Skjemteballadar

Norske mellomalderballadar

TSB F 75 Tjuvane


Innleiing

Til ein gard kjem det tjuvar. Den eine av tjuvane spør om han kan få kome inn og syngje om eit tjuveri. Kona seier at han gjerne må syngje så mykje han vil. Ho vil legge seg og høyre på songen hans. I songen instruerer tjuven dei andre tjuvane om kva dei skal ta, og kor dei skal få tak i det. Dei stel lerret og lin, flesk og øl. Han syng at dei skal bryte opp pengeskrinet. Så går tjuvane opp i loftet og legg seg med døtrene på garden og spyttar tobakk på dei. I stallen står det tre folar. Dei stel den beste, og dei strør halm på låvebrua så det ikkje skal klinge av hesteskorne. Til slutt syng tjuven: «Pus, pus, no tenner ho lys». Det er signalet til at dei skal kome seg unna med byttet.

Handlinga i visa er stort sett den same, men i nokre variantar er det berre to tjuvar, Steinar og Ståle. I den varianten er omkvedet: «I lundi – Enno stende gangaren i grøne lunden». I ein annan og vanlegare gruppe er det tre tjuvar utan namn, og omkvedet er: «Tre redelige menn – her er langt til morgonen enn».

Som vanleg er det flest oppskrifter frå Telemark, men storparten av oppskriftene er prega av at visa er på veg til å bli gløymd. I 1864 skreiv Sophus Bugge opp ein tekst på 14 strofer etter Gunnild Sundsli i Fyresdal, men ho fekk ikkje innhaldet retteleg fram. I 1911 skreiv Rikard Berge opp ein god variant etter Åsmund Olsson Åheim frå Lårdal, men den er berre på 10 strofer. Den oppskrifta som gjev best meining, er oppskriven i 1914 av Gunnar Nese etter Salve Aarli, Gjøvdal i Aust-Agder.

I samlinga etter folkemusikaren Erling Kjøk i Lom, Oppland, ligg det ein annleis variant. I den varianten er det ingen syngande tjuv. Denne visa er konsentrert om gruppevaldtekta. Røvarane kjem til ein gard der kona er åleine med døtrene. Ho trur det er nattefriarar og viser røvarane opp i loftet der døtrene ligg. Tjuvane stel alt dei kan få med seg og ligg med dei to vakraste av jentene. Den tredje og styggaste stappar dei tobakk opp i.

Rikard Berge har skrive opp ei underleg strofe etter Kjærsti Bergstig, Bø i Telemark. Den har kanskje vore eit fragment frå ein variant av visa frå Lom:

Aa høyre du mor i kroken
– Tre redelige mænn –
Kann eg faa lov ti ligge mæ datter di.
– Her æ langt ti dagen kjem –
Ja ligg, ja ligg so mykje du vil.

Ei islandsk oppskrift frå 1600-talet, «Steinfinnur og Stálir», ligg nær den norske visa, men med 27 strofer er den langt meir fullstendig. Den fortel også at bonden på garden er død. Den islandske fortel også langt meir detaljert om tjuvegodset: 12 sølvskåler, kanner, kjer og finklede, og dei ber ut alt som er i buret. Dei drikk opp ølet, men etter det syng dei så høgt at barnet vaknar, og då må dei kome seg bort.

I Danmark er det berre skrive opp nokre få variantar frå munnleg tradisjon, men i Sverige har dei heile 21 tekster og 8 melodiar. I nokre av dei svenske variantane ligg tjuvane også med døtrene, men dei ter seg meir som friarar enn valdtektsmenn.

Utsyn 178
DgF 386
SMB 260
IFkv 85




Oppskrift A

TSB F 75: Tjuvane

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunnhild Kjetilsdotter Sundsli, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 67–69.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Steinar å så Ståli
– Í lundi –
dei va brøanneAlternativ lesemåte: brøar båe
– Ansteins ganger í grøne lunden han bíar væl. –

2. Dei va brøanne beste
å dei va skalkanne veste.

3. Kvore vi dú at búri stele
hell dú vi at stóga kvee

4. Høyr de syster Tóre
må eg kvee um kjóvar

5. Dú må kvee meste dú vi’
når de kjem okkon inkji ti.

6. Stel dú léreft helle stell dú lín
stel so de som æ noko fínt.

7. Stel dú fleskji ne tó rót
gløym inkje ístri tiAlternativ lesemåte: til vår skó

8. Glåp so deg der litt bet burt
der stende kånas kvíte ull.

9. Glåp [so deg der litt bet] hít,
[der stende] bóndens peningskrín.

10. Um tala syster Åse
æ’ våre dynnir í lås{e}i,

11. Ja vår’ dynnir æ í lås
men Gud rå um lyklanne æ ‘kje sjå.

12. Kjessút kjessút púsi
no kjem hústrú mæ ljúsi.

13. K[jessut kjessut] líten pús,
no vi’ hústrú tenne í ljús.

14. Anstein ótó búri sprang,
Steinar ótó stoga rann

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 112–113, med overskrift: Tyvevisen.




Oppskrift B

TSB F 75: Tjuvane

Oppskrift: 1911 av Rikard Berge etter Åsmund Olsson Åheim, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXXII, 70–71.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Aa høyr du mor i huse
– Tre redelige mænd –
fær eg lòv tì kvea visa mi.
– Her æ langt tì dagjen enn. –

2. Aa syng aa syng sò mykje du vil
eg legg’e meg ne aa lytter dertil.

3. Aa høyr du far i huse,
fær me lòv tì fri tì døtran’ tri?

4. . . . . .

5. Me laag mæ ei, me laag mæ tvo,
den trée sò stappa me tobak i

6. Sò reiste me kòn àt lòfte upp,
sò stòl me kjerìngjes svarte ull.

7. Sò reiste [me kòn] àt stallen ìnn,
aa sò [stòl me kjerìngjes] fòlar fem.

8. Strøy høy aa halm paa brua,
sò de ìnkje klingar i hessko’n.

9. Kjerìngji upp o’ sengji sprang.
(Æ her tjovar i òkkòs gaar)Parentesane står i oppskrifta..

10. Tjovane kjørde aa kj[eringji] sprang,
Kjys meg i foi du kjering-fan.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta. Berge skriv opp strofe 4 utan tekst for å markere at det manglar noko. Etter oppskrifta står det ei strofe frå Tordivelen og fluga (TSB F 67) med kommentaren: Hæge Turrgronflaten kvad denna). Det må då dreie seg om TSB F 67, ikkje TSB F 75.




Oppskrift C

TSB F 75: Tjuvane

Oppskrift: 1914 av Gunnar Neset etter Salve Terjesson Årli, Åmli, Aust-Agder.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCLX, 25–27.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. God kvelle mor i huset
– tri redelige mænd –
faar jeg lov til aa kveda visan min
– her er langt til maaraen end –

2. Ja visst maa du kveda
– saa meget som du vil –
faar jeg lov aa lægge mig ned og lytta til
– her er langt til dagen end –

3. Ak hør nu i som udenfor staar
– tri redelige mænd –
naa maa de stele mens visen gaar
– her er langt til dagen end. –

4. Saa gik vi ind i stuen
og meo brekte op kjæringas kistelaas

5. Saa gik vi op paa loftet
og vi laag hos kjæringas døtre tre

6. Vi laag hos en vi laag hos to
men den vakraste spytta vi tobak op i

7. Saa gik vi ned i stalden
og der stod kjæringas folar tre

8. Vi saag paa en vi saag paa to
og den vakraste lagde vi selan paa

9. Strø halm strø høy paa laavebrua
at ikkje gangaren faar trampe med hestskoa

10. Aa kjæringa op i serkjen for
Jeg tror her er tyver udi vaar gaard

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Frå strofe 4 går omkvedet som i strofe 3, med variasjonen «tre» for «tri» i strofe 6–10 og «redeliga» for «redelige» i strofe 4.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Skjemteballadar

Skjemteballadane har, som namnet seier, eit humoristisk innhald; dei skal få folk til å le.

Tradisjonelt har dei blitt nedvurderte av forskarane: Slike viser var lite verdfulle estetisk og dessutan moralsk forkastelege, vart det hevda. I tillegg skulle skjemteballadane vere yngre enn andre balladar. Vanlege folk sette likevel pris på skjemteballadane, noko vi kan sjå av den store geografiske utbreiinga desse visene har.

Det er heller ikkje rett å seie at slike viser er verdlause estetisk, det er snarare det at forskinga ikkje har visst å verdsetje den estetikken som skjemteballadane byggjer på – grotesk realisme og degradering av allment aksepterte verdiar. Nettopp dette gjer skjemteballadane til ei motvekt mot alvoret i andre balladar.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.