Sogor

av Per Sivle

EIN TRISKILING

9I.

Soga, som eg no vil fortelja, kjem til krinsa um ein Triskiling. Men skulde nokon finna, at Soga vert for lang etter ein Krins so vesal, so fær han hugsa, at um Triskilingen var liten, so var han daa rund; og i slik ei Runda kann snaapaste Foten springa lenge, fyrr han stend skorfast.

– Paa Lag ein halv Fjordungs Veg fraa Heimen min ligg det ein Gard, dei kallar Vindheim, der det heve voret Skjusskifte mange Mannaminne nedigjenom. Garden er vidgjeten nog, skulde eg tru – som no inkje Under er; for Utsyn so villt og stort som der kann snaudt nog annan Bustad i Norge bjoda Maken til. – Dei hev bygt eit stort, grust Hotel der, no – uppe paa Haugen, der Potet- Aakren hennar Lars-Brita laag i gamle Dagar.

Det er – lat meg sjaa – tjugo Aar sidan; 10for no er eg nio og tjugo, og den Tid var eg berre godt og væl dei nio.

So var det daa ein Dagen fram paa Sumaren – eg hugsar ikkje Tidi næmare, og det kann no og vera det sama. Visst er det, det var blenkjande Solskin, steikjande heitt i Vedret og so turrt i Vegen, at den graabruna Dumba stod høgt etter kvar Kjerra, som køyrde.

Burte paa Vindheim hadde Folk det annsamt, den Dagen. Jau, for det var komet eit heilt Fylgje med Storfantar og Fentor – kvar dei no var ifraa –, som skulde hava fjore, fem Hestar og Kjerror i Skjuss. – Og der foor dei og flaug, alle desse, taut og buldrad og skreik, so der snaudt nog til Manna-Maal var høyrande, dragsad og drog paa Kistor og Byltar og alt det som til kunde vera. Han gamle Ola Vindheim sprang med sine krokutte Kne i sylvspenda Skinnbroki kring millom dei, greidde og retleidde alt han vann. – Medan dei tvo einaste, som i denna kavande Mylska enno saag ut til kunna taka Verdi nokoleine med Tol, var Grannaguten og Jameldringen min, han Sjur-Ola, og so eg sjølv; og eg heiter no Per, eg.

Eg var lett um Hjartat og lett paa Foten den Tid, – som inkje Under var; eg hadde inkjevetta syta fyre, og daa Skjorta og den vesla Skinn11broki med Boti paa høgre Kneet var alle dei Ploggi, eg paa Kroppen hadde, skulde det just ikkje tyngja so stort, det heldr.

Han Sjur-Ola er no longo faren til Amerika, han, ja. Han var ikkje meir en attan Aar, dengong han gifte seg og strauk av Garde. Vaarherre maa vita, um han enno liver og hugsar meg. – Han var den beste Venen min i denna Verdi. So gode Vener var me endaa til, at alt det me hadde aatte me i Hop, var tvo um det. Og eg skal tru, det var ikkje so reint lite me aatte, heldr; uppe i Urdi rudde me oss den eine glupe Garden etter den andre, og Hus og Hyttor bygde og grov me oss baade her og der burtetter. Kyr og Geitr dreiv me Drift etter Drift heim av fraa Elvagranden, der det var Nøgdi av fine Kusle-Steinar; og Hestar stod me heldr ikkje i Beit for – me spikkad dei sjølve, dei. – Dei eldre Gutarne, vissa han Salamon Røysi, hadde titt og traatt freistat gjera Ugreida millom oss, so me kunde koma til slaast; men jamen vart det liti Lika for Umaken, dei der fekk! At me tvo kunde vera anna en gode Bussar, det sveiv oss visst aldri korgje.

– No ja, som me daa stend der med Handi i Broklumma og bisnar burte i Tunet paa Vindheim han Sjur-Ola og eg, der veit me kje Ordet 12av, fyrr det kjem ei Stormannsgjenta trippande beint bust innpaa og gjev seg til prata. Eg minnes henne enno so ljos livande; ung var ho, og bleik var ho, smal um Midja, som du skulde seet ein Kvefs, og so med eit heilt Røyve av svart krullut Haar kring Hovudet.

Men inkje Ordet til Svar fekk ho, og det av den gode Grunnen, at me inkje forstod eit einaste Mukket, ho sa. Han Ola saag paa meg, og eg saag paa honom; so stakk eg Sleikjefingren i Munnen, og so gjorde han det sama; og der stod me.

Det kann no endaa raaka den skripnaste, det, aa kjenna seg klumsad, naar han stend framfyre ei ung væn Jenta; og visst er det, eg ofta sidan paa mi Livsferd, naar Tilhøvet var det sama, heelt paa fara plent likeins aat.

Nei, kor ho daa log! – og fina, kvite Tennr hadde ho, det saag eg –. Tok ho so til svalla paa nytt Lag, peikad og gjorde Minor, alt det ho berre vann hitta paa. Og so skynad me daa seint um sidan, at det nog var Meiningi, me skulde stad leita uppattr eitkvart, ho maatte hava misst paa Vegen uppyver. – Jau, det var me viljuge til paa Timen. Og bortetter lagde me, so Dumba rauk um dei berre, solbrende Leggjerne vaare.

Lika ved Vindheim svingar Postvegen kring 13ein stor, rund Haug, medan ein Snarveg sting tvert yver. Dit fram var me komne, daa me høyrde, det ropad attum oss: «Benveien! Benveien!»

Benveien? – kva var det for noko?

Jau, det maatte vel vera det sama som»beine Vegen», det, meinte han Sjur-Ola, og tok Foten fat aa nyo.

Men kor det so bar til, anten no eg var litevetta meir maal-gløgg, eldr ein Ande kviskrad meg noko i Øyrat, nog er det, Augneblinken etter foor eg kilande Snarvegen upp. Og der, øvst paa Haugen, kom eg frampaa ein fin Klut eldr noko sovoret, som eg strakst skynad var det, eg skulde hava Tak i.

Den, som vart fegen, var eg!

So attende i tanande Spranget.

Gjenta, ho vart no so blid som ei Smørøskja, ho, maavita, daa ho fekk Kluten sin attr, klappad den raude runda Kinni mi med den fina, kvita Handi si, og sa, at eg var «en sød, rask lille Dreng», – det einaste av Pratet hennar eg med Naudi forstod.

Og so var det daa, at ho i Finningsløn gav meg Triskilingen.

De maa no inkje tru, det berre var ein slik ein, som Triskilingar var det flestalle. Sjølv hadde 14eg aldri i mine Dagar Maken seet, og han gamle Ola Vindheim og Sønerne hans, han Knut og han Jens, sa for seg det sama, endaa so mangfelde Skilingar som no dei fekk Fat i, av Folk som etter Vegen reiste og rak.

Eg ser honom endaane den Dagen idag so klaart framfyre meg, slik som han laag der i Handi mi og glimde i Solskinet, so blank, so glitrande blank. Paa den eine Sida stod der ei Løva med ei Øks i Labbo og beint uppyver var der ei Rosa, som dei sagde meg var Kongen si eigi Kruna. Men paa den andra Sida stod der eit stort 3-Tal, som var so framifraa spøkje laget, at ikkje fyrr var Skilingen snudd halvt rundt, fyrr 3-Talet vart til ein «Ɛ», paa Lag Maken til dei, han gamle Lars, Skulemeistaren, skreiv. – Det varad lenge, fyrr eg kom etter, at det sama nog leet seg gjera med andre 3-Tal og.

Jau, her var just Brigde med Mynti i dei Dagar, det seinsta framfyre at me fekk Krunor og Øre, og no var det fyrsta Gongi, me der i Bygdi fekk dei nye Sylvskilingarne aa sjaa. Kanhenda var detta fraa fyrstunne av mykje Grunnen til den brennande Elsken, eg lagde paa den Triskilingen.

– No, so kom daa han Sjur-Ola, han og ei Gong, attende. Litevetta flat um Nosi var han, 15etter di han inkjenoko hadde funnet; men daa han so fekk høyra og sjaa, kor mykje heppnare eg hadde voret, jau, daa vart det Gleda paa Guten.

Det stakk meg i Hjartat, og eg kjende som ein tung Stein siga meg inn paa Bringa; – for eg kunde berre altfor væl skyna, han trudde det var noko sjølvsagt noko, at Triskilingen og var med i Sameiga.

Inkje den Ting paa Guds grøna Jord tottest eg vita meg, som eg ikkje gjerna var halvt med honom um, – naar berre, berre, eg fekk eiga denne eine for meg sjølv.

Og endeleg so tok eg, hakkande og stamande, til, orda ut um, at eg laut hava honom aaleina. Men paa det Øyrat vilde ikkje han Sjur-Ola høyra – ikkje so aa forstaa, at me skulde byta sund og so skifta, – var det likt seg! – nei, men me kunde hava honom kvar sin Dag, vel? eldr kvar si Vika? – eldr og gøyma honom einkvar Staden, der me baade tvo kunde ganga sjaa honom, so ofta me hadde Hug?

Eg veit, eg gjorde kva eg kunde, eg, til aa faa honom Ola paa andre Tankar; ei gamal Massingslira og ein avbroten Lummekniv – tvo av dei dyraste Eignaluterne vaare – baud eg honom hava fritt for meg. Men meiner du, det batad, det heldr – han stod stød paa sitt det sama, han.

16«Ja, men du veit daa det, vesle Ola, at det var eg, som fekk honom.» Fekk honom? – ja, berre han og hadde komet paa dette med den fille «Benveien», kunde altid han voret lika so nær som eg; so Skilingen var ikkje meir min en hans, meinte han.

So tok det eine Ordet det andre, daa.

Og stutt er aa segja, at ein Augneblink etter hende det utrulege: me fauk i Toppen paa kvarandre og slost, so beistende illsinnad som berre dei beste Bussarne kann det, naar fyrsta det bryt laust dei imillom.

Noko sovoret som ei Lumma fanst inkje paa min synduge Kropp; so eg var trugad lata Munnen gøyma Triskilingen, daa eg skynad, der vart anna Bruk for Nevarne.

Du, og du, so me nappast! – Haarfillorna berre fauk burtetter. Eg fælar, at han var væl so evlug, han; men so var eg mykje meir spretten, eg. Best som daa dette stod paa, der var eg eldande snaap setja til slaa Krok; og der laag me baade tvo, han under og eg uppaa. Men fekk han so ikkje Tak med Tennrna i eine Armen min, meiner du, og beit i, so det var, som skar det meg tvert igjenom. Eg var lika ved skulde setja i gaula, men hugsad paa, at daa vilde Skilingen strjuka sin Veg med sama. Beit 17eg so Tennrna i Hop, sette honom Tumalstottarne attum Øyro, og klemde til, alt det eg orkad. – Og det munad; han sleppte Taket og sette i ei forfælande Beijing. – Eg upp og av Garde, og han etter, greet gjorde han, bannad, trugad og grytte Stein; men i Laup var det honom Uraad naa meg.

Burte i Vindheims -Hagen torde eg endeleg stogga og anda ut. Blodet tok smaatt um Senn til kolna, Armen sveid so brennande illt, og eg kjende ei diger Klump veksa fram i Halsen min, naar eg hugsad, at no var eg og han Sjur-Ola ikkje Vener lengr. – Men kor som var, Triskilingen hadde eg bergat; og so fekk det andre vera som det kunde.

Eg kann her med sama segja ifraa, at med honom Sjur-Ola og meg greidde det seg att vonom fyrr; endaa eg fæler Venskapen vaar etter den Dagen aldrig var so fulltrygg.

Jau, eg var daa endeleg heima attr. – Og der vart Bisning paa Skilingen, skulde eg tru! Taka i honom var det med Naudi nokon fekk; men synte honom fram, gjorde eg, snudde og vende honom paa alle Leider framfyre Augo deira. – Nei, so det var slik, dei nye Pengarne saag ut. – Og byrg var eg!

Han Ola, Lausekaren, vilde sittupp køypa 18honom av meg – han var no jamt so snak, han, etter alt, som berre der var noko serlage ved. Fyrst baud han meg tvo Skiling, Gnikaren! so tri, og sidan endaa fjore. Men eg er viss paa, eg vilde have sputtat etter Handel, um han so hadde bodet meg alle dei svarte Koparpengarne, han gøymde i den store Laaspungen sin.

II.

Den Sumaren skulde Bispen koma halda Visntas der i Prestegjeldet. Og daa skulde der møtast paa Kyrkjegolvet og gjerast Greida for kva baade Skulemeistarar og Born kunde.

So ei Stund etter eg var heimattkomen, den Dagen, der kjem han gamle Lars, Skulemeistaren, stigande inn i Stova, med vesla raudmaala Skrinet sitt i eina Handi. – For me skulde hava Skule ei Vikes Tid til aa friska uppattr, fyrr Bispen kom. – Skulen var paa Umgang den Tid endaane, og no skulde han haldast der i Huset hjaa oss.

– Han gamle Lars, Skulemeistaren, ja! – eg lyt fortelja litevetta um honom. Det var mykje til Kar, det. Sine gode tri Alner høg var han, endaa han longo var yver dei sjautti Aari. Han var heldr tunn og skrinn av Vokstr, hadde eit reinskoret Andlit, der tvo utifraa klaare og milde 19Augo lyste upp framigjenom dei store, runde, sylvgjerde Brilleglosi; og make til Røyst som hans, so traust og blid og god samstundes, hev eg enno snaudt nog høyrt. – Ei serlaga Gaava hadde han til aa taka Livet med Tol, baade i Sorg og Gleda. Men so var det daa heldr inkje korkje Vitet elder Lærdomen, som vantad, trur eg! Dei vilde vite, han kunde Bibelen utanbok fraa Perm til Perm; – so inkje Presten sjølv jamvel turvte koma der køypa Saapa! – Han vilde gjerna supa litevetta, naar det raakad vera Tilhøve; men fyrsta han fekk noko i Hovudet, vart han no so makelaust lentug, daa, at han fekk det til vera berre Moro og Løgje alt i Hop. – Det var gode halvhundrad Aar, no, sidan han tok til vera Skulemeistar og Klokkar; so flestalle der i Bygdi hadde voret Skuleborni hans. Og heelt utav honom gjorde dei, kvar han kom; det vart Høgtid i Huset, naar han gamle Lars, Skulemeistaren, synte seg i Dyri.

Eg, for meg, var no so reint framifraa gode Venen hans, eg. Naar Skulen var heime hjaa oss, var det kje Raad for anna, en at me skulde liggja i sama Seng um Notti, me tvo. Og so forviten og snak etter alt han kunde fortelja var eg, at endaa so svevnkjær eg var elles um Kveldo, kunde eg liggja ljos vaken lyda etter til langt 20frampaa, naar han laag røykte paa Pipa si og svallad og svallad. Og inkje min eigen Far jamvel hadde eg so hugheil ei Tru til som til honom Lars.

– Ja, so kom daa Kvelden – men sam stundes og ei ny Møda; for no stod det um inkje mindr en eit Gøymsle, der eg ottalaust torde lata Triskilingen vera Notti yver.

Fyrst lagde eg honom i ei liti Øskja, som eg sette burt i Kraaskaapet, innanfyre den stora blomemaala Lummeflaska hans Far, – daa eg visste, at nokon kvar der i Huset tok seg vara koma næmare en dei turvte innaat henne. – Nei, so dugde inkje det! – Kleiv eg upp paa Kleva-Loftet, sette honom i ei Veggjasprunga innst i myrka Kraai attum Peispipa. Aa nei! – det varad inkje lenge, fyrr eg attr tok honom til meg. – Men eg skynar inkje, kor det bar til, at eg sidan fann paa balla honom væl inn i ei Filla, som eg so gøymde i Taai paa ein gamal Sko ute i Gangen. Endaa truleg maa eg vel hava tenkt, at seinast vilde nokon finna paa leita der.

– Jau, so lagde me oss, daa. – Skulemeistaren var sakta trøyt, for han sovnad med sama, han.

Men for fyrste Gongi i Livet heelt Umsuti for dei Ting, som høyrer denne Verdi til, Augo 21mine opne; – eg laag tenkte paa Triskilingen. Det rann meg i Minne ein lang, fæl Fant med ein stor Sekk paa Ryggen, som hadde voret der um Dagen, og som nog kunde vera truande til noko av kvart. Kva han var god til nasa upp, og kvar han no heelt til – det maatte Pokkeren vita! – So tok Hunden og Katten paa slaast ute i Gangen, og halda eit Syndaleven med alt som der laust laag. – Eg stod inkje i det lengr, eg laut upp og ut. – Skilingen fann eg væl bergad, der eg hadde lagt honom; men til aa vera heiltupp trygg, tok eg honom med inn og under Hovudputa. – Og so endeleg sovnad eg.

– Det var langt fram paa Dag, daa eg vaknad Morgonen etter; – Skulemeistaren var alt upprisen, han. – Fyrste Tanken min gjekk til Triskilingen; – og Hovudputa upp. – – – Kva? – – – kvaslag? – – – han var der inkje?! Eg kjende som Hjartat mitt stoppad og so hamrad laust attr, som skulde Bringa sprikka, medan kaldt og heitt gjekk i Elingar nedyver meg. – Og tru no nokon kann gissa, kva ein Devel so kom mullad meg i Øyrat? – jau, inkje noko korkje galnare eldr vitugare, en at Skulemeistaren var Tjov.

Eg skundad meg strakst syna Freistaren Vettravegen; men han var inkje bljug, han kom attr 22han. Fekk han meg so til trætta med seg, finna fram alle dei Grunnar imot, som eg berre var Kar hitta paa. – Men daa varad det heldr inkje lenge, fyrr han heiltupp hadde meg i Lamma si. Det var inkje beda fyr anna, Skulemeistaren laut og laut vera Tjoven. – For – kvar hinn! – kunde elles Skilingen vera stadkomen? – Og kvifyre var han just idag so tidleg uppe, Gamlingen? – han var no inkje van vera Morgonfugl, visste eg. Huhh, so det var grusjelegt! Eg hadde aldri endaane kjent, kor ilt duld Styggetru kann gnaga; og no var det endaa til min eigen kjære gamle Skulemeistar, som den vonde i Løyndatanken beit seg Tak i.

– Eg var no so ung eg, enno, at eg inkje for den Saki si Skuld turvte møta fyre Bispen; men dei hadde skipat det so, at eg likavæl skulde.

Fram paa Dagen vart det Skule, og det var ute i Nystova.

Stillvoret og trufast gjorde Skulemeistaren fyrst ei liti Bøn; endaa eg totte, han kremtad seg, fyrr han tok til, meir en han var van. So song me eit Salmavers; – og eg var kje viss um daa, at han inkje skolv noko undarleg i Maalet.

Sidan tok me Fat paa Kakisma.

– – – «Kann du, Sjur Hagen, lesa meg 23det syvende Bud?» raakad Skulemeistaren til spyrja.

– Det foor igjenom meg, og eg kjende, kor eg raudnad heilt opp i Øyro, daa eg endeleg tok meg i Hop saag honom inn i Anlitet. – Tru inkje, Samvitet no skulde slaa honom? – Nei, der var inkje noko merkjande til dess, inkje; dei klaare Augo hans skein meg imote igjenom Brilleglosi so rolege og blidlege som nokosinne. – –

– Var det Raad, at eg likavæl tok i Miste? – aa Tøv! – for korleine so, etter som heile Tilhøvet var? – – – Men du, aa du, so upplagd og sløg den Karen maatte vera!

– «Nu, Sjur? – nu? – – Hev du reint gløymt din Katikismus, no? – – – Lat høyra, kanhenda du, vesle Per, kunde gjera Skamm av honom, endaa so stor og lang han er.»

– Men det var meg plent Uraad faa so mykkje som eit einaste Mukket fram or Munnen.

– – – «Det syvende Bud, Per? – – det syvende Bud? – – Du – – skal – – no daa? – – du skal» –

«Du skal inkje stela!» braut det utor meg, medan eg tok til bivra yver heile Kroppen.

– «Det var rigtig, ja! – Du skal inkje stela! – – du skal ikke stjele – – ikke – sjelefeil for stjele? – – saadan er det, ja.

24– – – Er du kje frisk, vesle Per?» sa han.

– Nei – – eg – – hadde litevetta vondt i Hovudet.

– Ja, so skulde eg hava Lov ganga ut, daa. Men meiner du, eg var god til vera lang Stundi ute heldr! Det var som noko drog og drog meg tilbaka; og snart sat eg inne paa Benken attr.

Eg passad sidan um Dagen trutt paa halda meg der Skulemeistaren var.

– Men kvar kunde han vel – gamla Tjonet! hava gøymt den stolne Skilingen? – Det var detta, eg grundad paa.

Fram ved Middagsleite kom der ein Kramkar reikande. Skulemeistaren køypte ein Blyant, han, og den som hadde Augo med seg, daa han tok upp gamle Skinnpungen sin skulde bitala, det var eg, det. Men daa han ristad Pengarne ut i Handi si, var det vandelaust sjaa, at der var Triskilingen inkje imillom.

So burte i Skrinet hans, daa! upp i Lædiken! – Den som no berre kunde faa Tak i Lykelen!

– Han gjekk allstødt klædd i ein sid, blaa Frakk, gjorde Skolemeistaren, og eg visste fraa fyrr av, han plagad hava den Lykelen i ei liti Baklumma utanpaa eine Flaket; det var endaa Klaff med ein Knapp i nedyver.

25Jau, daa han so sat fekk seg Nonsmaten sin, og me tvo var aaleine inne, der vart eg stird, at Frakken hans hekk so framifraa laglega ned attanfyre Benken.

Det saud meg fyre Øyro, det slog Trumbeslag i Brjostet, og eg kjende, som nykkte og stakk det meg i Fingratupparne. – Det fekk inkje hjelpa, eg laut freista!

Gjekk eg der daa attr og fram, sullad og trallad og leest som inkjevetta, krabbad paa Golvet med Leiko mine, – til eg smaatt um Senn var komen stad, dit eg vilde. – Men jamen kippte eg baade ei og tvo Gonger Handi til meg attr, som hadde eg brent meg paa den Lumma. – Endeleg so var daa Knappen løyst; – – sakta – sakta med tvo Fingrar nedi, – – – og der kjem litle Lykelen upp og er gøymd i Knytteneven min, – utan at Skulemeistaren hadde merkt Dusti. – – At han daa inkje kunde eigong faa etet ifraa seg! – nei, aa nei, so eg stundad! Eg talde Bitarne i honom, og dei vart mange, og syrgjeleg seint gjekk det. – So var han seint og sidar reidug, daa. Men so var det denna fille Pipa! – han blees, og han karad ut, han karad ut, og han blees, so eg trudde, det aldri skulde faa Ende. – – Eg heelt inkje ut aa sjaa paa lengr, eg skundad meg paa Dyri.

26Jau, der kom han ruslande, og tok Vegen burtetter Grindateigen.

Eg inn, Lykelen fram og i Laasen; skunda meg skulde eg, og skolv gjorde eg, so Handi mi dillad. – Men meinar du so, det var Raad faa den Fillelaasen upp! – Laag der ein liten Kjepp; den stakk eg inn i Lykelaugat og vreid til. «Knakk!» – der sat Lykelen fast. – No fyrsta vart eg rædd, so det munad, reiv og sleit i Lykelen gjorde eg, alt det eg evlad; men han sat, som var han skruvad, han. – Tig no! – der høyrde eg nokon ute i Gangen; og den som so tok Foten til Vara, det var eg.

Ei Stund etter kom Skulemeistaren tilbaka, hadde Ærend ned i Skrinet sitt, – og kom sa etter, at Lykelen sat i Laasen, pinnande fast.

Og der vart eit Leven! det var, som heile Garden kom til staa paa Ende, daa det vart spurt, at nokon hadde voret i Kast med Skulemeistaren sitt Skrin. Dei tok meg og fyre seg; – eg! var det likt seg! – og daa eg aldri var van ljuga, slapp eg med sovoret.

Slutten vart, at han vesle Jens Røysi, Son til eine Husmannen vaar, fekk Skuldi. – Far hans stod slog paa ein Teig strakst nedan Husi, og han Jens og ho Anne, Syster hans, var jamt vane vera med, dei tvo, naar Foreldri var i Ar27beid hjaa oss; for der vankad gjerne einkvar Godbiten daa.

Det hjelpte inkje, alt det vesale Gutungen lagde Skuldi fraa seg og tutad og greet so hjartaleg illt. Ho Kari, Sumarjenta, kunde segja ifraa, ho hadde seet honom ganga lurra for seg sjølv inne i Huset for ei Stund sidan; – og so var det no detta, at han var av Tjovaslag og, maavita. – Jau, der kjem Faren sendande; for ho Anna hadde sprunget stad sagt det, ho. – Aa du, aa du, for Lyvjing og Gauling! Han hadde sakta sleget Stakkaren reint helselaus, hadde inkje Skulemeistaren lagt seg imillom. «For fyrr vil eg sjaa honom liggja daud paa Flekken framfyre meg, fyrr han skal enda i Graatrøya, som Morfar hans gjorde!» skreik han.

Eg kjende ei Pina, der eg stod, so det var, som brann det under Foto mine. Honom vesle Jens, Armingen, – eg visste inkje alt det goda, eg vilde gjera honom, no etterpaa; eg stakk til honom Sukkerbitar og Leikor, og freistad trøysta honom, alt det eg vann. Men daa han tuslad heimattr, kunde eg endaane lang Veg attende høyra, kor hjartavondt han hikstad og greet, der han gjekk.

– Medan detta stod paa, var ho Olina, Tenestejenta, inne i Nystova og reidde Sengi upp; 28jamen laag so Triskilingen der paa Sengjatilet. – Glad vart eg, det skal vera visst!

Men samstundes vart og Samvitet vaket, so det forslog. Eg hadde no elles inkje for Vis vera so beinkasam just; men det var reint umframt, so eg den Kvelden stod paa Naalar fyre gamle Skulemeistaren. Pipa laut han lata meg blaasa ut, stappa og kveikja alt i eitt, so eg paa Seinsten heldt paa brjota meg av al den Tobakssmaken. – Og Blekhuset hans – ein Ervelut etter gamle Provsten Koren – tiggad eg meg Lov til aa reinska. Annsam som eg var, sleppte eg no det ned, so det rauk i Bitar. Men det var daa likavæl altsaman so utifraa væl meint.

III.

Eg kjem no i Soga mi til den Bolken um Kjærleiken; for dessa Kvinnfolki lyt no gjerna vera med i alt her i denna Verdi.

Jau, det var just paa denna Tidi, at Hugen min fyrsta Gongi stod i Loga for ei Jenta si Skuld.

Eg kunde gjerna fortelja, at sovoret aldri sidan heve hendt meg; men Folk er no jamt so kloke, dei, maavita, og daa eg fæler, dei inkje 29vilde tru meg, kor som er, var det liten Mun, – so eg vil heldr lata det vera.

Eg hev tidt og traadt baade høyrt og leset, at Kvinna er det glupaste, Skaparen hev lagat, – Og detta kann gjerna so vera. – Visst er det. at noko so fint og i alle Luter framifraa som ho vesla Eli Lunde kunde eg inkje fyre Augo mine sjaa den Gongi. Ho var paa Lag eit Aar yngre, ho, en eg, og det var i Skulen Vetteren framfyreaat, at ho fekk so fast eit Feste i Hjartat mitt.

Eg hugsar henne vissa, som ho ein Morgon, ho og Systeri, kom inn i Skulestova. Kaldt i Vedret var det, og innefuggad var ho, so snaudt nog Nasatippen var sjaaande. Men daa ho so fekk løyst av seg den store, graarututte Hovudduken og stod der blenkjande med sitt simørgula Haar, rundlagd og raud i Kjako som eit Eple, lumsig og god, men endaa so sprettande hortig, i gula Skinntrøya si med kvite Ullfalden nedantil, og med stutte, blaae Stakken sprikjande kring Leggjerne, som i høgraude Sokkar stakk upp or dei tvo Halvstyvlarne, – ja, daa var eg seld med sama! Fraa den Stundi stod det naglfast i Hugen min, at ho og ingi onnor skulde vera Jenta mi.

Eg kunde kje anna, eg laut hava ein fortelja det til; og det sagde seg daa sjølv, at det vart han Sjur-Ola.

30«Ja, so kunde eg taka henne Aasa, eg,» sa han; – det var Systeri det.

Jau, det maatte han meir en gjerna; og me tvo Svograrne gav daa kvarandre Handi paa detta, aalvorslegt og stødlega, som dei vaksnaste Karar.

Eg hadde Høgtid, eg, naar eg kunde vera der ho Eli var; det vart som Sundag med Sol um Sumaren, berre eg saag henne Var andre i Laget med, vart det med Naudi, eg fekk Maalet upp for Blygsla; men høvde det so, me var for sjølve oss, daa kann det vel henda, der var Liv baade i Prat og Leik! Vera henne hjelpen og beinkesam, bera Tina hennar, brøyta Veg igjenom Snjoskavlarne, naar me gjekk i Skulen saman, det var min største Hugnad. Var det noko ho bad meg um – og det var ho inkje bljug for –, var det sjeldan eldr aldri eg vann segja nei. Ho skynad nog berre altfor væl, Trollet, at eg likad henne serlaga. Og som ho kunde finna paa pina meg, naar det fyrsta sveiv henne! Det var soleine ein Dagen fram paa Vaaren, at Lensmanns-Sonen, han Knut, var burte paa Lunde i Fylgje med Far sin; og eg var der og. Me var Jameldringar, eg og han Knut. – Jau, so var ho so stor paa det, daa, at ho inkje leest sjaa til den Sida, der eg var, eingong, berre gjekk dragsa med honom, skulde syna baade detta og detta; det 31saag endaa ut, som eg snaudt nog skulde have Lov vera med, eg. Paa Seinsten vart eg so arg, at eg eglad meg i Basketak med honom Knut og smurde honom dugeleg upp. So vart det paa Timen eg daa, som var henne den likaste.

– Og eg drøymde og drøymde – vakne Draumar um henne og meg, og meg og henne. Tidaste var det ein Kjelke med Vengjer, me hadde oss; ho sat framanfyre og eg bakpaa, og so fauk me stad vidan yver Fjell og Hav, baade til Island, Amerika og Nordpolen, der me slumpad inn i alle dei Hendingar til kunde vera og væl so det.

Høvde det seg, naar me var ute leikad, at nokon gjorde henne Meinka i eitkvart, so jamen var eg reidug paa Flekken, eg og! Mangt eit blaat Auga fekk eg for hennar Skuld, og likaso mange gav eg. Um det endaa var større og sterkare Gutar, so raakad det gjerna, dei likavæl fekk Smurning; for han Sjur-Ola var jamnaste tilstader, og det inkje ein evlad, det kunde tvo. – – – No, daa so Sundagen kom, og eg væl hadde biskat og flitt meg, lagde eg iveg burtetter til Lunde, skulde syna henne Eli Triskilingen.

Eg raakad henne nedan Løda, der ho og Systeri heelt paa spila Tolvstein.

Og ho totte no det, at Skilingen, den var 32reint makalaus gild. – Um ho inkje maatte faa Lov halda honom i Handi? Jau – – ho fekk vel det.

Stod ho daa der fiklad og fingrad med honom, nidglante honom paa alla Leider.

«Du, vesle Per»? sagde ho, smeikjande blid som ein Rjomakling.

«Jau?»

«Du kunde gjerna gjeva meg denne Skilingen, du.»

– – – Det var som kjende eg ei Rennelykkja snøra Halsen min ihop.

Ho saag nog, eg inkje var so reidug, som eg plagad, til aa dansa etter som ho spilad; – og der visste eg inkje Ordet av, fyrr ho foor piltande stad uppyver. – – Kjærleiken eldr Triskilingen! – – – Og Triskilingen vann. Etter henne kilad eg og greip henne; rembde seg og skreik gjorde ho, beit meg og i eine Fingeren, so Blodet tippad; men det hjelpte inkje, eg vreid Handi hennar upp og tok Skilingen til meg attr.

Endaa jamen var eg likavæl tung um Hjartat, daa eg sidan foor labbande paa Heimveg.

– Men Triskilingen vart meg fraa no av kjærare en nokosinne; eg visste, kva han hadde kostat meg. – For aa vera so trygg, det berre var Raad, saumad eg honom fast under ei Bot til 33Brokaliningi; men laut fleira Gonger um Dagen spretta uppattr, aa sjaa um han var der.

VI.

Gjekk der eit Par Dagar i Skulen attr. Netupp som me so ein Eftan vart fri, kom han vesle Hans Lundahaugen, skulde sud til Kræmaren køypa Tobak aat Far sin.

«Du var gjerna Kar køypa meg og ein Rul, du?» sa han Far.

Jau, han var daa det.

Men som no han Far tok Pungen sin fram talde etter, hadde han inkje nog Smaapengar.

«Hev du Per aa laana meg so lenge?» spurde han; for eg plagad jamnan tene meg einkvar Skilingen ved aa selja Bær.

Nei, det høvde seg, eg hadde kje solaga, no.

Ho Olina og eg, me tvo var som tidaste inkje plent dei beste Bussarne, og passad gjerne paa gjera kvarandre all den Smaameinka, me kunde. Um eg inkje hadde? meinte ho; en den gruse Triskilingen, daa, som eg gjekk med i Brokaliningi?

«So berre hit med honom!» tok han Far frami; der vart snart Nøgdi av sovorne no leet han.

Eg forstod det peikad ein galen Veg, detta, og tok so smaatt paa halda meg burtaat Dyri.

34Men han Far skynad for væl, kva eg hadde i Tankar, og gripen vart eg, just som eg alt stod paa Spranget.

Eg veit, eg skreik, som var ein Kniv stungen meg i Kroppen. Kva meir eg gjorde kann no vera det sama; men visst er det, han sleppte meg attr, og det snøgt.

Eg ut, og uppetter den stora Urdi, so fort Føtrne berre vann bera meg.

Strakst ovan Garden er der ein hardla høg, bratt Hamar; men fremst framme paa Floget stend det her ei stor Bjørk, som tøygjer seg lika ut yver Djupni, greinutt og breid.

Dit upp paa Hamaren foor eg og kleiv ut i Bjørki, – eit Vaagaspil eg hadde freistat nokra Gonger fyrr, men som nog baade den eine og den hin der paa Garden skulde lata vera gjera meg etter.

– Sat eg so der millom Himmel og Jord, medan dei heita Harm-Taaror brann meg paa Kjako, og saag ned yver Verdi, som ho laag breidde seg under meg, so urettvis og so vond.

Ein galen Tanke steig meg upp i Hausen: um eg no berre ein Augnablink slepte Taket, – so kunde dei sidan hava Takk for meg!

Og eg tok til drøyma meg, korleis det so vilde ganga: Fram mot Kvelden vart dei illehugad, skulde stad leita. Men naar dei fann meg der i 35Urdi nedanfyre, sundslegen, blodutt og livlaus, – jau, so kunde det vel henda, der vilde verta Syrgjing og Tuting!

Maalad og meg vidare ut, korleis dei ein Dag køyrde ei liti Likkista or Tunet. Men han Far gjekk baketter, vreid Hendr og greet: «nei, aa nei! – einaste Son min, du Vesle Per, du Vesle-Per! – at eg daa kunde vera so ill med deg!»

Og eg log ved Tanken ein Laatt so haas og stygg, at det risste i meg sjølv av Fælske. – Men so kom eg til hugsa paa henne Mor, som no var med Buskapen uppe paa Fjellstølen, – kor hjartaleg vondt det vilde gjera henne, kor illt ho vilde koma til sitja graata. – Og inkje anna i Verdi kunde faa Hugen min so reint vidje-mjuk, som at eg fekk sjaa Taarorna taka til blenkja henne Mor i Augo.

– So var det og den nya Luva med dei tvau Flugsi i Nakken og blanka Massing- Ankaret paa Sida. Det var han Per, Morbror min, Siglaren, som hadde sendt meg henne heim fraa Bergen; og eg hadde no endaa stundat mykje etter aa syna meg i henne ved Kyrkja Bispedagen.

– Men det versta av alt var detta, at eg for nokre Dagar sidan hadde fenget Fat i Æventyrboki hans Moe og hans Asbjørnsen, og hadde 36enno inkje naatt lengr ut en til «Grimsborken», som eg hadde høyrt skulde vera so framifraa morosam. – Herre Gud, – det var daa likavæl for tungt skula segja Verdi farvæl, naar her var so mykje aa liva for!

– Og Dagen gjekk sin Veg smaatt ura Senn; og plent det sama gjorde Motet mitt og. Eg kjende meg med eitt so gaulande svolten, og ein liten Fristar tok til kviskra: «gjeve Gud, eg torde gaa ned faa meg Mat!»

Men verre vart det, daa det tok paa dimmast; for eg var so forfælande myrkrædd.

Jau, so var eg endeleg nedre or Bjørki attr, etter at Triskilingen fyrst var godt og væl gøymd i eit Trepikkar-Hol.

Og alt som Solstripa kraup uppyver den store Snjo-Tinden i Sud, kraup eg nedyver mot Garden, løynande meg, so mykje Raad var, attum Stuvar og Steinar.

Vart det daa umsidar so dimmt, at eg for harda Livet inkje torde vera ute lengr. Og no fekk det skura! Munaleg Stryk kom eg sagta til faa; men Triskilingen kunde dei no, kor som var, bita seg i Gomarne etter!

Ottasam og stillvoren som ein Tjov smatt eg meg innum Dyri; – nei, inkje nokon leest ei gong sjaa meg. Eg byrjad so smaatt faa Voni 37upp; for eg hadde jamen ventat meg anna i Vælkoma. – Daa det leid um litet, vaagad eg meg burtaat Bordet, fekk i meg noko Graut og Mjølk.

So smatt eg ut i Nystova, smaug i Seng, og takkad, fyrr eg sovnad, Vaarherre, som hadde lagat det so godt alt ihop.

– Men den Takka-Bøni kunde eg gjerna hava ventat med, til det betre var Høve; for so reint snikalaust var det heldr inkje Meiningi, eg skulde sleppa.

Eg var som Smaagut ein ærekjær Gnasse, og noko sovoret som aa faa Tukt i Skulen var eg rædd som Dauden sjølv. No visste han Far detta, og hadde daa voret so utifraa meinsleg beda Skulemeistaren «setja meg attr» Dagen etter, til Bot for Traaskapen min.

Fjøren og glad som ein Fugl kom eg i Skulen um Morgonen. Eg kunde paa mine Fingrar kvar Dusti eg vart spurd, las tridje Artikelen i Kakisma og um Saul i Bibelsoga, so det berre saud etter, og visste inkje av vondt aa segja, eg, fyrr fram ved Middagsleite.

«Ja,» sa Skulemeistaren, «no fær de taka Fritimen dykkar, Born; – men du, Per, kann faa Lov sitja her, du,» lagde han til.

– – – Eg vart berre standande munnopen glana honom upp i Augo.

38«Du forstend vel, det er Meiningi, du skal sitja attr idag?»

– Sitja attr? – – – eg? Jau, so med ei Gong skynad eg, korleis det hekk ihop.

Men so saarad og illsinnad som eg daa vart, vil eg ynskja, eg aldri meir maa kjenna meg.

Ned attr sette eg meg paa Flekken, og vart sitjande Timen til Enda, med Hendo under Hoka, nidstira i Bordet. Tisking og Knising høyrde eg ikring; for det var dei, som var ovundsjuke paa meg, etter di eg stødt stod meg so godt med Skulemeistaren, og no totte dei, detta foor væl, maavita.

Borni fekk Bod taka Nista med ut paa Bakken, og Skulemeistaren sjølv gjekk aat hinare Stova, skulde faa Maten sin der, den Dagen. – Um ei Rid kom han ut i Nystova attr, gjorde ei Snuning innyver Golvet, men gjekk so sin Veg utan aa mæla eit Ord.

Jau, endeleg var Kvila til Enda og Ungarne ropad inn attr. Naar alle hadde sessat seg, kjem Skulemeistaren hit, bed meg lesa det fjorde av Bod-Ordi.

– Aldri Knystet fekk han høyra.

So las han det sjølv, tok sidan til leggja ut um dei «som hædrer Fader og Moder», at «de skulle lenge leve i Landet», og sluttad med aa 39spyrja, um eg no inkje hjartaleg tregad, at eg igaar var so ureipen mot honom Far, som av Vaarherre sjølv var sett yver meg «til at byde og raade».

Men her raakad han just slaa paa Knall-Perla. Det var detta, som argad meg so beiskeleg, at dei vilde velta all Skuldi yver paa mi Sida, medan eg sjølv etter Guds og Mannsens Log inkje kunde skyna betre, en at Retten var min.

Sinnad burtimot Vitløysa spratt eg upp, slo i Bordet det vesla eg orkad, og skar i med eit Mæle som dirrad og peip av Ov-Illska: «nei, koke meg, so gjere!»

– Det vart stilt i Stova, so du kunde høyrt ei Knappenaal detta.

So gjekk Skulemeistaren med vyrdsame Stig burtetter Golvet og ut.

Eg visste med sama, kva detta hadde paa seg; for vart endr og daa Ukjurskapen altfor stor, vankad der gjerna Stryk paa Ne var ne.

Men eg berre beit Tennrna i Hop, daa han kom innattr med eit munalegt Ris i Handi.

«Kom so med Hendrna, Per,» sa han.

Og det gjorde eg, paa den Maaten, at eg stakk honom baade Knyttenevarne beint uppunder Nosi.

– Han steig fjetren eit Stig attende, saag 40eit litet Bil paa meg, – braut so Buska sund og gjekk stad stakk henne inn i Omnen.

No fyrsta bar det i Graat med meg – ein Graat so skakande sterk, som eg enno aldri hadde graatet; og det gjorde baade varad og rokk, fyrr eg kunde halda upp attr hiksta og hikka.

– Frampaa Kvelden, som eg sat attum Smidja, kavande med Tankar so myrke og so saare, visste eg inkje Ordet av, fyrr Skulemeistaren stod framfyre meg.

«Er du sint paa meg, vesle Per?» sa han. Eg svarad inkje, – kunde det ikkje heldr, for eg kjende meg so undarleg tjukk i Halsen.

«Heve eg voret vond ved deg? Men eg vilde deg det berre so væl kor som var, – – – for du veit daa det, at eg held so utav deg.»

So braut Graaten min laust aa nyo.

Skulemeistaren tok meg paa Fanget; og korleis me tvo no sat snakkad saman, det vil eg ikkje eigong freista mana fram attr. Men det veit eg, at aldri korkje fyrr eldr sidan saag eg ei Taara trilla honom gamle Lars Skulemeistaren or Augat.

Og paa Seinsten sovnad eg der paa Fanget hans, med ei takksam Kjensla av Lukka og Fred; men so trøytt, aa, so trøytt, so trøytt.

41V.

Leid det fram til Laurdagen kom; og den Dagen var det, me skulde møta fyre Bispen.

Tidleg um Morgonen vaknad eg, var ute or Sengi og burt fekk i meg Bisken i ein Ruff; og so bar det aat Bekken til vaska og skura, so Grønsaapa sveid i Augo. Sidan paa med Kyrkjeploggi, sprettande nye fraa Topp til Taa, so Hendrna mine vart maalad blaa av Loddaliten, berre eg strauk meg nedetter den skinande, sylvknappa Trøya.

Vesle-Brunen var Folunge den Tid; men endaane han ikkje var meir enn godt og væl ei Vika gamal, so jamen dansad han, so det slatt etter, der me køyrde burtetter Vegen med Mor hans fyre Stolkjerra. Han visste inkje, Stakkar, at han um nokre Dagar skulde verta morlaus.

Det var han Far sjølv, som køyrde meg, og eg skal tru, eg inkje var litet byrg, daa me svingad ned framum Kyrkja, der det alt stod Bygdarfolk store og smaa i Mengd.

«Ja lat meg no sjaa, eg inkje fær Skamm av deg idag, Guten min,» sa han Far og kostad Dumba av Trøyi mi.

– Jau, best det var, der kjem Bispen gangande, bøygd og bleik, med sylvkvitt Haar ned 42under høge Hatten, og med Gullkrossen blenkjande paa den svarte Kjolen.

Men bakum honom kom Presten, feit og breid, um inkje plent so høgt i Vedret med Nosi som han var van. Og so endeleg den tunna Prestafruva med fem elder seks av Borni deira trippande etter.

Hattar og Huvor vart lyfta, der Fylgjet skreid frammum og inn Kyrkjedyri; so strøymde me andre same Vegen til.

– Skulemeistaranne stellte seg upp aa Kyrkjegolvet, kvar med sine for seg.

Og so vart der Beding og Syngjing og Lesing og Yverhøyring.

Det var inkje greidt aa vera Skulemeistar heldr, daa.

Han Ola Seim var den, som fyrst laut i Fikten, og endaa so kipen ein Kar han elles vilde vera, so jamen var det sjaaande, kor han den Gong dillad i Knei, aldri so litet han raakad staa still.

Nei, so var han Anders Jakobsen anna til Kløyvar. Fraa fyrst av var han no berre fatike Husmannsungen paa ein Plass under Lunde. Men eit Par Aar etter han var framsloppen slog Presten og nokre Bygdarmenn seg i Hop kostad honom paa Lærar-Skule, og sidan endaa paa Klokkar-43Skulen sud paa Storden. Daa han so kom heimattr hadde stadet ut Læra og vart Klokkar i den hinare Sokni, jau, daa var han Storkaren fraa Ende til annan; – du skulde kje anna sjaa en Haaret stroket upp som en Hanakamb, kvit Krage og svart Kjole med Kluft baki, og eit Maal snakkad han, som du skulde høyrt Spurnaboki sjølv.

Det var Gut, som inkje var klumsad framfyre Bispen heldr, det. Daa Tidi kom, spratt han fram paa Golvet som ein annan Hallingdansar, gjekk so der svingad seg paa Hælo og sveivad med Armo, medan han spurde og preikad og, preikad og spurde.

– Men han gamle Lars akslad seg og kremtad seg og tok det med Tol, som han plagad, han.

– Naar Skulemeistaranne væl var reiduge med sitt, kom Bispen sjølv tok til høyra oss yver. Eg totte han saag so god ut, at eg var ikkje rædd heldr, daa eg endeleg hadde honom der beint framfyre.

«Kan du, min lille Gut, fortælle mig noget om Jesu Fødsel?»

Og det var no, som tok han Bandet av ein Ertra-Sekk, det. – Jau, so var daa det so bra.

«Naa! – Nattevagt over deres Hjord – – – ved du saa, hvad Hjord er?»

44«Det – maa vera ein Bøling, det,» svarad eg.

«Bøling?» – ja, kva vilde det segja? – han snudde seg til Skulemeistaranne, som hadde sett seg i Stolen strakst nedanfyre.

Og han Anders Jakobsen upp med sama: «Hr. Biskopen maa undskylde, de taler desværre saa bondeagtigt, disse Børn.»

«Jeg ønsker at vide, hvad «Bøling» er,» sa Bispen, og det so det beit.

«Jo,» svarad han gamle Lars, «en Bøling er det same som en Samling af Kvæg.»

No, eg hadde daa svarat so serlaga glupt. Og Bispen strauk meg yver Haaret med den turra, skjelvande Handi si; «det var kvik, flink Gut!» sa han. – Men daa kann det vel henda, eg voks, der eg stod, eg og!


Nei, at eg no kan faa Fat attr i rette Traaden i Soga mi, so var det detta, eg vilde fortelja, at naar me gjekk ut or Kyrkja, kom der ein framand Mann stad helsad paa honom Far. Klædd var han halvt som Bonde og halvt som Byfant, hadde Brillor paa flata Nosi med den uppetterbretta Tippen, og det tunna, rauda Skjegget hekk langt nedyver Bringa paa honom.

«Er det han Torstein Kvaale?» sa han laagvoret og langdraget.

45Jau, det var daa det.

«Og mit Navn er Missions-Emissær Anton Samuelsen fra Ryfylke.»

«Det kann raaka, det ja,» svarad han Far.

Ja, han reiste kring sankad Studnad til Missjonen nedre i Zululandet. Han skulde i Kveld halda Samling paa Uppheim, Garden der Kyrkja ligg; men so var det detta, um han inkje maatte faa Lov gjera det sama Kvelden etter heima hjaa os?

Aa jau, der fekk verta ei Raad med di, meinte han Far, lovad og paa likaste Maaten gjera det kunnigt der i Heimreppen, og tok endaa Skreppa hans med i Kjerra, daa me sidan køyrde heimattr.

– Fram paa Sundags Eftan kom Karen reikande. Og etter som det leid, tok Folket fraa Grannegardo til sankast inne i Stova, sessad seg paa Benker og i Senger og kvar dei elles kunde koma til.

Store Hoggestabben vaar vart rullad inn burt paa Golvet; det var Preikestolen.

Det byrjad med, at Framandkaren gav Bod slaa upp ei Salma; daa so ho var sungi, steig han paa Stabben tok til leggja ut.

Og jamen var det Gut, som fekk Røysti upp, daa! Det var, som det berre dirrad og ylte gjenom 46Stova, medan han manad fram det heita Helvitet, kor grusjelegt dei ufrelste Saalerna hadde det der, kor dipple dei skar Tennr, bannad og skreik, naar den svarte Fan og Englarne hans slo Klørna i dei og duppad dei ned i brennande Svavel-Sjoen, so blaabrandutte Logarne skolad og skvatt.

Men med eitt vart han so mjuk og mild i Maalet, daa han tok til fortelja um Vaarherre i Himmeriket, kor god han var, kor ovlega dei sæle vart fagna hjaa honom uppe i den ljose Staden med Gator av Gull, der dei gjekk ikring i lange kvite Klæde, med Gullkruna paa Hovudet og Palmegreiner i Hendo, medan den eine Gudsengelen fagrare en den andre fauk til og ifraa, leikande paa Gullhorpa og syngjande den nye Songen um Lambet som var slagtat.

Og no vilde han beda oss kvar og ein velja, anten me vilde høyra heima der nedre eldr der uppe, naar Tidi kom, at det vart aa segja farvæl til denna Jordhytta her.

Men det laut me væl hugsa paa, at berre den fekk Ervelut med Kristus, som skipad seg etter Bodi hans; og no var dette Kristi klaara Bodord til os: at leida dei arme Heidningar ut or Villa og attende «til hans Hjord og sande Faaresti».

Las han upp or ei Bok og ordad vidare ut 47um, kor øgjeleg det stod til der ute hjaa Heidningo, og kor naudturvelegt det var koma dei til Hjelp, som heelt paa strævad og kavad kveikja Ljos i detta forfælande Myrkret.

– Der var, daa han sluttad, snaudt nog eit turrt Auga inne i Stova; og som han so leet Hatten gaa ikring, tok baade den eine og den andre til leita Pungen fram or Lumma.

– Eg for meg veit, at inkje Ordet av heila Tala gjekk meg i Miste, der eg sat paa vesle Krakken min beint nedan Stabben, og kløkkt i Hugen var eg sovisst som nokon.

– Fram paa Kvelden høvde det seg so, at Preikaren og eg kom til prata.

«Elsker du Jesus, du, Gutten min?» sa han.

– – Jau –– eg gjorde nog det.

– Ja, for Jesus var so snild, han, og heelt vissa so mykkje utav alle dei smaae.

Eg kunde no segja ifraa, eg, at eg hadde fem Brødr deruppe hjaa honom.

– Um so inkje eg og hadde Hug koma der? – For han vilde vona, der endaane inkje var noko, som heelt mitt Hjarta burte fraa Jesus.

Men kor han kom til venda og snu, nog er det, han fekk endeleg vita, at eg hadde slik ein makalaus Triskiling, som var meg so serlage kjær.

48Ja, den laut eg segja meg laus fraa; for yver Durstokken i Gudsriket kom ingen med framande Gudar i Hjartat.

Eg spurde handfallen, um mindre inkje kunde gjera det. Eg hadde ein sliten Vest, som var vorten meg heldr liten og; men eina Lumma var endaane plent lika god som ny. Naar eg no bad meg Lov gjeva den Vesten til honom vesle Mons Bakken – han hadde korkje Far eldr Mor, han Stakkar! – tru ikkje det vilde gjera god Mun? – medan eg tenkte med sjølve meg, at Knapparne kunde eg daa likavæl spretta utor.

Nei, det vilde kje bata Dusti, det, leet han; alt eldr inkjevetta, det var Kravet, og det var inkje aa rikka. – Tok han so upp or Frakklumma ei rund, hardla høg Massing-Øskja, gav seg til skruva Loket ifraa; ho var paa Lag til Helvti full av Koparpengar, og dei skulde vera – fortalde han – «til en Skole for de arme smaa sorte Hedningebørn, som springer nøgne omkring og spiser hinanden der nede i Zululandet.» – Um eg no sleppte Triskilingen nedi der? – – so kunde han og fortelja andre Born, der han foor fram, kva den vesle Guten havde gjort for dei stakars Heidningo.

Detta var just aa taka meg paa meinaste Stellet; naar eg so og samstundes kom so væl 49inn i det med Vaarherre, – – ja, daa fekk det inkje hjelpa, eg laut lata staa til!

Men jamen vart det meg likavæl ein tung Gang uppetter til Trepikkar-Holet; og eg kjende det, som vilde Føtrne inkje fly tja seg under meg, daa eg endeleg var paa Nedvegen. Stadnad gjorde eg, rett som det var, saag paa Skilingen, blenkte honom paa Trøyeermi, og var fleira Gonger ifærd med aa snu. – Men so tok eg meg saman, gjekk med støde Stig beint inn til Preikaren, snudde Andlitet ifraa – – – og strakst etter høyrde eg Triskilingen fara klingrande ned i Penge-Øskja.

– Men det kann vel vera, at eg kjende meg byrg og heppen, no, naar det fyrst var gjort! Eg totte, eg hadde stridt den gode Strid og vunnet Siger, og eg er rædd, at hadde nokon av Grannagutungo den Kvelden neitat meg Retten til Gudsriket, vilde der vankat all den Stryk, eg kunde gjeva.

Eg gav meg inkje, fyrr eg fekk Lov vera Sengjafelag med Preikaren um Notti; eg totte, det kunde høva det, etter som no han var eit Guds-Menne, han og. – Og snart sov eg den rettvise sin Svevn.

– Fram i Graalysingi vaknad eg med ei usæl Kjensla av, at nokon heelt paa strypa meg.

50– Preikaren, han laag sov, raut, so du skulde høyrt ei Kaffikvern.

Daa med eitt datt det yver meg med ei forfælande Tyngd, at Triskilingen inkje var min lengr!

Nog freistad eg med sama leita fram attr dei Grunnar, som igaarkveld hadde so stort eit Evle; nei, det vart som aa gripa i Røyk, det.

Det rann meg i Minne, alt eg hadde sett inn paa den Eignaluten; – og no! – – at eg daa kunde vera slik ein Braavim!

– Øskja stod der straks framfyre meg paa Fota-Fjøli og blinkad; – – der var han!

– – Naar berre eg torde! – – For det var no inkje sagt, Mannen med snøggaste fann paa sjaa etter, eldr um so skulde henda, daa illetru meg; – so sakta kom han til fara kring skryta av meg plent lika godt.

– Og Vaarherre, som var so god, so god, vilde nog sleppa meg inn til seg kor som var, naar eg angrad hjartaleg etterpaa og var snild og lydug Gut.

– Pokkern maatte elles vita, kven han var for ein, denne Framandkaren! Kanhenda, naar alt kom til alt, han stakk Pengarne i si eigi Lumma, Landlauparen!

– – – Og hadde nokon raakat koma inn 51i Nystova paa Kvaale um ei Rid, vilde han hava funnet meg i berra Skjorta standande paa Knei i Sengi, iferd med aa skruva Loket av Penga-Øskja. – Jau, so varad det heldr inkje lengje, fyrr eg aa nyo hadde Triskilingen millom Fingro. Han var lett nog kjenna, der han laag i Kopardungen blenkte og skein.

– Men inkje fyrr fekk eg smetta meg under Feiden attr, fyrr Samvitet vaknad med ofsa Magt. Skilingen brann meg i Handi, som var han glodande, eg hadde Kjensla av, at Maken til Styggedom visste eg meg inkje, og meir en gjerna vilde eg hava lagt honom tilbaka, men torde inkje rikka meg av Flekken, daa eg fælte, Hin-Mannen skulde koma fakka meg med sama. Skolv gjorde eg som eit Ospelauv, Kaldsveitten taut fram yver heile min Kropp, og endeleg braut Stridgraaten laust.

– Preikaren vaknad, og spurde undren, kva som var tiss. Hakkande og hikkande kom eg so fram med, kva illt eg hadde gjort, og bad og velsignad honom taka den usæle Triskilingen attende.

«Nei, mit Barn,» svarad han, «det være din Straf, at du selv maa beholde den Sølvpenning, for hvilken du som Judas Ischkarioth har solgt din Herre og Frelser.»

52Aa jau! tutad eg, – han maatte, han maatte! for utan fekk eg aldri meir ein glad Time! – han laut! – han laut!

Og paa Seinsten vart det so, at han gav etter. – Men det veit eg, det var med Hugen heilt annorleis audmjuk og smaalaaten, eg denne Gongi høyrde Skilingen fara klingrande ned i Øskja.

– – – Eg vart lenge liggande vaken den Morgonen frametter, eg laag tenkte og grundad paa so mykje og mangt.

Og daa eg endeleg sovnad attr, med sama det ljosa Solaugat blenkte fram yver Li-Nipa og keik inn gjenom Ruta, daa hadde eg lovat Vaarherre, at eg vilde verta Missjonær.

– Men at den Lovnaden aldri vart Liv, – det, likavæl, er inkje Triskilingen si Skuld.


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sogor

Novellesamlingen Sogor fra 1887 ble Per Sivles litterære gjennombrudd. Boken inneholder fem fortellinger, alle fortalt fra et barns ståsted. Et gjennomgående tema er medfølelse med mennesker og dyr som på en eller annen måte skiller seg ut.

Samlingen ble ikke først og fremst skrevet med tanke på barn, men særlig novellen «Berre ein Hund» regnes som en klassiker innen norsk barnelitteratur. Novellen handler om bondegutten Per og hans forhold til hunden Hall, som tilhører en engelsk turist som omkommer i fjellet. Selv om historien er oppdiktet, er skildringene av miljø og natur hentet fra Sivles egen barndom på Vestlandet.

Se faksimiler av 2. utg. fra 1890 (NB digital)

Les mer..

Om Per Sivle

Per Sivle debuterte i 1878 med diktsamlingen En Digters Drøm, men er først og fremst kjent i ettertiden for å ha skrevet Norges første arbeiderroman Streik som ble gitt ut i 1891. Sivle bidro i stor grad til å sette søkelyset på arbeiderklassens levekår.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.