga tre
sia saa dro kor heimat te se

10. Mehankøn fata i Fløgoveng
o slyngde hono up i ei Seng

11. De braka i Bord o i Kistø
da Fløga Take mistø

12. De braka i alla Benkji
daa Fløga ho let se krænkji

13. O daa de lei ovør Dagadn tre
daa kjendte Fløga baade Smerto aa Vee

14. Ho fald daa paa sit bare Knæ
o aattø Unga so tjukt saa Snjø.

15. De kryddø o krau i kor ein Dal
dei tytte dei va i Tusindtal

16. Mehankøn dansa o helt se gla
han slyngde ein Styvert i Fela

*

Dei første fem strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift B

TSB F 67: Tordivelen og fluga

Oppskrift: 1910 av Rikard Berge etter Kjersti Kj. Groven, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge LXXXII, 70–72.

Oppgjeven tittel: Tor Brynjul aa fluga.

*

1. Tor Brynjul sat under stògoveg
– p{i}erium –
Han byste sit haar aa kjemde sit skjeg
– piri extram piri darium –

2. Tor Brynjul sparka aa var saa kaat
Eg agta meg te aa gifte meg iaar

3. «AaRetta frå: Aaa hør du møhankje mi frend
Vi du bére bòe te kvende?»

4. «Eg ska bære bò baade øst aa vest
Eg veit naa alder hòr din hug staar best.»

5. «Du kan bæra bò bort te duka
fer fluga stend mest i min huga.»

6. «Hosse kan eg komma te fluguland
fér du veit at flugu er belevand.»

7. «Men du helsar flugo paa denne jordmed olvorsord
saa at eg er den sterkaste paa denne jord.

8. Myhankjen kom der riands i gaard
ute stod flugo aa redde sit haar

9. «Gudag du flugo eg helsar deg
Tor Brynjul han agtar aa bela til deg»

10. Aa her stend du flugo baad’ fager aa fin
eg tys du er Tor Brynjul saa lik.»

11. Hòsse kan eg vara Tor Brynjul lik
fe han er fattig og eg er rik.»

12. Ti naar eg site med bravmends bord
Daa róta Brynjul i svarte jord

13. Aa naar e’ æte baade smør aa eg
daa rótar Brynjul onde kámarvegg.

14. Myhankjen slò til flugo onde kjinn
de skal du ha for kjeften din

15. Aa flugo spratt op aa slifte en graat
«Naar skal da kòns bryllup staa»

16. «Ikkje iaar men et anna aar
Naar alle flugur fer át sit maal

17. Der var stor lyst i den brurefèr
Møhankje rei der me nakkje storsvær

18. Der blei snart sorg paa dei brurefolk
Møhankjen dàtt ut en kjøruholk

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Etterslengen står skriven over overskrifta, med tilvising til kor han skal inn. Over første delen av oppskrifta er det skrive med blyant: Etter Landst.

Etter oppskrifta står det: (lensmanden kan den)




Oppskrift C

TSB F 67: Tordivelen og fluga

Oppskrift: 1955 av Alf Prøysen etter bestemor (Matea Kristiansdatter) og mor (Julie Mathiasdatter) frå Ringsaker og svigermor (Emilie Hansdatter Storhaug) frå Rena, Hedmark.

Orig.: Prøysen, Alf 2014. Viser og dikt, 2: 1954–1963. Utg. Elin Prøysen og Per Husby. Oslo: Musikk-Huset. 52–53 (etter plateopptak frå 1955).

Oppgjeven tittel: Tordivelen og flua

*

1. Og tordivel’n knytte på seg hosobæind.
– Pirion! –
Så flaug ‘n like til fluguland,
– piri mitt mitt parian
dan diri ditt ditt darian
dan pirion! –

2. Og tordivel’n ville tel flugua fri.
«Å, vil du vara kjærringa mi»,

3. «Nei, åssen kæin du nå tenkje slik.
Du er fattig og je er rik:»

4. «For når du graver i muld og jord
Så sitter jeg ved kongens bord»

5. «Og når du graver i rusk og rat
så spiser jeg av kongens mat.»

6. «Og når du krabber i åker og eng
spaserer jeg på silkeseng.»

7. Da slo tordivel’n flugua på kinn.
«Detta ska du ha att for kjæften din!»

8. Flugua sætt’ seg på snippen og gret.
«Å reis itte frå meg, men ta meg med.»

9. «Når skal så vårt bryllup stå?»
«Itte i år men tel neste vår».

10. Og bryllupet vart både gildt og stort.
Og bryllupet sto på en hestelort.

11. Og dæinsen gikk lystig i brudehus.
Det dæinse to lopper, det spelte ei lus.

*

Strofene er ikkje nummererte i utgåva.

Om bakgrunnen for visa skreiv Prøysen (i visespalta i «Magasinet For Alle»): je hørte a bæssmor sang litt av visa, men hu kutta av i «det psykologiske øyeblikk», for hu bæssmor hadde takt og tone. Og så sang hu mor litt mere, for hu tenkte mere på arbe enn visa. Tel slutt fekk je resten, og den har je fått ifra hu svigermor.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.