Sogor

av Per Sivle

BERRE EIN HUND

55I.

Han Hall var inkje anna han, Stakkar, han var berre ein Hund.

Men um han no og berre var ein Hund, so var han daa kor som er ein framifraa Hund; han var framifraa baade stor og klok, og livde dertil sit Hundaliv so framifraa utbytt av Lagnaden millom Lukka og Ulukka, at Livssoga hans, vissa for meg, eig fullt so væl Krav paa aa minnast som mangt eit Mannsliv.

Men fyrr eg no held vidare fram, lyt eg fyrst faa Lov ganga noko attende og fortelja litevetta um Nystova heima paa Kvaale, og kor det bar til, ho vart bygd.

Godfar min, han gamle Per Kvaale, var innpaa fem og seksti Aar gamal, daa han fylgde andra Kjeringi si til Jordi. Men der var Livseld og Livshug i Gamlen endaane; inkje lengr til en Aaret etter kom det upp, han hadde i Tankar aa 56gifta seg attr, og det med ei Taus paa godt og væl dei tvo og tjugo.

Same Sumaren var det, han fekk bygt seg Nystova. «Fær du ein gamal Mann, so skal du no likavæl faa deg ny Stova, Mari,» sa han Godfar.

Nystova var bygd inn ved den gamla, der Far min, som no hadde teket imot Garden, skulde halda Hus; der var Dyri imillom.

Ho var reint namngjeti fraa fyrstunne av, denna Stova hans Godfar, hev eg høyrt segja, med di ho var det einaste maala Huset, som fanst paa long Leid. Blodraud som ho var, gløste og glimde det av henne uppe paa Kvaalshaugen, synberr som ho laag der framfyre heila Bygdi.

Det fyrsta som eg minnest, var no han Godfar longo gøymd under Torva; Ekkja hans var fari til Amerika, til ei Syster ho der hadde, og Nystova var komi i Far min si Eiga.

Ho var no inkje just so glimande aa sjaa paa no lengr, Bordklædningi var sprukki, og Maalingi bleiknad, der ho inkje var avdotti. Men endaa var no Nystova paa Kvaale haldi for aa vera den gildaste Stova der i Bygdi.

Og inni var ho rett fin, etter Høvet. Golvet var jamnaste reinskurat, medan dei andre Stovegolvi i Grendi kunde takka til, fekk dei seg ei Laug til kvar Høgtid. Tvo væluppreidda Sengjer 57stod der altid, og dei kom mang ei Gong væl med, naar Presten eldr Skrivaren eldr og einkvar Turisten skulde hava Hus for Notti i Hallvardsreppen.

II.

Ja, so var det daa den Vaaren, eg hadde fyllt mit tolvte Aar, – det var endaa den same Vaaren Morbror min, han Ivar Lunde, bleiv i Lønsosen.

Det var ein Dag framunder Jonsok, og me sat endaa aa dogurda oss heima paa Kvaale, daa me, best som det var, høyrde Gardshunden vaar, han Passupp, taka paa halda eit Syndaleven nedre paa Vegen. Han illgøydde, og han kvein og bar seg so det var reint ulikt. Men endr og daa kom der med innimillom eit Glufs so grovt og holt, at det var dipple aa høyra.

«Nei, men so spring daa ut, du Per,» sa ho Mor, «aa sjaa kva det er Hunden baskar med!»

Men endaane fyrr eg væl hadde fenget lagt Skeidi fraa meg og komet meg fram fraa Bordet, høyrde me Stig ute paa Tunet.

So tok det i Klinka, og inn igjenom Dyrglytten stakk det med sama eit Mannlikan, slikt at eg endaane aldri Maken hadde seet.

58Lang var han og smal var han som eit Riveskaft; Hatten hans var liten og striputt, Andlitet tunnt og treturrt, med Nasaklemba og uhorveleg langt, ljost Kinnskjegg; Trøya og Knebroki var roglelita som ei Røy, Sokkarne graae, og Snørestyvlar hadde han uppetter dei tvo Pipestylkarne til Smalleggjer.

Han vart standande eit ørlitet Bil med Klinka i Handi og bisna paa oss; so nikkad han, krøkte seg under Tverstokken og steig inn.

«Aa nei, aa nei!» sa ho Mor, og flutte seg lengr inn paa Benken.

«Jau, beiske deg!» tok han Salamon, Tenestedrengen, i, heldr noko laagt.

Men daa eg so samstundes vart stird framum honom, som inn var komen, kunde eg inkje halda meg fraa setja i eit Illskrik av Rædsla.

For der attum honom stod med Labbarne paa Dørstokken og glodde in i Stova eit Ubeist so skræmelegt, at eg inkje kjende Føtrne under meg, so fælen vart eg.

Trollet tottest meg vera lika so stort som ei liti Kviga; det var brungult paa Lit, med noko myrkare Ragg framme paa Halsen, og so hadde det ein Kjeft med slik ein Tanngard, som det stod der og tevad og hengde med Tunga, at det maatte kunna tyggja ein Slipestein.

59Eg var viss paa, det inkje mindre kunde vera en ei Løva, ein Tigerkatt eldr eit annat av dei glupande Udyri, eg just hadde leset um i «Jagthistorier fra Afrika», som i dei Dagar fylgde med «Almuevennen», og eg ventad meg inkje betre, en at me paa raude Rappen skulde verta sunderrivne og uppetne alle i Hop.

Men so galet gjekk det no inkje heldr, og daa eg saag, Rakken for det fyrste vart standande der han stod, krøkte eg meg upp under Kraaskaapet og slog meg tiltols, so godt eg kunde.

Medande so hadde han, Reklet, stroket Hatten av Hovudet og sjøklat fram yver Golvet.

Han Far var den, som fyrst fekk Maalet upp; «Kvar er denne Karen ifraa daa?» spurde han.

Men der var inkje Meining skapad i det, som Spøkjelse svarad, det leet som berre «viski vaski ruski raski», altsaman. Og so log han og riste paa Hovudet og bar seg, so eg inkje kunde halda meg fraa aa læ, endaa saa rædd som eg var.

«Aa snakka dit Morsmaal, Kar, og statt inkje so og skapa deg!» meinte han Salamon.

Men Fanten leest aldri høyra, han, gjeng fyrst burt og glytter inn i Kleven, snur seg so mot Nystova, der han gjeng inn, med det stora gule Ubeistet labbande etter seg.

«Kva hinn er daa detta for noko,» foor no 60han Far upp, greip til Sida der Kniven hekk, og steig fram fraa Bordet.

«Aa Gud betre meg, no skal du sjaa, han stel Sylvskeiderna mina!» tutrad ho Mor.

Men daa kjem Villtysket i det sama inn atr, dreg upp Setlaboki si og legg ein Tidalarsetel burt i Vindaugat framfyre honom Far. Og so peikad han mot Nystova og nikkad og log atr, so det var inkje anna aa tru, en han maatte vera komen beint fraa Galehuset.

Samstundes kjøyrde der ei Kjerra upp fyre Dyri, og han Lars Haugen, Skjussmannen nedre i Dalen, steig inn.

«Gudag i Huset og takk for sidst!» helsad han. «Eg ser, Fanten er alt fyrekomen,» sa han; «han kluftad ifraa meg nedre i Bakkarne, daa eg peikad, det var hit, me skulde.»

Gudag og sjølv takk for sidst!» sa han Far. «Men er det du, Lars, som er ute og fer med Jolebukk no ved Jonsoktider?»

«Ja, du maa so segja,» svarad han Lars. «Skræmde han inkje mest Vitet av baade Kjering og Born heima hjaa meg, daa han kom der i Dag med Skrubben sin! – Han hadde med seg Brev til meg fraa Futen Thorsen paa Eide. Futen skriv, det er ein Engelsmann, som skal vera her Sumaren frametter aa fljuga um i Fjelli, kva hinn 61no det skal vera godt for! So bed han meg finna honom Husrom, og so tenkte eg, kanhenda du, Torstein, kunde hava Raad med di. – Pengar hev han flust av, skriv Futen, so du fær deg godt bitalad.»

Ho Mor var no inkje vidare modad paa hava korkje Fanten eldr Skrubben hans i Husi sine. Men kor som var, so vart det no so paa Resten, dei skulde faa Lov til aa vera. «Pengar er Pengar, og tent er tent,» sa han Far, – han hadde det Ordtøket.

Og soleis gjekk det til, at «Mester Johnson», som Engelsmannen namngav seg, eldr «Meistaren», som han snart vart heitande i Bygdi, kom til aa bu i Nystova, baade han og Hunden hans. – For det varad no inkje lenge, fyrr eg forstod so mykje, at Beistet likevæl berre var ein Hund, og det endaa ein snild Hund, som inkje baud paa vera nokon til Meinka.

III.

Men den Hunden, det var han Hall, som eg talad um, «Master Hall», som Husbonden hans jamt kallad honom.

Ja, det var mykje til Greidor med den velsigna Hunden. Eg kann just inkje segja, ho Mor 62vart vidare blid, daa ho saag, Engelsmannen gav honom av den beste Mat paa Bordet fanst, og leet honom eta or ein av hennar finaste Talkar. Men daa han so tok det gildaste Tæpet hennar, ei Brudargaava fraa Mor si eigi Syster, og leet Hunden reida seg Bol paa, gjorde ho baade greet og leet, og det var ikkje meir eldr so, Mester Johnson vann bøta Skaden med ein Femdalarslapp.

Han Passupp vart noko som ein avsett Lensmansdreng han, Stakkar, fraa den Tidi han Hall kom i Huset. Det var med Naudi, han endr og daa vaagad seg inn i Stova til aa faa Maten sin, so trygg og heimakomen han der hadde voret; og aldri fyrr fekk han Auga paa den gule engelske Storkaren, som truleg var altfor storlaaten til aa bry seg vidare um honom, fyrr han krøkte Rygg og piltad smaaknurrande burtetter med Rova millom Bakfoto.

Me hadde i fyrstunne ottast mykje for, det vilde verta so paa Lag umogelegt for Engelsmannen og oss aa skyna kvarandre. Men det gjekk inkje so illa med detta endaa. Det var reint utrulegt, som han vann greida seg med Fakter og Minor, og som det leid, kom han no etter mangt av Maalet vaart og.

Han var i det heila ein snild og godlynd Mann, denne Mester Johnson, endaa so vimen 63han var. For Maken til Skruve skulde du aldri hava seet, naar Ridi kom paa honom; han kunde bera seg daa, som var han rispande galen og væl so det. Soleine andre Sundagen etter han var komen. Dreg han so paa seg Sundagsbunaden, som endaane hekk etter honom Godfar, og gjev seg, Gud forsyne meg, paa Kyrkjeveg i Raudluva, kvit grønkantad Vampe, raud Vest, gul Skinnbrok og sylvspennde Sko, jamvel med Piggstaven hans Godfar i Handi.

Det var væl Bisning paa Kyrkjebakken, skulde eg tru, daa han soleine budd, høg og stiv, steig fram millom Aalmugen.

Ein Dag hadde han voret ute paa Veiding, men inkje funnet Livande aa løysa Skot paa. Kom han so paa Heimvegen nedre i Lidi frampaa den staute Gjeldbukken hans Ola, Lausekaren vaar. Og dermed so klembde Mester Johnson til, han, og skaut, so Bukkan trillad daud nedetter. – Aa ja, inkje for di, at han Ola tapte paa det, Bukken vart nog bøtt, skulde eg meina.

Eg gløymer aldri eit Spikk han gjorde, daa eg eingong ein solvarm Sumardag var med honom uppe i Stølsfjellet. Best som det var, raakar me der frampaa ein gamall Tatarfant som kom raklande hitetter med Sekken paa Ryggen. Fantakroken bad um Tobak, han, og det fekk han, og 64endaa ein dugeleg Dram attaat. Han var inkje so spar paa sovoret, Mester Johnson. Men kor det no bar til, nog er det, han fann paa taka upp tvo, eldr det var tri, Dalarsetlar, som han baud Gamlen, um han vilde dansa spildrande naken paa ein Snjofonn der laag. – Og Tatarfanten so gjorde, han, kastad av seg Fillorna sina og hoppad og krukte seg ei Stund, so godt han kunde, Stakkar, med Snjoen under dei berre Føtrne sine; medan stod Engelsmannen, so aalvorsam som han var i Kyrkja, og ritad honom av i Boki si.

Eg kom snart til aa verta som ein Tenar eldr ei Fullmegt hjaa Mester Johnson, eg. Eg sprang Ærender for honom, gjekk paa Posthuset og so burtetter; fylgde honom gjorde eg og som tidaste.

Og inkje at eg skulde have Meinlika for det, trur eg! Pengar fekk eg av honom rett so det var, Bilæte og god Mat og, so det var reint Høgtid for meg no frametter.

Det var ingjen Faare, um han Far baud paa smyrja meg upp heldr, naar Engelsmannen var heima; eg flaug berre uti til honom daa, og sa var eg bergad.

Mest til kvar einaste Dag var Mester Johnson ute og flaug og kleiv i Berg og Nutar. Og der er no endaa Nøgdi av sovoret heima, skulde eg tru; 65ein skal hava vondt for aa sjaa so ville og sunderrivne Fjell som der. Og jammen var han mykje verre en den verste Berggeiti. Det var reint umogelegt tru det farande for Folkefot der han klødde seg fram. Han saag inkje Faaren fyre seg, kor det saag ut.

«Aa ja, han gjev seg inkje, fyrr han fær sleget seg ihel,» sa Folk i Grendi.

No var eg, um eg sjølv skal segja det, ein rask, urædd Gut, nokolunde kjend var eg og der i Heimfjelli, der eg hadde faret um etter Sauder og Geitr eldr etter Kraakegull og Siseljerot baade tidt og traatt; so Engelsmannen jamnaste inkje brydde seg um hava nokon annan med seg en meg.

Men det stod hardt, fyrr eg fekk Lov av henne Mor til aa vera med paa dessa agalausa Ferderna. Eg maatte lova, baade med Hand og Munn, eg skulde sjaa meg væl fyre, og inkje ganga etter der det var faarlegt.

Og Mester Johnson var svært so rædd um meg, han og, soleine. Bar det paa Livet laust, fekk eg aldri Lov vera med, men maatte vera att einkvar Staden med Hunden og Nisteskreppa. Det kunde daa vara mest heile Dagen, fyrr me saag likt til honom attr.

I dessa Stunderna var det, den trufaste Vinskapen millom meg og honom Hall kom upp.

66Me laag no aa skjeglad heldr framand til kvarandre, fyrstundes; men daa me vel baade tvo fann detta hardla stusslegt i Lengdi, maatte me noko finna paa, vilde me faa Tidi til ganga.

Og endaa so vyrdsam og gamalklok i all si Ferd Hunden var, naar Husbonden var tilstadar, vart det snart ingen Ende paa alt det løglega, han kunde hitta paa, naar me var paa Tvomannshand soleine. Han bykste gøyande etter dei Steinar og Paakar eg kastad, flaug endr og daa uppetter meg, lagde Labbarne paa Akslerna mina, og so bar det i Tak med oss, so me rullad Koll i Koll burtetter. – Men vaar beste Moro hadde me av aa grava etter Mysr og Lemende under Steinar og Tubbor, so berre Moldspruten stod.

Det var no og reint makalaust til Vit der sat i den Hundehausen. Ei Gong me var uppe i Fjellet ei Mils Veg heimanifraa, batt Engelsmannen Reiseflaska si, med ein liten Setel attved, um Halsen paa Hunden, og bad honom ganga. Eg trur inkje det varad yver ein Times Tid, fyrr han var der attr, med Flaska full av Viin og med Namnet hans Far paa Setelen.

Mester Johnson fortalde endaa, so vidt eg vann skyna honom, han eigong i Engeland fekk «Master Hall» til aa symja med den eine Enden av eit Reip i Kjeften ut til ein Mann, som laag 67og baskad i Elvi og heldt paa aa bliva. Og Mannen vardt bergad han soleine, høyrdest det ut til.

IV.

Ja, det var hugnarsame Dagar, desse. Det var berre Synd, dei skulde faa Slutt so braatt, og so paa slik ein uheppen Maate, som det dermed bar til.

Der stend so paa Lag ein Fjordungs Veg nordanfyre Kvaale ein Nut dei kallar Jordbergnuten. Han er namngjeten vida, baade innan- og utanlands, denne Nuten. Men so er det no og ein Ovkar aa sjaa til. Han er yver sine fjore tusund Fot høg, og sting ende i Vedret paa dei tri Sidorna, jamnlagd mest som han var hoggen; men uppe er han so fint svarvad, som det skulde vera ein Sukkertopp. Til den fjorde Kanten, der han heng saman med Fjelli innanfyre, er Floget korkje so høgt eldr so bratt, og upp der er det ingen vidare Vande naa Toppen.

Midt uppe i Veggen, som snur ned mot Dalen, er der i denne Nuten eit trillande rundt stort Hol innigjenom Berget, og der, segjer Segni, held ein Drake Hus.

So langt Folk kann minnast attende, hev 68berre tvo Menne voret uppe i dette Holet, og det var endaa han Hans Kvaale, Farbror min, og so han Ola Teigen, Sonen paa Grannagarden. Dei kom ifraa det med Livet, baade tvo; men han Farbror sa ofta det, at so rædd som den Gongi hadde han aldri voret, korkje fyrr eldr sidan. Og han meinte paa di, det hadde fulla gjenget dei verre enn illa, um han inkje i versta Naudi paa Nedvegen hadde lovat tvo Geitaprimostar og ein Saudaskrott til dei fatike, sosannt Vaarherre leet dei koma heilskapa ned attr.

Um Drakahidet kunde han ikkje større segja, en at det saag ut til aa ganga myrka Berget stadbeint innigjenom; men daa dei inkje hadde Ljos med, torde dei inkje ganga lengr, enn dei hadde Ljosken av Dagsskimten.

Detta Drakaholet i Jordbergnuten hadde Mester Johnson gjenget og teket Sikte paa, lika fraa han til Bygdi kom. Eigong prøvde han paa ganga upp der han Farbror og Teigsguten hadde gjenget. Men der laut han snu paa halv Veg; for ei Steinskrida hadde Aaret framfyreaat teket med seg alt, som til Fodfeste brukande var.

So var det daa at Ulukka vilde, han skulde faa Auga paa ei smal Skor, som dreg seg som ein myrk Traad upp og fram tvers yver den Nutveggen, som vender mot Hallvardsreppen, og endaa 69heilt um paa den andra Sida, burtimod der Drakaholet er.

Men midt under denna Tverskori, djupt, djupt nedre, er det «Helvite» ligg, – for det er Namnet, me der heima hev paa det tronge, forfælande Braadjupet millom Jordbergnuten i Nord og Teigsstupet i Sud.

Og Namnet kann for so vidt høva og, som der i Manns Minne er faret baade Folk og Fe derned, men endaane inkje Beinet komet fram attr i Dagsens Ljos, mindr det daa skulde vera, at Jordbergelvi, som fysser derigjenom, bar einkvar Molen ut med seg i det vaata Fanget sitt.

Burtetter denna Skori var det, Engelsmannen so hadde sett seg i Hausen aa naa fram til Holet. Han laag i samfulle tvo Dagar keik i Kikaren sin framfyreaat, til aa merkja seg ut Vegen, han hadde aa ganga.

«Bed deg Gud til Hjelp, og vis den freistande Fan fraa deg, Menneskje!» sa han Far. «Men hev han so stor Magt yver deg, at du sittupp lyt gjera av med deg, so gakk heldr stad byks utfyre med sama.»

Men Engelsmannen vilde det han vilde, han; og ein speglande fin Morgon, tvo Maanar paa Lag etter han var hitkomen, tok me iveg.

70Eg og Hunden fylgde so langt som fram paa Teigstupet; der skulde me vera att, me.

Men var det inkje plent, som Hunden skulde hava ottast for ei Ulukka! Han plagad no alltid roa seg hjaa meg; men den Dagen vilde han inkje slaa seg tiltols. Han kraup burt til Føtrne aat Husbonden sin, dillad med Rova, saag upp paa honom og kvein, so det var reint grøtelegt; der maatte endaa mynduge Ord til, fyrr han vilde lita.

So gjekk Mester Johnson upp um Fossen og yver Brui, han, startad seg uppetter Berget, til han naadde Tverskori, og tok so paa føta seg tverbergs hitetter Nuten.

Fyrstundes gekk det so radt, ein berre kunde ynskja. Men etter lengr han kom fram og upp, var det likt til, at Skori vart smalere og verre aa ganga.

Smaatt um senn hadde han likavel rokket so langt, at det berre var Glapet, so paa Lag eit Byrseskot breidt, beint yver millom honom og oss, so eg saag honom naudande væl og kunde fylgja med Augo kvart Stiget han tok.

Hunden sat og stirde, so Augo i honom glimde som berre Glødr, og gav seg illa gjorde han, rett som det var. Eg for meg kann segja, eg var so paa Livet, at eg knapt torde anda.

71Der var ein liten Bergknatt, Engelsmannen laut framum, som saag ut til aa vera honom mykje til Meins. Han freistad baade ei og tvo Gonger, men laut jamt draga Foten til seg attr. – Eg vart glad, daa eg saag, han gjekk nokre Fet attende. «Gudskjelov, no skal du sjaa han snur!» tenkte eg. Men det vart inkje noko av med sovoret, inkje; han stod berre eit litet Bil og kvilte seg, liksom, gjekk so i Veg aa nyo. Han trivlad etter Tak uppetter og nedetter Knausen, leitad med Taatippen etter Fotafeste, og Tume for Tume hadde han soleine dreget seg fram, so eg alt trudde honom yver det versta der.

Daa med eit ramlad han laus, tok fyrst inn paa Fjellet tett nedanfyre, gjorde eit Par Kast i Lufti, og so stupte han med Hovudet fyre og Armarne vidt utslegne lika lukt ned i myrka Djupni.

Eg minnest som i ein Draum, at eg høyrde eit skræmelegt Yl innved meg; so hugsar eg inkje vidare, fyrr eg kom sendande heim paa Slaatteteigen og skreik, at Engelsmannen var faren utfyre.

«Gud trøyste meg, kva er det du segjer!» ropad ho Mor, og leet Grasfanget detta.

«Kvar helst, Gut?» spurde han Far hardt.

«Aa.. han.. han.. datt i Helvite!» tutad og hikkad eg.

72«Ja, so fær han nog i Guds Namn vera der og daa, sovisst som Mannemagt er faafengd», sa han Far med dirrande Mæle. «Eg kunde tenkja, det var noko, han balad etter.»

Han og han Salamon treiv kvar sitt Reip, og burtetter bar det, endaa me altfor væl maatte vita, der inkje var tenkjande paa Berging eigong. – Det einaste Minne um Mester Johnson, me der burte saag, var Hunden hans.

Ja, han Hall, Stakkar! han var reint som ifraa seg, han. Gøyande og ylande flaug han attr og fram nedre paa Stupet, gjorde endr og Gong i tanande Laup ein Snert upp um Brui, og so attende. Paa Seinsten drog han seg fram paa Floget, nedfyre der me fyrr hadde setet, so langt som berre han koma kunde, og laag so og stirde enda ned fyre seg i det gapande Sluket. Det var inkje Raad faa honom der ifraa, med alt det me lokkad. – Ut paa Kveldkanten gjekk eg dit burt med litevetta Mat; men han vilde inkje smaka Biten.

Han vart verande der ved den djupa Gravi aat Husbonden i samfelde tri Døgr, og Kveldarne utyver kunde me endaa lika heim til Kvaale høyra Omen millom Fjelli av dei uhugnarslege Yli, han stundom sette i.

Men tridje Dagen, daa eg fram paa Eftansida 73kom og kallad paa honom, kraup han seg endeleg frametter til meg, merkt soleis av den vonlausa Sorgi, at eg, hugsjuk som eg sjølv var i mitt mjuka Barnahjarta, slog Armarne um honom og greet, som eg skulde vera dengd.

Fraa den Stundi av heelt han seg til meg med ein Truskap, som var reint vedkjømeleg. Det var, som han visste, han no inkje hadde nokon annan en meg, som brydde seg um honom.

Han fylgde med heim.svært uklar “i” i heim – Daa me kom inn i Stova, var det som han livnad upp; han flaug mot Nystovedyri, gøydde og gnistrad, og gav seg inkje fyrr han slapp uti. Han snusad og leitad Romet rundt fleira Gonger. Dermed var det likasom han seig i Hop attr, og so gjekk han sin Veg. – Sidan baud han aldri paa koma uti Nystova meir.

… «Nei men so gjev daa Stakkars Dyret noko aa liva av!» sagde eg.

«So laga til Graut og Mjølk aat honom i Koppen hans Passupp, du!» svarad han Far.

«Men… eg er rædd, han inkje vil hava det!»

«Jaja, so fær han eta den Maten, han sjølv hev daa,» meinte Gamlen. «Der vert inkje gjort større Krus med honom heretter. Men er han svolten, gjeng det nog ned.»

Mjølki var sur som Brim, og den sleipe Kop74pen luktad verre en illa. Inkje fyrr hadde Hunden snusat til det, fyrr han snudde seg ifraa, og saag upp paa meg med eit Augnalag, som vilde han spyrja, um det kunde vara Meiningi mi, han skulde eta so ufysen Mat. Han var inkje van med sovoret, han, skulde eg tru, og Vanen er vond aa venda for baade Folk og Fe. – Men eg hadde inkje betre aa bjoda, eg, raadlaus, som eg stod, med Graaten i Halsen. – Endeleg prøvde han med eit Par Bitar, gjekk deretter burt og ringlad seg i Hop paa Golvet ved Peisen. – Det vart Brorsparten av min eigen Smørkling, som gjekk i honom, daa fyrst han Far væl var ute av Stova.

Det vart mi størsta Umsut i dei fjora, fem Vikorna, som no gjekk, detta aa finna honom Hall Mat. Sjølv skiftad eg no altid trufast med honom, jamvæl fekk eg no og tiggat laust eitkvart Kjøtbeinet, og daa han dertil, som det leid, laut venja seg taka til Takkar med Grauten, vart det endaa so han bergad seg.

Men han var inkje lengr den staute, sjølvbyrge Karen, han fyrr hadde voret. Han gjekk der og drog seg som ein Skugge, og leet seg lita med nokosonær alt. Sneist etter vart han jamnan av dei vaksne der paa Garden; men han baud 75aldri paa setja upp. Han smatt berre undan og heelt seg or Vegen, so godt det var gjerande.

Sjølv han Passupp, den Krøkja, vart smaatt um senn so modug, at han vaagad seg til retta Rova i Vedret og bysta seg, naar han gjekk framum honom.

V.

Men so hev eg no aa fortelja, at um Uheppa med Mester Johnson vart der, same Dagen han var utfyrefaren, send Bod til Lensmannen, og ein Dag i Vika kom Stevnemennerne og skreiv upp alt som etter honom var.

Ein Maanad paa Lag leid; so leet Lensmannen oss vita, at Eignarlutarne etter Engelsmannen, med Undantak av nokre Bøker og anna smaatt, som vart aa senda yver til Engeland, skulde seljast paa ein Auksjon, som komande Vika var tillyst heima paa Kvaale etter han gamle Hans Krokelid, Husmannen vaar hadde voret, men avliden Vaaren framiyreaat.

«Du fær kaupa Hunden, du Per, daa,» sa lian Salamon og log.

«Det er daa inkje sannt, Far?» spurde eg handfallen.

«Kva Slag?»

76«At han Hall skal seljast um Maandagen?»

«Nei, du vilde kanhenda, me skulde hava honom gangande her paa Gjestabodskost lengr, du?» svarad han. «Eldr kanskje du trur, det svarar Rekning for Gjødslehaugen si Skuld?» lagde han til og kaldflirte.

Eg snøggad meg paa Dyri, so fort eg kunde. Arme Hall! korleis skulde det so verta med honom.

Med Hovudet hans i Fanget mitt laag eg til fram imot Kvelden uppi i Urdi og grundad paa Raad. Eg kjende det, som det var ei heilag Plikt eg hadde paa meg, aa berga honom. Men kva kunde, kva skulde eg gripa til? Ei Ort og tvo og ein halv Skiling var alle dei Pengar eg aatte; og endaa sa han Salamon det, at Tvoskilingen igrunnen inkje var nokon Tvoskiling, men av ei utanlands Mynt, som inkje gjekk her hjaa oss.

Og um eg no og fekk køypt Hunden for desse Pengarne, kva hadde eg so aa føda honom med! – Eg hadde aldri fyrr visst, kor vondt det er likavæl aa kjenna seg kjøvd av detta aa vera for liten og for magtlaus, so hugheil Viljen endaa kann vera.

Det var inkje anna fyre, eg fekk freista med honom Far attr, so liti Von eg i Grunnen hadde, 77og so rædd eg og var hans kalde, bitande Spe. Eg lagad ihop ei heil liti Tala, eg vilde koma med. – Og daa eg lagde meg um Kvelden, var det seinsta eg gjorde aa beda, so hjartaleg eg vann, til Vaarherre, at han maatte hjelpa meg; so skulde eg verta so snild Gut! – aa, so snild, so snild!

«Far!» sagde eg, so smeikjande eg kunde, daa eg Dagen etter kom ned paa Aakeren til honom.

«No daa?»

«Far… kunde inkje du køypa Hunden um Maandagen?»

Han stod eit liti Bil og kaldgrein burt til meg, med eine Munnviki uppdregi.

«Jau, eg skulde det! Det er inkje nog med det du sjølv Aaret rundt kostar meg i Føda og Klæde, eg skulde halda Hund aat deg og tykkjer du?»

«Men… men… eg skulde vera so lydug… og so trottug til at arbeida,…!»

«Eg raader deg til, du held upp med det Riktet, medan Tidi er god, Gut!» tok han i med eit Maalfelle som eg meir en væl kjende.

Inkje Ordet mælte eg vidare, lab bad meg berre uppyver og heim.

– So var daa endeleg Maandagen komen 78og med den Lensmannen, og av Bygdarfolk so mange at Stova var full mest.

Han Hall stod banden etter eit Tog burte ved Omnen. – Han let dei stella med seg som dei vilde, Armingen.

Det varad til framyver Non, fyrr det vart uppropat, det, som etter Engelsmannen var. Byrsa vart seld, so Klædesploggi og dei tvo Kistorna.

«Ja», ropad Lensmannen endeleg, «so hev me her ein Hund, som endaa til kann ganga for baade Bamse og Skrubb. – Gjer Bod!»

«Ei Ort for Skinnet til Styvels-Leggjer!» skreik han Lars Lunde.

Eg kjende, der eg stod, kvart Ordet stinga meg i Hjartat, som det skulde vera Syls-Oddar.

«Ei Ort er bodi! Ei Ort! – Ingjen betre?

… Ein halv Dalar daa, for baade Skinn og Skrov!»

«Ja, daa maa Lensmannen væl hava honom for meg!» tok han Lars Lunde frami.

«Ein halv Dalar! Tridja og sidsta Gongi, ein halv Dalar! – No slær eg!»

«Ja, slaa du!» sa han Far.

Og Lensmannen lyftad den litle Hamaren sin. – Eg heelt det inkje ut inne lengr, eg skundad meg til Dyrar; men med sama eg foor yver Durstokken, fekk eg det gnella, kvassa Ljodet av 79Hamarslaget etter meg. – Eg tok Foten aat Høyløda, kastad meg ned, reiv og sleit i Høyet, greet og skreik, bannad til, som eg no aldri var van, slikt at eg mest vart fælen for meg sjølv. Eg var sinnad, so eg berre kokad, sinnad paa alle, paa Lensmannen, paa honom Far og… ja, eg totte no endaa, Vaarherre gjerna kunde hava voret meg noko litet til Hjelp, han, som hadde so godt for det.

Daa leet Duren av ei Kjerra nedre paa Vegen. Eg keik ut gjenom eit Navarshol; – og der køyrde Lensmannen, med Hunden slunkande baketter Kjerra, bunden etter Toget til det eina Stoljarnet.

Herregud, at han daa inkje, so sterk som han var, reiv seg laus, og beit og sleit dei sundr alle i Hop!

VI.

Men det varad inkje lengr enn godt og væl Notti yver, fyrr eg hadde honom hjaa meg attr. Eg stod enddaa attum Stabburet og lødde Staur um Morgonen, daa eg med eitt fekk sjaa honom koma langbyksande hitetter Storaakeren.

Aa, du for Fagnad det vart! Eg trudde, Hunden skulde verta galen av berre Gleda, og 80sjølv var eg so fegen, eg baade hoppad og dansad med honom.

So trugad eg honom til leggja seg, medan eg stillte meg inn paa Stabburet og stakk under Trøya den tjukkaste og feitaste Rullepylsa eg fann. Eg totte, han kunde trenga til ein Godbit no, Stakkar.

Men daa var det, Ulukka lagad det slikt, at han Far gjekk framum, just som eg steig ut attr.

«Kva hev du der inne aa gjera?»

«Aa… eg… eg skulde berre inn… etter ein Spikar,» stamad eg, – daa eg, med det sama hugsad paa, at Spikarkassen stod der inne.

«Det er vel den Spikaren eg ser der under Trøya di daa, kanhenda?»

Eg saag nedetter meg,… aa! der stakk den fille Rullepylsa fram nedanfyre Trøyekanten! Eg vart so rædd med sama, at eg sleppte henne, so ho rullad ned etter Staburstroppi og vart liggjande framfyre Føtrne paa honom Far.

«Kvar skulde du so slaa den Spikaren inn?» spurde han langt.

Eg slapp for aa svara, med di at han Hall nettupp daa kom stingande fram med Novi.

«Haa haa! eg kunde mest tenkja det!» tok han Far i, treiv ein Stein og grytte i Hunden, 81so han ylande og hinkrande lagde i Laup upp etter Bakkarne.

Og so vart eg gripen i Luggen og leidd burt i Vidhuset, der eg fekk slik Stryk, at eg var saar og striputt av det i fleire Dagar etter. – Og so fekk eg, daa eg endeleg var sleppt, noko attaat, som sveid mykje lengr enn al Lyvjingi; og det var desse Ordi av honom Far: «Lat meg no berre raaka deg paa Tjovaveg oftare!»

Fraa Lensmannen fekk me sidan høyra, at Hunden hadde fylgt viljugt med heim, der det var Meiningi aa halda honom som Bandhund ute i Tunet. Men Morgonen etter hadde han sleget seg reint vill, rivet og slitet i Bandet til han kom laus; og burte var han.

Kvar han no heelt til var vandt aa vita. Eg var tvo Gonger uppetter og leitad, men gjorde korkje saag eldr høyrde til honom.

VII.

Me buførde heim fraa Stølen paa denna Tidi, og Buskapen var slept i Heimamarki.

Og no bar det so til, at Hunden, som det leid, meir og meir gjekk meg utor Tankar for ein annan Firføting si Skuld, – eit Vedralamb, eg Vaaren framfyreaat hadde fenget av Gudmor 82mi, ho gamla Ingjebjørg Seim. – Det hadde endaa misst Mor si, vesla Kreket, daa eg fekk det og ol det frametter, til det vart sleppt aat Fjellet.

Det var mykje som vesle Votten hadde komet seg um Sumaren. Var han inkje vorten slik ein Lubbe, at det var reint morosamt aa sjaa! Og tvo smaae Nubbar til Horn hadde han fenget seg uppe i Skolten, der det berre hadde voret som tvo Ertr aa kjenna um Vaaren.

Og so kjælen og kynd som han var daa! Det varad inkje mange Dagarne, fyrr Kjennskapen vaar var den gamle gode; berre han saag meg, kom han kinkande seg, dillad med vesle Spælen sin og kravde etter einkvar Godbiten.

– Det leet so, det var nog allt anna en tryggt for Udyr uppe i Marki den Hausten. Fraa Grannagrendi fekk me soleis høyra, dei hadde funnet tvau Lomb og ei vaksi Geit sundrivne og halvt uppetne seinsta Vika.

Eg vart illehugad for Lambungen min, strakst eg fekk vita detta, so mykje meir som han gjerna hadde for Vane, so som Ale-Lomb plagar, aa halda seg for seg sjølv noko ute fraa Dotten; eg lo vad meg paa, at Dagen etter skulde han verta innsett.

Og eg hadde kje ottast for inkje noko; for endaa same Kvelden fram imot Myrkningi kom Saudaflokken setjande heim i slik ei vitlaus 83Rædsla, som han skulde vera skræmd av Bamsen sjølv.

Men vesle Vederen min var inkje med.

Eg gjekk med bivrande Hjarta og leitad Dotten yver tridja Gongi, daa han Ola, Lausekaren, som hadde voret uppe i Marki og hoggat Famnaved um Dagen, kom kluftande nedetter, med Augo i Haargarden.

«Jau,» skreik han, «no hev eg daa endeleg fenget Syn for, kva Udyr det er! Er det inkje denne Helvites Hunden etter Engelsmannen kanskje!»

«Han Hall? – Det er daa inkje Raad!»

«Ja ja, gakk berre upp under Kvitaberg, du, Far min, so fær du sjaa! Vil du finna Lambet ditt, so ligg det der, so daudt det verta kann, og so sundrivet, at det er grøtelegt! – Det var inkje meir en som so, han vilde ryma for Øksi, Trollet, som han stod der yver det og grein mot meg, daa eg kom springande til!»

Det Ubeistet. Aa det Ubeistet! –Aa Lambet mitt! – det einaste Lambet mitt!

«Jagu fekk du Takk for Umaken, du Per og no!» flirte han Salamon.

– Eg var inkje lenge um faa paa meg Helgarploggi mine um Morgonen, daa eg vart 84paalagd ganga til Lensmannen for aa beda honom koma gjera ei Greida med Hunden sin.

Men det tregad meg harmeleg aa sjaa, kor skalkutt han Far kneip Leparne i Hop, daa han saag, kor annsamt eg hadde det med aa koma av Garde. – Nei, aa nei, for ein Tull, for ein Tull eg hadde voret!

Lensmannen bannad, so det berre gneistad um honom, daa eg hadde boret Bodi fram; for det vilde kor som var verta hans Sak aa bøta Skaden.

Tidleg Dagen etter kom han køyrande, og han og han Salamon og tri andre Karar, med kvar si Rifla paa Oksli og med fjore Hundar i Fylgje, tok til Skogs.

Utpaa Kvelden kom dei heimattr til Kvaale.

Dei kunde segja ifraa, at Hundarne seint um sidar hadde fenget Teven av Røvaren øvst uppe i Lundaleinerna og jagat honom fram. Men han Frigar hans Ola Teigen, som vaagad seg for langt innpaa, vart liggjande att, med uppriven Mage.

Sidan hadde han Hall – saarad, som dei trudde, av eikvor av dei fem Kulorna dei sende honom – teket Laupet inn imillom ville Fjelli, burtetter Sygnaleidi, og det gjorde baade varad og rokk, fyrr dei andre Hundarne kom tilbaka.

Ja ja, han hadde inkje fortent det betr heldr! 85– Men var det kje endaa so eg inkje var god for lata vera hava vondt av honom likavæl, Tjonet!

Sidan um Hausten var det inkje merkjande til anna, en at Kreturi fekk ganga i god Fred for Udyr. – Og Hunden vart korkje høyrd eldr spurd, so vissa laag han longo daud einkvar Staden uppe millom Knausarne.

VIII.

Det var mykje til fina milda Haustvedr me fekk det Aaret. Geitrna bergad seg sjølve ute til fram i Desember, og Sauderne med, naar eg gav dei litevetta Morgon og Kveld. – Ho gamla Sigrid Krokelid sa, ho inkje slik Haust kunde minnast, sidan den Gongi han Hans braut Beinet sit i Lønskleivi, og det var tvau Aar fyrr han Sjur Son deira kom til; men han Sjur var no innpaa dei tvau Tjug, inkje rettare ho hugsad.

So endeleg ein Dag, paa Lag tri Vikor fyre Jol, fekk me tjukkt Snjovedr, og um Morgon var det strjukande Ondraføre.

Den som var glad var eg. Ondrarne mine hekk alt longo med sine nye Fotbond ferdige paa Nabben sin attum Smidje-Ramen. Eg hadde aldri fyrr fenget Bisken i meg, fyrr eg vassad i Veg 86uppyver etter dei; – for Smidja heima ligg, som Skikken gjerna er, eit Stykkje fraa dei andre Husi, for Eldsfaaren si Skuld.

Eg hadde alt fenget Føtrne i Bondi og skulde til sleppa laust nedetter, daa eg fekk høyra noko likasom gnistrad og jamrad seg burte i ein Bordhaug der laag.

Eg vart undren yver detta, steig av og gjekk burtaat og vilde sjaa, kva det no kunde vera Uhh! so eg kvakk nied sama!… Men… var det Raad?… jau, det kunde… inkje anna vera, det maatte vera han Hall, som laag der!

Men nei, aa nei, som han saag ut! Han kunde inkje eigong segjast vera Skinn og Bein. At Beini var der, var vandalaust aa sjaa, det var inkje so, at Kjøtet var til Hinders; men Skinnet, det var Skurva i Skurva og Saar i Saar yver heile hans Kropp, slikt eg ofta hadde seet det paa Sauder, som hadde gjenget for lenge ute og froset og svoltet haustadags.

Men i same Blinken var alt, eg imot honom hadde, gløymt, som det aldri skulde hava voret. Han var attr berre den ulukkelege Venen min, som eg var reidug taka meg av, alt det eg evlad.

Eg passad paa, som eg ingen saag ute i Tunet, aa faa honom inn i Smidja; men han var so utarm, det inkje var meir en som so, han 87vann kreka seg etter meg. – Yver ein Aas hekk det ein gamall Skinnfeld; den breidde eg under Smidjebenken og leet honom leggja seg paa.

Og so – ja eg fekk vaaga det, endaa Hjartat hamrad styggt i Bringa mi – paa Staburet attr etter ei Rullepylsa. Og eg slapp snikkalaust fraa det og, denna Gongi. – Baketter stillte eg meg jamvæl inn i Fjoset og mjolkad full ei stor Svinablaasa, som eg sidan tømde i ein Tresko uppe i Smidja.

Han fille Passup kom rennande uppetter ut paa Dagen, gøydde og brukad Kjeft, alt det han orkad; men jammen fekk han Skjuss nedattr, so han inkje baud paa det meir!

«Nei, kva er det daa du Per hev det so annsamt med uppe i Smidja idag?» spurde han Far.

Jau… det var daa ein Kjelke, eg skulde gjera meg. – Og so hamrad eg innimillom laust paa baade det eine og andra deruppe, so dei skulde tru, det var Arbeide eg hadde fyre meg.

Eg torde inkje tenkja paa, korleine detta i Lengdi vilde ganga; eg fekk lata kvar Stund syta for seg, at eg inkje reint skulde missa Motet.

Det gjekk no alt baade godt og væl den Dagen til Endes. – Morgonen etter, daa eg attr, med ein Fleskebit i Lumma, steig inn i Smidja, fann eg Hunden i god Ro paa same Staden.

88Nei, so glad han vart, daa han fekk sjaa meg, smaakvein og veiftad med Rova, og so blidt som han saag paa meg med dei væne brune Augo sine, som no heelt paa faa Liv og Eld attr; det var merkjande, han alt hadde komet seg mykje.

Jamvæl den Dagen frametter bergad me oss fint. – Det tok alt til aa dimmast av Kvelden so smaatt, og eg sat nettupp nedre i Stova og fekk meg Nonsmaten min.

Men daa vart det, at ho Olina kom farande hovudstupa inn og skreik, at den Vonde sjølv var uppe i Smidja. – Det var, som eg hadde fenget ei kald Vassbytta yver meg med sama. –

«Aa Tøv!» meinte han Far

«Aa jau, jau!» – tutad ho – det var so sannt, so sannt, som ho stod der ein Syndar! Ho skulde upp i Smidja etter Is-Øksi, og sat han ikkje so der under Smidjebenken og glodde paa henne med tvau Augo so store som Talkar, so vilde ho ynskja, ho inkje kom livande av Flekken!

«Ja so!» sa han Far turrt og gjekk til Dyrar.

Fram foor eg ifraa Bordet, framum honom ute i Gangen, og so upp, smelte halvopna Smidjedyri i.

«Du kjem inkje inn! Du kjem inkje inn!» skreik eg honom imote.

89«Er du galen, Gut!» sagde han, treiv meg i Armen, kastad meg til Sida og gjekk paa.

Men aldri fyrr fekk han Dyrglytten upp, fyrr Hunden innanfyre sette i med ei forfælande Gøying og kom dundrande mot Dyri, just som han Far snøggad seg slaa henne i attr.

«Menn… kva hinn!… det er daa vel aldri…!»

«Aa jau, jau!» skreik eg, «det er han Hall! – Men du maa ikkje gjera honom noko! – kjære Far, du maa ikkje…!»

«Salamon!» ropad han; «Salamon!»

«Jau!» svarad han Salamon nedre i Stalldyri.

«Hev du Byrsa di ladd?»

«Ja!»

«So kom med henne daa! – og det paa fljugande Flekken!»

Og so kom han Salamon byksande med Rifla si i Handi.

«Kva er tiss?»

«Aa, gakk berre upp tak Luka fraa Smidjegluggen, saa fær du sjaa!» sa han Far.

«Ja du kann berre prøva!» skreik eg, «du kan berre prøva, torer du!…eg skal skamslaa deg!… eg skal… aa, eg skal drepa deg, skal eg…!»

«A, ditt Narr,» tok han Far frami, greip 90meg og meinheelt meg, daa eg alt var paa Spranget med ein diger Staurende i Lufti, – medan han Salamon steig upp, tok Luka ifraa og keik inn.

«Haa haa!» ropad han, «er det du, din Rakkar! – Ja, bida no, so skal du faa varme Maten din, skal du!»

So inn med Byrsa; og so small det.

Daa dei leet upp Dyri, laag han Hall daud paa Golvet innanfyre.

Eg kastad meg ned yver honom, reint som ifraa meg. Eg greet, stridgreet, hikkegreet, so eg plent heelt paa missa Anden.

Han Salamon stod attved og flirte og log

Men han Far kom burt og lyftad meg – slett inkje hardt – upp etter Trøyekragen.

«Bed Gud bevara deg, og bruk Vitet ditt!» sagde han mykje mildare en han var van, likasom halvt baade undren og otteful; «for du veit daa det, Barn, det er berre ein Hund!»


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Sogor

Novellesamlingen Sogor fra 1887 ble Per Sivles litterære gjennombrudd. Boken inneholder fem fortellinger, alle fortalt fra et barns ståsted. Et gjennomgående tema er medfølelse med mennesker og dyr som på en eller annen måte skiller seg ut.

Samlingen ble ikke først og fremst skrevet med tanke på barn, men særlig novellen «Berre ein Hund» regnes som en klassiker innen norsk barnelitteratur. Novellen handler om bondegutten Per og hans forhold til hunden Hall, som tilhører en engelsk turist som omkommer i fjellet. Selv om historien er oppdiktet, er skildringene av miljø og natur hentet fra Sivles egen barndom på Vestlandet.

Se faksimiler av 2. utg. fra 1890 (NB digital)

Les mer..

Om Per Sivle

Per Sivle debuterte i 1878 med diktsamlingen En Digters Drøm, men er først og fremst kjent i ettertiden for å ha skrevet Norges første arbeiderroman Streik som ble gitt ut i 1891. Sivle bidro i stor grad til å sette søkelyset på arbeiderklassens levekår.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.